Hebridarne | Dei gamle Høglands-regiment i Skottland | Orknøyarne | Shetland | Irland | Man

Fra: I vesterveg

Orknøyarne

av Hans Reynolds

«- den gamle gode norske tid.»
    (Ein orknøying.)

Eg var ogso i ein av dei store, ovgilde boksamlingar i Edinburgh og tok elles med meg det, eg hadde tid til. Baaten til Orknøyarne gjekk fraa kaia nære ved sjømannsheimen i Leith. I den siste byen er det jamt norske skutor, og den norske sjømannskyrkja der vart vigt i 1868. Ho er i gotisk stil og av hoggen sandstein og hev lita glas i koren.

Eg gjekk umbord i den store, velstellte rutebaat «St. Rognvald», og det var mest noko heimslegt i aa gaa med ein baat, som hadde so norskt namn. Den baaten, som gjeng millom Thurso i Nordskottland og Scapa paa Orknøyarne, heiter «St. Ola». Me stod nordetter eit døgr, i tolleg fint vêr.

«But I remember when we sailed
From out that dreary Forth,
And in the dull of morning hailed
The headlands of the North:

The hills of Caithness, wrapped in rain,
The reach of Stroma's isle;
The Pentland, where the furious main
Roars white for many a mile -
Until we steered by Shapinsay,
And moored our bark in Kirkwall Bay.
dvs: Eg minnest godt den tid, me gjekk
ut Forth, den stussle' fjord,
i lysingen me kjending fekk
av odden langt mot nord:
ved Caithness regn - nett, som ein flaum,
me kom til Stroma greidt;
men der laag Pentland med sin straum,
som fròdar vidt og breidt -
tilslutt me naadde Shapinsay
og ankra upp paa Kirkwall Bay.1)

Yver dei flate øyar saag eg taarnet av Magnus-kyrkja, og den fyrste bygnaden, eg kom til, daa eg gjekk upp i byen, var hotellet «St. Ola». Kirkwall og St. Ola sokn er ihop eit prestegjeld; det er attan sovorne paa Orknøy, og mange av desse hev namn, som er nærlik norske. Kirkwall er ein liten væn by med umlag 4000 ibuarar. Venteleg hev dei norske vikingarne funne ei keltisk kyrkja der, den tid dei kom til øyarne, og hev gjeve vaagen namnet sitt etter henne. Nordmennerne bygde seinare ei Olavskyrkja der, og namnet Olav feste dei seinare til ymse stader kringum i byen, t. d. St. Olavs bru, St. Olavs bekk og St. Olavs kyrkjegard.

Kyrkjevaag vert fyrst nemnd i Orkneyingasaga umkring 1040. Fagmenn segjer, at med umsyn paa grunnplan likjest denne byen paa norske byar fraa tidi kring det 11te hundradaaret: Oslo, Tunsberg, Nidaros, Bjørgvin og Stavanger. Eg var inne i bokbudi til Wm. Peace & son. Det er det firmaet, som gjev ut eit av bladi i Kirkwall. Det var ein hepp, at eg strakst kom til aa gaa inn der, for det viste seg, at Mr. W. D. Peace var ein mann, som hadde liv for dei norrøne minne paa Orknøyarne, og han var til stor nytta for meg, medan eg var der burte. Som eit døme paa, at dei minnest den norske tidi, vil eg fyrst berre nemna den almanakka, som firmaet Peace gjev ut. Der fær ein vita, kva dag det var, Haakon Haakonson siglde fraa Norig i 1263, kva dag floten hans ankra paa Shetland og likeins paa Orknøyarne. Der stend dagen, han kom att dit etter slaget ved Largs, der finn ein den dagen, Magnus jarl av Orknøyarne vart drepen (St. Magnusdagen), der er nemnd Olavsdagen, den dagen Snorre og Haakon den gamle døydde o.s.b.

Eg vart ogso kjend med Mr. James Cursiter, ein større forretningsmann, som eg visste var svært hugvarm, naar det var spursmaal um fornminne. Han hev ei samling av forn-leivningar, som til visse er ei med dei største og gildaste av sovorne heimesamlingar i Skottland. Han peika med ein smil paa eit godt bilæte av domen i Nidaros og spurde, um eg kjende den. Etterpaa synte han meg eit par gamle, verdfulle exemplar av «Heimskringla», og ein hjelm, eit sverd og ei øks fraa den norske tidi paa Orknøyarne. Eg fekk ogso sjaa ei hovudskaal, som dei hadde funne i ein av dei norske gravhaugarne der burte. Paa eine sida av panna ned mot auga var det ei søkk som etter eit kvasst hogg. Eg kunde skyna, Mr. Cursiter meinte, at denne karen hadde fenge si nøgd, og det var likt til det, at han tykte stor mun i aa ha ein slik haus i samlingi si.

Eg kom i ei snarvending til aa nemna for ein Orknøymann, at det finst mange heime, som vil ha dei gamle norske bynamni vaare att istadenfor dei danske, og det lika han godt aa høyra. Dei var elles sers «norske» paa det i Kirkwall i namnevegen. Dei hev ei St. Olaf kyrkja (vigd paa Olavsdagen), goodtemplar-losjarne «St. Magnus» og «Norseman's Home» (Nordmanna-heimen) og fotball-klubbarne «St. Magnus» og «Thorfinn». Av folkenamn paa Orknøyarne med meir elder mindre norsk svip kann eg nemna: Anderson, Rendall, Swanson, Folsetter, Kirkuess, Nicolson, Seatter, Foulis, Harrold, Faubister, Heddle,2) Copland, Holland, Ingstad, Midland og Hundland. Namnet Magnus hev dei ogso den dag idag der burte liksom paa Irland, Man, Hebridarne og Shetland. Av stadnamni paa Orknøyarne er det enno so mange, som minner um det norske velde, at ein vert undrug, naar ein ser paa kortet. Me hev soleis prestegjeldi: Sandwick, Stromness, Stenness, Evie (Efja) og Renndale (Rennadal). Dertil øyarne: Egilsay, Eday, Sanday, Wire (Vigr) og Stronsay (Strjonsey). Venteleg hev dei norske nybyggjarar kalla uppatt heimstaden sin i Norig, liksom dei gjorde paa Island. Der hev me garden Vorsabær, som kjem seg ifraa folk fraa Voss, og Gaulverjabær ifraa folk komne fraa Gaular i Sunnfjord. Øyi Vigr minner um Vigerøy paa Sunnmør og Strjonsey um Strjon, Stryn i Nordfjord. Ei hamn paa Orknøy heiter dessutan Strynie. Dei hev ogso kalla øyarne upp etter himmel-ættine, husdyri, utvinningi og laget deira, soleis: Auskerry (Austrsker), Westray (Vestrey); dei gamle namni paa dei andre øyarne var: Hrossey3) (no Mainland), Færey (no Faray), Lambholm (Lamon), Hundey (Hunday), Kalfey (Cavay), Sviney (Swonay) og Eideyjar- og Flateyjar-kalf (Calf of Eday og Calf of Flottay), liksom Malmøykalven i Oslofjorden, Calf of Man paa øyi Man og Tjørnekalf i Baahuslen - smaa øyar ved sida av større; Risey (Risa), Lyngholm (Lingholm) og Kornholm (Cornholm); Shapinsay (Hjalpandisey, fyrr umala her i boki), Eiðey, (Eday), Sandey (Sanday), Straumsey (Stroma) o.s.b. Etter namni paa eigarane, venteleg sjølve nybygjarane, finn me: Gáreksey (Gairsay), Sveinsholm (Sweynholm), Hrolfsey (Rowsay), Kolbeinsey (Copinsay), Glumsliolin (Glimsholm), Grimse (Graemsay) og South Ronaldsay (kalla upp etter Mørejarlen?); etter ibuarane sine: dei tri Papøyar (bustaden for irske munkar), Thjofaholm (Thieves Holm), der tjuvarne vart hengde, Eyin helga (Eynhallow) etter sine heilage bygnader, Borgarey (Burray) etter borgi si. Vardholm (Wartholm) truleg etter ein varde, som hev stade der, og dei tvo Pentlandskjer etter sitt lægje i Pentlandsfjorden. I grunnen hev mest alle garder paa øyarne dei norske namni sine enno. Garden Hedal heiter no Heddale, dessutan hev me Evje, Sandvik Sandwick, Skutevik = Scutwick, Rennadal Rendale, Vasdal = Wassdale, Steinsness = Stenness o.s.b. Gardsnamni endar tidt paa «bster» elder «bister», fyrr «buster», soleis Hobbister = Haugbólstaðir. Paa Hoy (Haaey) og Westray finn me namnet Rackwick (Rekavik) og paa siste øyi ogso Vestness. Høgste fjellet er Ward Hill paa Hoy (1565 fot). Paa Mainland ligg høgden Hackla (Hekla?). Av andre namn kan nemnest Tor Ness, Odin Ness og Odin Bay, Hacos Ness, Harroldsgarth, Tingwall, Mor Stein, Hamar, Frotoft, Hannatoft, Kettletoft, Toftsness, Iceland Skerry (lslandsskjeret, ved Kirkwall), Muckle Eskadale, Hestwall, Hestahead, Horraldshay, Setter, Mossetter, Melsetter, Snelsetter, Grimness, Dale, Scorra Dale, Linna Dale, Trundigar, Latna Ness, Scar, Swarta Fjold (Svartefjell), Vestra Fjold, Knarston (Knarrarstaðr), Ronaldsvoe (Ragnvaldsvaag) Osmondvoe elder Osmondwall (Aasmundvaag), Breibuster (Breiðibólstaðr), Backaland, Brimsness.

Øyarne er nærom trelause og for det meste flate, so dei likjest mykje paa Jæren. Dei er vokstrrike og er mykje meir uppdyrka enn dei fleste norske bygder, og dei hev mange store, velstellte gardar. Godseigarane, storparten skottar, driv mest med saude-ál. Bønderne dyrker helst havre, bygg og potetor som paa dei andre skotske øyarne. Det er store torvmyrar der. Me veit, at det var «Torv-Einar», en frilleson til Rægnvald jarl, som lærde Orknøybuerne aa nytta torv til brennefang. Fraa honom er dei ætta alle dei megtuge Orknøyjarlarne Det er ialt umkring 80 øyar, og det bur folk paa 30 av deim, umlag 30,000 menneskje. Det er tvo byar der, Kirkwall og Stromness (Kirkjuvágr og Straumness). Den siste hev 2000 ibuarar. Dertil kjem landsbyarne Finstown (nærom ei norsk mil fraa Kirkwall) og Birsa paa nordvest-pynten av Mainland, der Torfinn jarl budde. Torfinn var ein son av Sigurd digre og raadde paa Orknøyarne paa Magnus den gode si tid. Han hadde ufred med skottekongen og vann fleire slag, og han la under seg eit stort stykke av Skottland, heile 9 jarledøme. Det er ei mengd med norske stadnamn i Nordskottland enno, til dømes: Thurso (Thórsaa), Laxford, Libuster, Thurseter (Thórdarsetr), Fors, Dale, Wick, Dingwall (Thingavøllr), Caldell (Kalfadalr), Serabster (Skarabólstaðr), Skibuster, Klibreck, Rosbuster, Freswick o. m. fl. Torfinn hadde dertil eit rike i Irland og alle Suderøyarne.

Orknøyarne og Shetland vart gjevne av Harald haarfagre som eit jarledøme - under norsk yverhøgd - til Ragnvald Mørejarl si ætt. Dette jarledømet, som vart grunnlagd av norske vikingar fraa Hordaland og Fjordarne, var i maal og seder «likso norskt som Norig sjølv», segjer P. A. Munch. Det er gøymd fleire sogemeldingar um Orknøyarne enn um Shetland. Orknøyarne var hovudsætet for dei norske jarlar og soleis midpunktet for nordmennerne sitt velde i Nordskottland. Eg kom til Kirkwall ein laurdag og saag meg difor syn til aa lyda messa i domkyrkja der sundagen. Det er den eldste (norske) luten av kyrkja, dei brukar til gudstenesta. Orga sette i med den fagre salmen «From Greenlands icy mountains to Indias coral strand» (Fraa Grønlands isfjell til Indias koral-strand), so det vart høgtid og helg under bogarne. Sjølv kom eg til aa minnest dei norske snøfjell og den magt, dei tjørebredde snekkjorne vaare eingong hadde i Vestrlandi. Der ute, beint imot kyrkja, stend attrstodorne av bispeborgi; i den slokna Haakon Haakonson sundag den 16de desember 1263. Herinne, der songen enno 600 aar etter ljomar under kvelvingarne, stod kista til den folkekjære kongen framanfor St. Magnus-skrinet, til dei um vaaren sende ho til Bjørgvin. Soga melder i enkle, men maalande ord um kongen sin sjukdom og burtgang paa øyarne der langt undan. «Fram mot midnatt var Sverre-soga lesi ut, og yver midnatt kalla Gud kong Haakon til seg fraa denne verdi». Det heiter so vakkert i folkesongen:

Der han saa sin kveld med glæde
lyttende til sagas rost;
til de gamle skaldes kvæde
aanded sidste gang hans bryst.
Liget førtes over fjorden,
hviler nu i Bjørgvins stad;
men hans drgapa blev i Norden
til et gyldent sagakvad.

Kong Haakon og dei vaapndjerve nordmenner liver enno i folkeminnet paa dei britiske øyarne. «Den svarte flote ifraa Norig» hadde sett rædsel i skottarne, og dei trudde lenge, at han fyrr eller sidan vilde koma att.

Dei held Magnusdomen i Kyrkjevaag for aa vera det gildaste minnesmerke, nordmennerne hev etter seg i Vesterhavslandi. Det meste av kyrkja vart bygd, medan øyarne høyrde Norig til. Ho er litt større enn Hamar domkyrkja, men mykje mindre enn domen i Nidaros. I det storgilde norske verk um Orknøyarne, «Monumenta Orcadica», som eg hev nytta til denne boki, er det nemnd, at Dale kyrkja i Lyster (Sogn) minner meir enn andre norske kyrkjor um den part av Magnusdomen, som dei trur er sett upp umkr. 1250. Eg vitja Lyster etter turen til Orknøyarne, og det var merkeleg, kor lik til dømes portalen aat Dale kyrkja var den vestre inngangen til domen i Kirkwall. Bygdesegni segjer, at Dale kyrkja vart bygd av skottar, og etter P. A, Munch hadde bispen Bjarne i Kyrkjevaag jordgods i det vestanfjellske Norig. Gjenom hopehav med den megtuge ætti hans hev kanskje lustringarne fenge tak i dei dugande steinhoggarar fraa Kyrkjevaag.

Magnuskyrkja vart bygd av den agderske bonde Kol og Ragnvald jarl (krossfare) son hans. Orkneyingasaga segjer, at den tid Ragnvald hadde fenge magti paa øyarne, vilde han strakst halda den lovnaden, han hadde gjord, daa han fór fraa Norig, og som far hans hadde raadt honom til: byggja frenden sin St. Magnus ei steinkyrkja i Kyrkjevaag, meir prydleg hell nokor kyrkja i «dei landi». Dei trur, at dei tok til med arbeidet i aaret 1137. Det stend i soga, at Kol sjølv hadde øvste tilsynet og styrde heile arbeidet. Magnus, jarl av Orknøyarne, som kyrkja heiter etter, vart drepen paa Egilsey i 1115 den 16de april (seinare St. Magnusdagen). Dei merka, at graset grodde so uhorveleg høgt paa den staden, der dei tok livet av honom, og i 1135 sa bispen, at han var eit heilagmenne og sette det heilage skrinet hans yver altaren i Kristkyrkja i Birgisaa. Det vart seinare flutt til domen i Kyrkjevaag. Det stend ogso ei Magnuskyrkja paa Egilsey, truleg bygd i 1135-1138. Soga fortel, at i Kyrkjevaagdomen gøymde dei seglet fraa det skipet, Ragnvald jarl hadde teke fraa Svein Asleivson og gjeve Harald jarl. Fredsmøtet millom Harald jarl og Svein Asleivson (umkr. 1156) heldt dei i denne kyrkja. Og den aarlege skatt fraa Skottland til Norig skulde dei etter freden til Perth i 1266 leggja i Magnuskyrkja i Kyrkjevaag.

Fagmenn segjer, at Magnusdomen minner um Olavskyrkja i Nidaros. Det er ikkje so lenge siden, dei hadde umvøling paa Orknøydomen; han, som viste meg umkring, sa, at dei skulde ha spurd Norig til raads, daa dei bøtte kyrkja uppatt. For det var norskt verk, Nidarosdomen var moderkyrkja.

Kyrkjevaag
No styrer me inn til den gamle stad
med dómen mot kveldraud sky,
so væn han ligg der ved soleglad
den heilage Magnus sin by!
Kor fagert eit øyland i «Vesterled»
dei gutar fraa fjordarne vann,
ja, daa stod det age av Norig med,
so snart som det lyfte si hand!

Eg gjeng her aaleine den ljose nott
- eg trør paa ein sogerik grunn -
og minne fraa forntidi vaknar braadt
og kviskrar med livande munn ...
Bonde fraa Agder, det stend ditt verk
og straalar yv' daud og grav,
taarnet seg teiknar mot himlen sterkt
- synberrt fraa ville hav!

Songen stig fager mot kvelven idag,
klokkune timar i kor,
orga gjeng mildt og med drøymande drag
- veldig var dómen i Nord!
Magti skiplast og landgrensor med,
men forntidi gløymest 'kje lett,
frendarne vaare til seinaste led
dei minnest si mor og si ætt.
Røder so tidt um den gamle tid,
daa Haakon i viking fór,
kom ifraa vest fraa ein blodug strid
og slokna paa Orknøys jord;
fikta for Norig av hjartans grunn
som hovding og heilrend kar,
seig so inn i den siste blund
i Kyrkjevaag bispegard.

Sveipte sin konge i kvite lin,
sorgfulle, jarnklædde menn,
sette han framfor St. Magnus's skrin,
der kjerte-ljos stille brenn ...
fylgde um vaaren sin herre paany
til heimlandet nord i hav,
alle Bjørgvins klokkur i sky
ringde kong Haakon i grav!

Helsing fraa Norig, du eldgamle stad,
fraa frendar, som vyrder ditt namn,
landet, der tindarne blaanar i rad,
og langskipi duva i hamn.
Olavs-dómen i Nidaros
skodar mot Orknøy enn:
dotter-kyrkja - den væne dros -
byggde dei norske menn!

Soga fortel, at daa kong Haakon kom til Kyrkjevaag um hausten, budde han i øvre høgdi i bispeborgi, men han aat nede i halli hjaa bispen. Haakon hadde skipi sine liggjande i dei tvo hamnorne Meðallandshøfn (no Midland Harbour) og Skalpeid (no Scapa), ikkje langt ifraa Kyrkjevaag, Kongen hadde mykje aa gjera, og daa han hadde vore ute i Meðallandshøfn aa nyo for aa setja upp skipet sitt for vinteren, vart han sjuk, daa han kom att. Og midt i desember døydde han, djupt sakna av sine menn. Liket laag uppe i lofthalli den fyrste dagen, so folk kunde faa sjaa det, men dagen etter forde dei det yver i Magnuskyrkja og sette kista framanfor altaren. Der stod ho heile vinteren.

Der kom bud for Bergen ind,
og ingen mand det kiende:
Død var den ædle konning Hogen,
hand var St. Olufs frende.

I fyrstningi av mars 1264 vart kongsskipet «Kristsuden» gjord seglferdugt; det var det, som førde kong Haakon sine jordiske leivningar attende til Norig. Den 21de mars la til, det ved brygga aat kongsgarden i Bjørgvin, og dagen etter vart Haakon gravlagd i koren i Kristkyrkja.

Ein dag tok eg ein tur kring øyarne med lokal-baaten. Spiren paa Magnusdomen kunde eg sjaa heilt uppifraa Vesterøy. Me var millom anna innum Sandøy, den av øyarne, som ligg nærast Norig. Det er mange gravhaugar der, soleis ein, som dei kallar «lvars Knowe», d. e. Ivars-haugen. Dei trur, at Ivar, son til Ragnvald jarl, kviler der. Han var med paa den ferdi, som Harald haarfagre gjorde til Vesterhavsøyarne, og fall i striden. Til vederlag for dette sonetapet fekk Ragnvald Hjaltland og Orknøyarne. Eg raaka ein eldre øybue umbord, og han fortalde meg eit og anna fraa den norske tidi der hurte, segner og dilikt. Han var harm yver det, at Orknøybuerne no er leiglendingar under skotske storfolk; i den norske tidi var dei odelsmenner. Og han hadde si egi meining um, korleis dei høge herrar fraa Skottland hadde fenge tak i so mykje land paa øyarne. Folket fekk illvilje til skottane, daa dei tok jordi fraa deim. Og det vart endaa verre, den tid skotsk log og rett kom istaden for den gamle norske log (St. Olavs-logi, dei kalla), trass i det, at det var vedteke ved pantsetjingi i 1468, at baade Orknøyarne og Shetland skulde faa ha sitt nationale logverk. Dei dømde etter norsk log derburte paa reformations-tidi, og dei kunde jamvel stemna ei sak inn for høgre rett i Norig. Enno i 1903 meinte ein mann paa Orknøyarne, at han hadde fiskerett etter St. Olavs-logi. Og han var so strid, at dei engelske styremagtir maatte venda seg til rettssòge-mannen ved det norske universitet for aa faa greida paa, korleis det hev seg med fiskeretten etter dei gamle norske logir. Daa eg tala med mannen umbord i baaten, kom eg til aa minnest den Orknøybonden, P. A Munch fortel um, daa han var der burte i 1849. Munch stod og saag paa domkyrkja, og bonden spurde honom, um det ikkje var ein gild bygnad. Daa Munch sa ja til det, heldt hin paa: «Sovorne bygnader sett dei ikkje upp notildags; dei kunde dei berre byggja i den gamle gode norske tid.» «De trur dermed, at den tidi var so herleg», spurde Munch. «Jau», var svaret, «den tid var øyarne meir lukkelege hell no, den tid var det magt i folket». Munch skyna, at klagemaalet mest var um større skattar og avgiftir, men det var ogso greidt, at det laag nationale umsyn bak. Sume gjekk tilmed so langt, at dei sa, Orknøyarne vilde vera best tent med aa høyra Norig til. Munch segjer, at han var ute for fleire mesta graatelege døme paa den godvilje, som Orknøybuerne hev for Norig og minnet um det gamle mòrland. Dei nordmenner, som hev vore derburte, er samde um, at det, Munch skreiv for umkr. 60 aar sidan, høver paa Orknøybuerne den dag i dag. «Folket, segjer han, heng ved minnet um den eldre, norske nationalitet med ei vyrdsemd, som snert innpaa sverming. Den norske tidi - skori av ved ein ny maal-aldr - stend i ein mystisk straalering for Orknøybuerne. Dei hév henne upp i skyerne til mein for den nyare engelsk-skotske tid. Alt det, som kjem seg fraa norske-tidi, og i det heile alt det, dei kallar Norn (drege saman av det gamle norronn, d. v. s. norsk) held dei for gjævare og betre enn alt skotskt elder engelskt. Naar det hev seg so, vil ein lett skyna, at ein nordmann hev det sers godt paa Orknøyarne; for dei helsar honom ikkje berre som ein landsmann, men ogso som ein av gjævare og meir ublanda ætt».

I eit Orknøyblad skreiv nyleg ein engelsmann nokre minne fraa ein sumar-maanad paa Orknøyarne. Gatorne i byen Stromness, tykte han, minnte so um ein norsk by. Og daa han spurde og ransaka, skyna han, at det var naturlegt, dei var so, - gamall norsk bygd. «Sjølvsagt er no mykje skotskt blod, men tyngdi er norsk i Orknøyfolket enno. Eg tykte, det var trøysamt aa høyra, kor furtne dei vart, naar nokon kalla deim for skottar; endaa at i andre land er skottarnamnet eit merke paa, at eitt er ærleg og vyrdeleg. Ein sinna orknøying spurde meg: «Kva hev skottarne send oss, anna enn daalegt mjøl og daalege prestar.» I nokre hundrad aar dreiv skottarne og trælka orknøyingarne utan naade elder miskunn. Dette ber inkje orknøyingarne hat for, segjer han, ikkje liksom den irske bonden. «Men ættarkjensla deira er enno vakande, soleis at dei ikkje vil kallast skottar.»

Dei talar ikkje det gamle norske maal («norn tung») paa Orknøyarne lenger, det er berre sume ord og talemaatar, som minner um dei norske. Munch høyrde Orknøybuerne drikka «skaal» og snakka um «kjeipar» og «hamlor» i baatarne. I 1529 nemner ein forfattar at medan engelsmannen segjer: «Guid day, guid man!» segjer dei paa Mainland, den største av Orknøyarne: «goand da, boundæ!» (godan dag, bonde!) I midet av det 17de hundradaaret tala berre 4 elder 5 sokn paa Mainland. norsk. I 1693 segjer forf. Wallace m. a.: «Alle talar engelsk med god uttala; men sume av aalmugen talar seg imillom norsk elder det gamle gottiske maal -» Han hev eit norskt fadervaar fraa Orknøyarne i 1690. Det luar so:

«Favor i ir i chimeri. Helleur (helleut) ir i nam thite. Gilla cosdum thite cumma, veya thine mota vara gort o yurn sinna gort i chimrie. Gav vus da on da dalight brow vora. Firgive vus sinna vora sin vee firgive sindara mutha vus. Lyv vus ye i tumtation. Min delivra vus fro olt ilt. Amen».

Det norske maal, «the norn leid», som dei kalla det derburte enno i det sekstande hundradaaret, livde paa Orknøyarne til etter 1700, og norsk vegt hadde dei og ei god stund etterat øyarne vart skilde ifraa Norig. Paa Katanes (Nordskottl.) gjekk «norn» ut fyre 1700.

Ein dag tok eg ein tur til Stenness (Steinsnes) for aa sjaa paa dei store keltiske minnesmerki der. Dei ligg ei god norsk mil vest for Kirkwall, nære ved Stenness-sjøen. Det eine er ein svær haug, som nordmennerne kalla «Orka-haugr», og som er sers forvitneleg aa sjaa, av di han kryr av norske runeinnskriftir. Han er 36 fot hog og 90 fot i rundmaal, og i kringum gjeng det ei grav, som er 40 fot breid og 8 fot djup. Eg var nøydd til aa luta meg ned noksaa mykje, daa eg skulde inn i haugen, for me maatte igjenom ein gang, som berre er 2½ fot høg, Han er elles 3 fot breid og 54 fot lang. Innvendes saag det mest ut som i ei bjelkestova, for halli - 15 fot til alle kantar - er bygd av gulvoren leirstein. I tri av veggjerne er det smaa rom (venteleg gravrom), for dei trur helst, at haugen er ei grav og ikkje nokon folkebustad. Ein mylnar, som bur tett attmed, fylgde med meg inn i haugen. Han tendra eit par ljos, og eg kunde daa sjaa ei mengd med runer paa dei vaatlege steinveggjer. Ein stad stod det eit bilæte av ein vengja drake, og det var fin utskurd. Dei trur, at dei fleste av runerne kjem seg fraa Ragnvald jarl og Erling Skakke sine jorsalfararar, som heldt til paa øyarne um vinteren 1152-53. Ei innskrift luar so: «lngibjørg den fagre enkja (elder kona); mangei kona hev fare lut inn her (endaa ho var) hardla stolt». Her er anten meint, at ein maa krokja seg svært for aa koma inn i haugen, elder det gjeld sjølve jordfestingi. Ein annan viking skryt av det gilde vaapnet, han hev med seg paa ferdi: «Med denne øksi, som hev høyrd til Gauk Tranilson, hogg eg desse runerne vestan um hav». Gauk Tranilson er nemnd i Njaalsoga, han livde umkr. 960-980. Me finn ogso namnet «Hermund hardøks» millom runerne. Dessutan: «Ingegerd er den vænaste ibland kvende». Dei reknar Orkahaugr (elder Maeshow, som dei kallar honom no) for aa vera ei ganggrav fraa den yngre steinalder: godt og vel 2000 aar fyrr Kristi fødsl. Dei hev ogso slike i Irland og andre land. Desse gravorne er soleis minne um det eldste folket paa øyarne, det som var der, den tid nordmennerne kom dit. Vitskapsmennerne held det elles ikkje for utenkjande, at det kann ha budd folk i ein og annan av desse underjordsbygnader. Det kann nemnest, at veggjerne i «Orkahaugr» ser ut for aa ha møtt kvarandre i eit opning, lik ein skorstein

Eit lite stykke undan Orkahaugr er det tvo keltiske steinringar fraa bronsealdren. I den eine (Stenness-ringen) hev det vore 12 steinar, paalag 15-20 fot høge. Dei stod i ein ring paa meir enn 100 fot tvert yver. No er det berre tvo-tri steinar att. Brogar-ringen ved Stenness-sjøen er større. Der stod det eingong 60 steinar, 7-15 fot høge; no er det berre 12 der. Ringen er paalag 350 fot i rundmaal, og umkring er det ei grav, som er 28 fot breid og 6 fot djup og hev ein laag jordvoll utanum. Ved Stonehenge i England og Stornoway paa Hebridarne er det og sovorne keltiske minnesmerke. Dei lærde hev ymse meiningar um desse ringarne. Sume trur, at dei hev vore gjerde i kring um offerplassar. Nære ved ligg det ein gard, heiter Brogar (Brugarden). Det er ei liti bru millom Harasjøen og Stenness-sjøen, og etter garden ved brui hev den eine steinringen fenge namnet sitt. Det er eltes ei mengd med norske gravhaugar i kringum der, og det ser ut for det, at vikingarne hev teke ein og annan bauta fraa steinringarne og sett upp paa kjempehaugarne sine. Vitskapsmennerne trur, at det berre var gudleg ihuge, som fekk dei halvvilde keltar til aa drassa desse veldrige steinarne dit, nærom ei norsk mil.

Det finst enno ljorestovor paa gamall norsk gjerd paa Orknøyarne, men det er berre nokre faae att av deim.

Daa lord Salvesen opna det norske sjaaet i Glasgow for ikkje so lenge sidan, tala han halvt skjemtande um eigedomsretten til dei norsk-skotske øyarne, skriv eit engelskt blad. Naar han skulde tala paa sakførarvis, var han ikkje viss um øyarne ikkje høyrer Norig til enno. Etter log og rett kunde Norig taka øyarne att, naar dei betala pengarne, som øyarne vart sett i pant for - men med renta for 300 aar. For i 1668, daa utsendingar fraa europæiske statar heldt stemna i Breda (Holland), sa dei, at Norig hadde rett til aa løysa inn att øyarne. Men det engelske bladet legg til, at lord Salvesen fuska lite-grand i rekningi. Øyarne vart sett i pant i 1468, so at no lyt reknast renta for snart fire og eit halvt hundrad aar!

Som me veit, var det og eit litet millomspel i det britiske parlament for nokre faae aar sidan, som kom desse øyarne ved. Tingmannen for Orknøyarne og Shetland, Catheart Wason, snart i underhuset innpaa det same som lord Salvesen. Ein innsendar i eit danskt blad skreiv um dette, at soframt det berre var spurnad um den upphavlege heimangaava, utan rentor og rente-renta, vilde nok kong Haakon sitt riksstyre greida det. Det var ein annan ting, um Stor-Britannia slapp fraa seg øyarne, sjølv um folket der ynskte aa koma saman att med mòrlandet.

Kristian I. pantsette Orknøyarne og Shetland utan aa spyrja det norske riksraad. (Helder ikkje spurde dei riksraadet her, daa dei gav etter den avgifti, som skottekongen skulde betala Norigs konge for Suderøyarne og Man). Margrete, dotter til Kristian, skulde ha i heimanfylgje elder brudegaava 60,000 florinar (gylden), daa ho gifta seg med Jakob III av Skottland. 10,000 av deim skulde Kristian I. betala, fyrr enn dotter hans fór ifraa Danmark, og for dei andre 50,000 sette han Orknøyarne i vissa. Etterdi Kristian ikkje kunde betala meir end 2000, gav han Shetland i pant for dei 8000, som var att. Dei norsk-danske kongar prøvde seinare aa løysa inn øyarne, men dei skotsk-engelske kongarne sette seg imot det, og dei fekk soleis desse øyarne for umlag 24,000 pund (432,000 kr.).

Det var heilt vedkjømeleg aa segja farvel til Orknøyarne og til dei elskverduge, norskhuga folk i gamle Kyrkjevaag. Eg vilde ynskja, at me maatte koma i nærare samband med deim; baae partar vilde til visse ha baade hugnad og vinning av det. Professor N. Gjelsvik nemnde nyleg i ein tale, at det var syrgjelegt, at me miste Orknøyarne og Hjaltland, av di dei var som ei bru yver til skotsk og engelsk kultur. Ein annan kjend nordmann hev peika paa, at me burde fara meir i «vesterveg», naar det gjeld kultur-formaal, enn me hev gjord til no - fraa den vestlege kultur-heimen hev me kome yver til ein meir austleg. Det er nærskylde folk der burte i vest, og me hev livd for mykje paa Danmark og Tyskland, meiner han. Daa kong Edvard d. 7de vitja Norig i 1908, nemnde eit hovudstadsblad, at me i seinare tid hev lagd vinn paa aa friska uppatt og nya dei gamle kulturband millom vaart land og Stor-Britannia. Dei klassor av folket, som her liksom andre stader er ryggen i eit lands kultur, og som i fleire hundrad aar hev vore framande for alt engelsk, hev allereide jamstellt studiumet av engelskt maal og kultur med studiumet av tysk. Og verkningarne av dette tek no til aa syna seg. Det heiter tilslutt, at me nordmenner ventar os stor vinning av dette kurs-skifte, naar det gjeld framvokstr for vaar nationale kultur.

Det historiske sjaaet, som «Nordmandsforbunde» var med paa i Glasgow, var eit gildt stig burtimot meir hopehav med britiskt aandsliv. Maatte me berre faa fleire av sovorne samkomur!

    Noter:
  1. Shapinsay: Hjalpandisey i den norske tid; øyi, som hjelpte skipi til aa finna leidi inn til Kyrkjevaag.
  2. truleg av gardsnanmet Heddale, Orknøy.
  3. tydar paa gamalnorsk «Hestøy».
Utdrag (s. 55-86) fra:
Hans Reynolds: I vesterveg, Oslo 1912
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen