Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

3. ledd

Anders Stensen Håtvet

Anders kom til å taka over bykselen av Håtvet etter faren, men det vart stendig meir gjeld og tungt å driva eigedomen. Frå 1705 gjekk garden mykje på sal og det var ymse eigarar fram til 1719. Då fekk Anders kjøpt eigesomen og den kom soleis tilbake til slekta.

I 1738 gav Marthe og Anders opp sitt bu og skifte vart halde den 19. juli på Store Håtvet. Eiga var 133 rdl. og gjelda 24 rdl. Det var fastsett at dei to eldste brørne skulle taka over garden, mot å svara svogeren Ellev Hustvet i Heddal 400 rdl. som han hadde pant i garden for.

Saman tok desse brørne ogso over husene på Melteig. Marthe og Anders sine born er:

  1. Sten Andersen Håtvet f. 1702, d. 1755, g. 1728 m. Anne Nilsdtr. Namlaus f. 1704, d. 1764, dtr. av Nils Olsen Store-Namlaus og Åste Johannesdtr. Lunde.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 4.
  2. Anders Andersen Håtvet.
  3. Kristen Andersen Håtvet, begr. 1723, 19 år.
  4. Halvor Andersen Håtvet f. 1708, d. 1746 på Melteig, g. 1733 m. Kjersti Nilsdtr. Namlaus f. 1712, d. 1743, dtr. av Nils Olsen Namlaus og Åste Johannesdtr. Lunde. 2) g. 1744 m. Anne Nilsdtr. Solberg f. 1719.
    Ved skifte etter foreldra i 1738 kom Halvor til å taka over Melteig. Då hans første kone døydde eigde han 3 tn. i garden. Det var bygd til nokre nye hus og alt vart verdsatt til 242 rdl. Skifte etter hans andre kone var halde på Lille-Håtvet.
    Halvor Andersens born i sine to ekteskaper var: Nils f. 1735 - Kirsten f. 1737, g. 1756 m. Ole Vrålsen Skårdal - Ole f. 1739 - Anders f. 1740, d. 1748 - Ole f. 1742 - Nils f. 1744 og Kirsti f. 1745.
  5. Gunnar Andersen Håtvet d. 1747, g. 1735 m. Karen Halvorsdtr. Sagbruket, Ulefoss. Det er funne eit barn, Kirsten f. 1737.
  6. Gunhild Andersdtr. Håtvet, g.m. Ellev Olsen Hustveit i Heddal. Dei kom til å bu i Heddal. Ellev lånte Anders Steinsen pengar til kjøp av Håtvet i 1719. Han hadde ogso pant for 200 rdl. i Lille-Håtvet og måtte vera ein mykje pengesterk mann i denne tid.
  7. Anne Andersdtr. Håtvet f. 1721, døyd ong.
Utdrag (s. 292-293) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen