Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd | 7. ledd | 8. ledd | 9. ledd

5. ledd

Hans Svendsen Tveitan

Då farten Svend Hansen døydde i 1771 eigde han 5 huder i Tveitan med Tveitstulen. Dette fekk odelson Hans Svendsen taka over fra 1764. Eigedomen bar etter morda verdsatt til 350 rdl. men Hans uttala sjøl at dersom han skulle taka over garden til den verdi, ville hans syskenn lida stort tap. Han vart då samd med sine syskenn å setja gardens verdi til 900 rdl. Han løyste seinare inn dei arvpartar syskena hadde fått utlagt i egedomen. Hans hadde ogso eit hus i vestre Porsgrunn, men selde dette i 1799.

Ved skifte etter Hans gav ogso enka opp sitt bu, då ho no var gamal og skrøpeleg.

Ved festebrev i 1811 hadde son Hans Hansen og soneson Hans Jørgensen teke over drifta av garden. I 1814 fekk dei so overtaka garden og enka skulle hava alt ho trang og vilkåra vart sett opp soleis:

  1. Fritt husvære i åsetesmann Hans Jørgensens bygning, og der hava kamerset på vestre sida av storstova.
    Ho skulle hava tilsyn og pleie sovel i sjukdoms- som i sundheits dage.
  2. Føde til 2 kyr og 4 sauer årleg - skulle det tilstøyte kyrne noko skulle nye skaffast utan betaling.
  3. Skulle frå idag 14. april 1814 skaffa hennar alt til hushaldning av mat og 50 rdl. i pengar, dertil skulle alle kornvarer vera malte og transporterte til og frå kverna - og prepareres slik ho ville.
  4. Til enkas bruk, lønas ei jente av gardens brukar, men får føda av enka.
  5. Dette kårfeste skal gardeigaren levera i 2 terminar 14. april og 14. oktober, kvar gong med ein halvpart.
  6. Fri skyss til kyrkja, byen og bygda - tillands og tilvanns.
  7. Dette skal vera som eit hefte på gardens heile skyll so lenge ho lever og kårfeste utreidast av brukarane kvar etter si skyll.
  8. Kosta enka ein «kristsommelig begravelse» mott godtgjersle i det ho let etter seg.
  9. Han som skaffar ho kårfeste skal etter hennar døydd have det ho let etter seg, undateke eigendelar og pengar, som skal skiftas.

Dette vart vedteke av brukaraane som no fekk tingleste skøyter på kvar sin halvpart i eigedomen og kvar betale 1000 rdl. til buet. Begge hadde alt betala 200 rdl. til systera Anne Leirodden.

Lausøyra var verdsatt til 2240 rdl. og ymse postar tilsaman 226 rdl. 308 skjelling. Den samla eiga var 6254 rdl. og gjelda 810 rdl.

Kvar av sønene fekk i arv 2165 rdl. og systera 1082 rdl. Den part som fell på eldste son Jørgen Hansen som var døyd, vart so delt mellom hans born, med 866 rdl. til Hans Jørgensen og 493 rdl til kvar av døttrene Anne, Kirsti og Martha.

Anne og Hans sine born er:

  1. Jørgen Hansen Ø. Tveitan f. 1758, d. 1802, g. 1787 m. Ingeborg Rasmusdtr. Hanes f. 1765, dtr. av Rasmus Kristensen søre Hanes og Marthe Manassedtr. Melfald.
    Om denne familie sjå nærmare under 6. ledd.
  2. Hans Hansen Ø. Tveitan f. 1773, d. 1846, g. 1797 m. Kari Abrahamsdtr. V. Tveitan f. 1772, d. 1854, dtr. av Abraham Isaksen Tveitan og Kirsti Iversdtr. Bergan.
    Kari og Hans hadde Ø. Tveitan nr. 65 av skyld 5 dalar 7 skjelling. Ved skifte etter Hans i 1846 vart hans 2 døttre og enka utlagt partar i eigedomen. Dottera Kirsti var gift til Kolle og hadde ikkje interesse av garden. Det var soleis eldste dotter Anne som var gift med Karl Nilsen Langeland og enka som i nov. 1846 gjekk til deling av eigedomen.
    I 1847 vart det so gjeve heimelsbrev til Karl Nilsen Langeland på den utskilde part som fekk mnr. 65 lnr. 228, skyll 2-2-15½ skj.
    Kari og Hans sine born er:
    1. Anne Hansdtr. Tveitan f. 1797, d. 1864, g. 1817 m. Karl Nilsen (dp. Karl Bjerkøya) f. 1798 i Åmdalstrand, d. 1856, son av Nils Arnesen Bergana og Anne Marie Karlsdtr. Bjerkøya.
      Karl er i 1820 nemnd som garvar. Han overtok Langeland i 1826 etter faren. Hans son Nils Karlsen fekk eigedomen i 1854 og Karl flytta då til Tveitan. I 1855 vart garden seld til son Hans Karlsen for 2500 rdl., men Karl Nilsen tok då unda bruksrett til jordstykke Skjolden.
      Anne og Karls born er:
      1. Karen Karlsdtr. Bergan f. 1818, g.m. Anders Kristensen Vasdalen f. 1816, son av Kristen Pedersen Vasdalen og Anne Arnesdtr. Rugla.
        Anders var utdana lærar. Var ei tid på Bergan, flytta so til Farvolden og so sidan til Skien. På sine gamle dagar var han hos si syster i Kristiansand og døyde her i 90-åra.
      2. Nils Karlsen Bergan f. 1820, d. 1821.
      3. Anne Marie Karlsdtr. Bergan f. 1822, d. 1824.
      4. Hans Karlsen Bergan f. 1823, d. 1910 i Duestien i Skien, g. 1845 m. Maren Larsdtr. Siljan f. 1827, d. 1907 i Duestien, dtr. av Lars Jakobsen Siljan og Aslaug Kirstine Kristensdtr. Haukeli.
        Maren og Hans flytta i 1846 til garden Huset i Helgja. I 1860 flytta dei igjen tilbake til Skien i Melum.
        Deres born er:
        1. Jakob Hansen f. 1846. Han reiste truleg til Amerika.
        2. Anne Maria Hansdtr. f. 1848, d. 1931, g. 1865 m. Abraham Abrahamsen Hella f. 1845 på Bergan, seinare Yterbø, vart skogfogd for godseigar Treschov i SIljan kommune, flytta so til Lardal og døyde som bonde på garden Skaug i Svarstad 1894, son av Bergan-kongen Abraham Nilsen Bergan og Kirsti Isaksdtr. Bruseth.
        3. Laura Kirstine Hansdtr. f. 1851, d. 1865.
        4. Anne Hansdtr. f. f. 1854, d. 1859.
        5. Karl Hansen f. 1856, reiste til Amerika i 1900.
        6. Lars Hansen f. f. 1858, g. 1880 m. Karoline Mathilde Olsdtr. Ravnes f. 1860 på Herre, dtr. av møllar Ole Ingebretsen og Elise Eliasdtr. Herre i Bamle.
        7. Nils Hansen f. f. 1861, reiste til Amerika i 1902.
        8. Aslaug Kirstine Hansdtr. f. 1865, d. 1957 på Gjærum, g. 1883 m. Johan Petter Jensen Haukenes f. 1857 i Suttervik, d. 1919 på Gjærum, son av Jens Hansen Ranneberget, seinare Haukenes og Karen Marie Arnesdtr. Kleiva under Åmdal.
        9. Ole Gabriel Uleland f. 1870, reiste til Amerika.
      5. Anne Marie Karlsdtr. Bergan f. 1829, d. 1867 på Tveitan, g. 1862 m. Isak Andersen V. Tveitan, son av Anders Isaksen Tveitan og Maren Bergitte Nilsdotter Bergan. Isak sin bror er Nils Andersen Bruseth.
        Isak Andersen fekk overtaka V. Tveitan etter faren, men styra den dårleg og sette seg i mykje gjeld. Garden vert seld ved tvangsauksjon i 1869.
        Skien Sparebank kravde i 1873 at Isaks bu skulle takast under konkkurshandsaming, men Isak vann saka i første innstans. Saka gjekk so vidare og det vart halde skiftesamling i 1874. Det vart kunngjort at Isaks arv etter Isak Isaksen Bruseth var på 2991 spd. 5 skj. som stod i Skien Sparebank.
        Ved ei ny skiftesamling ein månad seinare, vart det meld at ein forgjeves hadde søkt etter konkursmann og hadde fått spurt at han skulle vera tilfjells i skogforretningar.
        Isak Andersen vart 2) g. 1875 m. Severine Nilsdtr. f. 1852, dtr. av Nils Persen og Ingeborg Svendsdotter Bruseth-plaassen.
        Dei budde osm inderstfolk på Leirodden og Isak virka som tømmermerkar. Her var det 3 born:
        Anders f. 1875 og Anne Marie f. 1878 og Isak f. 1884.
      6. Karl Karlsen Bergan f. 1832, d. 1867, g. 1861 m. Kirsten Mathea Abrahamsdtr. Bergan f.- 1840, d. 1914, dtr. av Abraham Nilsen Bergan og Kirsti Isaksdtr. Bruseth.
        Kirsten og Karl flytta i 1865 til Helgja.
        Etter Karls døyd i 1867 sat enka i uskifta bu til 1875. Buet vart då oppgjort med ei eige på 1375 spd. Her er oppgjeve 2 born: Abraham Karlsen f, 1865 og Karoline Mathea f. 1868.
      7. Anne Kirstine Karlsdtr. Bergan f. 1834, d. 1861.
      8. Abraham Karlsen f. 1836. Han busette seg i Porsgrunn.
      9. Nils Karlsen Bergan søre Langelannd, g.m. Anne Andersdtr. Vasdal ell. Stenstad.
        Nils var ein dyktig bonde og mykje med i kommunalt arbeid. Deira born er: Susaaaane, Ingeborg, Karll, Nils og Arne.
      10. Hans Karlsen Bergan d.y. søre Huset i Helgja f. 1883, d. 1877, g. 1868 m. Karen Kirstine Abrahamsdtr. f. 1847, d. 1887, dtr. av Abraham Nilsen Bergan og Kirsti Isaksdtr. Bruseth.
        Av borna kom Karl Hansen seinare til Porsgrunn. Abraham Hansen til Skien og Anne og Kirsti vart adoptivdøtre hos P. Pedersen Ytterbø.
      11. Arne Karlsen Bergan. Han vart seinare gift med Anne Jørgensdtr. Stranna under Stenstad.
    2. Kirsti Hansdtr. Ø. Tveitan f. 1801, g. 1823 m. Lars Simonsen Kolle f. 1803, d. 1860, son av Simon Larsen Helgen og Åvet Olsdtr. Prestgrav.
  3. Anne Hansdtr. Ø. Tveitan f. 1765, d. 1831, g. 1784 m. Nils Halvorsen Leirodden f. 1756, d. 1811 ved ulukkestilfelle, son av Halvor Hansen Valen og Berthe Nilsdtr. Rugla.
    Om denne familien sjå nærmare s. 44.
Utdrag (s. 117-122) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen