Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

Ledd 2

Jon Larsen Aspheim

Jon Larsen var berre 27 år da han i 1662 overtok heile eigedomen etter faren og hadde den til sin døyd i 1699. Han var sjølv med sin familie på Aspheim, men det var folk ogso på Sti. Her budde i 1700 Thomas Olsen med si kone Anne Laursdtr.

Det er mykje truleg at ho er ei syster av Jon.

Thomas Olsen var Sagmeister ved Gimsøy klosterbruk og hadde under arbeid hogd seg so «ulidelig» i beinet. Det sette seg vont i såret og han døydde ved årsskriftet 1700 og skifte vart halde. Det kjem fram her at han var skuldig General Admiral Adelers fru Anne Pelts arvingar 89 riksdalar.
Enka held då fram at Admiral Giedde sjølv «forlenge siden» hadde frigjeve hennar mann for dette krav og frå klosterbruket arbeid, då han var ute for denne ulyklege hending. Kravet fall soleis bort.
Jon var i stitt første ekteskap gift med Guro Nilsdotter som døydde frå han i 1686. Andre gong gift med Synøve Larsdtr. som døydde i 1738, 91 år.
Synøve Larsdtr. (som var syster av Velgior Larsen Marum som dræpt ved fall i brænnande kollmile) gifta seg igjen 1700 med Peder Andersen og han tok då over feste på Sti. Dei var busette her so lenge dei levde.
Jon hadde born berre i sitt første ekteskap:

  1. Kristen Jonsen Aspheim d. 1700 g.m. Børthe Jonsdtr. Ådna f, 1665, d. 1724, einaste dotter av Jon Gjestsen Øya, seinare Melfald og Ådna og Anne Andersdtr.
    Kristen og hans bror Lars Jonsen fekk i 1700 feste på 4 huder som var Aspheim gards skyld, der Lars skulle have 3 huder og Kristen 1 hud. Kristen døydde same år og Lars tok då ogso pver Kristens part.
    Kristen og Børthe var på Lille-Melfald der dei ogso bruka noko jord som var bygsla av Børthes far.
    I den sisste tid Kristen levde virka han mest på Aspheim. Der hadde han då sine husdyr og dreiv med kollmiler.
    I ekteskapet var det ei dotter, Guro Kristensdtr.
  2. Isak Jonsen Aspheim, seinare Hummelsgård f. 1670, d. 1724, g. m. Ingeborg Olsdtr. f. 1671, d. 1748.
    Desse folka er det som går vidare i denne slekt og vil bli omtale under ledd 3.
  3. Lars Jonsen Aspheim f. 1671, d. 1746, g.m. Anne Arnesdtr. Siljan f. 1665, d. 1745, dtr. av Arne Halvorsen d. 1689 og Børthe Torbjørnsdrt. d. 1704 på Siljan.
    Anne og Lars held til på Aspheim all si tid.
    I 1727 overlot dei halvve garden til si son Jon Larsen som då hadde gifta seg. Den andre halvparten som han sjølv bruka, fekk so i 1735 hans andre son Arne Larsen taka over. Garden var benefisert Skiens Laugstol og Gierdt Lange og Lagmann Truls M. Wiele godkjende denne oppdeling og overføringa av bygselretten. Garden vart delt skjønnsmessig mellom sønnene.
    Anne og Lars hadde 6 born, men 2 born var døfødde slik at det var 4 av borna som levde opp:
    1. Jon Larsen Aspheim f. 1701, d. 1743, g. 1757 m. Åvet Jensdtr. f. 1695, d. 1756, dtr. til Jens Jonsen Lia og Anne Kristensdtr. Ånerød.
      Jon dreiv sin halve Aspheimgard til han døydde i 1743 og Åvet held fram med drifta til ho døydde i 1756. Garden vart då bortfesta til Thorsten Jakobsen Tveitan. Borna her var:
      1. Jens Jonsen Aspeheim dp. jan 1729, d. 1783 i Vebakken u/vestre Klyve, g. 1761 m. Åvet Larsdtr. Sti f. 1735, d. 1816 på Sjøtvet, dtr. av Lars Torjussen Sti og Ingeborg Klausdtr. vestre Klyve.
        Vebakken var plass under vestre Klyve som Åvets bror Mathias Larsen eigde.
        Åvet og Jens må ha flytta til Vebakken like etter sitt giftemål, då alle borna er fødde her, nemleg:
        1. Jon Jensen f. 1762, d. 1784 ugift. Han var sjømann. Først på året 1784 hadde han skrive heim og morbroren Mathias Klyve fortalte at Jon reiste for 4 år sidan frå Porsgrunn med avdøydde kjøpmann Lars Wrights skip «Adjutoe» på reise til England, men at han venta å returnera denne somar. På forsomaren i 1784 reiste han ut frå Kristiansand med brigg «Emanuel» og Jon døydde under denne reisa. Det vart sett igongundersøking om Jon frå Åge Hansen i Kristiansand kom det melding om at Jon var døyd i Lisasbon i Porugal der skipet var komen til, og at det var skipper Torsten Holme som hadde meld dette.
        2. Lars Jensen f. 1765, d. 1768.
        3. Ingeborg Jensdtr. f. 1769, d. 1775.
        4. Åvet Jensdtr. f. 1771, g. 1790 m. Peder Vrålsen Sjøtvet.
        5. Jon Jensen Vebakken f. 1774.
      2. Isak Jonsen Aspheim f. 1730, d. 1784 i Vebakken under vestre Klyve. Isak Jonsen var ugift og var i 9 år før han døydde hos sin bror i Vebakken.
        Det vart halde skifte etter Isak og det synte seg at dette skiftet var halde på same dag som hans eldste bror var døyd i Lisabon.
        Isak Jonsen hadde nok samla seg noko pengar gjenom åra og hans arvingar var dei to brorbørnaÅvet og Jon Jensen d.y. og det vart 415-3-10 Skjelling på kvar.
      3. Halvor Jonsen Aspheim f. 1733, d. 1734.
      4. Berthe Jonsdtr. Aspheim f. 1736.
    2. Arne Larsen Aspheim f. 1706, 1) g. 1733 m. Mari Halvorsdtr. Dolva f. 1709, d. 1749, dtr. av Halvor Reiarsen Valen, seinare vestre Dolva og Marthe Thorstensdtr. 2) g. 1750 m. Ingeborg Gjestsdtr. Frønes d. 1804, 85 år.
      Arne Larsen fekk i 1735 taka over sin fars 2 huder i Aspheim og han dreiv sit bygselbruk i fred til han kom i unåde hos Lagmann Lycke. I 1753 hadde Arne sin son Lars som var 15 år, i teneste hos Lagmann, men so hadde Lars reist frå tenesta utan løyve heim til faren og Lagmann vart mykje harm for dette.
      Guten vart stemna for retten og dømt til opphald ved Kristiania tugthus so lenge dei høge direktørar der fann forgodt å hava han der. Faren fekk påtale for at han hadde teke mot guten og ikkje send han tilbake i tenesta. Med denne hending kom Arne riktig i unåde. I 1755 fann Lagmann ut at Arne og Åvet Jonsdtr. på nabogarden hadde hogge ulovleg i den benefiserede gards skog og han tok arrest i det hogne tømmer. Det vart sak og Arne og Åvet, og dertil Torjus Almom vart dømd til å hava sitt feste forbrote.
      I 1756 vart so Aspheim bortfesta til Torsten Jakobsen som var frp Tveitan og Arne Larsen flytta då til vestre Tveitan. Han var her til omlag 1762 og har so flytta til ein plass under Bergan.
      Kor Arne budde få han døydde har eg ikkje funne men hans kone er døyd i Knardalstrand og det er difor truleg at familien har vore busett her.
      Borna av første ekteskap er:
      1. Halvor Arnesen Aspheim f. 1734, f. 1823, 1) g. 1761 m. Ingeborg Klausdtr. Sti f. 1735, d. 1764 i barselseng etter føtsel av son Klaus som ogso døydde 3 veker gamal.
        2) g. 1764 og no med Inger Michelsdtr. d. 1821.
        Halvor Arnesen må ha kome til Bjørbæk straks etter sitt giftemål med Ingeborg, då son Klaus ogso er føtt på Bjørbæk.
        Halvor Helgesen og kone Inger Andersdtr. er truleg ein innflytta familie som kom til Bjørbæk etter at Søren Gundersen med sin familie hadde flytta til Erikstad. Halvor Helgesen vart begr. 1764, 55 år fråBjørbæk. Halvor Arnesen og hans slekt hadde so garden Bjørbæk i mange år framover.
        Inger og Halvor Arnesen sine born er:
        1. Isak Halvorsen Bjørbæk f. 1766, d. 1835, g. 1795 m. Inger Andersdtr. d. 1833, 72 år.
        2. Michel Halvorsen Bjørbæk f. 1769, d. 1789.
        3. Arne Halvorsen Bjørbæk f. 1771.
        4. Ingeborg Halvorsdtr. Bjørbæk f. 1774, d. 1833, gift 1796 m. Jon Andersen vestre Dal, seinar Gjærum f. 1768, d. 1830, son av Anders Jonsen vestre Dal og Dorthe Haraldsdtr. Elgtvet.
        5. Halvor Halvorsen Bjørbæk f. 1777, d. 1781.
        6. Anders Halvorsen Bjørbæk f. 1779, d. 1781.
        7. Reiar Halvorsen Bjørbæk f. 1782, d. 1855, g. 1813 m. Kirsti Thorsdtr. Tveit f. 1790, d. 1833, dtr. av Thor Thomassen Bolvik, seinare Tveit og Aslaug Rasmusdtr. Gisholt.
      2. Lars Arnesen Aspheim f. 1738, d. 1791, g. 1764 m. Birthe Tollevsdtr. Bruseth f. 1733, dtr. til Tollev Gjestsen Bruseth og Anne Kristensdtr. Nyhus.
        Lars og Birthe var ei tid i Kåsa under Bruseth, budde so på vestre Dal, i 1767 på ein plass under Bergan til dei i 1769 er å finna på plassen Dalen under garden Siljan som Jakob Arnesen Siljan eigde.
        Som før nemnd kunne Lars vera ein villstyring i sine unge år, men vart no ein aktverdig husmann i Dalen, der han dreiv i mange år.
        Birthe og Lars Arnesen fekk desse born: Anders f. 1764 - Arne f. 1766, d. 1840 i Anderskås under vestre Tveitan - Maren f. 1767 - Tollev f. 1769, døyde ung - Kristen f. 1771 - Tollev f. 1774.
        Ved skiftet etter Lars levde 4 av borna, nemleg: Arne, Kristen, Tollev og Maren.
        Av husdyr var det då på plassen, 2 kyr, 1 hest, 1 kalv og 4 sauer. Han dreiv elles med kollmiler og hadde i dette arbeid hatt hjelp av Halvor Evensen Sultebisk. Buet synte ei rein eige på 17 riksdalar.
      3. Reiar Arnesen Aspheim f. 1740.
      4. Isak Arnesen Aspheim f. 1744, d. 1746.
      5. Jens Arnesen Aspheim f. 1747, d. 1749
      Ingeborg og Arne hadde desse born:
      1. Anne Arnesdtr. Aspheim f. 1750, d. 1827 i Elset legd, g. 1779 m. Kristian Kristensen Heia.
        Den første tid budde dei i Heia, men so til Knapnæringen ved Knardalstrand.
        Av borna er desse funne:
        Arne f. 1779 i Heia - Mari f. 1781 i Heia, d. 1783 i Knapnæringen - Ingeborg Marie f. 1787 i Knardal.
      2. Jens Arnesen Aspheim f. 1752, d. 1809 i Knardalstrand, g.m. Anne Gundersdtr. f. 1756, d. 1825, dtr. av Gunder Olsen og Maren Engelbretsdtr. vestre Porsgrunn. Av borna er funne:
        Arne f. 1788, d. 1790 - Maren f. 1790 - Arne f. 1792 - Ingeborg Kristine f. 1794 - Marthe f. 1796, d. 1797 - Kirsti f. 1798.
      3. Mari Arnesdtr. Aspheim f. 1754, g. 1778 m. enkem. Reiar Halvorsen vestre Dolva f. 1705, d. 1789 i Haukenesodden, son av Marthe Torstensdotter og Halvor Reiarsen Valen.
        Reiar og Mari sine born er: Reiar f. 1781 og Halvor f. 1785.
        Mari Arnesdtr. gifta seg igjen i 1792 og no med Lars Olsen. Dei vart buande i Haukenesodden til dei i 1796 er å finne i Holtandalen i Solum. I dette ekteskap var det ogso to born, nemleg: Helvig f. 1793 og Ingeborg Kirstine f. 1796.
      4. Gjest Arnesen f. 1757 på Tveitan
      5. Isak Arnesen Aspheim f. 1760, d. 1836, g. 1794 m. Ingeborg Sivrsdtr. Elgtvet f. 1763, dtr. til Siver Svendsen og Ingeborg Borgersdtr. Elgtvet.
        Isak Arnesen var skipstømmermann og var med sin familie busett i Knardalstrand.
        1. Arne Isaksen f. 1795.
        2. Sivert f. 1799, d. 1822.
        3. Gjest Isaksen f. 1802.
        4. Anders Isaksen f. 1805.
        5. Ingeborg Karine Isaksdtr. f. 1809.
        Mor til borna døydde i 1824.
      6. Anne Arnesdtr. Aspheim f. 1765 i Berganeie, d. 1827 på Elgtvet ugift.
    3. Kristen Larsen Aspheim f. 1708, d. 1710
    4. Jens Larsen Aspheim f. 1710, d. 1746, g. 1737 m. Anne Halvorsdtr. vestre Dolva f. 1712, d. 1788, dtr. til Martha Torstensdtr. og Halvor Reiarsen Valen.
      Enka etter Jon Karlsen, Anne Hansdtr. på Almon hadde late ein og annan hogge i gardens skog. Dette lika ikkje Lagmann Truls Wiel som styra med Laugstolens benefiserede gots. Anne Hansdtr. gjekk då med på ei mildeleg ordning slik, at ho skulle flytta frå garden faredag 1740. Samstundes vart Almon bortfesta til Jens Larsen Aspheim. Dokumentet om dette er dat. Lagmannsgarden Lille Gjerpen, mars 1740.
      Jens var berre 36 år då han døydde og enka gifta seg igjen i 1748 m. Torjus Larsen Sti f. 1724, d. 1762, son av Lars Torjussen Sti og Ingeborg Klausdtr. vestre Klyve.
      Anne Halvorsdtr. som soleis vart enke igjen i 1762 sat med garden fram til aug. 1781. Ho var då 76 år og ynsgja at hennar son Halvor Jensen og kone Liv Hansdtr. tok over feste på garden, mot at ho fekk fult opphald på eigedomen. Dette vart godkjent og nytt festebrev utgjeve av Eyler Hagerup. Etter Halvor Jensens døyd vart garden kjøpt av hans son Jens Halvorsen for 500 rdl. i 1800.
      Borna av første ekteskap var:
      1. Maren Jensdtr.f. 1738 i Bratsberg, d. 1739.
      2. Halvor Jensen Almon f. 1741, d. 1794, g. 1765 m. Liv Hansdtr. Bjørntvet f. 1736, d. 1808, dtr. av Lensm. Hans Olsen og Mari Thomasdtr. søre Bjørntvet.
        Liv og Halvor hadde desse born: Hans f. 1765, d. 1769 - Anne f. 1767, d. 1769 - Hans f. 1770, d. same år - Maren f. 1774, g. 1802 m. enkem. Simon Thorbjørnsen u/Bolvik - Jens Halvorsen f. 1771, d. 1842, ved kgl bev. g. 1796 m. Anne Johannesdtr, Eiklund f, 1765, dtr. av Johannes Mikkelsen Eiklund og Ingborg Jakobsdtr. Sønstvet - Hans f. 1777, d. 1781 - Marthe f. 1779.
      3. Lars Jensen Almon f. 1746, d. 1747.
      4. Jon Jensen Almon f. 1744, d. 1818 på Tomarka u/Sti, g. 1789 m. Gjertrud Larsdtr. f. 1757 i Hentia, d. 1845 på Tomarka, dtr. av Lars Abrahamsen Hentia og Melumkåsene og Mari Gunnarsdtr. Grøtsund.
      I andre ekteskap var det desse born:
      1. Lars Torjusen Almon f 1749 g. 1781 m. Helga Olsdtr. d. 1826, 68 år på plass under Ånerød.
        Lars var brukar av plassen Holtan i Solum etter gifte i 1781. Han sa frå seg festet på Holtan i 1803. Seinare er ikkje funne noko om han.
        Det er berre funne to born etter dei, nemleg: Torjus Larsen f. 1783, d. 1827 då han hengte seg i skogen, g. 1812 m. Børthe Jensdtr. Haugland under Rennesund.
        Karen Larsdtr. f. 1785 på Holtan plass.
      2. Marthe Torjusdtr. Almon f. 1785 på Holtan plass.
      3. Jens Torjusen Almon f. 1754, d. 1838 på Haugland under Rennesund, g. 1780 m. Gjøa Sørensdtr. Bjørbæk f. 1750, d. 18255, dtr. av Søren Gundersen og Anne Andersdtr. Bjrøbæk.
        Jens Torjusen var brukar på Haugland frå kring 1782 til hans son Torjus tok over i 1830.
        Gjøa og Jens sine born er: Anne f. 1781 på Høgset - Torjus f. 1783 på Haugland - Anders f. 1785 - Birthe f. 1787 - Marthe f. 1789 på Haugland.
  4. Kari Jonsdtr. Aspheim g.m. Kjell Anundsen. Kari var enke i 1699 og ho er nemnd å ha vore til preike i Melum kyrkje 17/7-1701. Sidan har det ikkje vore noko å finna om desse ektefolka.
  5. Mari Jonsdtr. Aspheim g.m. Skomakar Bjørn Bjørnsen. Dei var busette i Kåsa under Hustvet. Bjørn skomaker klage til Amtm. Adeler over at hans ryddingsrett til plassen Kåsa var seld til Nikolai Olsen Gjerstad under garden Gjærum. Det var Anders Larsen Hustvet som selde plassen, men skøyta av 1703 synte at Bjørm skal hava ein ryddingsrett og ikkje «fortrenges» frå plassen. Bjørn har nok likevel flytta ut av kommunen med sin familie, for det er siden ikkje noko å finna om dei, anna enn at dei hadde ein son Jon Bjørnsen og at Bjørn skomakar har hatt ei steddotter, Guru som er døyd 1703.
  6. Anne Jonsdtr. Aspheim d. før faren.
  7. Kari Jonsdtr. Aspheim, var umyndig i 1699.
  8. Marthe Jonsdtr. Aspheim g.m. Jens Eriksen Hummelsgård f. 1728, 79 år. Han skulle soleis vera f. 1649 og er truleg son av brukaren i 1661 som heite Erik.
    Garden Hummelsgård var av skyll 2 huder. Herav har Jens Eriksen hatt feste på 1 hud og Isak Jonsen Aspheim frå 1699 feste på den andre huda., Heile garden 2 huder er i 1731 festa av Halvor Gundersen.
    1. Marthe Jensdtr. Hummelsgård f. 1715.
    2. Marthe Jensdtr. Hummelsgård f. 1716.
    3. Gunnar Jensen Hummelsgård f. 1718.
    4. Jens Jensen Hummelsgård f. 1720.
    5. Arne Jensen Hummelsgård f. 1722. Han var tvilling med
    6. Anders Jensen Hummelsgård f. 1722, d. 3 veker.
    7. Tvillingane Ellen Jensdtr. f. 1726 og Karen Jensdtr. f. 1726. Begge døydde 6 veker gamle.
    Etter farens døyd må famililen ha flytta frå Hummelsgård og det er ikkje funne kor dei er blitt av.
    Av andre brukarar på Hummelsgård kan det vere av interesse å nemna, at i 1769 vart Hummelsgård av Bartholomeus von Løvenskjold bortfesta til Jørgen Jonsen Vefald frå Drangedal for hans levetid. Han skulle kvart år arbeida 4 slåttedagar på hans gard Borrestad (Borgestad), kvar Jul levera sin ferskmat og ved Vold kvart forår levera eit lam.
    Plassen Eie reservera han seg avgiften, men vart feta under garden. Derimot tok han atterhald om sjølv å bortleige og taka avgift om fleire plassar vert rydda.
    Jørgen Jonsen vart g. 1770 m. Jomfru Dorthe Hansdtr. Ruth på Hummelsgård.
    Det er funne 3 born som alle er fødde på Hummelsgård, nemleg:
    Kristense f. 1774 - Hans f. 1770 og Jon f. 1777, d. 1778.
    Her har vidare budd ein familie til som truleg har tilknytning til ovannemnde, nemleg:
    Løytnant Hans Ruth, d. 1754, 45 år, gifdt med Kristense Hansdtr. som døyd 1773, 64 år.
    Dei hadde ein son, Peder f. 1750. Ei dotter Martha Cicilia Ruth er begr. 1756 frå Hummelsgård.
Utdrag (s. 157-168) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen