Hebridarne | Dei gamle Høglands-regiment i Skottland | Orknøyarne | Shetland | Irland | Man

Fra: I vesterveg

Hebridarne

av Hans Reynolds

«Me er ættlingar av dei
gamle nordmenner»
    (Ein hebridbue)

At nordmennerne var djerve, dugande sjøfolk i gamle dagar, og at dei leid mykje vondt paa ferderne sine vestetter, det skynar til fullnad den, som hev pløigt Nordhavet. Straumsjøen ved Vestmanna-øyarne sunnanfor Island, ved Ferøyarne og i Pentlandsfjorden er ikkje god aa koma ut for sume tider. Eg hev set 'n sers styg der burte. Men trass i alt er det gildt aa fara «i vesterveg» og sjaa dei utbygder vikingarne raadde yver med sitt gode sverd.

Daa ein Tunsbergmann fortalde meg, at folket paa Shetland og minnest det gamle môrlandet sitt enno, og at det er mykje norsk att der ute baade i maalvegen og elles, daa tenkte eg mest, at mannen gjorde for mykje utav det. Men turarne til Færøyarne og Island hadde gjeve meg meirsmak. Kvalfangarane fraa Vestfold hadde i alle fald ikkje slege for «store boltar» med umsyn paa dei landi. Og eg fekk ogso hug til la sjaa, korleis dei liver paa dei andre øyarne, som eingong høyrde Norig til.

«Engelsk og fjellsk, det kjem paa eitt ut,» sa gjerne sjøfolk her heime eingong - den tid, dei fór paa dei smaa skotske fiskarbyarne, som ikkje hadde større samband med utheimen. Dei tykte, skottarne bruka so mange norske ord, at dei vart reint undruge, naar dei høyrde det.

Ved jonsokleite 1908 fór eg daa til Skottland. Eg hadde berre etla meg til aa vitja Orknøyarne og Shetland den sumaren, men yver Nordsjøen var eg so heppen aa koma i lag med ein gamall skipsførar, som no var tenestemann paa den norske kvalfangarstationen paa Hebridarne. Han baud meg reisefylgje dit, og eg slo til. So fekk eg seinare vitja Orknøyarne og Shetland.

Eimbaaten, me gjekk med fraa Glasgow, heitte «Dunara Castle». Han hadde mykje last og skulde gaa innum mange stoppestader paa øyarne, so det høvde reint framifraa. Di fleire krikar og krokar di betre for meg. Det var lurmvarmt inne i storbyen den eftan, me drog utyver kaiorne, og eg gledde meg til aa faa sjøluft i lungorne atter, for me hadde venta i fleire dagar paa aa taka i vegen.

So bar det ut av det røykfyllte Glasgow og nedetter Clyde-elvi, framum vervar med staaking og liv og i hopetal med svære skips-skrov, og ut i friskare farvatn, langsmed grøne sletter og velstellte gardar, ærverdige borgrøysor og blide strender.

Det tok til aa kveldast yver Høglandi, og tankarne sveiv inn mot Largs - der Haakon Haakonson slost med skottarne i 1263 - og mot Rothesay, der nordmennerne same aaret tok slottet og heile øyi Bute. Som han syng diktaren um kong Haakon

End han vil sit rige gavne:
gammel skjønt og træt av aar,
ud han red paa gyldne stavne,
giver skotten dybe saar;
hvad det vandt ved Magni seier,
havde alt sig revet løs,
Haakon snart igjen det eier,
endskjent skottekongen fnøs.

Skip av den norske floten siglde i slutten av september det aaret inn i Skipafjord (Loch Long) under Vigleik Audunson og ein annan nordmann Ivar av holm, saman med kongarne av Suderøyarne og Man. Dei drog baatarne sine derifraa og yver til Loch Lomond og herja landskapet kring strenderne der, medan Haakon sjølv vart liggjande for anker lenger ute ved Kumrøyarne. Kong Haakon hadde med seg ein stor flote paa dette Vesterhavstoget sitt, 160 skutor og nærom 20,000 mann. So stor ein her hadde visst aldri Norig set paa ferdom fyrr. Det heiter i ei folkevisa:

Byder han ud af Norie
saa mangen velbyrdig mand
baade med kost og værge;
til Skotland agter hand.

De lagde ut fraa Beren (d. e. Bergen) og
og ud Fra Beren-bro:
silkeseil var slagen til raa,
og under var boningen blaa.

De lagde ud fra Beren
og ud fra vogen silde;
alt det folk, paa bryggen stod,
saa modige taare de fælde.»

Floten sette tilhavs fraa Bjørgvin den 5te juli 1263:

Færøygut, paa Bjørgvins vaag
visst ein masteskog du saag,
hundrad segl paa blaae fjord,
daa kong Haakons snekkjor fór;
mang ein skottsmann maatte døy,
daa me kom til Suderøy.

(H. R.)

Skipet til kong Haakon heitte «Kristsuden». Tvo dagar etter kom dei til Hjaltland, og her laag floten i fjortan dagar i Breidøysundet (ved Lerwick). Han var ogso innum Orknøyarne og stogga ei stund i Ellidarvik (Elwick) beint imot Kyrkjevaag.

Litt seinare siglde me framum Kumrøyarne. Der var det, norskekongen laag med skipi sine dagen etter den harde striden ved Largs tysdag den 2dre oktober. Han brende dei farty, som hadde stranda i stormen natti fyrr slaget. Daa det var gjord, siglde han ut til Melasøy og laag der nokre dagar. Paa eine veggen i ei hola der hev dei finne nokre runeinnskriftir paa gamalnorskt maal, og det ser ut for det, at fleire av mennerne til kong Haakon hev sett namnet sitt der til eit minne. Professor Magnus Olsen hev nyst skrive ei sers forvitneleg utgreiding um desse runerne, ei skrift, som eg hev nytta her. Professoren vitja Melasøy (no Holy Island dvs: den heilage øyi) sumaren 1911: det er ei heilt liti øy (med ein gard) paa aust sida av Arran. Øyi hev fenge namnet sitt etter den heilage Maoliosa (dvs: Jesu tenar), oftast nemnd St. Malise. Det var ein læresvein til St. Columba, og han skal ha vore der eingong som einbuar, umkring aar 680. Det irske heilagmenne budde i ei «hola» - elder rettare ein heller. Denne helleren ligg i ei noko bratt lid paa vestsida av øyi, umlag 25 fot yver den havflata, som no er. Hola er 38½ fot lang, 13 fot paa det breidaste og 8-10 fot høg framanpaa. Den fyrste runeinnskrifti Iuar so: + Niklilos + a hæne + ræst: Nikolaus paa Hæn rista (desse runerne). I den andre innskrifti finn me det gjængse norske mannsnamn suæin (Sveinn). Den tridje: Onondr reist rú (nar): Aanond rista (desse) runerne. Den fjorde: Amudar «Amundar». Den femte mannsnamnet Ólafr. Den sjette: ioan (Jóan). Den sjuande: Ein runebokstav m er anten fyrste bokstaven i eit personnamn elder helst ei avkorting av maria (venteleg ei paakalling av vaar fru). Den aattande: uiglæikr stallare ræisst (Vigleikr stallari reist), d. e. Vigleik stallar rista (desse runerne).

Med umsyn paa den fyrste runeinnskrifti kann nemnest, at Nikulaus var eit aalgjengd namn i Norig paa den tid, og Hen (Hæn) er gardsnamn i Grytten i Romsdalen, Vang i Valdres, i Aadalen, og tri stader i Smaaleni (Eidsberg, Rakkestad og Rønes). Hæn i Eidsberg maa ha vore ein stormannsgard og ligg i same sokn som Haakon Haakonson sin fødestad Folkenborg. Just i Eidsberg hadde kong Haakon gode og trufaste vener, slike som han og etterkomarane hans maatte tykkja mun i aa hava ikring seg i andsvarsfulle rom. Det er difor rimelegt, at det hev vore med paa Skottlands toget ein hovding (kann henda skutilsveinn) Nikulaus paa Hæn, fraa kongen si eigi føde bygd. Nikolaus kann godt ha vitja hola paa Melasøy ihop med Vigleik Audunson, som var stallar hjaa kong Haakon paa den tid. Vigleik er nemnd fyrste gong i Haakon Haakonson-soga aar 1251 og seinare tvo gonger under toget til Skottland i 1263.

Vigleik si innskrift er den mest forvitnelege av dei alle. Ho er det einaste visse synlege minne, som er gøymd fraa Haakon Haakonson sitt Vesterhavstog.

I det finaste sumar-ver gjekk det nordetter, og neste dag ved middags-tid saag me taarnet paa den gamle domkyrkja paa lona elder lcolmkill.

Suderøy!
Vest det ber ein sumardag,
sjøen han er blank og blaa,
skuta ho hev BretIands flag,
inkje vaart med krossen paa
- leidi her dei kjende godt
Haakon gamle, Magnus drott!

Øy i øy og tind i tind ...
ligg lcolmkill i vaar kos -
kjem med drag av morgonvind
helsing heim til Nidaros?
Hovding fraa vaar forntid stor
kvil deg her i heilag jord.

Høyrer enn fraa folkemunn
gløymt er ei vaar sogebok:
«Her var eingong norrøn grunn,
Harald konge landet tok!»
ljoshærd møy med augo blaa
du herute enn kann sjaa.
Her dei rauste feder fór,
slo for Norig mangt eit slag,
synte dug og framferd stor,
so det kveikjer oss idag.
Suderøy og Sumarlid
- Minne fraa vaar stormagts-tid!

Lewis - Norigs vestre vagt -
fyrr enn brøytet det kom paa ...
Lyder landet framand magt,
norrøn hug det hev endaa.
Gode frendar, mann og møy,
Norig helsar Suderøy!

Det er forvitnelegt aa koma iland paa denne litle flate øyi midt i havgarden. - «den heilage øyi», som nordmennerne kalla henne. St. Columba (Skotlands apostel) vart gravlagd her, og dei gjorde pilegrimsferder dit fraa mange land, serleg fraa Britannia og Nordrlandi. Suderøyarne vart tidleg kristna og hadde alt sin eigen bisp paa Halvdan svarte si tid. Det er tvo kyrkjor paa lona: Domen og «den vesle Kolumkillekyrkja.» Soleis kalla nordmennerne Sankt Oranskapellet, so dei kunde skilja det ut ifraa storkyrkja. Magnus berrføtt var der i 1098 og synte stor vyrdnad for «den vesle Kolumkillekyrkja», av di ho ligg paa den mest heilage av den heilage grunnen. 100 aar attende i tidi elder kannhenda meir skal det ha stade tri smaa gravrom ved dette kapellet. Romi var prydde med graa marmor i gavlen, heiter det um deim kring aar 1600. Det eine hadde denne innskrifti paa latin: «Norsk kongegrav». Paa same kyrkjegarden er aatte norsk-suderøyske vicekongar gravlagde. Som me veit, var Suderøyarne eit av dei 10 bispesæte, som stod under erkebispstolen i Nidaros. Fraa 1181 til 1334 vart dei suderøyske bispar vigde i nemnde by. Bisparne paa Man hev enno i tittelen sin: «bishop of Sodor» (Sudreyjar).

Det er visst faae nordmenner, som hev vore paa Hebridarne for aa røkja etter, um det finst noko att der burte, som minner um den norske tidi. P. A. Munch gjorde ein snartur til lona kring 1850. Elles ser det ikkje ut for, at andre norske soge-granskarar hev vore der. Ho er stor, denne gamle norske nybygdi: 521 øyar og holmar. Det bur folk paa 90 av deim, og folketalet er ikkje mindre hell 100 000. Det er nok fleire enn vaar fræge sogeskrivar, som tykkjer, det er underlegt aa tenkja paa, naar han er paa lona, at alle desse velduge øyarne, so langt ein kann sjaa og mykje lenger, hev vore ein lut av Norigs rike. Ja, at heile havet fraa Færøyarne og vest um Skottland og EngIand eingong var eit norskt hav.

Me var innum i domkyrkja, som er ifraa det 12te hundradaaret. Ho er nya uppatt og vel verd aa sjaa. Nær inngangsdøri er det ein høg kross, som minte meg noko um dei fine keltiske krossarne i Irland. Paa reformationstidi stod det ikkje mindre enn halvfjorde-hundrad bønkrossar og minnekrossar paa lona. St. Oranskapellet, som ligg tett attmed, er den eldste kyrkjebygnad paa øyi. Det skal vera bygt i det 11te hundradaaret og heiter etter St. Oran, ein av fylgjesveinarne til Columba. Nær landgangsbrygga stend attrstødorne av det store nunnekloster, som fraa fyrsto hadde sitt sæte paa ein holme ikkje langt derifraa. Det vart seinare flutt hit. St. Columba gav korkje kvende hell krøter lov til aa setja foten paa øyi hans. Han sa: «Der det er krøter, er det ogsaa kvinnfolk, og der det er kvinnfolk, er det ulukka».

Eit par ungdomar, som eg raaka paa umbord, fortalde, at dei skulde fylgja baaten til Stein. Stein? eg tykte, det var løgje, at dei hadde norskare namn paa Hebridarne enn i sjølve Norig, men so er det skam at segja. Dei hev sett merke etter seg dei norske vikingarne. Her er nokre stadnamn der burte, som syner dette: Sandwick, Breivig, Stromay, Scarvay, Laxay (Laxaa), Laxdale, Fladday, Forsanan, Lidistrome, Hamar, Bunessan, Crossbost, Luirbost, Husabost, Sweinbost, Scarabols, Langavat (Langa Torsta-Vatn), Torstabhat (Torstavatn), Foisnabhat, Sanndabhat, Breidbhat, Langadale, Scalpay (Skalpeid), Tolsta, Husdale, Vigadale, Vallay, Grimsta, Grimsay, Ulva, Scorribreck, Hecla,1 Borve, Liadale, Kirkibost, Pabbay, Sandavig, Strond, Strondeval, Toras-clett, Torsay, Kirkidale, Langay, Tangaval, Stuley, Skipness, Mula, Fiskavaig, Steinshol, Sletteval, Herraval, Leomadal, Rossay, Hamarsay, Heisker, Sanda, Olista, Mangersta, Breinish, Eskadale, Melbost, Bostadh, Haay (Haaøy) Calvay, Steinish, Skipisdal, Ollisdale, Rudha Skuta2 Skudiburg, Staffin, Lingay, Langraclett, Scoravick, Scarasta, Olavat o s. b. Det er beint fram, so det kryr av norske namn. Harris (Herrie) reknar dei og for aa vera av norskt upphav; ei forvending av «Herad». Paa Lewis er det umlag fire gonger so mange norske stadnamn som gæliske; i Barvas er dei norske namni so mange imot dei gæliske som 27 mot 1 og i Uig som 35 mot 4.

Ein britisk forfattar skriv, at stadnamni paa dei ytste Hebridar - tekne fraa det nordrlendske tungemaal - likjest namni paa Orknøyarne, Shetland og Caithness (nordaust-pynten av Skottland). Derimot er dei tilsvarande namn paa dei inste Hebridar i eit ulikt maalføre og lik deim, som ein finn leivningar av i stadskildringi av Sutherland. Dei siste namni ser ut for aa vera ifraa ein seinare tide-bolk enn dei fyrst nemde. Truleg er det soleis, segjer han, at den skilnad, som her er peika paa, ikkje er større, enn me kann venta aa finna i maalet hjaa tvo greiner av same rase etter eit visst millomrom. Han trur difor, at den nordrlendske uppfolkning av Hebridarne maa koma seg fraa tvo norske nybyggjar-folk, som hev fylgt etter kvarandre. Denne meiningi vert nøgjare stadfest ved det, at ein ikkje kann sjaa, at Hebridarne - endaa dei i lange tider var norsk eigedom - hev vore nokon lut av danskt velde.

Islay, ei av de inste Hebridar, held dei for aa vera den øyi, som er rikast paa norske stadnamn. Umlag alle gardsnamni der hev ein norsk svip enno. Sundet millom den store øyi Skye3 og fastlandet heiter Kyle Akin (Haakonskilen). Dei fortel, at den norske kongen eingon siglde igjenom der.

Me gjekk ogso framum den vidkjende Fingalshola paa Staffa, men noko paa avstand, daa ikkje lenger undan, enn at eg kunde sjaa henne godt. Namnet Staffa kjem seg fraa det gamal-norske «stafr» (lag i eit fjell). Fingalshola er 227 fot lang og 42 fot breid ved inngangen. Sume av stavarne elder pilararne er 36 fot høge. Keltarne der burte kallar henne ogso for «den klangfagre hola».

I Dunvegan, ein av stoppestaderne paa Skye, saag me eit stort slott, den eldste borg i Skottland, som det bur folk paa. Den gamlaste deil av slottet er eit firkanta taarn med murar av uhorveleg tjukkleik (fraa 9 til 12 fot), og dei segjer, det er bygt av nordmennerne kring det 9de hundradaaret. Flagget blakra fraa taarntinden, og den gamle borgi laag vakkert til, paa eit litet berg med triveleg smaaskog i kring um. Eigaren - Macleod of Macleod - reknar seg for aa ætta fraa norske hovdingar, likeins som andre skotske storættir: Somerled (Sumarliði), Macdonald o. m. fl. Namnet Sumarliði var ikkje noko folkenamn paa Hebridarne fraa fyrsto, men tydde ein «sumar-viking», ein viking, som pla koma til dei britiske øyarne um sumaren. Yver ei av dørine paa slottet er det ein gamall steinskurd. l den er vaapnet til ætti Maedonald slege i hop med Mac Leod sitt for aa minna um eit av dei sjeldsynte egteskap, som det kom so lite fred utav. Kvar eigar av Dunvegan fraa det 9de til det 19de hundradaaret hev leivd etter seg sitt merke paa det gamle slott. Det heiter i segni, at ei norsk kongsdotter, som gifte seg med hovdingen paa Skye, døydde av heimlengt. Ho bad um aa verta gravlagd paa nord-odden av same øyi med andlitet snudd inot Norig. I gamle dagar kalla Norman Macleod seg for Tormod Ljotolvson. Dei fortalde, at det bur ein paa dei ytre Hebridar no, som heiter Norman Magnus Macleod. Me finn ogso namnet Sir Reginald (Ragnvald) Mac Leod. Det ser soleis ut til, at denne Macleod-ætti vyrdar dei gamle norske namni. Torquil (gælisk: Torcull, uttala Tørkel) er og eit aalgjengd namn paa Hebridarne.

Skottarne er kjend for aa ha sers sterk ættar-kjensla - dei likjest i so maate paa islendingarne.

Naar eg er burte i dette, kjem eg til aa minnest ein stubb, som eg saag i eit skotsk blad. Han snerta innpaa emnet «gamle ættir». Ein herre sa til ein skotte: «Sei meg, er McKinnish's ei gamalt ætt?» «Ja, eg skulde vel meine det». «Eldre enn McIver's?» «Aa, noko eldre». «Eldre enn McIntosh's?», «Jøye meg! ein god mun eldre». «Eldre enn Macperson's?» «lkkje snakk um deim eingong, mykje, mykje eldre». «Men kjære i all verdi», sa spyrjaren, «dei maa ha vore til, daa Julius Cæsar kom yver». «Lenge fyrr den tid, min herre» «Men fri meg! dei maa ha vore med Noah i arki daa». «Noah! Noah! ikkje snakk um Noah, Mc Kinnish's hadde ein baat for seg sjølv!»

Kvar gamall «clan» elder ætt i Skottland hev sin eigen ættarfarge, og den held dei i æra. Denne fargen finn ein til dømes paa dei skotske plæd i ei mengd med mynstr.

Havet var lognt paa heile Hebridferdi mi, baade att og fram. Det var jonsoktider maa vita. Eg kjem seint til aa gløyma den ljose sumar-natti, me var innum Skye, den vænaste av alle øyarne. Baaten gleid stillt gjenom spegel-klaare sund, det anga av landet paa baae sidor, trosten song uppi lidi, og den vesle landsbyen Carbost laag der fordrøymd i nattestilla ... Fagert var det og den kvelden, daa me siglde inn til Tarbert. Me laag stille for skodda og venta paa, at ho skulde letta. Daa høyrde me spoen tirla inne i strandi, strakst etter rivna skodda og dei ytste Hebridarne laag framfyre oss. Dei likjest mykje paa vaart vestland, fjelutte og skoglause. Fyrste stoppestaden var Finsbay. So styrde me inn ein fjord. Røyken steig lett til vers fraa dei smaa hyttorne innetter strenderne, og inne i fjordbotnen laag byen, som eg skulde gaa i land i. Eg vitja den norske kvalfangarstationen, og dei tok imot meg paa beste maate. Kring stationen budde det mange leiglendingar i røykstovor paa gamall norsk gjerd. Stovorne var bygde av graastein og hadde halmtak. Tvert yver taket var det strekkt tóg av straa, som det hekk steinar i. Dette var gjort for kastevinden fraa dei høge fjelli. Det var ellers morosamt aa sjaa, korleis dei hadde det innandørs. Det var nett som i sume norske bygder og paa Færøyarne. Naar eg kom inn, sette dei fram ein stol midt paa jordgolvet og baud paa ein mjølke-drykk. Det var svart under loftet av torvrøyken, og meste ljoset kom ifraa døri elder Ijoren; stundom kunde dei hava glas i dei tjukke veggjerne, men glasi var ørsmaae. Rokken surra heile dagen, dei driv mykje med heime-arbeid paa Hebridarne. I ei og anna stova hadde dei norsk rokk, som dei hadde kjøpt av kvalfangarane. Dei lika betre den norske rokken enn den skotske, han var mykje lettare aa handsama. Og so var han berre halvparten so dyr som skott-rokken.

Etter tilhaldet paa kvalfangarstationen slo eg meg ned ei stund i den vesle byen Tarbert. Namnet Tarbert elder Tarbat (fraa dei tvo gæliske ord «tarruing», aa draga, og «bata», ein baat) tyder eit eid, som ein kann draga baatar yver. Det er ogsaa eit Tarbert paa halvøyi Kintyre (Kintair), som eingong var norsk eigedom, grunna paa, at Magnus berrføtt trassa seg til meir skotsk land, enn han skulde ha etter avtala. Skottarne gjekk med paa, at Magnus skulde faa alle øyar vestan um Skolland, som han kunde koma til med rorfaste skip. Magnus let fartøyet sitt draga yver eidet ved Tarbert, medan han sjølv sat tilrors i lyftingi. Halvøyi utanfor vart soleis norsk, og skottekongen vaaga ikkje leggja imot. Slik magt hadde Norig i den tidi, segjer P. A. Munch. Ein vert varm um hjarta av aa sjaa dei stader, der forfederne raadde so veldugt.

Munch klagar yver, at det ikkje er svært mange paa dei kantar, som veit, at desse velduge hovdingarne verkeleg var nordmenner. Sambandet med Danmark og det misbruk aa kalla det norske for dansk, narra ogso utlendingen til aa bruka denne nemningi um det, som laag fyre sambandet. Soleis vart tilmed Magnus berrføtt og Haakon Haakonson til danske kongar.

Sumt av det, P. A. Munch nemner her, høver paa skottarne den dag idag. Med hjelp av dei norske kvalfangarar, som nok ikkje sparar paa krutet, naar dei høyrer ordet «dane» istaden for «norwegian», hev i alle fall folk i Tarbert og umkring der nokso godt kjennskap no til norske tilstand. Ein eldre hebridbue sa under ei røda: «Ja, desse øyarne høyrde eingong Norig til, og me er soleis retteleg ættingar av dei gamle nordmenner.» Namnet Lewis (paa nordste luten av dei vestlengste Hebridar) trur skottarne kjem seg fraa den norske tidi. I soga er nemnd Ljoðhus.

Nokre fiskarar der burte, som eg tala med, rekna upp det eine norske stadnamnet etter hitt fraa det ytste Hebridar. Og naar borni i Tarbert syng paa skulen «The Norse national song» (merkeleg nok til same tonen som «Vi ere en nation, vi med» elder «For Norge, kjæmpers fødeland»), daa trur eg i vissa, at dei veit, at desse «norsemen», dei syng um, var ifraa Norig og ikkje ifraa Danmark. Læraren deira visste det kor som er og sende meg det bladet or leseboki, der songen stend. Same songen syng dei og mykje paa Shetand. Han heiter i grunnen «Hardy Norsemen« (Djerve nordmenn).

Enn i maalet der burte? vil dei kanskje spyrja; finst det ikkje det minnste spor etter nordmennerne der? Nei, det kann det nok ikkje vera snakk um, for Hebridarne hev vore keltiske i maalvegen mesto all sin dag.

«The Isles I love best,
lie far in the West,
where men speak the Gaelic tongue»
dvs. Dei øyar, eg likar best,
ligg langt imot vest,
der folk talar gæliskt maal,

syng diktaren.

Dei strider no paa harde livet, nett som i Irland, og vil ha sitt keltiske morsmaal inn i folkeskulen i lag med engelsken, men det gjeng visst ikkje fort. Eg tala med ein ung skotte paa baaten. No, korleis gjeng det med maalstrævet i Høglandi? Aa jau, me skal koma um inkje so braadt, meinte han. Men andre kunde segja, naar eg spurde um gælisken: «Det maalet døyr ut, det er 'kje liv lage.» Maalbladet «Highland News» (Høglands-bladet) kom kvar laurdag, der eg budde, for vertsfolket mitt var fullblods maalstrævarar. Far aat frua i huset kunde ikkje engelsk, og slik var det med flest alle gamle folk. I eit kvasst bladstykke las eg millom anna dette: Det gæliske maal er morsmaalet vaart; det er likso rikt som noko anna maal, og me vil inkje, at det skal gaa under. Morsmaalet vert eit stykke av barnet; det maal, det lærer paa kneet aat mor si, er likso uskiljande som nokon annan part av lekamen. Held dei dette heilagt, er moralen full-greid. Barnet maa fyrst av alt faa grundig upplæring i sitt heimemaal. Ein av diktarane vaare segjer:

Det gæliske maal vil inkje døy, so lenge det finst ein drope vatn att i Atlanteren!»

Eg lærde denne songen av ein lærar, Miss Mc Queen, i Tarbert, og eg, trur, han er rett stava. Ho, som gav meg songen, hadde fenge sylvmedalja av Høgskottar-laget i London for ein stil paa gælisk, den tid ho gjekk paa skulen. Dei var glad i dette diktet, og det var godt kjend, kunde eg skyna. Vika etter eg kom dit, las eg det upp for ein av mannskapet umbord i «Dunara», og mannen vart reint upp i under.

Han og mange med han meinte vel, at «maalet» var so vanskelegt, at ikkje ein framand mann kunde læra det. Songen, som eg prentar av her, syner, at diktaren trur paa ei framtid for heimemaalet sitt.



Sh'e eilean is maisicheadli,
sha pailt an á biadh,
sh'e eilean is ailé,
air do dhealraich a ghrian,
sh'e eilean mo graidh s'e
bha Gailie ann riamh
s'ca n' faIbh, i gu braich as
Gus'n traigh cuan á Sior.
Uttala:

Sje elan is mæsich,
ha pælt an a biög,
sje elan is alje,
ed do jalerich a griön,
sje elan mo grag se
ba Galie aun riöv,
sha4) n' faib i go brach as
Gusn trai koan a Sjir.
Umsett paalag soleis:

Dette øylandet er fagert,
og her er nøgdi med mat,
dette øylandet er det gildaste,
som soli nokosinne skein paa;
det er eit land med stolte minne,
Galie-maalet aatte alltid heime der,
dei vil inkje døy,
fyrr Allanteren turkast upp.

Umfram bibelen saag eg salmebøker, songbøker, grammatikkar, ordbøker m. m. paa gælisk. Paa folkeskulen i Tarbert fær dei litt upplæring i det kvar dag, men det er faae der burte, som kann skriva det. I aaret 1900 var det 300,000 menneskje, som tala skotsk gælisk.

Det er 'kje ulikt til det, at den sterke maalrørsla baade i Irland og Wales kann gjera sitt til aa hjelpa det gamle maalet i Skotland lenger fram. Det hev no fenge godkjenning av riksstyringi, og skulekrinsarne kann sjølve gjera, som dei vil, i maalvegen. Det ser i det heile ut for det, at det høgskotske maallaget arbeider med haade fynd og eldhug for si sak.

Det var tvo kyrkjor i Tarbert. I den eine preika presten berre paa gælisk, og dei bruka gælisk i sundagsskulen, som høyrde denne kyrkja til. I den andre kyrkja var det baade paa engelsk og gælisk. Eg lydde paa messa i kyrkja paa St. Kilda (ei liti øy ute i Atlanterhavet). Kyrkjelyden hadde bibel en paa gælisk uppstege framanfor seg i stolarne. Eg skyna visst like mykje som dei engelsmennerne, sat der. Dei tykte, det var «funny»,5) sa dei.

St. Kilda er nemnd i soga vaar og heiter der Hirtir. Folket paa øyi kallar henne for Hirta. Nordmennerne, hev nok vore der ute og paa ferderne sine vestetter. Dei hev funne norske prydnadsting der i ei grav - eit par sylgjor skapa som ei skaal. Øyi ligg vestanfor dei ytste Hebridar, og ho er yver ei mil umkring. Me gjekk fraa Tarbert (Harris) ved 3-tidi um eftan og var paa St. Kilda paalag 11 um kvelden. Det bur attan-nittan huslyder der ute, umkring 70 menneskje. Det var svært hyggjelegt aa koma inn i hyttorne deira. Dei baud paa mjølk, og eg maatte fortelja deim litt um Norig. Landet vaart hadde dei hug til aa høyra um der burte alle stader - «landet med dei store skogar», som dei sa. Til-aars-komne folk skyna ikkje engelsk, men borni var tolk, for dei lærer engelsk paa skulen. Kyrkja og skulehuset der var ein og same bygnaden: kyrkja um sundagen, skule um yrkedagarne. Han laag nærare sjøen enn sjølve landsbyen. Daa gudstenesta skulde byrja, ringde dei med ei handbjølla, av di kyrkjeklokka - som var ifraa eit skip - hadde broste. Kvinnfolki, eldre og yngre, var klædd i landsbunad med sterke fargar, m. a. eldande raudt. Fleire av dei eldre gjekk i hoseleistom, og dei snøkvite sokkarne fall godt i augo i det friske, grøne graset. Det er 'kje so tidt, framandfolk kjem til St. Kilda, og dei engelsmennerne, som var med, heldt det for eit stort hende, kunde eg skyna, at dei fekk høve til aa koma dit. Ender og gong kjem eit skip ut der med mat, post og ny-hende fraa folk ute i verdi. Millom kvar vitjing av dette skipet gjev øybuarane tidend um, korleis dei hev det. Det gjeng for seg paa det vis, at dei legg meldingi si inn i ei flaska, bind denne ihop med ein trebite, og so let dei nordvesten syta for det andre. Heiltupp 10 av 12 slike flaskepost-tidender skal naa i fastlandet, fortel dei.

Siste vinteren (1911-12) var den hardaste, dei hev røynt der ute i manus minne. Til seint paa vaaren hadde dei ikkje havt samband med utheimen sidan fyrst i desember. Det hadde vore uraad for baaten, som plar koma med post og mat, aa gaa inn under den faarlege strandsida. Han hadde prøvd paa det tvo gonger etter nyttaar, men sjøen var for svær. Øybuerne var no halveges utsvelt. Ein fiskarbaat ifraa Hull var den fyrste, som kom dit, og daa var det syrgjeleg smaatt um mat der. Daa egge-tidi kom, livde dei av egg, for det er ei mengd med sjøfugl paa øyi.

Dei held St. Kilda for aa vera ein med dei mest serskilde stader i heile verdi. Mengdi av dei 70 ibuarar hev aldri set ein bygnad paa ny-maaten, ei gata elder eit tre. Kvinnfolki greider med det tivande jordbruk paa øyi, skjer den torvi, dei brukar til brennefang, og stellar med kyri. Det, dei mest liver av um vinteren, er kjøtet av stor-maaka. I augustk liv alle folk paa øyi upp-aa dei høge, bratte berg for aa taka fugl. Dei saltar deim og brukar deim um vinteren. Walter Scott syng um St. Kilda:

«there the lone sea-bird
makes its wildest cry»
dvs. der sett den einslege sjøfugl i
sitt villaste skrik.

Ein ferdamann fortel, at paa ein dag saag han St. Kilda-folket koma heim med 2000 sjøfugl og store korger fulle av egg. I sume korger var det 400 store egg, i andre 800 av mindre slag.

St. Kilda hev høyrd til huset Dunvegan fraa gamalt.

Den musikken, fjellfolket i Skotland likar best, er sekkjepipa, og den blæs dei ute paa øyarne og. Ein kveld var eg nede paa brygga i Tarbert og saag paa ungguten, som kom att fraa eksisen i Inverness. Baaten var stappende full med folk, og sekkjepiporne gneldra og kvein. Det er mest, som me høyrer ein slaatt paa hardingfela. Naar dei spelar, gjeng dei helst att og fram, strake som ljos, og stend dei still, trør dei takti med foten som ein retteleg norsk spelmann. Ein skotte fortalde meg, at han hadde høyrd 80 piparar i ein gong, og dei var sjølvsagt noko for honom. Dei segjer, at naar det er mange piparar, som spelar, læt det finast, naar ein lyder paa musikken eit stykke undan. Same skotten hadde høyrd 6 piparar i ei kyrkja, og dei marsera i kring heile tidi.

- Ein av kvalfangarane fortalde meg, at han hadde vore med i eit bryllaup der burte. Dei sat kring bordet og heldt kvarandre i henderne, lyfte dei upp og ned og song heile tidi. Eg vart so trøytt i armarne tilslutt, sa han, at kunde mest ikkje rikka dei fraa bordplata. Vertsfrua mi fortalde, at dei ogso slær ring og syng folkesongar, kjærleikssongar o. a. Sume av songarne er gamle og paa ei mengd med vers. Dei hev fyresongar og syng i kor. Dei held paa til langt fram paa morgonsida og turar i tri dagar. Det fall seg ikkje so, at eg fekk vera med i noko bryllaup og sjaa paa denne leiken.

Eg hadde ein altfor stutt tur til dei gamle norske Suderøyarne, men det var svært gildt aa koma dit. Eg ynskjer, at eg kunde faa gjera turen upp atter. Det var hyggjelege og varmhjarta folk der. Sume av dei var so heilt upp norske aa sjaa til, at eg vart reint undrug, naar dei tala til meg paa eit framandt maal.

    Noter:
  1. Tvo fjell paa dei ytste Hebridar hev dette namnet, det eine er 1988 fot høgt.
  2. Rudha, gælisk: nes
  3. Uttala: Skai
  4. h er strupeljod
  5. løglegt
Utdrag (s. 11-39) fra:
Hans Reynolds: I vesterveg, Oslo 1912
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen