Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 7

Anders Kristensen Åbjørnsrød

Anders Kristensen er f. 1802 i Åbjørnsrød, d. 1881 på Gromstulen i Gjerpen, f. 1827 m. Ingeborg Maria Gulleksdtr. Øvre Kåsa under Hustvet f. 1808, d. 1888, i Duestien i Skien, dtr. av Gullek Reiersen Kåsa og Anne Isaksdtr. Hegna under Valen.

Anders og kona held til på Åbjørnsrød, i alle høve til hans far overdrog eigedomen til Anders sin son Kristen i 1855. Alle borna er fødde her.

Anders Kristensen si dotter Karen Andrea vart i 1855 gift med Halvor Ellevsen Frønes og desse flytta då til Dybdal i Gjerpen. I 1857 kjøper so Anders og svigerson Halvor Ellevsen garden Dybdal. Skøyta lyder:

Underskrevne gaardbruger Jakob Hansen Nærum, erkjender at have solgt, ligesom jeg hermed til Anders Christensen Aabjørnsrød og Halvor Ellefsen Frønes skjøder og eiendommelig overdrager min efter skjøde datert 10. januar thinglæst 11. april 1849 eiende gaard Dybedal gl. mnr. 136, nytt mnr. 43, løb. nr. 125 af skyld 6 skind eller 1 skylddaler 22 skilling i Gjerpen thinglaug med paastaaende husebygninger, Tilligemed herligheder og rettigheder, intet undtaget og deriblant Møllebruget på pladsen Gåsehølen, samt de 2 spd. og 1 tønde byg som faaer af Fossum Jernverk, ifølge oprettet contract med Dybedals eier, samt forøvrigt saaledes som jeg er hjemlet samme, for omforenet kjøbesum 1200 spd. der er afgjort med contant 400 spd. og ved kjøberens udstedte åanteobligation af d.d 800 spd.

Det ere en selvfølge, at kjøberen uden afgang i kjøbesummen udreder ældre paa eiendommen hvilende forpligtelser, og de vi blandt den min broder Farvr I. Nærum ifølge gæstebrev av 29. sept. 1848 thinglæst 7de februar 1849 tilkommende rettighed m.v. til i gaarden Dybedal skov før St. Hansdag aarlig at lade hugge 2 favner god birkeved og fire favner god furu og granved, favnen beregnet til 9 norske [] alen, mod at han derfor betaler i aarlig afgift 1 ort pr. favn, men skulle eieren af gaarden ønsker at hugge denne veed for Farver I. Nærum eller efterfølgende eiere, da betales i aarlig avgift 2 ort pr. favn, ligesom det og er en selvfølge at kjøberen betaler aarlig af Møllebruget til beboeren i pladsen Gaasehølen 1 spesiedaler, deraf 3 kjøredage med hest, samt fri maling som hittil.

I mangel af stemplet papir nr. 16 til 9 spd. f. 2 s. er benyttet nærværende og medheftede nr. 7 til 2 spd. 48 skilling.

Det er forøvrigt en selvfølge, at da min broder Farver Nærum ifølge ovenmeldte fæstebrev tilkommer rettigheder, er ha, forbeholdt.

Skien 14de April 1857
Jakob H. Nærum
ih.p.

Det var eit stort økonomisk lyft dei tok på seg med kjøpet av Dybdal (som vel er det seinare i matrikkelen av 1886 kalla Djupedahl).

Samstundes med kjøpet av garden lånte dei av J. H. Nærum 800 spd, mot pant i garden. Dette lånet vart seinare konvertert med eit lån i Hypotekbanken og av Isak Hansen Nærum. Dertil lånte dei av son Anders Andersen Gromstulen i jan. 1864 200 spd. men det hjelpte lite.

I april 1864 kravde Svend Dybdal 33 spd. 52 skj. og fekk utlegg i Anders Kristensen Dybdals lausøyre, avl og grøde for 1864.

Då renter og avdrag heller ikkje var betalte vart det av Norges Hypotekbank kravd auksjon av garden. Om auksjonen nemnast i utdrag:

«Erik Johan Cappelen, sorenskriver og auksjonsforvalter i Bamble sorenskriveri, gjer kjent, at 22/6-1864 vert det halde offentleg auksjon på Bamble sorenskriveris kontor i Skien, etter krav frå Prokurator Frek på vegne av Norges Hypotekbank, for å bortselja garden Dybdal mnr, 43 i Gjerpen, av skyld 1 dalar 33 skjelling.
Krava var: Norges Hypotekbank obligasjon av 1858, Isak Hansen Nærums rest på pantelån 350 spd. som tilsaman beløp seg til 687 spd. 43 skj. medan det var tvilsamt om Anders Andersens pant for 200 spd. som berre stør seg på endosements-ansvar kunne reknast med som prioritert ved buet.
Det vart merka at Isak Hansen hadde rett til hogst av 6 famner ved i skogen.
Garden vart oppropt for 687 spd. 42 skj. og Isak Hansen Nærum baud denne sum og fekk tilslaget. Bodet vart godkjent og han fekk utgjeve auksjonsskøyte på eigedomen.

Skien 30. nov. 1866
E.J. Cappelen

Anders Kristensen flytta no til Gromstulen i Gjerpen og budde her til han døydde i 1881.

Hans to yngste sønner reiste snart etter til Amerika og mora Ingeborg Maria busette seg i Duestien i Skien og døydde her i 1888.
Ingeborg og Anders sine born er:

  1. Kristen Andersen Åbjørnsrød f. 1828, d. 1908, 1) g. 1855 m. Anne Barbra Isaksdtr. Frønes f. 1832, d. 1881, dtr. av Isak Ellevsen Frønes og Ingeborg Kristensdtr. Holtan i Solum. Ingeborg døydde hos sin svigerson i 1867, 80 år.
    2) g. 1886 m. Aslaug Andrea Thorsdtr. Bjørbæk f. 1858, d. 1920, dtr. av Thor Reiarsem og Marie Anne Andersdottr Bjørbæk.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 8.
  2. Gullek Andersen Åbjørnsrød f. 1832, d. 1846.
  3. Karen Andrea Andersdtr. Åbjørnsrød f. 1835, g. 1855 m. Halvor Ellevsen Frønes f. 1832, son av Ellev Halvorsen Frønes og Kirsten Kristensdtr. Kalstad Same våren dei gifta seg tok dei utflytting yil garden Dybdal i Gjerpen. Saman med sin svigerfar kjøpte han i 1857 denne gard, men det gjekk ikkje so bra og Dybdal vart seld ved tvangsaukson i 1866.
    Sjå nermare om dette ovanfor.
    Etter den tid har Halvor og Karen flytta frå Gjerpen. Det er ikkje funne kor dei har busett seg men folkeminne meiner dei har busett ein stad ved Porsgrunn.
    Av borna er funne:
    1. Ellev Andreas Halvorsen f. 1855 på Dybdal.
    2. Kirstine Halvorsdtr. f. 1857 på Dybdal.
    3. Anders Halvorsen f. 1859 på Frønes.
  4. Anders Andersen Åbjørnsrød f. 1838, d. 1919, g.m. Maren (hennar farsnamn er ikkje funne) f. 1835, d. 1911.
    Anders utflytta til Gjerpen i 1861 og han har budd på Gromstulen. Vilkåra for Anders si framtid har nok ikkje vore så gode. Etter at han vart gift fekk han med Maren sønnen Andrew og i 1883 reiste dei til Amerika og busette seg i Sugar Creek i Elkhorn, Wis. der dei held til all si tid.
    Son Andrew R. Anderson er f. 1875 ved Skien, d. 1960 i Elkhorn, g. 1903 i Sugar Creek med Inga Marie Carlson f. 1878 i Hedrim, d. 1963, dtr. av Sagmeister Carl Johan Berntsen f. 1845 og kone Julie Dorothea Kristensdtr. d, 1848. Inga Carlson kom til Elkhorn hausten 1901. Dei hadde ikkje barn.
  5. Maren Gurine Andersdtr. Åbjørnsrød f. 1842, s. 1842.
  6. Isak Andersen Åbjørnsrød f. 1845, d. 1847 i Rønningen.
  7. Anne Gurine Andersdtr. Åbjørnsrød f. 1849 i Rønningen, d. 1922 i Cappelensgt. i Skien. Ho var ugift og budde på Gromstulen med foreldra, men vart syerske og kom då til Skien.
  8. Gullik Isinius Andersen Åbjørnsrød f. 1851, d. 1889 etter ei skipsulukke og vart begr. på marinekyrkjegarden i Cleveland Ohio, g.m. Maren Johanna Rasmussen Reis f. 1850 (skal vera fødd i Porsgrunn men har ikkje funne det), d. 1912 i Wisconsin.
    Maren og Gullik reiste til Amerika kring 1885 og hadde då med seg 2 sønner og ei dotter.
    Det nemnast av slektningar i Amerika at Gullik var sjømann. Dei hadde 5 born:
    1. Andrew Gullik Andersen f, 1878, d. 1944 i Wisconsin, g.m. Anna Bothum f. 1887, d. 1966 i Stoughton.
      Anna var frå Fresvik ved Aurlandsfjorden i Sogn og reiste kring 1895 til Wisconsin.
      Anna og Andrew sine born er:
      1. Talidia Christine Andrewsdtr. f. 1910, g.m. Laroy Larsen. Dei har borna:
        1. Lorraine Ann f. 1934, g.m. Orlow Johnson og har tre born: Steven Allen f. 1955 - Michael Sidny f. 1957 og Linda Marie f. 1960.
        2. Arlene Lucille f. 1936.
      2. Marvin Gilman Andrewson f. 1913, g.m. Eleanor Moen. Marvin er forretningsmann i Stoughton. Dei har to born:
        1. James Marvin f. 1941, g.m. Kathryn Berg og dei har eit barn, Kari Marie f. 1965.
        2. Roald Earl f. 1943, g.m. Pamela Wennlund og har eit barn, Wendy Sue f. 1965.
      3. Earl Andrew Andrewson f. 1919, g.m. Geraldine Ladvig. Dei har to born: Susan Ann f. 1952 og Jody Ann f. 1966.
      4. Marian Lucille Andrewsdtr. f. 1924, g.m. Harold Frank. Dei har to born: Barbara Jean f. 1949 og Harold Marvin f. 1952.
    2. Anna Kristine Andersdtr. f. 1881, g.m. Carl J. Mellum f. 1879, d. 1908.
      Dei oppheld seg i Wisconsin, der Anna framleis lever og er 85½ år. Dei hadde to born: Dorothy Lucille Carlson f. 1903, d. 1908 og Margrete Eunice Carlson f. 1905, d. 1916.
    3. Martin Isinius Andersen f. 1883, d. 1946, g.m. Anna Stokke f. 1884, d. 1962.
      Martin var med sin far til Amerika kring 1885.
      Anna og Martin sine born er:
      1. Dorothy Marian Anderson f. 1911, g.m. Thomas C. Renhels i Oshkosh, Winsconsin.
        Dei har to born: Ann Naden f. 1937 og Thomas Martin f. 1943.
      2. John Robert Anderson f. 1912, g.m. Betty Zwiefel.
        Dei har to born:
        1. Sue Alice f. 1938, g.m. Roald Brigham. Dei har borna: Derek John f. 1961 og Amy Sue f. 1966.
        2. Dorothy Jane f. 1948, ug.
      3. Martin Irving Anderson f. 1917, g. 1943 m. Ruth Compton. Martin er ansatt i Physical Education departement og underviser ved Park Juior Høgskule i Oshkosh, Wisconsin. Har ogso vore stasjonert i U.S. hær som treningsinstruktør i staten Washington.
        Si kone traff han på skulen. Ho var ansatt som tannlege ved Oshkosh skulesystem. Nå er ho ansatt hos ein øye-øre og nese-lege som Laboratorie-teknikker.
        Dei har to born:
        1. Martin Irving jr. f. 1944, g.m. Sandra Hall. Martin er for tida student og når han tek eksamen dette år, har han tenkt å gå i U.S. flyvåpen.
        2. John Robert f. 1946.
      4. Mary Jane Anderson f. 1921, g.m. Harold Robinson.
        Dei har tre born:
        1. Ruth Ann f. 1940, g.m. Glidden Neil Libby og har ei dotter, Kirsten Mary f. 1964.
        2. Kathryn Mary, f. 1942, er ug.
        3. Barbara Lea f. 1945, g.m. Robert Lawrens og har to born: Teresa Lynn f. 1961 og Le Ann f. 1962.
    4. Inga Marie Anderson f. 1886 i Wisconsin. Ho er ugift og er nå 80 år.
    5. Oscar Anderson f. 1882 i Wisconsin, d. 1942, g.m. Thora Wicker f. 1881 i Lom i Gudbrandsdalen, d. 1956 i Wisconsin U.S.
      Her var det tre born:
      1. Margaret Lucille f. 1920, g. 1941 m. Aron Kvalheim som er frå Randaberg.
        Aron Kvaljeim er handelsrepresentant og reiser mykje i Wisconsin, Minnesota, North Dakota og nordre Michigan. Dei bur i Stoughton, Wis.
        Dei har borna: Richard Aron f. 1943 - Sharon Margaret f. 1947 - Mark Howard f. 1952 - Brian Kent f. 1960.
      2. Oscar Anderson jr. f. 1923, g.m. Betty Paine.
        Dei har to born: Penny Rae f. 1945, g.m. Robert Ping og har eit barn: Tracay Lynn f. 1964 - Terry Ann f. 1947, g.m. Larry Fonntain.
      3. Howard Robert Anderson f. 1925, ug.
  9. Maren Andersdtr. Åbjørnsrød, seinare Gromstulen f. 1854 i Melum, g. 1878 i Gjerpen med snekker Halvor Jesen Gåsehølen f. 1849, son av Jens Halvorsen Gåsehølen f. 1820, g. 1849 m. Kristine Jensdtr. nordre Foss i Hjerpen f. 1824, d. 1898 i Gåsehølen.
    Maren var då ho gifta seg i Gromstulen og ho har nok vore med foreldra då dei flytta frå Dybdal.
    Maren og Halvor busette seg i Brekkeby i Skien og her er 4 av borna fødde, seinare har dei truleg flytta derifrå. Av borna er funne:
    1. Ingeborg Kirstine Halvorsdtr. f. 1879 i Skien.
    2. Johan Halvorsen f. 1884 i Skien.
    3. Anna Halvorsdtr. f. 1887 i Skien.
    4. Lovise Halvorsdtr. f. 1890 i Skien.
    5. Sophie Halvorsdtr. g.m. Torsten Nilsen Nes f. 1879 på Marum, son av Anne M. Torstensdtr. Aspheim og Nils Thomassen Nes. Då Anne Martine døydde i 1885 reiste Nils i 1886 til Amerika og tok med seg den eldste og yngste av borna. Son Torsten vart soleis igjen her og vaks opp hos bestefaren på Aspheim.
    (Det kan vera av interesse å nemne noko meir om denne familien i Gåsehølen.
    Då Halvor Jensens dotter Ingeborg Kirstine var til dåpen var desse fadd: Ingebret Jensen, Aslak Jensen, Dikka Jensen, Anders Andersen og Gurine Andersen.
    Jens Halvorsens far var Halvor Bæruldsen Gåsehølen og Kirstines far var Jens Isaksen nordre Foss.
    Av borna til Jens og Kirstine Gåsehølen er elles funne:
    1. Andrea Jensdtr. f. 1858, g. 1883 m. Nils Gunnarsen Gløsmyr f. 1855 i Holla, ein son av Gunnar Olsen Kåsa.
    2. Karen Jensdtr. f. 1862, g. 1885 m. Peder Pedersen Kise f. 1860 i Tuddal, ein son av Peder Torjussen Dalen.
    3. Mathilde Jensdtr. f. 1868, g. 1887 m. Ingebret Rasmussen Løberg f. 1859, ein son av Gbr. Rasmus Kristensen Løberg.
    4. Sophie Jensdtr. f. 1871.)
Utdrag (s. 185-192) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen