Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 5.

Anders Kristensen Hummelsgård - Rønningen

Anders Kristensen var gift 1770 m. Karen ogso kalla Kari Jørgensdtr. Kongstvet, hennar tredje ekteskap, f. 1737, dtr. av Jørgen Jørgensen Kongstvet og Jøran Halvorsdtr. Gisholt.

(Når Kari er døyd kan vere noko uklårt. I kyrkjeboka har eg funne Kari Jørgensdtr. d. 1823, 80 år, men etter som ho er f. 1737 skulle ho vore 86 år. No er det slik at Kirsten Marie Andersdtr. og Jørgen Larsen Ståkkan har ei dotter Karen f. 1743 og skulle soleis svara til alderen. Det er vanskeleg å fastslå kva som er rett her, men eg heller til og trur at det likevell er kona til Anders og at alderen er skrive feil. Det samband som denne familie har hatt med Hummelsgård og Rønningen skulle tala for det.)

(Kari Jørgensdtr. Kongstvet var 1) g. 1757 m. Hans Torstensen Ø. Tveitan f. 1734, d. 1761, son av Torsten Hansen Ø. Tveitan og Anne Torstensdotter Skjelbreid.

Dei flytta først i Hegna under Bruseth, flytta so til Huset u/Tveitan. Dei hadde 2 born, Anne f. 1757 og Jørgen f. 1758.
2) g. 1762 m. Ole Olsen Marum, d. 1768, 36 år. (Denne Ole Olsen er truleg frå Stenstad i Helgja. I 1729 er ved Melum kyrkje vigde Ole Olsen Stenstad og Mari Larsdtr. Desse har eit barn, Gunhild f. 1745, d. same år i Hummelsgårdseie. Faren Ole Olsen er døyd 1753, 55 år same stad. Dei har truleg budd her som inderstfolk.)

Karen og Ole har budd på ein plass under Marum som Nils Thorsen Eigde. Dette syner ei skjøte i 1767, soleis:

Eg Jon Kristensen buande på garden Stavdal, har seld og avhenda til Ole Olsen buande på ein plass under Marum gard, eit under min gard Stavdal liggjande stykke skog og ryddingsjord Åbjørnsrød kalla og ligg i ein trekant mellom Stavdal på søre, og Bjørbæk på vestre og Høgset på nordre sida, strekkande seg på alle sider til nemnde gards skogar. Herfor har han meg med dette brevs kostnad betalt 153 rdl.
Av dette stykke skog og ryddingsjord svarast årleg i leding 8 skjelling og då Ole Olsen har betalt meg nemnde sum, vert soleis eigedomen til full rådighet og eg vart hans heimelsmannetter lova)
Bjørntvet tingstad 1767.

I Kari og Ole sitt ekteskap var det 3 born:

  1. Hans f. 1762 på Marum, d. 1763.
  2. Anne f. 1764, seinare gift 1791 m. Vetle Andersen v. Dal.
  3. Ole f. 1766, d. 1790.
Skifte etter Ole Olsen i 1770 syner at buet stod eg godt økonomisk. Når gjelda var betalt Jon Kristensen og Jørgen Hansen på tilsaman 90 rdl. vart Kari utlagt halvparten av gjenverande eige 46 rdl. Ole 31 rdl. og Anne 15 rdl. Då sonen Ole døydde, syner det seg at han for sin arv hadde det meste i Åbjørnsrød, utanom det som hans mor var utlagt. Oles part vart delt mellom systera og halvbroren Kristen Andersen.

Anne Olsdtr. som no var einaste gjenlevande av dette barnekull, vart gift med Vetle Andersen f. 1760 i vestre Porsgrunn, d. 1835 i Dalsætre, son av Anders Vetlesen og Marthe Pedersdtr. vestre Porsgrunn. Dei hadde borna: Katrine f, 1792 Rønningen - Anders f. 1794 - Karen f. 1797 - Ole Vetlesen f. 1800, g. 1832 m. Maren Gulliksdtr. Kåsa u/Hustvet - Birthe f. 1803, g. 2837 m. Anders Åsoldsen u/Tveitan.

Ole Olsen den eldre som kjøpte Åbjørnsrød budde til sin døyd på Marumeie og har nok herfrå drive med husbygging og anna arbeid på Åbjørnsrød, men so svert langt i arbeid med denne plassen kunne han nok ikkje ha kome, før han døydde. Kari gifta seg i 1770 og ho og borna har flytta til Rønningen. I Åbjørnsrød budde då inderstfolk.

Ei kort tid budde Nils Pettersen og kone Karen Hansdtr. der, og frå før 1772 har Bjørn Johannesen og kone Tone Jonsdtr. vore her. Bjørn Johannesen hadde ogso fått lovnad på kjøp av jord av Stavdal gard som har ligge inntil Åbjørnsrød og har ogso kalla sin eigedom for Åbjørnsrød. Han fell i grunn utanfor denne soga og forlet hans nermare omtale her.

Anders Kristensen var berre 22 år og ungkar då han bygsla Rønningen under Hummelsgård av Bartholomeus Herm. Løvenskjold som, budde på Borgestad:

«Anders Kristensen bevilges hermed at bruge Rønningen som er plads unde min eyende gaard Homelsgaard sin livstid, mod at han aarlig og i rette tid mig svarer 2 riksdaler 2 mark og 4 slaattedage, samt betaler mig den indestaaende afgift, og eftr avtale hvert aar forærer mit kiøkken et lam og sin Juule ferskmad, og iøfrigt at beviise sig hørig og lydig i alle forefaldende tienester baade imod mig og alle leylendingen, intet hugges udi skoven uden Particalair bevilning det jeg med eegen haand bekræfter.
Borrestad den 15 martii 1769»

Karen og Andes var brukarar i Rønningen i mange år. I 1804 bortfesta Kammerherre Severin von Løvenskjold plassen Rønningen til Kristen Andersen og kona Kari Larsdtr. når faren døyr eller skulle finna forgodt å avstå plassens bruk til sin son, men Anders Kristensen og kone skal hava plassen i si levetid, solenge dei betalar den årlege avgift som no er 2 rdl. 16 skj. 1 slåttedag og 1 skurdag på eigen kost, utan godgjersle, og av mangel på arbeid betala32 skj. for den første og 24 skj. for den sisste arbeidsdag. Hustømmer, brende og gjerdefang kan takast i skogen.

Karen og Anders sine born er:

  1. Kristen Andersen Rønningen f. 1773, d. 1863, g. 1798 m. Kari Larsdtr. f. 1768 i Melumkåsene, f. 1835 i Rønningen, dtr. av Lars Abrahamsen Hentia, seinare Melumkåsene og Mari Gunnarsdtr. Grøtsund.
    Desse ektefolk går vidare i denne slekt. Sjå ledd 6
  2. Hans Andersen Rønningen f. 1777, d. 1780.
  3. Guri Andersdtr. Rønningen f. 1780, d. same år.
  4. Isak Andersen Rønningen f. 1783, d. 14 dage gml.
Utdrag (s. 175-178) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen