Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

5. ledd

Halvor Halvorsen Fjeld

Anne Kirstine og Halvor kom til å busetja seg på garden Dalene. I folketellingen av 1865 er Halvor innført som leiglending, men han har truleg kjøpt Dalene og dertil ogso ein del av farens skog, før denne tid. Det kunne i den tid gå lang tid før tinglesing av eigedomsoverdrag vart ordna. Halvor hadde på garden 1 hest, 3 kyr og 8 sauer - og her var 3 tenarar. I 1875 var her ogso 3 tenarar og husdyra var no 1 hest, 5 kyr og 7 sauer.
Anne Kirstine og Halvor sisne born er:

  1. Halvor Randinius Halvorsen Dalene f. 1856 på Fjeld, d. 1948 på Frønes 92 år, g. 1903 m. Karoline Levorsdtr. Solheim f. 1865, d. 1953 på Frønes, dtr. av Levor Jakobsen Solheim og Kristine Vetlesdtr. Tollnes.
    Sjå vidare under ledd 6, side 412
  2. Gunhild Marie Halvorsdtr. Dalene f. 1859 på Fjeld, d. 1930 i Porsgrunn, g.m. Åsold Andreas Jakobsen Åsland f. 1863 i Haukedalen, d. 1917 i Porsgrunn, son av Gbr. og Sagbrukseigar Jakob Åsoldsen Haukedalen, seinare Åsland og Marthe Kirstine Thorsdtr. Gisholt, ei dtr. av Åse Kirstine Olsdtr. og Thor Halvorsen Gisholt.
    Andreas Åsland vart kjøpmann i Porsgrunn.
    Av borna er funne:
    1. Anne Kirstine Andreasdtr. Åsland f. 1887, d. 1891.
    2. Jakob Andreassen Åsland f. 1890, d. 1925.
    3. Anne Kirstine Andreasdtr. Åsland f. 1892.
    4. Kaya Gustava Mathilde Andreasdtr. Åsland f. 1895.
    5. Halvarda Andreasdtr. Åsland f. 1897.
    6. Thorleif Andreassen Åsland f. 1899.
    7. Birger Andreassen Åsland f. 1902, g.m. Ingrid Vilhelmine Gundersen Bøle f. 1862, d. 1952 og kone Kaya Weng, Levanger f. 1866, d. 1966.
      Dei har borna: Andreas Åsland f. 1932. Han er disponent og g.m. Lise Wenche Kristiansen f. 1941 på Nøtterøy - Gunar Åsland f. 1936. Han vart Sivilingeniør og g.m. Unni Lindberg f. 1940 i Skien.
  3. Maren Andrea Halvorsdtr. Dalene f. 1861, d. 1866.
  4. Jonas Edvard Halvorsen Dalene f. 1865, d. 1867. Han var tvilling med
  5. Regine Petrea Halvorsdtr. Dalene f. 1765, d. 1866.
  6. Jonas Edvard Halvorsen Dalene f. 1868, d. 1940, g. 1902 m. Tora Amalie Nilsdtr. Røra f. 1877, d. 1955, dtr. av Nils Martinius Isaksen Røra og Kirsten Marie Hansdtr. Åfoss. Jonas Dalene dreiv den første tid som snekker, seinare tok han over garden etter faren og vart soleis bonde på Dalene.
    Tora og Jonas sine born er:
    1. Håkon Jonassen Dalene f. 1903, g. 1941 m. Berna Marie Alise Andersdtr. Skjelbreid f. 1903, dtr. av gbr. Anders Isaksen Skjelbreid og Betsy Amalie Isaksdtr. Riis.
      Håkon Dalene tok over eigedmen Dalene før farens døyd i 1940. Han er agronom frå Telemark Landbrukskule på Søve.
      Dei har ei dtr. Ingjerd Torbjørg f. 1943.
    2. Anne Kristine Jonasdtr. Dalene f. 1904, g. 1929 m. Lærar på SKotfoss Knut Andreas Rogndal f. 1900 i Lårdal, d. 1932, son av gbr. Olav Olavsen Rogndal. Anne Kristine 2) g.m. Helmer Ludvik Bagger f. 1900, son av Sophus Benjamin Bagger og Anne Marie Eidsten Brunlanes.
    3. Nora Jonasdtr. Dalene f. 1913. Ho gjekk seinare Kunstindustriskulen i Oslo.
    4. Ingolf Toralf Jonassen Dalene f. 1916, g.m. Tordis Hansdtr. f. 1915, dtr. av Hans Åsoldsen og Martine Olsen Oterkil.
      Ingolf har gått Treider Handelskule i Oslo og er ansatt i Skien Kommune. Dei har to born: Jan Helge f. 1945 og Aud Margaret f. 1950.
    5. Ragnar Isak Jonassen Dalene f. 1917, g. 1949 m. Tellevi Sofie Karola Eriksdtr. f. 1920 i Oslo, dtr. av Hilma Marie Jonsen og Erik Oskar Trygg, som begge er fødde i Sverige.
      Ragnar har gått Skiensfjorden mek. fagskule og er nå ingeniør bed Standard Telefon og Kabelfabrikk. Dei bur i Skullerudv. 20 i Oslo.
  7. Rasmus Andreas Halvorsen Dalene f. 1872, d. 1966 i Rognsbru, 94 år, g. 1904 m. Kirsten Amalie f. 1880 på Fjeld, d. 1949, dtr. av Gm. Ole Martinius Halvorsen Fjeld og Anne Karoline Abrahamsdtr. Øya.
    Rasmus Dalene virka første tida som tømmermerkar, seinare vart han Poståpnar i Kilebygda.
    Han har vore mykje med i det offentlege liv - soleis har han vore med i Solum heradstyre, med i vergerådet, forsorgstyret og medlem av Kilebygda Forbruksforening.
    Amalie og Rasmus Dalene sine born er:
    1. Sigurd Rasmussen Dalene f. 1910 i Rognsbru, g.m. Torgunn Halvorsdtr. f. 1918. Ho er utdanna i Sjukepleie og dtr. av Halvor Torjussen Eikelund Tollnes og Karoline Olsdtr. Eikelund i Kilebygda. Dei har to born: Kirsten Amalie f. 1956 og Åse Kari f. 1958.
      Sigurd Dalene har gått Kystartilleriets befalskule og er kaptein. Han tok del i frigjeringskampen i 1940-45 og vart etter kapitulasjon områdesjef i Buskerud, der han då var ansatt ved vegkontoret. Han har fleire norske og engelske medaljer for sin krigsinnsats. Han er nå ansatt i Skiensvassdragets Fellesfløtning og er dessuten formann i representantskapet for Telemark Tømmersalgslag.
    2. Anbjørg Karoline Rasmusdtr. Dalene f. 1917, g.m. Gunnar Sørensen Lund f. 1921, son av Søren Sverdrup Olsen Lund og Anne Bjørgulvsdtr. Rysstad som begge er busette i Valle i Setesdal.
      Dei har eit barn: Svein Rasmus f. 1951.
  8. Peder Martinius Halvorsen Dalene f. 1872 og soleis tvilling med Rasmus Andreas, d. 1961, g. 1905 i Gjerpen m. Karen Andrea Andersdtr. Hustvet f. 1872, d. 1936, dtr. av Anders Jørgensen Bruseth, seinare Hustvet og Ingeborg Olea Thorsdtr. vestre Gisholt, ei dtr. av Thor Halvorsen Gisholt og Åse Kirstine Olsdtr. Hovstein i Bamble.
    I sitt virke hadde han ogso fleire ombod innan dei kristelege organisasjonar. Soleis var han formann i nedre Telemark prostiforening, formann i Solum menighetsråd og i styret for Sagavoll ungdomskule. Prsost Dalene var etter han sluta som prest busatt på Skogplassane i Solum.
    Karen og Peder Dalene sine born er:
    1. Halvor Andreas Pedersen Dalene f. 1906, g.m. Tordis Hovda f. 1911.
      Halvor Dalene er forstkandidat frå Ås og har vore Fylkesskogsjef i Ausfold i mange år.
      Dei har ein son og to døtre, nemleg:
      - Hege Olga Halvordsdtr. f. 1943, g.m. Karl Erik Voldseth f. 1942 - og dei har son Arnt Martin f. 1968 - Tone Karen Halvorsdtr. Dalene f. 1945. - Per Magne Halvorsen Dalene f. 1948.
    2. Ingeborg Olea Pedersdtr. Dalene f. 1908, ug. Ho er Fysioterapeut ved Telemark Sentralsjukehus.
    3. Anders Hustvet Pedersen Dalene f. 1911, g.m. Astrid Margrete Brpten f. 1914.
      Anders har gått Norges Tannlegehøgskule og er no tannlege i Porsgrunn. Dei har to born:
      - Tove Karen Andersdtr. f. 1940, g.m. Eivind Øvergård Bakken f. 1937. Dei har ei dtr. Toril f. 1967. - Sissel Ågot Andersdtr. f. 1940, g.m. Didrik Severin Danielsen f. 1939.
    4. Anne Margrete Pedersdtr. Dalene f. 1913. Ho har gått realskulen og har musikkutdanning.
    5. Bjarne Johannes Pedersen Dalene f. 1917, g.m. Dagrunn Johanne Kristiansen f. 1930. Dei har ein son Bjarne f. 1966. Familien bur i Tønsberg der faren er lege.
Utdrag (s. 406-411) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen