Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

6. ledd

Halvor Olsen Haatvet

Hans far Ole Stensen Håtvet hadde interesser i mange eigedomar. I 1792 kjøpte han ogso Langeland i Helgja 1 hud med «formentlig» rett til ei ½ hud meir i garden og ein part i Morgedal sæter. Dei andre 2 huder i Langeland var benefisert gods og disponertes av soknepresten J. von der Lippe i Solum, vart i 1792 festa av Halvor Olsen Håtvet.

Ole Stensen selde sin eigedom i Langeland i 1796 til Hans Ibsen, bestaltar og kaptein over nedre Telemarks kompani. Om denne Hans Ibsen fortel Einar Østvedt i boka «Slekten Dahl gjennom 150 år» mykje av interesse. Hans Ibsen selde sin eigedom i 1800 til Jørgen Svendsen Tveitan, seinare Tønholt, som igjen selde til Nils Arnesen Munken i 1804. Nils Arnesen hadde kjøpt Munken i 1801.

Halvor Olsen sa ifrå seg feste på dei 2 huder i Langeland i 1806 og Nils Arnesen overtok dette feste.

Samstundes kjøpte Halvor eigedomen Munken av Nils Arnesen for 1800 rdl. Ved salet hadde Nils teke unda ein ny bygning på jordet som han sjølv skulle flytta bort.

Det er ikkje klårt om Halvor Olsen flytta til Munken med ein gong. Etter kyrkjeboka er hans dotter Anne nemnd fødd på Langeland. Munken var i skattelag med Langeland og det var no ofte slik at når born vart døypte vart dei innskriven under hovudgarden.

Halvor Olsen var med sin familie på Munken i 3 år.

Ved skøyte av mars 1809 seljer han eigedomen til Jørgen Pedersen Åmtvet i Holla. Halvor kjøpte samstundes plassen Spirdalen under garden Ø. Dal av Nils Arnesen Langeland og skøyta lyder slik:

«Undertegnede Nils Arnesen Langeland gjør vitterligt, at jeg fra mig og arvinger til og under Halvor Olsen Munken og hans arvinger, har solgt og overdraget min efter tinglyst dokument av 26. mai 1801 eiende bruks- og besiddelsesret til pladsen Spirdalen under gården Østre Dahl i Mælum annex og de påstående husbygninger, for den Mellem os omforende kjøpesum 450 rdl. og med vilkår, at kjøberen og arvinger svarer i årlig avgift til opsidderen av gården østre Dahl, 3 riksdaler. Og da kjøbesummen 450 rdl. riktig og adnøielig til mig er betalt så skal og formeldte husbygninger samt bruks- og besiddelsesretten til pladsen Spirdalen, hvormed Ø. Dahøs skog følger fornøden huse, gjerde og brændefang, samt febete som fra fortiden har fulgt pladsen, herefter følge og tilhøre kjøberen og arvinger med al den ret jeg eiede den samme, til fuldkommen eiendom og fri rådighed, upåanket og upåtalt af mig og arvinger, samt for overdragelsen efterkommen bliver hjemmelsmand, og skal jeg Nils Arnesen betale indhøstning for kjøberen.»

Bjørndalen den 1. april 1809.

Til vitterlighed: O.N. Møller, Nils Arnesen, Ditlev Møller.

Ved denne handel lånte Halvor Olsen 100 rdl. av Nils Arnesen og skulle vera utan oppseiing i 3 år.

Eit seinare dokument syner at Nils Arnesen har betalt nemnde innhausting med 10 rdl. til innkassator Fred. Plesner i avdøydde Telleph Stubs bu 30. okt. 1809 v/skifteforvaltar Bentsen. Telleph Stub var sokneprest i Skien.

Det er fleire gardpartar av Ø. Dahl som han på Skiens presteboligs vegne har bortfesta. Desse vart pålagt ei årleg avgift til Dal, som stod ansvarleg ovanfor presteboligen for den heile årlege avgift som var pålagt garden Dal. Soleis ogso med Spirdalen men i realiteten var Halvor Olsen eigar av denne gardpart.

Nokre år før Nils Arnesen selde Spirdalen hadde han ein brukar her, Bjrøn Halvorsen og kone SvanaugOlsdtr. Ved salet av Spirdalen flytta dei til Killingkåven som var plass under Solberg i Valebø.

Halvor Olsen Håtvets kone, Ingeborg Jakobsdtr. Siljan var dp. 2. pinsedag 1777, d. 1845 i Spirdalen og begr. ved Melum kyrkje, dtr. av Jakob Arnesen Siljan og kone av første ekteskap, Marie Nilsdtr. Hvala. Jakob var 2) g.m. Mari Isaksdtr. Gjerstad under garden Gjærum.

Jakob Arnesen Siljan var son av Arne Pedersen Værstad f. 1715, d. 1771, g. 1776 m. enka etter Jakob Klausen V. Tveitan, Maria Torstensdtr. Skjelbreid f. 1709 (sjå s. 17). Maria vart tredje gong gift 1773 og no med Peder Jonsen Store-Helgen.

Arne Pedersen var son av Peder Arnesen og Anne Halvorsdtr. Siljan.

Jakob Arnesen eigde heile Siljan gard som dengong omfatta alle dei noverande Siljangardar, og var ein stor bonde for si tid. Han hadde sit godt syn på tida framover og omsynsfull og hjelpsam med sine sambygdingar. Han sytte ogso for at hans vaksne søner fekk jord til eigne bruk. I 1807 sette han soleis opp tinglyst skriv, der han fastsett rettningsliner for ei oppdeling av Siljan til 3 gardar, slik:

«Undertegnede Jakob Arnesen gjør vitterligt, at have erfaret ved brug av 3 huder i gården Sillien mtr. 53 i Solum, som jeg ved skifte af 1787 ereiende, er af den beskafenhed at 3 familier kan ernære sig af den. I overenstemmellse med forordning af 14. april 1769 har jeg således bestemt at et åsede bliver halvdelen av min eiendom, nemlig 1½ hus, det andet åsede bliver den ande min halve eiendom, mens fratagne pladsen Dahlen der efter den i sin tid derpå setende skyld med anpart i skov og mark bliver det 3dje åsede.

Disse åseder tiltrædes af mine barn således, at ældste søn Isak Jakobsen gåt 1ste åsede, andre søn Lars Jakobsen det andet åsede og 3dje åsede, søn Peder Jakobsen, pladsen Dahlen med part av skov og mark.

Skulle nogen af åsederne blive ledige, da tiltræder mine andre børn efter åsedesretten.»

BJørndalen 23. nov. 1807.    Jakob Arnesen Sillien.

Jakob Arnesen døydde i 1822 og skifte syner at hans eige var 986 spesiedalar og 40 spd. i utgifter.

Halvor Håtvet og Ingeborg Jakobsdtr. hadde økonomisk sterke familiar bak seg då dei starta framtida saman.

Då dei kom til Spirdalen fekk dei sin faste bustad og borna vaks opp her ved Norsjø strand. Det vaks opp inisjativrike folk i denne familien, det syner på fleire måtar deres seinare virke.

Ingeborg og Halvor sine born er:

  1. Maren Halvorsdtr.f. 1795 på Langeland, g. 1824 m. Svenke Jensen Eik f. 1797, son av Jens Svenkesen Prestegrav og Åvet Hansdtr. Vasdalen.
    Svenkes eldre bror Anders Eik g. 1832 m. Åste Bjørnsdtr. Killingkåven og systera Kirst g.m. Hans Jonsen Grønstein, reiste til Amerika i 1844. Anders var åp Skifsnes då han utflytta. Her budde truleg ogso Svenke Olsen Moe, som han kalte seg. Han døydde før 1866 og av borna er funne Jens f. 1825, d. 1826 - Åvet f. 1827 - Jens f. 1830, d. same år - Jens f. 1831 og Ingeborg f. 1834, seinare gift med Ole Larsen Fjeld.
  2. Margrete Halvorsdtr. f. 1798 på Langeland, g. 1826 m. Sjømann Isak Amundsen Ø. Porsgrunn. Han har ogso skrive seg Isak Amundsen Grønlie, men elles har eg ikkje funne noko om denne sjøfarande mann.
    Deira barn, Kirsten Andrea f. 1827 i Ø. Porsgrunn.
  3. Ole Halvorsen f. 1800 på Langeland, d. 1803.
  4. Ole Halvorsen f. 1803 på Langeland, d. 1878. I 1832 flytta han til Holla og vart her gift 26/12-1832 i Helgja kyrkje med enka etter Hans Nilsen Usterud, Aslaug Bjørnsdtr. Usterud f. 1805 og dtr. av Bjørn Halvorsen og Svanaug Olsdtr. Killingkåven.
    Ole vart med dette giftemål brukar av gardsbruket Usterud til 1839, seinare er han gardmann.
    Aslaug og Oles born er: Ingeborg f. 1833, på Usterud - Halvor f. 1838, d. 1839 - Hans Andreas f. 1836. Han var ugift då han i 1858 utflytta til Amerika - Halvor f. 1840, reiste i 1866 til Amerika - Susane f. 1843, utflytta til Amerika i 1863 og saman med hennar reiste Ole Kristensen Vasdal og fleire frå gardane der ikring - Maren f. 1845, d. 1849 av verk i beinet.
  5. Anne Halvorsdtr. f. 1807 på Langeland, konf. 1821 i Melum kyrkje.
  6. Jakob Halvorsen f. 1810, d. 1880, g.m. Karen Jensdtr. f. 1802 i Nevlunghamn i Brunlanes d. 1899 og var soleis 97 år, dtr. av Jens Halvorsen og Sara Torgersdtr. Berg, Åmli-Tangen.
    Jakob overtok garden etter sin far. Hans kone Karen Jensdtr. som overlevde han fekk oppgått grensene og skyllsett gardsbruket og soleis klårt skild frå austre Dal i 1889 som sjøleigargard.
    Karen Jensdtr. var dtr. av Jens Halvorsen og Sara Torgiersdtr. Verg, Omlie-Tangen Brunlanes.
    Karen og Jakob sine born er:
    1. Jens Jakobsen Spirdalen f. 1841, d. 1915 i Kragerø. Med attest frå Prost Wettergren i 1863 utflytta han til Kragerø og tok der straks borgarskap i sin profesjon som fargarmeister.
      Her vart Jens gift i 1864 med Karine Marie Stiansdtr. f. 1833 i Kragerø.
      Jens Jakobsen dreiv sin eigen forretning her i Kragerø. I 1891 overtok han Spirdalen av si mor for 1800 kroner. Han kom ikkje sjølv til å driva Spirdalen, men pakta den bort til Lars Hansen Eik, som i 1896 kjøpte eigedomen for 3200 kr. Han var ogso eigar etter matrikelen av 1905 og hadde ei skyll av 52 øre.
      Av Karine Marie og Jens sine born er funne: Anna Karoline f. 1866 - Jensine Marie (Sina) f. 1871 og Jakob f. 1876.
    2. Halvor Johan Jakobsen Spirdalen f. 1845, d. 1883, g. 1874 m. Lærarinne Marie Gundersen f. 1849 på Modum, ei dtr. av Lærar Kornelius Gundersen som seinare var busett i Aker ved Oslo.
      Han brukte ikkje namnet Halvor, men skreiv seg alltid for Johan Jakobsen. Han gjekk lærarskulen på Holt (som seinare flytta til Kristiansand) og var her saman med Jørgen Løvland, og han hadde ogso Garborg blant sine omgangsvener. Dei hadde mykje å disksutera saman og var ei rik tid for unge Johan. Han er alt i 1875 titulert som lærar so han var tidleg ute med sin lærdom.
      Etter si utdaning vart han lærar ved Christiania Opforstringshus (Vaisenhust) som då var i Kongensgt. i Oslo og i 1875 lærar ved den private Borgersksule i Oslo. Johan vart ei tid etter, av Svend Foyn, tilbode skulestyrarposten ved den private Borgersksule i Tønsberg. Då denne skule i slutten av 1870-åra vart nedlagt, fekk Johan lærarstillinga ved Jarlsberg Grevskaps skule (Jarlsberg skule). Han var busett i Sem kommune og virka ved nemnde skule til han døydde i 1883.
      Hans kone Marie Gundersen var lærarinne ved Kampen skule i Oslo, då dei vart gifte. Hennar far var lærar i Aker.
      Av Marie og Johan sine born er funne:
      1. Jakob Georg Jakobsen f. 1875 i Nygata 4 i Oslo, d. 1961 på Jakobs gamleheim Colletsgt. 54 Oslo, g. 1905 i Uranienborg kyrkje i Oslo med Marie Sofie Larsdtr. Rånes f. 1884 i Bremsnes ved Kristiansund.
        Jakob utdana seg for sjøfarten og for i mange år med seilskip i ymse stillingar frå dæksgut til førstestyrmann, inntil han i 1899 vart ansatt i Fred Olsens rederi Oslo som styrmann.
        Frå 1890 til 1899 var han med seilskipene Sulitjelma som matros, Sicilia som 2. styrmann, Sevilla som styrmann, Stromboli og San Lucar som styrmann. Frå 1908 var han med S/S Santiago til våren 1920 då han vart kaptein på San Miguel.
        San Miguel var på 3000 t. og låg 9. april 1940 i Norheimsund i Hardanger. Skipet haddenoko restlast av apelsiner igjen. Han hadde fått høyre om minelegginga på norskekysten so han søkte lenger inn i fjorden til Ulvik.
        Her kom det til kamp mellom norske og tyske styrker den 25. i same månad og skipet vart senka. Båten vart seinare under krigen heva og slept til Oslo, der den endelige reparasjon vart fullført etter frigjeringa.
        Kaptein Jakob G. Jakobsen var no so gamal at han vart pensjonist og budde i Fagerborggata i Oslo. Familien budde ved Kristiansund i åra fram til 1938 då dei flytta til Oslo.
        Frå kring 1954 har han ikkje budd saman med si kone. Han budde seinare i Fagerborggata og eg har tala med tilsynsmann for garden som fortel, at han var ein staseleg mann, rank og flått i si kvite kapteinsjakke. Då han vart sjuk og trang pleie, kjøyrte tilsynsmannen han til Jakobs gamleheim og døydde her 3 månader etter.
        Hans kone Marie, dreiv ei tid eit pensjonat i Oscarsgate i Oslo, men selde dette etter nokre år og bur i Sigurd Syrsgate.
        I ekteskapet var der 5 born:
        1. Leif Bidal Jakobsen f. 1914. Han gjekk sjøkrigsskulen og har vore Major og budd i Bodø. Han har og vore militær utsending i Buenos Aures. Gift med Solveig Jakobsen Sandefjord.
        2. Aud Bidal Jakobsen f. 1909, g.m. Guldsmed Karsten Sunde i Kristiansund.
        3. Tor Bidal Jakobsen f. 1916, d. 16 år som realsksuleelev i Kristiansund.
        4. Gerd Bidal Jakobsen f. 1912, g.m. Hans Kristian Hansen Horten
        5. Finn Bidal Jakobsen. Han er løytnant i Harstad og gift med Ruth Tveråbakk Harstad.
      2. Hanna Karoline Jakobsen f. 1879 i Tønsberg.
        Hanna er utdana lærarinne. Var først lærarinne i Kragerø, sidan i Tønsberg og virka i læraryrke i 43 år. Ho er ugift og bur i Tordenskjoldsgate 9 i Tønsberg.
      3. Johannes Jakobsen f. 1882 i Sem, d. 1888.
  7. Halvor Halvorsen Spirdalen f. 1812. Han utflytta i sept. 1836 til Skien og var då ugift og fargarsvend. I 1838 er han å finna som fargarmeister og handelsborgar i Kargerø. Han dreiv sin fargeforretning i mange år, og eg reknar med at han i 1860-åra har overdrege forretningen til sin brorson Jens Jakobsen.
    Halvor vart gift i Gjerpen kyrkje 1840 m. Marthe Gurine Gundersdtr. f. 1816 på Bratsbergkleiva, ei dtr. av Gunder Thomassen Follaug.
    Dei budde i Bjørneborgbakken i Kragerø. Halvor døydde i 1870 og Marthe Gurine i 1895.
    Av borna er funne:
    1. Nikoline Sofie f. 1846 (namnet til barnet og foreldra er i kyrkjeboka overstryje, kva det no kan tyda.
    2. Halvor Immanuel f. 1852, d. 1853.
    3. Halvor Immanuel f. 1854, d. 1856.
    4. Gustine Alette f. 1859.
  8. Arne Halvorsen Spirdalen f. 1815, d. 1884, 1) g. 1848 m. Anne Johannesdtr. f. 1819 i Holla, d. 1867. 2) g. 1869 m. Ingeborg Kirstine Isaksdtr. f. 1829 i Helgja, dtr. av Isak Kittilsen Fen og Ingeborg Olsdtr. Namlaus.
    Arne Halvorsen var snekker av yrke og var huseigar i Gråten. Han hadde i sine to ekteskapar desse borna:
    Halvor f. 1849 - Johannes Martin f. 1850 - Anne Ida Karoline f. 1870, d. 1872 - Iduna Amalie Henriette f. 1872.
  9. Nils Halvorsen Spirdalen f. 1817, d. 1823.
  10. Gunnar Halvorsen Ø. Dal f. 1821 i Spirdalen, d. 1893, g. 1853 m. Anna Tordsdtr. Skauen i Gjerpen f. 1829, d. 1899 og begr. på Lunde kyrkjegard i Skien, dtr. av lærar og seinare Skogfoged Tord Andersen Skauen f. 1787, g. 26/12-1814 m. Mari Jakobsdtr. Siljan i Melum f. jan. 1791.
    Anne og Gunnar vart gifte i Gjerpen kyrkje.
    Då Anne vart døypt var desse fadderar: Ingeborg Jakobsdtr. Siljan, Anders Jakobsen Bommen og Halvor Jonsen Holtan.
    Gunnar var utdana fargar og reiste i mai 1853 til Grimstad. Han var so heime om hausten til gifte med Anne og dei busette seg i Grimstad. I 1856 flytta dei so til Skien.
    I Skien dreiv han som fargemeister sin eigen forretning. Sjå nermare (Einar Østvedt «Slekten gjennom 150 år) om hans liv og virke i Skien.
    Anne og Gunnar sine born er:
    1. Teodor Gundersen f. 1855 i Grimstad, d. 1858.
    2. Halvor Gundersen f. 1857 i Skien, d. 1858.
    3. Teodor Gundersen f. 1858 i Skien, d. 1939, g. 1891 m. Elisabeth f. Larsen, dtr. av Lods Sigbjørn Larsen Flekkefjord.
      Theodor Dahl kom inn i sin fars firma. Einar Østvedt har skrive ein lengre avhandling om hans liv og virke som forretningsmann, politikk og kulturelle interesser so her vert ikkje teke med noko av dette.
      Dei hadde sin bustad i Hjellegata i Skien og her er alle deira born som eg har funne, fødde, nemleg:
      1. Gunnar Dahl f. 1892, d. 1967, g. 1924 m. enke Signe Fransiska Christensen Landgraf f. 1885, dtr. av Dampskipskaptein Frantz Landgraff og Susane Kristine Landgraff f. 1858.
        Då Gunnar Dahl gifta seg var han nemnd som kjøbmann, men hadde nå vore disponent for Skiens Såpefabrikk i mange år.
      2. Sigbjørn Dahl f. 1894. Han dreiv i mange år fargeforretning i Skien.
      3. Halvor Dahl f. 1897, g. 1923 m. Lily Rømcke f. 1900 i Kristiania, dtr. av Postmeister Samuel Rømcke.
        Ved gifte er Lily nemnd som telegrafistinne i Skien. Sjå nermare om denne familie under ledd 7.
      4. Isborg Dahl f. 1898, g. 1926 m. reisende Rolf Ulrichsen f. 1892 i Skien, son av Grosserar Johan Kristen Ulrichsen og Berentine Marie f. Hansen, Marensro. Isborg Dahl seinare gift med salgssjef Alvar Hellgren i Uppsala.
      5. Thorleif Dahl f. 1907, g.m. Astrid Falck f. i Oslo. Thorleif gjekk studier fram til juridisk embetseksamen og dreiv seinare sin eigen sakførarforretning i Skien. Deira born er:
        Thor - Folke - Frode - Bjørn - Geir og Mona.
        Etter krigen reiste han med familien til Eire og driver no agenturforretning i Dublin.
    4. Ingeborg Marie Gundersen Dal f. 1861 i Skien, d. 1920 på Fjære gard i Solum, g. 1893 m. Teglverksbestyrar Hans Andreas Andersen f. 1858 på Bergan i Melum, d. 1939 i Øvregt. 76 Skien, son av Anders Hansen f. 1831 på Hauknesodden, som i mange år var på Nere-Bergan, d. 1905 på Fjære gard i Solum, gift m. Ingeborg Guttormsdtr. Dolva, f. 1830, d. 1912 på Fjære.
    5. Halvor Gundersen Dal f. 1863 i Skien, d. 1897.
    6. Thor Andersen Gundersen Dal f. 1865 i Skien.
    7. Marthe Elisabeth Gundersen Dal f. 1868 i Skien.
    8. Thora Elisabeth Gundersen Dal f. 1870, g. 1891 m. Olaf Laurentius Chartum f. 1864 i Larvik, son av Urmakar Ole Larsen Schartum og Thora f. Fletterås.
      Ved gifte var Olaf Chartum postekspeditør på Hamar, men kom seinare som postmeistar til Tønsberg.
Utdrag (s. 309-319) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen