Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

1. ledd. Karl Eriksen Melum

Denne slekt tek til med Karl Eriksen som var brukar på garden Melum der var ein offentleg anneksgard i Solum prestegjeld. Brukaren hadde ymse plikter ovanfor embetsmenn som kom til Melum eller var på reise vidare opp gjenom Telemark. Serleg hadde han å taka seg av presten når han var på vitjing og til preike i Melum kyrkje.

Karl Eriksen var mykje nytta som lagrettemann i åra 1652 til 1664. Han var soleis ein av heradets beste bøndar til å rekna, sjølv om han berre var leiglending. Han var brukar på Melum frå 1640 til sin ddøyds i 1676. Han nemnast ogso som brukar av kyrkjegodset Lille-Erikstad og at han dreiv Tvet saga, der det ved hans døyd låg 350 bord.

Karl var fødd 1594 og var gift to gonger. Hans første kone er det ikkje funne namnet til, men alle borna er av dette ekteskap. Hans andre kone var Ingeborg Andersdtr. Av Karl Eriksens born er funne:

  1. Jakob Karlsen Melum, seinare vestre Tveitan d. 1703, gift med All Klausdtr. d. 1716.
    Jakob var leiglending på Tveitan. Økonomisk var det smått stell og buet synte ein underskot på 200 riksdalar. Av borna er funne:
    1. Klaus Andersen Tveitan f. 1672, d. 1738, g. m. Guri Andersdtr. (ei syster av Peder Andersen Sti) f. 1673, d. 1757.
      Klaus tok over feste på Tveitan etter sin far. Ved skiftet etter han i 1738 synte buet eit overskot på 31 rdl. Son Jakob Klausen hadde då for omlag 5 år sidan teke over garden.
      Klaus og Guri sine born er:
      1. Anders Klausen Tveitan f. 1703, d. 1774, g. 1720 m. Maren Kristensdtr. f. 1685 på Værstad, d. 1767 på Brudesksjær i Helgja, dtr. av Kristen Thomassen Hjelset, seinare Værstad og Børthe Thomasdtr.
        håndskrevet notat: Oppl. om f. og d. er feil. Den Maren Christensdatter som døde i 1767 på Brudeskjær, var g.m. Anders Levorsen, død 1744 på Brudeskjær
        Maren og Anders budde i Huset som var plass under Værstad i den første tid og her er dei første borna fødde. Anders tok over bygselen etter sin svigerfar i 1733 og kjøpte garden Værstad i 1736 av Kanseliråd Leopoldus for 300 rdl. Plassen Huset av skyld 1 tn. selde i 1739 til Ole Finsen. Værstad vart seld i 1754 til Arne Pedersen som i 1746 vart gift med enka etter Jakob Klausen Tveitan, Maria Torstensdtr.
      2. Kjersti Klausdtr. Tveitan f. 1705, d. 1742 på Hummelsgård, g. 1725 m. Halvor Gundersen Hummelsgård f. 1691, d. 1747. Halvor Gundersen gifta seg igjen i 1743 og no med enka etter Jon Andersen Melum, Ingeborg Torstensdtr. søre Skjelbred som då var på V. Dal.
        Det var ingen born i dette siste ekteskap.
        Kjersti og Halvor hadde desse born:
        Maren f. 1735 - Gunnar Halvorsen f. 1736, d. 1776 på søre Marum, g. 1748 m. Anne Tollevsdtr. Bruseth f. 1728, d. 1805 og hadde borna. Anne f. 1749, Kristen f. 1752, Anders f. 1757, Halvor f. 1760, Tollev f. 1756, Gunnar f. 1772. - Maren Halvorsdtr. f. 1729, g. 1751 m. Paul Birgit Hågensdtr. Vebergrønningen, plass under Tråk i Bamle og dei hadde eit barn, Halvor f. 1752 på Dal. Maren døydde og Paul igjen gift og no med Anne Kjeldsdotter. Dei budde i Kåsa u/Sti. - Gunhild f. 1731 - Klaus f. 1733, d. same år - Anne f. 1734 - Jakob f. 1737 - Klaus f. 1739.
      3. Gunhild Klausdtr. Tveitan f. 1707, d. 1752 i Vebakken, g. 1744 m. Hans Davidsen f. 1719, d. 1789.
        Hans Davidsen var gift 3 gonger. 2) g. 1753 m. Anne Svendsdtr. d. 1757, 34 år. 3) g. 1761 m. Maria Valentinsdotter. Hans Davidsen oppheld sseg lenge i Vebakken under vestre Klyve, men i 1762 er han å finna på Lille-Fjære.
        Borna i første gifte var: Kirsten f. 1744, d. 1748 - Klaus f. 1746, d. 1748 - Klaus f. 1749 - Karen f. 1751, d. same år.
        I andre gifte bar det eit barn: Ole f. 1753.
        I tredje gifte er det funne 4 born, nemleg: Anders f. 1761 - Nils f. 1768 - Anne Maria f. 1771 - Marthe Maria f. 1774.
      4. Jakob Klausen Tveitan f. 1710, d. 1746, g. 1732 m. Maria Torstensdtr. Skjelbreid f. 1709, dtr. av Torsten Kristensen Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen.
        Maria Torstensdtr. 2) g. 1746 og no med Arne Pedersen Siljan f. 1715, d. 17171, son av Peder Andersen og Anna Halvorsdtr. Siljan. Etter Arne Pedersens døyd vart Maria gift for tredje gong og no med Peder Jonsen St. Helgen.
        Jakob Klausen tok over feste på V. Tveitan etter sin far, men faren held unda rett til å nytta 2 tn. jord til såd og føtsel til 2 kyr for seg og kona. Etter Jakobs døyd, held Maria og Arne fram på Tveitan til 1754 då dei kjøpte garden Værstad i Helgja.
        Maria og Jakob sine born er: Anne f. 1733, d. same år - Torsten f. 1734 - Klaus f. 1738 - Guri f. 1740 - Anne f. 1743 - Kirsten f. 1745
        Av Marias born i andre ekteskap er funne: Jakob f. 1749 - Peder f. 1752 - Anne f. 1754
      5. Søren Klausen Tveitan f. 1713, g. 1735 m. Anna Halvorsdtr. Melfald f. 1711, d. 1777 i Rønningen under Melfald, dtr. av Halvor Andersen og Marie Thomasdtr. Rønningen.
        Anna og Søren budde den første tid i Huset under Værstad, flytta til Leirodden i 1745 og so til Rønningen.
        Av borna er funne: Thomas f. 1735 - Klaus f. 1738 - Maren f. 1742 - Halvor f. 1746, d. 1748 - Halvor f. 1748.
      6. Hans Klausen Tveitan f. 1716, d. same år.
    2. Anne Jakobsdtr. Tveitan, g. m. Jon Mathiassen Bolvik, seinare Haukeli i Melum, son av Mathias Sørensen og Anne Thorsdtr. Bolvik. Anne og Jon bygsla garden Haukeli frå 1698 til 1722 då broren Tord Mathiassen kjøpte eigedomen. Tord var før eigar av stire Sti.
      Kor Anne og Jon er blitt av då dei flytta frå Haukeli er ikkje funne.
      Anne og Mathias Bolvik hadde foruten Jon desse born:
      Lars Mathiassen oppheld seg på Lien i Solum, g. 1702 m. Børthe Gudmundsdtr, Gjærum - Tord Haukeli g.m. Maren Andersdtr. Melum - Anders oppheld seg på Lien, truleg d. 1702 - Erik Mathiassen Lien g.m. Åse Andersdtr. Valen - Søren - Anne g.m. Kristen Olsen Herøya - Gunhild g.m. Klaus Torstensen vestre Klyve - Mari - Marthe Mathiasdtr. Bolvik
    3. Ragnhild Jakobsdtr. Tveitan d. 1728 på Langeland, g. 1709 m. Kristen Rasmussen Langeland d. 1736, 60 år, son av Rasmus Hansen Langeland og Ingeborg Knudsdtr. Holtan.
      Dei budde på Langeland og bygsla eigedomen frå 1720. Dei hadde 10 born som alle er fødde her, nemleg:
      Marie f. 1710 - Anne f. 1711 - Ingeborg f. 1713 - Jakob f. 1714 - Margrete f. 1716 - Rasmus f. 1717 - Hans f. 1719 - Ole f. 1720 - Knut f. 1723 - Ahl f. 1727.
    4. Sara Jakobsdtr. Tveitan f. 1688, d. 1723, g. 1708 m. Hans Nilsen d. før 1740.
      Bustaden til desse ektefolka er ikkje funne, men dei har vore i Solum for alle borna er døypte her. Sara er begr. ved Melum kyrkje. Borna er
      Jakob - Åvet f. 1710 - Marthe g. 1737 m. Anders Nilsen Grimholt - Ahl f. 1720 - Nils f. 1722.
  2. Jon Karlsen Melum, seinare Almon, f. 1654, d. 1737, g.m. Anne Hansdtr. f. 1703, dtr. av Hans Klausen og Ingeborg Evensdtr. Bergan gard
    Då Hans Jonsen Lien som var på Almon, i sept. 1694 kjøpte 2 tb. i Ø. Tveitan og flytta frå Almon, fekk Jon Karlsen feste på eigedomen. Då han døydde held hans kone fram med drifta av garden til 1740. Anne hadde hogge noko meir i skogen enn ho hadde fått løyve til og soleis sitt feste forbrote. Ho måtte difor overgjeva garden til ny festar.
    Anne og Jon hadde ingen barn.
  3. Berthe Karlsdtr. Melum g.m. Mathias Kolbjørnsen f. 1639, d. 1717. Dei budde i Suttervik og hadde eige hus. Av barna er funne:
    1. Karl Mathiassen Suttervik f. 1686, d. 1747, g. 1723 m. Maren Abrahamsdtr. Bjørntvet f. 1680, d. 1761, dtr. av Abraham Mortensen Bjørntvet og Lisbeth Jonsdtr. Lien.
      Med si kone hadde Karl arva ein part i Stavdal, dertil kjøpte han i 1738 tre arvepartar i same av si kones medarvingar, slik at han kom til å eige ½ hud i garden. Denne eigedom selde han i 1742 til Jon Kristensen Stavdal. Maren og Karl budde i Suttervik og hadde eige hus her men tomtya var bygsla av Jon Isaksen Elset som eigde grunn.
      Det er ikkje funne barn i dette ekteskap.
    2. Anne Mathiasdtr. Suttervik f. 1694, d.1782, g. 1715 m. Peder Hansen Røra f. 1684, d. 1760, son av Hans Pedersen Røra og Ingeborg Jonsdtr. Lien.
      Av eigedom eigde dei garden Røra 3 huder, i garden Tråk med Verbergskogen 1 hud 1/3 skinn, desutan plassane Reple og Strand. Dei hadde ogso litt fiske i Rørabækken. Alt var verdsatt til 200 rdl. i 1762
      Anne og Peder sine born er:
      1. Hans Pedersen Røra f. 1717, d. 1786, g. 1748 m. Anne Kristensdtr. f. 1714, dtr. av Kristen Hansen og Elsabe Pedersdtr. Ånerød. Anne Kristensdotter hadde tidlegare vore g. 1735 m. Kjeld Tomassen Bjørntvet f. 1708 og døyd 1746.
        Borna til Anne opg Kjeld var:
        Liv f. 1737 - Thomas Kjeldsen f. 1738, g. 1765 m. Maren Nilsdtr. nordre Bjørntvet - Kristen f. 1740 - Hans Kjeldsen f. 1743, g. m. Åste Eriksdotter Holtan f. 1746 - Kjeld f. 1746, d. 1747.
        Anne og Hans Røra hadde god økonomi. Då Hans døydde vart buet oppgjort med ei eige på 2432 eiksdalar. Dei hadde 4 sønner og sjølv om enka fekk halvparten av buet vart det ogso ein stor sum til borna. Sønnene var:
        1. Peder Hansen f. 1749, d. 1791, g. 1782 m. Åvet Pedersdtr. Findal f. 1761 d. 1850, dtr. av Lensm. Peder Hansen Findal og Maria Hansdtr. Ånerød.
          Åvet 2) g. 1794 m. Torsten Mathiassen V. Klyve f. 1762, d. 1820 på Røra.
        2. Kjeld Hansen f. 1751, 1839, g. 1804 m. Ingeborg Vetlesdtr.
        3. Jakob Hansen Røra f. 1755, d. 1819 på Åfoss, g. 1800 m. Marthe Kristine Pedersdtr. Åfoss f. 1799.
        4. Mathias Hansen f. 1757 på Bjørntvet, var tilsjøs i 1787, g. 1794 m. Kirsten Pedersdtr.
      2. Birthe Pedersdtr. Røra f. 1720, g. 1738 m. Hans Kristensen Hanes f. 1711, d. 1774 på Falkum, son av Kristen Sørensen og Kirsti Torbjørnsdtr. Hanes. Dei budde på Falkum som hans bror var eigar av.
      3. Mathias Pedersen Røra f. 1727, d. 1725.
      4. Maren Pedersdtr. Røra f. 1727, d. 1811, g. m. Peder Andersen Meltvet f. 1729, d. 1792, son av Anders Solvesen Meltvet og Torjer Reiarsdtr. Lilleholt.
        Peder døydde på nordre Falkum. Han flytta dertil eit par år før, på grunn av dei mange gjeremål han fekk ved Søren Kristensen Falkums døyd. Som svigerfar vert Peder verge for Sørens einaste barn Anne Kirstine som då var 14 år og arva farens store eigedom og formue der netto var 20 460 riksdalar. Peder hadde gjeve frå seg Meltvet til sine eldste sønner og kunne difor taka seg av tilsynet og drifta hos dottera på Falkum.
        Peder hadde foruten Meltvet, nordre Sjøtvet, eigedom i Åfoss, bygdesag med dambygg og 2 kvernhus.
        Maren og Peder sisne born er: Anders f. 1751, d. 1775 - Peder f. 1753, d. 1754 - Anne Pedersdtr. f. 1755, d. 1777, g. 1776 m. enkemann Søren Kristensen Falkum f. 1709 på Hanes, d. 1786 - Peder Pedersen f. 1757, d. 1834, g. 1791 m. Anne Mathiasdtr. V. Klyve f. 1757. Peder 2) g. 1824 m. Marthe Kirstine Jensdtr. Raneberget - Nils Pedersen f. 1759, d. 1826 g.m. Anne Kittilsdtr. f. 1770 i Gjerpen, d. 1847 - Ole Pedersen f. 1761, d. same år - Ole Pedersen f. 1762, d. 1839 på Åfoss, g. 1797 m. Børthe Olsdtr. Bjørntvet f. 1777, d. 1848 på Åfoss, dtr. av Ole Nilsen Bjørntvet, Nenset og Anna Andersdtr. Bjørntvedt - Ingeborg Pedersdtr. f. 1866, d. før 17192 - Marthe Pedersdtr. f. 1768, d. 1769.
    3. Ingeborg Mathiasdtr. Suttervik f. 1689, d. 1775, g. 1735 m. Søren Kristensen Hanes, seinare Falkum, f. 1709, d. 1786, son av Kristen Sørensen og Kirsti Torbjørnsdtr. Hanes.
      Ingeborg og Søren eigde nordre Falkum og opparbeide seg ei stor formue. Forutan Falkum eigde han Erlands Venstøp, parten Venstøpanden, vestre Gulset, skog og plassen Kåsa. Søren stødde mange med lån på tildels store beløp.
      Som før nemnd vart Søren Kristensen 2) g. 1776 og no med Anne Pedersdtr. Meltvet f. 1755, d. 1777, dtr. av Peder Andersen Meltvet og Maren Pedersdtr. Røra.
      Det var inga barn i Sørens første ekteskap, men i andre ekteskap var det eit barn, nemleg:
      1. Anne Kirstine Sørensdtr. Falkum f. 1776, d. kring 1806, g.m. Hans Jensen Blom som døyd før 1811.
        Dei etterlot seg 5 mindreårige born: Søren Blom f. 1798 - Kristian Blom f. 1801 - Fredrik Blom f. 1802 - Hans Andreas Blom f. 1806 - Marthe Blom f. 1803.
    4. Kari Kalsdtr. Melum f. 1655, d. 1739 på Åmdal, g. 1707 m. enkem. Ole Guttormsen Åmdal f. 1651, d. 1728. Ole Guttormsens første ekteskap var med Anne Thorsdtr. som døydde i 1705.
      Ole Guttormsen var leiglending på Åmdal fra 1694 då han tok over feste etter Gunnar Åmdal og var på halve garden av skyld 4 huder. Den andre halvpart av garden tok Søren Olsen over etter Tore Åmdal.
      I 1705 var her på garden 2 hestar, 7 kyr, 2 kviger, 2 uksar, 5 kalvar, 2 gjeitar og 2 grisar. Her var ogso kollmile i skogen. Til eigedomen låg garnsett og hamn ovanfor Skotfossen.
      Av Kari og Ole sine born er funne:
      1. Ingeborg Olsdtr. Åmdal g. 1726 m. Anders Sørensen. Dei held til i Jøranstå under garden Hustvedt. Plassen var skyldsett til 1 kalveskinn og var åkerland til 1 tn. havre og fekk 2 lass høy. Dei kunne føda 4 sauer på plassen.
        Det er funne tre born: Anne f. 1727 - Ole f. 1729 - og Anders f. 1738.
      2. Anne Olsdtr. Åmdal d. 1708, g. m. Kristen Nilsen Åmdalstrand f. 1659, d. 1722. Kristen Nilsen gifta seg igjen i 1712 og no med Synøve Gudmundsdtr. Ø. Gisholt f. 1657, d. 1732 på Ø. Gisholt, dtr. av Gundmund Olsen og Kari Andersdtr. Gisholt.
        Av borna er funne: Hans f. 1693, d. 1727 - Ole - Maren g. 1717 m. Halvor Larsen - Karen g. 1717 m. Isak Knudsen
      3. Mari Olsdtr. Åmdal f. 1695, d. 1742 på Åmdal, g. 1722 m. Lars Hansen Åmdal f. 1689, d. 1758.
        Lars Hansen tok over feste på Åmdal etter sin svigerfar i 1730. I 1737 kjøper han garden med plassane Bjerkøya, Åmdalstrand, Kastet, Majer og Grøtsund med dertil liggjande fiskerettar for 550 riksdalar. Den fårige eigar av Åmdal hadde i 1732 tillate Nils Gundersen å rydgja seg ein plass «Steen-Rugla» ved Norsjøvatne. Då kona til Lars døydde selde han i 1742 sin eigedom til Anders Andersen Åmdal fir 592 rdl. og busette seg i Grøtsund. Mari og Kars hadde desse born: Anne f. 1723, d. same år - Hans f. 1724 - Mathias Larsen f. 1726, d. 1791 på Vadrette, g. 1748 m. Maren Larsdtr. Grøtsund f. 1730, d. 1761, dtr. av Lars Eriksen og Guri Bentsdtr. Grøtsund - Karen f. 1727, d. 1728 - Anne f. 1727 - Karen f. 1733.
      4. Kari Olsdtr. Åmdal g. 1720 m. Helge Isaksen Gulset.
      5. Gunhild Olsdtr. Åmdal f. 1701, g. 1723 m. Rasmus Hansen Ås.
    5. Anders Karlsen Melum f. ca. 1647, d. 1697, g.m. Åvet Jonsdtr. Lien d. 1697, dtr. av Jon Jensen Lien og Anne Kristensdtr. Ånerød.
      Sjå vidare om desse ektfolka under ledd 2.
Utdrag (s. 130-137) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen