Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

7. ledd.

Isak Isaksen Hegna, Sti

Isak Isaksens kone Anne Barbara var einaste hjenlevande barn etter Jon Larsen Sti. Hennar syskenn, Lars Jonsen d. 1808, 17 år og Mari Jonsdtr. d. 1809 var 11 år då faren døydde i 1807, 47 år. Hans eigedom var halvparten av austre Sti nr. 70 og vestre Sti nr. 40 og vart soleis delt mellom enka og dottera.

Isak kom seinare til å taka over halvbroren Hans Isaksens eige i Stigardane. Då hans kone døydde i 1859, sat han i uskifta bu til 1878. Av eigedomar hadde han då: Sti lnr. 217 og Sti lnr. 218 og Hegna lnr. 244c.

Ved skifte vart det innlevert eit Testamente dat. 16/6-1877 der han fastsett at eigedomane skal tilfalla arvingane etter åsetesretten. Sti nr. 217 var verdsatt til 24 000 kr. Sti nr. 218 til kr. 8000 og Hegna til 800 kr. Anne Barbara og Isak fekk mange born:

  1. Maren Karine Sti f. 1813, d. 1869, g. 1843 m. Isak Gulliksen Kåsa f. 1819, d. 1877 i Hegna, son av Gullek Reiarsen Kåsa og Anne Isaksdtr. Hegna.
    Sjå vidare om desse ektefolk side 56.
  2. Jon Isaksen Sti f. 1820, d. 1830
  3. Isak Isaksen Sti f. 1822, d. 1877, ug. Med Inger Hansdtr. Sti fekk han eit uekte barn, Isak f. 1862, d. 1866 på Gjærum.
  4. Lars Isaksen Sti f. 1825, d. 1907, g. 1850 m. Martha Kirstine Paulsdtr. Gjærum f. 1826, d. 1892, dtr. av Paul Henriksen Gjærum og Anne Halvorsen Gjærum.
    Lars er den som går vidare i denne slekt. ledd 8.
  5. Marthe Marie Isaksdtr. Sti f. 1827, d. 1873, g. 1851 m. Torsten Hansen Aspeheim f. 1826, d. 1902, son av Hans Torstensen Aspheim og Anne Isaksdtr. Bjørbæk.
    Den nåverande slekt kom til Aspheim då Torsten Hansen austre Tveitan i 1786 fekk feste på to hudar i garden av Lagmann Hagerup, som hadde det kongelege gods i forpaktning. Torsten var f. 1748, d. 1818, g. 1779 m. Kirsti Paulsdtr. Gjærum f. 1751. d. 1826, dtr. av Paul Jensen Gjærum (frå Rinde i Sannidal) og Guri Andersdtr. Høgset.
    I 1803 fekk so Torsten Svendsen kongeleg skøyte på Aspheim for 750 spd. og dreiv denne gard all si tid.
    Kirsti hadde ogso sin gjerning å gjera utanom stellet på garden, med det ho var jordmorhjelp.
    Skifte etter Torsten synte ei rein eige på 1695 Spesiedalar. I 1824 vart so eigedomen delt mellom sønene Isak og Hans medan Paul skulle få sin arv i pengar. Isak skulle have Åsbogen som var størst og Hans fekk då Aspheim.
    Torsten og Kirsti hadde 4 born:

    1. Isak Torstensen f, 1782 på Tveitan, d. 1840, g. 1809 m. Mari Guttormsdtr. Dolva f. 1778, d. 1841, dtr. av Guttorm Michelsen Dolva og Gunhild Thorsdotter Bolvik. Her var 5 born:
      Torsten Isaksen f. 1809 på Dolva, d. 1894, g. 1838 m. Ingeborg Halvorsdtr. Værstad, f. 1811 på Gjærum, dtr. av Halvor Andersen Haukeli, seinare Værstad og Anne Jørgensdtr. Ø. Tveitan - Anne Kirstine Isaksdtr. f. 1812, d. 1864, g. 1842 m. gbr. Thomas Thorsen Tveit, f. 1796 på Bolvik, d. 1883, son av Thor Thomassen Bolvik, seinare Tveit og Aslaug Rasmusdotter V. Gisholt - Gunhild Isaksdtr. f. 1815, d. 1863, g. 1844 m. Paul Pedersen Haukeli f. 1812, d. 1867, son av Peder Andersen Haukeli og Anne Guttormsdtr. Dolva. - Maren Isaksdtr. f. 1818, d. 1831. - Guttorm Isaksen f. 1820, g. 1844 m. Maren Anne Gulleksdtr. Eikebrekke f. 1825, dtr. av Gullek Gulleksen og Torberg Kirstine Torbjørnsdtr. Eikebrekke
    2. Paul Torstensen Aspheim f. 1785,, g. 1818 m. Anne Andersdtr. Nes f. 1787, dtr. av Anders Eriksen Nes og Anne Olsdtr. Ørevik. Dei budde først i Vikle nokre år, men kjøpte so part i ein gard på Herøya og budde sidan der.
    3. Anne Marie Torstensdtr. f. 1788, d. 1791.
    4. Hans Torstensen Aspheim f. 1792, d. 1848, vart funne som skjelett under ein bergpynt ute i skogen og vart begr. hausten 1852, g. 1825 m. Anne Isaksdtr. Bjørbæk f. 1798, d. 1868, dtr. av Isak Halvorsen og Inger Andersdtr. Bjørbæk.
      Deira born er: Torsten Hansen som vi kjem tilbake til etter denne oversikt. - Isak Hansen f. 1828, g. 1856 m. Maren Pedersdtr. Meltvet f. 1834, dtr. av Peder Pedersen Meltvet og Marthe Kirstine Jensdtr. Raneberget. Dei var busette på Herøya - Inger Kirstine Hansdtr. Aspheim f. 1836, g. 1864 m. Ole Larsen Stavdal, seinare Almon f. 1834, son av Lars Jonsen Bakkane under Steinsrød og Helga Olsdtr. Jordbakke - Anders Hansen Aspheim f. 1833, d. 1851.

      Torsten Hansen overtok garden etter foreldra. Han var forutan jordbrukar ogso smed og hadde snekkerverkstad i ei stove i våningshuset på haugen. Haugen som her er nemnd er det seinare Paul Thorstensens Aspheim.
      Torsten vart tidleg enkemann. Hans bror Isak Hansen som i 1852 overtok Paul Thorstensens eigedom på Herøya var ogso døyd i 1870, og hans kone Maren Pedersdtr. kom so til Aspheim for å styra huset for Torsten. Det seiast at Maren gjorde dette med ei fast hand. Ho vart her på garden ogso etter Torsten sin døyd.
      Marthe Marie og Torsten sine born er:

      1. Hans Andreas Torstensen Aspheim f. 1852, d. 1903 ved eit ulukkestilfelle, der han under høykjøring sette seg på vogngrinda, hesten rykka til og han fall bakover i bakken og brakk ryggen. Han døydde på sjukehuset. Han var g. 1882 m. Karen Marie Olsdtr. f. 1861 i Vikle, d. 1923, dtr. av Ole Jonsen og Gunhild Marie Torjusdtr. Vikle.
        Hans Andreas var middels høg, hadde kindskjegg og barter. Han var mykje ute på arbeid, blant anna på Voldverket og på tegleverket som då hadde si glanstid. Seinare var han formann ved Rogstad teglverk anlagt i 1896, so på Elset teglverk som kom kring 1900 og overtok so farsgarden omlag eit halvår før han døydde.
        Karen Marie vart so gift i 1909 med første manns bror, Jonas Andreas Torstensen f. 1868, d. 1946.
        Karen Marie og Hans Andreas sine born er:
        1. Marthe Marie Hansdtr. Aspheim f. 1883, d. 1884.
        2. Torsten Martinius Hansen Aspheim f. 1884, d. 1964 i Skien, g. 1912 m. Bertha Marie Andersdtr. f. 1883 i Gjerpen, dtr. av Anders Nilsen (ein son av Maren og Nils Alfsen, opprinneleg frå Lardal) og Turine Nilsen (som var frå Sauherad og budde i Gjerpen.
          Berthas foreldre var på Lille-Melfald ei tid, flytta so til Skien og derfrå til Borgestad, der Anders Nilsen var formann på Hydros anlegg på Menstad. Han døydde her i 1937, 80 år. Turine d. 1929, 75 år.
          Torsten Martinius gjekk i malarlære og starta i 1911 sin eigen malarforretning i Skien. Han har vore formann og ogso oldermann i Skiens Malarlaug.
          Han var æresmedlem og hadde heidersteiknet, «Ridder av den gyldne sparkel». Han var ein fin handverkar og noko av ein kunstnar i faget.
          Deira born er: Hjørdis Katrine f. 1915, g. 1942 m. Roald Gerhard Tonning Jensen Skien, ansatt ved Bakken Skofabrikk, f. 1913 i Gjerpen. - Astrid Terese f. 1917, g. 1941 m. Hans Petter Ellann f. 1919 i Holla. Han er bankkorresponndent. Dei budde først på Sommerfryd i Gjerpen, men bygde seg hus og flytta til Øysteinsgate 6 i 1947. Her var det 2 born: Frode f. 1946 og Svein f. 1950. Hjørdis Katrine og Roald Tonning sine born er: Vigdis Elisabet f. 1946 - Stein Erik f. 1950 og Odd Boye f. 1955.
        3. Ole Gunhildus Hansen Aspheim f. 1886, d. 1939, g. 1919 m. Ingeborg Jensen Bøle i Gjerpen f. 1879, d. 1956. Dei har ei dtr. Magnhild.
          Ole Aspheim gjekk Treider Handelskule og var i butikken hos sin farbror på Krossen. Han var so i Skien ei tid, deretter på Rjukan og kom so tilbake til Skien der han dreiv Sigarhuset. Ole hadde frå yngre år noko lammelse i høgre hand og arm.
        4. Isak Mathias Hansen Aspheim f. 1889, d. 1955, g. 1911 m. Alma Konstanse Hansdtr. Nes f. 1889 Larønningen.
          Isak Aspheim var ved ymse berifter før han tok arbeid ved Union fabrikker på Skotfoss, der han seinare vart formann og budde på Røråsen.
          Her var det 4 born: Ein gut 5 år og ei jente på ett år døydde med 8 dagars mellomrom, truleg av spanskesjuken i 1918
          1. son Henry f. 1911, g. 1941 m. Ingebjørg Marie Rollag Olsen f. 1911. Henry er utdana malar og dei bur på Solbakken.
          2. Ivar f. 1924
        5. Martha Marie Hansdtr. Aspheim f. 1891, g. 1913 m. Nils Andersen (ein bror av Bertha, kona til Torsten Martinius) f. 1879, d. 1953.
          Nils dreiv som snekker ved Menstad i Gjerpen og dei budde same stad. Av borna er kjent: Tordis f. 1914 - Kristine f. 1916 - Nelli f. 1918 - Bjarne f. 1926.
        6. Hans Andreas Hansen Aspheim f. 1893, d. 1895.
        7. Anna Hansine Hansdtr. Aspheim f. 1897, d. 1958, g. 1919 m. Jakob Guneliussen Siljan f. 1896, son av Johan Gunelius Isaksen Hegna, seinare Siljan og Ingeborg Karoline Kristensdtr. Åbjørnsrød.
          Anna og Jakob var ein del år i Visdal. Jakob var vegvaktar i Solum i mange år. Deira son er Hans Jakobsen Siljan f. 1920, g. 1949 m. Ester Marie Larsdtr. Gjærum f. 1924, dtr. av Lars Paulsen Gjærum Sti og Anna Pedersdtr. Holtan i Helgja. Hans har overteke vestre Sti etter svigerfaren og driver forutan garden ogso kolonialhandel. Han har ogso vore medlem av heradstyret.
          Jakob Siljan har i ei årrekke vore medlem av heradstyret.
        8. Kristine Olette Hansdtr. Aspheim f. 1899, g. 1931 m. Hans Andersen Stavdal f. 1900, son av Marie og Anders Olsen Stavdal. Dei har borna: Karen Marie f. 1933, g.m. Vinsent Rawiski - Else f. 1934 - Elisabet f. 1939, 1963 gift med Rolf Ellinsen.
        9. Hans Hansen Aspheim f. 1902, g. 1943 m. Borghild Eugenie Karlsdtr. Raneberget f. 1906, dtr. av Karl Olaves Olsen og Hanna Kristine Raneberget.
          Hans har vore heime på Aspheim den heile tid og overtok garden etter Jonas Aspheim i 1943. Dei har ei dotter, Edith f. 1946.
      2. Anne Kirstine Torstensdtr. Aspheim f. 1855, d. 1862.
      3. Anne Martine Torstensdtr. Aspheim f. 1856, d. 1885 på Marum, g. 1878 m. Nils Thomassen Nes, f. 1853, son av Thomas Nilsen Nes og Maren Kirstine Abrahamsdtr. Erikstad.
        Nils Thomassen fek av sin far overtaka nordreMarum og alle borna er fødde her, nemleg: Toresius f. 1878, Torsten Martinius f, 1879 og Isak Karenius f. 1884. Anne Martine døydde svert ong berre 29 år. Nils reiste so til Amerika i 1886 of tok med seg den eldste og den yngste av borna. Nils døydde berre nokre år etter han kom til Amerika. Son Torsten Nilsen som var 6 år då faren reiste, vart hos bestefaren på Aspheim. Seinare arbeide Torsten i mange år på Skotfoss. Han flytta so til Skien og vart gift 1913 m. Sofie Jensen Bøle.
      4. Isak Torstensen Aspheim f. 1859, d. 1883, ug.
      5. Ingeborg Karoline Torstensdtr. Aspheim f. 1861, d. 1862.
      6. Jonas Andreas Torstensen Aspheim f. 1862, d. 1866.
      7. Paul Torstensen Aspheim f. 1865, d. 1905, g. 1903 m. Maren Jonsdtr. Gjærum f. 1870, d. 1953, dtr. av Jon Andersen Gjærum pg Karen Kirstine Klausdtr. Bergan.
        Paul fekk overtaka garden «Hauen» som den var kalla, etter farens døyd. Paul døydde hastig og Maren har sidan drive garden. Deres dotter Martha er f. 1905. Ho har eigedomen etter si mor.
      8. Jonas Andreas Torstensen Aspheim f. 1868, d. 1946, g. 1909 m. enka etter sin bror, Karen Marie Olsdtr. f. 1861 i Vikle.
        Jonas gjekk framhaldsskulen på Marum. I 1889 tok han til med landhandel på «Krøssen» og dreiv denne i mange år. Han var av naturen venleg og stilfarande, tala alltid vel om folk og hadde ei sunn innstilling til tida han levde i. Ved sitt gifte tok han ogso over garden. På Krøssen fekk han då hjelp av brordotter Anna og seinare av hennar son Hans Siljan, som i 1943 tok over handelen.
    5. Halvor Isaksen Sti f. 1830. Han var til sine tider sindsvak og vart umyndig med Jens Abrahamsen Dolva som verge. Garden austre Sti vart utlagt han ved skifte etter faren. I 1904 vart denne eigedom av overformynderiet seld til Jens Isaksen Tveitan og Jakob Thomassen Røysland som delte den mellom seg.
    6. Jon Isaksen Sti f. 1834, d. 1863.
    7. Karen Andrea Isaksdtr. Sti f. 1837, d. 1907 på Tingstad, g. 1873 m. Hans Andreas Andersen Kåsene f. 1821, d. 1882 av slag, son av Anders Isaksen Hegna, seinare Kåsene under Klovholt og Gunhild Maria Jakobsdtr. Kåsene. Sjå ogso side 59.
Utdrag (s. 61-67) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen