Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

7. ledd

Hans Jørgensen Tveitan

Som det før er nemnd noko om, fekk Hans Jørgensen halvparten av garden Ø. Tveitan som var tiltenkt hans far.

I 1838 kunne Halvor Kristensen ikkje sjå seg syn med å løysa inn garden Haukeli, men tok over halvparten av eigedomen for 575 spd. Den andre halvpart og Grasdalen fekk Hans Jørgensen skøyte på for 1025 spd. Det vart seinare slik at Hans Jørgensen ogso kom til å taka over Halvor Kristensens part. Halvor var andre son av Kristen Halvorsen Haukeli og bror til Anders Kristensen. Dennes dotter Anne Andersdtr. er det som var gift med Hans Jørgensen.

Foruten Tveitan og Haukeli, kjøpte han Melum mnr. 69, lnr. 214g.

Då Anne døydde i 1867 var Hans 80 år og han overdrog då eigesomane sine til sønene og tok kårfeste-avgift av gardane.

Melumgarden fekk son Anders Hansen, seinare Dolva for 1580 spd. Ø. Tveitan fekk den eldste son Jørgen Hansen Bruseth for 2900 spd. og Haukeli gjekk til son Hans Hansen for 2880 spd.
Anne og Hans sine born er:

  1. Jørgen Hansen Tveitan, f. 1811, d. 1893, g. 1833 m. Karen Andrea Andersdtr. Bruseth f. 1803, d. 1864, dtr. av Anders Isaksen Rennesund og Karen Marie Pedersdtr. Melum.
    Jørgen Hansen fekk med si kone i 1834 tilsaman 466 spd. i arvemidlar. Desse midlar gjekk inn i løysingsumen for det ved skøyte av 1825 overdregne odelsgods i garden Bruseth. Hans eigedom Ø. Tveitan selde han i 1871 til son Anders Jørgensen for 3000 spd. Karen og Jørgen budde på Bruseth og dei hadde desse born:
    1. Karen Maria Jørgensdtr. Bruseth f. 1833, d.1919, g. 1855 m. John Petter Jonsen Stavdal f. 1833, d. 1899, son av Jon Isaksen Stavdal og Anne Pedersdtr. Skjelbreid. John Petter Stavdal var lærar.
      Karen Marie og John Petter sine born er: Jonas Stavdal f. 1858, d. 1931, g.m. Inga Lersbryggen - Anne Karoline f. 1860, d. 1929, g.m. Andreas Stavdal f. 1859, d. 1931 - Jørgen Stavdal f. 1862 og Isak Stavdal f. 1863.
    2. Anne Kirstine Jørgensdtr. Bruseth f. 1835, d. 1903, g. 1869 m. Ole Åsoldsen Stavdal f. 1832, d. 1929 97 år, son av Åsold Olsen Stavdal og kone av andre ekteskap, Aslaug Kirstine Nilsdtr. Bergan.
      Ole fekk ved skifte etter faren, garden Stavdal nr. 51 for 950 spd.
      Dei fekk ein son, Karl Andreas f. 1871. Han virka seinare som tømmermerkar for Union. Han var elles ein festleg kar og litt av ein versemakar.
    3. Anders Jørgensen Bruseth f. 1838, d. 1908 på Hustvet, g. 1864 m. Ingeborg Olea Thorsdtr. V. Gisholt f. 1844, d. 1910, dtr. av Thor Halvorsen Gisholt og Åse Kirstine Olsdtr. Pestelenseiet.
      I 1867 hadde Anders Jørgensen teke over gardenHustvet. Anders kjøpte i 1871 av faren, gardpartenSvemannsjordet og hans øvrige eigedom i Ø. Tveitan for tilsaman 3300 spd.
      Anders og Ingeborg vart buande på Hustvet og av borna er funne: Thor Andreas f. 1868, Han kom seinare til Gulset i Gjerpen. - Karen Andrea f. 1865, d. 1871 - Jørgen f. 1867, d. same år - Jørgen f. 1871 - Karen Andrea f. 1872 - Halvor f. 1874 der seinare tok over farsgarden Hustvet og vart gift med Sigrid Johanne Fuglestvet f. 1875 i Aust-Agder, og Anna Kirstine f. 1878.
    4. Ingeborg Mathea Jørgensdtr. Bruseth f. 1843, g. 1874 m. Peder Andersen Hegna f. 1850 i Holla, d. 1916 på Bruseth.
      Ingeborg og Peder mottok garden etter hennar far i 1885 og dei fekk 4 born. nemleg: Karl - Jørgen - Karen og Isak.
  2. Anders Hansen Tveitan, seinare Dolva, f. 1813, d. 1868, g. 1840 m. Kirsten Isaksdtr. Dolva f. 1817. g. 1899 på Melum, dtr. av Isak Olsen Dolva og Ingeborg Kirstiene Abrahamsdtr. V. Tveitan. Kirsten og Anders sine born:
    1. Isak Hansen Tveitan f. 1841, d. 1920, 1) g. 1868 m. Berthe Kirstine Halvorsdtr. Bjørbæk f. 1843, d. 1890, dtr. av Halvor Reiarsen og Birthe Marie Eriksdtr. Bjørbæk. 2) g. 1894 m. Hege Aslaksdtr. f. 1867 i Seljord, d. 1916, dtr. av Aslak Tovsen Skararud.
      Borna her er:
      1. Anders Isaksen Melum, seinare austre Dolva, f. 1868, g. 1890 m. Anne Kirstine Thorsdtr. Tveit f. 1871, dtr. av Thor Thomassen og Karen Marie Åsoldsdtr. Tveit.
      2. Kirsten Marie Isaksdtr. Melum f. 1876, d. 1907, g. 1898 m. Tollev Sveinungsen Rønningen f. 1875 i Bø. Han var handelsmann i Skien og son av gardmann Sveinung Olsen i Bø.
      3. Halvor Isinius Isaksen Melum f. 1880, d. 1966, g.m. Marthe Andrea Olsdtr. f. 1877, dtr. av Ole Olsen Roligheten under Bergan og Anne Olsdtr. som var frå Seljord.
      4. Ingeborg Berthea Isaksdtr. Melum (tvilling med Halvor) f. 1880, d. 1962 i Hesselsberggt. i Skien.
      5. Anna Karoline Isaksdtr. Melum f. 1885, g. 1912 m. Anders Andersen Bøle f. 1890, son av Edvart Andersen og Kirstine Isaksdtr. (Ihlen) Gjerpen.
      6. Isak Isaksen Melum f. 1894, g. 1928 i Gjerpen med Karen Andersdtr. f. 1893, dtr. av Elisabet og Aksel Andersen Bøle.
      7. Hans Andreas Isaksen Melum f. 1898, d. 1913.
    2. Hans Andersen Dolva f. 1845, g. 1877 m. Ingeborg Kirstine Rasmusdtr. Bjørbæk f. 1855, dtr. av Rasmus Jonsen og Karen Isaksdtr. Bjørbæk.
      Deira born er:
      1. Anders f. 1877, d. 1882
      2. Isak Hansen - Karen Andrea f. 1880, d. 1958
      3. Anders Hansen Veholt f. 1883, d. 1963 g.m. Aslaug Jonsdtr. Høgset f. 1885, d. 1956
      4. Kirsten Karoline f. 1885
      5. Abraham f. 1887, d. same år. Han var tvilling med
      6. Rasmus f. 1887
      7. Ingeborg Amalie f. 1891, g.m. Lars Olsen Dolva
      8. Andreas, f. 1893, døyd under krigen i 1940, g.m. Hjørdis Vipeto
      9. Olaf f. 1898
  3. Hans Hansen Tveitan, seinare Haukeli f. 1818, d. 1900, g. 1846 m. Karen Gunnarsdtr. Bergan f. 1821 d. 1903, dtr. av Gunnar Klausen og Kirsten Karlsdtr. Brua under Bergan.
    Det er desse folka som går vidare i denne slekt og vil bli omtale under ledd 8.
  4. Isak Hansen Tveitan f. 1823, d. same år.
  5. Isak Hansen Tveitan f. 1825, g. 1850 m. Jomfru Birthe Katrine Jakobsdtr. Hauan f. 1825 i Sandefjord.
    Som 20-åring reiste Isak til Kristiania og det er truleg han her lærde seg garvaryrket. Sidan har han skifta fleire arbeisstader. Etter giftemålet budde dei på Gimsøy og her er deres tvillinger, Alvilde Jakobine og Marie Henriette f. 1851.
    I 1853 flytta Isak med familien til Sandefjord.
Utdrag (s. 123-126) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen