Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd | 10. ledd | 11. ledd

3. ledd

Torvild Andersen Ljøstad

av Erling Gjærum

Torvild Andersen var med si kone først på Moland.

Etter Torvilds faar fekk dei so Selås og flytta til denne gard. Han var lensmann frå 1636 i omlag 10 år, men var ein virksam bonde og skogeigar.

Av Gunborg og Torvild sine born er funne:

  1. Peder Torvildsen Selås f. 1611, d. 1693. Han var først g.m. ei dtr. som var frå Valle og fekk med hennar ei ½ hus i Valle gard. Kring 1650 vart han som enkemann g.m. Gunhild Olsdtr. Songedalen, dtr. av Olav Salvesen Songedalen og fekk med hennar denne garden.
    Sjå nermare under ledd 4 om denne familie.
  2. Jørgen Torvildsen Selås. Han var gift og hadde ro søner, Olve Jørgensen g.m. Ragnhild Jonsdtr. Simonstad og Torvild Jørgensen g.m. Gunhild Jonsdtr. Simonstad. Begge var døttre av Hon Håvardsen Simonstad og Rannei Alvsdtr. Homme i Gjerstad.
    Jørgen Torvildsen hadde Selåsdalen og Mosberg, som han dreiv sjøl. Av faren fekk soleis kvar av sønene sin gard. Olve fekk Mosberg og Torvild Selåsdalen.
  3. Olav Torvildsen Selås. Han var g.m. Rannei Sveingsdotter, dtr. av Svening Eilevsen Valle og Anne Åmundsdtr. Ramlet. Olav vr f. 1623 på Moland, men vaks opp på Selås. Han kom til å taka over garden Vårvik og budde her all si tid. Han døydde i 1681 og kona hans gifta seg oppatt og no med Bård Kristensen Valle.
  4. Her var ogso ei dotter som vart gift til Berge i Holt. Dei leigde Selåsdalen.
Utdrag (s. 322) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen