Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

5. ledd

Hans Andersen Valen

Hans Andersen fekk skøyte på Valen 1732 og dreiv garden til hausten 1768. Karen og Hans var no gamle og skrøpelege, og ville gjeva opp sitt bu til deling mellom borna.

Eldste son Anders hadde budd i Hegna men var no på Valen. Han var elles klokkar for Solum prestegjeld og hadde ogso før vore brukar på Ø. Gisholt omlag 8 år før han kom til Hegna, som var plass under Valen.

Son Halvor Hansen var ogso ei tid brukar på Ø. Gisholt, men då broren Tollov døydde overtok han Leirodden og husene der, som han kjøpte av enka.

Odelsmann Anders Hansen innløyste etter kvart dei partar hans syskenn hadde fått utlagt i eigedomen Valen. Hegna som Anders tidlegare hadde bruka vart utlagt yngste son Isak Hansen og han fekk skøyte på Hegna i 1769. Frå denne tid vart Hegna sjølveigargard.
Karen og Hans Andersen sine born er:

  1. Anders Hansen Valen f. 1725, d. 1784, 1) g. 1746 m. Maria Thorsdtr. Haukeli f. 1727, d. 1766 i Hegna, dtr. av Thor Mathiassen Haukeli og Anne Andersdotter Melum. 2) g. 1766 m. Maren Pedersdtr. Siljan f. 1738, d. 1808 på Valen, dtr. av Peder Andersen og Anne Halvorsdtr. Siljan. Maren Pedersdtr. 2) g. 1785 m. Torbjørn Jensen, son av Jens Larsen Langeland og Kari Olsdtr. Bjerva.
    Som før nemnd overtok Anders Hansen farsgarden Valen og han var desutan klokkar i Solum.
    Ved skifte etter Anders fekk eldste son Hans Andersen 1 tønne 10 settingar i garden. Denne eigedom selde han til Halvor Leiroddens son Nils Halvorsen. Nils fekk vidare taka over 10 sett. til i Valen.
    Det var no to eigarar av Valen og det vart halde Utbytingsforretning i 1786, der enka Maren Pedersdtr. med sin laugverge hennar bror Halvor Pedersen Skjelbreid og hennar son Anders Andersen var då den andre part.
    Då Anders Andersens eldre bror Hans Andersen døydde, melde Anders seg som odelsmann til Nils Halvorsens eigedom i Valen og då Nils innsåg Hans rett, selde han eigedomen til Anders i 1791.
    Nils Halvorsen hadde Leirodden fra før og han fekk kjøpt eit stykke av Valen og tillagt sin gard.
    I Anders Hansen sine ekteskapar var det desse born:
    1. Maren Andersdtr. Valen f. 1747 ø. Gisholt, d. 1749.
    2. Maren Andersdtr. Valen f. 1749 ø. Gisholtm d, 1798 op Klosterhaugane, g. 1773 m. Jens Jonsen Skien, f. 1745, d. 1820.
      Dei budde på Klosterhaugane ved Skien. Då Anders Valen døydde tok Jens Jonsen over klokkarstillinga for Solum prestegjeld.
      Dei hadde borna:
      1. Anders Jensen f. 1775.
      2. Jon Jensen f. 1777, g. 1796 m. Karen Kristine Johannesdtr. Klosterøya f. 1770.
      3. Kirsten Marie Jensdtr. f. 1779, d. 1785.
      4. Karen Elisabet Jensdtr. f. 1782, g. 1807 m. Mathias Hansen Ø. Porsgrunn.
      5. Sara Lund Jensdtr. f. 1785, d. same år.
      6. Gunhild Stine Jensdtr. f. 1786, d. 1788.
      7. Kirsten Marie Jensdtr. f. 1788.
      8. Anna Beate Jensdtr. f. 1792, d. 1797.
      Klokkar Jens Jonsen som overlevde sin kone, gifta seg igjen 1799 og no med Ingeborg Thorsdotter Hanes f. 1750, d. 1801, dtr. av Tord Anundsen Hanes og Ingeborg Larsdtr. Bergan.
      Det var inga born i dette ekteskapet.
    3. Karen Andersdtr. Valen f. 1751 Gisholt, d. 1773.
    4. Maria Andersdtr. Valen f. 1754 Gisholt, d. 1826 på Fjeld, g. 1777 m. Brønjul Larsen Fjeld f. 1754, d. 1815, son av Lars Pedersen og Lisbet Olsdtr. Fjeld.
      Deira born er:
      1. Lars Brynildsen Fjeld f. 1778, d. 1864 på Fjeld, g. 1816 m. Ingeborg Karine Hansdtr. Kongstvet f. 1786, dtr. av Hans Lorentsen og Berte Olsdtr. Kongstvet.
      2. Karen Marie Brynildsdtr. Fjeld f. 1781, g. 1806 m. Lucas Andersen, hammersmed ved Vold, Herre.
      3. Maren Elisabet Brynildsdtr. Fjeld f. 1785, d. 1864 i Merkensdalen under Dolva, g. 1810 m. Kusk Halvor Jonsen Merkesdalen.
      4. Birte Brynildsdtr. Fjeld f. 1788, d. 1855 på Rennesund, g. 1815 m. Lars Halvorsen Rennesund.
      5. Anders Brynildsen Fjeld f. 1791, g. 1816 m. Anne Hansdtr. Kongstvet f. 1792, dtr. av Hans Lorentsen og Berte Olsdtr. Kongstvet.
      6. Halvor Brynildsen Fjeld f. 1794, d. 1856 i Kåsa. under Fjeld, g. 1820 m. Karen Jonsdtr. Skjelbreid f. 1782, dtr. av Jon Hansen Bruseth, seinare Skjelbreid og Maren Pedersdtr. Elset.
    5. Hans Andersen Valen f. 1756 i Hegna, d. før 1791.
    6. Thor Andersen Valen f. 1759 i Hegna.
    7. Anne Andersdtr. Valen f. 1762 i Hegna, d. 1764.
    8. Marthe Andersdtr. Valen f. 1764, d. 1769.
    9. Anne Marie Andersdtr. Valen f. 1768, d. 6 dage gml.
    10. Anne Marie Andersdtr. Valen f. 1767, d. same år.
    11. Anne Andersdtr. Valen f. 1769.
    12. Anders Andersen Valen f. 1771, d. 1802, g. 1793 m. Ingeborg Larsdtr. Sti f. 1770, d. 1830, dtr. av Lars Jonsen og Anne Klausdtr. Sti.
      Ingeborg som berre var 32 år då ho vart enke, gifta seg igjen i 1803 og no med Thor Guttormsen Dolva f. 1769, d. 1845, då han drukna i Norsjø. Han budde då som kårmann i Hella.
      Ved det før nemnde odelskrav og ved overtaking av si morpart i Valen, kom Anders Andersen til å eiga heile eigedomen.
      Ingeborg og Anders sine born er:
      1. Anders Andersen Valen f. 1795, d. 1864, g. 1816 m. Marthe Hansdtr. Hanes (skild frå sin fårige mann (g. 1811) m. Anders Halvorsen Ståkkan, men med kgl. løyve til nytt ekteskap) f. 1793, d. 1845, dtr. av Hans Rasmussen og Anne Abrahamsdotter Hanes.
        Anders som hadde overteke farsgarden, tok i 1846 den avgjer å overlata sin eldste son Anders den halve gard og sovel innmark som utmark vart utbyta. Likeeins vart Hovudbygningen delt i to delar etter gangen.
        Då utbytinga av Valen var tilende, fekk son Anders Andersen skøyte på vestre gard for 1200 spd. I 1853 fekk so den andre son Hans Andersen taka over farens austre part av Valen for 600 spd.
        Marthe og Anders sine born er: Ingeborg f, 1816 - Anders Andersen Valen f. 1818, d. 1871, g. 1862 m. Karen Marie Isaksdtr. Dolva f. 1826, dtr. av Isak Olsen og Ingeborg Kirstine Abrahamsdtr. Dolva - Hans Andersen f. 1820, d. 1883, g. 1859 m. Dorthea Helene Sørensdtr. Tufte i Gjerpen - Anne ANdersdotter f. 1823, d. 1876, g. 1843 m. Jens Abrahamsen Dolva f. 1818 i Grøtsund, son av Abraham Jensen Århus i Gjerpen og Marthe Gundersdtr. Grøtsund - Isak Andersen Valen f. 1825.
      2. Anne Andersdtr. Valen f. 1797, begr. 1802.
      3. Marie Andersdtr. Valen f. 1799, d. 1804.
      4. Anne Andersdtr. Valen f. 1802, d. 1861, g. 1822 m. Ole Sørensen Sti f. 1792, d. 1855, son av Søren Michelsen Dolva, seinare Kåsa og Kari Tollovsdtr. Leirodden. Borna her var:
        Anders Olsen f. 1823, g. 1850 m. Johanne Thoredtr. f. 1824 på Kongsberg - Søren Olsen f. 1826, g. 1850 m. Aslaug Andersdtr. Hella f. 1826 i Bø - Thor Olsem f. 1828 - Ingeborg Olsdtr. f. 1831, g. 1864 m. Thor Sørensen Hustvet f. 1837 i Seljord - Karen Olsdtr. f. 1834 - Anne f. 1837 - Lars Olsen f. 1840 - Maren Andrea f. 1843, d. 1858.
      Ingeborg og Thor Guttormsens born var:
      1. Gunhild Thorsdtr. f. 1806, d. 1883 som enke i Fjærestrand, g. 1834 ,. Hans Andreas Findal f. 1819, son av Hans Pedersen og Maren Susane Isaksdtr. Findal.
      2. Anders Thorsen Valen f. 1804, d. 1807.
      3. Lars Andreas Thorsen Valen f. 1809, d. same år.
      4. Maren Kirstine Thorsdtr. Valen f. 1811, g. 1831 m. Lars Abrahamsen Melumkåsene f. 1803, d. 1856, son av Abraham Larsen Melumkåsene og Karen Haraldsdtr. Elgtvet. Maren Kristine 2) g. 1857 m. Abraham Nilsen Bergan.
    13. Marthe Andersdtr. Valen f. 1773, d. før 1808, g. 1797 m. Thomas Bentsen Ulefoss f. 1769.
      Thomas Bentsen var spikersmed ved Ulefoss Jernverk og familien budde her. Dei hadde 3 born:
      1. Anders Thomassen f. 1797.
      2. Ingeborg Thomasdtr. f. 1799.
      3. Thomas Thomassen f. 1802, d. ong.
    14. Karen Andersdtr. Valen f. 1775.
    15. Berthe Marie Andersdtr. Valen f. 1778, d. 1811, g. 1808 m. Ole Kristophersen Grimholt under Skjelbreid. Ole Kristophersen 2) g. 1811 m. Helvig Hansdtr. Nyhus f. 1787, dtr. av Hans Kristensen og Anne Turvildsdtr. Nyhus.
      Dei budde påå Nyhus og fekk borna: Kari f. 1808 og Mari f. 1810 i første ekteskap. I andre ekteskap var det 8 born: Kristopher f. 1812 - Hans f. 1814, d. 1815 - Anne f. 1816 - Birthe Marie f. 1818 - Hans f. 1820 - Maren Helene f. 1822 - Peder f. 1826 - Ole f. 1831.
    16. Maren Andersdtr. Valen f. 1783, g. 1806 m. Sadelmakar Hans Singdalsen i Skien. Dei budde på Klosterhaugane. Av borna er berre funne: Simon f. 1807 og Maren Elisabet f. 1809.
  2. Tollov Hansen Valen, seinare Leirodden, f. 1728, d. 1765, g. 1751 m. Guri Olsdtr.
    Tollov fekk feste på plassen Leirodden av sin far då han gifta seg og var buande her til sin døyd. I 1759 kjøpte Tollov plassen Marodden av Isak Pedersen Melum. Husa her var svert gamle, råtne og forfalne.
    Enka Guri Olsdtr. gifta seg igjen i 1766 og no med Jon Halvorsen, som var frå Holla. I 1769 var dei buande på plassen Grinnerud under garden Tveiten i Lunde. Guri og Jon har truleg flytta til Lunde straks etter giftemålet, då Tollevs bror Halvor Hansen overtok festet i 1766 og i 1769 kjøpte Leirodden. Marodden vart seld til Kristen Halvorsen Haukeli.
    Det var 3 born i Tollovs ekteskap, men berre eit barn levde opp:
    1. Karen Tollovsdtr. Leirodden f. 1753, d. 1754.
    2. Hans Tollovsen Leirodden f. 1754, d. same år.
    3. Kari Tollovsdtr. Leirodden f. 1755, d. 1832, g. 1777 m. Søren Michelsen Dolva f. 1757, d. 1799, son av Michel Olsen Dolva og Anne Guttormsdtr. Dolva.
      Michel Dolva kjøpte Kåsa under store Sti på auksjon og overdrog den i 1780 til Søren. I 1783 gjer Søren Michelsen eit byttehandel med Anders Olsen på nedre Kåsa under Hustvet. Søren selde sin eigedom til Anders Olsen for 140 rdl. og overtok Anders Olsen sine huser, bruks- og bustadrett på nedre Kåsa for 200 rdl.
      Enka Kari Tollevsdtr. kjøpte so i 1807 Kåsa med påståande huser, som var våningshus, stolpebu, lade og låve, fjøs og stall, for 100 rdl av arvingane etter Hans Rasmussen Hanes's enke Anne Abrahamsdtr. som no var gift med Tyke Jensen vesrte Dolva. Kari og Søren sine born er:
      1. Tollov Sørensen Kåsa f. 1780, d. same år.
      2. Tollov Sørensen Kåsa f. 1784, d. same år.
      3. Hans Sørensen Kåsa f. 1786, g. 1823 m. Anne Pedersdtr. Fjeldeie f. 1796, d. 1860 på Stavdal.
        Desse ektefolka budde som inderstfolk, først på Dolva og so på Sti. Hans Sørensen døydde på vestre Dal i 1869 av tuberkulose, 83 år.
        Dei hadde borna: Karen Anne f. 1823 - Anne Gurine f. 1826 - Anne Elisabet f. 1828 - Ingeborg Kirstine f, 1831 og Severin f. 1836.
      4. Karen Gurine Sørensdtr. Kåsa f. 1789.
      5. Halvor Sørensen Kåsa f. 1791, d. same år.
      6. Ole Sørensen Kåsa f. 1792, d. 1855, g. 1822 m. Anne Andersdtr. Valen f. 1802, d. 1861, dtr. av Anders Andersen Valen og Ingeborg Larsdtr. Sti.
        Ole Sørensen eigde Kåsa som var plss under Sti frå gamalt av. Desutan hadde han fått kjøpt inntil ein part til av austre Sti.
      7. Halvor Sørensen Kåsa f. 1795
    4. Hans Tollovsen Leirodden f. 1758.
    5. Ole Tollovsen Leirodden d. 1764, 3 dage gml.
    6. Maria Tollovsdtr. Leirodden f. 1761, .d. 1832 i Kåsa under Hustvet, g. 1779 m. Isak Jakobsen Tute.
      Dei budde den første tid på Tute og so er dei kome til Ilemoen i 1788, sidan er dei blitt borte.
      Av borna er funne: Tollov f. 1779 - Ole f. 1782 - Hans Jakob f. 1785 og Anne Gurine f. 1788.
  3. Maren Hansdtr. Valen f. 1722, g. 1744 m. Søren Olsen Steinsrød f. 1707, d. 1765. Dei budde alle år i Steinsrød. Av borna er funne:
    Ole f. 1746 - Karen f. 1752 - Ingeborg f. 1755 - Hans f. 1757 og Marthe Kirstine f. 1762.
  4. Isak Hansen Valen f. 1730, d. 1733.
  5. Halvor Hansen Valen f. 1733, d. 1781, g. 1756 m. Berthe Nilsdtr. Rugla f. 1737, d. 1811 på Åfoss, dtr. av Nils Gundersen Rugla og Karen Arnesdtr. Åfosstrand. 2) g. Berthe Nilsdtr. g. 1803 m. enkem. Peder Isaksen Åfoss, f. 1733, f. 1825 på Bjørntvet, son av Isak Pedersen Åfoss og Mari Isaksdtr. Meen.
    Sim før nemnd kjøpte Halvor Hansen eigedomen Leirodden og dreiv denne all si tid.
    Berthe og Halvor sine mange born er:
    1. Nils Halvorsen Leirodden f. 1756 Ø. Gisholt, d. 1811 ved ei ulukkeleg hending. Han vart gravlagt i stillheit etter amtets resolusjon, (det nemnast ikkje noko om hendinga, men det er truleg at han har teke sitt eige liv, etter som amtet er kome inn i bilete) g. 1784 m. Anne Hansdtr. Ø. Tveitan, f. 1765, d. 1831, drt. av Hans Svendsen Tveitan og Anne Jørgensdtr. Kongstvedt.
      Nils overtok Leirodden etter sin far og hadde ogso ei stund halvparten av garden Valen, men måtte gje den frå seg igjen til odelsmann. Med si kone fekk han i arv 400 rdl. ved skifte etter hennar far, so Nils var ikkje utan pengar etter den tids pengeverdi. Ved hans døyd var Leirodden verdsatt til 1000 rdl.
      Nils Halvorsen vitnar om å ha vore ein driftig og dyktig bonde. At han måtte selja Valen var nok eit stort vonbrot for hans framtids planar.
      Anne og Nils sine born er:
      1. Halvor Nilsen Leirodden f. 1788, d. 1864, g. 1813 m. Karen Dorthea Sørensdtr. Tufte, Gjerpen. f. 1793, d. 1858, dtr. av Søren Pedersen Tufte og Gurine Andrea Kristensdtr. Hella under Hanes.
        Halvor si mor, Anne Hansdtr. gifta seg igjen i 1817 og no med enkem. Kristen Thorsen Hella.
        Halvor tok då over Leirodden. Ved skifte etter si kone i 1761 gav ogso Halvor opp sitt bu.
        Ved registreringa er nemnd ymse rom i husene, nemleg: Daglegstova, kjøkkenet, stova, stolpebu, stallkammers, stallskålen, Stallkammersloftet, stallen, storstuloftet og overværelse. Av sylv var her, 20 spiseskeier, 4 teskeier, 1 slavannsegg, sokkerklype, ponsause, fløyteskei, krus med sylvlåk. Her var elles mykje lausøyre av alle slags for eit gardsbruk i den tid.
        Garden skulle Nils Halvorsen hava og faren skulle hava kårfeste for si tid og det skulle kvila som eit hefte på garden.
        Karen Dorthea og Halvor sine born er:
        1. Nils Halvorsen Leirodden f. 1815, d. 1886, g. i Heddal 1863 m. Anne Marie Hogstad f. 1837 på Tørre under Ryen i Heddal, d. 1872 på Leirodden, dtr. av Kyrkjesongar og skulelærar Jens Jakob Gulliksen Hogstad og Anne Kirstine Knutsdtr., ei dtr. av Knut Jonsen Marum.
        2. Anne Gurine Halvorsdtr. Leirodden f. 1816, g. 1842 m. Anders Isaksen Lia f. 1806, son av Isak Halvorsen og Karen Susane Eriksdtr. Lia
        3. Søren Tufte Halvorsen Leirodden f. 1820, d. 1853.
        4. Kirsten Karine Halvorsdtr. Leirodden f. 1822, d. 1873, g. 1845 m. Søren Kristiansen Ådna f. 1825, d. 1897 på Hanes, son av Kristen Sørensen Hanes og Maren Jensine Jonsdtr. Ådna, som var frå Heddal. Søren 2) g. 1875 m. Anne Martine Tovsdtr. Ø. Dal f. 1849, dtr. av Tov Olsen Ø. Dal og Maren Anne Tykesdtr. Pollen.
        5. Halvor Halvorsen Leirodden f. 1824, g. 1845 m. Anne Marie Rasmusdtr. Hustvet f. 1819, dtr. av Rasmus Hansen Hustvet og Anne Nilsdtr. Bergan.
        6. Maren Halvorsdtr. Leirodden f. 1827, d. 1844.
        7. Dorthea Helene Halvorsdtr. Leirodden f. 1830, d. 1894 på Melum som enke, g. 1859 m. Hans Andersen Valen f. 1820, son av Anders Andersen Valen og Marthe Hansdtr. Hanes.
        8. Hans Halvorsen Leirodden f. 1835, d. 1871. Han var ugift og arbeida som tømmerfløytar. Systera Hansine styra med hushaldninga.
        9. Hansine Halvorsdtr. Leirodden f. 1832. Ho utflytta ei tid i 1852, men har so kome heim igjen for å stelle for broren, som hadde fått tuberkulose.
      2. Anne Nilsdtr. Leirodden f. 1797, d. 1857, g. 1817 m. Søren Abrahamsen Hella f. 1789, d. 1868, son av Abraham Thorsen og Ingeborg Michelsdtr. nordre Hanes.
        Ved skifte etter Kristen Thorsen Hella i 1819 fekk Søren Abrahamsen feste på plassen Hella med plikt til kårfeste til enka Anne Hansdtr.
        Deira born er: Abraham Sørensen f. 1817. Han utflytta våren 1841 til Larvik - Ingeborg f. 1821, g. 1855 m. Kristen Halvorsen Skjelbreid f. 1826 - Anne f. 1824 - Nils f. 1827, d. 1828 - Hans Sørensen f. 1834, g.m. Jensine Andrea Eriksdtr. Skjelbreid f, 1932, dtr. av Lensm. son Erik Olaus Jensen Klovland og Elen Andersdtr. Skjelbreid
        Kristen Thorsen Hella var prom-byggar for Holla Jernverk. Det overslag eg har sett, syner at denne farkosten skulle frakta malm og jern for verket. Promen skulle vera 22 alen lang og bygt med malmne furumaterialar av svert store dimensjonar. Heile prisoverslaget er på 245 spesiedalar.
    2. Hans Halvorsen Leirodden f. 1758 Ø. Gisholt, g. 1790 m. Else Markusdtr.
      Alt ved sitt giftemål var Hans Halvorsen tømmerfoged ved Gimsøy kloster og hans forlovar var klosterets eigar Fredrik Georg Adeler og FredikJonsen. I 1794 oppheld han seg i Tinn og då truleg i Adelers teneste. Hans og kona var vell for det meste i Skien, men han har vore mykje på farten rundt i kring for Adeler, for det er elles ikkje noko å finna om han.
    3. Anders Halvorsen Leirodden f. 1761 Ø. Gisholt, g. 1786 m. Ingeborg Klausdtr. Bergan f. 1761, d. 1801, dtr. av Klaus Iversen og Kjersti Johannesdtr. Skjørholt og Bergan.
      Dei budde i Huset under Bergan som svigerfaren bruka etter sin far Iver Larsen og kone Ingeborg Klausdtr. Deira born er: Ingeborg Kirstine f. 1786 - Halvor f. 1788 - Birthe Marie f. 1791 - Anders Klaus f. 1794 og Anna f. 1798.
    4. Karen Halvorsdtr. Leirodden f. 1764 på Ø. Gisholt, d. 1811 på plassen Brekka under garden Fjære, g. 1781 m. Kristen Jonsen Holtan i Solum, f. 1751 på Stavdal, d. 1803, son av Jon Kristensen Stavdal og Ingeborg Åsoldsdtr. Rennesund.
      Kristen selde i 1782 sin arvepart i Stavdal til sin bror Åsold og byksla so Holtan i Solum. Alle deira born er fødde her, nemleg:
      Halvor f. 1784 - Ingeborg f. 1787, d. 1867 hos sin svigerson Kristen Andersen Åbjørnsrød, g. 1815 m. Isak Ellevsen Frønes f. 1783 - Kristen f. 1792 - Kristen f. 1795 - Berthe Marie f. 1798.
    5. Maria Halvorsdtr. Leirodden f. 1766 Ø. Gisholt, g.m. Hans Vilhelmsen Reinholt i Skien.
    6. Mari Halvorsdtr. Leirodden f. 1769, d. 1862, 93 år, 1) g. 1789 m. Anders Klausen Bergan f. 1760, d. 1794 under eit arbeid på Langfossbrua i Skien, der han fall i fossen og drukna. Han var son av Klaus Karlsen Bergan, seinare søre Skjelbreid og kone Kirsti Kristensdtr. Hanes.
      2) g. 1795 m. Lars Isaksen Gjerstad under Gjærum, f. 1770, d. 1798 i Brattebakke, son av Isak Jonsen Eie under Hummelsgård, seinare Gjerstad og Ingeborg Iversdtr. Bergan.
      3) g. 1799 m, Halvor Andersen vestre Dal f. 1771, d. 1840 i Styggedal, son av Anders Jonsen Dal og Katrine Jørgensdtr. Lunde i Valebø.
      I Mari Leiroddens første ekteskap var det to born, nemleg:
      1. Halvor Andersen f. 1791 i Brattebakke, d. 1850 på Dolva, g. 1814 m, Kirsti Brynildsdtr. Sjørholt.
        Ved skiftet etter faren hadde Halvor fått utlagt av garden Brattenakke 7½ setting skyll og 1½ sett. i Torgersrød. Halvparten av denne eigedom selde ha i 1820 til sin bror Klaus Andersen og det vart ei deling av eigedomen i 1822. Det gjekk ikkje so bra for Halvor. Han hadde fått seg hus og hadde kome i gjeld.
        I 1824 selde han den part han hdde igjen i Torgersrød til Lars Simonsen Helgha. Han fekk nå avbetalt noko gjeld, men det var ikkje nok og hausten 1825 vart gardsbruket hans 3-¾ skinn seld ved tvangsauksjon til Isak Pedersen Melum eller Dolva for 800 spd.
        Isak Pedersen selde eigedomen igjen til Peder Andersen Haukelijordet, ein son av Anders Kristensen Haukeli. Peder Andersen kravde at Halvor skulle flytta og ryddiggjere garden, men Halvor meinte at han ikkje kunne utseiast frå det han hadde bygd opp og hadde bruksrett til. Saka vart meld til dei offentlige med krav om utkasting.
        Halvor vart dømt til å flytta innan 15 dagar og vart dertil stempla som trettekjær. Halvor fekk fleire varsel om å flytta, men gjorde ikkje noko for det og so vart det utkasting. Halvor var ikkje heimde den dagen utkastinga skulle gå føre seg, og det var regnver, men møblane vart sette utanfor huset og dørane forsegla.
        Naboane syntes det var ille at vettuge folk kunne finna på å setje inventar ut i regnver.
        Kor familien seinare flytta hen er ikkje funne, men Halvor døydde på Dolva.
        Denne gard er ogso kalla Neset, gjekk so frå Peder Andersen over til son Paul Pedersen, og ved skifte etter han, utlagt til dottera Anne Isine Paulsdtr. g.m. Thor Andersen Vipeto, seinare Sjøholt. Han selde i 1873 til Jakob Andersen Gjærum, som igjen selde i 1881 til Anders Jonsen Gjærum ell. Huset.
      2. Klaus Andersen Brattebakke f. 1794, d. 1876, g. 1826 m. Maren Dorthea Torsdtr. Siljan f. 1808, d. 1833.
        Som ovanfor nemnd fekk Klaus halvparten av Brattebakke og ein part av Torgersrød og han dreiv sin gard til han døydde. Han mista kona si tidleg, ho var berre 25 år gamal. Son Anders Klausen gjekk ogso bort berre 34 år, so det var sønekona Ingeborg Kirstine Isaksdtr. Siljan som styre hushaldet.
      I Mari Leiroddens andre ekteskap var det ogso to born, Anna d. 1797, 8 dage gml. og Ingeborg Kirstine f. 1798, d. 1802.
      I 1791 hadde Lars Isaksen fått feste på Styggedal, og då enka Mari gifta seg med Halvor Andersen V. Dal overtok han dette feste.
      I 1808 kjøpte Halvor Store-Sti på auksjon for 1350 rdl. Ved dette kjøpet måtte han låne og fekk dette av Georg Fredrik Adeler, 1200 rdl. mot pant i garden.
      Halvor og Mari var her i mange år før dei gav den frå seg, og igjen er å finna i Styggedal i 1833.
      Mari og Halvor hadde mange born:
      1. Katrine f. 1800, d. 1801.
      2. Anders Halvorsen f. 1800, d. 1851 på V. Dal, g. 1844 m. Maren Larsdtr. Bergan f. 1817, dtr. av Lars Larsen og Maren Hansdtr. Ø. Dal.
      3. Ingeborg Kirstine f. 1803, g. 1842 m. Husm. Ole Børresen Riplekleiva under Ånerød, f. 1816 på Slettemo under Bolvik, son av Børre Nilsen og Birthe Sofie Olsdtr. Slettemo.
      4. Berte f. 1805.
      5. Karen Marie f. 1807, g. 1835 m. Husm. Nils Olsen Haugen f. 1813 i Holla, d. 1836 då han fall i elva ved Bolvik og drukna.
      6. Hans f. 1809, d. 1810.
      7. Lars Halvorsen Styggedal f. 1811, d. 1867, g. 1840 m. Kirsten Isaksdtr. Siljan f. 1818, d. 1889, dtr. av Isak Jakobsen og Maren Andersdtr. Siljan.
      8. Børthe Marie Halvorsdtr. f. 1815 på Sti, d. 1909 94 i Huset, g. 1837 m. Jakob Isaksen Siljan f. 1816, d. 1863, son av Isak Jakobsen og Maren Andersdtr. Siljan.
    7. Halvor Halvorsen Leirodden f. 1771, d. 1836 på Dalen under Holtan, g. 1797 m. Birthe Tykesdtr. Pollen f. 1770, d. 1837, dtr. av Tyke Andersen og Maren Nilsdtr. Åmdal.
      Halvor kjøpte i 1797 plassen Dalen, som var fråskild Lia i Solum av Erik Andersen for 636 rdl.
      Her er berre funne to born, nemleg Berthe Marie f. 1801 og Berthe Marie f. 1804.
    8. Berthe Halvorsdtr. Leirodden f. 1774, g. 1795 i Holla m. Jon Stensen. Dei budde ved Ulefoss.
    9. Anne Halvorsdtr. Leirodden f. 1777, d. same år.
    10. Isak Halvorsen Leirodden f. 1778, d. 1851, g. 1802 m. 1) g. Karen Susane Eriksdtr. Lia f. 1780, d. 1813, dtr. av Erik Andersen Lia og Åse Marie Tollevsdtr. Sjøtvet. 2) g. 1815 m. Karen Susanes yngre syster, Gunhild Maria Eriksdtr. Lie f. 1787.
      Isak Halvorsen kom som tenar til Lia hos enka etter Erik Andersen, og her gjekk det så slik at han vart gift med dottera i huset. Han kom på denne måten til å drive Austre Lia. I 1819 vart det gjort ei avtale slik at garden skulle sikrast eldste son Anders Isaksen. Anders var då berre 16 år ig det var difor faren som stod for drifta i mange år framover. Her var 4 born i første ekteskap og to i andre:
      1. Anders Isaksen Lia f. 1803, d. 1805.
      2. Anders Isaksen Lia f. 1806, g. 1842 m. Anne Gurine Halvorsdtr. Leirodden f. 1816. Sjå s. 46.
      3. Halvor Isaksen Lia f. 1809.
      4. Hans Isaksen Lia f. 1811, g. 1844 m. Ingeborg Isaksdotter Tangen f. 1818, dtr. av Isak Johannesen og Aslaug Paulsdtr. Tangen under garden Frønes.
      5. Isak Isaksen Lia f. 1816, d. 1824.
      6. Karen Isaksdtr. Lia f. 1819.
    11. Juliane Frederikke Halvorsdtr. Leirodden f. 1780. Ho var myndig i 1805 og fekk då utbetala sin arv etter faren. I 1811 vart ho gift med enkem. Kristoffer Kristiansen Hoppestad i Gjerpen.
  6. Marthe Hansdtr. Valen f, 1735, g. 1757 m. Anders Pedersen Siljan f. 1733, son av Peder Andersen og Anne Halvorsdtr. Siljan.
    Ved skifte etter faren i 1757, fekk Anders i 1759 taka over garden Siljan. Seinare vart garden delt i to gardsbruk, men i 1764 var det eit samråd mellom enka Anne Halvorsdtr. og borna, og eigedomen vart då seld til son Arne Pedersens son Jakob Arnesen Værstad.
    Anders Pedersen Siljan flytta då til Eidanger.
    Av borna er funne: Anne f. 1758 - Karen f. 1760 - Peder f. 1763.
  7. Maria Hansdtr. Valen f. 1738, d. 1790, 1) g. 1760 n. Arne Larsen Åfosstrand f. 1739, d. 1770, son av Lars Arnesen og Johanne Thorsdtr. Åfosstrand. 2) g. 1772 m. Nils Halvorsen, d. 1804, 52 år. Han omkom for 5 år sidan i Skotfossen. Borna i Maria Hansdtr.s to ekteskapar er:
    1. Karen Johanne Arnesdtr. Åfosstrand f. 1761, g. 1789 m. Kristen Rasmussen Kastet, Skotfos f. 1756, d. 1801, son av Rasmus Kristensen og Anne Larsdtr. Kastet.
      Deira første barn, Arne er f. 1790 med dei budde på Kastet, sidan er dei utflytta.
    2. Marie Arnesdtr. Åfosstrand f. 1764, d. 2 dage gml.
    3. Anne Arnesdtr. Åfosstrand f. 1766, d. 1769.
    4. Lars Arnesen Åfosstrand f. 1768, d. 1785.
    5. Hans Arnesen Åfosstrand f. 1770, d. 1780.
    6. Arne Nilsen Åfosstrand f. 1775, d. 1802 i Hentia, g. 1796 m. Maren Arnesdtr. Rugla, f. 1776, d. 1804, dtr. av Arne Nilsen Rugla og Anne Thorstensdtr. Molhaugen. Her var det berre to barn, Mari f. 1800, d. 1802 og Anne Karine f. 1798 som levde opp. 2) g. Maren Arnesdtr. g. 1803 m. Arne Kristensen Hentia, f. 1779. Arne Kristensen 2) g. 1805 m. Anne Lisbet Jensdtr. Ranneberget f. 1785, dtr. av GuriHansdtr. Gråten og Jens Jørgensen Ranneberget.
      Arne Kristensen er ogso skrive Kristiansen og eg trur no det sisste er det rette. Han var dagarbeidar og døydde som Husm. i Steinsrødbukta.
      Her var det ogso eit barn, Maren Kristine f. 1815.
    7. Kristen Marie Nilsdtr. Åfosstrand f. 1779.
    Nils Halvorsen Åfosstrand 2) g. 1792 m. Mari Larsdtr. Sti, f. 1767 på Aspheim, dtr. av Lars Jonsen og Anne Klausdtr. Sti.
    I 1804 vart aiksjonsretten satt på pl. Tangen under Åfoss til bortsal av husene med tomt og jord som dei hadde. Alt blei kjøpt av enka Mari Larsdtr. med hennar bror Jon Larsen Sti og Anders Andersen Valen som kausjonistar, for 133 rdl.
    Mari og Nils hadde borna:
    Anne Marie f. 1792, d. same år - Lars f. 1793 - Anne Marie f. 1796 - Halvor f. 1797 og Lars f. 1798.
  8. Anne Hansdtr. Valen f. 1740, d. 1742.
  9. Isak Hansen Valen, seinare Hegna f. 1743, d. 1817, 1) g. 1767 m. Tone (Anne) Andersdtr. Ståkkan f. 1746, d. 1773, dtr. av Anders Halvorsen Ståkkan og Guri Manassedtr. Melfald. 2) g. 1774 m. Marie Halvorsdtr. f. 1754, d. 1827 i Hegna.
    Med Isak Hansen går denne slekta vidare
Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen