Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

5. ledd

Solve Pedersen Selås

av Erling Gjærum

Helga og Solve var truleg ei tid i Songedalen og på Gjernes før dei i 1702 kjøpte Lindland i Søndeled av Hans Eylersen Høfding som var «Borger til Christiansand og Vaanhaftig udi Østre Riisør». Lindland hadde ei skyll av 2½ hud og halve plassen Pollen.

Solve hadde ogso vore lensmann men dette ombodet har truleg opphøyrt då han kom til Søndeled. I 1739 gav Helga og Solve opp sitt bu og det vart skifte.

Buet eigde då ogso Skogstykker i Selås, Vormvik, Songedalen pg Mosberg i Åmli. Videre er nemnd at deres søner Ellling og Torgier er «svage udi deres hoved, saa de begge hafde mangel paa forstand».

Blant sylvet var det ei sylvskei med årstall 1670.

Av Helga og Solve sine born er funne:

  1. Anders Solvesen Lindland f. 1689 truleg i Songedalen, d. 1749 på Ørevik i Solum, g. 1716 m. Tarjerd Reiarsdtr. Lille-Holt, dtr. av Reiar Thorsen Lille-Holt f. ca. 1658 på Øvre Nes, d. 1716 på Lille-Holt og Torberg Nisldtr. Berge f. 1658, d. 1739, var ei dtr. av storbonde Nils Torvildsen og Targjerd Tjøstolsdtr. Berge.
    Torberg og Reiar Lille-Holts andre born er:
    1. Thor Reiarsen Lille-Holt f. 1680, d. 1758, g. 1716 m. Kirsten Solvesdtr. Lindland d. 1753.
    2. Nils Reiarsen Lille-Holtf. 1690, d. 1722. Han var gift til Ramlet og budde der. Nils var ute under krigen i 1716. Kona han var døyd før 1719 og dei hadde 2 tvillingbarn men begge døydde før faren. Nils drukna i Songevatne.
    3. Gunhild Reiarsdtr. Lille-Holt
    4. Ingeborg Reiarsdtr. Lille-Holt f. 1702, g.m. Ouver Pederen Eik i Bamble.
    Targjerd og Anders kom til Solum med sin familie i 1728/29. Dei kom då til Meltvet der Anders Hansen var brukar.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 6.
  2. Ole Solvesen Lindland f. 1705, var d. før 1753, g.m. Marthe Torjusdtr. d 1737.
    Dei budde på garden Omholt i Øiestad. Her var det 3 born:
    1. Helga Olsdtr. f. 1729, g.m. Kristopher Erlendsen Trålim i Fjære sokn.
    2. Torger Olsen f. 1733. Han budde i 1753 på lille Omholt.
    3. Marthe Olsdtr. f. 1736. Ho var ugift i 1753 og var i teneste hos Kristen Knudsen Nedenes.
  3. Elling Solvesen Lindland f. 1700.
  4. Torgier Solvesen Lindland f. 1702. Desse to brørne var sindsjuke og var heime hos faren.
  5. Erik Solvesen Lindland f. 1707, d. 1753, g.m. Inge Jonsdtr. d. 1744 på Lindland.
    Erik var den av brørne som hadde garden Lindland.
    I 1752 oppretta han ein kontrakt med Peder Paulsen Vormli om at han skulle bruka Lindland, då Erik var blitt sjuk og «agter at reise til Dannemark for at søge læge til sit legems sundhed».
    Erik Solvesen døydde so i 1753 med han var i austre Risør. I ekteskapet var det ein son, Solve Eriksen som berre var 3 veker gamal då mora døydde i 1744.
  6. Kirsten Solvesdtr. Lindland f. 1753, g. 1716 m. Thor Reiarsen Lille-Holt f. 1680, d. 1758, son av Reiar Thorsen Lille-Holt f. ca. 1658 på øvre Nes, d. på Lille-Holt 1716 og Torberg Nilsdtr. Berge Thor Reiarsen var bonde på Lille-Holt, men måtte føra mange rettssaker for å få halde på eigedomen.
    Han var økonomisk godt stilla so prosessane greide ikkje å knekka han.
    Deira born var:
    1. Thorberg Thorsdtr. f. 1717, d. ca. 1760. Var sindsjuk.
    2. Solve Thorsen Lille-Holt f. 1719, d. 1802, g.m. Helga Knutsdtr. Våke f. 1710, d. 1798, dtr. av Knut Olsen Våje og Gunborg Ellingsdtr. Valle.
    3. Reiar Thorsen Lille-Holt f. 1721, d. 1793, 1) g. 1766 m. Karen Olsdtr. Kroken, dtr. av Ole Andersen v. Kroken og Sigrid Torjusdtr. Tveite. 2) g. 1769 m. Ingrid Olsdtr. Jorkjenn f. 1739, d. 1818, dtr. av Ole Åsuldsen Jorkjenn og Marthe Torkildsdotter Gliddi.
      Deira son Thor Reiarsen vart lensmann og han møtte i riksforsamlingen på Eidsvold i 1814.
    4. Peder Thorsen Lille-Holt f. 1725. Han for til Holland i 1747 som sjømann og ikkje høyrt meir til han.
    5. Helga Thorsdtr. Lille-Holt f. 1723, d. 1802. Ho var noko tuslete.
    6. Gunhild Thorsdtr. Lille-Holt f. 1729.
    7. Nils Thorsen Lille-Holt f. 1731. Reiste i 1760 til England.
    8. Thor Thorsen Lille-Holt f. 1733. Han vart sjømann.
    9. Ole Thorsen Lille-Holt f. 1737, d. 1762. Han var ogso sjømann
Utdrag (s. 324-326) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen