Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

Øya - Valen - Sti

av Erling Gjærum

Denne slekt som her vert omtalt har gått ut frå garden Øya i Melum. Garden ligg på ei stor øy i Kilevatne og derav kjem ogso namnet. Her frå er det eit stort og vent utsyn over vatnet med dei mange kilar og buktningar. I eldre tid var det godt med fisk i Kilevatne og saman med jakta vestetter i dei store skogsvidder, var det ei god hjelp til levemåten.

Det var no dengong ikkje so sjeldan at ulv og bjørn streifa i desse skogar og sume tider kom dei ogso heilt fram til gardane. Soleis mista Hågen og Torkjel på Nes sine hestar i 1659 som var tekne av rovdyra.

Brukaren på garden i 1585 var Gullik Øya Han er i dette året oppført som betalande leiglendingskatt av heile eigedomen. Her budde samstundes Effuind Øen som har betalt bygningsskatt til Akershus Slott for 1585 og 1593 med 30 skjelling. Eit anna skattemanntal nemner ogso Torgils Øen som har betalt den same skatt. Det er tydelig at det i denne tid har vore fleire familiar her men med Gullik Øya som bygselmann. Han var ogso leiglending i 1609. Han betalte då 1½ tønne og 1 fjerding korn i tiende og 1½ mark i saltskatt til Langesund Saltverk. Gullik var brukar fram til 1641. I 1628 var leiglendingskatten 3 rdl. so garden må truleg ha blitt munaleg større ved at ny jord er rydda og lagd til eigedomen.

I 1624 finn ein ogso Oluff Øen som har betalt til soldatlegda. Han har ogso betalt korntienden for 1641-1642 med 3 kvarter korn og i 1644 23-dalar-skatten dom leiglending på Øya.

Frå 1642 finn ein ogso nemnd Olle Øen der har betalt Unionsskatt med 1 rdl. og 2 rdl. i Leiglendingsskatt som brukar av fullgard.

I 1665 var Olle ilagd 1 rdl. i bot for å hava utblitt frå møte i påstemna sak for heradsretten.

Ein kan ikkje her sjå bort ifrå at namna kan vera feil skrive, eller at dei er brør og saman om eigedomen. Oluff har falle ut av manntalet etter 1644 og ein finn då berre Olle som brukar.

Etter 1665 høyrer ein heller ikkje meir til Olle Øya. Han er truleg son av Gullik Øya, og døyd kring 1655. Tingbøkene for Solum tek til 1655-56 og er ved sida av mantala dei beste kilder til å granska i, so før den tid er det vanskeleg å føre sikre slektsband.

Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen