Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

9. ledd

Karl Hansen Haukeli

Karl Haukeli gjekk underoffiserskule og vart sergeant. Seinare vart han materialforvaltar ved Skotfoss bruk og budde på Solbakken. I 1898 kjøpte han Stor-Bergan av eit intresentskap for 15000 kr.

Karl Hansen Haukeli og Karl Pedersen Bruset kjøpte saman øvre Huset av Hans Karlsen. Sidan overtok Karl Bruseth denne eigedom.
Karoline og Karl sine born er:

  1. Carl Carlsen Haukeli f. 1891, g. 1933 m. Gudrun Halvorsdtr. Sondbø f. 1896, dtr. av Halvor HalvorsenSonsbø, Haug-Bergan og Hege Kjetilsdtr. Ny-Ødegarden Flatdal. Carl overtok i 1939 farens eigedom Store-Bergan og har sidan drive denne gard. Carl har vakse opp på Skotfoss og var mykje med i idrotten som svert habil fotballspelar.
  2. Hilda Margrete Karlsdtr. Haukeli f. 1893, d. 1917
  3. Astrid Karlsdtr. Haukeli f. 1897, d. 1919, ug. Ho var tvilling med
  4. Sigrid Karlsdtr. Haukeli d. 1951, g.m. Karl Pedersen Bruseth, d. i 1960-åra, son av Peder Andersen Brøndalen i Holla og Ingeborg Mathea Jørgensdtr. Bruseth.
    Karl var eigar av ein Brusethgard etter faren. Borna her er:
    1. Per Karlsen g.m. Åshild Torgeirsdotter Aase frå Mo i Telemark.
    2. Hans Kjeld g.m. Jorun Gjermundsdtr. Kløvereid, Skaret ved Bandaksli.
    3. Ruth g. 1951 m. Sveinung Herregården Fyresdal.
    4. Ingeborg Karoline
    5. Jon Arne Karlsen Bruseth.
  5. Hans Karlsen Haukeli f, 1903, g.m. Ingebjørg Tollefsdotter Årnes f. 1909, dtr. av Tollef Tollefsen Haugen og Ingeborg Ambrosdtr. Årnes i Sauherad.
    Ingebjørg og Hans driver eit lite garsbruk utskild av Store-Bergan og har bygd huser her. Hans er elles fast postførar i Melum sokn.
    Dei har borna:
    1. Astrid Margrete f. 1932, g.m. Bjørn Jansen Bjørbæk f. 1930, son av Jan Jonassen Bjørbæk og Bertha Gurine Andersdtr. Bjørndalen Holla. Bjørn er sekretær i Fylkesskulestyret. Dei har bygd seg hus på Bølehøgda ved Skien og har borna: Inger f. 1956 og Bente f. 1958.
    2. Karl som har vore i sambandstenesten i Nato i nokre år, er no ansatt i eit firma i Bergen.
    3. Karsten. Han har gjennomgått Økonomisk gymnas og er for tida på Krigsskulen ved marinen i Bergen. Han har fått «Kongens ur» som beste elev.
Utdrag (s. 128-129) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen