Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 4.

Kristen Isaksen Hummelsgård

Kristen var soldat i 1725 og hadde soleis avtent sin militærteneste då han vart gift med Guri. Dei har truleg i alle sine år vore husmannsfolk i Rønningen som var husmannsplass under Hummelsgård. Alle borna er fødde her, nemleg:

  1. Isak Kristensen Hummelsgård f. 1730. Det har ikkje vore noko å finna om Isak, men at han er vakse opp er truleg. Som tilhøva for familien var her, kan ein nok tenkje seg at han i vaksen alder søkte arbeid ute og funne sin plass i livet.
  2. Anne Kristensdtr. Hummelsgård f. 1733, d. 1764.
  3. Marthe Kristensdtr. Hummelsgård f. 1740, d. 1809 i Åbjørnsrød. Marthe fekk eit barn, Kristen f. 1767 med Peder Isaksen Melum. Ho vart g. 1771 m. enkem. Ole Olsen Tveit, d. 1773, 55 år.
    Marthe Kristensdtr. vart gift andre gong i 1793 og no med Erik Knudsen, d. 1800 i Moen, 67 år.
    Marthe og Ole Olsen hadde eit barn, Anne Olsdotter f. 1772 på Tveit.
    (Erik Knudsen hadde før vore gift med Gunhild Kristophersdtr. d. 1786 i Moen, 57 år. Dei har frå først av halde til på Frønes før dei kom til Moen under Tveit. Etter opplysningar ved skifte etter Gunhild i 1786 var der 6 born:
    1. Mari Eriksdtr. d. 1788 var då tenar på Ravnes.
    2. Lars Eriksen f. 1761, var heime.
    3. Kari Eriksdtr. f. 1765, var ogso i teneste på Ravnes.
    4. Anne Eriksdtr. f. 1767 på Frønes.
    5. Knud Eriksenf. 1770 på Frønes.
    6. Marthe Eriksdtr.f. 1772 på Frønes.
    Det er truleg at dei først har kome til Moen etter 1772.)
    Det var inga barn i Marthe og Erik sitt ekteskap. Då Erik døydde har truleg Marthe flytta til skylfolket sitt i Åbjørnsrød.
  4. Anders Kristensen Hummelsgård f. 1747, d. 1811 i Åbjørnsrød. Det er Anders som fører denne slekt vidare. Sjå ledd 5.
Utdrag (s. 174-175) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen