Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 1. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

8. ledd

Ole Pedersen Meltvet

Ole Pedersen som i sine unge dagar var mykje hos Søren Falkum, fekk etter farens død taka over hans eigedom i Åfoss. Seinare kjøpte han ogso vestre Åmdal og eigedomen Ø. Klyve som hadde ei skyll av 5-2-8 skj. Han var soleis for ein storbonde å rekne.
Han var elles oppnemnd til ymse offentlege ombod i Solum.
Børthe og Ole Åfoss sine born er:

  1. Maren Olsdtr. Åfoss f. 1798, d. 24/12-1893, ug. Ho var soleis 95 år gamal. Det forteljast at ho levde saman med sine andre ugifte brør på nere Åfoss.
  2. Peder Olsen Åfoss f. 1799, d. 1878, ug. Ved skifte etter faren i 1841 vart Peder utlagt Åfoss nr. 12 til eigedom.
  3. Nils Olsen Åfoss f. 1801, d. 1891 på Åmdal, ugift. Han mottok garden vestre Åmdal ved skifte etter faren.
  4. Anders Olsen Åfoss f. 1803, d. 1889 på Ø. Klyve, g. 1831 m. Berthe Olsdtr. Lien, f. 1802, d. 1881, dtr. av Ole Andersen Lien og Anne Olsdtr. Bjørntvet.
    Anders fekk ved skifte i 1841 utlagt Ø. Klyve som han hadde bruka sidan giftemålet. Då Børthe Kirstine og Peder Pedersen på Sjøtvet i 1843 måtte realisere eigedomane på grunn av buets dårlige stilling, kjøpte Anders Olsen, Hans Olsen og Andreas Petter Olsen Åfoss hans 11 skinn i Meltvet på auksjon for 813 spd.
    Berthe og Anders var på Klyve all si tid. Det er funne 2 søner etter dei, nemleg:
    1. Ole Andersen Ø. Klyve f. 1833, g. 1866 m. Børthe Kirstine Ingebrigtsdtr. f. 1827, dtr. av Ingebret Andersen og Anne Olsdtr. Bjørntvet.
    2. Peder Andersen Ø. Klyve f. 1837.
  5. Hans Olsen Åfoss f. 1805, ugift. Ved skifte etter faren fekk han utlagt til seg gardparten Dagsrud som var plass under Åfoss.
  6. Søren Olsen Åfoss f. 1807, d. 1892, g. 1846 m. Anne Kirstine Thomasdtr. Larønningen f. 1820 i Porsgrunn, d. 1894, dtr. av Thomas Hansen og Anne Karine Kristensdtr. Bjørntvet.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 9.
  7. Andreas Petter Olsen Åfoss f. 1813, d. 1894 som gardbrukar på Åfoss. Han var ugift.
  8. Jon Olsen Åfoss f. 1815, d. 1888 som gardbrukar på Åfoss. Han var ugift.
Utdrag (s. 347-348) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen