Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

4. ledd

Peder Torvildsen Selås

av Erling Gjærum

Peder Selås var ogso lensmann og storbonde ved sida av. Foruten den eigedom som før er nemnd hadde han 1 hud i Selås. overtok seinare Vallegarden til kona og elles pant i ei rekke gardar.

I hans første gifte var det to søner.

  1. Anders Pedersen Selås f. 1647, d. 1679. Han var då på Valle og truleg ugift.
  2. Elling Pedersen Selås f. 1649, g.m. Helle Thorrisdotter.
    Elling frpskreiv seg arv i Selås og fekk av faren overtaka Vallegården.
  3. Torvild Pedersen Selås f. 1658, d. 1730, 1) g.m. Maren Torbjørnsdtr. Nes i Holt, dtr. av Torbjørn Olsen søre Mo i Vegårdshei. 2) g.m. Karen Aslesdotter, dtr. av Asle Knutsen Takserås.
    Torvild var ogso lensmann i mange år og var bonde på Selås. Han nytte stor vørnad blant folk og synte stor kunnskap i det han tok seg føre.
    Torvild var ei lengre tid på Valle før han igjen komtil Selås.
    Maren og Torvild sine born er:
    1. Peder Tolvildsen Selås f. 1689, g. 1712 m. Inger Jensdtr. Bjørvatn, dtr. av Jens Olsen Bjørvatn og Signe Knutsdtr. Moland.
      Peder døydde 5 månader etter giftemålet og dei var soleis utan born.
    2. Olav Tolvildsen Selås f. 1691, d. 1739.
    3. Aksel Tolvildsen Selås f. 1698.
    4. Helga Tolvildsdtr. Selås, g.m. Nils Torjesen Olsbu i Åmli.
  4. Solve Pedersen Selås f. 1662, g. kring 1687 m. Helga Olavsdtr. Ljøstad, dtr. av Olav Eriksen Ljøstad og Kirsti Andersdtr. Lauve.
    Sjå nermare under ledd 5 om denne familie.
Utdrag (s. 323) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen