Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

11. ledd

Søren Olsen Åfoss

Som før nemnd kom Søren til å taka over nedre Åfoss saman med sin bror. Dei delte seinare eigedomen mellom seg.
Ragna og Søren sine born er:

  1. Petter Sørensen Åfoss f. 1908, g. 1936 m. Harriet Isaksen Aafos f. 1909, dtr. av Jørgen Isaksen f. 1867 i Helgja, d. 1949 på Skotfoss og Lovise Hansdtr. Hitter f. 1872 i Strinda, d. 1957. Lovise var dotter av Hans Petter Larsen Hitter, der var paktar på Ranheim gods Strinda og Johanna Kristoffersdtr. Henmo, Tydalen.
    «Jørgen Isaksens far var Isak Andersen Gjærum. Han var f. 1836, d. 1916 på Ulefoss, g. 1863 m. Marthe Kirstine Jørgensdtr. Tønholt f. 1842, d. 1912, dtr. av Jørgen Jørgensen Tønholt og Anne Hansdtr. Teigen.
    Forutan Jørgen hadde dei desse born:
    1. Ingeborg Kirstine Isaksdtr. f. 1864 på Sjørholt, døydde ong.
    2. Anders Isaksen, seinare maskinist i Skien, f. 1870 på Håve under Lille-Klovdal, g.m. Marie Knudsdtr. frå Kragerø
    3. Anne Martine Isaksdtr. f. 1875 på Håve, g. 1905 m. Grubearb. Knut Olafsen Tråen f. 1880 i Rauland, son av Olaf Knudsen Djupdal i Hjartdal. Dei er busette på Ulefoss.
    4. Ingeborg Kirstine Isaksdtr. f. 1873 på Håve, g. 1893 m. Hans Olsen Solvold, Fiskestigen, Ulefoss f. 1865.
    5. Hanna Jakobine Isaksdtr. f. 1877, Sagbruket Ulefoss, seinare g.m. Andreas Gundersen f. i Tødal, d. i Fjågesund.
      Dei har borna, Isak som bur i Fjågesund - Alf - og Gudrun som vart gift til Rue i Tødal og bur på Nordaugutu.
    6. Jakob Isaksen f. 1880, d. 1881.
    7. Johanne Marie Isaksdtr. f. 1881, g. 1909 m. Sagarb. Teodor Thomassen f. 1879, son av Sagm. Thomas Thomassen og Berte Marie Johannesdtr. Heisholt.
    8. Jakob Isaksen f. 1885, Ulefoss»
    (Denne slekta kan førast bakover i tida ved å sjå s. 114 og s. 148.) Isak Andersen Gjærum er nemnd som brukar på Sjørholt i Helgja etter sitt gifte og fram til 1867. Han har då flytta til Håve under Lille-Klovdal. Håve var då på 25 mål men dårleg jord. Det vert fortalt at AA1 på Ulefoss var i spurlag etter ein smed. Den smeden han hadde var blitt sjuk. Han fekk då greia på at Isak virka noko som smed og han var å henta han til Ulefoss. Det synte seg at Isak var ein god smed og AA1 fekk han til å vera i sitt arbeid. Sonen Jørgen var i lære hos faren og flytta seinare som mekanikker til Skotfoss.»
    Petter Åfoss overtok eigedomen etter sin far og driver denne framleis. Deres dotter Else f. 144 er g. 1961 m. Roar E. Teie f. 1935 i Siljan, son av Einar M. Teie og Margit Øksenholt, Hedrum.
    Roar Teie er med i eit maskinfirma, Teie og Gustavsen, Siljan.
    Else og Roar har to born: Hilde f. 1962 og Inger f. 1965.
  2. Sverre Ragnvald Sørensen Aafoss f. 1910, g. 1940 m. Ingard Arabella Hansen Skotfoss f. 1908, dtr. av Elin og Johan Rikard Hansen, Skotfoss.
    Ragnvald og Ingard har borna: Ranveig Martine f. 1941, g.m. Styrm. Ottar Mork, Bærum - og Trond Sverre f. 1945.
  3. Ivar Sørensen Aafos f. 1913, g. 1939 i Gjerpens kyrkje med Randine Olsdtr. Brårud f. 1916, dtr. av Ole Brårud f. 1875 og Anna Henrikke Randine Schjøth f. 1878. Ivar Aafos har ei svert virksam tid bak seg. Si meieriutdaning fekk han i Danmark og har vore på fleire studiereiser i inn- og utland. Var so driftsleidar ved Vestfold Meieri i ein del år til han i 1955 vart disponent ved Vestfold Eggsentral. Han har vidare vore med i fleire komitear og utval for Landbruksorganisasjonane.
    Han har ogso vore mykje med i det politiske liv - soleis Fylkesformann for Venstre i Vestfold, medlem av Landstyre for Norges Venstre, medlem av Sem Kommunestyre og formannskap, Vestfold Fylkesting og varamann til Norges Storting for Venstre i Vestfold. Dine Aafos har ogso vor emykje med i det politiske arbeid i Vestfold.
    Det er 3 born i familien, nemleg:
    1. Ragnhild f. 1941, g. 1965 m. Stuart Albert Rees f. 1940, son av Direktør Ivy og Lionel Rees, Havant, England.
      Ragnhild og Stuart er nå busette i Pueblo i Colorado USA og har eit barn, Heidi Michele f. 1967.
    2. Inger Elisabeth f. 1847, g. 1967 m. Vidar Herbert Karlsen, son av Herbert Karlsen og Oddfrid Holm.
    3. Stein f. 1949. Han går no i gymnasiet.
Utdrag (s. 353-356) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen