Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Aspheim - Åbjørnsrød

Garden Aspheim som denne slekt er gått ut frå, er nok ein av dei eldste gardar i Melum. Namnet er skrive på mange måtar soleis: Aspæimi, Aspen, Aspenn, Asben 1665, Aspem 1723, Aspene 1812, Aspeim 1835, og seinare Aspum, Aspom, Asbom og Aspheim.

Det har vore ymse brukarar her som nok ikkje har noko med denne slekt å gjera, som Kristoffer Aspen i 1593, Jens Aspen i 1603, Sten Aspen i 1609 ig 1614, Oluf Aspen 1620, Jon 1623, so Laurits i 1640.

Jørgen Gisholt er i 1611-12 nemnd å have 24 leiglendingsgardar, deriblant er Aspem og Bergan nemnde.

Eigedomen Aspheim er i landkommisjonen 1661 saman med Sti ødegard rekna for 6 huder og bygselen låg til Hans Iversen i Skien. Her var då noko granskog til spirer og smålast. I 1665 er gardens skyld 4 huder for Aspheim og 1 hud for Sti.

Nemnde Laurits Aspem har nok som so mange andre seinare vore skrive Lars. Soleis kan ein finne at son hans, Jon er skrive Laursen og Larsen.

1. ledd. Laurits Aspheim

Det første ledd som er funne fram til er Laurits eller Lars Aspheim. Han har vore brukar her fram til 1662. Det ligg ikkje føre nokon opplysningar om hans kone og kor mange born det var i familien, utanom Jon og at Anna, Lars Aspens har vore til kyrkja 31/7-1701

Utdrag (s. 157) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen