Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

6 Ledd

Jens Alvildus Hansen Haukelien

Jens Haukelien er fabrikkeigar. Han var snekkar av profesjon og i 1922 bygde han trevarefabrikk på Bergan. Fabrikken leverte møblar, dørar, vinduer og trapper til nybygg og andre. I det siste er drifta innstilla då Haukelien truleg ikkje har fått nokon til å overtaka denne.

Jens hadde garden etter sin far. Denne gjekk over til son Hans Jørgen som igrunn mottok skøyta frå sin farmor Gunhild Halvorsdtr. Eigedomen er sidan overteke av svigerson Sverre Solvang.

Jens Haukelien har halde att ein skogpart i Maroddberget. Saman med Isak P. Bruseth har han oppført eit sagbruk på Bergan. Dette har nå Bruseth overteke.

Jens Haukelien er gift med Anne Jørgensdtr. Lia av Engrav i Lunde, dtr. av Jørgen Jørgensen Lia og Asborg Aslaksdtr. Lundtveit.

På tomt av Store-Bergan har dei på fleire måtar bygd seg eit pent hus og ein velstelt hage.

I sitt ekteskap har dei to born:

  1. Ester Gunhilde Jensdtr. Haukelien f. 1922, g. 1949 m. bygningsinspektør i Solum, Sverre Solvang f. 1918, son av Ole Abrahamsen Bergan og Karen Marie Kristensdtr. Huset u/Bergan.
    Dei budde nokre år på Bergan. Bygde seg so nytt hus på Steinsrødkåsa og flytta inn her i 1956. Deira born er:
    1. Anne Kristin f. 1949.
    2. Haldis f. 1951.
    3. Ingerid f. 1953.
  2. Hans Jørgen Jensen Haukelien f. 1929, g. 1956 m. Reidun Synøve f. 1932, dtr. av Reidar Stang Olsen og Anna Jonassen Kjørbæk.
    Hans Jørgen har gjenomgått realskulen og Göteborg tekniske skule. Han er ansatt i formaet Norsk Elektrisk & Brovn Boveri, Skien. Dei har eige hus på Lagmannsgårdshøgda, og har to born:
    1. Rune f. 1956.
    2. Heidi f. 1959.
Utdrag (s. 287-288) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen