Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

7. ledd

Halvor Larsen Gjærum

Halvor Larsen gjekk ut frå lærarskulen på Klyve i des. 1860. Han budde under skulegangen på plassen Sponsletta i ytre Solum. Først vart han tilsett som lærar i 1861 ved Hustvedt skulen, men det var lang veg frå Gjærum og han kom då seinare til Bergan skule.

Halvor var lærar i mange og førti år, og ein god lærar. Han arbeide ogso mykje for å fremje songen i skulen og var ogso kyrkjesongar i mange år.

Halvor Larsen hadde i sine to ekteskapar desse borna:

  1. Isak Halvorsen Gjærum f. 1866, d. 1867.
  2. Lars Halvorsen Gjærum f. 1869, d. 1908.
  3. Hanna Kirstine Halvorsdtr. Gjærum f. 1871, g. 1896 m. enkemann Ole Anton Johannesen Grini, bademeister i Skien, f. 1861 i Vaale Svindal, konf. 1876 i Slemdal, son av skulelærar Johannes Andersen.
  4. Isak Halvorsen Gjærum f. 1873, d. 1874.
  5. Kjersti Karoline Halvorsdtr. Gjærum f. 1878, d. 1904.
  6. Thor Halvorsen Gjærum f. 1880, g. 1925 m. Janna (Jakobine) Gjærum f. 1896. Dei hadde kjøpt eit stykke jord av Kyrkjesletta og bygd seg huser der.
  7. Bent Vettergren Halvorsen Gjærum f. 1882, g. 1918 m. Dagny Gjærum f. 1897.
    Dei har overteke farsgarden og driv denne framleis. Deira born er:
    1. Halvor Gjærum f. 1919, g. 1946 m. Borghild Håkonsdatter Værstad f. 1922, dtr. av Bentine og Håkon Værstad som nu bur på Hustvet.
      Halvor Gjærum er amanuensis ved Landbrukshøgskulen på Ås og har ein betydelig utdaning for sitt yrke. Det vert her teke med litt av denne: Holla framhaldskule, Frogner småbrukskule, Statens gartnarskule, Universitetets botaniske hage, realartsium Oslo Katedralskule, Statens plantevern botanisk avdl. Ullensvang førsøksgard Lofthus, studietur i Danmark, Nederland og Tyskland. Dette er berre noko av det grunnlag denne mann har skaffa seg for si noverande stilling.
      Dei har borna: Marit f. 1943 - Reidun f. 1950, d. 1952 - Bente f. 1953 - Kjellaug f. 1954 og Reidar f. 1960.
    2. Hedvig Konstanse Gjærum g. 1946 m. Karl Bertrand Randolf Caspersen f. 1921 i Skien.
      Deira born er: Britt Mari f. 1946 og Grete f. 1952.
  8. Reidar Andreas Halvorsen Gjærum f. 1884, d. 1911
  9. Isak Halvorsen Gjærum, f. 1886, d. 1888.
Utdrag (s. 154-156) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen