Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

2. ledd

Gjest Olsen Øya

av Erling Gjærum

Gjest har teke over garden etter faren og er i 1661 nemnd som brukar av heile garden som skylder 4 huder, der Lagmann Nils Hansens arvingar i Kristiania eigde 2 huder med bygsel, Holla kyrkje og Helgja kyrkje kvar 1 hud. Her var då noko skog til bjelkar og spirer, og ei bekkekvern til husbruk.

Gjest var i 1672 rekna for 2 huder avdi han var postbonde og betaler 4 rdl. i leiglendingskatt. Peder Jensen, borgarmeister i Skien har 2 huder og Helgja kyrkje er lotteigar.

Postbøndar var i 1672: Tore og Lars Fjeld, Svend Frønes og Gjest Øya. Det heiter om postruta:

«Øya, Fjeld og Frønes opsittere fører vestover til Drangedal, Bamble fogderi, til Vefald og Strømmen over en slemb hey som er toe stiffue miil til Søetvedt. Søetvedt fører den vestre post øster til Findal, 1 fjerding og den østre post halfanden miil til Øen, Fjeld og Frønes hver ugge til en av dem.

Findal fører den vestre post 1 miil til Riis og Borge i Gjerpen sogn, i Bamble fogderi og fører den østre post 1 fjerding til Søetvedt hver ugge.

Så noksom kand sees di fattige folk med postens skydskjøring hafer alt som største besvær, hvorfor dennem af førrige Lensherre ere bevilget at nyde deres gårder half schatt fri.»

Gjest Øya var innkalla i ei rettsak i 1672 om dele mellom Veberg og Lundstulen skogar til å prova: At Veberg var hans farfars og at hans farfars bror Samuek Homleskaar var tilspurt ein gong av Halvor Haukeli om kor langt Vebergskogen gjekk, då svara Samuel: «der ståer een steen i Reiersbæk, dit gaar han».

Gjest er gift kring 1635, men det har ikkje lukkast å finna namnet til kona. Ho er døyd før 1665, for ei oppgåve over garden då syner at Gjest berre hadde to sønner heime hos seg. Den sisste gong han er nemnd som skatteytar er i 1676.

Garden er so teke over av aon Ole Gjestsen som bruka 4 huder med 8 rdl. i årleg avgift. Eigar er Peder Jensens enke Anne Marie som har 2 huder og Helgja kyrkje 2 huder.

Gjest Øya hadde truleg fleire born enn her er funne.
Det er sparsame kilder å granske i og eg finn at gissing har lite verd i denne samanheng.
Av borna er funne:

  1. Ole Gjestsen Øya. Han er døyd i 1692 og var gift med Guro Gulliksdtr. som er døyd i 1699.
    Skiftet etter Ole syner at han på garden hadde 2 hestar, 5 kyr, 1 kalv, 8 sauer, 1 geit og gris. Skiftet synte eit underskot på 13 riksdalar.
    Då Assesor i bergamtet i søndenfjeldske Noreg Halvor Sørensen Borse fekk sine store rettar av kgl. maj. til å byggja eit jernverk ved sin gard Bolvik i 1692, kom ogso Øya inn under dei særrettar som vart tillagt verket og fekk soleis paktningsretten til garden.
    Guro gifta seg igjen same året som mannen døydde og no med Nils Kolbjørnsen. Han tok over garden og gjelda som var til Ass. Borse. Her var desutan ei kolmile på omlag 60 lester som var verdsatt til 2 ort pr. lest, der soleis vart 30 rdl. og nok til dekning av gjelda.
    Guro og Nils Kolbjørnsen hadde inga born saman. Då Guro døydde vart Nils gift igjen hausten 1699 med Kjersti Larsdtr. og dei fekk mange born, nemleg: Lars Nilsen f. 1700, d. 1770, g. 1724 m. Birthe Andersdtr. f. 1689, d. 1744, dtr. av Anders Gjestsen og Gullaug Gulliksdtr. Frønes. Lars festa i 1729 2 huder i garden Tveit. - Laurits Nilsen f. 1702, d. ong. - Maren f. 1706, d. 2 år. - Peder f. 1707 - Guri f. 1704, g. 1727 m. Lars Abrahamsen - Rasmus f. 1710 - Karen f. 1712 - Kirsti f. 1715 - Mari f. 1718, d. 1742 - Nils Kolbjørnsen døydde i 1729, 63 år.
    Ole Gjestsen og Guro Gulliksdtr. sine born:
    1. Gjest Olsen Lille-Melfald f. 1671, d. 1757. g. 1711 m. Børte Anundsdtr. f. 1680, d. 1746.
      Dei var leiglendingsfolk på Lille-Melfald og hadde desse born:
      1. Ole Gjestesen f. 1712, d. 1772 på Lunde, g. 1737 m. Berthe Andersdtr. d.y. Hustvet, f. 1716, d. 1755, dtr. av Anders Larsen Hustvet og Gundborg Halvorsdtr. som var frå Mediås i Mo i Fyresdal.
        Berthe og Ole fekk feste på plassen nedre Kåsa under Hustvet, med ei svert rimeleg leigeavgift. Då sønneson til Anders Hustvet ein del år seinare kom til å take over grd. Hustvet, utgav han i 1751 nye festebrev på sine 4 husmannsplassar som låg under garden.
        Ole sitt feste fekk no dobla si avgift til 5 rdl. årleg utan arbeidsdagar hos husbond. Husa på plassen var no svert gamle og husmann vart pålagt å setja dei istann. Her var årleg sådd 3 tønner korn.
        I januar 1753 festa so Ole Gjestsen saman med svogeren Ole Gulliksen øvre Kåsa, garden Lunde. Berthe døydde her i 1755 og Ole vart soleis enkemann med 3 born som voks opp:
        Anders f. 1738, d. same år - Anders Olsen Kåsa f. 1739, g. 1760 m. Kirsten Olsdtr. - Gjest Olsen f. 1752 - Ingeborg f. 1755.
        Ole Gjestsen gifta seg so andre gong i 1758 og no med Karen Ellevsdtr. f. 1732, d. 1791 på Lunde, dtr. av Ellev Anundsen og Anne Larsdtr. Her var det 3 born: Berthe f. 1758 - Halvor f. 1762 - Anne f. 1767.
      2. Anders Gjestsen Melfald f. 1714, g. 1736 m. Kirsten Larsdtr. Det er funne 2 born, Ole f. 1737 og Abraham f. 1743, sidan har det ikkje vore noko å finna om denne familien.
      3. Jon Gjestsen Melfald f. 1718, d. 1791 på vestre Sti, g. 1743 m. enka etter Peder Anundsen Sti, Ragnhild Eivindsdtr. d. 1781, 90 år.
        Med dette giftemålet kom Jon Gjestsen til å taka over feste på vestre Sti og var brukar til 1778. Jon og Ragnhild var no så gamle og sjukelege at dei ikkje såg seg istann til å driva garden. Dei inngjekk då ei avtale med Lars Jonsen Aspheim (han var ikkje son av dei) om kårfeste for si levetid.
        Lars Jonson skulle då få taka over deira byksel utan utlegg, mot å skaffa dei so godt stell at ingen har noko å klaga. Jon Gjestsen hadde før denne avtala spurt sine slektningar om dei ville taka over på dei same vilkår men ingen hadde vore villig til det.
        Lars Jonsen overtok feste haustn 1778. To år før hadde Lars kjøpt halvparten av austre Sti av Klaus Larsen som var ein son av Lars Torjussen Sti.
        Det var inga born i Ragnhild og Jon's ekteskap.
      4. Abraham Gjestsen Melfald f. 1724, d. 1725.
      5. Abraham Gjestsen Melfald f. 1726, d. 1743.
      6. Anne Gjestesdtr. Melfald f. 1732, d. 1801 på Lille-Erikstad, g. 1749 m. Ole Gjestsen, d. 1789.
        Kven denne Ole Gjestsen er har eg ikkje funne. Han må ikkje forsvekslas med Anne's bror, sjølv om denne familie held til på Lille-Melfald. Alle deira 7 born er fødde her, nemleg: Abraham f. 1750 - Peder f. 1752 - Guri f. 1755 - Gjest f. 1757 - Anne f. 1760 - Ole f. 1765 - Isak f. 1770.
    2. Anders Olsen Øya f. før 1700. Det har ikkje vore noko å finna om Anders. Han har truleg som ung reist ut av kommunen.
    3. Gullik Olsen øvre Kåsa under Hustvet f. 1682, d. 1742, g. 1721 m. Kari Olsdtr.
      I 1726 fekk Gullek Olsen løyve av Anders Larsen Hustvet til å rydda seg ein plass til bruk for seg og sine born i deres levetid. Dermed kunne plassen gå i arv tl han søner. I 1731 får Gullik tinglest feste på plassen og den vart sett til å skylda 1. kalveskinn med 1½ rdl. i årleg avgift til Hustvet gard.
      Gullik hadde no bygd huser og skulle få somarhamn i Hustvets utmark for 1 kyr og 3-4 småkrøter.
      Hans son Ole Gulliksen hadde vore med faren i arbeid med rydding og byggingsarbeid, og plassen vart kalla Kåsa.
      Jorddrotten Anders Hustvet døydde i 1746 og det var sønneson Isak Andersen som hadde odelsretten til Hustvet av skyll 3 huder 2 skinn. Han var ganske ong og Søren Kristiansen Falkum i Gjerpen var kurator for han.
      Kari og Gullik sine born er:
      1. Ole Gulliksen Øvre Kåsa f. 1722, d. 1754 på Lunde, g.m. Anne Andesdtr. f. 1712, d. 1755, dtr. av Anders Larsen og Gundborg Halvorsdtr. Hustvet.
        Då jorddrotten på Hustvet, Isak Andersen i 1751 festa bort sine 4 husmannsplassar, fekk Ole Gulliksen overført feste på øvre Kåsa til seg mot årleg avgift 3 rdl. 2 ort, utan arbeidsdagar på hovundgarden. På plassen vart årleg sådd 1½ tønne korn.
        Foruten Kåsa fekk Ole Gulliksen saman med sin svoger Ole Gjestsen på nedre Kåsa i 1753 feste på Lunde og dreiv denne gard saman. Den 11. mai 1753 selde Isak Andersen garden sin med husmannsplassane til Rasmus Kristensen Hanes.
        Anne og Ole Gulliksen døydde barnlause.
      2. Guri Gulliksdtr. øvre Kåsa f. 1725, d. 1810 på Klostereiet g. 1748 m. Knud Hansen Gråten f. 1724, d. 1761 i Gråten, son av Hans Ellevsen Gråten.
        Dei hadde borna: Johanne f. 1749 - Karen Margrete f. 1753, d. 1754 - Gunhild Margrete f. 1755 - Hans f. 1757 - Gullik f. 1760.
      3. Reiar Gulliksen Øvre Kåsa f. f. 1733, d. 1789, g. 1757 m. Ingeborg Kristensdtr. f. 1739, d. 1801 i Kåsa.
        Etter brorens døyd var det Reiar som vart brukar saman med si mor på øvre Kåsa. Bygselen fekk han overført til seg av jorddrotten Rasmus Kristensen i 1769. I bygselbrevet er innført at plassen var rydda av Reiars far av øyde mark. Husene var Reiars eigedom og han skulle hava hamn til sine kyr utanom sætertida, brende og gjerdematerialar i Hustvetskogen. Den årlege avgifta var 5 rdl. 1 ort 8 skj.
        Ingeborg og Reiar hadde borna: Karen Margrete f. 1756, d. 1757 - Ingeborg f. 1758, g. 1779 m. Kristen Andersen Kongerød - Ole f. 1761, d. 1762 - Kristen f. 1764, g. 1799 m. Ragnhild Nilsdtr. og dei budde på Varpet - Kari f. 1766, g. 1789 m. Peder Kristensen vestre Porsgrunn - Gullek f. 1769, d. 1833 g. 1808 m. Anne Isaksdtr. Hegna f. 1780, d. 1860, dtr. av Isak Hansen og Mari Halvorsdtr. Hegna (Sjå om desse ektefolk s. 55.) - Anna Reiarsdtr. f. 1772, d. 1773 - Ole f. 1780.
    4. Børthe Olsdtr. øvre Kåsa f. 1679 på Øya, d. 1747, g. 1711 m. enkem. Anders Larsen Høgset f. 1672, d. 1755.
      Anders Larsen var første gong g. 1704 m. Ael Torstensdtr. vestre Klyve d. 1710, dtr. av Torsten Klausen d. 1708 og Ingeborg Svendssdtr. d. 1699 v. Klyve.
      I dette ekteskap var det 2 born:
      1. Ingeborg Andersdtr. Høgset f. 1706.
      2. Anne Andersdtr. Høgset f. 1707, d. 1764, g. 1743 m. Søren Gundersen Bjørbæk f. 1712, d. 1759 på Lille-Erikstad, son av Gunnar Hansen d. 1761, 89 år og Gjøa Sørensdtr. d. 1753, 76 år på Bjørbæk.
        Søren Gundersen dreiv Bjørbæk saman med faren til han i 1753 av soknepresten for Solum og Melum fekk taka over bygsla av Lille Erikstad etter Kristen Tollevsen Bruseth, som etter eige ynskje hadde gjeve frå seg festebrevet sitt. Søren var likevel ikkje ferdig på Bjørbæk, for i 1754 var han stemna for heradsretten av kanselliråd Løvenskjold for krav han hadde på Søren, for hans drift av Bjørbæk. Retten var satt på Bjørbæk med edsvorne menn oppnemnd av lensmann etter forgdens ordre, nemleg Jesse Erikstad, Torjus Almon, Arne Aspom, Halvor Øya, Fredrik Nes, Tollev Bruset, Jørgen Sti og Sven Tveitan. Det heiter her
        «Da ingen indfandt sig for at rettebringe sagen, endskiønt dommeren med lagrettet den hele dag til solens nedgang derefter haver vendted, så kunde retten ey foretage sig noget, førend same igjen bliver besørget af Citanten, hvis fuldmægtig Mr. Friis, efter Hr. Forvalter Barnholdts sigende, med lovlig forfald må være behefted og altså sagen fremes til anden tid stillet i beroe.»
        Barnholt var Løvenskjolds forvaltar. Saka har ikkje seinar kome opp og er truleg trukke tilbake.
        Anne og Søren sine born er: Anders f. 1744, d. 1746 - Klaus f. 1745 - Gunhild f. 1746, d. 1747 - Gjøa f. 1750, g. 1780 m. Jens Torjussen Høgset - Birthe f. 1748 - Anders f. 1753, d. 14 dage gml. - Anne f. 1754, g. 1780 m. Ole Vetlkesen v. Dal - Anders f. 1757.
      Børthe Olsdtr. og Anders Larsen sine born:
      1. Ael Andersdtr. Høgset f. 1711, d. 1764, ug.
      2. Anne Andersdtr. Høgset f. 1717.
        (Her er to døtre som heiter Anne. Eg har vore i tvil om kven av desse var gift med Søren Gundersen Bjørbæk. Etter alder Anne den eld. er døyd, er det rett som det er skrive og har gått ut frå det.)
      3. Guri Andersdtr. Høgset f. 1720, d. 1797 på Gjærum 1) g. 1746 m. enkem. Paul Jensen Gjærum f. 1693 i Sannidal, d. 1753. Han var 1) g. 1716 på Rinde i Sannidal m. Asborg Halvorsdtr. f. 1691, d. 1744 på Gjærum, dtr. av Halvor Vibrandsen og Anne Thorsdtr. Torsdal. Guri Andersdtr. 2) g. 1754 m. Gjest Tollevsen Bruseth f. 1724, d. 1790.
        Sjå nermare om denne familie s. 257.
    5. Anne Olsdtr. Øya f. 1690, ug.
  2. Jon Gjestesen Øya f. 1637, d. 1721, g.m. Anne Andersdtr.
    Dette var Annes 3. ekteskap.
    I hennar første ektskap var det 2 born: Guro Gulliksdtr. som d. 1699 i ekteskap med Nils Kolbjørnsen og Gullaug Gulliksdtr. d. 1723, 76 år g.m. Anders Gjestsen Frønes d. 1714, 57 år. Ved skiftet etter Anders og Gullaug i 1724 levde 6 av borna: Gjest, Lars, Ole, Anne g.m. Anders Larsen Eikelund, Kari g.m. Ole Linde og Børthe g.m. Lars Nilsen Tveit.
    I det andre ekteskap var det to born, Gullik og Anders Larsen Lunde, seinare Hustvet.
    Anne og Jon Gjestsen hadde eit barn, Børthe f. 1666, d. 1724, g.m. Kristen Jonsen Aspheim og Lille-Melfald, d. 1701, son av Jon Larsen og Guro Nilsdtr. Aspheim.
    Dei hadde eit barn som heite Guro.
    Børthe Jonsdtr. vart 2) g. 1701 og no med Nils Knudsen. Dei bygsla Ådna gard i 1706 og fekk i ekteskapet to born: Kristen Nilsen f. 1702, g. 1720 m. Birthe Anundsdtr. og Anne Nilsdtr. som var ug. i 1724.
    Jon Gjestsen var brukar av Ådna og hadde ogso Lille-Melfald då hans kone døydde. Ved skiftet etter Anne er nemnd ei bekkekvern i Ådnabekken. Kverna hadde ein kvernstein og denne fekk son Anders Larsen Lunde taka over. I 1706 gjekk Ådna over til Svigerson og Jon held sidan til på Lille-Melfald.
    Jon Ådna var mykje nytta som lagrettsmann i heradstinget. I den tid var det slik at bøndane kunne innkallast til vaktteneste over arrestantar som sat i bygdefengslet. Dei som var innkalla hadde ansvaret for at vakthaldet var forsvarleg, slik at fangane ikkje rømte sin veg. Det var ein lei jobb og mange bøndar nytta seg av den retten dei hadde til å leiga ein mann til å utføra vakttenesta for seg, sjølv om bonden hadde ansvaret. I 1699 var Jon Ådna innkalla til slik teneste ved arresten på Åfoss. Han skulle halda vakt saman med 3 andre, men då Jon no var gamal og svak, leigde han ein soldat, Anders Jørgensen som var tenar på Gjærum, til å taka vakta for seg.
    Korleis det no gjekk til gjev ikkje kejldene opplysningar om, men vakthaldet har nok vore slapt, for ein morgon var arresten tom og fangane strokne sin veg. Jon vart stemna for retten i 1702, i tingstova på Holtan. Dei andre vaktmenn var no døydde, det var nemleg gått heile 3 år sidan røminga. Jon var soleis den einaste tilbake av vaktmannskapet og måtte stå for støyten åleine.
    Retten fann at det ikkje var rimeleg å døma Jon, då han hadde skaffa seg ein kvalifisert mann til vakta si og dei andre vart døydde i fatigdom, so der var ikkje noko å taka. Jon vart difor frikjend.
    Om Nils Knudsen Ådna kan nemnast at han vart gift igjen andre gong i 1724 og no med Mari Thorsdtr. Nils var f. 1670, d. 1740 i Strandmarka.
  3. Ingeborg Gjestesdtr. Øya. Ho var gift med Anders Solvesen Tveit som døydde i 1690. Deu hadde bygsel på garden Tveit i Melum og hadde av husdyr, 1 hest, 5 kyr, 1 kalv, 1 sau, 3 lam og gris. Eiga i buet etter Anders dekte berre halvparten av gjelda som var til Ass. Borse og til Melum kyrkjeverge Jens Jonsen Gjærum.
  4. Reiar Jon Gjestesen Øya f. 1640, d. 1697, g.m. Anne Jørgensdtr. Valen f. 1637, d. 1714, dtr. av Jørgen Velgiorsen og Åse Gautesdtr. Valen.
    Desse går vidare i denne slekta og vert omtale under ledd 3.
Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen