Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

4. ledd

Anders Reiarsen Valen

Enke Anders Jørgensdtr. Valen gav i 1707 opp sitt bu til deling mellom sine arvingar mot at ho fekk kårfeste på Valen for si levetid og ei heiderleg gravferd.

Som odelsmann tok Anders Reiarsen no over fedrenegarden og løyste etter kvart ut sine syskinn for arv i garden.

Marie og Anders var velstannsfolk for si tid. Det var stor gardsdrift i åra framover. Av husdyr var her 3 hestar, 15 kyr, 3 oksar, 16 sauer og gjeit. Det var soleis mykje å gjera for Marie med så stort husdyrhald og husstellet. To av døtrene var tideleg gifte og frå hausten 1715 hadde ho berre si yngste dotter Anne d.y. til å hjelpe seg. I 1729 gifta Anne seg ogso og flytta til Melum. Av tenarar var her nå ei jente og ein gut.

Marie overlevde sin mann. Ved skifte etter Anders var det ei rein eige på 431 rdl. Marie gav opp sitt bu i 1731 og hennar part i garden vart då overteke av eldse son Hans, men ho skulle hava alt ho trang so lenge ho levde. Eiga var no 171 rdl. og her var inga gjeld.

Marie og Anders sine born er:

  1. Hans Andersen Valen f. 1698, d. 1779, g. 1721 m. Karen Andersdtr. f. 1699, d. 1789. Denne familie er det som fører denne slekt videre og vil bli omtala under ledd 5.
  2. Isak Andersen Valen f. før 1700, d. 1730, g. 1727 m. Karen Larsdtr. Dei hadde 2 born, Isak 2 år og Inger 3½ år.
    Det er elles ikkje nokon opplysningar å finne om dette ektepar. Dei har truleg flytta ut av kommunen. Ved sin døyd budde Isak på Strømdal i Gjerpen.
  3. Tolleiv Andersen Valen f. 1696, d. 1726
  4. Reiar Andersen Valen, seinare Ø. Gisholt f. før 1700, d. 1759 på Ø. Dal, g. 1718 m. enka etter Lars Madsen Ø. Gisholt, Karen Hansdtr. f. 1738. Karen hadde i sitt fårige ekteskap 5 born, men 4 av desse vaks opp og var nå gifte.
    Reiar overtok no feste på Ø. Gisholt 4 hudar og 1 tønne i Ø. Dal., med 25 rdl. i årleg avgift. I 1738 var her på garden av husdyr 4 kyr, 2 kviger, 2 oksar, 11 sauer, 6 lam, 2 kalvar, 3 grisar og 2 hestar. Her var ogso blant anna 5 bøker.
    Reiar vart ikkje lenge enkemann, hausten 1738 vart han gift med Gunhild Thorsdtr. Haukeli f. 1716, d. 1769, dtr. av Tord Mathiassen Bolvik, Sti og Haukeli, og Mari Andersdtr. Melum.
    I 1745 avsto Reiar feste på Ø. Gisholt til ongkar Andes Hansen Valen, men tok unda Ø. Dal for seg. Dalskogen skulle dei hava saman.
    Gunhild og Reiar sine born var:
    1. Anders Reiarsen Gisholt f. 1739, d. same år.
    2. Kari Reiarsdtr. Gisholt f. 1741, d. 1774, g. 1772 m. Thor Halvorsen Kåsa under Haukeli, d. 1809, sjå elles slekta Rinde-Haukeli.
    3. Maren Reiarsdtr. Gisholt f. 1746, d. 1819. Sjå elles s. 143.
    4. Anders Reiarsen Gisholt f. 1748, d. 1749.
    5. Isak Reiarsen Gisholt f. 1750.
    6. Maria Reiarsdtr. Gisholt f. 1753, d. 1755.
    7. Maria Reiarsen Ø. Dal f. 1755, d. 1838 i Huset under Ø. Tveitan, g. 1784 m. Åsold Eriksen Huset, f. 1754, d. 1828, son av Erik Olsen Ørevik, seinare Marodden og Bruseth, og Åste Jørgensdtr. Kongstvet.
    Då Reiar Andersen døydde på Ø. Dal i 1759, held enka Gunhild Thorsdtr. fram som brukar på Dal, til ho i 1761 gifta seg med Torbjørn Jensen Gjeitebua og han tok over feste på garden.
  5. Anne Andersdtr. Valen d. eld. f. 1691, d. 1761, g. 1712 m. Åsold Jakobsen Rennesund f. 1682, d. 1770, son av Jakob Reiarsen Rennesund f. 1643, d. 1728.
    Jakob Reiarsen var gift med Ingeborg Anundsdtr. som døydde i 1711. I skiftet etter hennar er det opgjeve at ho inga born har med denne mann. Jakob har soleis vore gift før, men denne ektefelles namn har eg ikkje funne i dei skrivne kilder.
    Åsold Jakobsen overtok Rennesund etter faren og var ein dugande jordbrukar og ein god føregangsmann for nokre av sine seinare so namngjetne søner.
    Anne og Åsold sine born var:
    1. Anne Åsoldsdtr. Rennesund f. 1715, d. 1729.
    2. Jakob Åsoldsen Rennesund f. 1717, d. 1788 på garden Knardal, g. 1743 m. Anne Olsdtr. Ånerød som var enke etter Hans Jakobsen Rugtvet.
      (Hans Jakobsen Rugtvet var døyd i 1742, berre 37 år. Han etterlot seg med Anne Olsdtr. borna: Kirsti Hansdtr. g.m. Anders Åsoldsen Rugtvet. Birthe Hansdtr. g.m. Gunnar Madsen Porsgrunn. Ole Hansen som døydde i 1763, 21 år.)
      I 1749 kjøper Jakob Åsoldsen garden Knardal 3 huder med byksel over 3 skinn meir som tilhøyrte Skien kyrkje for 450 rdl. I 1761 flytta so Jakob Åsoldsen til Knardal og hans stedson Ole Hansen og Jakobs bror Anders Åsoldsen fekk overtaka feste på Rugtvet. Ole Hansen var svert ong, men han hadde btgt hus på ny tuft. Det var ikkje ferdig då han døydde, men ve skiftet sa systermann Anders Åsoldsen, at då han no kom til å taka over heile garden, var det rimeleg at han ogso for det nye husetog elles for alle husa, betalte buet etter Ole Hansen 100 riksdalar, då han ikkje ville profitera på arvingane.
      Anne Olsdtr. Knardal døydde 1776, 73 år.
      Hennar mann var no «berøvet forstandens brug og under formynderskap». Deres son Hans Jakobsen f. 1746 på Rugtvet, d. 1778 ug. Deres andre barn, Åsold Jakobsen Rugtvet f. 1747, g. 1767 m. Inger Margrete Hansdtr. og dei budde no i Knardal.
    3. Karen Åsoldsdtr. Rennesund f. 1719, d. 1774, g. 1741 m. Isak Pedersen Melum f. 1712, d. 1768, son av Peder Tordsen og Anne Andersdtr. Melum.
      Isak Pedersen Melum overtok 3 tønner skyld i anneksgarden Melum i 1740 og før han var gift. I 1749 kjøpte han 5 qvt. med bygsel over 1½ tønne i vestre Tveitan av Hans Kristensen Ånerød og i 1750 plassen Marodden under Haukeli på auksjon i buet etter Kristen Larsen Marodden. I 1752 kjøpte han vidare ½ tønne i vestre Tveitan og i 1755 i same gard 1½ tønne av Jakob Åsoldsen Rugtvet. I 1757 kjøpte Isak ogso 2 huder i garden Bruseth av Geheimråd Adelers arvingar. Plassen Hegna som låg under denne eigedom, vart bortfesta i 1759 til Hans Torstensen Tveitan og kone Karen Jørgensdtr. Plassen Høgebru låg under Tveitan. Denne plass hadde Isak lova Nils Paulsen Huve feste på flr han døydde. Kona til Isak visste om dette og lot festaren få brev på dette.
      Karen Åsoldsdtr, budde på Bruseth då ho døydde i 1774.
      Det var soleis mykje eigedom Karen og Isak hadde som gjekk vidare til arvingar.
      I ekteskapet var der 7 born;
      1. Abraham og Peder Isaksen (tvillingar) f. 1743, Peder d. 1744, Abraham d. 1833, g. 1766 m. Kirsti Iversdtr. Bergan
      2. Anne Isaksdtr. f. 1745, g. 1764 m. Ole Hansen Ånerød
      3. Peder Isaksen f. 1747, d. 1829, g. 1770 m. Mariken Nilsdtr. Ø. Klyve. Peder var bondelensmann i Solum i mange år.
      4. Åsold Isaksen f. 1749, d. 1751.
      5. Cisilia Isaksdtr. f. 1757, d. same år.
      6. Åsold Isaksen f. 1758, g. 1791 m. Kirsti Rasmusdtr. Hanes, som var enke etter Halvor Andersen Ståkkan d. 1790.
      7. Isak Isaksen f. 1761, d. 1769.
    4. Abraham Åsoldsen Rennesund f. 1722, d. 1723. Han var tvilling med
    5. Isak Åsoldsen Rennesund f. 1722, d. 1795, g. 1751 m. Åvet Pedersdtr. Melum f. 1722, d. 1790, dtr. av Peder Tordsen og Anne Andersdtr. Melum.
      Isak Åsoldsen var den andre son Åsold Jakobsen som vart påskjøna av dei offentlege, som sers dyktig jordbrukar. Han mottok premi av «Det kgl. danske landhusholdningselskap, Bratsberg Amt økonomiske Opmuntringselskap og Det kgl. norske Vitenskapselskap» for sin rydning og utviding av jordeigedomen. Det var stor stas på Gimsøy Kloster då Isak Åsoldsen som den første av 9 bøndar tok imot sitt store sylvbeger frå Fru Adelers hand, for dyktig jordbruksarbeid. På begeret stod innskriftsjonen «Drik heraf med din mund, Isak Åsoldsen Rennesund».
      I nov. 1794 skifta han sitt bu mellom arvingane, men ynskja då å få alt til livs opphald av sin son Åsold som skulle taka over eigedomen første faredag 1795. Han ville ogso taka unda 60 rdl. som skulle leggjast til Åsold sin part, for derfor i si tid gjeva han ei heiderleg gravferd.
      Åvet og Isak sine born var:
      1. Åsold Isaksen f. 1752, d. 1810, g. 1791 m. Anne Andersdtr.
      2. Anne Isaksdtr. f. 1753, g. 1783 m. Peder Mathiassen V. Klyve.
      3. Peder Isaksen f. 1755, g. 1791 m. Mari Jensdtr.
      4. Anders Isaksen Bruseth g. 1757, d. 1804, g. 1792 m. Karen Marie Pedersdtr. Melum f. 1771, d. 1819, dtr. av Lensm. Peder Isaksen Melum og Mariken Nilsdotter Ø. Klyve. Karen Marie 2 g. g. 1805 m. Isak Abrahamsen Tveitan, seinare Bruseth.
      5. Halvor Isaksen f. 1759, d. ong.
      6. Anna Isaksdtr. f. 1761, d. same år.
      7. Halvor Isaksen f. 1763, d. 1794, g. 1793 m. Børte Larsdtr. Fjeld. Børte gift andre gong 1796 og no med enkem. Halvor Olsen midtre Fjeld.
      8. Anne Marie Isaksdtr. f. 1767, d. 1850, g. 1791 m, Isak Jonsen Stavdal.
    6. Anders Åsoldsen Rennesund f. 1722, d. same år.
    7. Ingeborg Åsoldsdtr. Rennesund f, 1725, d. 1781, g. 1744 m. Jon Kristensen Stavdal f. 1715, d. 1797, son av Kristen Jonsen Lia, seinare Stavdal og Maren Jonsdotter Fjeld.
      Jon Kristensen var berre 14 år då han skulle taka over farsgarden Stavdal. Han fekk då som kurator morbroren Kristen Jonsen Fjeld. Jon fekk gjort det slik at han skulle få løysa inn heile eigedomen når han vart myndig.
      Fram gjenom åra løyste Jon inn syskina sine arvpartar i garden og i 1758 tok han ogso over mora sin part og betalte hennar gjeld til Herm. Løvenskjold. Soga syner, at Jon har vore ein drivande kar som med kloke disposisjonar samla Stavdal til ein gard.
      Ingeborg og Jon Stavdal hadde mange born:
      1. Kristen Jonsen f. 1745, d. 7 månader gamal.
      2. Ole Jonsen f. 1747, g.m. Birthe Eriksdtr. Nes.
      3. Åsold Jonsen Bruseth g.m. Anne Andersdtr. Lia.
      4. Kristen Jonsen Holtan g.m. Kari Halvorsdtr. Valen.
      5. Abraham Jonsen Hummelgård g.m. Karen Jonsdtr. Øya.
      6. Isak Jonsen Stavdal g.m. Anne Marie Isaksdtr. Rennesund.
      7. Jakob Jonsen Erikstad g.m. Birthe Gundersdtr. Grøtsund,
      8. Jon Jonsen Stavdal g.m. Anne Eriksdtr. Nes.
      9. Marie Jonsdtr. g.m. Lars Eriksen Moen.
      10. Anne Jonsdtr. g.m. Lars Jonsen Øya.
      11. Abraham Jonsen f. 1753, d. 19 månader gml.
      12. Abraham Jonsen f. 1755, d. 1 dag gml.
    8. Maria Åsoldsdtr. Rennesund f. 1725, d. 1790, g. 1748 m. Anders Eriksen Lia i Solum f. 1722, d. 1791, son av Erik Mathiassen Bolvik, seinare Lie og Åse Andersdtr. Valen i Melum. Sjå seinare under Åse Valen.
    9. Anders Åsoldsen Rennesund f. 1727, d. 1812 på Rugtvet, 1) g. 1756 m. Kirsti Hansdtr. Rugtvet f. 1734, d. 1775, dtr. av Hans Jakobsen Rugtvet og Anne Olsdtr. Ånerød 2) g.m. Åvet Madsdtr. d. 1822, 67 år.
      Det var ålment kejnt at Anders Rugtvet hjalpfolk med å la dei fatige folk få korn til mat og serleg når der hadde vore dårlege avlingar og uår.
      Dette kom danskekongen for øyre og han skaffa seg opplysningar om Anders sin hjelpsame omgong med folk. Den 8. sundag på Trinitatis 1773 var det stor høgtid ved Solum kyrkje. Her var Kammerherre Georg Fredrik Adeler Gimsøy kloster møtt fram og omtala Anders som den store hjelpesmann for dei fatige. Adeler overlevera so til Anders Åsoldsen Rugtvet ei medalje som Kongen hadde skjenka han for hans kristelege forhold med dei fatige, i desse dyre tider og dårlege åringar.
      Ved skifte etter Anders i 1812, levde 4 av borna i hans første ekteskap og 2 i andre ekteskap.
      I buet er det oppgjeve sylv for tils. 277 rdl. herav eit beger på 3 kuleføttar ved 60 rdl. skjenka av Bratsberg amt Opmuntringselskap. Alle borna av første ekteskap, gav sin arv til dei 2 yngste borna.
      Skiftet slutta ikkje før i 1814 og synte eit overskot på 200 spd. då pengane no var omrekna til sylv verdi. Borna i desse 2 ekteskapar var:
      1. Hans Andersen Rugtvedt f. 1760, g. 1793 m. Marken Madsdtr.
      2. Åsold Andersen Rugtvedt f. 1762.
      3. Ole Andersen Rugtvedt f. 1765, g. 1793 m. Karen Olsdtr. Ånerød f. 1771, dtr. av Ole Hansen og Anne Isaksdtr. Ånerød.
      4. Anne Andersdtr. Rugtvedt f. 1767, g. 1791 m. Åsold Isaksen Rennesund f. 1752, d. 1810, son av Isak Åsoldsen Rennesund og Åvet Pedersdtr. Melum.
      5. Jakob Andersen Rugtvedt f. 1785, g. 1818 m. Maren Hansdtr. Knardal f. 1795, dtr. av Hans Torstensen og Anne Andersdtr. Knardalstrand.
      6. Kirsti Maria Andersdtr. Rugtvedt f. 1779, g. 1816 m. Styrm. Gunnar Sveinungsen V. Porsgrunn som då var 26 år.
    10. Halvor Åsoldsen Rennesund f. 1729, d. 1744.
    11. Abraham Åsoldsen Rennesund f. 1729 (Tvilling.)
    12. Peder Åsoldsen Rennesund f. 1730.
    13. Johannes Åsoldsen Rennesund f. 1731, d. 1732.
    14. Anne Åsoldsdtr. Rennesund f. 1731, tvilling, g. 1750 m. Gunnar Torstensen.
    15. Inger Åsoldsdtr. Rennesund f. 1733, d. 1764, vigde i huset i Rugla 1755 m. Jens Nilsen Rugla, seinare Åmdal f. 1734, d. 1794 i Åmdalstrand, son av Nils Gundersen Rugla og Karen Arnesdtr. Åfosstrand.
    16. Karen Åsoldsdtr. Rennesund f. 1735.
  6. Åse Andersdtr. Valen f. 1693, d. 1747, g. 1715 m. Erik Mathiassen Bolvik, seinare Lia i SOlum, f. 1683, d. 1758, son av Mathias Sørensen og Anne Thorsdtr. Bolvik.
    Erik vart i 1720 brukar av Lia og Li-Valen. I 1737 kjøpte han garden og 1 hud av Li-Valen. Berre 4 år seinare selda han sin eigedom i Li-Valen til ongkar Ole Olsen. Med i kjøpet fekk Ole eit stykke skog av Lia. I 1750 overdrog Erik halvparten av eigedomen til son Anders Eriksen og i 1755 den andre halvpart.
    Åse og Erik sine born er:
    1. Mathias Eriksen Lia f. 1716. Han vart seinare bonde på garden Hellestvet i Bamle. Sin arvpart i Lia overlot han til broren, som soleis vart eigar av Lia.
    2. Gunhild Eriksdtr. Lia f. 1718, 1) g. 1739 m. Hans Pedersen Findal f. 1711, d. 1744, son av Peder Hansen og Kari Nilsdtr. Findal. 2) g, 1746 m. Mats Gunnarsen Sannes.
    3. Anne Eriksdtr. Lia f. 1720, d. 1722.
    4. Anders Eriksen Lia f. 1722, d. 1791, g. 1748 m. Marie Åsoldsdtr. Rennesund f. 1730, d. 1790, dtr. av Åsold Jakobsen Rennesund og Anne Andersdtr. Valen.
      Anders som etter faren var blitt eigar av Lia gard tok i 1785 den avgjer å dela eigedomen mellom sine to eldste sønner Erik og Åsold, men då Åsold døydde før foreldra vart Åsold sin part tilskjøyta son Ole for 500 riksdalar. Foreldra døydde like etter kvarandre. Ved skiftet vart Ole Andersen ved sin halve gard 3 huder frå 1788. Den andre halvpart vart delt mellom Erik Andersen og Åsolds son Anders Åsoldsen som kvar fekk 10-2/7 skinn og Anne Andersdotter 5-1/7 skinn. I 1792 overdrog Ole, Anne og Anders Åsoldsen sine partar i Lia til broren Erik Andersen.
      Marie og Anders sine born er:
      1. Åse Andersdtr. Lia f. 1749, d. same år. Ho var tvilling med
      2. Erik Andersen Lia f. 1749, d. 1798, g.m. Åse Marie Tollevsdtr. f. 1755, d. 1836.
        Som ovanfor nemnd vart Erik bonde på Lia.
      3. Åsold Andersen Lia f. 1751, d. 1786 på Sjøtvet, g. 1783 m. Tore Olsdtr. Sjøtvet f. 1760, dtr. av Ole Tollevsen og Ingeborg Olsdtr. Sjøtvet.
        Tore Olsdtr. 2) gift 1789 og no med Tollev Knudsen Århus.
      4. Åse Andersdtr. Lia f. 1753, d. 1784.
      5. Anne Andersdtr. Lia f. 1755, 1) g. 1778 m. Åsold Jonsen Stavdal f. 1749, d. 1784 på Bruseth, 2) g. 1792 og no med Abraham Olsen Melfald.
      6. Isak Andersen Lia f. 1757.
      7. Maria Andersdtr. Lia f. 1760.
      8. Ole Andersen Lia f. 1764, d. 1845, g. 1791 m. Anne Olsdtr. Bjørntvet f. 1772, dtr. av Ole Nilsen Bjørntvet og Anne Andersdtr. Bjørntvet.
    5. Maria Eriksdtr. Lia f. 1724, 1) g. 1747 m. Nils Pedersen Findal f. 1722, d. 1748, son av Peder Hansen og Kari Nilsdtr. Findal. 2) g. 1749 m. Jon Kristensen Tråk i Bamle.
    6. Tollev Eriksen Lia f. 1727, d. same år.
    7. Tollev Eriksen Lia f. 1728.
    8. Isak Eriksen Lia f. 1730.
    9. Abraham Eriksen Lia f. 1733.
    10. Anne Eriksdtr. Lia f. 1735, d. 1736.
  7. Anne Andersdtr. Valen, f. 1704, d. 1866, g. 1729 m. Anders Pedersen Melum f. 1705, d. 1766, son av Peder Tordsen og Anne Andersdtr. Melum.
    Anne og Anders var i Melumkåsene. Elles er i slekta «Melum-Gjærum» meir om denne familien, s. 140.
Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen