Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

2. ledd

Torvild Jørgensen

av Erling Gjærum

Det var Torvild og Ingelev som kom til å dela eigedomane etter faren. Med si kone fekk Torvild ogso plassen Selåsdalen og Mosberg. Ved skifte var han eigar av Ljøstad og åsestesretten til Moland, Våje, Heggland, Vårvik og Selås. Dei hadde 2 søner:

  1. Jørgen Torvildsen Ljøstad. Han vart g.m. Liv Torbjørnsdtr. Roaldstad, Tørdal, ei dtr. av Aslaug og Torbjørn Roaldstad.
  2. Anders Torvildsen Ljøstad f. 1524, g.m. Ingeborg Torbjørnsdtr. Roaldstad som var andre dotter til Torbjørn Roaldstad.
    Anders var lensmann frå kring 1575. Han var først ei tid på Moland, fekk so Selås i 116. Han eigde ogso Mosberg som var ein mindre gard, forutan Våje og Vårvik, og hadde tilsaman 15 huder jordgods. Anders vart ein gamal mann og han og kona hav opp sitt bu i 1621. Skifte vart avslutta i 1623. Anders vart soleis over 100 år. Hansa kone var mykje yngre.
    Av deres born er funne fram til:
    1. Olav Andersen Ljøstad. Han var døyd i 1609.
    2. Viking Andersen Ljøstad g.m. Tarjerd Alvsdtr. Felle. Viking hadde austre Ljøstad som hans son dreiv. Sjøl hadde han Husås og budde her.
    3. Torbjørn Andersen Ljøstad g.m. Berthe Vrålsdotter Solberg i Holt. Dei kom etter broren Åsuld til Våje i 1611, og sidan til Moland.
    4. Torvild Andersen Ljøstad f. ca. 1580, d. 1653, g.m. Gunborg Albretsdtr. Berger i Holt.
      Torvild er den som går vidare i denne slekt og sjå nermare under ledd 3.
    5. Halvor Andersen Ljøstad, seinare Våje, g.m. Anne Knutsdtr. Vimme, Åmli. Ved skifte etter faren i 1623 kom Halvor til Våje. Dei hadde borna, Åsuld, Knut, Olav, Mari og Ingelev.
      Halvor var mykje kranglevoren og årsak til [mangler ord] med sin far og brør om eigedomane.
    6. Tyri Andersdtr. Ljøstad g.m. Jørgen Gjeruldsen Våje.
    7. Siri Andersdtr. Ljøstad g.m. Aslak Flateland frå Bø.
    8. Astrid Andersdtr. Ljøstad g.m. Halvor Heggland.
    9. Eldrid Andersdtr. Ljøstad.
    10. Gro Andersdtr. Ljøstad g.m. Vrål Lindstøl.

Når ein går gjenom mykje av det skrivne stoff om Torvild Andersen og hans far, so synes det som at dei har hatt lite bry med sitt lensmannsombod. Dei var sjølve stendig ute i rettslg med sine søner og slektningar, men vakta vel på ættargarden og tradisjon i slekta.

Utdrag (s. 320-321) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen