Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

7. ledd

Peder Andersen Meltvet

Peder Andersen var ein svert dyktig bonde. Han mottok i 1749 garden Meltvet av sin far. Seinare var han borti fleire eigedomskjøp, men nokre av desse vart straks seld igjen. Han var interessert i å få bygdesag, søke om dette og fekk kgl. løyve til å bygge saga med dambygning og to kvernhus.

Då hans svigerson Søren Falkum var komen til stor økonomisk makt med mykje eigedom of stort tenarskap, vart Peder mykje oppteken med arbeid for han. Det vart etter kvart so mykje at kring 1880 flytta han til svigerson på nordre Falkum.

Peder var ogso verge for Søren Falkaums einaste dotter Anne Kirstine. Hans son Ole Pedersen var ogso blant tenarane her.

I 1778 fekk Peder Meltvet det største begeret til «Det kongelige danske landhusholdningsselskap» verd 15 riksdalar. Peder hadde det året arbeid med ei grøft som var 1920 alen lang, 13 fot breid, 8 fot djup og for å få det turvande fall, minert i fjell i ei lengde av 48 alen.

Grøfta har ikkje berre gjort ei stor myr brukande til eng, men kan ogso brukast til fløyting av tømmer.

Han har vidare sett opp 882 alner steingjerder, utbetra gamle grøfter til 2 alens djupde i ei lengde av 2688 alner og brote opp ny jord til 7 tønner utsåd.

I 1788 hadde Peder Andersen sett opp eit skriv for deling av garden Meltvet til 2 åseter for sine sønner Peder og Nils.

Ved skiftet i 1792 overtok desse sønnene sine tildelte gardpartar og Nils hadde fått bygd huser på sin part og skulle vera like gode som dei Peder hadde på sin part. Son Ole Pedersen fekk taka over buets eigedom 1½ hud i Åfoss for 400 riksdalar.

Buets eigedom 10½ skinn i garden Sjøtvet var verdsatt til 250 riksdalar.
Bygdesaga som var i god stann, verdsatt til 100 riksdalar.
Dambygningen med kvernhus vart verdsatt til 30 riksdalar.
Her var dessutan lausøyre for 607 riksdalar.

Mari og Peder Andersens born er:

  1. Anders Pedersen Meltvet f. 1751, d. 1775
  2. Peder Pedersen Meltvet f. 1753, d. 1754
  3. Anne Pedersdtr. Meltvet f. 1755, d. 1777, g. 1776 m. enkem. Søren Kristensen Falkum f. 1709 på Hanes i Melum, d. 1786 på Falkum, son til Kristen Sørensen Hanes (f. på Romnes i Holla) og Kirsti Torbjørnsdtr. Melum.
    Søren hadde før vore gift i 1735 med Ingeborg Mathiasdtr. Suttervik f. 1689, d. 1775, dtr. av Mathias Kolbjørnsen Suttervik og Berthe Karlsdotter Melum.
    I første ekteskap er et funne eit barn, Kristian f. 1735, men han døydde som liten.
    I andre ekteskap var det ogso eit barn, Anne Kirstine f. 1777. Hennar mor døydde 3 dage etter at barnet var døypt.
    Anne Kirstine Sørensdtr. Falkum døydde 11. juni 1800 etter at ho 4. juni hadde fødd sonen Hans Andreas, g. 19. des. 1797 m. Hans Jensen Blom, d. 1808.
    Same dag som Hans Andreas Blom vart døypt i Gjerpen kyrkje, nemleg 11. juni, syner kyrkjeboka at Anne Kirstine døydde. Fadderar ved dåpen var, Elisabeth H. C. Blom, Elisabeth Johan Bloms, Susane Blom, Didrich von Cappelen, SImon Wright, Johan Altenburg pg Christopher Christophersen Blom. Det må ha vore ein tragedie dette. Anne Kirstine må ha døyd seinare same dag, elles hadde vell dåpen ikkje blitt noko av den dagen.
    Anne Kirstine og Hans Blom hadde 5 born: Søren Blom f. 1800 - Kristian Blom f. 1801 - Fredrik Blom f. 1803 - Marthe Blom f. 1804 og Hans Andreas Blom f. 1806.
    Søren Kristensen Falkum var ein rik mann og var til stor stønad for si heimbygd Melum, der han hjelpte folk på mange måtar. Det var soleis mange som hadde «formået» han til å vera verge og garantist for lån. Det var liksom å vera i trygge hendar å få ein so høgvyrd mann til å taka seg av sakene for seg.
    Søren Falkum døydde om ettermiddagen den 20. september 1786 og skiftefolk kom tilstaes alt om kvelden.
    Vergen Peder Andersen Meltvet som ogso skulle hava møtt var fråverande på austlandet og dette skiftemøte vart utsett. Avdøydde Hans Kristensen Falkums kone Berthe Pedersdtr. vart då beden om saman med tenerane å hava tilsyn med buets midler og utføre det vanlege arbeid på garden til vergen kom tilstaes. Det var no ikkje lang vegen for Berthe Pedersdtr., då ho budde på søre Falkum.
    Då skifte vart halde, var det pant i buet blant anna av verdepapirer, 9 obl. med pant i gardar. Han eigde nordre Falkum verdsatt til 1600 rdl. Erlands Venstøp verd 1000 rdl. gardparten «Venstøp anden» 500 rdl. og vestre Gulset skog med plassen Kåra verdsatat til 130 rdl. Eiga var tilsaman 21 695 riksdalar og utgiftene 1254 rdl.
    Det kan truleg hava si interesse å nemne noko om Søren Falkums syskenn som alle var dyktige bondefolk:
    1. Anne Kristensdtr. Hanes f. 1702, d. 1751, g. 1722 m. Svend Hansen Ø. Tveitan. Sjå nermare s. 110.
    2. Gunhild Kristensdtr. Hanes f. 1722, d. 1768, g. 1728 m. Kjøstol Tronsen Håtvet d. 1738.
      2) g.m. Anders Nilsen Håtvedt
    3. Ingeborg Kristensdtr. Hanes f. 1707, g.m. Ole Arnesen Siljan i Bamble.
    4. Hans Kristensen Hanes f. 1711, d. 1774 på søre Falkum, g. 1738 m. Berthe Pedersdtr. Røra f. 1720, dtr. av Peder Hansen Røra og Anne Mathiasdtr. Suttervik.
    5. Rasmus Kristensen Hanes f. 1714. d. 1789, g. 1744 m. Marthe Manassedtr. Melfald f. 1723, d. 1802, dtr. av Manasse Halvorsen Øverland og Anne Torjusdtr. som var frå Gjerpen og kjøpte Melfald i 1723 på auksjon.
    6. Kirsti Kristensdtr. Hanes f. 1717, d. 1795, g. 1738 m. Klaus Karlsen Bergan. Sjå nermare s. 138.
  4. Peder Pedersen Meltvet f. 1757, d. 1834, f. 1791 m. Anne Mathiasdtr. vestre Klyve f. 1757, dtr. av Mathias Larsen V. Klyve og Karen Pedersdtr. Røra.
    2) g. 1824 m. Marthe Kirstine Jensdtr. f. 1798, dtr. av Jens Jørgensen og Guri Hansdtr. Raneberget.
    Enke Marthe Kirstine Jensdtr. 2) g. 1837 m. tenar Halvor Laurentius Pedersen Meltvedt f. 1798, d. 1877 på Herøya, son av Peder Mathiasen V. Klyve og Anne Isaksdtr.
    Peder mottok i 1792 halve garden Maltvet etter sin far og han dreiv denne gard all si tid.
    Han kom ogso til å eiga ein større part av søre Sjøtvet. Då Peder døydde vart hans eigedom i Meltvet delt mellom borna Peder og Maren. Sjøtvet vart ogso overteke av Peder.
    Hans enke Martha Kirstine fekk soleis ikkje noko av eigedomane då ho gifte seg med Halvor Laurentius Pedersen. For å ikkje verte huslause fekk dei bu her. Seinare flytta dei truleg til Herøya.
    I sine to ekteskapar hadde Peder desse born:

    1. Peder Pedersen Meltvet f. 1793, d. same år.
    2. Mathias Pedersen Meltvet f. 1795, d. same år.
    3. Peder Pedersen Meltvet f. 1798, d. 1843, g. 1821 m. Børthe Kirstine Larsdtr. f. 1796, d. 1837, dtr. av Lars Torstensen og Birthe Olsdtr. Gimsøy Kloster.
      Peder vart ogso bonde og han eigde halvparten av garden Meltvet som var 11 skd. og halvparten i saga og kvernbruket. Han eigde ogso 1½ hud i søre Sjøtvet. Ved skifte etter Børthe vart Meltvet med sag og kvern verdsatt til 600 rdl. og søre Sjøtvet til 900 rdl. Denne eigedom var ikkje nok til å dekka all gjelda i buet. Gjelda til sorenskrivar Wessel var 1000 spd. og obligasjonar til Ole Pedersen Åfoss på tilsaman 1100 spd. Fogd Borchsenius melde då at buet var insolvent og måtte realiserast ve auksjon. Det vart nokre rettssaker og dei gjekk heilt til høgsterett for fastsette at enkemann berre hadde odelsløysingsrett til halvparten av garden Meltvet.
      Børthe og Peder sine born er:
      1. Maren Karine Pedersdtr. Sjøtvet f. 1821, d. 1822.
      2. Anne Mathea Pedersdtr. Meltvet f. 1823 på Sjøtvet, g. 1847 m. enkem. Hans Abrahamsen Melumkåsene f. 1809, d. 1886, son av Abraham Larsen Melumkåsene og Karen Haraldsdtr. Elgtvet.
        Hans Abrahamsen 1) g. 1837 m. Anne Margrete Nilsdtr. Haugland f. 1809, dtr. av Nils Larsen og Elen Arvesdtr. Haugland under Bergan.
        Hans Abrahamsen arbeide frå først av som Flåtemann, seinare som tømmermann. Dei budde på Skjelbreid og han kjøpte seinare eit lite bruk under denne gard.
        Anne Margrete døydde i 1845 og etterlot seg eit barn, Nils Laurits f. 1844.
        I det andre ekteskapet var borna: Peder f. 1848 - Hans Andreas f. 1852 - Anna Karoline f. 1854 og Hans Andreas f. 1850, d. same år.
      3. Peder Pedersen Sjøtvet f. 1826, d. 1848.
      4. Maren Berthea Pedersdtr. Sjøtvet f. 1829.
      5. Karen Maria Pedersdtr. Sjøtvet f. 1832, d. 1833.
      6. Nils Laurits Pedersen Sjøtvet f. 1835.
      7. Bendix Pedersen Sjøtvet f. 1837, d. same år.
    4. Mathias Pedersen Meltvet f. 1801, d. 1823.
    5. Anne Gurine Pedersdtr. Meltvet f. 1827, d. 1834.
    6. Maren Pedersdtr. Meltvet f. 183, g. 1856 m. Isak Hansen Aspheim f. 1828, d. 1872 på Herøya, son av Hans Torstensen Aspheim og Anne Isaksdtr. Bjærbøk.
      Isak Hansen fekk i des. 1852 skøyte på sin farbrors eigedom Herøya mnr. 57, lnr. 137b i Eidanger og flytta dertil i 1853.
      Av Maren og Isak sine born er funne:
      1. Hans Petter Isaksen Herøya f. 1858, d. 1938, g. 1881 m. Maren Kirstine Kristoffersdtr. Saltbua f. 1858. Hans Petter overtok farens eigedom.
      2. Kirstine Karoline Isaksdtr. Herøya f. 1870, g. 1897 m. Snekker Halvor Olaus Jensen, Porsgrunn, f. 1871 i Kragerø og son av Sjøm. Jens Halvorsen.
      3. Johan Laurits Isaksen Herøya f. 1867.
      4. Paul Andreas Isaksen Herøya f. 1862.
      5. Inger Andrea Isaksdtr. Herøya f. 1864. Ho reiste seinare til Amerika.
      6. Anne Martine Isaksdtr. Herøya f. 1856, g. 1878 m. Skipstømmermann Ole Andreas Olsen Asdaleiet i Bamble f. 1854 og son av Ole Bjørnsen Asdleiet.
    7. Peder Halvorsen Meltvet f. 1837. Han flytta i 1862 til Gjerpen. Han er tvilling med
    8. Anne Gurine Halvorsdtr. Meltvet f. 1837, g. 1863 n. Hans Svendsen Elgtvet f. 1836, son av Svend Sigvaldsen og Gurine Knudsdtr. Elgtvet.
      Dei flytta i 1863 til Gjerpen.
  5. Nils Pedersen Meltvet f. 1759, d. 1826, g. 5/12-1793 i Gjerpens kyrkje med Anne Kittilsdtr. Haugen f. 1770, d. 1847 på Meltvet.
    Nils hadde den halve Meltvetgard. I 1822 fekk Nils og Anne godkjenning på ei avtale seg imellom om at den lengst levande kunne sitja i uskifta bu.
    Anne og Nils sine born er:
    1. Peder Nilsen Meltvet f. 1795, d. 1796.
    2. Maren Nilsdtr. Meltvet f. 1797, d. 1816.
    3. Peder Nilsen Meltvet f. 1798, d. 1883, g. 1845 m. enke Anne Eriksdtr. Kåsene under V. Gisholt f. 1811, dtr. av Erik Rasmussen og Åse Thorsdtr. Kåsene under V. Gisholt.
      I ekteskapet var det 2 born: Nelle Amalie f. 1846 og Nils Edvart f. 1847, d. 1861.
      Peder var på sin måte forretningsmann og bonde. Han kjøpte eigedom og selde. På sine gamle dagar eigde han både øvre og nedre Meltvet, men dreiv begge gardane med paktar. Peder og Anne budde på nedre Meltvet og hadde ei enke, Maren Larsdtr. frå Porsgrunn til å stella for seg.
      Paktarfamilien var frå Kilebygda, nemleg Ole Larsen Gisholt g. 1870 m. Gunhild Levordsdotter Sønstvet. Desse hadde to søner, Lars f. 1870 og Laurits f. 1873. Tenarane på garden var, Elise Knudsdtr. f. 1863 i Bamble, Hanna Åsoldsdtr. ug. f. 1853 på Frønes, var budeie og so hadde Ole Larsen si gamle mor Ingeborg Thomasdtr. Vebergkåsa f. 1803 hos seg. Ingeborg var enke etter Lars Olsen Åseland.
      Av husdyr hadde paktaren, 2 hestar, 8 kyr, 1 kalv, 9 sauer og 6 lam.
      Peders paktar Øvre Meltvet var Jakob Olsen Bjårland f. 1827 og gift 1850 m. Marthe Marie Pedersdtr. Heia under Aspheim. Dei hadde 8 born: Olea f. 1850 - Andreas f. 1853 - Margrete f. 1856 - Hans f. 1857 - Martinius f. 1864 - Abraham og Isak f. 1865 - Jakob f. 1871.
      Peder Nilsen hadde 4 kyr som han eigde på denne garden. Paktaren hadde 2 hestar, 5 kyr, 1 kalv, 4 sauer, 3 lam og gris.
    4. Anne Mathea Nilsdtr. Meltvet f. 1802, d. 1890, g. 1829 m. Isak Torstensen V. Klyve f. 1799, d. 1870, son av Torsten Mathiassen V. Klyve og Åvet Pedersdtr.- Findal.
      Isak Torstensen vart med tid ein storbonde i Solum. Med si kone fekk han noko eigedom i Meltvet, so kjøpte han halvparten av Ørevik som var delt og i 1844 den andre halvpart i Ørevik av Skipper Peder Røra Pedersen for 780 spd.
      Peder Røra Pedersen kjøpte samstundes 2 sett. i Kjerringteigen mnr. 34 med huser, brygge, tomt og grunnleige, som ved skifte etter Torsten Hansen var utlagt til son Hans Torstensen der var umyndig. Det var avtala at Hans Torstensen skulle hava kamerset over drengestova i stovebygningen med alle dei møblar og klær som var der og alt av mat og drikke hos sjølvefolket.
      Isak Torstensen hadde ogso storparten av vestre Klyve og han budde her. Ørevik selde han seinare til sin son Karl Joakim Isaksen.
      Anne Mathea og Isak sine born er:
      1. Nella Tomine Maria Isaksdtr. Klyve f. 1829, d. 1874, g. 1860 m. Søren Mathias Jakobsen Rugtvet f. 1831, d. 1872, son av Jakob Andersen Rugtvet og Maren Hansdtr. Knardal.
        Søren fekk garden Rugtvet etter sine foreldre og var her all si tid. Deir born er:
        Jenny Marie Sørensdtr. f. 1860, g. 1833 m. Styrm. Simon Torbjørnsen Aslaksen f. 1856 på Klovholt, son av Dampskipsførar Engebret Aslaksen. - Johan Arnt Sørensen f. 1862. Han var ugift. Hadde ei tid eigedomen etter faren, men selde og reiste til Amerika. - Oluf Hedvin Sørensen f. 1862 g.m. Else Nilsdtr, Stensland på Skotfoss. - Isak Andreas f. 1865. Reiste seinare til Amerika - Thomas f. 1869, reiste ogso til Amerika - Maren Mathea f. 1871, d. 1872.
      2. Teodor August Isaksen V. Klyve f. 1832, d. 1872, g. 1857 m. Maren Jonsdtr. Buer i Gjerpen f. 1835, dtr. av Kirsten Jakobsdtr. og Jon Olsen Buer.
        Etter gifte busette Maren og August seg på Buer i Gjerpen. Av borna kan nemnast, Mathias Emanuel f. 1860, seinare g.m. Sofie Mathilde Mikkelsen - Olaf Martinius f. 1862 - Andreas Toresius f. 1865 - Nils Joakim f. 1869.
      3. Anne Karoline Isaksdtr. V. Klyve f. 1834, d. 1880, g. 1857 m. Ole Andreas Olsen Holtan f. 1829, d. 1901, son av Ole Olsen Lien og Katrine Mathilde Rasmusdtr. Holtan. Ole Andreas 2) g. 1882 m. Ingeborg Andrea Andresdtr. f. 1850 i Suttervik, dtr. av Flåtem. Anders Andersen Rugla og Karen Alfsdtr. Valstrand.
        Ole Andreas hadde foruten eigedom i Holtan ogso Lille-Findal ei tid. Med han i 1882 var på Findal vart hesten hans stole om natta. Den stod tjora på jordet nær husene. Tjuven, Anton Sabinius Samuelsen var eigentleg frå Horten, men hadde arbeid på ymse stader i Solum og ogso på Findal hos Edvard Pedersen seinast 14 dagar før han stala hesten frå naboen Ole Andreas. Det var ved midnatt han hadde teke hesten, og sadel og biksel hadde han teke hos Edvard Findal og teke vegen oppover til Telemark. Han var vist ikkje god til å rida for han hadde falle av hesten to gonger og hadde då kasta sadelen. Då han var komen til Ole Isaksen på Melum kvilde han i 3 timar. Hesten fekk mat og han låg på låven. Då han drog vidare tok han med seg eit teppe og ein taum.
        Etter oppdrag frå lensmann satte Gudbrand Eriksen Oppegård og Ole Nilsen Lien etter tjuven.
        Dei fann ein klædebylt og sadelen. På Ulefoss fekk dei veta at han på Strengen hadde bytta bort hesten til stasjonshaldar Laurits Sørensen og ride vidare til Nils Åsen i Lunde der han igjen hadde fått seg blakk mager «Fillegamp» og reist austover mot Nes. Oppegård og Lien hadde no hala sterkt innpå tjuven og tok han igjen om kvelden og arrestert. Neste dag tok so Oppgård fangen med seg på båten til Skien medan Ole Lien fekk arbeid med å bytta omatt dei hestehandlane som var gjort slik at Ole Andreas fekk sin hest igjen.
        I første ekteskap var det desse born: Ole Matias f. 1858 - Isak Martinius f. 1861 - Kathrine Marie f. 1863 - Anna Olava f. 1865, reiste seinare til Amerika - Rasmus f. 1867, d. same år - Rasmus f. 1868, reiste seinare til Amerika - Teodor August f. 1870, d. 1871 - Anne Mathea f. 1872 - Nella Tomine f. 1874 - Karl Andreas.
        I andre ekteskap er funne: Karoline Mathilde f. 1886 - Bent Wettergren f. 1882 - Johan Arnt f. 1888.
      4. Nils Martinius Isaksen V. Klyve f. 1836, g. 1872 m. Kirsten Marie Hansdatter Åfoss f. 1848, dtr. av Hans Jakobsen Åfoss og Åse Kristine Andersdtr. Ståkkan.
        Nils og Kirsten budde på Ørevik og alle deira born er fødde her men nemnde Røra. I 1886 kjøpte Nils Ørevik. Deira born er:
        1. Ida Marie Nilsdtr. Røra f. 1873
        2. Tora Amalie Nilsdtr. Røra f. 1877, g. 1902 m. snekker Jonas Edvart Halvorsen Dalene f. 1868, son av Halvor Halvorsen Dalene og Anne Kirstine Rasmusdtr. Gisholt.
        3. Isak Martinius Nilsen Røra f. 1881, g.m. Ingeborg Haraldsdtr. Rugtvet f. 1886, dtr. av Harald N. Kjeldal og Anne Olsdtr. Gåthaug.
        4. Håkon Kristian Nilsen Røra f. 1884, d. 1901.
        5. Nella Katrine Nilsdtr. Røra f. 1882, g. 1910 m. Gm. Anders Isaksen Værstad f. 1872 i Helgja, son av Isak Halvorsen Værstad og Aslaug Andersdtr. Vipeto.
        6. Marta Kirstine Nilsdtr. Røra f. 1885.
        7. Ågot Nilsdtr. Røra f. 1887, d. 1928, ug. Ho var Diakonisse og døydde under sitt virke i Trondheim.
        8. Hans Åfos Nilsen Røra f. 1888, g. 1929 m. Johanne Kristine Grøtvik f. 1901 i Skien, dtr. av Martinius Solheim Grøtvik og Ingeborg Amalie Jonsdtr. Stavdal.
        9. Augusta Elvine Nilsdtr. Røra f. 1892.
      5. Hans Petter Isaksen V. Klyve f. 1838, d. 1909 som rentenist på Klyve, ug.
      6. Karl Joakim Isaksen V. Klyve f. 1841, d. 1916 som rentenist på Klyve, ug.
      7. Marie Mathea Isaksdtr. V. Klyve f. 1844, d. 5 dage gamal.
    5. Ole Nilsen Meltvet f. 1806. Forutan eigedom i Meltvet hadde han kjøpt Lille-Findal der han budde heile si tid. Han døydde ugift.
  6. Ole Pedersen Meltvet f. 1761, d. same år.
  7. Ole Pedersen Meltvet f. 1762, d. 1839 på Åfoss, g. 1797 m. Børthe Olsdtr. Bjørntvet f. 1777, d. 1848 på Åfoss, dtr. av Ole Nilsen Bjørntvet, Nenset og Anne Andersdtr. Bjørntvet.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 8.
  8. Ingeborg Pedersdtr. Meltvet f. 1766.
  9. Marthe Pederdtr. Meltvet f. 1768, d. 1769.
Utdrag (s. 337-347) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen