Fra: Telerne i den norske her-soga

Gamlekarar og minne

av Hans Reynolds


I farans stund, i stridens brand
hvad mod hos denna skara!
Hur kunde, arma fosterland,
du dock så älskadt vära,
en kärlek få, så skön, så stark,
af dem du närt med bröd af bark!

Runeberg.

Det var kje so lite fram i aari, daa dei kom under torva, mange av deim, som laag ute i 1808 og 1814. Men naar røda kom inn paa minni fraa ufredstidi, hadde dei jamnast mangt og mykje aa fortelja, baade av aalvor og skjemt.

Ole Olsen. Berge fraa Tinn var med som underføra. I Tinn skal det enno vera vaapn, som hev høyrd honom til. Um det er den same hermannen, som det stend um i visa, skal eg lata usagt. Ho luar, slik paa Heddølmaal av T. E:

Ola Bærie

I svenskekrigens daagaar,
dæ va ei ti so vond,
da norske mænn aa svenske
de slos som kat aa hond.
Da te stor skaarn aa skae
saa mykkjy vondt blei gjort;
for vete va for lite,
aa hate va for stort.

Naar svensken drog i felten
mot norsken, saang han saa:
«Hur svenska stålet biter,
kom laat oss pröfva på»
aa norsken strauk mot grænsa
aa skreik: «No æ me her!
Aa me æ komne hit for
aa banke svenskens

Aa saa de for aa figta
omkring i bygd aa by,
de skrøite stort og digta
aa rauk ihop paa ny.
Aa hate, dæ blei støre
aa krigen meire hard.
Du veit d'æ leit aa ruke,
naar du vi vøraa kar.

I Lislehøraa budde
ein onderofficer,
han heite Ola Bærje
aa va ein fegur svær.
Den karen inkje svigta,
men slo for utta frygt
der Bærjeguten sigta,
der sto 'kje fienden trygt.

Aa naar han kommedera
alt paa sit stærke maal,
daa svaaraa berg aa aasar
mæ fæle skrik aa skraal,
saa dyri uti skogen
de flaug som de va brændt;
han skræmde jamvel eingaang
eit fiendtleg riggement.

Ein kvell i afdagsløite
sku Ola Bærje gaa
omkring aa lugte etter,
haat svensken hau fann paa.
Som hab kom te ein aaker,
der rugen sto paa staur,
kom svensken fram fraa skogen
saa tyk som mygg aa maur.

«Sjaa no,» sa Ola Bærje,
«no bli dæ ingen spøk.
Dæ sku no vøraa moro
aa gjøraa dem eit strøk.»
Han tok te kommedere
mæ han bak staurein sto,
aa skrækkleleg han skraala
som gjeit i skrubbeklo.

Daa svensken høirde skriken
aa tek rugstauren
han trudde dæ va norsken,
som vilde no slaa paa
Da skreik han : «Ta mig tusan!
Jag norske djeflar ser:
Nå vill de gå på Svensken
och skjuta honom ner!»

Aa svensken han tok hyven,
aa flaug saa fort aa hedt;
men Ola Bærjes krigskonst,
den spurdes vidt og bredt.
Han fek eit tegn paa bringa.
dæ had'n vel fortent,
som mæ den norske rugen
slo svenskens riggement

For nokre aar sidan vitja eg Tinn, og daa livde det enno i Attraa-bygdi ein mann, Olu Groson (Eggerud). Han var 101½ aar gamall og kunde minnest, at «Tindske kompani» gjekk i krigen. «Dei slo paa tromme og bles paa høn,» sa gamlingen. Tett ovanfor garden Sandven ligg det ein stor stein. Der vart ein av soldatarne, Torkjel Skjæggebrekke, fyrr han drog avstad, vigd til ei Numedals-gjenta, heitte Tore.

Ein bøherring, som var med paa grensa, fortalde, at dei tidt lagde seg etter aa skjota paa offiserarne. Dei sigta daa etter knappane midt i vaapn-kjolen. Ein gamling fraa Nesland i Vinje hadde og ei rispa: Ein svensk offiser - ein fæl tjukking - stabba uppetter ei lid, og dei tok daa mìd paa honom alle ihop. Daa gjorde ein framlegg um, at dei skulde drygja med aa skjota, til han kom heilt upp. Dei bida for lenge, og offiseren kom seg undan i nokre tette buskor. No vart dei vonde paa han, som hadde kome med det gale framlegget, og meinte, at han burde ha eit godt maal juling.

Dei bruka og aa narra motmennerne sine. Dei merka, at fienden nytta stundi til aa skjota, just som nordmennerne kraup upp paa høgderne for aa sigta. Norskane heldt difor huva i vêret paa ein kvist, og naar svensken hadde skote, so kvistarne fauk, fyrte dei av.

Tollef Langedal fraa Uppdalsheia i Bø var med i krigen. Likeins Anund Steinulfshol (ein plass under Tveiten paa Uppdalsheia), Eilef Sommerligrav (plass paa Uppdalsheia) fekk ei kula i leggen. Torbjørn Tolvsen Botten, fødd ved Harpestaa i Bø, var og med. Han flutte seinare til Tjønaasmyra i Lunde. Dei 4 bøherringane var søner aat husmenner og hev venteleg fenge pengar av rikmanns-søner for aa ganga i deira stad.

Anund Steinulfshol kom eingong inn i ei kyrkja, som var full av svenske soldatar, men han vart ikkje forfjamsa. - Han gjekk upp til altaren og skreik: «Huff dere var mannsterke her.» Dermed støytte han byrsa i altaren og marsera ut att, og svensken let honom fara.

Nils Aastul fraa Bø og Per Sagadalen fraa Nes laag ute saman i 1814. Nils fekk ei kula i oksli, men har ikkje mein av det. Han og Per var inne i ei stova og fekk seg mat, og der var det berre kvinnfolk heime. Medan dei sat der, kom svensken braatt paa deim, og Nils og Per gøymde seg bak nokre høysaator. Ein kveld laag dei uppe i ein ospelund og sigta paa fienden. Dei nytta skimten fraa skoti, naar dei brennde laust. Svensken skaut «yver» og langt upp i lidi. Det stupa mange motmenner.

19de mai 1885 vart Ingebret Kristoffersen Kaasa fraa Saude gravlagd paa Nes kyrkjegard, 94 aar gamall. Han vart utkommandera i 1814 og gjorde tenest under kaptein Valdemar Rye. Ei liti stund fyre ufreden hadde han bygsla ein plass, og der vart han verande til sin døyande dag. I dei tri siste aari hadde han 100 kr. aaret i pension.

Kommande-sjersant Gunnerus Olsen Bakkø av Tinn prestegjeld døydde i 1880. Han var daa 86 aar. I 18-aars aldren let han seg kverva og kom paa garnison-skulen i Stavern. Eit halvt aars tid etter vart han kommandera ut, i 1814, og stod som sjersant ved kaptein Jebe sitt kompani i brigaden Arenfeldt. Sidan steig han til kommander-sjersant og tente i 7 aar. Millom Fr.stad og Halden var han med i eit lite slag. Gamlingen kunde vel minnest namni paa offiserarne sine og røda med liv og hug um alle smaating fraa sit hermanns-liv. Han var frisk og tidig paalag 14 dagars tid, fyrr han døydde.

Kommander-sjersant G. Olsen, d. 1880, vart innskriven til hertenest i 1810 og utnemnd til kommander-sjersant ved Hjartdalske kompani i 1813. Som sovoren stod han til 1844. Daa tok han avskil med ei aarleg etterløn paa 28 spd. I dei siste aari vart løni auka til 35 spd. Ti aar fyrr, eller i 1834, fekk han ved ei mynstring paa Graatarmoen av kong Oskar den 1ste, som den tidi var prins, ein aarleg studnad paa 14 spd., av di bataljonschefen var sers nøgd med honom. I 1814 var han med ved grensa. Han fekk nytt liv, naar han rødde um dette.

I ei skildring um Lunde-herad av Knut O. Mæland er det nemnd fleire gamlekarar:
Gunnar Saga ved Tveiten var med ved Toverud i Urskog paa Romerike. Dei svenske kulor «gjekk yver», fortalde han, so taket paa bygningi vart sundskote. Daa «musjonen» traut for fienden, gjorde han signal, at han vilde gjeva seg. Men dei norske skyna ikkje dette og heldt paa, for føraren deira var ein rædd-hare og hadde krope ned i kjellaren. Den svenske herføraren kom daa fram til garden og spurde etter den øvste føraren. Tvo mann laut daa draga honom fram or gøymsla si, so han kunde taka imot fangarne. Daa dei saag etter um morgonen, laag det millom andre avlidne ein svensk offiser. Han hadde fenge 5 kulor, og det var mykje blod utyver snøen. - Gunnar Saga vart ein gamall mann.

Isak Traskjær (Lunde) laag au «ute» i desse hard-aari. Eingong vilde kapteinen gaa ikring og røkja etter. Men det var ikkje so endefram. Svenskarne var nær ved, og dei norske hadde tidt røynt, at dei var sers huga paa offiserarne. Kapteinen gjekk difor burt til Isak og bad han byta klæde med seg. Det gjorde dei og, og kapteinen gjekk. Men daa Isak fekk kapteinsbunaden paa, vart han ikkje lite kry. Han klauv upp paa eit gjerde strakst ved, so dei andre og kunde faa sjaa honom i den fine hamen. Det drygde likevel ikkje lenge, fyrr svenskarne helsa denne «kapteinen», som gilda seg soleis, med kanonsalut. Denne gongen gjekk det under, med di ei kula knasa gjerdet under føterne hans. Som han no laag der paa marki og sprala og billte seg inn, at dei hadde raaka honom, ropa han i daudar-angest: «Jens Hedemark! Jens Hedemark! Men, sjælerøktaren, som var prest i Bø og Lunde sokn, langt undan slagmarki, kom ikkje. Og det var 'kje nokon trong for det hell. Daa kapteinen kom attende, lest Isak, som inkje var. Han lika elles ikkje krigen og sagde: «Var eg konge, skulde det nok verta fred.»

Torbjørn Tolvsøn Tjønaasmyraa.1) Han var fødd paa Roheim-heia i Bø 1791 og døypt i Gaala kyrkja i same bygdi. Endaa han ikkje var med i noko større slag, høyrde han likevel til deim, som vaaga livet for fedralandet og leid mykje vondt. Eingon hadde han nær vorte skoten. Ei kula gjekk igjenom huva hans, men hovudet gjekk fri. Han vart kapral og kalla seg Berg, venteleg etter Forberget. Der budde han ei tid. Etter ufreden gifte han seg og bygsla plassen Tjønaasmyra i Lunde. Her budde han sidan. Han bar seg alltid godt og var ein mynster-mann, reinsleg og skipsam. Etter søknad gav stortinget honom 100 kr. aarleg i æreløn, paa gamle dagar. Dette gjorde mykje til, at livskvelden hans vart ljosare og vænare. Han døydde i februar 1884 og var daa nærpaa 93 aar gamall. Heilt til det siste var han frisk og fjørug og ved full samling. Naar nokon snudde tala inn paa militære saker og eksis, kunde det nok henda, at gamlingen spratt upp og synte, korleis dei tok det med sovorne ting i gamle dagar.

Gannar Høidalen. Han var fraa fyrsto fraa Drangedal, men budde sistpaa i mange aar hjaa maagen sin paa Røisland i Lunde. Han var og med i krigen, men noko serleg um dette er det ikkje aa segja. Det er sagte fortald, at daa han eingong under ei vaapn-kvild fekk sjaa ein svenske eit stykke undan, kom det paa honom slik ein lyst til aa prøva byrsa si, at han ikkje kunde raada med det. Han sigta og fyrte av. For dette hadde han nær kome i klemba. Korsom er, var det ein framifraa glup skyttar. Han er serleg vidkjend som ein av dei djervaste bjørnskyttarane i landet. Han drap meir enn 50 bjørner. Eingong skaut han ihel ein bjørn med ei jarpeladning. Fæla for skogkongen kjende han lite til. Han var attaat det ein uvanleg rask skiløypar. Paa sine gamle dagar fortalde han gjerne um storverki sine, og det var yverlag gildt aa lyda paa honom. Han hadde ei god helsa og var ein sterk og vitug kar. Han døydde i 1883, vel 90 aar gamall.

Olav Hovland. Olav heitte ein mann, som budde paa Hovland i Lunde. Han «laag ute» i mange aar og sleit mykje vondt. Kona hans heite Barbro. Seint ein jolekveld kom det ein framandkar til gards. Det var ein midalders mann med langt skjegg, skrinn og forkomen. Han halla seg ned paa ei stund i den gamle kubbestolen, medan tyriflammen fra peisen Iyste og vermde.
«Kann eg faa hus her?» spurde han.
«Nei,» svara Barbro, «øvrigheiti hev no strengleg forbjode aa hysa framande ferdafolk, og ikkje er det raadleg for oss aa trassast med dette forbodet.»
Den framande heldt paa med aa naudbeda, men det var ingi raad med det. Endeleg sagde han, kven han var. Barbro sette i og gret av berre gleda. Daa hadde han «lege ute» i heile attan aar, so det var ikkje so underlegt, at ho ikkje drog kjensl paa honom.

Um ein soneson av Torgrim Nisi i Gransherad, heitte Jon, høyrer me, at han var ute som hermann i 17 aar under «den store nordiske krig.»

Lars Mikkelsen Qvelle, som var kommandersjersant, døydde i 1883, 94 aar gamall og vart gravlagd i Hedrurn. Han stod i «Telemarkske jægerkorps». l 1808 laag han i garnison i Stavern, tente i 1814 under major Budde og var med i striden ved Kjølberg bru.

Halvor Sauraa fraa Hovin ropa ofte i krigen «Ta te knivan, gutar!» Han vart saara og sa seinare i gjestebod, naar dei ikkje vyrde honom nok: «Dere agtar meg inkje, som di bør, for eg ha stai fe kugler og krut.»

Fanjuker Johan Abrahamsen Myhre døydde i 1880, paa lag 89 aar gamall. Han vart sett til sjersant ved Teleregimentet i mars 1813 og sidan flutt til Ekerske kompani av Numedalske korps i 1818. I 1834 vart han utnemnd til fanjunker ved Vaalerske kompani av same korpset. So vidt ein veit, var ikkje Myhre med andre stader enn ved Onstadsund 9de august 1814. Men gamlingen fortalde tidt, naar hugen leika paa minne fraa krigsaari, at han vinteren 1813 fekk order til som snøggbod aa føra eit vigtugt sendebrev fraa Larvik til kommandanten paa Akershus. Han hadde strengt paabod um aa rida natt og dag utan anna stans enn aa skifta hestar. Han var tri samdøgr paa vegen og kom til Oslo um natti. Her fann han kommandanten liggjande med vottar paa henderne, avdi vinteren det aaret skulde ha vore uhorveleg kald. Fanjunker Myhre var godt lika i bygdi si, og kvar ein saag upp til honom med vyrdnad, naar gamlingen paa høgtidsdagane møtte fram i kyrkja i uniform. Ein av sønerne hans var med som friviljug i den dansk-tyske ufreden 1864.

I Lisleherad i Hitterdal livde i 1880 ein gamlekar fraa 1814, heitte Nils Tobiassen Skia. Han var fødd paa plassen Brenna under Yli i Hitterdal og vart utkommandera i februar 1814. Han tente i kompaniet Bamble som nr. 13 under kaptein Reinhard og løytnant Cloumann. Skia var med i ei slaasting paa Kraakrøya ved Fr.stad, dessutan i bardagen ved Kjølberg bru.

Gamlekar Frants Fossum, d. 1879, var fødd paa garden Glysmyr i Gjerpen. Han naadde ein alder av 93 aar og var frisk og ferdug til det siste.

Aslak Lomekilen fraa Fyresdal laag ute i 1814, men var ikke med i noko slag. Han døydde 97 aar gamall.

Den eldste mann i Porsgrunn i 1900 var Gjert Halvorsen, «gamle Gjert», dei kalla. Han hadde tent i Stavern i 5 aar i «sølatesten»,2) som han sa. Gamlingen fortalde meg, at far hans var med paa grensa i 1814 i Tele-regimentet. Faren var fraa Gjerpen. Han hadde tidt røda for borni sine um kor fillute og svoltne soldatarne var, og kor vondt dei sleit. Og han hadde visst rett i dette, endaa um ein og annan gamlekaren kann ha smurd tjukt paa. Ein av vaapn-brørne hans, som stod i jægerkoret, sa, at dei fekk «6 pund brød til 5 dagar; dette brødet var paa form som ein murstein, og det var ikkje halvsteikt eingong.3) «Dertil fekk me,» fortalde han, «2 eller 3 pund rundtorsk, som var so ul,4) so ei mus makeleg kunde ganga millom rygbeinet og fisken; me kunde ikkje svelgja denne turre torsken, utan me hadde vatn til. Annankvar løningsdag (løningsdag var femtekvar dag) fekk me attpaa 3 graabeinsildar, som var baade gule og stive, so det var nok ikkje fritt dei var ein grand rotne, og daa fekk me og 6 pottor havremjøl. Meir fekk me ikkje korkje no eller fyrr paa sumaren. Me hadde 4 kjelar til 180 mann, medan det skulde vore berre 4 mann um kvar kjel, - so godt sytte offiserarne for oss i dei sju aari me var ute. Sidan me ikkje kunde faa koka i kjelar, faan me paa aa laga næverskrukkor, og i dem koka me havremjølskleppar5) og vatn.» Han og ein mann til lista seg burt fraa lægret til ein gard tett attmed. «Der fekk me kjøpt oss eit halvt pund smør, litevetta sild og ein grand brennevin. Um natti kom det order til oss, at me skulde draga til Rakkestad, og me rende daa dette smøret ned paa feltflaskorne vaare. Burtimot Bakkeslad, daa me skulde kvila og vilde styrkja oss med smøret og sildi, merka me, at me kunde ikkje sona denne kosten; me kasta honom upp likso snart som me svelgde honom. Ein av kammeratarne vaare hadde litevetta kumpe (kumla)6) i næverskrukka si, og daa me fekk eit lite stykkje av den, kunde me halda paa smøret og sildi.» Daa dei kom til Grønsund, var dei saa utsvoltne, so mange vart sjuke, avdi dei tolde ikkje eta seg mette. Heile tidi hadde dei lege ute um næterne. «Det er fælt so vyrdlaus ein vert med slikt eit liv,» sa han. «I Rakkestad var me ovende trøytte og tyrste, og der fann me ei kjelda, som det stod nokre silingsbyttor kringum. Vatnet i kjelda var fullt av rumpetroll; men me slukte med største lyst baade vatnet og paddorne, - berre me kunde vera so hepne aa faa tak i det; eg for meg fekk berre tvo slurkar, og var glad for det.»

Ein gamall Porsgrunnsmann Torjus Nielssen Kjendalen, - han var fødd i Solum prestegjeld 1799 og døydde daa han var 92 aar - tente i 10 aar i Eidangerske kompani av «Telemarkske jægerkorps», («det grønne jægerkorps», som han sjølv kalla det). Torjus kunde mange morosame soldater-rispor fraa den gamle steinbrakka i Stavern. Og det var reint graateleg aa høyra Torjus fortelja um hardaaret i 1812, skriv skuleinspektør Joh. Henr. Knudsen i Porsgrunnsbladet «Grenmar». Braudet var dyrt i dei dagar. Som me veit, kom frosten tidleg og øydelagde kornhausten. Paa mange stader, fortalde Torjus, sette dei kornstaurarne ved omnen og tina kornet, so dei kunde nytta noko av det. I braud-utsali kring um i byen fekk dei berre kjøpt eit og i høgsto tvo braud kvar um dagen. «Men landsfolket visste raad,» sa Torjus, «dei skifte klæde og gjorde seg ukjende, og so gjekk dei nok ein gong um dagen til byen og fekk paa denne maaten meire braud.»

Tidt og jamt i den tidi labba Torjus same vegen med mjølbytta og fekk etter mykje strev kjøpt litt mjøl; dette vart blanda og drygd paa beste vis.

Meinig Thor Knudsen Lien, utkommandera i 1808, vart innsett paa kanonbaat-flòten og var med i fleire smaaslag. Han vart aldri trøytt av aa røda um alt det, han hadde røynt under ufreden.7)

Lars Hansen, Breivik, høyrde til strandvernet. Han arbeidde seinare paa ein verv i same byen. Ved ein fest eingong for arbeidarane ved verven takka Hansen for seg og kammeratarne. Dei hadde fenge mykje og god mat ikveld, sa han, som smaka uvanleg godt. Men han kunde minnest noko, som hadde smaka honom endaa betre. Det var ute paa Risøya i krigsaari. I eit bryggjarhus stod det matslumpar (potet-skal og sovore) i ei bytta, og dei kom vel med.

Arnold Bentsen, daaen 1880, 91 aar gamall. I krigsaari 1812-14 førde han smaabaatar og gjorde 3 reiser etter kornvaror for heimstaden sin, daa den var i naud. Paa desse turane sleit han mykje vondt, engelsmennerne var etter honom fleire gonger, men han gjekk klar og kom altid lukkeleg og vel fram med si dyre last. I 1851 vart han los-oldermann og innrullerings-assistent i Kraakrøy. Ein av sønerne hans var stortingsmann H. Bentsen.

Markus Monrad heitte ein ung sjømann fraa Skien. Han hadde uviljande kome umbord i eit engelsk herskip «Fury». Med dette foor han i 4 aar, fyrr ufreden tok til. Hausten 1807 laag dette skipet under Skagen og tok lier ein norsk galias, som fragta pipe-stav og salt fraa Norig til Jylland og skulde heimetter med kornvaror. Umbord paa galiasen var skipperen og son hans, dertil ein reisande og 3 mann til. Dei tri fyrste laut umbord i orlogsmannen, men 4 engelske under løytnant Lonsprang (millom deim var Markus Monrad) vart sett umbord i galiasen og skulde styra han til England i kjølfatet paa orlogsmannen. Nokre dagar etter fekk dei storm. Daa tok Markus Mortrad og heiv pistolarne aat løytnanten paa sjøen. Etterpaa, slog han ein engelsk matros yver foterne med ein hand-spak og truga løytnanten til aa fortelja honom, kvarhelst kosen var til Norig. So kasta han løytnanten ned i kahytti og læste ho att for honom og ein av matrosarne. Han var so heppen aa koma inn til Breivik med galiasen. For denne daadi fekk han ei medalja, som dei gav honom paa eit ting i Skien.

Toll-rorskar Jens Johnsen, Porsgrunn, som døydde i 1879 90½ aar gamall, sat fanga 5½ aar i Chatam i England.

Gunnar Osmundsen.8) Han var fødd paa plassen Berge i Skafsaa 1784 og vart utskriven som hermann i 1808. Han høyrde til 1ste Vestfjeldske kompani (legd-nr. 79) og tente i 8½ aar. Den 31te juli 1816 vart han gjeve heimlov.

I krigsaari laag han mykje i Stavern og ei tid burte ved grensa. Han var med i slag, men vart ikkje saara; sidemannen stupa, og fleire fekk kulor gjenom hatten. Sume gøymde seg i halmhaugar. Det gjekk kvasst til, Ein gong var Gunnar ute aaleine. Daa kom ein liten svensk flokk Han stod inne i nokre buskor og sende eit skot etter flokken. Daa sprang dei mot Gunnar. Han ladde flinte-byrsa paa nytt; men daa kom dei paa fleire kantar. Daa lagde han paa spranget og det so fort, at skorne flaug av føterne.

Dei spurde honom, um han hadde skote mange i krigen? Nei, han trudde ikkje det, men han tenkte, at ein mann hadde falle for kulorne hans. - Daa Gunnar lang ute, sat Anne, kona hans, heime paa «Hagen» (ved Bandakslid) med 2 born og svalt og leid vondt. Det var lite med mat, so dei maatte bruka almebork og mose til hjelp for aa livberga seg. Eit aar, han laag ute, fekk han 1 skjeppa (18 pottor) med korn og sende heim til kona. Det var det einaste, ho hadde umfram mjøl og fisk. Daa ufreden var slutt, kom Gunnar heimatt. I 1839 kjøpte han Haugestøyl i Høidalsmo. Han hadde ei uvanleg god helse. Hadde ikkje vore sjuk i heile sitt liv. Daa han var 70 aar, hadde han so gode tenner, at han kunde bera ei malm-takka i munnen lange stykke. Han var ikkje mykje høg, men rund yver brjostet og rett i ryggen. Paa sine gamle dagar sat han framme i benkje-kraai um kveldarne og fortalde fraa sine unge aar, fraa krigsaari og um ferderne sine. Han hadde godt minne og var flink til aa fortelja; men no er mest alt gløymd. «Hadde eg samla alt det, han fortalde,» sa ein eldre mann, «so kunde det ha vorte ei stor bok.»

I 1874 døydde han. Paa den vesle kyrkjegarden i Høidalsmo stend 2 malm-krossar jamsides. Dei er til minne um Gunnar og Anne. Dei tvo saman rudde ein liten flekk av vaart land, og han var med aa slaa ring um det, daa framand hand vilde tyna det.

Jon Torkelsen Gjemsø. Um denne gamle-karen hev sanitets-kaptein Aug. Koren eit forvitnelegt stykke i «Underofficersbladet» for 1882. Jon Torkelsen vart eg kjend med, fortel han, under unggut-skulen paa Graatarmoen i 1880. Han budde ikkje langt undan moen, og det var difor ofte raad til aa koma burt til gamlingen, sitja attmed sengi hans og lyda paa, naar han fortalde um hendingarne fraa ufredsaari. Aldren hadde teke paa likamen hans, men han var aandsfrisk og greid elles.

Jon var fødd paa garden Lien i Gjerpen prestegjeld 1791 og vart kommandera ut i 1813. Den 1ste april marsera han avstad fraa torget i Skien ihop med 50 andre utkommandera. Dei gjekk ned vestsida av Skienselvi til Porsgrunn, sette her yver ferjestaden til austsida og gjekk i veg att paa austsida nedyver til Breivik. Herifraa drog dei paa baat til Helgeroi. Der raaka dei kaptein Breda, vart innkvartera paa Melhoug og fekk fyrste løningi si. Neste dag fraa Melhoug yver Larvik til Fyllpaa. 3dje dag Horten, Moss, Raade. 5te dag til Halden, og her vart Jon sett ved 8de musketer-kompani under major Hals. Fyrst i februar 1814 vart han kommandera med kaptein Myhres kompani til Fr.stad. Her laag dei til ut paa sumaren. Daa fekk dei order til aa gaa yver Moss og Horten til Tunsberg, og her mynstra dei for major Meylænder. Daa dei hadde vore der i 7 vikor, vart dei kommandera attende yver Horten til Moss. Her skulde dei etter avgjerdi ha kvild natti yver; men dei var berre so vidt ilandkome, daa dei vart sende vidare, og alt same natti raaka dei frami fienden ved Kjølberg bru. Vegen gjekk sume stader gjenom skogen, og fulane song den natti, fortalde Jon, vænare, enn han noko sinn hadde høyrt. Daa dei kom burtimot Kjølberg bru, vart dei paa timen sende ut i lina til høgre og foor fram mot elvekanten. Dei saag no fienden millom tre-i paa hi sida. Han var mannsterk. Fyrste skotet fraa dei norske small kl. 1 um natti. Kvar mann hadde 60 skarpe patronor; daa striden var slutt kl. 11 næste morgon, hadde Jon berre 3-4 att. Nordmennerne hadde køyrd upp 2 kanonor paa landsvegen paa vestsida av elvi. Med deim skaut dei utyver heile brui og hindra fienden, so han ikkje kom yver henne. Daa svenskarne ikkje kunde trengja seg fram yver brui, sende dei ein styrke sudetter. Ei halv mil lenger nede reiv denne styrken ned eit par laavehus, gjorde flòtar av deim og kom yver elvi. Soleis kom dei uventa og braadt paa baken aat nordmennerne. Dei norske rnaatte draga seg undan i brennhast, og fienden sette hardt paa med hauking, skrik og skjoting. Det var ei stutt luka att, som nordmennerne kunde sleppa fram igjenom; dei nytta dette høvet og hadde seg attende ½ mil til garden Isingbo. Dei svenske stogga paa garden Ormen. Her laag no baae mot-partarne midt fyre kvarandre fraa sundag til onsdag; daa drog nordmennerne av og gjekk til Karlshus. Her mynstra dei for general Arenfeldt; derifraa til Soon, og her vart dei liggjande, til dei mynstra for Karl Johan. Han gav kvar mann 8 skilling banko.

Jon stod som hermann til 1818. I 1834 kom han i tenest hjaa godseigar Cappelen paa Gjemsø kloster, og her vart han verande resten av sitt liv.9)

Hertenesta var streng gamle dagar, fortalde Jon. Lite mat, liti løn og eksis og marsering stødt og stendigt. «Eg vart til slutt so grann kring livet, at eg kunde spanna ikring det med mine tvo hender, men so kunde eg au springa ei norsk mil utan aa verta sveitt eller andpusten.» Ei liti misferd vart refsa hardt. Mange gonger maatte han hjelpa ved spissrot straffing, og han tykte, at soldatarne fekk for stor straff for smaae misgjerder. Han prisa di for mildskapen no til dags.

Alt er her fortald, nett so som gamlingen sa det. Koren nemner, at han ikkje kann segja, um Jon hadde skyna slaget ved Kjølberg bru. Ein simpel soldat hev, legg han til, ikkje so leit for aa faa yversyn yver eit slag.

Det saag ut til, at Jon ikkje hadde lang tidi att. Skulde ein gjera æra paa gamlingen, var det ikkje verdt aa drygja for lenge. Offiserarne i unggut-skulen vart difor samde um aa leggja ihop til ei liti ære-gaava aat gamlekaren. Daa underoffiserarne, fekk vita dette, vilde dei vera med dei og. Det vart daa tinga tvo store, fullvettuge matskeidor av sylv med vænt greve innskrift: «Til veteranen Jon Torkelsen Gjemsø fra officererne» (paa den andre: underofficererne) paa Graatenmoen i rekrutskolen 1880».

Jonsok-dagen ut paa eftan reid chefen for Telemarkens bataljon, oberstløytnant Blichfeldt, i fram-enden for baae unggut-kompani ut til gamlingen sin bustad. Jon sat i ein kubbestol utanfor døri. Oberstløytnanten heldt ein tale, som alle lika godt. Han flidde gamlingen æregaava og bad folk ropa eit trifeldt hurra for honom. Dette var unggutarne med paa av all si magt. Gamlingen freista aa stama fram ei takk. Det veit eg, segjer Koren (som hev skrive dette stykket), og eg høyrde han tidt sagde det sidan, at «han tykte, han vart heidra som aldri fyrr.»

Jon døydde um vaaren 1881 90½ aar gamall

I Skiens-bladet «Varden» for 5te juli 1880 stend dette:

Til officerer og underofficerer
ved Telemarkens bataljon!

Det er mig en kjær pligt at aflægge min hjertelige tak. Aarsagen til den mod mig udviste, uventede erkjendtlighed og godhed var væsentlig den, at jeg, som født den 22de novbr. 1791, var en af de sidste gjenlevende, der deltog i krigen mod Sverige. Som en liden erindring fra felttoget skal jeg blot berette, at jeg i træfningen ved Kjølberg bro fik min felthue gjennemskudt af en geværkugle, uden at jeg dog selv led nogen skade derved, ja, jeg vidste ikke engang af det, før min sidekammerat gjorde mig opmerksom derpaa. En dyb og hjertelig tak til officerer og menige af Telemarkens bataljon.

Skogen pr. Gjemsø Kloster, i Solum,
29de juni 1880.


Ærb. John Torkildsen

Gamle Jon.

Mot Norigs land og fana tru,
te gje' sitt liv parat,
var musketér ved Kjølberg bru,
daa tente han soldat;
kor kula gjenom skogen kvein
den sumarnatti long,
so fuglen stokk og flaug fraa grein,
han mintest mang-ein gong.

Og naar du inn i stova keik,
daa vart det sol og vaar,
han skratta høgt og var 'kje veik,
trass snart dei nitti aar;
og truleg at kvar liten gut
mot «Gamle Jon» var blid,
han leid daa for vaar fridom sut
- soldat fraa siste strid!

Trast fram-med skogen, stutt ifraa,
der møtte fram paa mo'n
fraa Telemork ei lina blaa
- hans gamle bataljon!
Og kvar den ljose sumarkveld
han høyrde trumma gjekk,
daa brann han stundom som ein eld,
sin ungdom att han fekk

Han saag ei vakt ved grensa staa,
som vanta mesto alt,
men viljug gjekk mot fienden paa,
kor mykje enn ho svalt;
eit folmod stort, ein offerhug,
ein vilje hjaa kvar mann
og kvasse glimt av norrøn dug,
ein kjærleik, djup og sann!

Det var ein fager jonsok-kveld
med ang av lauv og blom,
daa klang eit horn fraa fjell til fjell
- det var so kjend ein ljom!
Den gamle, stør i lend og legg,
um snart 'kje meire tess,
paa krakken utmed stovevegg
fann stillt sin vande sess.

Det høyrdest tonar daa og daa ...
og vart so tungt eit trakk:
mot stova gjekk «rekrutten» paa
- det galdt aat Jon ei takk!
Del kom med faste fotaslag
og byrsa stødt i arm,
for Jon det vart ein fagna-dag,
og hjarta slog i barm,

Men chefen fram paa lina rid,
han aalvorsam ser ut -
han minner urn den tunge tid,
daa varden brann fraa nut:
«Me møtte med ein svolten her,
som slost forutan kny,
ei8)t hurra aat den gamle der,
han stod for krut og bly!»

Og trifeldt hurra mot han lét,
so fjelli klaart gav svar,
um gamle Jon just inkje gret,
so nær det lei han var;
et taara blank i augnekraa,
jaja - det er si sak
for kvite haar slik vyrdnad faa
av ungdom raust og rak.

Og soli seig bak skog i vest
med siste gyllte rand,
paa moen var det leik og fest,
og jonsok-baali brann;
den unge verja um vaart flag
var full av eid og von,
og høgt det lét i samla lag:
«Hurra for gamle Jon!»

Um no eit og anna ungdomslaget i Telefylket sette ein minnestein, der som gamlekararne sov under torva? Eller gjekk dit med ein krans paa fridomsdagen? Vilde ikkje det og setja kveik i folk og eggja ungdomen til aa syna manndom og truskap, so som dei gamle gjorde?

    Noter:
  1. Fyrr nemd millom gamlekarar fraa Bø.
  2. Soldatesken: hermagti.
  3. «Minne fraa ufreden i 1814», Halvdan Koht i «Syn og segn».
  4. Roten.
  5. Klepp = klumpar.
  6. Ball (av mjøl og potetor).
  7. Kraakrøy-bladet «Vestmar» 1882.
  8. Det var ein skyldingen hans, Gunnar Haugestøyl, som fortalde meg dette.
  9. Ein gamlekar i Bø, «Tambur nr.11», kjende godt Jon «Skauen», som dei kalla honom. «Han var beste slaatte-karen hjaa Cappelen og ein staut og strak kar» sa tamburen.
Utdrag (s. 140-165) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen