Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

6. ledd

Isak Hansen Valen

Ved skifte etter sin far i 1768 fekk Isak utlagt i arv gardparten Hegan. Hans bror Anders Hansen, som før hadde vore på Ø. Gusholt, var då i Hegna og hadde bygt huser der. Anders skulle so taka over Valen og Isak betalte han 50 rdl. for husene i Hegna.

Hegna vart no ved delegang for første gong løyst frå hovudgarden. Husa i Hegna då var ein gamal stovebygning med stove og kåve, ein lite stall, Låve med lade og skiku, ei stolpebu og lite fjøs.

Isak Hansen var i militærteneste i Major Bruuns kompani då han med permisjon var heime for å gifte seg med Anne Ståkkan.

Anne er døypt Tone, seinare er ho skrive for Anne.

Anne og Isak fekk ikkje lenge leva saman. Anne døydde berre 27 år. Her var to born. Anne som døydde liten og Hans som vaks opp og som vi seinare skal få høyra om. Ved skifte etter Anne vart eigedomen med huser og hamnerett verdsatt til 359 rdl. Av sylv var her: 6 spiseskeier merka I.H.S. (Isak Hansen) 1761, verd 9 rdl., 2 skeier merka A.A.D. (Anne Andersdtr.) 1746, verd 2 rdl. som var ei dåpsgave. 2 skeier merka T.C.S.-A.R.D.(Torsten Kristensen Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen) 1707, verd. 2 rdl. 1 skei merka H.A.S.-K.A.D. (Hans Andersen og Karen Andersdotter), verd 3 ort og 8 skjelling, 1728. 2 nye skeier merka A.A.D.-I.H.S.V. (Anne Andersdtr. Ståkkan og Isak Hansen Valen) 1767, bryllupsgåve. 1 staup på runde knappar merka A.H.S.-G.M.D. (Anders Halvorsen Ståkkan og Guri Manassedtr. Melfald) var gjeve son Hans i faddergåve 1754. 1 brennevinsbolle som i bånn merka «Sti 8 skill.» 2 rdl. 1 Hollandsk steinkrus med sylvlåkk, 1766, verd 6 rdl. 1 blåmala kiste med 3 jernband over låket, hjørnejern, håndfang og dobbeltlås, vart gjeve son Hans. 1 grønmåla hengeskap med lås, vart gjeve son Hans.

Iska Hansen døydde i 1817. Det var då fleire av arvingane som var interesserte i garden. Son Hans Isaksen var no på Sti, og istaden for å lata han taka over garden udelt, har han med sine brør og systers mann vorte samde om å dela garden slik at kvar av dei fekk ein forholdsmessig del av den halve gards skyld. Den andre halvparten skulle deres mor Mari Halvorsdtr. hava til bruk so lenge ho levde. Deretter skulle denne part tilfalla Hans Isaksen Sti. Dei rettar som garden har i Valskogen skal fylgja kvar av partane.

Eit sylvhodevannsegg og ei sylvslegen salmebok skulle tilfalla systera Anne Isaksdtr. Kåsa.

I sine 2 ekteskap fekk Isak Hansen Hegna desse borna:

  1. Anne Isaksdtr. Hegna f. og d. 1768
  2. Hans Isaksen Hegna f. 1771, d. 1848, g. 1809 m. Marthe Marie Sørensdtr. Ådna, som var enke etter Jon Larsen Sti, f. 1767, d. 1834, dtr. av Søren Tordsen Ådna og Barbra Kristensdtr. Stavdal.
    Som før nemnd vart Hegna Hegna svert oppstykka. I 1828 vart partane skyldsette kvar for seg, men det gjekk heilt fram til 1835 før grenselinene var oppstukne. Matrikkelen i 1838 syner då desse eigarer:
    Nytt mnr, 70, gml. mnr, 41 lnr, 242 Leirodden, Halvor Nilsen 6½ skinn
     lnr. 243 Valen, Andes Andersen, 1 hud 11 skinn, 7 d. 17 sk.
     lnr. 244a Hegna, Hans Isaksen Sti5 skd., ld 17 sk.
     lnr. 244b Hegna,Gullik Reiarsen½ skd. 14 sk.
     lnr. 244c Hegna,Isak Isaksen½ skd. 14 sk.
     lnr. 244d Hegna,Anders Isaksen½ skd. 14 sk.
    Hans Isaksen døydde på Sti i 1848 og det var inga born i hans ekteskap. Arvingane var difor hans halvsyskenn Isak og Anne. Desse selde heile sin eigedom i Hegna til sin bror Anders Isaksen for 300 spd.
    Forutan Hegna hadde Hans Isaksen ved giftemålet med enka Marthe Marie Sørensdtr. på Sti, ogso halvparten i denne gard. Marthe Marie hadde ei dotter med sin fårige mann, nemleg Anne Barbara og ho vart gift med halvbroren Isak Isaksen Hegna som soleis eigde den andre halvparten av Sti. Det har den heile tid vore tala om vestre Sti. Dei gamle husa låg oppe på haugen ovanfor den noverande hovudbygning.
    Då Jon Larsen i 1801 fekk kgl. skøyte på vestre Sti for 550 rdl. vart denne gard for første gong sjølveigarbruk. Jon Larsen sette igong bygging av nytt våningshus i 1802. Her var det då Hans Isaksen flytta inn ved ssitt gifte med Marthe Marie og Isak Isaksen ved gifte med Anne Barbara i 1816. Dei delte bygningen mellom seg, men i det daglege husstell skulle dei gå saman
    Dei delte ogso gardens jord og skog mellom seg.
    Dette dele er nedskrive, men dokumentet er truleg ikkje tinglest. Hans Isaksen overdrog sin part til Isak i 1846. Isak Isaksen kom ogso med dette til å eiga den sørlege part av austre Sti.
  3. Anne Gurine Isaksdtr. Hegna f. 1775, d. same år.
  4. Halvor Isaksen Hegna f. 1777, d. 1802, ug. Han var skreddar av yrke.
  5. Anne Isaksdtr. Hegna f. 1780, d. 1860, g. 1802 m. Gullek Reiarsen Kåsa under Hustvedt f. 1769, d. 1833, son av Reiar Gulliksen og Ingeborg Kristensdtr. Kåsa.
    Gullek overtok feste etter faren og dei budde her all si tid. Anne hadde arva eit stykke jord i Hegna og dette gjekk då over til deres son Isak Gulliksen.
    Her var det desse born:
    1. Ingeborg Maria Gulliksdtr. Kåsa f. 1808, d. 1888 i Duestien i Skien, g. 1827 m. Anders Kristensen Åbjørnrød f. 1802, d. 1881 på Gromstulen i Gjerpen, son av Kristen Andersen Rønningen under Hummelsgård og Kari Larsdtr, Mellomkåsene. Sjå nermare om denne familie under Abjørnsrød s. 185.
    2. Maren Gulleksdtr. Kåsa f. 1813, d. 1853 i Heia, g. 1832 m. Ole Vetlesen V. Dal f. 1800, son av Vetle Andersen og Anne Olsdtr. V. Dal.
      Dei held til første tid i Kåsa, flytta so til Heia under Aspheim lnr. 215d som Ole Vetlesen kjøpte i 1848. Av borna er funne:
      1. Gullek Olsen Kåsa f. 1832, g. 1858 m. Berthe Andrea Åsoldsdtr. Stavdal f. 1826, dtr. av Åsold Olsen og Marie Jonsdtr. Stavdal. Gullek 2.g. g. 1877 m. Anne Kirstine Nilsdtr. f. 1849 på Kongsberg, dtr. av Arbeidar Nils Jonsen Muggerud.
        Ole Vetlesen selde Heia i 1861 til Gullek Olsen for 300 spd. og fekk kårfeste for si levetid. I kring 1864 har Gullek Oslen flytta til Bukta ved V. Porgrunn.
      2. Anders Olsen Kåsa f. 1835 i Heia, g. 1867 m. Anne Reiarsdtr. Rognsbru f. 1842, dtr. av Reiar Kristensen og Karen Olsdtr. Rognsbru.
        Anders og Anne budde i Flåtesund. Anders var skogsarbeidar. Saman med familien budde konas bror Ole Reiarsen, som var husm. på plassen.
        Av borna er funne: Ole Martinius f. 1867 - Karl Randinius f. 1869 - Andreas f. 1872 i Flåtesund - Karoline Marie f. 1875.
      3. Anne Marie Olsdtr. Heia f. 1838, d. 1852.
      4. Ole Olsen Heia f. 1844, d. 1865.
      5. Anne Marie Olsdtr. Heia f. 1853, d. same år.
    3. Isak Gulliksen Kåsa f. 1819, d, 1877, g. 1843 m. Maren Karine Isaksdtr. Sti f. 1818, d. 1869, dtr. av Isak Isaksen Sti og Barbara Jonsdtr. Sti.
      Isak var i Kåsa hos si mor fram til 1860. Då gav Isak plassen Kåsa ifrå seg og flytta til Hegna, der hans slekt framleis er. Isak overtok sin mors part i Hegna, dertil kjøpte han i 1866 ein part av Lars Isaksen Sti's eigedom i Hegna.
      Maren Karine og Isak Gulliksen sine born er:
      1. Anne Maria Isaksdtr. Hegna f. 1843, g. 1868 m. Sigurd Halvorsen Øya f. 1841, son av Halvor Sigurdsen i Nes sokn i Sauherad.
        Anne Maria og Sigurd reiste til Amerika i 1878 og dei var i Perry Wisconsin. Sokneprest til Perry norske Lutherske menighetar i Dane Co Wis. Adolf Bredesen har på fårespurnad vitna at dei bur der.
      2. Ingeborg Andrea Isaksdtr. Hegna f. 1846, d. 1860.
      3. Isak Isaksen Hegna f. f. 1848, d. 3 dage gml.
      4. Anne Isaksdtr. Hegna f. f. 1850, d. 1 dag gml.
      5. Marthe Marie Isaksdtr. Hegna f. 1851, d. 1915 på Siljan,
      6. Isak Isaksen Hegna f. 1854, d. 1905, g. 1881 m. Ingeborg Isine Halvorsdtr. Værstad f. 1860, d. 1915, dtr. av Halvor Halvorsen Værstad og Anna Isine Isaksdtr. Dolva.
        Som eldste son tok Isak over Hegna etter faren. Han var då 23 år. Si kone henta han 4 år seinare frå Helgja, og ho var nå heller ikkje ukjend i Melum, for far hennar var son av Halvor Andersen Haukeli. Her var det 9 born:
        1. Maren Olevine Isaksdtr. Hegna f. 1881.
        2. Isak Isaksen Hegna f. 1884, d. 1962, g. 1910 m. Anne Brynjulfsdtr. Rue f. 1881 i Tinn.
          Isak mottok garden frå si mor i 1907 og dreiv denne all si tid. Deres born er: Inga f. 1911, g. 1933 m. Olav Isaksen Siljan f. 1906 - Ågot Berthea f. 1913, g. 1940 m. Jon Petter Markussen Jordbakke f. 1908 - Ingeborg f. 1920, g.m. Olaf Karinius Gunnarsen Åsen Rønningen f. 1920 på Sti - Ivar Isaksen f. 1916, g. 1952 m. Ester Karoline Isaksdtr. Bruseth f. 1923.
        3. Anne Isine Isaksdtr. Hegna f. 1886, d. 1966, g. 1931 m. Paul Johan Hansen Hegnakåsa f. 1898.
        4. Hilda Isaksdtr. Hegna f. 1887.
        5. Halvor Isaksen Hegna f. 1890, d. 1960, g.m. Marta Abrahamsdtr. Dolva f. 1894.
        6. Gustav Isinius Isaksen Hegna f. 1893, d. 1965, g. 1913 m. Inga Pauline Paulsdtr. Gjærum f. 1890.
        7. Ole Isaksen Hegna f. 1895, d. 1863, g.m. Dora Sørensen Bergan.
        8. Karl Otto Isaksen Hegna f. 1897, d. same år.
        9. Agnes Kristiane Isaksdtr. Hegna f 1900, g. 1938 m. Jørgen Olafsen Tveit, Klovholt, f. 1909.
      7. Johan Gunelius Isaksen Hegna f. 1857, d. 1933, g. 1881 m. enke Ingeborg Karoline Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1856, d. 1916, dtr. av
  6. Anders Isaksen Hegna f. 1783, d. 1861, 1) g. 1806 m. Gunhild Marie Jakobsdtr. Kåsene under Klovholt
    Gunhild og Anders kom til å vera i Kåsene i mange år. Garden Klovholt vart svert oppstykka kring 1809 og Anders Isaksen kjøpte fleire partar av denne gard som låg inntil hans eigedom.
    Anders var i Kåsene til 1842. Han hadde året før fått overtaka sin halvbror Hans Isaksens eigedom i Hegna og flytta so dertil. Ved skifte i 1861 vart hans eigedom i Hegna seld ved auksjon til Lars Isaksen Gjærum for 1150 spd.
    I sine to ekteskapar hadde Anders Isaksen desse born:
    1. Kristen Andersen Kåsene f. 1808, g. 1836 m. Karen Kristensdtr. Kalstad f. 1810, dtr. av Kristen Olsen og Birthe Larsdtr. Kalstad.
      Garden Kåsene vart delt mellom Kristen og hans yngre bror Hans Andreas. Karen og Kristen var her i mange år som jordbruksfolk.
      Av borna er funne: Gunhild Andrea f. 1837 - Birthe Kirstine f. 1838, g. 1863 m. Karl Jensen Sand i Skien f. 1833 - Kirsten Marie f. 1841. Ho utflytta i 1862 til Lårdal - Karen Kirstine f. 1844 - Kristen Andreas f. 1846 - Hanna Eugenia f. 1849 og Lars Jakob f. 1855.
    2. Halvor Andersen Kåsene f. 1811, d. 1832 på Tingstad.
    3. Jakob Andersen Kåsene f. 1814, g.m. Ingeborg Zakariasdtr. Jakob Andersen arbeida som skomakar. Våren 1849 utvandra han til Amerika med kone og sine 2 born, Gunhild Maria f. 1840 og Maren Sofie f. 1842.
    4. Hans Andersen Kåsene f. 1821, d. 1882, 1) g. 1850 m. Kari Tarjesdtr. f. 1825 i Lårdal. Ho var tenar på Solum prestegard. 2) g. 1873 m. Karen Andrea Isaksdtr. Sti f. 1837, d. 1907 på Tingstad, dtr. av Isak Isaksen og Anne Barbara Jonsdtr. Sti.
      Som før nemnd fekk Hans halve garden Kåsene som vart delt med hans eldre bror. Seinare fekk han ogso brorens part so han eigde heile farsgarden.
      Det var 7 born i hans første ekteskap, nemleg: Anders f. 1851, reiste til Amerika då han vart myndig - Teodor - Halvor, reiste til Amerika - Aksel - Hans Karinius - Gunhild Marie g.m. Handelsmann H. Bjerke - Anne Katrine.
    5. Marthe Maria Andersdtr. Kåsene f. 1823, d. 1882, g. 1844 m. Halvor Jonsen nordre Skjelbreid f. 1811 på Haukenes, d. 1888, son av Jon Kittilsen og Anne Torbjørnsdtr. Haukenesodden.
      Ved skifte etter Halvor i 1888 var hans eldste son Jon Halvorsen i Amerika, i Danville Contra Costa County California, utvandra for 24 år sidan.
      Han var gift i California i 1883, men seinare hadde familien ikkje høyrt frå han.
      Halvor Jonsen eigde av nordre Skjelbreid lnr. 26d av skyld 2 ort 13 skjelling og lnr. (26e og 27b)b Rogstad av skyld 3 skjelling. Denne eigedom vart overdrege til hans son Isak Halvorsen i 1882, men fekk skøyta først i 1889. Eiga i buet var rest på salsumen for garden, kr. 2550,- og lausøyra som var verd 1200 kr. Her var inga gjeld.
      Martha Maria og Halvor sine born er:
      Martha Maria og Halvor sine born er:
      1. Jon Andreas Halvorsen f. 1845, reiste til Amerika kring 1864.
      2. Anne Maria Halvorsdtr. Skjelbreid f. 1847, d. 1847.
      3. Anne Maria Halvorsdtr. Skjelbreid f. 1848, 1) g. 1878 m. Gm. son Hans Kristian Nilsen Nenseth f. 1836, d. 1881, son av snekker Nils Hansen og Maren Kristophersdtr. U/Nenseth. 2) g. 1882 m. Ole Hansen Nenseth f. 1848 på Hulka, d. 1922, son av Hans Olsen og Karen Kirstine Abrahamsdtr. Hulka.
      4. Hans Andreas Halvorsen Skjelbreid f. 1851, d. 1932 på Nenseth brnr. 141, g. 1878 m. Anne Kirstine Larsdtr. Gjærum f. 1851, d. 1913 på Nenseth.
        Sjå nermare s. 68.
      5. Isak Halvorsen Skjelbreid f. 1854, g. 1885 m. Sofie Jørgine Sigvaldsdtr. Elgtvet f. 1861, dtr. av Husm. Sigvald Svendsen Klovholt (f. på Elgtvet) og Maren Jørgine Olsdtr. f. i Holla.
        Som ovanfor nemnd tok Isak over eigedomen etter faren og vart soleis ogso jordbrukar.
      6. Jakob Halvorsen Skjelbreid f. 1856
      7. Gunhild Martine Halvorsdtr. Skjelbreid f. 1860, g. 1881 m. Skipper Ole Dortheus Hansen Nenseth f. 1860.
    6. Halvor Andersen Kåsene F. 1839, D. 1861, Halvor var utdana som skulelærar og var teke til å teke til å virke som lærar i Solum, før han døydde
  7. Karen Kirstine og Karen Isaksdøtre f. 1786, men døydde ein måned gamle.
  8. Kirstine Isaksdtr. Hegna f. 1788, d. 1802.
  9. Isak Isaksen Hegna f. 1790, d. 3 veker gml.
  10. Isak Isaksen Hegna f. 1795, d. 1879, g. 1816 m. Anne Barbara Jonsdtr. Sti f. 1795, d. 1859, dtr. av Jon Larsen vestre Sti og Martha Marie Sørensdtr. Ådna.
    Med Isak Isaksen Hegna går det med denne slekt vidare.
Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen