Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

2 Ledd

Jens Paulsen Gjærum

Som nemnd hadde Jens Paulsen kjøpt 11 sett skyll i garden Gjærum av stedfaren. Vidare hadde han løyst inn sine syskenn Asborg, Birthe og Kirsti sine arvpartar som var utlagt i eigedomen og vart soleis eigar av 1 tn. 7-5/7 sett. i vestre Gjærum.

Jens selde sidan ifrå nokre små partar til sine halvbrør Henrik og Halvor, slik at Jens sin gard var av skyll 1½ tønne.

Av ei skattebok frå 1782 framgår at Gjærum av skyll 6 tønner, herav brukar Jens 1½ tn. og skattane er innført soleis:

Leiglendingsskatt3 rdl.
Proviantskatt36 skj.
Odelskatt1 rdl.
Forteneste24 skj.
Arbeidspengar8-1/4 skj.
Ledingsskatt24-3/4 skj.
Munderingskatt54 skj.
Innkvarteringskatt12-3/4 skj.
Veipengar13-1/3 skj.
Veimeisterpengar4 skj.
Degnepengar1-1/7 skj.
Klosterbrua2 skj.
Skrivartoll4½ skj.
Skudpengar2 skj.
Amtpengar54 skj.
Skyllpengar10½ skj.
Odelspengar1 rdl. 36 skj. vera fri dette år
Tils.5 rdl. 85-3/4 skj.

Jens dreiv ved sida av gardsdrifta ogso med kollmiler i Sandsæterskogen og Lundstulen. Det var eit tungt arbeid med hogging og bygging av slike miler og eit fårleg arbeid å brenna dei. I 1715 fall Velgior Larsen Marum i ei slik brennande kollmile og det var ikkje mogeleg å berga han

Det var Bolvik Jernverk som hadde krav på all koll som bøndane produserte og framdrifta gjekk med hest og prom over Kilevatne etter åratida.

Jens Paulsen omkom i Skotfossen berre 48 år.

I samband med denne ulukka fortel Jens Isaksen Tveitan:

«Jens Gjærum var på kollmilehogst i Grasdalen. Her var då sæter og budeie som stellte på sætra. Jens overnatta til vanleg på sætra, men ein kveld kom han og var uvanleg uroleg. Han nemnde for budeia at han hadde funne noko og at han måtte heim med det same for å greia med funne. Han drog då heim først men drog vidare med det same. Han skulle då til Skien for å melda at han hadde funne sylvgruva i Grasdalen.

Han tok vegen til byen over om Skotfoss og vart ved overfarten der av dragsuget drege på fossen og drukna.»

Ja dettte var ogso ein av dei mange sagn om Grasdalsgruva som finnaren ikkje skal koma til å eiga sjøl.

Skiftet etter Jens synte ei rein eige på 232 rdl.
Av gjeld var han skuldig Ole Pedersen Meltvet 218 rdl. og Bolvik Jernverk 150 rdl. men her skulle årets kollmiler kome til frådrag.

I sine 2 ekteskapar fekk Jens Paulsen desse born:

  1. Paul Jensen Gjærum f. 1786, d. 1795.
  2. Jens Jensen Gjærum f. 1788, d. 1848, g. 1816 m. Karen Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1800, d. 1862, dtr. av Jon Andersen Gjærum og Ingeborg Halvorsdtr. Bjørbæk.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 3.
  3. Inger Marie Jensdtr. Gjærum f. 1890, d. 1841, ug. Ho var i sitt yrke tenestejente, men opheld seg det sisste på Sjøtvet som legdslem.
  4. Anders Jensen Gjærum f. 1792, d. 1794.
  5. Marthe Gurine Jensdtr. Gjærum f. 1794, d. 1835, ug. Ho var tenestejente men oppheld seg for det meste heime.
  6. Anne Jensdtr. Gjærum f. 1796, d. 1845 på Veholt. Anne tente hos Thor Olsen Valen i Solum, på Stathelle og ymse stader. I 1835 fekk ho eit barn, Karen med Knut Haraldsen Bukta under vestre Gisholt.
  7. Paul Jensen Gjærum f. 1798, d. 1869 som legdslem på Roligheta. Han var noko sindsvak.
  8. Berthe Jensdtr. Gjærum f. 1801, d. 1856, g. 1824 m. Peder Larsen Bergan f. på Kongsberg, d. 1854, 69½ år.
    Dei budde i Gjerstad til dei i 1838 av Abraham Nilsen Bergan fekk feste på plassen Smedkåsa som var plass under Bergan, mot 4 spd. i årleg avgift.
    Vilkåra elles var, at dei hadde plikt til å arbeida hos jorddrotten etter tilseiing, mot 16 skj. dagen om somaren og 12 skj. om vinteren for festaren og for kone 8 skj. dagen heile året, på jorddrottens kost. Vedlikehalde gjerdet om plassen av eigne materialar. Det fylgde ikkje hamn, brende eller andre ting med feste.
    Peder Larsen eigde sjølv husa på plassen.
    Berthe og Peder sine born er:
    1. Jens Pedersen Bergan f. 1824.
    2. Lars Pedersen Bergan f. 1826. Han flytta i 1846 til Horten.
    3. Ingeborg Regine Pedersdtr. Bergan f. 1829, g. 1856 m. Lærar Anund Olsen Bratsberg f. 1825, d. 1895 i Loa, son av Ole Anundsen og Anne Olsdtr. Marum-plassen.
      Anund var utdana lærar og familien held til i Bratsberg til kring 1860, då dei flytta til Loa lnr. 177a, der han var husmann med jord og virka framleis som lærar.
      Dei hadde 4 born: Anne Berthea f. 1856 - Petrea Olava f. 1859 - Laurits f. 1862 og Ingeborg Karoline f. 1864.
    4. Elen Marie Pedersdtr. Bergan f. 1832, g. 1854 m. skom. Lars Larsen Ø. Dal f. 1820, son av Lars Larsen og Maren Hansdtr. Dalseie.
      Lars virka som skomakar på Løveid. Av borna er funne: Peder f. 1857 og Maren Berthea f. 1861.
    5. Marthe Gurine Pedersdtr. Bergan f. 1835, d. 1913, g. 1866 m. Husm. Sveinung Halvorsen Flåtesund, f. 1835. Sveinung var tømmermann og budde i 1913 i Knardalstrand. Borna var:
      Anne Kirstine f. 1866 - Berthe f. 1869 - Hanna Petrea f. 1871 - Halvor f. 1874 - Signe Margrete f. 1877 - Peder f. 1879, d. 1880.
    6. Peder Pedersen Bergan f. 1839.
    7. Børthe Kirstine Pedersdtr. Bergan f. 1843.

Enka Ingeborg Knudsdtr. sat med garden til 1809, då tok eldste son Jens Jensen overbåde mora og alle borna sine i skifte utlagde partar i eigedomen. Då Ingeborg gifta seg igjen i 1822 og no med Jens Paulsen Sverdstein i Holla, budde dei i Gjerstadplassen som høyrde til vestre Gjærum.

Ingeborg hadde ført opp hus på plassen og desse var ein 4-lafta stovebygning med skorstein og 2 vinduer, eit fjøs, ein låve med lade og ei lita bu. Alle husa var med bordtak og hadde ein verdi av 9 rdl. 22 ort 24 skjelling. Tømret til husa vart teke or gardens skog og jorddrotten Jens Jensen meinte at ektefolka måtte eiga den halve verdi som vart sett til 4 rdl. Den årlege avgifta av plassen var 1 rdl.

Ingeborg døydde i mai 1833 og vart 76 år.

Hennar mann tok seg nok mykje nær av at hans kone gjekk bort. Berre 6 veker seinare gjekk han og hengte seg. Han var då 83 år.

Ein har nok her med den gamle soga som har gått på folkemunn, om mannen som skulle have hengt seg i Gjerstadåsen.

Utdrag (s. 269-273) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen