Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

6. ledd

Halvor Randinius Halvorsen Dalene

Halvor R. Dalene gjekk i unge år folkehøgskule. Ved sitt gifte var han styrar av Kilebygda Forbruksforening på Rognsbru og virka her i mange år. Han hadde ogso eigen forretning på Odden og på Vold.

Kjøpte so seinare hgarden Frønes og dreiv soleis ogso som bonde nokre år. I yngre dagar var Halvor ein ivrig jeger og han prøva ogso fiskelukka. Elles var han mykje med i det offentlege liv i bygda og hadde ei rekke ombod i Solum kommune.

Halvor og Karoline var vennesele og hyggelege mennesker og hadde mange vener.
Halvor og Karoline sine born er:

  1. Halvor Halvorsen Dalene f. 1904, g.m Astrid Olavsdtr. f. 1905 på Farsjø i Sannidal. Far hennar var sersjant Olaf Ellefsen Farsjø f. 1866. Han døydde tidleg, og kona Kirsten Marie Jenssen Gumøy dreiv i mange år forretning i Kragerø. Ho var fødd å¨vestre Gumøy i 1869,
    Halvor og Astrid gjekk saman og i same klasse opp til artium i Skien i 1924, likeeins gjekk dei saman på lærarskulen på Stord, med eksamen i 1926. Astrid er ogso utdanna Skulekjøkkenlærarinne frå Stabekk.
    Halvor var først lærar ved Frønes skule, deretter ved framhaldskulen i Lunde og so i Asker. I 1939 tok han til med å fullføra sine filologiske studiar. Han vart so lektor ved Porsgrunn høgare almenskule. Sidan har han vore rektor ved Branbu Statsrealskule og kom sidan som rektor til Bø Landsgymnas.
    Rektor Dalene er kjend for å vera ein sers dyktig skulemann og administrator, med god menneskekunnskap og godt lag med ungdomen.
    Dalene var den første formann i bygdeboknemnda for Solum og har vore formann i Solum historielag. Han har ogso skrive ei bok om Solumdialekta.
    Barn: Halvor Dalene f. 1950. Han går i gymnasiet og skal opp til eksamen våren 1969.
  2. Leif Halvorsen Dalene f. f. 1906 i Rongsbru, g. 1934 m. Halvarda (Varda) Kirstine Førnes f. 1912, dtr. av Ellev Andreas Andreassen Frønes og Elise Marie Andreasdtr. Solheim.
    Leif Dalene var ganske ung då han tok til som tenestemann i Kilebygda Forbruksforening, der han var i 6 år. Gjekk so Gjerpen småbrukskule vinteren 1926/27 og tok handelsfagprøva i 1934.
    Leif Dalene arbeidet elles på garden hos faren til han i 1938 tok over eigedomen. Han har ogso vore med i kommunale utval som, i Styret for folkeboksamlingane, vegutval, Likningsnemnda og medlem av Skulestyret. Han har vidare vore revisor i Kilebygda forbruksforening, med i Bygdas landbrukslag, formann i idrettslaget og med på å stifte bygdas avdl. av Det norske Arbeiderparti.
    I 19152 selde han garden, fekk seg hus ved Moflata og tok arbeid ved Eidanger Salpeterfabrikkar.
    I 1965 kjøpte han garden igjen.
    Varda og Leif Dalene sine born er:
    1. Randi Leifsdtr. Dalene f. 1935. Ho har gått Grenland Ungdomskule og Telemark Yrkeskule i Lunde. Gift i 1959 med Hans Jakob Valen f. 1926, son av gbr. Herman Andreas Valen, Grøtvik og Hedvig Gabrielle Hansdtr. Lien.
    2. Halvor Ellef Dalene f. 1937, g. 1960 m. Karin Margaret Limi f. 1938, dtr. av Øybjørg Pedersdtr. og Andreas Limi Gjerpen.
      Halvor Ellef har gått Grenland Ungdomskule, Skiensfjorden Mek. Fagskule, Horten Tekniske skule, Handelsgymnas i Skien og eksamen ved Norges Handelshøgskule i Bergen. Han er nå driftskonsulent ved NEBB i Skien.
    3. Tore Leifsen Dalene f. 1940. Han har artium og tok til med studium ved Universitetet, men måtte avbryta dette på grunn av sjukdom. Sidan har han teke ymse kurs i meir praktisk leid.
    4. Åshild Leifsdtr. Dalene f. 1942. Ho har realskule, 2 års kveldskule og held no på med å taka økonomisk gymnas. Ho har heile tida vore i full stilling ansatt i Norsk Vannforskingsinstitutt i Oslo.
    5. Ingrid Jorunn Leifsdtr. Dalene f. 1944. Ho har realskule og utdana seg i sjukepleie ved Røde Kors i Drammen. Er no ved Lutherske sjukehus i Porsgrunn.
    6. Sigrunn Leifsdtr. Dalene f. 1946. Ho har realskule og gått fleire kurs ved Ansgar Bibel- og Ungdomskule i Oslo, g. 1969 m. Sven Tore Stensrud f. 1945, son av Margareth Evensen og Rolf Stensrud.
    7. Øystein Leifsen Dalene f. 1950. Han var først ved Dalen Portland Cementfabrikk, so kurs ved Norges Teknologiske institutt og går no kveldskule ved Skien Yrkesskule.
Utdrag (s. 412-415) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen