Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

8. ledd

Lars Isaksen Valen

Ved Kristiansands Stiftsoverret den 15. februar 1882 fall dom i arvetvistsaka i skifte etter Isak Isaksen Sti, og godkjente hans Testamente.

Son Lars Isaksen kom ikkje til å taka over Sti nr. 217 før i 1884 då den i mellomtida hadde vore bortforpakta. Han var før den tid på nordre Gjærum. Han var gift med Marthe Kirstine, dotter av Paul Henriksen Gjærum, som delte sin gard mellom sine 2 døttre, i ein nordre og ein austre part. På Gjærum var soleis Marthe og Lars til dei i 1884 flytta til Sti og deres einaste son overtok drifta på Gjærum, nemleg Paul Larsen.

Forutan Gjærum og Sti eigde Lars ein Hegnagard.

Lars Isaksen hadde ei tid stor økonomisk makt, men då han vart eldre mista han heilt oversynet og gløymte mykje av det han tok på seg av garantiar for andre, sp då hans svigerson, som dreiv Britania hotell i Skien gjekk konkurs vart påkjenninga for stor og han gav i 1904 sitt bu inn til skifteretten. Det vart ei undarleg skiftesamling der Solum Sparebank spela ein stor rolle.

Marthe Kirstine og Lars sine born er:

  1. Paul Larsen Gjærum f. 1850, d. 1927 på Sti, g. 1881 m. Ingeborg Kirstine Jonsdtr. Gjærum f. 1857, d. 1931, dtr. av Jon Andersen Gjærum og Kirstine Klausdtr. Bergan.
    Desse ektefolk går vidare i denne slekt, sjå ledd 9.
  2. Anne Kirstine Larsdtr. Gjærum f. 1851, d. 1913 på Nenset, g. 1878 m. Flåtemann Hans Andreas Halvorsen Skjelbreid f. 1851, d. 1932 på Nenset gard, son av Halvor Jonsen Skjelbreid og Marthe Marie Andersdtr. Kåsene.
    Anne Kirstine og Hans kjøpte garden Nenset og dreiv denne lille gard all si tid. Hans arbeide ogso som flåtemann og i dei seinare år var han stuerformann.
    Det er funne fram til 6 av borna:
    1. Martine Marie Hansdtr. f. 1878 på Skjelbreid, d. 1959 g. 1905 m. Johannes Andreassen f. 1877 Kjølebrønd i Sannidal, son av bruksarb. Andreas Johannesen f. 1843 og Inger Marie Falkenberg f. 1854 i Sannidal.
      Dei har alle år vore buande på Nenset, og har borna:
      1. Andreas Halvardus Johannesen f. 1907, seinare g.m. Selma Sahrs som er frå Kristiansand.
      2. Anne Marie Johannesdtr. f. 1909, g.m. Robert Evensen f. 1908 (forøvrig ein bror av Fylkesmann i Telemark, Tidemann Evensen)
      3. Harald Johannesen f. 1913, g.m. Elsa Charlotte Fredriksen f. 1920.
      4. Olaf Johannesen f. 1915, g.m. Mimmi Rugtvet f. 1916.
    2. Hanna Laura Hansdtr. f. 1889 på Gjærum, d. 1913 i Grønland u/Ø. Klyve, g. 1910 m. Dampskipsmaskinisty Hagbart Emil Hansen f. 1883 i Langesund, son av D/S-førar Hans Petter Hansen og kone Erikka Helgine. Hans Petter var skipper på «Storegut» ei årrekke.
      Borna her er:
      1. Andreas Hansen f. 1911. Han er gift og busett i England.
      2. Hans Hansen f. 1912, er konditor og busett i Oslo.
      3. Sverre Ingebretsen Hansen f. 1913, er busett i Skien.
    3. Hanna Laurine Hansdtr. Skjelbreid f. 1883, d. same år.
    4. Anna Kirstine Hansdtr. f. 1885 på Skjelbreid, g. 1909 m. Lagerarb. Karl Andersen f. 1886, son av Jakob Andersen og Gusta Kirstine Augustinusdtr. Tolnes.
      Desse har borna:
      1. Erling f. 1910, g.m. Ester Berntsen
      2. Anni Gustava f. 1913, er ug.
      3. Alfhild Hildora, f. 1914, g. 1940 m. Ådne Bie Johansen f. 1911.
      4. John f. 1916, g.m. Mary Olsen.
      5. Ruth Maria f. 1918, g.m. Ingemar Ståle Olsen.
      6. Rigmor Karna f. 1921, g.m. Leif Roland.
      7. Kjeld Frank f. 1937, g.m. Erna Irene Olsen.
    5. Hansine Andrea Hansdtr. Skjelbreid f. 1890, g. 1924 m. Tomtearb. Torsten Andreas Torstensen Knardalstrand f. 1892, son av Torsten Helgesen frå Venås i Gransherad og kone Karen Andrea Kongerød.
      Deres born er: Helge Tor Skjelbreid Torstensen f. 1924, g.m. Berit Nilsen - Bjørn Skjelbreid Torstensen f. 1927.
    6. Lars Hansen Skjelbreid f. 1893 på Nenset. Han reiste tilsjøs då han var 156 år og har ikkje vore heime sidan. Sist familien høyrde frå han var etter krigen i 1947. Han har soleis klara seg unda sjøens fårar ogso i krigstida.
  3. Martha Andrea Larsdtr. Gjærum f. 1853, d. 1915 i Hjartdal, g. 1878 m. Jonas Jonsen Stavdal, tok seinare namnet Gjærum, f. 1850, d. 1928 på Notodden. begr. i Hjartdal, son av Jon Jonsen Stavdal og Maren Anne Nilsdtr. Vikle.
    Jonas Gjærum dreiv mykje med sal av eigedomar saman med I. S. Engebretsen og Jakob Tangen i Skien. Vidare dreiv han Britania hotell i Skien. Det gjekk ikkje so bra økonomisk og svigerfaren kunne tilslutt ikkje lenger stø han med lån, so i 1906 reiste han frå Skien og overtok Skogheim hotell i Hjartdal. Her virka han då til han selde hotellet i 1927.
    Marthe Andrea og Jonas sine born er:
    1. Jon Jonassen Gjærum f. 1880 på Erikstad, d. 1898 i Skien.
    2. Lars Jonassen Gjærum f. 1882 på Erikstad, g. 1905 i Skien m. Anna Marie Nikoline Pedersdtr. f. 1883, d. 1947, dtr. av Kjøpmann i Skien, Peder Nilsen Barkvik og kone Åse Kirstine.
      Lars Gjærum som nå i sin høge alder framleis er uvanleg frisk og rask, har vore ein svert aktiv og føretaksam mann heilt frå sin ungdom av. Her kan eg berre taka med noko av det denne mann har greid å prestera gjenom dei mange år.
      Lars var vell berre eit åt då han med foreldra flytta frå Erikstad til austre Gjærum som dei i 1883 hadde overteke etter Karen Kirstine Paulsdtr. Gjærum. I 1890 selde dei Gjærum igjen og flytta då til Skien. Her gjekk Lars middelskulen og vart der etter handelsbetjent. I denne ungdomstid var han ogso med i idrotten, som turnar og sykkelrytter, der han var mellom dei første på premielistene. I 1908 vart han tilsett som ekspeditør i Skien-Telemarkens Dampskipselskap og overflytt til Notodden. Her på Notodden har so Lars seinare hatt sitt virke og satte sitt bu i Hydrogata 7. Her var han med i Idrettsklubben SNøgg og i Notoffen Jeger- og Fiskerforening og har diplom frå begge desse lag, for aktiv innsats.
      Han starta ogso her kollforretning og sal av trelast. I 1915 vart han tilsett som disponent for Øst-Telemark Automobilselskap. I hans tid grodde det faktisk opp buss-ruter på kryss og tvers i øvre Telemar, alle med samband til Notodden. Det var eit banebrytande arbeid Lars Gjærum her gjorde for selskapet og samferdslen mellom byen og landdistriktene. Han var ogso æresmedlem i Notodden Handelstand og Rutebileiernes Landsforening, der han har vore formann og styremedlem i mange år.
      Her er vell ikkje kkome med alt som Lars har hatt si hand med i, men det er ikkje so lite det som her er nemnd. Anna og Lars hadde desse born:
      1. Aslaug Kirstine Larsdtr. Gjærum f. 1908, g.m. Alf Richard Pfeifle. Dei har utvandra til Sør-Afrika, og har to born, Vera og Karin.
      2. Bjørg Larsdtr. Gjærum f. 1914, g.m. Ludvig Daae Zvilgmeyer g. 1911, son av Cicilie og sokneprest Ludvig Daae Zvilgmeyer. Dei har ei dotter, Inger Johanne f. 1943. Bjørg gift 2) gong med Nils Juel Lindvig f. 1912. Her er det ein son, Nils Martin.
      3. Per Jonas Larsen Gjærum f. 1916, g.m. Solveig Ødegård f. 1917, dtr. av Tone og Ernst Ødegård. Per Gjærum er bilsakkunnig i Porsgrunn. I 1962 tok han slektsgarden Erikstad på odel og driver no ogso denne ved sidan av si stilling i Porsgrunn.
        Dei har 2 born: Tone Anne f. 1944 og Lars Jonas f. 1945.
      4. Inger Larsdtr. Gjærum f. 1919, 1) g.m. Oscar Bang f. 1916. 2) gift med Gross. Olav Thon, Oslo og dei bur i Dalsc. på Smestad.
        Thon er no ein av dei større forretningsfolk i Oslo.
    3. Berte Kirstine Jonasdtr. Gjærum f. 1885, d. same år. Ho var tvilling med
    4. Isak Jonassen Gjærum f. 1885, d. 1954 i Oslo g.m. Martha Olsdtr.
      Nokon supplerande oplysningar har ikkje denne familie ynskja, so her blir då berre teke med deres born: Kari f. 1918 - Ole Jonas f. 1923 og Signe Andrea f. 1924.
    5. Berte Jonasdtr. Gjærum f. 1886, d. 1887.
    6. Bertha Jonasdtr. Gjærum f. 1888, d. 1953, ug. Bertha oppheld seg ei tid i England, seinare då hennar mot døydde, var ho styrarinne på Skogheim hotell hos faren.
    7. Anna Josefine Jonasdtr. Gjærum f. 11894, d. 1895.
    8. Maren Josefine Jonasdtr. Gjærum f. 1897 i Skien.
      Maren har gått Lærarskulen på Notodden, og sidn vore lærarinne ymse stader og no sisst i Sarpsborg.
      Hennar eldre syster Bertha held saman med Maren i fleire år. Dei har ei pen hytte oppe ved Lifjeld og hadde sine vinter og somarferiar her.
  4. Laura Marie Larsdtr. Gjærum f. 1868, d. 1943, g. 1891 m. Ole Andreas Olsen f. 1867 på Solum i Kilebygda, d. 1944, på austre Dolva, son av Ole Olsen Solum og Bertha Mathea Olsdtr. Fjeld.
    Ole Andreas var i sine onge dagar på Ødegården i Kilebygda før han kom til svigerfaren på Sti. Han var ein dyktig jordbrukar og han fekk seg då gard sjølv ved å kjøpre bnr. 2 austre Dolva i 1897. Han bygde her noko seinare nye uthus, då han hadde mange husdyr og liten plass til grøda.
    Marie og Ole Dolva sine born er:
    1. Lars Olsen Dolva f. 1892 på Sti, g. 1917 m. Ingeborg Amalie Hansdtr. Dolva f. 1891, dtr. av Hans Andersen Dolva og Ingeborg Kirstine Rasmusdtr. Bjørbæk.
      Ved giftemålet var Lars på Sannes i Holla. Var so ei tid på Skotfoss til han overtok farsgarden i 1945. Deira born er:
      1. Hans Kristian Larsen Dolva f. 1918, g. 1944 m. Gudrun Tomine Knutsdtr. Dalodden f. 1915, dtr. av Andrea Moland og Knut Luggens, Drangedal.
        Hans Kristian mottok garden frå sin far i 1964 og driv soleis med jord og skogbruk. Dei har 2 søner, nemleg: Einar Asbjørn f. 1945 og Leif Kjeld f. 1947.
      2. Ole Martin Larsen Dolva f. 1922, g. 1950 m. Mary Knutsdtr. Holte, dtr. av Lina Sanna og Knut Holte i Landsmarka. Dei har 3 søner: Torbjørn f. 1951 - Lars f. 1953, er dyktig skihoppar, og Knut Henning f. 1958.
    2. Martha Matilde Olsdtr. Dolva f. 1894, d. 1961 på Valen, g. 1915 m. Jens August Jakobsen Valen f. 1886, d. 1951, son av Jakob Jensen Valen og Marie Halvorsdtr. Ståkkan.
      August Valen var utdana agronom. Han var ei tid i Landgangen før han i 1921 kjøpte Klovholt bnr. 9 av Hans Reiarsdalen, men selde igjen i 1929. Han overtok so Valen etter faren. Martha var åleine i 1951 og ho sat med garden eit parr år, før son Jakob tok over eigedomen. Deres born er:
      1. Marie Augustsdtr. Valen f. 1917, g. 1954 m. Halvor Olsen Bråten, son av Liv og Ole Bråten.
        Dei har bygd seg eige hus på Dolva.
      2. Jakob Augustsen Valen f. 1920 på Mæla ved Skien,, g. 1945 m. Ingborda Johansdtr. Lillefjære f. 1912, dtr. av Marie og Johan Lillefjære Skien.
        Dei har eit barn, Sigvard.
        Jakob overtok farsgarden i 1953 og han har ogso kjøpt jordeigedomen til naboen Jens Andreassen Valen som berre har ein part av det vestlege jordet som han har bygd seg hus på.
      3. Ole Andreas Augustsen Valen f. 1924, g. 1942 m. Edle Jonassen, dtr. av Kristiane og Kristian Jonassen.
    3. Ole Mathias Olsen Dolva f. 1898, g. 1923 i Skien, m. Judith Margrete Thorsen f. 1903 i Skien, dtr. av vognm. Hans Thorsen Snuiptetorp, Skien. Mathias Olsen har eigedomen Pollen nr. 21 som han no har drive i mange år.
      Dei har 2 born: Leif og Anne Marie,
    4. Paula Olsdtr. Dolva f. 1902, g. 1923 m. Harald Olavsen Omland f. 1897 i Drangedal, son av Olav Haraldsen Omland, Drangedal og Åste Torstensdtr. Homleud, Tørdal.
      Paula og Harald har i mange år drive Kolonialhandel på Hustvet i Melum. Her har dei ogso bensinstasjon. Dei har desse born:
      1. Odvar Haraldsen Omland f. 1923, g. 1946 m. Ester Synøve Holne, dtr. av Maren Sofie f. Valen og Toralf Andreassen Holen i Helgja.
        Odvar Omland er forretningsfører og familien bur i Asker. De har borna: Torbjørn f. 1947 - Paul Harald f. 1949 - Åste Sofie f. 1954 og Stein Odvar f. 1961.
      2. Olav Haraldsen Omland f. 1930, g.m. Aslaug Lunde, Valebø.
        Olav har drive eigen forretning på Bøle i Gjerpen, men selde denne og vart salgsrepresentant for Bjelland i Stavanger. Dei har tre born: Odgeir f. 1959 - Harald f. 1961 og Gunn Ingeborg f. 1964.
      3. Bjørn Haraldsen Omland f. 1943. Han er utdana lærar.
    5. Oskar Michael Olsen Dolva f. 1905, d. 1959, g. 1935 m. Signe Kristiansdtr. Grave f. 1910 i Bø, dtr. av Kristian Olsen Grave og Gunhild Halvorsdtr. Skoe i øvre Bø. Oskar hadde ymse arbeid for andre. Av farsgarden fekk han overtaka parsellen på Dolhus og her bygde han huser. Oskar var ein kraftkar. Han var ein dugande skiløpar og ein av dei beste i Telemark, dertil premi frå Holmenkollens 50 km.
      Oskar låg innanfor Herre hed Hellestvetvatne på skogsarbeide då han var ute for ulukka som skulle enda hans dagar. Signe og Oskar sine born er:
      1. Ole Kristian Dolva f. 1935, g. 1963 m. Anne Grave, dtr. av Isak I. Grave og Gunhild Jørgensdtr. Åsen, øvre Bø.
      2. Marit Oskarsdtr. Dolva f. 1939, g. 1958 m. Åsmund Ådna, son av Erling Ådna og Torbjørg Vinjerud som er frå Vinje.
      3. Synøve Oskarsdtr. Dolva f. 1944, g. 1965 m. Tore Heireth, Halden.
      4. Bjørg Oskarsdtr. Dolva f. 1946.
Utdrag (s. 67-75) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen