Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark

Øya - Valen - Sti | 1. Ledd. | 2. Ledd. | 3. Ledd. | 4. Ledd | 5. Ledd | 6. Ledd | 7. Ledd | 8. Ledd | 9. Ledd

3. ledd

Reiar Gjestesen Valen

Reiar Gjestsen kom med sitt giftemål til Valen og hans slekt har seinare i mange år frametter hatt denne gard. Det vert difor teke med nokon av dei tidlegare folk på denne gard.

Gardsnamnet tyder ei avrunda høgde med utsyn vide i kring og ein kan med gid grunn seia at Valen ligg slik til i bygda.

Karll på Hual var brukar i 1528. Han betala då gjengjerd til Skide syssel SZT 24 skjelling i bygningsskatt.

Så kjem Velgiort Valen i 1610. Han har vore på Valen i mange år og son av Jørgen smed. Korntienden på Valen var årleg 1½ tønne korn. Han betalte ogso skatt til Langesund Saltverk. Likeeins skatt av 1 hud med 2 pund smør til Gimsøy Kloster. Saltskatten betala han ogso i 1619, men i 1623 har Anne Valen betalt leiglendingsskatten med 1 rdl og i 1627 korntienden. Det er truleg at Anne er kona til Velgior og soleis har overleva han.

I 1628 har so son Jørgen Velgiorsen Valen fått Åsa Gautisdtr. til ekte og betalar skattar for hennar gods i Valen, 4 tønne, etter oppgåve over odelsbøndar.
Han hadde då 4 tønner i Valen, 2 mæler i Dolfuen og plassen Leirodden, som var bruka av odelsmann.

Åsa Gautisdtr. er truleg dotter av den første oppnemnde bondelensmann i Solum herad, Gude eller Gaute Åfoss. Det er ingen andre å finna med det namnet og det er mykje som talar for at det må ha vore eit vist samband mellom desse folka etter den form som har kome til uttrykk med eigedomstilhøve, anten ved lån mot pantar eller slektsamband som ikkje er kome fram i dei skrivne kilder.

Jørgen Velgiorsen var i 1642 med i 6-mannsretten for Solum herad. Han var ogso eigar av Valen i 1664, men døydde i 1671. Enka Åsa Gautisdtr. er døyd nokon tid etter, for Reiar Valen er nemnd åleine som eigar av 4 tønner skyll i 1676. Året etter 1677, er ved sida av Reiar, nemnd Anne Marie, salig Peder Jensens kone.
Det er truleg dei 2 mæler i vestre Dolva som det var betalt 8 rdl. i leiglendingskatt for, og som offentlege embetsmenn i dette tilfelle Peder Jensen som var Borgarmeister i Skien bortfesta. Denne part i Dolva var seinare disponert av Bertil Schewing som vart gift med enka Anne Marie.
I 1681 vart skylda på Valen redusert til 3 tønner på grunn av eit «stort uløkkelig jordfall.». Det vart halde synfaring hausten 1685 ovre dette jordfall som ogso gjekk ut over austre og vestre Dolva. I meldinga heiter det ganske stutt om dette:
Austre Dolva slemt medtatt, skatten nedsatt til 2 tn. 1 kvt. Det var eit stort ras som demmde opp Stis-elva ved Dolhus som var årsak til at mykje jord av austre Dolva rasa ut.
Vestre Dolva ikje jordfall men stor vasskade på jorda og skylda satt ned med 2 huder. Dette var nesten heile gardens skyld. Den nedsatte skylda på garden vara nok ikkje so mange år, for den vart seinare fastsett til 2 huder til den vart delt i to bruk.
Huallen, jordfall og stor skade. Skylda nedsatt til 3 huder. Dette jordfall var i bakkane mot Ståkkan gard og i Reiar Gjestsen og Anne Jørgensdtr. si tid på Valen.
Anne Jørgensdtr. hadde ein bror som heite Gaute Jørgensen. Gaute var brukar av Lille-Erikstad og gift med enke Gjertrud Andersdtr. døyd våren 1701 og etterlot seg mannen og son Jørgen Gauteson.
Gaute Jørgensen var ikkje lenge enkemann. I 1702 gifta han seg med Else Kristensdtr. Skjelbreid d. 1722, 76 år, dtr. av Kristen Andersen og Anne Eriksdotter Skjelbreid. Gaute Erikstad døydde i 1710.
På valen hadde Reiar og Anne sitt virke i alle sine år. Reiar døydde hausten 1696 og ved skiftet var her av husdyr 3 hestar, 9 kyr, 2 kviger, 2 kalvar, 13 sauer og 9 geitar. Her var noko gjeld men enka og borna var samde om å stå ansvarleg for den. Dei hadde tømmer liggjande i skogen til framkjøyring til strandbakken som ville dekke denne gjelda, og retten godtok dette. Dei var ogso samde om at garden skulle vera uskifta til mora gav opp. Alle var vel nøgde og takka mor si for godt bytelaug. Då Anne døydde i 1714 levde 3 av borna, nemleg:

  1. Anne Reiarsdtr. Valen f. 1668, d. 1752 på Skjelbreid, g.m. Torsten Kristensen Skjelbreid f. 1658, d. 1729, son av Kristen Andersen Skjelbreid og Anne Eriksdotter Ø. Gisholt.
    Torsten dreiv søre Skjelbreid som hans far før hadde bruka. Då Torsten døydde i 1729 avstod enka garden til sønnene Isak Torstensen og Abraham Torstensen med 3 huder skyld til kvar. Bygselbreva vart godkjende og underskrivne av Johan Octavio von Cappelen. Anne og Torsten sine born er:
    1. Reiar Torstensen Skjelbreid, g. 1723 m. Anne Larsdtr. Reiar er døyd før faren. I ekteskapet var det ei dotter Gunhild f. 1724. Dei budde då Lunde i Melum.
    2. Åse Torstensdtr. Skjelbreid f. 1691, d. 1754, g. 1716 m. Lars Andersen Ståkkan f. 1692, d. 1748.
      Åse og Lars fekk i 1716 feste på Ståkkan med Langstulen sæterskog av Kanseliråd Joachim Borse som budde på Fjære gard. Denne eigedom var kongeleg gods og vart i 1722 seld på auksjon til Manasse Halvorsen Øverland. Denne kjøpte samstundes store Melfald. Åse og Lars var framleis på Ståkkan i mange år, men økonomien var dårleg.
      Svigerson på Melfald Anders Halvorsen som var gift med Guro Manassedtr. kom til Ståkkan og Åse og Lars var då i arbeid hos dei.
      Åse og Lars Andersen sine born var:
      1. Anders Larsen Ståkkan f. 1717, d. 1752 i v. Porsgrunn, g.m. Anne Margrete Pedersdtr. Dei budde i vestre Porsgrunn. Dei fekk eit barn Anne Margrete f. 1748, men ho døydde berre 12 dagar gamal.
      2. Jørgen Larsen Ståkkan f. 1719, g. 1741 m. Kirsten Marie Andersdtr. Desse budde ogso i vestre Porsgrunn.
      3. Kari Larsdtr. Ståkkan f. 1720, Ho var ei tid tenar hos sokneprest Anders Baar på Solum prestegard.
      4. Peder Larsen Ståkkan f. 1722. Han flytta seinare til Skien.
      5. Anne Larsdtr. Ståkkan f. 1724. Ho var i teneste hos Nils Gundersen Rugla.
      6. Marie Larsdtr. Ståkkan f. 1727. Ho er utflytta, men var heime ei stund i 1749.
      7. Torsten Larsen Ståkkan f. 1729, d. 1748.
      8. Sten Larsen Ståkkan f. 1731, d. 1748.
      9. Isak Larsen Ståkkan f. 1734, d. ein halv time gamal.
    3. Anne Torstensdtr. Skjelbreid f. 1695, d. 1741 i Hegna under Valen i Melum g. 1718 m. Kjeld Eivindsen f. 1680, d. 1765 i Melum.
      Då desse ektefolka kom til Hegna var den mest opprydda og huser bygd. Dei hadde dårleg økonomi og ved skiftet etter Anne i 1743, synte det seg av eigaren Hans Valen hdde betalt den gjeld dei hadde pådrege seg forutan ettergjeve dei 6 års avgift ved plassen.
      Hans Valen tok omsyn til buets slette tilstand og var nøgd om han fekk overtaka plassen slik den no var, og lova enkemann at han skulle få hava plassen i si levetid mot årleg avgift. Retten godkjende dettte og buet synte då eit overskot på 5 rdl. 10 skj.
      Av borna er funne:
      1. Jørgen Kjeldsen f. 1719, d. 1769 1) g. g. 1739 m. enka etter Lars Torjussen Sti, Ingeborg Klausdtr. vestre Klyve f. 1701, d. 1765, dtr. av Klaus Torstensen v. Klyve og Gunhild Mathiasdtr. Bolvik.
        2) g. m. Gunhild Svensdtr. Ø. Tveitan f. 1728, d. 1766, dtr. av Sven Hansen Ø. Tveitan og Anne Kristensdtr. Hanes. Det var inga born i dette ekteskap.
        I første ekteskapå var det ein son Lars Jørgensen Merkesdalen f. 1740m g. 1766 m. Ingeborg Michelsdtr. Dolva, dtr. av Michel Olsen og Anne Guttormsdtr. Dolva. Jørgen Kjeldsen kom ved gifte til store Sti og var her all si tid.
        Dei øvrige born til Anne og Kjell Eivindsen er ikkje funne kor dei er blitt av eller om dei har vakse opp. Desse er: Hans Kjeldsen f. 1725 - Karen f. 1721 - Torsten f. 1723 - Eivind f. 1728 - Anders f. 1730 - Reiar f. 1733, d. 1779 - Anne f. 1736 - Ingeri f. 1738. Hans Kjeldsen d. 1775, g. 1755 m. Inger Halvorsdotter. Dei budde på Klosterøya.
    4. Ingeborg Torstensdtr. Skjelbreid 1) g. 1717 m. Ole Michelsen Dolva f. 1687, døydde hastig i 1726, son av Michel Guttormsen og Marthe Sørensdtr. Dolva.
      2) g. 1726 m. Jon Andersen Melum, seinare Dolva og vestre Dal f. 1690, d. 1740, son av Anders Karlsen Melum og Åvet Jonsdtr. Lien i Solum.
      3) g. 1743 m. Halvor Gundersen Hummelsgård f. 1691, d. 1747 på Dal, tidlegare gift med Kirsti Klausdtr. Tveitan f. 1705, d. 1742 på Hummelsgård.
      Ole Michelsen eigde i Dolva 1 hud og Lundstulen ½ hud. Hans bror Guttorm bruka ½ hud av Dolva, elles var Guttorm og hans kone Gunhild på vestre Dal som leiglendingsfolk.
      Ingeborg og Ole sine born er:
      1. Sara Olsdtr. Dolva f. 1718, d. 21 dage gamal.
      2. Anne Olsdtr. Dolva f. 1719, d. 1747 på v. Dal. Anne skulle i 1747 ha gifta seg med enkem. Kristen Tollevsen Bruseth som då var brukar på Erikstad. Han var eldste son av Tollev Gjesten Bruseth og Anne Kristensdtr. Nyhus. Annes bror Michel Olsen Dolva hadde skaffa kongeleg løyve til at ho kunne få gifta seg med sin frende, men Anne vart sjuk og døydde. Ho var då hos so mot på V. Dal og var pleia av si halvsyster Ingeborg Jonsdtr.
      3. Michel Olsen Dolva f. 1721, d. 1761, 1) g. 1743 m. Anne Guttormsdtr. Dolva f. 1720, d. 1779, dtr. av Guttorm Michelsen og Gunhild Andersen Dolva, 2) g. 1781 m. Ingeborg Svendsdtr. Ø. Tveitan som var enke etter Paul Paulsen på Søre Gjærum.
        Michel var ein dugande bonde og samfundsmennske for si tid. Han var hjelpsam mot folk og lagde mykje tilrette for sine borns framtid.
        Anne og Michel sine born er:
        1. Guttorm f. 1745, d. 1818. g. 1768 m. Gunhild Thorsdtr. Bolvik f. 1737, d. 1818, dtr. av Thor Jonsen Bolvik og Maren Thomasdtr. Bjørntvedt
        2. Ole f. 1747 d. 9 dage gml.
        3. Ole f. 1750, d. 1818, g. 1775 m. Maria Svendsdtr. Ø. Tveitan f. 1743, d. 1815, dtr. av Svend Hansen Tveitan og Anne Kristensdtr. Hanes.
        4. Jon Michelsen f. 1753, g. 1780 m. Ingeborg Halvorsdtr. Ådna f. 1758, dtr. av Halvor Manassen Ådna og Barbara Kristensdtr. Stavdal.
        5. Søren f. 1757, g. 1778 m. Kari Tollevsdtr. Valen f. 1755, dtr. av Tollev Hansen og Guri Olsdtr. Valen eller Leirodden.
        6. Ingeborg f. 1748, g. 1766 m. Lars Jørgensen Sti f. 1740, son av Jørgen Kjeldsen og Ingeborg Klausdtr. Sti.
        7. Torsten f. 17161, d. samme år.
      4. Marthe Olsdtr. Dolva f. 1723, d. 1724.
      5. Marthe Olsdtr. Dolva f. 1725
      Ingeborg Torstensdtr. og Jon Andersens born:
      1. Ole Jonsen Dolva f. 1727, d. same år.
      2. Anders Jonsen Dolva f. 1728, d. 1773 på Dal, 1) g. 1753 m. Dorthe Haraldsdtr. Elgtvet f. 1723, d. 1756, dtr. av Harald Gjestsen Bruseth, seinare Elgtvet. 2) g. 1759 i Holla m. enka etter Vetle Gregarsen Lunde i Valebø, Katrine Jørgensdtr. f. 1730, dtr. av Jørgen Halvorsen og Birthe Levordsdtr. Lunde. Anders Jonsen døydde berre 46 år og Katrine gifta seg igjen i 1744 og no med Hans Andersen Veholt som so tok over vestre Dal.
        Katrine og Anders Jonsen sine born er: Kirsti f. 1762, d. 1811, g. 1788 m. Knut Jonsen Marum f. 1759, d. 1817, son av Jon Jonsen Veholt og Gjertrud Knutsdotter Marum, - Jon Andersen f. 1768, d. 1830 på Kyrkjesletta, g. 1796 m. Ingeborg Halvorsdtr. Bjørbæk f. 1774, d. 1833, dtr. av Halvor Arnesen og Inger Michelsdtr. Bjørbæk. - Halvor Andersen f. 1771, d. 1840, g. 1799 m. Mari Halvorsdtr. Leirodden (hennar tredje ekteskap) f. 1769, d. 1862, dtr. av Halvor Hansen Valen og Berthe Nilsdtr. Rugla.
      3. Torsten Jonsen Dolva f. 1739, d. 1733.
      4. Ole Jonsen Dolva f. 1732, d. 1733.
      5. Åvet Jonsdtr. V. Dal f. 1734, g. 1761 m. Isak Svendsen Ø. Tveitan f. 1735, son av Sven Hansen Ø. Tveitan og Anne Kristensdtr. Hanes
        Det er truleg at dei etter giftemålet har utflytta då ingen av borna er funne døypte i Solum.
        Om borna kjenner ein til at son Jon og Isak var reist utanlands kring 1789. Jon var blitt stukken ihæl i England og Isak reudde slektningane heller ikkje var ilive då det var gått 20 år og ingen ting høyrt frå han.
        Deira dotter Anne Marie Isaksdtr. d. 1837, g. 1797 m. Halvor Johannesen Tomarka under Sti f. 1776 på Hustvet, d. 1848 som fatiglem på Herre, son av Johannes Jonsen og Ingeborg Halvorsdtr. Hustvetstrand.
      6. Ragnhild Jonsdtr. Dal f. 1737.
      7. Ingeborg Jonsdtr. Dal f. 1739.
    5. Maria Torstensdtr. Skjelbreid f. 1709, g. 1732 m. Jakob Klausen V. Tveitan f. 1710, d. 1746, son av Klaus Jakobsen d. 1738, 66 år og Guri Andersdtr. d. 1757, 84 år.
      Klaus Jakobsen var son av Jakob Karlsen Melum og kone All Klausdtr. V. Tveitan.
      På vestre Tveitan var Jakob Karlsen brukar fram til 1700. Då tok son Klaus Jakobsen over og var brukar til 1733. Hans son Jakob Klausen var ute i kgl. krigsteneste då han i mai 1734 fekk festebrevet på vestre Tveitan. Brevet hadde vilkår om kårfeste til hans far og mor.
      Maria og Jakob sine born er:
      1. Anne Jakobsdtr. Tveitan f. 1733, d. same år.
      2. Torsten Jakobsen Tveitan f. 1734, g. 1756 m. Mari Hansdtr. Bjørntvet f. 1724, d. 1773 på Siljan plass.
        Denne familie budde på Aspheim til kring 1760 i Styggedal til kring 1770, på Siljan plass til 1774 og so i Siljan-Huset. Torstens kone eigde 2/9 hud i søre Bjørntvet og 3/8 hud i nedre Bjørntvet. Desse partar vart selde til Nils Olsenn Bjørntvet. Av borna er kjende: Ingeborg f. 1757 - Hans f. 1758 - Jakob f. 1759 - Hans f. 1764 - Arne f. 1767 - Reiar f. 1773.
        Torsten Jakobsen vart gift andre gong 1774 og no med Inger Larsdtr. Store-Helgen. Her var det 4 born: Arne f. 1776 - Maria f. 1777 - Anne f. 1779 og Anna f. 1780.
      3. Ragnhild Jakobsdtr. Tveitan f. 1737, d. same år.
      4. Klaus Jakobsen Tveitan f. 1738.
      5. Guri Jakobsdtr. Tveitan f. 1740, g. 1761 i Holla m. Nils Pedersen Siljan f. 1735, d. 1777 på Værstad i Helgja, son av Peder Andersen og Anna Halvorsdtr. Siljan.
        Nils kjøpte 1 hud av sin brorson Jakob Arnesen Siljan som denne hadde fått i arv etter sin far i garden Værstad. Nils døydde berre 42 år og hans eigedom i Værstad gjekk då over til broren Halvor Pedersen Siljan. Denne kjøpte på auksjon i des. 1783 ogso 3 huder i søre Skjelbreid for 600 riksdalar.
        Guri og Nils sine born er: Anne = Anne - Anne som alle døydde små, Mari f. 1772 og Peder f. 1776
      6. Anne Jakobsdtr. Tveitan f. 1743.
      7. Kristen Jakobsen Tveitan f. 1745.

      Jakob Klausen Tveitan døydde i mars 1746 og vart berre 36 år. Enka Maria Torstensdtr. gifta seg då igjen samme år om hausten og no med Arne Pederen Siljan som var eldste bror til hennar tidlegare mann f. 1715, d. 1771 på Værstad i Helgja.
      Maria og Arne var leiglendingsfolk på Tveitan til 1754. Då kjøpte Arne Pedersen garden Værstad 2 huder skyld av Anders Klausen og flytta dit.
      Medan dei var på Tveitan fekk dei 4 born:

      1. Jacob Arnesen Tveitan f. 1747, d. 1749.
      2. Jacob Arnesen Tveitan f. 1749, d. 1822 på Siljan. 1) g. 1768 m. Marie Nilsdtr. Hvala f. 1746, d. 1786 på Siljan dtr. av Nils Olsen og Anne Thomasdtr. Hvala. 2) g. 1787 m. Mari Isaksdtr. Gjerstad f. 1766, d. 1855, dtr.. av Isak Jonsen Gjerstad u/Gjærum og Ingeborg Iversdotter Bergan.
        Ved skiftet etter bestemora Anna Halvorsdtr. vart et avgjort at Jakob Arnesen skulle få take over Siljan i 1767. Jakob var då på Værstad, men har truleg kort tid etter flytta til Siljan. Sin farsarv i Værstad 1 hud selde han i 1773.
        Jakob var svært ung då han gifta seg og hadde som verge farbroren Halvor Pedersen Skjelbreid. Av han fekk Jakob utbetalt sin arv 411 rdl. etter faren.
        Denne sum gav Jakob ei sterk økonomisk makt. Han innløyste no etter kvart arvepartar som var utlagt i Siljan gard og i 1787 kjøpte han ogso Sjørholt i Helgja for 580 rdl. Sjørhold selde han igjen i 1793 for 600 rdl. til Ivar Isaken Gjerstad u/Gjærum som var ein bror av Jakobs kone.
        I 1807 sette Jakob Arnesen opp eit skriv der han ynsker at hans gods i Siljan gard, etter at han og kona er borte, skal delast i 3 like delar og fråskilde åseter soleis, at min son Isak får det første åsete, son Lars det andre og det 3dje son Peder Jakobsen får plassen Dalen med part i skog og mark.
        Av Jakobs 2 born i første ekteskap, vart Marie gift med Jon Hansen Hjelset i Helgja og Ingeborg gift med Halvor Olsen Stor-Håtvet i Holla. Halvor Olsen kom til Spirdalen i Dalsbygda i 1810.
        Jakob Arnesens born i andre ekteskap var: Isak f. 1787, d. 1788 - Isak f. 1789, d. 1855, g. 1816 m. Maren Andersdtr. Haukeli f. 1795, d. 1833, 2) g. m. enke Karen Marie Arnersdtr. som innflytta frå Ballestad i Gjerpen i 1840 for å gifte seg - Mari Jakobsdtr. f. 1791, g. 1814 m. Lærar Thor Andersen Skauen i Gjerpen f. 1787 (om denne mann skriv Einar Østvedt i sin Krønik om håndverk og handel, firmaet Th. Dahl Skien, mykje interessant) - Lars Jakobsen f. 1794, d. 1850, g. 1825 m. Aslaug Kirstine Kristensdtr. Haukeli f. 1805 - Peder Jakobsen f. 1796, d. 1848, vart drept av eit tre som fall over han, g.m. Børthe Hansdtr.. Halvorstå - Ingeborg f. 1799, d. ½ år gml. - Ingeborg Kirstine f. 1801, d. 1858, g. 1823 m. Lærar Anders Jonsen Kyrkjesletta f. 1796, d. 1889 - Anne f. 1804, g. 1823 m. Lærar Halvor Jonsen Kyrkjesletta f. 1798.

      Før vi forlater Maria Torstensdtr. Skjelbreid, so gjenstår å nemne at ho vart gift tredje gong og no med Peder Jonsen Store-Helgen. Værstad vart no delt i to gardar.

    6. Anne Torstensdtr. Skjelbreid f. 1702, d. 1777, g. 1732 m. Torsten Hansen Tveitan f. 1706, d. 1764 i Tveitan-Huset, son av Hans Jonsen Lia i Solum som kom til Ø. Tveitan frå Almon i 1695 og Anna Torstensdtr. V. Klyve. Torsten fekk i 1732 taka over husmannsplassen Huset av sin bror Svend Hansen og budde her i all si tid. Av borna er funne:
      1. Hans Torstensen Huset f. 1734, d. 1761, g. 1757 m. Karen Jørgensdtr. Kongstvedt f. 1737, dtr. av Jørgen Jørgensen Kongstvet (f. på Fineid i Drangedal) og Jøran Halvorsdtr. V. Gisholt.
        Karen Jørgensdtr. gift andre gong 1762 og no med Ole Olsen Eie under Marum f. 1732, d. 1768.
        Karen gift tredje gong 1770 og no med Anders Kristensen Rønningen f. 1747, d. 1811, son av Kristen Isaksen Hummelgsgård og Guri Andersdtr.
        Sjå nermare om desse familiar under slekta, Abjørnsrød.
    7. Isak Torstensen Skjelbreid f. 1704, d. 1768 på Bjørntvedt, g. 1736 m. Margrete Jakobsdtr. Rugtvedt f. 1716, d. 1750, dtr. av Jakob Hansen og Maren Kjeldsdtr. Rugtvet.
      Isak hadde ein tvillingbror, Abraham som d. 4 mnd.
      Som før nemnd fekk Isak overtaka feste på halve søre Skjelbreid av si mor. Herunder låg ogso halvparten av Grimholt.
      Det var ikkje nokon god drift av garden Isak presterte. Han sette seg i gjeld med ein masse små lån av bygdefolk, so det tilslutt vart ein nokso stor gjeldspost. Då hans unge kone døydde i 1750, var det svert dårleg stell ved skiftet. Før dette vart avslutta, tok Skiens kyrkjeverge å bortfesta eigedomen til Halvor Pedersen Siljan, med årleg avgift 15 rdl. Deira born var:
      1. Torsten Isaksen Skjelbreid f. 1737, g. 1760 m. Hunhild Tollevsdtr. v. Porsgrunn, 2g) g. 1780 m. Johanne Johannesdtr. Dei budde i V. Porsgrunn.
      2. Gunnar og Jakob Isaksen Skjelbreid, tvillingar, f. 1739, begge d. same år.
      3. Jakob Isaksen Skjelbreid f. 1740, d. 1768, v. Klyve.
      4. Hans Rugtvedt Isaksen Skjelbreid f. 1743, d. 1748.
      5. Anders Isaksen Skjelbreid f. 1745, d. 1788, g. 1773 m. enka etter Ole Gjestsen Lunde, Kari Ellevsdtr. f. 1732, d. 1791, (av Ole Gjestsens andre ekteskap), dtr. av Ellev Anundsen og Anne Larsdtr. Kari vart 3. g. g. 1789 m. enkem. Knut Nilsen Marum.
      6. Kristen Isaksen Skjelbreid f. 1747, d. 1 mnd. gml.
      7. Abraham Isaksen Skjelbreid f. 1748.
      8. Isak Isaksen Skjelbreid f. 1749, levde ½ time.
    8. Abraham Torstensen Skjelbreid f. 1706, d. 1763, g. 1730 m. Ragnhild Andersdtr. Meltvet f. 1703, d. 1736, dtr. av Anders Hansen Meltvet og Berthe Pedersdtr. Findal. 2) g. Abraham Torstensen g. 1737 m. Gunhild Pedersdtr. Melum, f. 1717, d. 1761, dtr. av Peder Tordsen Bergan og Anne Andersdtr. Melum.
      Som før nemnd fekk Abraham overtaka byksla av halve søre Skjlebreid gard av si mor og dreiv denne so lenge dei levde.
      1. Anders Abrahamsen Skjelbreid f. 1732, d. 1732.
      2. Anders Abrahamsen Skjelbreid f. 1733, d. 1734.
      3. Ragnhild Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1736.
      4. Torsten Abrahamsen Skjelbreid f. 1738. Han fekk eit barn med Maren Strømmesdtr. Tute som heite Anne f. 1757. Torsten var grenader i kgl. teneste, då han kom heim for 26/1-1764 å gifte seg med Maren. Dei budde etter giftemålet på Rogstad, flyta sidan til Lille-Tute.
      5. Ragnhild Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1742, d. 1742.
      6. Anne Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1743.
      7. Åvet Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1753, d. 1755.
      8. Peder Abrahamsen Skjelbreid f. 1747, levde 1 time.
      9. Peder Abrahamsen Skjelbreid f. 1750.
      10. Åvet Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1753, d. 1755.
      11. Åvet Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1756, f. 1839, som enke.mad. på Veholt, g. 1802 m. Lars Andersen som var sjøfarande frå Bergen. Åvet var i mange år Prost Jakob von der Lippes husstyrarinne. Hennar mann hadde fraktebåt og var truleg stendig på reise.
      12. Maren Abrahamsdtr. Skjelbreid f. 1758, d. 1763.
  2. Anders Reiarsen Valen f. 1670, d. 1726, g.m. Marie Hansdotter Ånerød f. 1664, d. 1746. dtr. av Lensm. Hans Kristensen og Margrete Tollevsdtr. Ånerød.
    Anders Valen er den som fører denne slekt vidare og vil bli nærmare omtala under ledd 4.
  3. Halvor Reiarsen Valen, seinare vestre Dolva, f. 1674, d. 1730, g. 1702 m. Marthe Torstensdtr. f. 1671, d. 1751 hos sin svoger Lars Mathiassen Gjærum.
    Desse ektefolka var på Valen til Halvors mor gav opp sitt bu i 1707. Eldste bror Anders tok då over Valen og Halvor Reiarsen fekk då feste 1707 på Vestre Dolva av skyll 2 huder.
    Vestre Dolva tilhøyrte Gjerpen prosti, men bykselen låg til Gimsøy klosters forvalter Jakob Turman.
    I 1723 trang vist Kongens kasse meir pengar og mange gardar og kyrkjer i nedre Telemark, bl.a. ogso Solum og Melum kyrkjer vart selde.
    Vestre Dolva vart ed auksjon i 1723 seld til Manasse Halvorsen Øverland i Gjerpen for 270 rdl. Han kjøpte ogso store Melfald og dreiv sjølv denne gard. Halvor Reiarsen var framleis brukar her til han døydde. På garden var her då 1 hest, 3 kyr, 2 kalvar, 4 sauer, men hans bu synte stort underskot.
    Manasse Melfald overdrog Dolva i 1733 til den «verdige og velagtede sommerkvinne» Marthe Thorstensdtr. og hennar son Reiar Halvorsen, for den same sum 270 riksdalar.
    Reiar Halvorsen som i 1732 vart gift med Marken Olsdtr. Bjørntvet, hadde med si kone fått i arv 7 skinn i nordre Bjørntvet. Denne part vart seld i 1742 til hennar bror Lensm. Hans Olsen Bjørntvet.
    Marthe og Halvor sine born er:
    1. Amborg Halvorsdtr. Dolva f. 1705, d. 1744, g. 1726 m. enkem. Lars Mathiassen Gjærum f. 1667 på Bolvik, d. 1751 i Styggedal, son av Mathias Sørensen og Anne Thorsdtr. Bolvik.
      Lars Mathiassen var brukar på Gjærum av 6 tønner skyld då han i sitt første ekteskap i 1702 vart gift med Børthe Gudmundsdtr. ø. Gisholt som var enke etter Jens Jonsen Lia, der var brukar på Gjærum til han døydde i 1701. Dei hadde inga born saman. I Amborg og Lars sitt ekteskap var det 4 born:
      Birthe f. 1728, d. 1733 - Inger f. 1729 - Anne f. 1733, d. same år - Marthe f. 1734.
    2. Torsten Halvorsen Dolva f. 1708, d. same år.
    3. Anne Halvorsdtr. Dolva f. 1712.
    4. Mari Halvorsdtr. Dolva f. 1709, d. 1749, g. 1733 m. Arne Larsen Aspheim og Anne Arnesdtr. Moen under Bjørbæk.
      Lars Jonsen som var brukar av garden Aspheim, avstod i 1727 2 huder til sin eldste son Jon Larsen. Det var den halve gard som Lars her overlot son. Den andre halvpart 2 huder vart i 1735 overteke av hans andre son Arne Larsen.
      Mari og Arne sine born er:
      1. Halvor Arnesen Aspheim, seinare Bjørbæk f. 1734, d. 1823, 1) g. 1761 m. Ingeborg Klausdtr. Sti f. 1735, d. 1764 i barselseng etter føtsel av son Klaus som døydde 3 veker gamal. 2) g. 1764 m. Inger Michelsdtr. d. 1821, 72 år gamal.
        Halvor Arnesen kom kring 1760 til Bjørbæk og dreiv denne gard i mange år frametter til hans 2 sønner som vaks opp kunne taka over eigedomen.
        Dei hadde desse born:
        Isak Halvorsen f. 1766, d. 1835, g. 1795 m. Inger Andersdtr. d. 1833, 72 år - Michel f. 1769, d. 1789 - Arne f. 1771 - Ingeborg f. 1774, d. 1833, g. 1796 m. Jon Andersen v. Dal f. 1768, d. 1830 - Halvor f. 1777, d. 1781 - Anders f. 1779, d. 1781 - Reiar Halvorsen Bjørbæk f. 1782, d. 1855, g. 1813 m. Kirsti Thorsdtr. Tveit f. 1790, d. 1833, dtr. av Thor Thomassen Bolvik, seinare Tveit og Aslaug Rasmusdtr. Gisholt.
      2. Lars Arnesen Aspheim f. 1738. Faren hadde ymse vanskar med denne son i hans ungdom. Han lot guten kome i teneste hos Lycke og vona at han ville hava ein heldig innflytelse på hans oppseding, men dette gjekk ikkje so bra. I 1753 vart det ei rettssak vedkommande Lars.
        Lagmann Lycke hadde stemna tjenestedreng Lars Arnesen Aspheim som hadde «undvigt» i tenesten hos han. Faren som var verge for son, forklåra at son kom i teneste 6 veker før jul hos lagmann, og 14. april løp derfrå av frykt for hogg. Tenestejenta Margrete Kristiansdtr. vitna at lagmann med mange «kjærlige talemåter hadde formana Lars til skikkelighed» og ogso truga han med hogg, «ja at ville lade ham føre til tugthuset om ikke vont eller godt kunde hjælpe», hvortil Lars «alene leed og bebrede, men endog bandet sin husbond og tilføiede at han ikke var bange for tugthuset, lige så lidet som lagmann gjorde med sin forige dreng som løb fra ham.». Vitnet sa vidare at klagmann hadde kjøpt Katekismus til han og bede han lese denne, men var jamt uviljug og stridig i mykje av det lagmann lokka med, - og so var han so full av lus som han jamt stod å pella av seg. Lagmann hadde gjeve Lars nye klær og sko som var minst verd 4-5 rdl. og i drikkepengar 1 redl. men Lars slog om seg med grove og syndige eder. Arne Larsen sa han med vilje og vennskap hadde satt sin son hos Lagmann. Då han kom derifrå hadde han vore heime til lensmann henta han.
        Lars hadde ikkje vore til konfirmasjon. Hos lagmann hadde han stelt 2 hestar og henta Te-vann.
        For denne «byrde» hdde han fått god løn.
        Lagmanns påstann var «at denne vanartige, gjenstridige og modvillige dreng, bør dømmes til det aller nådigste onartede tugthus» og faren som leiglending av 2 huder i Aspheim «nu befindes at have strid og herded søn, imod hans husbond, og hused, hæled og taged ham i forsvar fra hans løb, til han blev hented» so lagmann tok seg unda rett etter lova. Den mundering drengen hadde fått var han ikkje verd å hava, men lagmann tok den ikkje igjen avdi han nå kunne sjå noko skikkelegare ut dit han no kjem.
        Dom: «At Lars Arnesen til velfortjent straff for sin oppførsel i tjenesten hos lagmand og reist ifra ham, bør tigthus anordningen til Kristiania tugthus indføres og der at forblive så lenge de høie Directeurer forgodt befinder»
        Lagmann Lycke var ein streng herre og Arne Larsen kom riktig i unåde hos denne mann. I 1755 påstod han at Arne og enka Åvet Jonsdtr. på nabo garden Aspheim hadde hogge ulovleg i hans benefiserede gards skog, og då dei var innstemna ikkje hadde noko å føra fram «til befrielse for seg» vart det kjend for rett, at lagmanns arrest i hogsten skulle stå ved makt, og at Arne og Åvet Aspheim dertil ogso Torjus Almoen skulle «have deres feste forbrudt»
        Lars Arnesen hadde nok forbrot seg mot lova, men ein so hard dom som lagmann hadde sagt over han fann vel dei høge herrar for fengslet var for streng. Det er truleg at Lars har kome heimatt nokso snart.
        I des. 1764 har so Lars gifta seg med Birthe Tollevsdtr. Bruseth f. 1733, dtr. av Tollev Gjestsen Bruseth og Anne Kristensdtr. Nyhus.
        Birthe og Lars budde først i Kåsa under Bruseth, so på vestre Dal, var i 1767 på ein plass under Bergan til dei i 1769 er å finna på plassen Dalen under garden Siljan som Jakob Arnesen eigde.
        Lars Arnesen var husmann i Dalen til han døydde 2. juledag 1791. Av borna er fune:
        1. Anders f. 1764
        2. Arne f. 1766, d. 1840 i Anderskås under vestre Tveitan
        3. Maren f. 1767
        4. Tollov f. 1769
        5. Kristn f. 1771
        6. Tollov f. 1774
        Då Lars døydde levde 4 av borna: Arne, Kristen, Tollev og Maren. Skiftet etter han synte 17 rdl. i overskot.
      3. Reiar Arnesen Aspheim f. 1740.
      4. Isak Arnesen Aspheim f. 1744, d. 1746.
      5. Jens Arnesen Aspheim f. 1747, d. 1749.
      I 1749 døydde so Mari og Arne Larsen vart g. 1750 og no med Ingeborg Gjestsdtr. f. 1719, d. 1804 i Knardalstrand. Her vr det 6 born: Anne f. 1750 - Jens f. 1752 - Maren f. 1754 - Gjest f. 1757 - Isak f. 1760 og Anne f. 1765.
      Etter feiden med Lagmann Lycke flytta Arne Larsen til Tveitan, kring 1764 til Bergan. Seinare har dei truleg budd i Veberg og Knardalstrand.
    5. Reiar Halvorsen Dolva f. 1705, d. 1789 i Haukenesodden 1) g. 1732 m. Marken Olsdtr. Bjørntvet f. 1710, d. 1777, dtr. av Ole Nilsen Bjørntvet og Marken Hansdtr. Røra.
      Kona er dp. Marken, men seinare mykje skriven for Marthe. 2) g. m. Maren Arnesdtr. Aspheim, dtr. av Arne Larsen og Ingeborg Gjestsdtr. Aspheim.
      Maren Arnesdtr. andre gong gift i 1792 og no med Lars Olsen. Dei vart buande i Haukenesodden nokre år til dei i 1796 er kome til Holtandalen i Solum.
      Reidar Halvorsens økonomi var svert dårleg og han måtta låna til skattar, lausgjeld og avdrag på gardkjøpet. I 1766 tok han so den avgjer å selja halvparten av garden sin 1 hud til Ole Hansen Bjørntvet for 1000 riksdalar. Med i salet var husbygningar, undateke stove og våningshus, då Ole Hansen sjølv skulle byggja seg våningshus.
      Ole Hansen Bjørntvet som i 1766 vart gift med Mathe Jensdtr. Dolva, fekk i skifte etter sin far Hans Olsen Bjørntvet, utlagt 9 skinn i nordre Bjørntvet. Det vart noko tvist om denne eigedom, men det enda med at Ole selde den til sin farbror lensm. Nils Olsen Bjørntvet for 540 rdl.
      I 1771 selde so Ole Hansen sin eigedom i Dolva til Halvor Andersen som var frå Stuverud i Valebø for 1000 rdl.
      Med Reiar Halvorsens sal av sin halve gard, vart Vestre Dolva delt i 2 gardar, der Reiar har vestre Dolva og Ole Hansen nordre part av vestre Dolva.
      I 1721 syntes Reiar at han var blitt ein gamal man og ikkje såg seg i stann til å driva eigedomen. For å koma i meir rolege kår og dels for å avvikla noko gjeld, vart han og kona samde om å selja garden.
      Den vart so seld til Paul Haraldsen Fjeld for 1170 rdl. Reiar og Maren flytta so til Haukenesodden.
      Marthe og Reiar hadde inga born saman.
      I andre ekteskap var det 2 born, nemleg Reiar f. 1789 og Halvor f. 1785.

Utdrag (s. 2) fra:
Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen