Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 6

Kristen Andersen Rønningen

Kristen Andersen innløyste 1791 si halvsysters arveutlegg i Åbjørnsrød. Likeeins dei kravsmenn som hadde utlegg der. Tilsaman var dette 99 rdl. Han vart med dette åleine eigar av Åbjørnsrød. I 1804 låner han av Severin von Løvenskjold 155 rdl. mot trygd i Åbjørnsrøds jord, skog og huser, det som han var eigar av ved skøyte av 1792.

Den 14 januar 1841 vart det halde auksjon på sorenskrivarens kontor på Klosterhaugane. Her vart Melum kyrkje med intrader og same kyrkjes gods: Garden vestre Dal med plassen Dalsætre og Hyllemyrkåsa av skyld 3-1-1 skj. nytt mnr. 57, lnr. 206-208-209, og garden Hummelsgård med plassen Rønningen av skyld 3-3-16 skj. nytt mnr. 58, lnr. 210-211, seld til Abraham Nilsen Bergan i kommisjon.

Bodet for Hummelsgård og Rønningen var for takstsum 1100 spd. og gjeve for Åsold Abrahamsen Hummelsgård. Isak Bruseth og Abraham Nilsen Bergan var kjøpar av Dal og Kyrkja, men slik at den rett lova gjev kyrkjene til byggematerialar i godsenes skogar, framleis skulle vera påhefta garden Dal.

Kari og Kristen flytta etter giftemålet til Åbjørnsrød og her er alle borna fødde, nemleg:

  1. Kari Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1799, d. 1867, g. 1829 m. Klaus Gundersen Brua u/Bergan f. 1803, d. 1883, son av Gunnar Klausen og Kirsti Karlsdtr. Bergan. Kirsti var dtr. av Karl Klausen Bergan og Margrete Nilsdtr. Klyve.
    Kari og Klaus Bergan sine born er:
    1. Karen Kirstine Klausdtr. Bergan f. 1829, d. 1896 av slag, g. 1852 m. Jon Andersen Kyrkjesletta, Gjærum f. 1823, d. 1903, son av Lærar Anders Jonsen Gjærum og Ingeborg Kirstine Jakobsdtr. Siljan, ei dtr. av Jakob Arnesen Siljan og Mari Isaksdtr. Gjerstad.
      Dei var på garden Kyrkjesletta som er utskild frå Gjærum. Karen og Jons born er:
      1. Anders Jonsen Neset eller Brattebakke f. 1853, d. 1940, g. 1880 m. Maria Thorsdtr. Langeland f. 1859 i Helgja, d. 1922, dtr. av Thor Pedersen Langelands førse ekteskap med Åvet Kirstine Larsdtr. Kolle. Hans andre ekteskap var med Birthe Kirstine Evensdtr. Jodbakke.
      2. Klaus Jonsen Kyrkjesletta, Gjærum f. 1854, d. 1946, g. 1900 m. Hanna Olea Gundersdtr. Bratsberg i Melum f. 1872, d. 1958, dtr. til Gunnar Olsen og Marthe Andrea Olsdtr. Marumplssen (Bratsberg).
      3. Ingeborg Kirstine Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1857, d. 1931 på Sti, g. 1881 m. Paul Larsen Gjærum f. 1850, d. 1927 på Sti, son av Lars Isaksen Gjærum, Sti og Marthe Kirstine Paulsdtr. Gjærum, ei dtr. av Paul Henriksen austre Gjærum og Anne Halvorsdotter søre Gjærum.
      4. Karl Jonsen Kyrkjesletta f. 1860, g. 1899 m. Josefine Amallie Jonsdtr. f. 1871, konf. 1886 i Bamble, d. 1919 i Skien, dtr. av Jon Andersen.
      5. Karen Marie Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1861, d. 1943 i Landstadsgt. 31 i Skien.
      6. Jon Jonsen Kyrkjesletta f. 1864, d. 1927 på Skotfoss, g. 1898 m. Maren Randine AMundsdtr. V. Dal f. 1870, d. 1907 på Skotfoss, dtr. av Amund Ellingsen og Kari Andersdtr. som då budde på Dal.
      7. Kirsten Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1866, d. 4 m. gml.
      8. Kirsten Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1868, d. 1931 i Skien, g. 1891 m. Nils Hagbart Pedersen Marker f. 1869 i Skien, d. 1938 i Skien.
      9. Maren Jonsdtr. Kyrkjesletta f. 1870, d. 1953, g. 1903 m. Paul Torstensen Aspheim f. 1865, d. 1905, son av Torsten Hansen Aspheim og Marthe Marie Isaksdtr. Sti.
    2. Ingeborg Klausdtr. Bergan f. 1832, d. 1878, g 1869 m. Kristen Pedersen f. 1838 på Jøntvet i Holla, d. 1904 i Tangedal i Melum, son av Peder Kristensen Vasdal, seinare Søgård under Jøntvet i Holla og Børthe Nilsdtr. Jøntvet.
      Kristen gift andre gong 1885 m. Karen Laurine Larsdtr. f. 1859, d. 1942, dtr. av Ingeborg Pedersdotter og Lars Hansen Helgjaskogen. I første ekteskap var det 2 born: Peder Bertinius f. 1869 og Karen Kirstine f. 1872,
      I andre ekteskap var det 7 born, nemleg:
      1. Lars Kristensen Tangedal f. 1885, d. 1961, g. 1907 m. Nora Mathilde Sølland, Siljan f. 1887 i Skien, dtr. av Gbr. Nils Olsen Sølland og Anne Marie Andersdtr. Desse foreldra var nokre år på nedre Siljan i Melum.
        Nora og Lars overtok Tangedal etter faren.
        Denne plass har Andreas Strømodden kjøpt ein del og tillagt sin eigedom Bergan.
        Nora og Lars sine born er:
        1. Nils f. 1909, g. 1931 m. Alvilde Kristine Hansdtr. Bråten f. 1909, d. 1954, dtr. av Helene og Hans Folkvardsen Bråten.
          Nils Tangedal driver biltransportrute frå Melum til Skien. Han har innkjøpt ein parsel av Bruseth og bygd seg hus her. Bustaden heiter Åsheim.
        2. Kristen Larsen f. 1912.
      2. Inga Kristensdtr. Tangedal f. 1887, g. 1911 m. Ruben Karl Samuelsen f. 1889 i Nordköping i Sverige, d. 1942. Ruben var papirfabrikkarbeidar i SKien.
      3. Laura Kristensdtr. Tangedal f. 1889.
      4. Paula Kristensdtr. Tangedal f. 1893, g. 1914 m. Olaf Mathias Olsen Ådna f. 1891 på Rogstad, son av Ole Martinius Andersen Ådna og Thea Marie Sørensdtr. Sti (Dollhus). Ole Martinius var frå Flåtelien i Kilebygda, kom so til Rogstad og sidan til Lille-Ådna.
      5. Karl Bertinius Kristensen Tangedal f. 1896, d. 1958, g. 1918 m. Marie Konstanse Thorsdtr. Eie f. 1900 på Langeland, dtr. av Thor Andreassen Eie og Marum og Åvt Tomine Thorsdtr. Langeland
        Konstanse og Karl har plassen Nyland som er utskild frå Nere Bergan. Karl hadde i mange år sitt arbeid ved fløtningen i Norsjø, til han døydde brått i 1958.
      6. Ågot Malene Kristensdtr. Tangedal f. 1899, g. 1921 m. Ellef Ingvald Solum f. 1898, d. 1962. Familien er busatt på Skotfoss.
      7. Nils Anker Kristensen Tangedal f. 1903, g. 1931 m. Ellen Karoline Larsen f. 1913.
    3. Gunnar Klausen Bergan f. 1835, d. 1883, g. 1862 m. Maren Kirstine Jakobsdtr. Huset under Siljan f. 1840, d. 1925, dtr. av Jakob Isaksen Siljan-Huset og Børte Marie Halvorsdtr. Brattebakke eller Styggedal, som igjen var dtr. av Halvor Andersen Brattebakke og Marie Halvorsdtr. Leirodden. Dei hadde 3 born:
      1. Jakob Gundersen Bergan (Lillås) f. 1863, g. 1886 m. Isine (Sina) Andrea Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1863, d. 1936, dtr. av Kristen Andersen Åbjørnsrød og Anne Barbra Isaksdtr. Frønes.
        Ved skifte etter faren i 1885 fekk Jakob utlagt garden Lillås nr. 67, lnr. 236B for billeg takst kr. 7200,-. I 1888 løyste han ut si mors part i buet (ho var då på Febakke i Holla) og si syster for hennar arv.
      2. Kirsten Karoline Gundersdtr. Bergan f. 1868, g.m. enkem. Abraham Andersen Febakke i Holla.
        Desse ektefolka vart seinare busette på Skotfoss.
      3. Karl Gundersen Bergan f. 1871, d. 1887 av slag.
  2. Anders Kristensen Åbjørnsrød f. 1802. Han er den som fører denne slekt vidare og vil bli omtala under ledd 7.
  3. Maren Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1805, d. same år.
  4. Mari Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1806, d. 1840 i Gjærumdalen, g. 1828 m. Lars Rasmussen Hegna under Tveitan f. 1797, d. 1880 på Vik som var plass under garden Ånerød, son av Anna Larsdtr. og Rasmus Halvorsen Tveitan.
    I mars 1828 kjøpte Anders Olsen Marum noko eigedom av Harald Pedersen Aspheim og deriblant var ogso Gjærumdalen eller Aspheimtangen. Anders Olsen bortfesta so Gjærumdalen i 1829 til Lars Rasmussen mot å betala 1 spesiedalar i årleg avgift. Brende og gjerdefang skulle han få i Aspheims dårlege skog.
    Av Mari og Lars sine born er funne:
    1. Rasmus Larsen Kåsene f. 1832 i Gjærumdalen, g. 1859 m. Torberg Andrea Mathiasdtr. Loa f. 1834, dtr. av husm. Mathias Olsen og Anne Jakobsdtr. Loa.
      Dei budde som inderstfolk i Loa under Frønes og her er to av borna fødde, nemleg:
      1. Lars Martinius Rasmussen f. 1862.
      2. Anne Marie Rasmusdtr. f. 1866.
      Denne familie er det sidan ikkje funne kor er blitt av.
    2. Kristen Larsen Loa f. 1835 i Gjærumdalen, g. 1866 m. Åste Olsdtr. f. 1845 på Holtan i Sauherad.
      Desse budde ogso i Loa og det er funne eit barn, Lars Martinius Kristensen f. 1867 i Loa, d. 1869.
      Det har heller ikkje vore meir å finna om denne familien.
  5. Guri Kristensdtr. Åbjørnsrød f. 1809, d. 1841, ug.
    Ho var då på Rønningen under Hummelsgård.
Skiftet etter Kari Larsdtr. var halde på Rønningen våren 1842 etter krav frå Kristen. Samstundes melde Kristen Andersen at han gav opp sitt bu med undatak av ei sag og ei kvige. Dette skulle ved hans døyd gå over til hans son og nyttast til hans gravferd. På garden var her elles, 1 blakk hest 10 år verd 12 spd. og ei kyr verd 10 spd. Lausøyre var verdsatt til 63 spesiedalar.
Vånings- og uthuset på Rønningen var oppført av Kristen Andersen, men tømret var for det meste teke av skogen på vestre Dal som då med Hummelsgård og plassen Rønningen tilhøyrte Bolvik Jernverk, men selde i 1841. Det var store kostnader med desse hus og buet meinte å hava krav på verdsetjing av desse og at dei ikkje skulle gå over til eigaren uten godtgjersle.
Jorddrotten Åsold Abrahamsen som i 1841 kjøpte Hummelsgård med Rønningen var tilstaes og han meinte at etter festebrevets innhald kunne det ikkje reknast noko for husene. Dei andre husa på plassen var, badstove og vedskur med bryggerhus.
Den eigedom som Kristen Andersen hadde innløyst frå si mor og halvsyster, var tils. 2/3-partar av Åbjørnsrød og hadde ei skyld av 2 ort 15 skjelling. Denne eigedom vart i buet vedsatt til 170 spd. Det var noko gjeld, blant anna til Konsul Flood på Vold. Kristen og son Anders vart pålagt innan ein månad å få kreditorane sit samtykkje til at eigedomen ikkje vart seld.
Det vart likevel slik at det skulle haldast auksjon over Åbjørnrød i 1843. Eigedomen hadde nå mnr. 52, lnr. 200 med same skyld som ovanfor nemnd. Av buets kreditorar var tilstaes Konsul Flood og Isak Isaksen Sti. Jørgen Flood fekk tilslaget for takstsum 170 spd.
Han melde at bodet var gjeve i kommisjon, men skulle vera ansvarleg for kjøpesumen.
Kristen Andersen fekk nå likevel behalda garden.
Han var no enkemann og han overdrog eigedomen til sin sønneson Kristen Andersen i 1855.

Utdrag (s. 178-184) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen