Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

1. ledd | 2. ledd | 3. ledd | 4. ledd | 5. ledd | 6. ledd

3 Ledd

Jens Jensen Gjærum

Som nemnd tok Jens Jensen over garden i mai 1809 og innløysinga kosta han 641 rdl.

Jens var då berre 21 år og hadde som kurator Nils Arnesen Langeland eller store Bergan. Same året vart han utkommandert til kgl. teneste som «Gevorben» soldat og kunne difor ikkje driva garden i den tid han var ute i teneste.

Krigstida frå 1807 fram til 1814 var ei uroleg tid med stor påkjenning for land og folk. Handelen over havet opphøyrte då kysten vår var blokkert og vi fekk soleis ikkje tilførsler av korn og matvarer.

Somaren 1812 vart det ogso uår. Kornet fraus ved St. Hanstid og den sterke frosten gjekk ogso ut over husdyr og folk.

Kor Jens var med å gjorde krigsteneste veit ein ikke, men at han har vore heime ei tid i 1812 synest vera sikkert.

Jens tenkte på å selja eigedomen medan han var i militærteneste, men med rett til å innløyse den igjen. Hans korator skulle bruka garden til april 1811 og deretter skulle Halvor Andersen Haukeli taka over eigedomen, men med rett for Jens til å taka garden igjen innan 3 månader etter hans fylde 25 år

Det vart ikkje noko av salet, men gjekk over ei tid avtale soleis, at Halvor Andersen skulle bruka garden i år 1812-13 mot kvart år å betala 100 rdl. forutan å svara dei kgl. skattar. Eigedomen skulle fråvikast i april 1814 utan oppseiing.

Halvor Andersen gjekk med på dette, men fekk rett til å halde fram som brukar soframt Jens ikkje sjølv tok garden ibruk. Halvor Andersen var gift med Anne Jørgensdtr. Tveitan. Dei flytta til fastsett tid i 1814 og tok over den eine av farsgardane, nemleg Værstad i Helgja og Jens tok over sin eigedom.

Karen Jensdtr. Gjærum og Jens hadde desse born:

  1. Marthe Karine Jensdtr. Gjærum f. 1816, d. 1837.
  2. Ingeborg Jensdtr. Gjærum f. 1818, d. 1867, g. 1854 m. Jon Svenkesen Bjerva f. 1825, d. 1893 på Bergan.
    Dei budde i Tveitstulen og her var Jon husm. med jord og var skogsarbeidar. Av husdyr var her 1 kyr og 4 sauer. Deres born er:
    1. Karen Jonsdtr. Hyllemyr f. 1854.
    2. Inger Kirstine Jonsdtr. Tveitstulen f. 1856, g. 1884 m. Anders Andersen Hyllemyr f. 1845, son av Anders Tolvsen Hyllemyr og Karen Marie Halvorsdtr. Brattebakke.
      Deira dotter Ingeborg Karoline Andersdtr. f. 1891 vart g. 1922 m. Maskinist Jakob Isaksen Siljan f. 1884 i Holla. Sjå elles om denne familie s. 152.
    3. Ingeborg Karine Jonsdtr. Tveitstulen f. 1858.
    4. Jens Jonsen Jonsdtr. Tveitstulen f. 1860.
    Jon Svenkesen Tveitstulen gifta seg igjen i 1875 og no med Ingeborg Hansdtr. Stavdal f. 1845, dtr. av Gunhild Tollevsdtr. og Hans Hansen Stavdal.
    Dei fekk ei dotter, Severine Hansine f. 1883, g. 1907 m. Halvor Thorsen Klovdal f. 1881. Jon Svenkesen budde i sine sisste år på Bergan.
  3. Birthe Gurine Jensdtr. Gjærum f. 1820, d. 1821.
  4. Jens Jensen Gjærum f. 1822, d. 1824.
  5. Kirsti Jensdtr. Gjærum f. 1824, g. 1846 m. Jørgen Olsen Odden f. 1822. Dei flytta først til Bjerkholt og sidan til Langeland som husmannsfolk.
    Det er funne 3 born: Karen Marie f. 1847 - Ingeborg Kirstine f. 1848 og Maren f. 1852.
  6. Jens Jensen Gjærum f. 1826, f. 1887, g. 1851 m. Anne Gurine Pedersdtr. Bjerva i Helgja f. 1831, d. 1900 på Gjærum.
    Sjå vidare om denne familie under ledd 4.
  7. Birthe Gurine Jensdtr. Gjærum f. 1828, d. 1911, g. 1851 m. Søren Tolvsen Hyllemyr f. 1823, d. 1898, son av Tolv Andersen f. 1784 i Lunde, d. 1852, og Birthe Olsdtr. Hyllemyr.
    Søren Tolvsen fekk i 1851 feste på Rugkåsa, seinare kalla Siljanhagan, av Hans Pedersen Siljan for seg og konas levetid, mot ein festesum på 50 spd. og 3 spd. i årleg avgift. Det vart gått opp grensegang og sett opp merker for plassens storleik.
    Plassen er nedlagt for ein del år sidan.
    Birthe Gurine og Søren sine born er:
    1. Jens Sørensen Siljanhagen f. 1853.
    2. Tolv Andreas Sørensen Siljanhagen, seinare Bergan, f. 1855, gift med Kirsten Andersdtr. Klovdal, dtr. av Anders Simonsen Klovdal og Anne Nilsdtr. Neset i Helgja.
      Andreas og Kirsten kjøpte i 1898 eit stykke jord og skog av Melum gard og bygde opp våningshus og uthuser her. Andreas Sørensen vart kjøpmann og dreiv landhandel med bakeri. Med bakverk hadde hansine faste ruter rundt i bygdene til stor hjelp for folk. Andreas var ein sers vennleg og omsorgsfull mann og godt likt av alle.
      Kirsten hjelpte ofte sin mann med butikken, ved sida av sitt husstell.
      Deira dotter Dora Sørensen vart i 1923 gift med Ole Isaksen Hegna f. 1895, son av Isak Isaksen Hegna og Ingeborg Halvorsdtr. Værstad i Helgja.
      Deira dotter Bjørg f. 1930 er gift med Karl Bugodt i Gjerpen. Desse bur no på Bergan.
    3. Ole Sørensen Siljanhagen f. 1857, 1) g. 1881 m. Marie Kirstine Hansdtr. Helgjaskogen f. 1860, d. 1887 på Søve, dtr. av Hans Olsen Skauen.
      2) g. 1888 m. Anne Hansdtr. Søvestrand f. 1850 på Skipprvold, ei dtr. av Hans Pedersen Dalen.
      Ole Sørensen var arbeidar og dei budde i Søvestranda.
    4. Jon Sørensen Siljanhagen f. 1861, g. 1888 m. Anne Marie Kristiansdtr. Stua f. 1860, ei dtr. av Kristian Kristensen Stua. Jon var arbeidar ved Ulefoss og dei budde ved Sagbruket.
    5. Anders Sørensen Siljanhagen f. 1864.
    6. Karen Berthea Sørensdtr. Siljanhagen f. 1859, g. 1883 m. Jørgen Jonsen Nes f. 1850, son av Jon Jørgensenog Åse Kirstine Nilsdtr. Nes.
      Jørgen Jonsen var gardmann på Hummelsgård i nokre år, men flytta so til Skotfoss.
      Av deira born er funne: Jakob Bertinius Ueland f. 1884, g. 1909 m. Helga Kaspersen - Jakob f. 1894 - Benedikte f. 1899.
    7. Karen Mathea Sørensdtr. Siljanhagen f. 1866, d. 1910, g. 1890 m. Jens Olsen Dalskåsa f. 1868, son av Ole Simonsen Dalskåsa og Marthe Karine Jensdtr. Gjærum.
      Jens Dalskås avar skomakar og dei busette seg på Skotfoss.
    8. Ingeborg Sørensdtr. Siljanhagen f. 1870, g. 1891 m. Lars Olsen Dalen i Lunde f. 1867.
      Lars Olsen var sagarbeidar på Ulefoss og dei kom til å bu her.
  8. Jon Jensen Gjærum f. 1832, d. 1897 i Stavdlkåsa, g. 1855 m. Ingeborg Gurine Olsdtr. Kastet, f. 1826, dtr. av Ole Gulliksen og Maren Olsdtr. Kastet under Bjørbæk.
    Visdal vart utskild frå vestre Gjærum i 1854 og Jon fekk taka over denne gard av sin eldre bror og tilflytta eigedomen då han gifta seg.
    Jon Jensen selde Visdal i 1869 til Ole Olsen Ruås, som igjen selde til Tollev Ellingsen som seinare kom til Tønholt i Helgja.
    I 1872 finn ein Jon buande på Iglemoen og han dreiv då som skomakar. Familien flytta sidan til Stavdalskåsa. Deira born er:
    1. Jens Jonsen Gjærum f. 1856, d. 1904, g. 1877 m. Martine Andrea Jonasdtr. Bjørbæk f. 1856, d. 1908, dtr. av Jonas Jonsen Bjørbæk og Boel Mathea Jensdotter Stormyr.
      Jens var skomakar. Dei budde først i Visdal, flytta so seinare til Stavdal og Erikstad.
      Ev deira born er funne:
      1. Ingeborg Jensine Jensdtr. f. 1879 på Bjørbæk, d. 1901 på Erikstad, g. 1898 m. Olav Kjetilson Anersaker i Høydalsmo f. 1875
      2. Jon Jensen f. 1882, d. 1899.
      3. Benedikte Jensdtr. Erikstad f. 184, d. 1885.
      4. Benedikte Matea Jensdtr. Erikstad f. 1886
      5. Johanne Marie Jensdtr. Erikstad f. 1888
      6. Kristen Andreas Jensen Erikstad f. 1891, g. 1912 m. Anna Hansdtr. Lund, Pollen f. 1892 i Lunde.
      7. Ingeborg Andrea Jensdtr. Erikstad f. 1893, d. same år.
      8. Isak Alfred Jensen Erikstad f. 1894.
    2. Ole Jonsen Visdal f. 1858, d. 1927, g. 1886 m. Ingeborg Nella Åsoldsdtr. Stavdal f. 1849, dtr. av gm. Åsold Isaksen og Marken Nilsdtr. Stavdal.
      Ole arbeide som snekker og budde i Kastet.
    3. Maren Karoline Jonsdtr. Visdal f. 1861, g. 1883 m. Arb. Peder Pedersen Ø. Porsgrunn f. 1858 i Eidanger.
    4. Jonas Jonsen f. 1864 på Iglemoen, d. 1888, ug. Han var skomakar og budde i Stavdalkåsa.
    5. Gustav Andreas Jonsen f. 1872 på Iglemoen.
  9. Marthe Karine Jensdtr. Gjærum f. 1838, d. 1891, g. 1864 m.enkem. Ole Simonsen Dalskåsa f. 1828 på Roa i Helgja, d. 1909 på Dal.
    Ole Simonsen var første gong g. 1854 m. Ingeborg Kirstine Hansdtr. Sti f. 1831, d. 1863, dtr. av Hans Sørensen og Anne Pedersdtr. Sti. Desse budde i Torgersrød og fekk her 2 born: Hans Andreas Olsen f. 1855 og Ole Olsen f. 1859.
    Ole Simonsen var husmann i Dalskåsa og dreiv med køyring for andre.
    Marthe Karine og Ole hadde desse born:
    1. Ingeborg Olsdtr. Dalskåsa f. 1864.
    2. Jens Olsen Dalskåsa f. 1868, g. 1890 m. Karen Mathea Sørensdtr. Siljanhagan f. 1866, dtr. av Søren Tolvsen Hyllemyr, seinare Siljanhagan og Birthe Gurine Jensdtr. Gjærum.
      Jens var skomakar og arbeidar og familien budde ymse stader på Skotfoss.
      Av borna er funne:
      Ole f. 1891 - Olaf Martinius f. 1892 - Betsy Severine f. 1894 - Julia f. 1899 - Hilda Natalie f. 1900 - Betsy Severine f. 1896 - Jenny Konstanse f. 1897.
    3. Karen Andrea Olsdtr. Dalskåsa f. 1873, g. 1896 m. Sjømann Hermann Halvorsen f. 1871, son av Halvor Halvorsen og Margit Helgesdtr. Hanes.
    4. Sina Elise Olsdtr. Dalskåsa f. 1880, g. 1903 m. Sliperiarbeidar på Skotfoss, Lars Andreas Knudsen Kastet f. 1875 i Bamble, ein son av Husmann Knud Andreas BAkkeeidet.
  10. Karen Marie Jensdtr. Gjærum f. 1840, d. 1913 på Sti, g.m. Isak Halvorsen Hegna under vestre Tveitan f. 1842, son av Skulehaldar og husmann Halvor Rasmussen Hegna og Karen Simonsdtr. Lille-Klovdal.
    Karen og Isak hadde dese born:
    1. Karen Mathea Isaksdtr. Tveitan f. 1868 på Tønholt, g.m. Gm. Jakob Thomassen Røysland f. 1873.
      Karen Mathea døydde i 1913 og det er funne 4 born, nemleg: Borghild Marie f. 1893 - Karen Marie f. 1896 - Ina Tomine f. 1899 og Valborg Vihelmine f. 1901.
    2. Jens Isaksen Hegna under Tveitan f. 1870, d. 1962 og vart 92½ år gamal, g. 1918 m. Anna Lauritsdtr. Klepp f. 1895 i Bamble, d. 1928 på Sti.
      Den part av Sti som Halvor Isaksen eigde, vart seld av Overformynderiet til Anton Holmen eller Anton Dolhus som han vart kalla, då han budde der. Anton bygde ikkje dei nye husa på den gamle tomta, men sette dei opp nermare hovudvegen. Jens Isaksen Tveitan og Jakob Røysland kjøpte eigedomen av Anton Dolhus, i 1903.
      Jakob Røysland selde snart etter sin part til Hans Hagen Hustvet og eigedomen vart no delt mellom Jens Isaken og Hans Hustvet.
      Jens Isaksen dreiv sin lille gard ved sida av at han ogso arbeide for andre. Han var altid hjelpsam og venleg i omgong med sine sambygdingar. Han var ogso med i Skyttarlaget i bygda i mange år.
    3. Anne Timine Isaksdtr. Tveitan f. 1873.
    4. Hanna Karoline Isaksdtr. Tveitan f. 1875, d. 1904, g. 1898 m. enkem. Serg. Ole Kittilsen Flåten, f. 1873 i Tinn.
      Ole arbeide på vegen Skien-Ulefoss og budde for det meste i Brusethplassen. Av hans første ekteskap døydde hans dotter Torbjørg f. 1890 i Bø, på Tveitan i 1904. Av andre born er funne: Kjetil f. 1898 - Isak f. 1901 - Halvor f. 1904, d. same år.
    5. Halvor Isaksen Tveitan f. 1877, d. 1884.
  11. Inger Andrea Jensdtr. Gjærum f. 1844, d. 1884, 1) g. 1871 m. Hans Rasmussen Hustvet f. 1826, son av Rasmus Hansen Hustvet og Anne Nilsdtr. Bergan, ei dtr. av Nils Arneen Bergan og Anne Karine Karlsdotter Bjerkøya. 2) g. 1882 m. enkem. Halvor Halvorsen, arbeidar på Hustvet, f. 1839 og konfirmert på Haave i Gransherad, d. 1885, son av Halvor Halvorsen Hanes. Inger Andrea og Hans sine born er:
    1. Rasmus Hansen Hustvet f. 1873, d. 1877.
    2. Anne Kirstine Hansdtr. Hustvet f. 1874, g. 1894 m. Kristian Knudsen Berg f. 1857 på Løberg i Gjerpen, ein son av Husm. Knud Jørgensen Løberg.
    3. Karen Marie Hansdtr. Hustvet f. 1876, g. 1904 m. Jens Karinius Tykesen Dolva f. 1882, son av Tyke Jensen Dolva og Thora Thorsdtr. Ådna.
      Dei budde den første tid på Dolhus, men flytta so til Rjukan.
    4. Hans Hansen Hustvet f. 1879.
Utdrag (s. 273-281) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen