Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

6. ledd

Anders Solvesen Meltvet

av Erling Gjærum

Før ein går vidare med Anders Solvesen slekt kan det vera av interesse å sjå litt tilbake og nemne noko om dei folk som var på Meltvedt før Solvesen tok over garden.

Den som ein har dei fleste opplysningane om er Hans Hansen Meltvet som døydde i 1698, h. m. Mari Iversdtr.

Hans Hansen har truleg fått feste på Meltvet kring 1670. Han var med som sjønsmann ved utskilling av eit jordstykke frå Ånerød og plassen Løsthagen til Even Rugtvet i 1692. På garden sådde han årleg 7½ tn. havre og 2 kvt. bygg og hadde 2 hestar, 3 kyr, kalv og 7 sauer og gris.
Deira born var:

  1. Anders Hansen f. 1671, d. 1733. Hans første kone er ikkje kjent.
    2) g. 1729 m. Birthe Pedersdtr. Findal f. 1708, dtr. av Peder Hansen og Karen Nilsdtr. Findal.
    Birthe gifta seg igjen i 1733 og no med Kristen Kristensen Nyhus.
    I sine to ekteskapar hadde Anders 5 born med første kone og to born med Birthe, nemleg:
    1. Kirsten Andersdtr. Meltvet f. 1693, d. 1762 på Rogstad, g. 1731 m. Ole Eriksen Skjelbreid f. 1699, d. 1767, son av Erik Olen og Guro Sørensdtr. Skjelbreid.
    2. Anne Andersdtr. Meltvet f. 1698, d. 1735, g. 1724 m. Halvor Kristensen Ånerød f. 1699 d. 1786. Sjå nermare s. 142.
    3. Ragnhild Andersdtr. Meltvet f. 1701, d. 1703.
    4. Ragnhild Andersdtr. Meltvet f. 1703, d. 1736, g. 1730 m. Abraham Torstensen Skjelbreid. Sjå nermare s. 29.
    5. Hans Andersen Meltvet f. 1719, d. same år.
    6. Ingeborg Andersdtr. Meltvet f. 1729.
    7. Hans Andersen Meltvet f. 1732
  2. Rasmus Hansen Meltvet f. 1679, d. 1753, begr. i fatig jord, g. 1708 m. Inger Hansdtr. Findal, dtr. av Hans Torstensen og Inger Pedersdtr. Findal.
  3. Hans Hansen Meltvet.
  4. Kari Hansdtr. Meltvet f. 1684, d. 1733.
  5. Isak Hansen Meltvet f. 1689, d. 1733 i vestre Porsgrunn, g. 1722 m. Birthe Michelsdtr.

Det var soleis etter brukaren Anders Hansens døyd i 1733 at Anders Solvesen Lindland i 1734 kjøpte Meltvet gard 3 huder.

Anders Solvesen held fram i sine fedrars fotspor med kjøp av eigedomar. I 1735 kjøpte han nordre Sjøtvet 3 huder 6 skinn av Peder Hansen Wulf i Gråten som var svigerson til Knud Pedersen Tisted og av han fått overteke denne eigedom. Knud Tisted hadde plassert arvemidlane for borna etter deres mormor Pernille avdøydde Ludvig Blehrs kone, for at vergen skulle få ei betre trygd for barnas pengar. Vergen var Iver Blehr.

Anders selde Sjøtvedt igjen i 1739 til sin svigerson Ole Ellingsen og Ole Tallaksen og eigedomen var delt.

I 1742 kjøpte han so garden Ørevik (ogso kalla Ødegården) av Herm. Løvenskjold for 500 rdl. Øreviks skyll var 2 huder med huser, skog, mark, fiskevatn og fegang. Andes døydde brått i 1749 med han var på Ørevik. Targjerd overlevde sin mann. Ho oppheld seg i 1762 på Ørevik saman med si dotter Kjersti hos Ole Ellingsen, og har seinare ikkje funne noko meir om desse.

Av Targjerd og Anne sine born er funne fram til:

  1. Reiar Andersen f. 1719 på Lindland, d. 1776 på Findal i Solum, g. 1755 m. Birthe Andersdtr. Findal i Bamble.
    Reiar Andersen var då på Lille-Herre i Bamle og har truleg vore her i nokre år. I eit skifte etter farbroren Erik Solvesen på Lindland er han nemd å bu på Herre i 1753.
    Her ligg ogso føre eit skriv vedkomande hans to farbrør som er slik:

    «Vi brør, Reiar Andersen buande på garden Herre i Bamle og Peder Andersen Meltvet, gjer kjent, at vi med Peder Paulsen Lindland av Søndeled sokn har avtala kontrakt av 1753 der han «træder udi midt Reiar Andersens stæd» og påtek seg å føda og pleia våre 2 vanvittige og svake farbrør Elling og Torjer Solvesen for deres levetid og etter døydden ein standsmessig gravferd, vidare som foreskrive i skiftebrevet etter avdøydde farbror Erik Solvesen av 1753 oppsette kontrakt med Reiar Andersen som derfor skulle nyte 700 rdl.

    Peder Paulsen overtok alt dette som kontrakten krev og til no oppfylt den i alle delar bra, men den 24. i denne månad vart vår farbror Torjer Solvesen ført til jorden, so har vi som den vanvittige Elling Solvesens brorsøner vedteke å taka vores farbror og for ettertida syte for hans pleie soleis at Peder Paulsen Lindland betalar oss 300 rdl.

    Vi takker Peder og hans brør Søren Paulsen Søndeled for stell med desse farbrør.

    Reiar og Peder Andersen overtek igjen sine plikter i samsvar med kontrakten og stiller trygd, serleg i min Peder Andersens gard Meltvet.
    Dat. Lindland 27/2-1758»

    Ved skøyte av 1761 frå Knud Larsen har Reiar Andersen kjøpt 1 hud i Lille-Findal m.b. over 2 huder.
    Det vart rettssak om kven som skulle hava bygselen og ved høgsterettsdom i 1772 vart denne tilkjent Solum kyrkje eller dens eigar som var Amtmann Adeler.
    Reiar var nok likevel på Herre til 1765, før han flytta til Findal.
    Birthe og Reiar sine born er:

    1. Else Marie Reiarsdtr. f. 1756 på Herre.
    2. Anders Reiarsdtr. f. 1758 på Herre, d. 1833 på Findal, g.m. Anne Kirstine Nilsdtr. f. 1773, d. 1823.
      Anders mottok garden Findal av si mor og hadde den til han i 1822 selde den til sin son Reiar Andersen i 1822.
      Deira born er:
      1. Reiar Andersen Findal f. 1794, g. 1826 m. Anne Olsdtr. Valen. Budde som inderst på Meltvet.
      2. Nils Andersen Findal f. 1796, d. 1797.
      3. Nils Andersen Findal f. 1800.
      4. Anne Andersdtr. Findal f. 1797.
      5. Skreddar Lars Andersen Findal f. 1803, g. 1839 m. Maren Anne Jørgensdtr. Nes f. 1817, dtr. av Jørgen Jonsen Nes og Karen Kirstine Pedersdtr. Meltvet, f. på V. Klyve.
      6. Ole Andersen Findal f. 1807, d. 1809.
      7. Børre Andersen Findal f. 1809, d. same år.
      8. Børthe Andersdtr. Findal f. 1812.
      9. Ole Andreas Andersen Findal f. 1816. Han utflytta i 1836 til Sandefjord.
    3. Ingeborg Reiarsdtr. f. 1760 på Herre.
    4. Nils Reiarsen f. 1762 på Herre.
    5. Marie Reiarsdtr. f. 1765 på Herre.
    6. Lars Reiarsen f. 1768 på Findal.
    7. Sara Reiarsdtr. Findal f. 1770.
    8. Kari Reiarsdtr. Findal f. 1773.
    Alle dei ovanfornemnde born levde ved moras døyd i 1823, men det er ikkje kor dei er blitt av.
    Som verge for dei var oppnemnd Hans Andersen, Amund Andersen og Anders Andersen som alle var brødre til deira mor og budde på Findal i Bamble.
  2. Peder Andersen f. 1721 på Lindland i Søndelde, d. 1792 på Falkum i Gjerpen, g. 1750 m. Mari Pedersdtr. Røra f. 1727, d. 1811, dtr. av Peder Hansen Røra og Anne Mathiasdtr. Suttervig.
    Sjå nermare om denne familie under ledd 7.
  3. Ingeborg Andersdtr. Meltvedt f. 1730.
  4. Torborg Andersdtr. f. 1723 på Lindland, d. 1794 på Aspheim, g. 1758 m. Ole Kristensen Bjørntvet f. 1728, d. 1799 på Aspheim, son av Kristen Abrahamsen Bjørntvet og Maren Hansdtr. Røra som var enke etter Ole Nilsen Bjørntvet.
    Torborg Andersdtr. var første gong g. 1749 m. enkemann Peder Hansen Findal f. 1674, d. 1756.
    Peder Hansen Findal var 1) g. 1705 m. Kari Nilsdotter Bjørntvet f. 1674, d. 1746, dtr. av Nils Olsen og Maren Borgersdtr. Bjørntvet.
    I Torborgs første ekteskap var det ei dotter, Kari Pedersdtr. Findal f. 1751, d. 1838 på Gjærum, g. 1774 m. Henrik Paulsen Gjærum f. 1747, d. 1808, son av Paul Paulsen Gjærum og Ingeborg Svendsdtr. Ø. Tveitan. Sjå nermare side 262.
    Ole Kristensen Bjørntvet var sergeant i det militære ved farens døyd i 1751. Ole og Torborg busette seg på Nes i Melum og budde her til dei i 1761 fekk feste på 2 huder i Aspheim. Dei bruka so denne eigedom i 32 år. Dei vart då sjuke og dårlege so deres son Peder fekk feste og rådevelde over garden.
    Torborg og Ole sine born er:
    1. Anne Marie Olsdtr. Nes f. 1758 (tvilling), g. 1791 m. Halvor Bjørnsen Fjeld, seinare Ødegården, son av Bjørn Tordsen og Anne Halvorsdtr. Ødegården.
    2. Kristen Olsen Nes f. 1758. Han var i 1781 hyra med eit engelsk skip på reise til Genea-kysten og seinare ikkje høyrt noko til skip eller mannskap.
    3. Peder Olsen Nes f. 1760, d. 1812, g. 1793 m. Marthe Haraldsdtr. Skjelbreid f. 1769, d. 1822, dtr. av Harald Amundsen og Ellen Fredriksen Skjelbreid.
      Peder overtok Aspheim etter foreldra og hadde denne all si tid. Dei hadde 5 born:
      1. Harald Pedersen Aspheim, seinare Bleikelia, f. 1795, d. 1853, g. 1820 m. Johanne Hansdtr. Rogstad, dtr. av Hans Olsen og Berthe Marie Larsdotter Rogstad.
      2. Ole Pedersen Aspheim f. 1799, d. 1876, g. 1830 m. Ingeborg Jakobsdtr. Eiklund f. 1803, dtr. av Jakob Johannesen og Anna Olsdtr. Eiklund.
        Faren delte sin eigedom mellom Harald og Ole, men då Harald flytta til Bleikelia vart hans part noko oppdelt.
      3. Kristen Pedersen Aspheim f. 1801, d. 1802.
      4. Kristen Pedersen Aspheim f. 1804, g. 1828 m. Anne Jakobsdtr. Haukedalen f. 1811, dtr. av Jakob Hansen og Lisbeth Gulleksdtr. Haukedalen.
      5. Peder Pedersen Aspheim f. 1811, d. 1886 i Gjærumdalen, g. 1843 m. Aslaug Marie Thorsdtr. Tveit, f. 1816, d. 1907, dtr. av Thor Thomassen Tveit og Marthe Kristine Larsdtr. Klovholt.
  5. Kirsten Andersdtr. f. på Lindland. Ho var ugift og oppheld seg i 1762 på Ørevik.
  6. Solve Andersen f. 1726 på Lindland, d. 1805 på nordre Kjerringteigen, g. 1756 m. enke Karen Kristensdotter f. 1721, d. 1804.
    Karen Kristensdtr. var 1) g. 1742 m. Jens Amundsen Kjerringteigen, d. ca. 1755. Her var det 4 born:
    1. Marie Jensdtr. f. 1744, g.m. Isak Jensen Ekornrød og 3 born, nemleg: Ole Isaksen som budde påTollnes - Inger Isaksdtr. var ug. og tenar hos Saxild i Gråten - Marthe Isaksdtr. Muhle. Var i 1804 enke etter Lensm. Anders Muhle i Eidanger.
    2. Marthe Jensdtr. f. 1747
    3. Hans Jensen f. 1750, d. 1834, g. 1780 m. Kari Sørensdtr. f. 1751, d. 1833. Dei budde på Kjørbæk.
    4. Sara Jensdtr. f. 1754, d. same år.
    I 1753 kjøpte Solve 1 hud med rådvelde over 2 huder i Lille-Findal av broren Peder Andersen Meltvet. Peder bortfesta same år denne eigedom til Lars Olsen og vidare til dennes son Knud Larsen i 1754.
    Sjølv busette Solve seg på plassen Hegna under Kjerringteigen som tilhøyrte Gimsøy kloster.
    Karen og Solve sine born er:
    1. Sara Solvesdtr. Kjerringteigen f. 1757, seinare g.m. Kristen Trulsen f. 1757, son av Truls Amundsen og Karen Kristensdtr. Skauen u/Gimsøy kloster.
      Kristen fekk i 1793 med godkjenning av G.F. Adeler overtaka feste på Hegna av svigerfaren.
    2. Anne Solvesdtr. Kjerringteigen f. 1760, g. 1788 m. enkem. Styrm. Isak Hansen v. Porsgrunn.
    3. Jens Solvesen f. 1762 Kjerringteigen.
  7. Gunhild Andersdtr. f. på Lindland, g. 1742 m. enkemann Ole Ellingsen Ørevik f. 1714, d. 1766.
    Ole var 1) g. m. Anne Isaksdtr. f. 1716, d. 1741.
    Ole Ellingsen er truleg innflytta frå Holt ell. Søndeled i Aust-Agder. Han var i den første tid på Meltvet. Kjøpte so i 1739 nordre Sjøtvet av sin svigerfar saman med Ole Tallaksen og delte eigedomen. Ole selde sin eigedom i Sjøtvet i 1751 til Ole Torjussen og kone Anna Olsdtr. og til Vrål Olsen og kone Bodil Andersdtr. som delte garden mellom seg og hadde husene saman.
    Ved skifte etter svigerfaren Anders Solvesen kom det fram at Anders før han døydde hadde seld Meltvet til son Peder Andersen og Ørevik til Ole Ellingsen. Etter salet av Sjøtvet flytta då Ole med familie til Ørevik. Gunhild overlevde sin mann og sat med garden til ho skifta i 1777 og son Elling Olsen tok over eigedomen og etter kvart løyste inn heile garden.
    Gunhild og Ole sine born er:
    1. Elling Olsen f. 1743 på Meltvet, d. 1810 på Ørevik, g. 1773 m. Anne Jørgensdtr. f. 1754, d. 1833.
      Dei hadde inga born saman, men hadde teke til seg to fosterborn: Gunhild Andersdtr. og Jørgen Pedersen.
      Elling og Anne hadde inngått ektepakt slik at den lengstlevande sksulle arva all eiga. Då Anne døydde i 1833 synte det seg at ho hadde gjort testamente og slik at fosterdottera Gunhild Andersdtr. vart einearving til garden.
      Gunhild vart g. 1813 m. Hans Pedersen Røra, f. 1788, d. 1845, son av Peder Hansen Røra og Åvet Pedersdtr. Findal.
    2. Jens Olsen f. 1745 på Meltvet.
    3. Nils Olsen f. 1747 på Ørevik, d. 1771.
    4. Anders Olsen Ørevik f. 1749, d. 1774.
    5. Isak Olsen Ørevik f. 1752, d. same år.
    6. Anne Olsen Ørevik f. 1753, d. 1754.
    7. Isak Olsen Ørevik f. 1756.
    8. Anne Olsen Ørevik f. 1759, d. 1842 på Nes, g. 1785 m. Anders Eriksen Nes f. 1754,d. 1805, son av Erik Fredriksen Nes og Anne Thorsdtr. Bolvik.
      Anders overtok Nes etter sin far, men vart ikkje nokon gamal mann. Anne sat i uskifta bu til 1822 og eigedomen gjekk då over til hennar einaste son Erik Andersen f. 1801. Skifte vart oppgjort med ei eige på 1260 spd. og utgifter 138 spd.
      Av Anne og Anders sine born var det 5 som vaks opp, nemleg:
      1. Anne Andersdtr. Nes f. 1787, g. 1818 m. Paul Torstensen Aspheim f. 1785, son av Torsten Svendsen Ø. Tveitan, seinare Aspheim og Kirsti Paulsdtr. Gjærum.
        Dei budde i Vikle ei tid, flytta seinare til Herøya i Eidanger.
      2. Gunhild Andersdtr. Nes f. 1789, d. 1855 på Røra, g. 1813 m. bonde og forretningsmann Hans Pedersen Røra f. 1788, vart funne drukna like før jul 1845, son av Peder Hansen og Åvet Pedersdtr. Røra. Som før nemnd var Gunhild fosterdotter på Ørevik då ho vart gift med Hans.
      3. Børthe Andersdtr. Nes f. 1792, d. 1875, g. 1819 m. Jon Olsen Stavdal f. 1782, d. 1881 då han fekk slag av eit tre under arbeid i Eikeli-skogen, son av Ole Jonsen Stavdal og Birthe Eriksdtr. Nes.
        Børthe 2) g. 1823 m. Abraham Abrahamsen Erikstad f. 1793, d, 1860, son av Abraham Jonsen og Karen Jonsdtr. Øya.
        I første ekteskap var er eit barn, Jon Jonsen Stavdal f. 1821, d. 1899, g. 1849 m. Maren Anne Nilsdtr. Vikle f. 1826, d. 1908, dtr. av Nils Thomassen Vikle og Kirsti Fredriksdtr. Nes. Sjå side 301.
        I andre ekteskap var det desse born:
        1. Karen Anne Abrahamsdtr. Erikstad f. 1824, d. 1861, g. 1846 m. Brynild Andersen Fjeld f. 1820, f. 1867, son av Anders Brynildsen og Anne Hansdtr. Fjeld.
        2. Maren Kirstine Abrahamsdtr. Erikstad f. 1827, d. 1861, g. 1849 m. Thomas Nilsen Nes f. 1823, d. 1894, son av Nils Thomassen Vikle og Kirsti Fredriksdtr. Nes. Sjå s. 299.
        3. Birthe Andrea Abrahamsdtr. Erikstad f. 1831, d. 1848.
        4. Ingeborg Gurine Abrahamsdtr. Erikstad f. 1836.
      4. Mari Andersdtr. Nes f. 1794, d. 1819.
      5. Kari Andersdtr. Nes f. 1797, d. etter at ho hadde fødd dottera Birthe Andrea, g. 1821 m. Ole Olsen Stavdal f. 1794, son av Ole Jonsen Stavdal og Birthe Eriksdtr. Nes.
        Ole Olsen 2) g. 1829 m. Anne Maria Jakobsdtr. Erikstad f. 1798, dtr. av Jakob Jonsen Erikstad og Birthe Gundersdtr. Grøtsund.
      6. Erik Andersen Nes f. 1801, 1) g. 1824 m. Berthe Marie Halvorsdtr. Holtandalen f. 1804, d. 1825, dtr. av Halvor Halvorsen Dalen og Birthe Tykesdtr. Åmdal.
        Dei hadde ei dtr. Berthe Marie, som seinare vart gift 1842 m. Halvor Reiarsen Bjørbæk.
        2) g. 1830 m. Ingeborg Isaksdtr. Stavdal f. 1807, d. 1841, dtr. av Isak Jonsen Stavdal og Anne Marie Isaksdtr. Rennesund.
        Her var det 4 born som alle døydde som barn.
        3) g. 1841 m. Børthe Jonsdtr. Heisholt i Holla f. 1810, d. 1854, dtr. av Jon Andersen Ø. Heisholt og Maren Hansdtr. Kringleføt.
        Her var det desse born:
        1. Andreas Isinius Eriksen Nes f. 1842, d. 1901, g. 1868 m. Anne Haraldsdtr. Olsbrygge f. 1849, dtr. av Harald Gundersen Olsbrygge og Aslaug Halvorsdtr. Jøntvet.
          Andreas Isinius overtok garden etter faren saman med broren Jonas, men noko seinare overtok Jonas ogso brorens part, då Andreas Isinius vart handelsmann på Rognsbru.
        2. Jonas Eriksen Nes f. 1844, d. 1925, g. 1872 m. Åse Svennungsdtr. f. 1845 i Heddal, dtr. av Sveinung Halvorsen.
          Som nemnd ovanfor var det Jonas som vart bonde på farens eigedom.
        3. Karen Marie Eriksdtr. Nes f. 1847, d. same år.
        4. Karen Marie Eriksdtr. Nes f. 1849, g. 1868 m. Gunnar Jonsen Sønstvet f. 1840, son av Jon Jonsen og Elisabet Henrikdsdtr. Sønstvet ell. Sandbukta.
        5. Ingeborg Gurine Eriksdtr. Nes f. 1851, g. 1872 m. Andreas Jonsen Sønstvet f. 1847, son av Jon Jonsen og Elisabet Henrikdsdtr. Sønstvet.
  8. Hans Andersen Meltvet f. 1732, g. 1758 m. Mariken Isaksdtr. Åfoss f. 1735 f. 1735, dtr. av Isak Pedersen Åfoss og Mari Isaksdtr. Meen.
    Det er funne to born som begge er dp. ved vestre Porsgrunn, nemleg: Anders f. 1759 og Børthe Marie f. 1762. Sidan er denne familie blitt borte.
  9. Ole Andersen Meltvet f. 1736.
  10. Thor Andersen Meltvet f. 1738.
  11. Anders Andersen Meltvet.
  12. Nils Andersen f. 1728 på Lindland.

Det har vore eit godt samband med slekta i Holt og Søndeled so det er mykje truleg at dei sist nemnde søner av Anders Solvesen har reist til desse kommunar.

Dei har ikkje vore å finna her i Skiensfjorden og må gå ut frå at dei i alle tilfelle er reist ut frå Solum.

Søndeled høyrte før 1742 til Gjerstad prestegjeld og kyrkjebøkane som tek til i 1746 er svert mangelfult førte.

Utdrag (s. 327-336) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen