Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 3

Isak Jonsen Aspheim

Isak Jonsen Aspheim var f. 1670 og døydde 1724 på Hummelsgård gift med Ingeborg Olsdtr. f. 1671, d. 1748.

Om Hummelsgård kan nemnast at ein brukar her som heite Kristoffer var ilagt 1 ort i bygningsskatt til Akershus Slott. Samuel Humbleskor var ilagt saltskatt for 1609-11 med ½ rdl. og i året 1622-23 korntienden. Brukar i 1640 heite Rasmus og i 1661 Erik.

Garden hadde ei skyld av 2 huder. Herav eigde Kgl. maj. ved Borgarmeister Peder Jensen 1 hud og Melum kyrkje 1 hud.

Då Ass. Halvor Sørensen Borse fekk sine privelegier for Bolvik Jernverk kom ogso Hummelsgård inn under det område som vart lagt til verket.

Av Ass. Borse fekk Isak Jonsen i 1699 feste på 1 hud i Hummelsgård for si levetid, mot 5 rdl. i årleg avgift.

Av Ingeborg og Isak sine born er funne:

  1. Kristen Isaksen Hummelgård f. 1701, d. 1769 i Rønningen, g. 1729 m. Guri Andersdtr. f. 1709, d. 1767 i Rønningen.
    Desse går vidare i denne slekt og vil bli omtale under ledd 4, s. 174.
  2. Jon Isaksen Hummelsgård f. 1702, d. 1742 i Eie under Hummelsgård, g. 1726 m. Maren Larsdtr. Bratsberg under garden Marum f. 1702, d. 1738, dtr. av Lars Olsen og Kirsten Larsdtr. Bratsberg.
    Jon gifta seg andre gong i 1738 og no med Birthe Kristensdtr.
    Då Jon døydde i sept. 1742 var Birthe med barn. Dei fekk 3 born saman men alle døydde små, nemleg: Maren f. 1739, d. 1747 - Ole f. 1741, d. 1742 - Inger f. 1743, d. same år. Om Birthe Kristensdtr. er det ikkje noko meir å finna.
    Det vart halde skifte etter Maren Larsdtr.
    Skifteretten gjorde seg her kjent med

    «et fra Grundeieren og jorddrotten Kanseliråd Herm. de Leopolus, hennem om denne pladses brug og beboelse, sin livstidd givne bevillingsbrev, hvorved det bevises at han have haft tilladelsen pladsen at bruge og beboe, dat. 17. juni 1729. Enkem. forklarede at han med proprietærens tilladelse av øde mark har oppryddet denne husmandsplads. såsom den før hans tiid, da han sig samme med rødning andtog og været med skog og som vild udmark, bekosted opbygd de på pladsen bestående husebygninger og tømmeret og andre materialer af fremmed skov har skaffet sig.»

    Skifteretten fann at enkemann hadde utført stort rydningsverk, men då jorddrotten hadde reservertseg vedk. ryddingshævd og ikkje var tilstaes, tok retten for seg husene som var: Eit 6-lafta stovehus med kammers eller kove, kjeller under, 3 vindu i stova og eit i kammerset, skorstein eller vindomn, med golv og loft, alt i god stann. Eit fjøs til 4 kyr og eit rom til småkrøter. Uthuset hadde 2 lader og låve, alt i god stann. Vidare ein oppmura bakaromn. Desse husa var nesten alle nye og godt bygde. Lensm. Peder Findal og takstmenn Peder Sti og Jest Melfald vedsatte dei til 50 riksdalar. Bygselbrevet syner at han av plassen Eie skal svara 2 rdl. i årleg avgift og 4 slåttedagar. Han skal halde husene i forsvarleg stann og plassen i hævd. Dersom han ikkje det gjer skal han hava sitt feste forbrote. I skifte var det ei rein eige på 86 riksdalar. Ved skiftet etter Jon Isaksen i 1743 vart husene verdsatt til 25 rdl. og buets reine eige var 41 riksdalar.
    Maren og Jon sine born er:

    1. Isak Jonsen Eie f. 1727, d. 1788 i Gjerstad under Gjærum, g. 1755 m. Ingeborg Iversdtr. Bergan f. 1733 på Hanes, d. 1808, dtr. av Iver Larsen Bergan og Ingeborg Klausdtr. Bergan.
      I mai 1753 bortfesta Paul Jensen Gjærum til Isak Jonsen og kone, når han giftar seg, den under hans eigedom liggjande Gjerstad plass og eit jordstykke som Isak sjølv hadde rydda, for deres levetid, mot 5 rdl. i årleg avgift. For sine kyr skulle hava fri beite, gjerde og brændefang som han trang, i Gjærumskogen. Isak hadde soleis alt som ungkar teke til med å rydja jord, for å byggja seg sin heim. Det var huser i Gjerstad før Isak komdertil. Plassen er rydda før 1700 av Nicolai Olsen.
      Niklaus smed som han vart kalla, må ha vore ein uvanleg kapasitet på den tid. Var det noko stad på med husdyra, sjukdom, stilla blod og ulykker, var det å sende bod etter Niklaus. Han har truleg og rydda mykje av det som no er Kyrkjesletta. Det er eit jordstykke borte ved Knallås eller Styggedal som enno i dei seinare år kalla plasseflate, der er rydda av Niklaus smed.
      I 1770 fekk Isak Jonsen ogso feste på plassen Styggedal av Herm. Løvenskjold mot å betala landskyld, kvar Høgtid levera sin ferskmat, kvart forår eit lam og 2 slåttedagar. I 1785 gav frå seg det tidlegare nemnde opprydda jordstykke til Halvor Paulsen på søre Gjærum fordi han hadde lånt nokre pengar til å betala skattar med. Hans yngste son tok over Gjerstad etter faren.
      Ingeborg og Isak Jonsen sine born er:
      1. Jon Isaksen Gjerstad f. 1757 i Eie. Om Jon har vore gift er uvist. Han har vore fadder til sin brorson på Sjørholt i 1795 ig er då nemnd Gjerstad.
      2. Iver Isaksen Gjerstad f. 1759, g. 1794 m. Karen Rasmusdtr. vestre Gisholt f. 1774, dtr. av Rasmus Eriksen v. Gisholt og Anne Jonsdtr. Øya.
        Iver Isaksen var på Sjørholt då han gifta seg men vart vigd i Solum. Iver var på Sjørholt til årskriftet 1798-99. Sidan var dei busette på plassen Svarvereiet under Åsland i Kilebygda.
      3. Mari Isaksdtr. Gjerstad f. 1766, g. 1787 m. enkemann Jakob Arnesen Siljan f. 1749, d. 1822, son av Arne Pedersen Siljan og Værstad og Maria Torstensdtr. Skjelbreid.
      4. Lars Isaksen Gjerstad og Brattebakke f. 1764, d. 1798, g. 1795 m. Mari Halvorsdtr. Leirodden f. 1768, d. 1862, dtr. av Halvor Hansen Valen og Berthe Nilsdtr. Rugla
    2. Åvet Jonsdtr. Eie f. 1730, d. same år.
    3. Lars Jonsen Eie f. 1732, d. 1789 på Aspheim, g. 1761 m. Anne Klausdtr. d. 1799. Lars var ved gifte nemnd Gjærum og han har truleg vore hos sin bror i Gjerstad. Han var kjent udyktig til militærteneste av L. Gunge.
      Då Torsten Jakobsen gav frå seg bygselbrevet på Aspheims 4 huder i 1760, fekk Lars Jonsen feste på 2 huder i garden samstundes med at dei andre 2 huder vart festa av Serg. Ole Kristensen Nes.
      Lars Jonsen kjøpte i 1776 halvparten av austre Sti av Klaus Larsen. Han selde ifrå noko, slik at hans eigedom i denne gard var 4¾ skinn.
      I 1778 overtok Lars, etter avtale med Jon Jestsen, vestre Sti og gav samstundes ifrå seg feste på Aspheim. Då Lars døydde overtok hans son Jon Larsen eigedomane.
      Skifte etter Anne Klausdtr. er halde i 1799.
      Av Anne og Lars sine born er funne:
      1. Jon Larsen Aspheim f. 1761, d. 1807, g. 1790 m. Marthe Marie Sørensdtr. Ådna f. 1767, d. 1834, dtr. av Søren Tordsen Ådna og Barbra Kristensdotter Stavdal.
      2. Mari Larsdtr. Aspheim f. 1765, g. 1792 m. enkem. Nils Halvorsen Åfosstrand f. 1752. Han drukna i Skotfossen i okt. 1798 og vart funnen igjen 5 år etter og gravlagt i 1804.
      3. Ingeborg Larsdtr. Aspheim f. 1770, d. 1830 på Valen, 1) g. 1793 m. Anders Andersen Valen f. 1771, d. 1802 2) g. 1803 m. Thor Guttormsen Dolva f. 1768, d. 1845 då han drukna i Norsjø. Han budde då som kårmann i Hella.
  3. Berthe Isaksdtr. Hummelsgård f. 1704. Ho fekk eit barn med Jakob Kristensen som heite Kristen f. 1730, vart so gift 1742 m. Johannes Johannesen d. 1750 på Tute ved Rugstad, 54 år.
    Berthe og Johannes hadde desse born: Anders f. 1743, d. same år i Hegna under Valen - Henrik f. 1749.
  4. Ole Isaksen Hummelsgård f. 1707, d. 1733.
  5. Anne Isaksdtr. Hummelsgård.
  6. Marthe Isaksdtr. Hummelsgård.

Begge disse sisste døtre var ved farens skifte i 1725, ugifte og umyndige. Det har ikkje lukkast å finna noko sikkert om desse syskena, men at dei har vakse opp må ein gå ut frå. Det er mogeleg at ein ved andre dokument enn dei vanlege kan koma over opplysningar om dei.

Utdrag (s. 169-173) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen