Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

2. ledd

Stein Eivensen Håtvet

Stein var brukar på Håtvet i 1661 etter landkommisjonens oppgåve og eigedomen hadde ei årleg skyll av 6 tn. korn og var soleis fullgard. Eigar var då Hans Iversen i Skien. Av skog var her noko til Bjelkar, vidare ei sag som det kunne skjæras 2000 bord på om året. Damleiga var 1 dalar årleg. Stein var fram gjenom åra brukar under ymse eigarar til Rådmann Sommer i Skien kjøpte den i 1693.

Stein Eivensen var f. i 1639, d. 1699, 1) g.m. enke Kirsti Andersdtr. d. 1669 (i sitt første ekteskap hadde ho ein son, Tyke Haraldsen f. 1653).

Deira born var: Eiven - Nils - Kirsti - Mari og Anne. 2) g.m. Børte Bertelsdtr. f. 1665, d. 1726.

Ved skrifte i 1699 hadde dei 6 born. Børte fekk lensmann Gunnar Tolvsen Romnes til laugverge og ho melde frå at ho sa frå seg båre arv og gjeld i buet. Det framgår av registreringa at her var, ein blakk - ein svart og ein lysebron hest - 2 kyr, ei kvige, 2 kyr som tilhøyrde kyrkja som var leigde, ein veltringsokse, 3 sauer, 2 gjeitar og 2 smågrisar, Stolpebu med kornbøler, holkar, tønder og matskap.

Årsveksten var brukt opp. Av trelast, 9½ tylt. last til 1 dalar 1 ort. Den samla eiga var 102-1-5 skj.

Blant krvsmennene var Monsr. Simen Jørgensen, Brigader Johan Arnoldt, Kommersråd Halvor Borse, Rådmann Sommers arvinger, Knut Sørensen for likkiste med kors og grime til, for 1 dalar 2 ort og Daniel Eliesen for testamentskriving 2 ort. Den samla gjeld var 159-3-19 skjelling og buet synte soleis underskot.

Børte og Stein sine born er:

  1. Anders Steinsen Håtvet, død ong.
  2. Anders Steinsen Håtvet f. 1671, d. hausten 1740. g.m. Marthe Gunnarsdtr. f. 1664, d. 5/6L760 og var då 96 år og 29 dagar.
    Anders Steinsen hadde vore gift før, men hans kone er ikkje funne. Her var to born i dette ekteskapet, nemleg:
    1. Kristen Andersen Håtvet g. 1719. Enka etter Helge Olsen Holla, Karen Stensdtr. d. 1736. Her var to born i Karens første ekteskap, nemleg Helvor Helgesen f. 1716 og Berthe f. 1718.
    2. Gunhild Andersdtr. Håtvet g.m. Jonn Eie.
    Sjå nermare om Marthe og Anders Håtvet under ledd 3.
  3. Bertel Steinsen Håtvet, f. 1681, d. 1757 på Kolle, 1) g.m. Aslaug Jonsdtr. f. 1667, d. 1721. Aslaug var enke etter Tyke Sørensen Tveit.
    2) g. 1721 m. Anna Larsdtr. d. 1754 på Søre Kolle.
    Bertel fekk feste på søre Kolle ei kort tid føre hans kone døydde. Nokre år sinare kjøpte han eigedomen men det vart gjeld og skifte etter Anna synte underskot. Gardens skyll var 2 tn. og av husdyr var her, 1 hest, 5 kyr, okse og 3 sauer.
    Anne og Bertel sine born er:
    1. Ole Bertelsen Kolle g. 1747 m. Guro Nilsdtr. f 1721, d. 1773. 2) g. 1774 m. enke Ingeborg Rasmusdtr.
      Det var Ole Bertelsen som kom til å taka over Kolle etter faren og han delte denne gard sinare med sin bror Stein.
      I første ekteskap var det desse born: Birthe f. 1747, d. 1775, g. 1767 m. Kristen Klausen Bergan f. 1741, son av Klaus Karlsen Skjelbreid og Kirsten Kristensdtr. Hanes - Nils f. 1752, d. 1813, g.m. Aslaug Hansdtr. Lille-Kålstad - Torsten f. 1755. g. 1784 m. Torbjørg Halvorsdtr. Brøsdal - Anne f. 1758 - Anne f. 1761.
    2. Lars Bertelsen Kolle f. 1727, d. 1759.
    3. Sten Bertelsen Kolle f. 1729, d. 1810, g. 1755 m. enka etter Anders Olsen Ulefoss, Kirsti Larsdtr.
      Sten Bertelsen held ogso til på Kolle. Han vart gift andre gong i 1801 og no medf Tone Olsdtr. Kolle.
      Av første ekteskap er funne desse born:
      1. Anders Stensen Kolle f. 1756, d. før 1800 på Namlaus, 1) g. 1782 m. Karen Johannesdr. Namlaus som var enke, f. 1751, d. 1784. 2) g. 1785 m. pike Karen Gundersdtr. Lille-Vale.
      2. Kari Stensdtr. Kolle f. 1760, d. 11/9-1794 m. enkem. Isak Jensen Gruva.
      3. Børte Stensdtr. Kolle, g. 7/8-1788 m. Jon Andersen Kolle.
      4. Anna Stensdtr. Kolle f. 1758, d. same år.
      5. Anna Stensdtr. Kolle f. 1763, d. 1764.
      6. Anna Stensdtr. Kolle f. 1764, d. same år.
      7. Anna Stensdtr. Kolle f. 1766.
      8. Bertel Stensen Kolle f. 1771, d. 1774
    4. Anlaug Bertelsdtr. Kolle f. 1724, d. 1727.
  4. Kirsti Steinsdtr. Håtvet. Om hennar er ikkje noko å finna.
  5. Maria Steinsdtr. Håtvet, f. 1663, d. 1745. Ho hadde vore i ekteskap i 34 år, men var no enke.
  6. Kari Steinsdtr. Håtvet f. 1680, d. 1736, 1) g.m. Helge Olsen Holla f. 1680, d. 1718, son av Ole Helgesen og Helga Heljesdtr. som byksla nordre Holla i 1702. 2) g. 1719 m. Kristen Andersen Håtvet, sin son av Anders Steinsens første ekteskap.
    Då Kari døydde gifta Kristen seg igjen i 1737 og no med Karen Hansdtr. Her var det inga born.
    Ved skrifte etter Kari stod noko av buets medel i hennar bror Anders Steinsen Håtvets gard. Når utgiftene i buet var dekka, var igjen 3 rdl.
    Borna av første ekteskap var: Ole Helgesen f. 1713, d. 1732 - Halvor Helgesen f. 1716, g. 1751 m. Inger Andersdtr. - Berthe Helgesdtr. f. 1718.
Utdrag (s. 289-292) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen