Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

9. ledd

Paul Larsen Gjærum

Ingeborg og Paul Gjærum sette alt frå første tid sitt bu på Gjærum som han dreiv fram til 1905.

Paul ville då have kjøpt vestre Sti etter faren, men dette nekta dei høge herrar i Solum Sparebank.

Dei fekk mange born i sitt ekteskap og alle er fødde på Gjærum

  1. Martine Kirstine Paulsdtr. Gjærum f. 1881, d. 1964, g. 1903 m. Isak Nilsen Bruseth f. 1881, son av Nils Andersen Bruseth og Karen Nilsdtr. nordre Jøntvet.
    Hausten 1903 kjøpte Isak og hans bror Otto, garden Nere-Bergan. Det var Isak som dreiv Bergan medan Otto var på Bruseth, elles arbeide dei saman i onnetidene. Seinare gjekk Bergan heilt over til Isak Bruseth og Otto vart ved Brusethgarden.
    Martine og Isak sine born er:
    1. Inga Marie Isaksdtr. Bruseth f. 1904, g. 1927 m. Gbr. Isak Jakobsen Grava i Eidanger f. 1879, d. 1958, son av Gbr. Jakob Olsen Grava og Margrete Kvestad i Bjørkedalen.
      Isak Grava eigde garden Grava som ligg pent til ved Heistad i Eidanger. Deira born er:
      1. Jakob Isaksen Grava f. 1927. Er sekreter i Landsorganisasjon og var i 1965 i Tromsøy, g. 1951 m. Nelly Marie Nilsdtr. f. 1927 i Bamble, dtr. av Hydroarb. Oluf Nilsen f. i Bamble og Kristine Nordbråten f. i Drangedal. Dei bur på Bjørntvet i Eidanger.
      2. Isak Oddvar Isaksen Grava f. 1929.
      3. Gudrun Isaksdatter Grava f. 1931, g. 1953 m. sekreter Kåre Halvorsen Liodden, Nes i Hallingdal f. 1926, son av Gbr. Halvor Liodden og Synøve Skaret. Her er det 3 born: Bent f. 1955, Elisabet f. 1958 og Halvor f. 1962.
      4. Kirsten Margrete Isaksdatter Grava f. 1934. Ho er på Dagsrud-heimen i Holla.
      5. Else Isaksdatter Grava f. 1837, g. 1957 m. Kontrollør Joleiv Ellingsen f. 1930 i Kleppepå Jæren, son av Gbr. Sigurd Ellingsen og Elisabet Brant.
        Dei har borna: Sigurd f. 1958 og Marit f. 1961.
      6. Dag Isaksen Grava f. 1946. Han arbeide på sagbruk på Frednes ved Porsgrunn.
    2. Ingrid Klara Isaksdatter Grava f. 1907, d. 1962, g. 1936 m. Bonde Trygve Enger Ånerød f. 1904 på Ø. Toten, son av Gravar Augustinus Nikolaysen Enger.
      Trygve hadde tidlegare vore gift 1931 m. Jakobine Marie Jakobsdtr. Ånerød f. 1898, dtr. av Gbr. Peder Andreas Jakobsen Ånerød.
      Trygve Enger virka som snekker før han vart gift. I 1932 overtok han garden Ånerød nr. 11 og driv denne framleis. Dei har eit barn, Villy Kai Trygve
    3. Nils Paulus Isaksen Bruseth f. 1909, g. 1945 m. Anne Olavsdtr. Lona f. 1908, dtr. av Olav Johannesen Lona og Mari Olsdtr. Midtgarden Jonsås i Sauherad.
      Nils har gjenomgått Telemark Landbrukskule på Søve. I 1958 kjøpte han farsgarden og driv framleis denne. Anne Bruseth er poståpnar for vestre Melum.
      Dei har eit barn, Åshild f. 1947 og som seinare har gått framhaldskule og husmorskule.
    4. Lilly Konstanse Isaksdatter Grava f. 1912, g. 1940 m. Birger Håkonsen Værstad f. 1912, son av Håkon Halvorsen Værstad og Bentine Bentsdtr. Vale i Holla.
      Birger er bonde på vestre Dolva som han overtok frå faren i 1952. Deres born er: Berit Marie f. 1946, har gått gymnaset og sekretærskulen - Bjørn Øyvind f. 1951.
    5. Arne Leander Isaksen Grava f. 1915. Han driver med eigen bil transportverksemd.
    6. Isak Andreas Isaksen Grava f. 1918. Isak gjekk kontorvegen og var ein del år ansatt i Solum Trygdekasse. Då det vart samanslutning mellom Skien, Gjerpen og Solum trygdekasser held han fram her til han i 1958 vart styrar av trygdekassa i SIljan Kommune.
    7. Erling Alfred Isaksen Grava f. 1920, g. 1946 m. Hjørdis Håkonsdtr. Værstad f. 1916, dtr. av Håkon Halvorsen Værstad og Bentine Bentsdtr. Vale. Hjørdis og Erling har bygd seg hus på nordre Falkum i Skien. Han har gjennomgått brannmeisterkurs og er ansatt ved Skiens Brannvesen.
    8. Ester Karoline Isaksdatter Grava f. 1923, g. 1952 m. Iver Isaksen Hegna f. 1916, son av Isak Isaksen Hegna og Anne Brynjulfsdtr. Rui.
      Ivar overtok garden etter faren i 1948. Han har seinare bygd nye uthus på eigedomen.
      Dei har 3 born: Anne Marit f. 1953 - Jan Tore f. 1948 og Unni Synøve f. 1963.
    9. Anders Sten Isaksen Grava f. 1925, g. 1958 m. Ruth Olavsdtr. Siljan f. 1933, dtr. av Olav Isaksen Siljan og Inga Isaksdtr. Hegna.
      Dei bur på Bergan i Melum og har no bygd seg nytt våningshus her. Anders er ansatt ved Tidemand Tobakksfabrikks engrosslager i Skien.
      Her er eit barn, Inger Marie.
  2. Lars Paulsen Gjærum f. 1883, d. 1956, g. 1923 m. Anna Marie Pedersdtr. Holtan i Helgja f. 1888, d. 1964, dtr. av Peder Halvorsen Holtan og Anne Marie Olsdtr. søre Huset i Helgja.
    Lars kjøpt ei 1905 garden vestre Sti og har all si tid drive denne gard på eon framifrå måte. Lars og Anne på Sti var i mange år det samlande midtpunkt i familien. Deira born er:
    1. Ester Marie Larsdtr. Gjærum f. 1924, g. 1949 m. Hans Gunelius Jakobsen Siljan f. 1920. Sjå omtala s. 66.
      Deira boren er: Anne Karin f. 1949 - Inger Liv f. 1953 og Elen Kristine f. 1958.
    2. Else Ingebjørg Larsdtr. Gjærum f. 1926, g. 1957 m. Nils Knutsen Hegland f. 1917, d. 1966, son av Knut Olsen Hegland og Hilda Mathilde Olsdtr. Grini.
      Dei bur på Gimsøy og Nils var ved Union fabrikk i Skien. Deira dotter Inger Johanne er f. 1958.
    3. Paula Kristine Larsdtr. Gjærum f. 1929. Paula var butikkdame i Skien, men har no teke seg kontorpost.
    4. Olga Larsdtr. Gjærum f. 1930. Olga utdna seg for sjukepleien, men var ute for eit uheld med sjukdom til fylgje, slik at ho ikkje fekk teke eksamen.
    5. Marie Lovise Larsdtr. Gjærum f. 1932, g. 1953 m. Isak Nilsen Bø, Findal f. 1925, son av Nils Nilsen Bø, Findal og Karoline Otilie Martinsdtr. Vierød i Siljan.
      Isak Bø hadde sitt arbeid i Skien og budde då på Gråtenmoen. I 1963 flytta dei til Findal og har no overteke farens eigedom.
  3. Karoline Kirstine Paulsdtr. Gjærum f. 1885, d. 1917.
  4. Anna Bertea Paulsdtr. Gjærum f. 1886, g. 1912 m. Anders Abrahamsen Dolva f. 1886, son av Abraham Jensen Dolva og Ingeborg Brynjulfsdtr. Merkesdalen.
    Anna og Anders Dolva var i nokre år på Skotfoss der Anders arbeide for Uion Papirfabrikk. Dei var so styrar for Solum gamleheim på Klyve, til Anders i 1924 vart sosialsjef i Solum kommune, der han gjekk av for aldersgrensa i 1956.
    Dei har begge vor emed i det kristelege liv i kommunen og serleg Anders har vore aktiv i menighetsarbeidet. I ekteskapet har det vore 4 born:
    1. Astrid Mathilde Andersdtr. Dolva f. 1913. Ho har handelskule og er ansatt ved Telemark sentralsjukehus som kontorfullmektig.
    2. Inga Berthea Andersdtr. Dolva f. 1915, g. 1941 m. Torleif Pedersen Holm f. 1910, d. 1959, son av Karoline og Peder Holm.
      Inga og Torleif har bygd seg nytt hus ved Kristiansro i Skien berre nokre år før Torleif døydde. Her er det to born:
      1. Torbjørn f. 1945. Han har gått realskule, og handel og kontor.
      2. Ragnar f. 1948. Har gått realskulen.
    3. Paulus Abraham Andersen Dolva f. 1919, g. 1949 m. Henny Marie Phrecht Heinrichsdtr. f. 1922, dtr. av Heinrich Jensen og Karette Karlsdtr.
      Henny har virka som fotograf i Skien
      Abraham har vore fullmektig ved Tidemands Tobakkfabrikks lager i Skien og ved sida av sekreter i Skien Telemark turistforening. For nokre år sidan vart han turistsekreter ved Telemark Fylkeskontor.
      Dei har kjøpt seg eige hus på Gråtenmoen.
      Deira to born er, Kari Phrecht f. 1951 og Anne Lise f. 1958.
    4. Alf Andreas Andersen Dolva f. 1930. Han har gått kurser og har i mange år vore tilsjøs som maskinassistent.
  5. John Paulsen Gjærum f. 1887, g. 1923 m. Jenny Otilie Jensdtr. Berg i Skedsmo f. 1891, dtr. av Jens Olsen Berg og Karen Marie Jakobsdtr. nedre Riis.
    John har vore i mangt slags arbeid. Han har vore styrar av gardsbruk, vore bygningssnekker, gjekk teknisk skule i Oslo, Statens handverks- og kunstindustriskule, var byggeleder under oppføring av Storfallet Kraftanlegg i Storelvdal, kom i 1917 til Telemark vegkontor, men seinare på året ansatt ved Vegkontoret i Akershus Fylkes som assistentingeniør og har vore der til han gjekk av for aldersgrensa.
    Jenny og John har ei dotter, Karen Ingeborg f. 1924. Ho har teke full akademisk utdaning fram til lektor i den høgare skulen.
  6. Isak Paulsen Gjærum f. 1889, g. 1917 m. Anne Marie Larsdtr. Rønning i Bamble f. 1885, dtr. av Pernille og Lars Tellefsen Rønning i Bamble.
    Isak var bygningsnekker av yrke og ansatt i Skien kommune. Han var mykje med i politikken og var innvald i Skien bystyre. Var i ei årrekke takstmann for kommunen.
    Marie og Isak har eige hus med hage ute på Falkum. Deira barn er, Aase Gjærum f. 1925, g. 1946 m. Erling Johannes Rørvik f. 1922, son av Johanna Karoline Carlsdtr. og Erling Johannes Rørvik-Nilsen, Skien.
    Erling Rørvik driver eigen Agenturforretning i Skien. Dei bur no i Rektor Ørnsgt. Skien.
  7. Inga Pauline Paulsdtr. Gjærum f. 1890, g. 1913 m. Gustav Isinius Isaksen Hegna f. 1893, d. 1966, son av Isak Isaksen Hegna og Ingeborg Halvorsdtr. Værstad.
    Gustav var snekker av yrke og kom etter nokon tid i arbeid hos andre, til Skien kommune, der han arbeide til han gjekk av for aldersgrensa.
    Dei har hus med hage ved Gjerpensgata i Skien.
    Borna er:
    1. Ingeborg Gustavsdtr. Hegna f. 1913.
    2. Gudrun Gustavsdtr. Hegna f. 1915, g. 1941 m. Knut Halvorsen Refsdal f. 1909, son av Halvor Andreasen og Inger Marie Knutsdtr. Refsdal.
      Knut Refsdal er revisor av yrke og har bygd seg villa ved Petersborg i Gjerpen. Dei har borna:
      1. Frank Knutsen Refsdal f. 1942. Han er stud. phil. ferdig med utdaninga og verkar som Lærar.
      2. Knut Åge Knutsen Refsdal f. 1947.
    3. Lilly Gustavsdtr. Hegna f. 1920, g. 1942 m. Kjeld Dagfinn Larsen f. 1919, son av Ole Larsen Skien og Julie Lauritsdtr. frå Larvik.
      Deira dotter, Åse Brit f. 1946 har gått i gymnasiet, g. 1969 m. Einar Tormodsgard Ål i Hallingdal.
  8. Andreas Paulsen Gjærum f. 1892, g. 1925 m. Anne Marie Olavsdtr. Omland, Hustvet f. 1900, dtr. av Olav Haraldsen Omland og Åste Torstensdtr. Homleid i Tørdal.
    Andreas Gjærum var ei tid ved Union på Skotfoss, gjekk so teknisk skule i Oslo, vart so snekker og bygmeister til han tok post som tilsynsmann ved Skiens bygningsvesen. Han var ogso ei tid hos arkt. Børve i Porsgrunn og i mange år teiknelærar ved kveldskulen i Porsrunn. Anne og Abdreas har eige hus og jord på Tollnes. Dei har 3 born:
    1. Paul Olav Andreassen Gjærum f. 1925, g. 1951 m. Ragnhild Sigurdsdtr. Nyvoll f. 1928, dtr. av Jørgine og Sigurd Nyvoll.
      Paul har gått mange kurs for si utdaning og er nå bokhaldar ved Hydros kontor på Notodden.
      Borna er: Kari f. 1952 - Kjersti f. 1954 og Signe f. 1959.
    2. Arne Ingvard Andreassen Gjærum f. 1930, g. 1960 m. Arnhild Hildegunn Halvorsdtr. Sandvik f. 1938, dtr. av Andrea Kleivstul og Halvor Olsen Sandvik.
      Arne driv sin eigen Trevarefabrikk på Tollnes og familien bur på same stad på foreldras eigedom.
      Her er 3 born, Jostein f. 1961, Inger f. 1963 og Arnhild f. 1965.
    3. Ivar Torstein Andreassen Gjærum f. 1934, g. 1962 m. Tordis Anlaug Halvardsdatter Breiset f. 1938, dtr. av Gurid Knutsdtr. Moen og Halvard Nilsen Breiset ved Fagernes i Valdres.
      Ivar Gjærum har svennebrev i rørleggarfaget og gått Oslo tekniske skule. Han er no ansatt i konsulentfirmaet Borge og Conradi i Oslo.
      Tordis har i en del år vore ved Oslo Lysverker.
  9. Paul Paulsen Gjærum f. 1895, d. same år.
  10. Erling Paulsen Gjærum f. 1897 1) g. 1926 m. Edel Kristine Halvdansdtr. Filtvet f. 1899, d. 1945, dtr. av Styrmann Halvdan Ingvald Hansen Strøm, f. i Solør og Lovise Marie Hansen Filtvet. 2) g. 1946 m. første kones syster, Helene Lagertha Halvdansdtr. Filtvet, (som var enke etter Lagersjef Nils Bjarne Larsen) f. 1903 på Filtvet i Hurum.
    Erling Gjærum tok sin fagprøve i det elektriske fag hos Norsk Elektrisk og Brovn Boveri i Skien. Var so eit ½ år på Porsgrunns tekniske og gjekk deretter teknisk skule i Oslo. Kom so til National Industri Skien som sjef for firmaets installasjonsavdeling. Han dreiv so ei tid som autorisert installatør til han vart ansatt ved Odslo Lysverker som inspektør ved tilsynskontoret. Han har vore aktiv idrottsmann og virka i mange år som domar i ski og friidrott. I 1943 vart han arrestert av tyskerane og sat på Grini i 7 veker.
    Av born er det eit i kvart ekteskap, nemleg:
    Forfatteren?
    1. Einar Erlingsen Gjærum f. 1930, g. 1958 m. Aud Ragnhild Akselsdtr. Solbrå i Gudbrandsdalen f. 1930 i Harpefoss, dtr. av Tora Kristine Olufsdtr. Solbrå og Lærar Aksel Antonsen Bjerke.
      Heilt frå gutedagane har Einar vore speidar og gått gradene fram til speiderleder. For si utdaning har han gått realskulen, Oslo Lysverkers bedriftskule med montørprøve og Oslo tekniske skule. Vart so installasjonsteknikker hos Elektrisk Bureau, gjekk 6 månader på Wangs Handelsksule og tok så installatøreksamen ved Norske Elektrisitetsverkers Forening. Har vidare teke kurs i Personalforvaltning ved Bedriftsøkonomisk Institutt, vore sekreter i Installatørenes Arbeidsgiverforening til han vart ansatt som Disponent for Klaus Lefdals elektriske firma i Oslo.
      Aud og Einar har ei dotter, Kristin Emilie f. 27/1-1963.
      Dei har no eige hus og bur på Siggerudtangen i Ski kommune.
    2. Gerd Erlingsdtr. Gjærum f. 1947. Ho har gått Økonomisk gymnas i Oslo.
  11. Borghild Matilde Paulsdtr. Gjærum f. 1898, g. 1922 m. Agronom Jakob Hansen Øiestad, Myrvolll f. 1890, d. 1959, son av Styrmann Karl Hansen, som er frå Skjeberg.
    Øiestad var agronom frå Fosnes Landbrukskule.
    Han kom til Solum som styrar av Solum kommunes gardsbruk på Klyve, som han dreiv på ein framifrå måte.
    Hans fagkunnskap om gardsdrift var stor og han kunne difor få mykje ut av drifta. Då han reiste frå Solum, kjøpte han garden Foss ved Langhus, men selde nokre år seinare og kjøpte Heia ved Myrvoll i Oppegård. Dei har 4 born, nemleg:
    1. Kristine Jakobsdtr. Øiestad f. 1923 i Solum, g. 1949 m. Arvid Kristiansen Bræin f. 1920, son av Kristian Bræin Øyer og Inga dtr. av Bernt Iversen som ogso er frå Øyer.
      Arvid Bræin har gått Oslo tekniske skule. Har deretter vore ansatt ved Oslo Lysverker.
      Deira born er, Sidsel og Kjeld f. 1952.
    2. Åse Ingrid Jakobsdtr. Øiestad f. 1924 i Solum, g. 1952 m. Ragnar Åsmund Pedersen f. 1923, son av Vilhelm Pedersen og Jenny Sofie Pedersen Kolbotn. Åsmund var sjafør og bilseljar. Dei har bygd seg villa ved Myrvoll. Åse har i mange år vore i Storebrand og Idun forsikringselskap.
      Dei har ei dotter, Unni f. 1954.
    3. Harald Jakobsen Øiestad f. 1926, g. 1953 m. Helene Haraldsdtr. Bang f. 1923 på Hjelle. Ask i Norderhov, dtr. av Harald Olav Svendsen Bang, Norderhov og Karen Margrete Olsdtr. Aslaksrud, Jevnaker.
      Harald er sjefmontør ansatt i Elektrisitetsfirmaet Sønnico Oslo.
      Helene og Harald bur på Tonsenhagen ved Oslo og har 2 born: Karin Borgny f. 1954 og Erik f. 1956.
    4. Bjørg Judith Jakobsdtr. Øiestad f. 1931 i Solum, g. 1952 m. Yngvar Sandorf f. 1929, son av Thor Harald Sandorf, Halden og Camilla Sørensen, Fredrikstad.
      Yngvar Sandorf driver no sin eigen Spedisjonsforretning i Oslo.
      Dei bur i Heia ved Myrvoll og har 3 gutar, Jan Morten f. 1952 - Tore f. 1953 og Arild f. 1958.
  12. Egil Paulsen Gjærum f. 1900, g. 1932 m. Olga Kristiansdotter Berger f. 1908, dtr. av Kristian Larsen Berger f. på Ringerike og Inga Tømte f. på Eidsvoll.
    Egil Gjærum har gått Feltartilleriets underoffiserskule i Oslo. Vart ansatt i Oslo Politi, der han var i rytteravdelingen og seinare førstebetjent i kriminalavdelingen til han vart tilsett som overbetjent ved Skiens Politikammer. Han har mange heidersteikn frå sitt arbeid med idrotten sovel innan politiet som i Idrettsforeningen Odd. Han har kjøpt seg gardsbruk på Marum i Melum.
    Dei har ein son, Bjørn Egil Gjærum f. 1934, g. 1959 m. Bjørg Astrid Olsdtr. f. 1935, dtr. av Karoline Jørgensdtr. Frisli og Ole Halvorsen Busvorstuen, Romedal, bur no i Brumundal.
    Bjørn har gått realsulen fram til gymnasiet og teknisk skule i Oslo. Har vidare tenestegjort i Oslo Vegvesen og i formaet F. Selmer.
    Deira barn Nina Kristin er f. 1960.
  13. Signe Andrea Paulsdtr. Gjærum f. 1901, g. 1922 m. Hans Carlsen Siljan, Haukenes f. 1893 på Åsen i Gjerpen, son av Johan Petter Jensen Haukenes og Aslaug Kirstine Hansdtr. Siljan.
    Hans Haukenes har gått Infanteriets Underoffiserskule i Halden og tenestegjort i kortare og lengre periodar i det militære. Under Krigen 1940-1945 vart han arrestert saman med dei andre norske offiserar og satt i fangenskap i Tyskland.
    Etter sine foreldre overtok han austre Gjærum, men selde igjen ettter nokre års drift. Han har ogso vore ved fløtningens kontor på Løveid, elles har han i det seinare arbeid i Tveitanskogen for Solum kommune. Signe og Hans har bygd seg huser på Marum med noko jord til. Hans har elles vire med i skyttarlaget og interresert songar i songkoret Lerken.
    Dei har 3 søner:
    1. Paul Johan Hansen Haukenes f. 1924, g. 1948 m. Sonja Thomasdtr. Tveit f. 1927, dtr. av Thomas Eriksen Tveit og Olga Josefine Hansdtr. Bjåland.
      Paul har gått skulen for bedrifts- og skipselektrikkerar, men har mest virka som mekanikker. Han er nå ansatt i Walter Gjærum,s fabrikk ved Skien.
      Paul Haukenes har kjøpt det lille småbruket på Gjærum etter si bestemor.
      Deira born er: Grethe f. 1951 - Aage Johan f. 1956 og May Kristin f. 1968.
    2. Sigbjørn Hansen Haukenes f. 1929, g. 1955 m. Ruth Tollevsdtr. Bilstad f. 1933, dtr. av Tollef og Anna Bilstad, Ugland i Rogaland. Det kan vera av interesse å taka med noko om Tollef Bilstad, som har vore ein vidfaren mann.
      Tollef Bilstad er f. 1882, d. 1963, reiste i 1900 til Amerika, der han blant anna var sauegjetar i Montana og hadde elles ymse anna arbeid mellom Montana og vestkysten. Han bygde seg so eigen sauefarm i Montana. Kom tilbake til Noreg i 1920.
      Hans kone er. f. 1898 og borna er: Ommund f. 1922 - Ella f. 1923 - Gunvor f. 1925 - Allis f. 1927 - Torbjørg f. 1931 - Ruth f. 1933 og Margith f. 1936)
    3. Harald Hansen Haukenes f. 1930, g. 1956 m. Bjørg Målfrid Torleivsdtr. Dalen f. 1933, dtr. av Torleiv T. Dalen f. 1902 og Astrid Moen f. 1906. (Desse foreldres øvrige born er, Tove Laila f. 1935, g.m. Steinar K. Kvaale - Eli Frøydis f. 1945. Eidsvollsmann Talleiv Olavson Huvestad var Torleivs bestefar og Astrids tippoldefar.)
      Bjørg har gått realskulen og vore ved telefonsentralen på Dalen i Telemark. Ho har ogso vore aktiv i ungdomslagsarbeidet.
      Harald har yrkesskule og gått mekanikkerlære ved Porsgrunn Mek. verksted. Var deretter hos Kervel Jakobsen i Porsgrunn. Var so ei tid hos Lensmann i Solum, var so vikar for Lensmannsbetjenten i Lårdal, kom deretter til Telemark Politikammer og so ansatt ved bilsakkyndiges kontor i Porsgrunn. Dei har no bygd seg eige hus på ytre ende av Kleiva i Skien.
      Deres born er: Astrid f. 1958 og Torleiv Dalen f. 1961.
Utdrag (s. 75-87) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen