Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd |

Rinde - Haukeli

Stamfar til denne slekt er ført tilbake til garden Rinde i Sannidal, nemleg:

Paul Jensen Rinde

Om hans virke i Sannidal og omtale av garden Rinde finn ein at i 1528 gav Povel på Rinde 1 lodd sylv til kongens kroning.

Eivind og seinare Olav bruka Rinde til kring 1620, då vart Halvor Rinde brukar. Han var ein rik mann og eigde mykje jord og eigedom. Soleis var han eigar av 1 hud i Lofthaug, 5 skinn i søre Kalstad, Lia i Sannidal og 2 huder i Ultveit i Gjerstad.

Halvor Rinde var gift med Randi Knutsdtr. Våje i Drangedal. Randi hadde ogso jordgots, nemleg: Vestre Strømme og 1 tønne 1 mæle i vestre Singusdal i Drangedal som ho hadde fått i arv etter faren Knut Stiansen Våje og mora Anne Eilevsdtr. Solberg.

Halvor døydde i 1665 og Randi bruka Rinde til sin døyd i 1690.

Den gamle ætta flytta so frå Rinde og det var her seinare ymse brukarar frametter til Simen Pedersen i Kragerø kjøpte garden.

I 1721 bortfesta han eigedomen til Ottar Halvoren og Paul Jensen som fekk kvar sin halvpart, 2 huder i Rinde. Berre stutt tid ette vart Rinde seld på auksjon for 1000 rdl. til Monsr. Jakob Jensen i Kragerø, men son til Simen Pedersen, Peder Simensen tok eigedomen igjen på odel og selde igjen til Ottar Halvorsen og Paul Jensen som soleis på dette vis fekk kvar sin Rindegard. Paul Jensen fekk vestre Rinde og Ottar ø. Rinde.

Paul var so på Rinde i nokre år før han overlot eigedomen til sin son Nils. Denne son vart i 1752 gift med Marie Ottarsdtr. ø. Rinde. Garden vart seinare seld til Olav Eilertsen Farsjå. Dennes bror Jens Eilertsen var gift med Ottar Halvorsens eldste dotter Anne, og dei tok då over ø. Rinde.

Olav Eilertsen på v. Rinde var 1) gift med Anne Stiansdtr. n. Våje (d. 1745) 2) g.m. Marte Nilsdtr. Østerholt i Gjerstad.

Paul Jensen ættar truleg frå denne her nemnde Eilertsen-slekta, men har ikkje vore mogeleg å finna noko sikkert om dette.

Nils Paulsen var ganske ung då han tok over gardenetter faren kring 1736.

Kor Paul Jensen og kona haar opphalde seg no kring 3 år er ikkje klårt, men dei er kome frå Farsjø då dei 4. februar 1740 flytta inn på garden Gjærum i Melum. Seinare har ein stor del av hans slekt vore på Gjærum i over 200 år.

Då det kan hava si interesse å sjå kven som har vore brukarar på Gjærum, vert det reke med eit stutt oversyn om desse.

Peder Gjærum var brukar frå ca. 1600 til 1635. Han var leiglending og dreiv heile garden. I 1620-23 var her ogso ein husmann som heite Jon. Seinare høyrer ein ikkje meir om husmennar på Gjærum før mange år etter. I 1637 er so Peder blitt borte og KolbjørnGjærum har teke over som leiglending. Han hadde ogso eigedomen i 1661. Den hadde ei skyll av 6 tønner. Her var då dårleg skog - berre til smålast. og her var ei bekkekvern til husbruk.

Kolbjørn var lagrettsmann i Solum i fleire år.

Han var ogso med i lagreten ved den store rettsak i 1659 på Skiens Rådhus, der Jakob Holtan i Solum var skulda for å ha slege til ein rytter, Korporal Peder Andersen, slik at denne som fylgje derav døydde under overnatting på Skjelbreid. Retten fann at Jakob Holtan hadde handla i sjølvforsvar og fekk berre vanleg bot for lekamskade.

Kor lenge Kolbjørn var på Gjærum er ikkje godt å seie, men Jens Jonsen Lia i Solum har overteke i 1680 som leiglending.

Jens som døydde i 1701 var son av Jon Jensen Lia og Anne Kristensdtr. Ånerød. Han var gift med Børthe Gudmundsdtr. Ø. Gisholt. Børthe gifta seg igjen i 1702 og no med Lars Mathiasen Bolvik. Børthe døydde i 1725 og Lars vart gift igjen 1726 og no med Amborg Halvorsdtr. V. Dolva. Sjå nermare s. 23.

Frå 1734 var det Jon Isaksen Elset, Ole Nærum og Jakob Hansen Klyve som eigde garden. Desse selde i 1739 eigedomen til Åsold Knutsen Gisholt for 500 rdl., men selde igjen same år til Paul Jensen Rinde for 650 rdl.

Alle dei nåverande Gjærumsgardar var dengong berre ein gard. Det var nok ikkje so stor som den ville ha vore idag, so her er nok etter kvart brote opp ny jord og gjort det mogeleg å dela den opp til fleire sjølvstendige bruk.

Olassen Styggedal er nemnd i eldre tid, likeeins Gjerstad, medan Kyrkjesletta er nemnd først i 1840.

Husmannsplassane under Gjærum er kring 1700 nemnd Styggedal og Nikolai plassar. Seinare er Gjerstad nemnd omlag på same tid som namnet Nikolai plassar er blitt borte.

Den første brukaren av desse plassar var Nikolai Olsen og han betala i årleg avgift 48 skjelling. Han var smed og difor mykje kalla Niklaus smed. Han var elles ein gof hjelpesmann for folk i bygda, omsynsfull og arbeidsam. Han kunne og stilla blod.

Niklaus budde i Gjerstad som han hadde rydda av øyde skog og mark og bygd opp huser. Desse hus var eit 6-lafta stovehus med skorstein, eit par lader med låve mellom, tilbygt skiku og fjør.

Nikolai døydde i 1732, 86 år og var gift 12. mai 1715 m. Johanne Larsdtr. d. 1755, 72 år.

Nikolai hadde inga gjeld då han døydde, men ei rein eige på 54 rdl. I ekteskapet var det desse born: Ole f. 1716, d. 1745 - Lars f. 1722 - Kirsten f. 1718, d. 1723 - Kirsti f. 1726, d. 1733 - Margrete f. 1730, d. 11 dagar.

Det ein vil leggja merke til her er at den gamle mann har so unge born, og det er mykje truleg at alderen er feil innført.

Det var dårlege tider i landet då Paul Jensen kom til Gjærum. Dei dårlege tidene tok for ålvor til dem den kalde og våte somaren 1739. Då vart det stor naud på mjølkorn om hausten og vinteren.

Det var mykje snø og vinteren var uvanleg kald, og det var soleis mykje ras og oversvømmelsar.

Desse dårlege åringar held enno på ein to tri somarar. I 1742 såg det lovande ut, men då melde insektene seg og øyde både gras og kornsåden, og det vaar liksom sola og varmen hadde tapa si kraft so ikkje noko ville vekse.

Det vart soleis stor naud og epidemiar fengde i det bo so veike folk. Dei styrande i Danmark måtte gripa inn med hjelp og stønader med oppheving ymse privelegier og fara lemplegare fram med inndriving av skattane.

Paul Jensens tid på Gjærum tyder på at han var ein driftig bonde og jamt vore med i ymse gjeremål i bygda.

Paul Jensen var f. i Sannidal 1693, d. 1753 på Gjærum g. 1. g. i Sannidal 14. mars 1716 med Asborg Halvorsdtr. f. i Sannidal 1691, d. 1744 på Gjærum, truleg dtr. av Halvor Vibrandsen og Anne Torsdtr. Torsdal.

Paul 2) g. 1746 m. Guri Andersdtr. Høgset i Melum, f. 1720, d. 1797, dtr. av Anders Larsen d. 1755, 83 år og kone av andre ekteskap Børthe Olsdtr. Høgset d. 1747, 68 år. Anders Larsen 1) g. 1704 m. Alhed Torstensdotter vestre Klyve d. 1710.

Ved skifte etter Asborg var det mange husdyr på garden, 2 hestar, 11 kyr, 1 okse, 2 kalvar, 9 sauer, 8 lam, 6 gjeitar med 3 ungar og 1 bokk. Her var og 3 sylvbegre ved 9 rdl. 7 ort.
Eiga var 788 rdl. utgiftene 136 rdl.
Av borna er funne:

  1. Hendrik Paulsen Gjærum f. 1716, d. 1746
  2. Paul Paulsen Gjærum f. 1719, d. 1777, g. 1746 m. Ingeborg Svendsdtr. Ø. Tveitan f. 1724, d. 1794, dtr. av Svend Hansen Tveitan og Anne Kristensdtr. Hanes.
    Ingeborg Svendsdtr, 2) g. 1781 m. enkem. Michel Olsen Dolva f. 1721, d. 1781, 14 dage etter gifte.
    Ingeborg og Paul var den første tid på Hustvet før han overtok sine arvpartar etter si mor, far og syster i garden Gjærum og var tils. 2 tn. 7 sett.
    Dette vart utskild til søre Gjærum og omfatta då det seinare søre, austre og nordre Gjærum, dertil delar av Gjerstadplassen.
    Dei første hus på søre gard er bygd kring 1745 av Paul og hans far. Staden der husa er bygd er ikkje godt å seia, men det er truleg at stovehuset i alle fall er bygd på den staden ein kallar tuftene.
    Paul bygde ogso husene på austre Gjærum, og her kom hans son Henrik til å bu.
    I gardens vestre skogpart var det ein liten husmannsplass som var rydda av Søren Halvorsen og heite Granekåsa. Søren var 1) g. 1750 m. Kirsten Gudmundsdtr. d. 1762. 2) g. nov. 1762 m. Gunhild Jonsdtr. Marodden.
    I skifte etter jorddrotten Paul Paulsen i 1777 vart Granekåsa ogso kalla Kjennegrindkåsa med huser verdsatt til 21 rdl. og avstått til buet for denne sum.
    Plassen Granekåsa har eg kome til må vera den seinare kalla «Tønnses plass»:.
    Det var eit eldre ektepar, gifte i 1774, enkem. Tønnes Helgesen og enke Inger Andersdtr.. Dei busette seg på Gjærum og det er vell lite tvilsamt at då Granekåsa var ledig, er de her dei har fått bu og at plassen seinare har fått namnet Tønnses plass etter mannen. Denne plass er nedlagt for lenge sidan, men vel kjend kor den har vore.
    Paul Paulsen hadde før han døydde sett opp eit tinglest brev, der hans gard skulle delast mellom dei to sønene Henrik og Halvor, når han og kona var døydde. Ingeborg og Paul Gjærum hadde desse born:
    1. Henrik Paulsen Gjærum f. 1747, d. 1808, g. 1774 m. Kari Pedersdtr. Findal f. 1751, d. 1838, dtr. av Peder Hansen Findal f. 1674, d. 1756 og kone av andre ekteskap, Torberg Andersdtr. Meltvet f. 1723 på Lindeland i Søndeled, d. 1794 på Aspheim, der ho 2) g. 1758 m. Ole Kristensen Nes f. 1728 på Bjørntvedt, d. 1799 på Aspheim.
      Året etter faren døydde tok Henrik opp spørsmålet om deling av garden og dettte vart gjort hausten 1778. Henrik kom til å få austre Gjærum og mora som skulle bu hos son Halvor, valde den søre gard. Begge skulle hava del i Gjerstadplassen.
      Kari og Henrik sine born er:
      1. Anne Marie Henriksdtr. Gjærum f. 1776, d. 1848 på Ødegården, ug. skar seg i halsen i sindsforvirring. Ho hadde eit uekte barn med Guldsmedlærling Elias Nygård i Skien, som heite Anders Eliassen f. 1811, som seinare flytta til Kristianssand.
      2. Peder Henriksen Gjærum f. 1778, d. 1816, ug. Han var mykje sjukeleg, slik at han ikkje kunne taka mot den halve gard som faren hadde tiltenkt han.
      3. Ingeborg Henriksdtr. Gjærum f. 1783, d. 1857, g. 1812 m. Ole Haraldsen V. Gisholt f. 1784, d. 1849, son av Harald Olsen og Kirsti Olsdtr. vestre Gisholt.
        Ole overtok farsgarden som var bygsla. Han kjøpte den i 1841.
      4. Paul Henriksen Gjærum f. 1786, d. 1862, g. 1818 m. Anne Halvorsdtr. Gjærum f. 1788, d. 1835, dtr. av Halvor Paulsen og Martha Jonsdtr. søre Gjærum.
        Paul kom til å taka mot garden etter faren. Paul og Anne fekk to døttre:
        1. Karen Kirstine Paulsdtr. f. 1822, d. 1872, g. 1853 m. Peder Åsoldsen Hummelsgård f. 1818, d. 1878, son av Åsold Abrahamsen Hummelsgård og Maria Pedersdtr. Øya.
          Paul Henriksen delte sin gard mellom sine to døttre og Karen Kirstine fekk då austre Gjærum.
          Karen Kirstine og Peder vart seinare skilde, men dei hadde 3 born saman, nemleg: Åsold f. 1844, Peder f. 1847 og Halvor Pedersen f. 1853.
          Åsold døydde i 1847, og etter skildsmålet i 1859 fylde Peder med faren til Hummelsgård, medan Halvor vart hos mora på Gjærum.
        2. Marthe Kirstine Paulsdtr. f. 1826, d. 1893, g. 1850 m. Lars Isaksen Sti f. 1825, d. 1907. Sjå nermare s. 68.
      5. Inger Henriksdtr. Gjærum f. 1788, d. 1 dag gml.
      6. Torberg Maria Henriksdtr. Gjærum f. 1791, d. 1858, g. 1830 m. Halvor Halvorsen Ødegården f. 1795, d. 1869, son av Halvor Bjørnsen og Anne Maria Olsdtr. Ødegården.
        Halvor overtok garden etter faren og dreiv denne i mange år til hans son Halvor gifte seg og tok over drifta. Deira son Halvor f. 1831 vart g. 1860 m. Anne Mathea Olsdtr. Kalstad, f. 1831, dtr. av Ole Kristensen og Anne Halvorsdtr. Kalstad. Anne var dotter av Halvor Bjørnsen og Halvor og Anne Mathea var soleis syskennborn.
      7. Kristen Henriksen Gjærum f. 1794, d. 3 dage gml.
    2. Halvor Paulsen Gjærum f. 1751, d. 1838, g. 1777 m. Marthe Jonsdtr. f. 1755, d. 1817.
      Halvor mottok søre Gjærum av si mor og dreiv denne all si tid.
      Marthe og Halvor sine born er:
      1. Kari Halvorsdtr. Gjærum f. 1780, d. 1859, g. 1804 m. Anders Hansen V. Dal f. 1775, d. 1857, son av Hans Andersen Veholt og V. Dal og Katrine Jørgensdotter Lunde i Valebø og som var enke etter Anders Jonsen Dal.
        Av borna til Kari og Anders er funne: Hans f. 1805 - Karine f. 1810, d. 1852, g. 1840 m. Brynild Askjersen V. Dal, f. 1820 på Febakke i Holla. Brynild 2) g. 1854 m. Marie Arnesdtr. Veiås f. 1831, dtr. av Arne Larsen og Gunhild Åsoldsdtr. Andreskås under vestre Tveitan - Marthe f. 1822.
      2. Paul Halvorsen Gjærum f. 1784, d. 1867, g. 1819 m. Anne Knudsdtr. Marum f. 1795, d. 1886, dtr. av Knud Jonsen Marum og Kirsti Andersdtr. V. Dal.
        Paul tok over garden etter faren i 1817 og dreiv denne til son Halvor ved sitt giftemål i 1864 vart eigar av eigedomen.
        Paul og Anne sine born er:
        1. Marthe Paulsdtr. Gjærum f. 1819, g. 1838 m. Tenar Anders Halvorsen Brattebakke f. 1814, son av Halvor Andersen og Kirsti Brynhildsdtr. Brattebakke.
        2. Kirsti Paulsdtr. Gjærum f. 1822, g. 1854 m. Ole Olsen Haugen i Holla.
        3. Ingeborg Paulsdtr. Gjærum f. 1826, d. same år.
        4. Halvor Paulsen Gjærum f. 1828, g. 1864 m. Maren Kirstine Torstensdtr. Aspheim f. 1839, dtr. av Torsten Isaksen Aspheim og Ingeborg Halvorsdtr. Haukeli ell. Værstad.
        5. Ingeborg Paulsdtr. Gjærum f. 1832, g. 1866 m. Iver Larsen Siljanjordet under Bergan f. 1837, son av Lars Iversen Strandkåsa av Bergan og Anne Andersdtr. Rugkåsa ved Vold.
      3. Anne Halvorsdtr. Gjærum f. 1788, d. 1835, g. 1818 m. Paul Henriksen Gjærum. Sjå s. 262.
      4. Jon Halvorsen Gjærum f. 1792, d. same år.
      5. Jon Halvorsen Gjærum f. 1797, d. 1798.
      6. Svend Halvorsen Gjærum f. 1799, d. same år.
    3. Kristen Paulsen Gjærum f. 1753, d. 1763.
    4. Anne Paulsdtr. Gjærum f. 1756, d. 1757.
    5. Kirsti Paulsdtr. Gjærum f. 1766, g. 1788 m. Ole Olsen Lille-Melfald.
      Kirsti og Ole var på Melfald til kring 1790, flytta so til Vadrette.
      Av borna er kjent: Paul f. 1788 - Isak f. 1790 - Paul f. 1792 - Ingeborg Maria f. 1795 - Anna f. 1798
      Då Kirsti døydde i 1809 oppheld dei seg i Skien.
  3. Maria Paulsdtr. f. 1731 i Sannidal, d. 1754 på Gjærum.
  4. Jens Paulsen f. 1735 i Sannidal, d. 1738.
  5. Nils Paulsen Rinde. Han vart g. 1752 med Marie Ottarsdotter Ø. Rinde og vart buande i Sannidal.
  6. Asborg Paulsdtr. Gjærum f. 1747, d. 1819 på Lusnes i Holla, g. 1799 m. Kristen Knudsen Lusnes f. 1767, son av Knud Lusnes og Anne Jakobsdtr.
    Her var det inga born.
  7. Anne Paulsdtr. Gjærum var tvilling med Asborg, men døydde i 1747, 3 veker gml.
  8. Birthe Paulsdtr. Gjærum f. 1749, d. 1788, g. 1776 m. enkem. Thor Halvorsen Kåsa eller Sultebisk under garden Haukeli, f. 1756, d. 1809.
    Thor Halvorsen var brukar av plassen Kåsa inntil hausten 1778, då kjøpte han 1 hud i Haukeli og 2 skinn i Grasdalen sæter av Anders og Halvor Kristensen Haukeli. I 1779 vart det gått opp deleline mellom eigedomane og då vart dele frå Bringebærtangen ved Norsjø til Ogseberget ved Melumelva lagt.
    Då Thor døydde sunte skifte etter han ei eige på 2330 rdl. og gjelda 2112 rdl.
    Birthe og Thor sine born er:
    1. Paul Thorsen Haukeli f. 1777, d. 1809, g. 1807 m. Anne Guttormsdtr. Dolva f. 1781, d. 1843, dtr. av Guttorm Michelsen Dolva og Gunhild Thorsdtr. Bolvik. Anne Guttormsdtr. vart 2) g. 1811 m. Peder Andersen Haukeli, f. 1785, d. 1838, son av Anders Kristensen Haukeli og Kirsti Halvorsdtr. Værstad.
      Anne og Paul fekk ein son, Guttorm Paulsen f. 1808, d. 1831, g. 1829 m. Gunhild Thorsdtr. Dolva f. 1806, dtr. av Thor Guttormsen Dolva og Ingeborg Larsdtr. Valen som var enke etter Anders Andersen Valen.
      Gunhild og Guttorm fekk ei dotter, Ingeborg f. 1830, g. 1855 m. Anders Hansen Haukenesodden f. 1832, son av Hans Iversen Haukenesodden og Anne Andersdtr. Nere-Bergan.
      Anne og Peder Andersen hadde ogso eit barn, son Paul Pedersen Haukeli f. 1812, d. 1867, g. 1844 m. Gunhild Isaksdtr. Aspheim f. 1815, d. 1863, dtr. av Isak Torstensen Aspheim og Mari Guttormsdotter Dolva.
    2. Karen Thorsdtr. Haukeli f. 1778, d. 1779
    3. Åvet Thorsdtr. Haukeli f. 1780, d. 1781
    4. Åvet Thorsdtr. Haukeli f. 1781, g. 1804 m. Gunnar Gundersen Marum, Gråten.
      Det er funne desse born etter dei: Gunnar og Halvor som var tvillingar, f. 1808, d. same år - Sara Andrea f. 1813 - Anne Bertine f. 1816.
    5. Anne Thorsdtr. Haukeli f. 1784, d. same år.
    Thor Halvorsen Haukeli gifta seg andre gong i 1790 og no med Kari Klausdtr. Huset f. 1768, d. 1807, dtr. av Klaus Iversen og Kirsti Johannesdtr. Huset under Bergan.
    I dette ekteskapet var det 7 born, nemleg:
    1. Halvor Thorsen Haukeli f. 1791
    2. Ole Thorsen Haukeli f. 1793, d. 1797.
    3. Klaus Thorsen Haukeli f. 1796.
    4. Ole Thorsen Haukeli f. 1799, d. 1808
    5. Kristen Thorsen Haukeli f. 1801, d. 1883 på Rogstad av slag. Han var sergeant og g. 1834 m. Maria Olsdtr. Hesthaugen (Melfaldshaugen) f. 1812, dtr. Ole Andersen og Åvet Sondresdtr. Strandmarka under garden Hustvedt.
      Dei budde som inderstfolk i Hustvetstrand og her er deira to born, Åvet Kirstine f. 1837 og Anne Gurine f. 1840 kome til verda, medan dottera Marie Kirstine f, 1843 er fødd på Rogstad. Kristen er nemnd som Serg. og Husmann på Rogstad.
    6. Børthe Thorsdtr. Haukeli f. 1804.
    7. Thor Thorsen Haukeli f. 1807, spedalsk, d. 1810.
  9. Kirsti Paulsdtr. Gjærum f. 1751, d. 1826, g. 1779 m. Torsten Svendsen Tveitan, seinare Aspheim f. 1748, d. på Aspheim 1818, son av Svend Hansen Ø. Tveitan og Anne Kristensdtr. Hanes.
    Sjå nærmare om denne familie s. 62
  10. Jens Paulsen Gjærum f. 1753, d. 1801, 1) g. 1784 m. Marthe Karine Jensdtr. Sand u/Åmdal, f. 1764, d. 1793, dtr. av Jens Ellefsen og Inger Hansdtr. Sand.
    2) g. 1793 m. Ingeborg Knudsdtr. Lusnes i Holla, f. 1765, d. 1833 i Gjerstad u/Gjærum, dtr. av Knud Lusnes og Anne Jakobsdtr. i Holla.
    Ingeborg vart 2) g. 1822 og no med Jens Paulsen Sverdstein i Holla d. 1833, 83 år.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 2.

Enka ettre Paul Jensen Gjærum gifta seg andre gong i 1754 og no med Gjest Tollevsen Bruseth f. 1724, d. 1790, son av Tollev Gjestsen Bruseth og Anne Kristensdtr. Nyhus
Det vart soleis Gjest Tollevsen som no kom til å styra med den eigedom som Guri Andersdtr. hadde igjen etter sin manns skift, men han dreiv ikkje garden godt økonomisk. Gjelda tok til å veksa so den kom opp i 598 rdl. For å få klara opp denne gjelda, selde han i 1762 1½ hud jordgots til Kans.råd Bartholomeus Løvenskjold som var eigar av Bolvik Jernverk, for den nemnde sum. Gjest Tollevsen fekk so feste på jordgodset av Løvenskjold.
Gjest vart soleis leiglending på sin tidlegare eigedom. Ved sida av hadde han 11 settingar igjen av det hans kone fekk etter sin første mann. Denne part selde Gjest i 1777 til stedson Jens Paulsen.
Dei 1½ hud som Løvenskjold eigde selde han 3 år seinare til Georg Fredrik Adeler på Gimsøy kloster.
Då Gjest døydde i 1790 var enka Guri Andersdtr. åleine om drifta av eigedomen. I 1794 gjorde ho ei avtale med Jon Andersen v. Dal, der ho tilbyr Jon å overtaka hennar feste på 1½ hud i Gjærum, mot at ho får kårfeste hos han etter nermare spesifisert kontrakt. Adeler godkjende dette og gav Jon Andersen festebrev på same.
Guri Andersdtr. og Gjest Tollevsen sine born:

  1. Maria Gjestsdtr. Gjærum f. 1755, d. 1827 som legdslem.
  2. Paul Gjestsen Gjærum f. 1757, d. 1798. Han var i den kgl. garde i Kjøpenhamn i 1790, men kom heim og gifta seg i 1796 med Anne Knudsdtr. Lusnes i Holla. Dei budde på Siljan og fekk her ein son, Anders f. 1796.
  3. Anders Gjestsen Gjærum f. 1760, g. 1792 m. Anne Lorentsdtr. Kongstvet f. 1771, dtr. av Lorents Olsen og Birthe Hansdtr. Kongstvet. Anne og Anders var dei første åra på Gjærum, flytta so til ein plass under Kongstvet og derfrå til ein plass under Åsland. I 1813 er dei å finna på Kongstveteie.
    Anders har nok ikkje bygsla noko jord men arbeid for andre. Det er funne at dei har hatt 6 born:
    Anders f. 1793, d. 1794 - Berthe f. 1795, g. 1823 m. Abraham Hansen Hanes f. 1796, son av Hans Rasmussen Hanes og Anne Abrahamsdtr. Tveitan - Anders f. 1797, d. 1810 - Hans Jakob f. 1803 - Gurine f. 1805 - Anders Andersen f. 1813, reiste i 1847 til Amerika.
  4. Tollev Gjestsen Gjærum f. 1759, d. 1763.
  5. Kristen Gjestsen Gjærum f. 1764, d. same år.
  6. Anne Gjestsdtr. Gjærum f. 1766, d. same år.
  7. Anne Gjestsdtr. Gjærum f. 1767, d. same år.
Utdrag (s. 257-269) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen