Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

2. ledd

Ole Vrålsen Kalstad

Ole Vrålsen var ved sitt gifte med Kirsti på Skårdal i Holla. Då hans mor døydde på vestre Gisholt i 1762 var dei på Espevalen. Til Kilebygda kom dei so i 1764 og busette seg på Kalstad. Ole har opprydda den plass han her kom til å bu på og bygt husene, men tømret var teke i Gisholtskogen. Han døydde her i 1787 og ved skiftet var eiga 138 rdl. og utgiftene 31 rdl. Denne gode økonomiske stilling i den tid syner at han må ha vore ein svert driftig leiglending.

Kirsti overlevde sin og vart 86 år.

Borna til Kirstiog Ole Kalstad er:

  1. Halvor Olsen Kalstad f. 1759 på Tvara i Holla, d. 1837 på Fjeld, 1) g. 1785 m. Anne Olsdtr. Langen som var plass under garden Sannes i Drangedal f. 1758, d. 1795 på Fjeld, dtr. av Ole Kystolvsen Refsdalen g. 1753 i Drangedal med Anborg Kristoffersdotter Langen. 2) g. 1796 m. enke Børthe Larsdtr. Fjeld f. 1768, d. 1818, dtr. av Lars Pedersen nordre Fjeld f. 1721, d. 1782, g. 1753 m. Elisabeth Olsdtr. f. 1722, d. 1783.
    «Børthe Larsdtr. var 1) g. 1793 m. Halvor Isaksen Rennesund f. 1763, d. 1794, son av Isak Åsoldsen Rennesund og Åvet Pedersdtr. Melum. Børthe og Halvor fekk ein son Lars Halvorsen f. 1794 på Rennesund, d. 1870 i Rønningen som var eit hus under Rennesund, men utan jord til det. Han var gift i 1815 m. Børthe Brynildsdtr. Fjeld f. 1788, d. 1855. He var 3 born: Halvor f. 1818 - Brynild f. 1823 og Isak f. 1828, d. same år.
    Lars Halvorsen var 62 år då han gifa seg igjen i 1856 og no med Maren Andrea Andersdtr. Saga f. 1827, dtr. til Anders Olsen og Gjertrud Sigurdsdtr. Saga. Dei fekk i 1856 ein son sak Andreas.
    Sjå ogso s. 39.
    Sjå nermare om Halvor Olsens familie under ledd 3.
  2. Kirsti Olsdtr. Kalstad f. 1755 i Holla, d. 1838. g. 1781 m. Harald Olsen Gisholt f. 1756. Kven denne Harald Olsen er har det ikkje vore mogeleg å finna greie på. Det er halde fram at han er fødd i 1755, han skulle då vera son av Ole Haraldsen Elgtvet, men denne Harald er døyd i 1757. I denne familien er det ein son til med denne namnet føddi 1762, men han er ogso døyd 7 veker gamal. So har ein Ole Haraldsen Vassbond g. 1765 n, Maren Pedersdr. Øya. Dei fekk eit barn, Birthe f. 1765 før dei var gifte og sidan er dei blitt borte. Det kan soleis ikkje vera sin son av dei, då han elles ikkje ville ha vore meir enn 15 år ved gifte i 1781. Denne Harald Olsen må truleg veda ein av den mange innflyttarar som kom til Kilebygda i denne tid.
    Kirsti og Harald var brukarfolk op Gisholtgard og fekk 6 born:
    1. Gunhild Haraldsdtr. Gisholt f. 1782, d. 1832, g. 1810 m. gbr. Thor Olsen Li-Valen f. 1781 på Vold, d. 1851 på Li-Valen, son av Ole Olsen og Anne Thorsdtr. Vold, seinare Li-Valen. Thor Olsen 2) g. 1834 og no m. Maren Hansdtr. Rogstad f. 1792, dtr. av Hans Olsen Rogstad og Berthe Marie Larsdtr. Åfosstrand.
      Li-Valen er utgått frå garden Lien i Solum.
      Faren til Thor som arbeide på Vold, kom til å taka over eigedomen i 1785 etter foreldra sine. Etter farens døyd skulle enka råda for eigesomen men det vart noko seinare til det at garden vart delt i to like delar og Thor fekk då sin gard. Då Thor Olsen gifta seg andre gong har eigedomen gått over til hans son Ole Thorsen som i 1842 gifta seg med Anne Matea Gundersdtr. Kongerød f. 1822, dtr. av Gunder Kittilsen og Johanne Pedersdtr. Kongerød. Dei fekk eit barn, Thor Andreas f. 1843, d. 1847.
      Ole Thorsen som var f. 1813, d. 1843 då han gjekk og hengte seg sjølv. Han eigde forutan eigedomen etter faren og storparten av plassen Heiestad.
      Ved skiftet etter Ole såg Anne Matea seg nøgd med å flytta heim til sin far. Ho var berre 23 år ved denne tragiske hendinga med mannen og i 1844 gifta ho seg igjen og no med Ellev Abrahamsen Grønmyr f. 1804, son til Abraham Jonsen Moland g. 1804 m. Anne Ellevsdtr. Frønes. Anne Matea kom so tilbake til Li-Valen med mann sin.
      Gunhild og Thor Li-Valen andre born var:
      1. Anne Kirstine Thorsdtr. Li-Valen f. 1811, g. 1845 m. Kristen Andersen Sæverud f. 1822 i Sauherad, son til Anders Torjussen Sæverud som med sin familie var komen til Larønningen. Kristen og hans bror Torjus f. 1824 kom flyttande etter i 1837 til foreldra i Larønningen.
      2. Karen Thorsdtr. Li-Valen f. 1814, g. 1841 m. arb. Ellev Aslaksen Bleikebakken i Skien f. 1816, son til Aslak Evensen under garden Veium i Sauherad.
      3. Harald Thorsen Li-Valen f. 1816, g. 1846 m. Kirsten Hansen Ø. Klyve f. 1814, i Holla.
      4. Gunhild Thorsdtr. Li-Valen f. 1818. Ho utflytta frå Solum, men kor ho flytta er ikkje funne.
      5. Lars Thorsen Li-Valen f. 1819, d. 1872.
      6. Torsten Thorsen Li-Valen f. 1823, d. 1831.
      7. Kirsten Thorsdtr. Li-Valen f. 1821, d. 1831.
      8. Thor Thorsen Li-Valen f. 1825, g. 1856 m. Lydia Gulleksdtr. Sponsletta f. 1836, dr. av Gullek Engebretsen, husm. på Vik under garden Ånerød og Marthe Halvorsdtr. vestre Gisholt som var ei dtr. av Halvor Rasmussen og Marthe Thorsdtr. V. Gisholt.
    2. Ole Haraldsen V. Gisholt f. 1784, d. 1849, g. 1812 m. Ingeborg Henriksdtr. Gjærum f. 1783, d. 1857, dtr. av Henrik Paulsen Gjærum og Kari Pedersdtr. Findal. Av borna døydde Harald f. 1815, d. 1835 og Peder f. 1818,d. 1820 so det var berre Karen Kirstine f. 1821 som levde opp. Ho vart g. 1849 m. Harald Knudsen Bukta.
      Sjå ogso om Ole Haraldsen s. 262.
    3. Knud Haraldsen Gisholt f. 1787, d. 1843, g. 1815 m. Kari Levorsdtr. Kongstvet f. 1794, d. 1833, dr. av Levor Halvorsen Kongstvet og Kirsti Jensdtr. Kåsa. Knud Haraldsen 2) g.m. Marthe Gundersdtr.
      Kari og Knud var husmannsfolk under Bukta som var plass under vestre Gisholt og betala årleg avgift på 5 spd. av plassen.
      Dei hadde ein stor barneflok som her vert teke med:
      1. Kirsti Knudsdtr. Gisholt f. 1816, d. 1887, 1) g. 1841 m. husmannson Halvor Halvorsen Strand f. 1818, d. 1859 og var då husm. i Orekås, son av Halvor Hansen f. 1782, d. 1873 og Sissel Halvorsdtr. f. 1786, d. 1871 i Strand under garden Renesund. 2) g. 1875 m. enkem. Ole Borgersen Slåtta under garden Åsland f. 1816, d. 1891. Det var inga born i dette ekteskap.
        I Kirsti og Halvor sit ekteskap var det desse born ved skiftet i 1891:
        - Halvor Halvorsen gbr. på Bjørntvet. - Harald Halvorsen var skipper og då i England. - Hans Halvorsen var matros og budde i Porsgrunn. - Ole Halvorsen var arbeidar og budde i Liene i Kilebygda. - Knud Halvorsen var husm. under Masterød i Bamble. - Gunhild Halvorsdtr. var gift og budde i Porsgrunn.
        Halvor Strand døydde av blodgang i 1859. Det året må det ha vore ein smitteliknande sjukdom i Kilebygda, for her er ialt 17 døydde i tidsrommet august og september av denne sjukdom.
      2. Levor Knudsen Bukta f. 1817, g. 1847 m. Gunhild Marie Pedersdtr. f. 1823 i Drangedal, d. 1848. 2) g. 1849 m. Liv Larsdtr. Sannes f. 1824.
        Liv og Levor var sjølveigarar på Sønstvet og hadde av husdyr 1 hest, 3 kyr og 5 sauer.
      3. Harald Knudsen Bukta f. 1821, d. 1822.
      4. Harald Knudsen Bukta f. 1823, d. 1927, g. 1848 m. Karen Kirstine Olsdtr. V. Gisholt f. 1821, d. 1900, dtr. av Ole Haraldsen V. Gisholt og Ingeborg Henriksdtr. Gjærum. Dei held til på garden Bukta under V. Gisholt.
        Av borna erfunne:
        • Ingeborg Olea Haraldsdtr. f. 1850, g. 1869 m. Jonas Larsen Sønstvet f. 1849, son av Lars Jonsen Sønstvet og Karen Marie Nisdtr. Vikle.
        • Ole Haraldsen f. 1852, d. 1910, g. 1884 m. enka etter Svend Rasmussen Gisholt, Åvet Kirstine Jakobsdtr. Moe f. 1835 på Sjerka i Bamble d. 1917.
        • Knud Kornelius Haraldsen f. 1853, g. 1883 m. Karoline Marie Andreasdtr. Fjeld f. 1860, dtr. av Ellev Andreas Jakobsen Fjeld og Karen Marie Berthea Halvorsdtr. Fjeld.
        • Hermann Haraldsen f. 1855, d. 1865.
        • Lars Haraldsen f. 1860. Han vart gbr. i Åsland og døydde i 1928 under eit møte i Skien, g. 1912 m. Olga Nilsdtr. Lien som då var hotellstyrar i Skien, dtr. av Nils Olsen og Åste Larsdtr. Lien.
        • Karoline Amalie Haraldsdtr. f. 1862, 1) g. 1894 m. gbr. Jakob Andreas Larsen Fjeld f. 1858, son av gbr. Lars Jakobsen Fjeld og Anne Andersdtr. som var f. 1826 i Holla. 2) g. 1912 m. Halvor Halvorsen Tufte f. 1862 i Nes i Sauherad, nå gardbrukar på Fredbo.
        • Hanna Karine Haraldsdtr. f. 1864, d. same år.
      5. Anne Knudsdtr. Bukta f. 1825. Anne var tenar i Rugla då i 1844 reiste til Amerika.
      6. Gunhild Maria Knudsdtr. Bukta f. 1828, d. 1896, g. 1849 m. Isak Halvorsen Frønes f. 1820, d. 1899, son av Halvor Ellevsen Frønes og Maren Tøgersdtr. Vassbonn.
        Isak Halvorsen eigde Loa nr. 177B og hadde av husdyr 2 kyr og 4 sauer. Dei hadde inga born saman, men tok til seg eit fosterbarn, Anne Kristine Johannesdtr. f. 1859 i Bamble.
      7. Karen Kirstine Knudsdtr. Bukta f. 1830, g. 1850 m. Johannes Iversen Klovholt som då oppheld seg på V. Gisholt f. 1826, son av Iver Johannesen f. Kongsberg, oppheld seg på Rogstad og Marthe Hansdotter Klovholt.
        Karen Kirstine oppheld seg på Nenset i ytre Solum til dei i 1855 utflytta til Bamble. Dei hadde då med seg borna: Marthe Kirstine f. 1851 og Knud f. 1855.
      8. Lars Knudsen Bukta f. 1832, d. 1833.
      9. Karen Knudsdtr. Bukta f. 1835, g. 1887 m. arb. Jakob Thorsen Skauen f. 1833 på Åfoss, son av Ingeborg Marie Abrahamsdtr. og Thor Jakobsen Holmen under garden Åfoss.
    4. Kirsti Haraldsdtr. Gisholt f. 1789, d. 1856, g. 1813 m. Åsold Abrahamsen Lille-Melfald f. 1793, d. 1850, son av Abraham Olsen Melfald og Anne Andersdtr. Lien.
      Kirsti og Åsold var bondefolk på Lille-Melfald so lenge dei levde. Dei hadde 9 born der dei fire første borna døydde små. Dei andre borna som vaks opp er:
      - Anne Kirstine f. 1823 - Ole Åsoldsen f. 1825, g. 1844 m. Karen Johanne Johannesdtr. Marum f. 1820, dtr. av Johannes Hansen og Johanne Pedersdoter Marumplassen. Karen Johanne og Ole budde som inderstfolk på Ånerød og i Knardalstrand. - Ingeborg Andrea Åsoldsdtr. f. 1827. Ho flytta i 1846 til Gjerpen - Kirsten f. 1829 - Maria f. 1831 og Harald f. 1834.
    5. Anne Haraldsdtr. Gisholt f. 1792, d. 1823 i Dolvakåsene, g. 1817 m. Jon Åsoldsen Bruseth f. 1780, d. 1861 som Gm. i Gunnekleiv i Eidanger, son av Åsold Jonsen Stavdal og Anne Andersdotter Lien. Jon Åsoldsen 2) g. 1824 og no med Anne Pedersdtr. Øya f. 1799, dtr. av Peder Jonsen og Johanne Larsdtr. Øya.
      Anne og Jon budde først på Li-Valen, var so i Dolvakåsene nokre år til dei i 1825 utflytta til Eidanger. Jon fekk seg her eigedom nemnd Gunnekleiv og døydde her 82 år. Av borna var Anne f. 1821, døyd 1824, so det var berre Åsold f. 1818 som var med til Eidanger. Åsold Jonsen vaks opp her i Gunnekleiv og vart seinare matros. Han vart i 1846 gift med Marthe Marie Nilsdtr. Kleivstrand f. 1824, dtr. av Nils Isaksen og Johanne Marie Pedersdtr. Kleivstrand.
    6. Lars Haraldsen Gisholt f. 1797, d. 1810.
  3. Anne Olsdtr. Kalstad f. 1765. Ho fekk i 1793 eit uekte barn som fekk namnet Jens, men han døydde i 1794, ¾ år gamal. Faren var ungkar Ole Jensen Langeland f. 1775 i Helgja og son av sersjant og jordbrukar Jens Larsen Holtan, seinare Langeland, g. 1754 m. Karen Olsdtr. Bjerva i Helgja.
    Om Anne Olsdtr. har det ikkje vore meir å finna.
  4. Kristen Olsen Kalstad f. 1768, d. 1859, 92 år, g. 1798 m. Børthe Larsdtr. Fjeld f. 1774, d. 1850, dtr. av Lars Åsoldsen Fjeld og Kirsti Olsdtr. Lunde i Melum.
    Børthe og Kristen oppheld seg på Kalstad, men feste på eigedomen fekk han ikkje før i 1835 og då med 3 månaders oppseiing.
    Børthe og Kristen sine born er:
    1. Kirsti Kristensdtr. Kalstad f. 1799, d. 1845, g. 1830 m. Jeger Ellev Halvorsen Frønes f. 1806, d. 1870, son av Halvor Ellevsen Frønes og Synøve Evensdtr. Tveit. Sjå vidare s. 216.
    2. Ole Kristensen Kalstad f. 1800, g. 1828 m. Anne Halvorsdtr. Ødegården f. 1799, d. 1870, dtr. av Halvor Bjørnsen Ødegården og Anne Marie Olsdtr. Aspheim. Anne og Ole var brukarfolk på Kalstad nr. 160 og hadde her av husdyr 1 hest, 2 kyr og 6 sauer. Dei hadde 5 born:
      1. Berthe Andrea Olsdtr. Kalstad f. 1828, d. 1887, g. 1886 m. Jakob Andreas Hansen f. 1851 på Åsland, son av Gm. Hans Andersen og Anne Jakobsdtr. Åsland.
      2. Anne Mathea Olsdtr. Kalstad f. 1831, d. 1884, g. 1860 m. Halvor Halvorsen Ødegården f. 1831, d. 1906, son av Halvor Halvorsen Ødegården og Torberg Maria Henriksdtr. Gjærum. Sjå s. 263.
      3. Halvor Olsen Kalstad f. 1834. Han var heime hos foreldra i 1866 og var då ugift.
      4. Kristen Olsen Kalstad f. 1845, g. 1870 m. Kirstine Tomine Olsdtr. Ørnehullet f. 1850, dtr. av Ole Tellefsen (som var frå Sannidal) og Karen Helene Halvorsdtr. V. Gisholt.
      5. Kristine Olsdtr. Kalstad f. 1842. Ho var ogso heime i 1866 og var då ugift.
    3. Lars Kristensen Kalstad f. 1802, d. 1810 på Lunde.
    4. Åsold Kristensen Kalstad f. 1804, d. 1872 på Ø. Klyve, g. 1830 m. Anne Olsdtr. Loa f. 1804, dtr. av Ole Mathiassen og Torgon Sveinungsdtr. Loa. Åsold var snekker av yrke og han budde med familien på Molhaugen ved vestre Porsgrunn.
      Av borna er funne: Kristen f. 1831, d. 1842 - Ole Bertinius f. 1834 - Torberg Juliane f. 1836 og Otto Andreas f. 1841.
    5. Anne Kirstine Kristensdtr. Kalstad f. 1807, g. 1834 m. Lærar Anders Halvorsen Ødegården f. 1805, d. 1854 i Eiet under garden Hummelsgård, son av Halvor Bjørnsen Ødegården og Anne Marie Olsdtr. Aspheim. Anders Halvorsen var skulehaldar. Dei budde dei to første åra på Ødegården før dei kjøpte eigedom i Aspheim, der dei var til kring 1846. Det vart so flytting til Eiet under Hummelsgård. Anders døydde i 1854 og same år kjøpte enka plassen Eiet. Hennar son Halvor var heime til hjelp og stønad for si mor, men i 1869 laga det seg slik at plassen Svarvereiet var tilsals og Halvor Andersen kjøpte då denne eigedom og flytta dertil samme år. Anne Kirstine fann seg no i fatige kår og ho kom på legd.
      Anne Kirstine og Anders sine born er:
      1. Halvor Andersen f. 1834 på Ødegården, d. 1875, g. 1864 m. Kirsten Andrea Jonsdtr. Sandbukta f. 1841, dtr. av Gbr. Jon Jonsen og Elisabet Henriksdtr. Sønstvet.
        Då Halvor som ovanfor nemnd kom til Svarvereiet arbeide han ogso ved Midtvannets Kruttmølle. Her var det den 3. juni 1875 ein store eksplosjon i mølla og Halvor sterkt skada so han døydde då han kom fram til sjukehuset. Han etterlot seg ein son Jonas f. 1869.
      2. Kristen Andersen f. 1837 på Aspheim, d. same år.
      3. Birthe Andrea Andersdtr. f. 1839 på Aspheim, g. 1863 m. Rasmus Olsen Pestelenseiet f. 1825 i Bamble, son av Ole Tallaksen Hovsteinseiet og Marthe Rasmusdtr. Gisholt.
      4. Ingeborg Kirstine Andersdtr. f. 1842 på Aspheim, d. 1874, g. 1866 m. Iver Isaksen Dolva f. 1815, d. 1890, son av Isak Olsen Dolva og Ingeborg Kirstine Abrahamsdtr. Tveitan.
        Iver Isaksen mottok halvparten av farsgarden og dreiv sin Dolvagard all si tid.
        Ingeborg Kirstine og Iver sine born er:
        Isak Iversen Dolva f. 1866, d. 1867 - Aslaug Kirstine Iversdtr. Dolva f. 1868, g. 1890 m. Gm. på Melum Halvor Olsen Fjeldalen f. 1863 i Gjerpen, son av Gm. Ole Jonsen Fjeldalen og Anne Olsdtr. - Ingeborg Isine Iversdtr. Dolva f. 1870, g. 1909 m. Styrmann Olav Såmundsen Straume f. 1871 i Vrådal, son av Husm. Såmund Kjetilson og Else Olsdtr. Kåsa under garden Nordbø. - Isak Iversen Dolva f. 1872, g. 1895 m. Kirsten Marie Nilsdtr. Stavdal f. 1872, dtr. av Nils Larsen og Marthe Andrea Larsdtr. Stavdal.
    6. Karen Kristensdtr. Kalstad f. 1810, g. 1836 m. Kristen Andersen Tingstad f. 1808, son av Anders Isaksen Hegna og Gunhild Maria Jakobsdtr. Kåsene under Klovholt. Sjå vidare s. 59.
    7. Lars Kristensen Kalstad f. 1815, g. 1842 m. enke Anne Kristine Nilsdtr. Eikelund f. 1802 på Dolva, dtr. av Nils Larsen Fjeld seinare Dolva og Kirsti Andersdtr. vestre Dolva.
      Anne Kristine var første gong g. 1826 m. Johannes Jakobsen Eikelud f. 1801, d. 1838 då han hengte seg sjølv.
      Lars Kristensen var tenar på Eikelund før han gifta seg med enka Anne Kristine og vart soleis leiglending på Eikelund nr. 165. Av husdyr var her 1 hest, 2 kyr og 3 sauer. Dei hadde eit barn saman, nemleg Nils Kristian f. 1844, men han døydde 1875 ug.
Utdrag (s. 359-374) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen