Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd

2. ledd. Anders Karlsen Melum

Anders Karlsen kom til å taka over Melum garden etter sin far og hadde et stort husdyrhald. Med si kone var han eigar av ein part i Vebergskogen og ein part i Elset. Anders var aktivt med i heradets styr og stell og mykje nytta som domsmann. Åvet og Anders døydde like etter kvarandre i 1697. Dei hadde 6 born:

  1. Karl Andersen øvre Bergan f. 1683, d. 1758, g. 1709 m. enka etter Klaus Hansen Bergan d. 1708, Ingeborg Michelsdtr. Dolva, f. 1679, d. 1758, dtr. av Michel Guttormsen og Marthe Sørensdtr. Dolva.
    Karl Bergan var ein dugande bonde og dreiv sin gard til stor hevd og stelte fint med skogen. Ved sin døyd hadde Karl ei rein eige på 1800 rdl. og det var inga gjeld.
    I Ingeborg Michelsdtr.'s første ekteskap ver der 3 born:
    1. Hans Klausen f. 1708. Han flytta seinare til Strømdal i Gjerpen.
    2. Sara f. 1707, d. same år.
    3. Ingeborg Klausdtr. f. 1705, f. 1789, g. 1730 m. Iver Larsen Hanes, seinare Bergan f. 1704, d. 1776.
      Dei hadde borna:
      Klaus Iversen g. 1760 m. Kirsti Johannesdtr. - Lars Iversen g. 1768 m. Kirsten Nilsdtr. Tveitan - Isak og Abraham (tvillingar) f. 1739 - Ingeborg g. 1755 m. Isak Jonsen Eie, seinare Gjerstad under Gjærum - Gunhild f. 1736 gift til Munken - Marthe g. 1765 m. Serg. Gunder Andersen Grutsund - Kirsti g. 1766 m. Abraham Isaksen Melum, seinare Tveitan - Jakob g. 1776 m. Marthe Andersdtr. Bergan.
    I andre ekteskap var det 5 born, men berre 2 av borna vaks opp: Anders f. 1710, d. 1715 - Åvet f. 1712, d. 1715 - Søren f. 1719, d. 1720. Dei andre var:
    1. Klaus Karlsen Bergan f. 1713, d. 1781, g. 1738 m. Kirsti Kristensdtr. Hanes f. 1717, d. 1804, dtr. av Kristen Sørensen og Kirsti Torbjørnsdtr. Hanes.
      Klaus Karlsen vart eigar av øvre Bergan 1 hud 6 skinn, i Torgersrød ¼ tylt hogne bord, i nordre Skjelbreid 10 skinn. Plassen Haugland låg ogso under Bergan gard. Då Klaus døydde vart eigedomane delte. Heimeskogen, Berganhagen vart delt i 3 stykker. Son Kristen var på plassen Huken, Kaarl og Isak Klausen på Skjelbreid, men Karl kom seinare til Bergan.
      Kirsti og Klaus fekk 12 born saman:
      1. Marthe Klausdtr. f. 1739, g. 1766 m. Søren Jonsen Elset f. 1735, d. 1788, son av Jon Isaksen Elset og Dorthe Pedersdtr. Åfoss.
      2. Kristen Huken f. 1741, d. 1797, g. 1. g. 1767 m. Børthe Olsdtr. Kolle f. 1747, d. 1775 i Huken, 2) g. m. Kirsten Evensdtr. Godti.
      3. Karl f. 1743, d. 1744.
      4. Karl f. 1745, d. 1748.
      5. Kristen f. 1747, d. 1775.
      6. Karl Klausen f. 1750, d. 1834, g. 1779 m. Margrethe Nilsdtr. Klyve f. 1750, d. 1839, dtr. av Aslaug Gundersdtr. Ø. Klyve og Nils Aslaksen Gulset.
      7. Ingeborg f. 1752, d. 1754.
      8. Anders f. 1754, d. 1759.
      9. Abraham f. 1756, d. 1756, han var tvilling med
      10. Isak Klausen f. f. 1756, d. 1825, g. 1795 m. Kari Jonsdtr. f. 1770, d. 1832.
      11. Anders Klausen f. f. 1760, d. 1794 då han fall i fossen under eit arbeid på Langfossbrua i Skien. g. 1789 m. Mari Halvorsdtr. Leirodden f. 1769, d, 1862, 93 år, dtr. av Halvor Hansen Valen og Berthe Nilsdtr. Rugla.
      12. Ingeborg Klausdtr. f. 1759, d. 1801, g. 1785 m. Isak Andersen Melum f. 1753, d. 1839 som husmann i Høgebru.
    2. Åvet Karlsdtr. Bergan f. 1716, d. 1792, g. 1735 m. Kristen Larsen Gjærum d. 1784, 76 år.
      Kristen Larsen fekk i 1734 feste på 3 tn. i garden Gjærum av Jon Isaksen Elset. I 1739 kjøper han so garden Klovholt av skyld 4 huder for 350 rdl. av Herman Leopoldus. Denne eigedom vart i 1784 verdsatt til 1601 rdl. Buet etter Kristen vart oppgjort med ei rein eige på 1301 rdl.
      Åvet og Kristen hadde 13 born, men berre 7 av borna vaks opp, nemleg
      1. Lars f. 1739, g. 1774 m. enke Anne Rasmusdtr.
      2. Karl f. 1743
      3. Marthe f. 1747, g. 1777 m. Jakob Amundsen f. i Gjerstad sokn.
      4. Anders f. 1749
      5. Ingeborg f. 11751, g. 1782 m. Isak Larsen Sanne gard i Gjerpen
      6. Anne f. 1754, d. 1783, g. 1780 m. Hans Jakoib Isaksen i Skien
      7. Åvet Kristensdotter f. 1756.
  2. Jon Andersen Melum, seinare Dola og V. Dal f. 1690, d. 1740, g. 1726 m. enka etter Ole Michelsen Dolva, Ingeborg Torstensdtr. Skjelbreid, dtr. av Torsten Kristensen søre Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen i Melum. Ingeborg vart 3) g. 1743 og no m. enkem. Halvor Gundersen Hummelsgård. Sjå s. 131.
    Jon Andersen Melum fører denne slekt vidare, sjå ledd 3.
  3. Abraham Andersen Melum, seinare Leirodden f. 1695, g. 1720 m. Gjertrud Hansdtr. f. 1697, d. 1733.
    Abraham og Gjertrud flytta etter giftemålet til Leirodden som var plass under Valen. Gjertrud døydde her i ung alder. Etter den tid er det ikkje noko å finna om Abraham og borna. Desse var:
    Hans f. 1722, d. 1723 - Hans f. 1723, d. same år - Hans f. 1724 - Lars f. 1726 - Karl f. 1729 og Isak f. 1732, d. same år.
  4. Anne Andersdtr. Melum f. 1680, d. 11752, gift før 1701 Peder Tordsen Bergan f. 1658, d. 1743.
    Anne og Peder tok over Melum gard etter Anders Karlsen og dreiv denne til 1740. Då dei no følte seg gamle og skrøpelege fekk dei ordna det slik at sønnene Anders og Isak dela eigedomen av skyld 6 huder med 3 huder til kvar. Andes Pedersen kom med dette til å bu på Melumflata,
    Anne og Peder sine born er:
    1. Anders Pedersen Melum f. 1705, d. 1766, g. 1729 m. Anne Andersdtr. Valen f. 1704, d. 1766, dtr. av Anders Reiarsen Valen og Marie Hansdtr. Ånerød.
      Anne og Anders døydde begge i Melumkåsene.
      Etter manntallet av 1762 syner at ingen av borna var heime då. Dei hadde 11 born, nemleg:
      Peder f. 1731, d. 1806 på Fjære-Brekka, g.- 1758 i vestre Porsgrunn med Anne Elisabet Vetlesdtr. d. 1800, 72 år - Anders f. 1732, d. 1832, g. 1792 m. Mari Larsdtr. Hentia f. 1763, d. 1829, dtr. av Lars Abrahamsen Hentia og Mari Gunnarsdtr. Grøtsund - Karen f. 1734 - Anne f. 1736 - Liv f. 1737 - Maria f. 1739 - Tollov f. 1745, d. 1746 - Margrete f. 1743, d. same år - Karl f. 1747, d. 1761 då han drukna i Melumselva - Tollef f, 1749 - Isak Andersen f. 1753, d. 1839, g. 1785 m. Ingeborg Klausdtr. Bergan f. 1759, d. 1801, dtr. av Klaus Karlsen Bergan og Kirsti Kristensdtr. Hanes.
    2. Karl Pedersdtr. Melum f. 1710, d. 1750, g. 1734 m. Margrete Kristensdr. f. 1707, d. 1780.
      Dei hadde 6 born: Kristen f. 1735 - Jørgen - Anne f. 1738 - Gunnar f. 1745 - Peder f. 1746 - Elisabeth Margrethe f. 1748.
      Familien budde på Gimsøy klosters grunn ved Klostergrinda. Her budde Margrete ogso i 1763 og hadde sønene Kristen og Jørgen hos seg.
    3. Isak Pedersen Melum f. 1711, d. same år.
    4. Isak Pedersen Melum f. 1712, d. 1768, g. 1741 m. Karen Åsoldsdtr. Rennesund f. 1719, d. 1774, dtr. av Anne Andersdtr. d. eld. Valen og Åsold Jakobsen Rennesund.
      Isak Pedersen fekk etterkvart stor økonomisk makt. Han kjøpte mykje eigedom, ikkje berre for seg sjøl, men svert mange gonger for å hjelpe huslydar til jord og levemåten.
      Sjå elles s. 31.
    5. Gunhild Pedersdtr. Melum f. 1717, d. 1761, g. 1751 m. enkem. Abraham Torstensen f. 1706, d. 1763, son av Torsten Kristensen Skjelbreid og Anne Reiarsdtr. Valen. Sjå elles s. 22.
    6. Åvet Pedersdtr. Melum f. 1722, d. 1790, g. 1751 m. Isak Åsoldsen Rennesund f. 1722, d. 1796, son av Åsold Jakobsen Rennesund og Anne Andersdtr Valen.
      Om Åvet og Isak Rennesund sjå s. 41.
    7. Karen Pedersdtr. Melum f. 1720, g. 1745 m. Klements Nilsen ytre Solum.
    Anne og Peder Tordsen Melum hadde 4 barn til men alle desse døydde, nemleg:
    Anna f. 1793, d. 1706 - Tord f. 1708, d. 1712 - Åvet f. 1714, d. same år - Åvet f. 1715, d. 1716.
  5. Mari Andersdtr. Melum f. 1685, d. 1741, g. 1708 m. Tord Mathiassen Sti, seinare Haukeli, f. 1681, d. 1765, ein bror av Jon Mathiassen Haukeli og son av Mathias Sørensen og Anne Thorsdtr. Bolvik.
    Tord var brukar på austre Sti i ein del år. I 1722 kjøpte han so Haukeli med Grasdalen av skyld 3½ hud og budde her all si tid.
    Ved skiftet etter Mari var det på garden 2 hestar, 7 kyr, okse og kvige, 2 sauer. Buet synte ei rein eige på 333 rdl. og her var inga gjeld.
    Mari og Tord hadde 10 born, men berre 5 av borna vaks opp, nemleg:
    1. Åvet Thorsdtr. Haukeli f. 1712, d. 1769, g. 1743 m.Halvor Kristensen Ånerød f. 1699, d. 1786, son av Kristen Hansen og Anne Halvorsdtr. Ånerød. Dette var Halvors tredje ekteskap.
      Åvert og Halvor oppheld seg den første tid på Ånerød før dei flytta til konas far på Haukeli, der dei kom til å vera i mange år.
      I ekteskapet var det eit barn, Anne Halvorsdtr. f. 1744 på Ånerød. Ho vart gift i 1767 med Anders Gjeitebua i Helgja.
      Halvor Kristensen Ånerød var 1) gift i 1724 m. Anne Andersdtr. Meltvedt f. 1698, d. 1735, dtr. av Anders Hansen Meltvet og Birthe Pedersdtr. Findal.
      Her var 4 born:
      1. Kristen Halvorsen f. 1725, seinare gift til Haukeli, sjå nedanfor under b.
      2. Jakob f. 1727.
      3. Ole f. 1731.
      4. Anders f. 1735.
      Halvor Kristensen var g. 2 g. 25/8-1739 m. Maren Hansdtr. f. 1697, d. 1741, og dei hadde eit barn, Hans f. 1740.
    2. Anne Thorsdtr. Haukeli f. 1713, d. 1773, g. 1750 m. Kristen Halvorsen Ånerød f. 1725, d. 1775, son av Halvor Kristensen Ånerøds første ekteskap, og Anna Andersdtr. Meltvedt.
      Halvor Kristensen vart trulova i okt. 1775 med tenestejenta på garden, Maren Reiarsdtr., men Halvor døydde berre ein månad etter og det vart ikkje noko giftemaål. Maren var med barn som fekk namnet Kristen f. 1776 og vart av soknepresten døpt som ekte barn. Maren Reiarsdtr. d. 1819, 76 år.
      Kristen Halvorsen kjøpte i 1757 Haukelia gard av Isak Pedersen Melum og i 1769 plassen Marodden av Jon Halvorsen som budde påå plassen Grinerud under Tveiten i Lundeherad. I 1778 innløyste Tor Halvorsen 1 hud i Haukeli og 2 skd. i Grasdalen og i 1781-82 vart det halde delegang mellom han og Anders Kristensens eigedomar.
      Av Anne og Kristen sisne born er funne:
      1. Anders Kristensen f. 1751, d. 1818, g. 1778 m. Kjersti Halvorsdtr. Skjelbreid f, 1761, d. 1825, dtr. av Halvor Pedersen Siljan, seinare Skjelbreid og Maren Svendsdtr. Tveitan. Her var det 6 born;
        Kristen g. 1800 i Holla med Karen Halvorsdtr. Ytterbø - Halvor g. 1810 m. Anne Jørgensdtr. Tveitan - Peder g. 1811 m. enke Anne Guttormsdtr. Dolva - Anders bur på garden Ballestad i Gjerpen - Anne g. 1810 m. Hans Jørgensen Tveitan - Mari g. 1816 m. Isak Jakobsen Siljan
      2. Halvor Kristensen f. 1753, Han var ikkje gift. Etter han hadde selde sin arvpart i Haukeli til broren, gjekk han inn i hans arbeid på garden.
    3. Gunhild Thorsdtr. Haukeli f. 1716, d. 1769, g. 1738 m. enkem. Reiar Andersen Valen f. før 1700, d. 1759 på Ø. Dal. Reiar var første gong g. 1718 m. enka etter Lars Madsen på Ø. Gisholt Karen Hansdtr. Han vart difor brukar på Ø. Gisholt og seinare på Ø. Dal. Sjå ogso s. 37.
    4. Maria Thorsdtr. Haukeli f. 1726, d. 1766, g. 1746 m. Anders Hansen Valen f. 125, d. 1784. Sjå vidare s. 48.
    5. Mathias Thorsen Haukeli f. 1718, g. 1748 i Holla m. Gunvor Larsdtr. dtr. av Lars Jensen Holtan og Anna Tobjørnsdtr. Kolle. Konta til Mathias døydde i 1749 og det vart då halde skifte for å avtala om det ho hadde fått med seg heimanfrå ved gifte.
      Hennar far melde då at han ikkje kravde noko av dette tilbake og Mathias takka for dette. Sidan har det ikkje vore noko å finna om Mathias.
  6. Børthe Andersdtr. Melum
Utdrag (s. 138-144) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen