Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

1. ledd

Håtvet - Spirdalen - Skien

Denn e slekt har si rot i Holla og det er først i 1800 at ein grein av slekta er kome til Solum. I Holla er den mykje knytta til garden Store-Håtver.

Eiven er nemnd som eigar av Store-Håtvet i landskattelistene over odelsbønder i 1609-10. Etter han har Anders teke over garden truleg kring 1640. I 1645 har Anders betalt kopskatten og han hadde då på garden av folk, si kone, ein stifsson Stein Eivinsen og Anne som var tenestejente. Om denne stifsson er ein ættling av førnemnde Eiven har det ikkje vore mogeleg å få stadfest, men mykje talar for det då Stein er føtt i 1631.

Håtvet var sjølveigargard, men i Anders si tid gjekk den over til Leiglendingsbruk med Borgarmeister Jochum Trinepol som eigar, men Anders byksla framleis eigedomen. Det er ikkje funne kor lenge Anders dreiv garden, men han er truleg døyd i slutten av 1650-årene.

Ein må her gå ut frå at Anders har vore gift med enka etter Eiven, og at Eiven soleis må vera føtt i slutten av 1500-talet.

1. ledd vart då Eiven Håtvedt

Utdrag (s. 289) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen