Fra: Telerne i den norske her-soga

1814

av Hans Reynolds

Lad Norges faner flyve frem!
Som Noreres mænd vi følge, dem,
og slaae

Claus Frimann.


Tør da den, som alle pligter krænker,
trhe Hakons børa med slavekænker?
Gamle norske løve slumrer du?

(«Tiden» 16. oktbr. 1813).

Den aand, som fyllte det norske folk i 1808, var den same no, daa det paany saag myrkt og vonlanst ut. Folk gret høgt i ei av bygdekyrkjorne vaare, daa presten sette fingrane i vêret uppe paa preikestolen og las eidsformularen. Han maatte lesa han upp tri vendor. Presten gret sjølv, og kvende og born sette ut av kyrkja, av di dei ikkje tolde aa lyda paa. Bønderne stod aalvorsame med upprette hender heile tidi,- dei sagde eiden: «liv og blod for det dyre fedraland!» so det dunde i den gamle steinkyrkja, og dei høyrde duren av folkemugen heilt ut paa kyrkjegarden. Salmen ljoma under kvelven, og dei song av inste hjarta:1)

«For Dig, som skuer fjern og nær,
Alvidende! vi stande her,
det frie Norges Sønner!
Du hørte Edens høie Ord;
Du saa vort Hjerte, da vi svor:
du straffer og du lønner!
Styrk du hver Mand
    til at stride,
    virke, lide,
    Ufortrøden
Dig og Norge tro til Døden.»

So snart bodstikka gjekk, strøymde ungdomen stridshuga under fanorne.2) Av Teleregimentet vart tvo feltbataljonar paa umkring 1750 mann sende til Glaama.3) Kvar bataljon var paa 5 feltkompani eller divisionar, dei kalla. Dertil nokre smaa regimentskanonor eller «amysetter». Resten av telerne var i Tunsberg og Stavern i brigaden Meylænder. Løytnantarne Schleppegrell og Rye førde jæger-divisionarne ved dei tvo felt- (line) bataljonar. 1ste marserande feltbataljon av Teleregimentet (4 divisionar og jægerdivisionen Schleppegrell) gjekk 19de februar 1814 inn i det tilviste kvarter i Raade sokn i Smaaleni. Bataljonen hadde daa ialt bruk for 59 hestar til foring, kanonor, kardus- og patron-kjerror. Det var ikkje so lettvint aa koma fram i den tidi som no til dags. I eit skriv fraa løytnant Schleppegrell, dagsett Horten 14. febr. 1814, segjer han: «Da jeg med jægerdivisionen af Telemarkske infanteri-regiments 1ste feltbataljon formedelst drivis ikke kunde passere Horten, men omtrent paa halvveien maatte vende tilbage, og det desuden udtaltes, at Horten i flere dage kunde vedblive at være upassabel, saa agter jeg at tiltræde marschen over Christiania - -.» Dette gjorde han vist og. Den 12te mars kom tvo divisionar av Telemarkske feltbataljon til Fr.stad festning.

Telerne vart elles spreidde kringum paa skansar og vigtuge stelle langs med havstrandi. Paa Slevik batteri i Onsøy (sunnanfor Hankøy), 1½ mil fraa Fr.stad, laag 3 underoffiserar og 33 mann av «Telemarkske».4) Batteriet ved Larkollen fekk eit mannskap paa 1 løytnant, 1 underoff., 1 tambur og 24 mann «Telemark», og Værla batteri ved Moss hadde 1 underoff. og 16 mann av same herflokken. Vallø saltverk hadde 2 underoff., 1 tambur og 50 mann «Telemark». Sekondløytnant Helgesen fekk 22. mai paalegg um aa gaa til Kvaløyarne med 4 underoff., 1 halvmaane-blaasar og 95 jægerar. Her laag i alle fall 50 telemarkske jægerar under Helgesen, og dei gjekk seinare iland i Torsøykilen og slog seg ihop med jægerdivisionen «Telemark», førd av premierløytnant Schleppegrell. Kongen hadde, maa vita, som tilstandet var, funne, at det var beint fram naudturvelegt aa gjeva upp forsvaret av Kvaløyarne.

I juni var det tri kanonjollor fast ved Jomfruland. Dette var eit vigtugt stelle for strandvernet. Av jollorne kjenner me att fraa 1808 namni: «Jacob Cudrio» og «Gregorius Dagsøn». Dei høyrde no til «Jomfrulandsdivisionen».

Soldatarne, som laag ute i 1814, hadde det ikkje betre enn dei i siste herferdi, korkje med klæde eller mat. Dei maatte tilmed taka med seg eigne klæde, so dei slapp aa gaa nakne og fillute i tenesta.

Fraa fyrstningi av 1814 var so godt som heile heren vaar innkalla til tenest. Mergen av svenskeheren laag daa - og alt til midsumars tid - i Tyskland og stridde mot Napoleon, Inkallingi var difor uturvande. Det var dyrtid og armods-aar yver heile landet, og heren tærde alt for mykje paa dei skrale forraads-husi vaare. Dei var mesta tome. Soldatarne fekk i 3 dagar av 5 havre istadenfor braud. Det var av di, me maatte spara paa bygg og erter og gryn. Av havre hadde dei etter maaten mykje, for det vart innkalla lite hestfolk i 1808.

Ein kunnig offiser meiner, at mannskapet skulde havt drjugare kost, som flesk, erter, gryn og dilikt. Den havren, som dei hadde i skreppa, skulde ein heller ha gjeve hesten. Havren maatte soldatarne sjølv faa mala og baka, for heren hadde ikkje nok felt-omner. Dei knuste havren so godt, dei vann, og koka velling av honom. Sild og turrfisk fekk dei som oftast i staden for kjøt og flesk, og turrfisken aat dei gjerne raa under marsen. Mange av soldatarne maatte dei til slutt bera, so veike og utsvoltne var dei. Det strøymde gaavor inn fraa alle landsluterne, nett som i 1808. Utpaa hausten maatte dei skjera dei mogne aakrarne, so ikkje hestarne skulde døy av svolt.

Herfolket møtte eldhuga fram og var budd paa krig. Mange hadde teke skier med (januar 1814), og i heren hadde dei «ski-sledar» for kanonor.

Folkevæpningi - ihopsett av «mannhusingar», som dei kalla det friviljuge mannskapet - hadde i 1814 til kjenne-merke graa kokarda med grøn kant. Innan distriktet til 1ste nationale bataljon av Teleregimentet talde folkevæpningi ialt 2130 mann. Av dei var det i:
Eidanger hovudsokn 69 mann, Slemdal anneksa 121, Kvelle do. 125, Hvarnes 65, Gjerpen hovudsokn 490, Saude do. med Nes anneksa 380, Hitterdal h.sokn med Lisleherad ann. 218, Gransherad ann. 93, Sauland do. 115, Tuddal do. 64, Hjartdal h.sokn 113, Aamotsdal ann. 93, Flatdal do. 81, Seljord h.sokn. 103 mann.

I Bøherad hovudsokn var legderne deilt til fleire kompani, og Bø vart difor sett under kommando av kaptein Høyum.5)

I fleire bygder vanta det byrsor og heile styrken maatte hava skjot-varor og flintesteinar. Dei trengde i minsto 15 til 30 skot og 3 stk. flintor pr. mann. Aalmugen ynskte helst bly for sjølv aa kunne støypa kulor til riflepiporne, som var ulike. Fekk dei skarpe patronor, vilde dei gjerne ha lov til aa støypa umatt kulorne. Folkevæpningi i 3dje bataljons-distrikt av Teleregimentet for dei 5 kompani av same bataljon: Sandeske kompani, Lardalske, Kongsbergske, Ekerske og Numedalske komp. talde ialt 2368 mann. Sume av mannskapet fekk spjot og øksar. Spjoti vart mange stader laga av plogaasar, og av ein ljaa gjorde dei ei verja med 3 alen langt skjefte, «hvilket instrument», segjer chefen for ein tropp mannhusingar, «efter undertegnedes formening er et frygteligt vaaben, da det baade kan bruges som bajonet og som hugvaaben.»

Kaptein Høyum melder fraa Skien: Av nedre Telemarkske- Bamleske- og Nedenæske kompanidistrikt hev det skrive seg i folkevæpningi: Fraa Holla, Helgen og Romnes 240, Bø og Lunde 330, Solum og Mælum 133, Sannikedal 79, Drangedal og Tørdal 240, Bamle 300 og Langesund 76, ialt 1398. Og kaptein Breda (Tel. reg.) skriv saman med ei melding um styrken i distriktet sitt: «Elles kann eg med sann gleda segja, at huglaget i det store og heile i kvart einaste sokn er framifraa godt.» Folket bad um krut og bly og var reidug til aa møta fram paa kva for eit stelle i amtet eller andre stader enn dette.

Kor offerhuga folket var i 1814, syner og dette:6) Lensmannen i ei av bygderne vaare mana etter gudstenesti «mannhusingarne», dei kalla (folk som var etla til aa verna um heimen sin) til aa væpna seg og gaa til heren. Men daa det ikkje var god raad paa mat, maatte kvar mann sjølv nista seg ut for 14 dagar. Daa ropa alle som ein mann: «Me vil ganga alle saman, so mange som kann bera vaapn; me skal taka med oss mat for tri vikor, og den, som ikkje hev mat, skal faa hjaa den, som hev betre raad!» Soleis baud heile amtet seg fram paa denne maaten.

Endaa mannskapet stundom gjekk 5-6 norske mil um dagen og var baade trøytte og svoltne, lét ingen ille um det. Dei ynskte berre: «Gjev, me snart fekk lov til aa slaast!»

Dei tvo telemarkske feltbataljonarne høyrde til general-løytnant Staffeldt sin brigade paa umkr. 8000 mann sunnanfor Øieren. Denne brigaden varde yvergangane ved Onstad, Grønsund og Sannesund. Paa den siste staden - 1½ mil nord for Fr.stad - var det ein bataljon «Telemark» med eit 13 punds batteri. Den andre telemarkske bataljonen hadde plass i Onsøy. Saman med garnisonen i Fr.stad hersette telerne strandstykket vest og aust for denne festningen. Ved grensa mot sud, paa Kraakrøya, ved Torsøykilen og vidare mot aust inn i Id prestegjeld laag jæger-divisionarne av dei telemarkske bataljonarne.

Langs etter Glaama, fraa Sandesund til Fr.stad, var det alle stader, der som lendet paa øystre sida kunde gjera det lettare for fienden aa koma seg yver elvi, bygt skansar nede med strandi, paa vestsida, sume for fotfolket og sume for kanonorne. I ein parol-order 11te juli 1814 heiter det: «De Tellemarkske batailloner afgiver fra onsdagen den 13de juli 4 off., 12 underoff. og 600 mand til at opkaste forskansninger paa vestre side af Glommen.» Ein gamlekar sa, at skansarne var so høge, at dei laut stiga uppi ein pall for aa skjota.7) Dei hadde inkje kulor aat kanonom, men dei tok eit 20 til 40 av desse digre gjeværkulom og balla inni ein strigklut og tjørubrædde heile greia, og so hadde dei som ei tretopp, dei sette etter til fyrelaning. Naar detta vart utskote, gjekk de fraa einann' og drap ne fælt.»

Ein order fraa Staffeldt til telerne luar so i brigaden si dagbok:

«TiI bataljonen Budde af Tellemark:

Ved. første efterretning om fiendtligt indfald, samler den 2 bataljon af Telemarkske infanteriregiment sig ved Sannesund og støder sammen med den første. Kun 1 div. af førstnævnte bataljon bliver tilbage for at dække Slevigs batteri og modsætte sig landsætning i denne egn. Nødes divisionen at gaa tilbage, da sker dette til Raade Sogn, hvor den, forventende nærmere bestemmelse, besætter og dækker det punkt, hvor den nye Svindalsvei gaar af fra Moss landevei.

Hafslund, 15. juli 1814.
Staffeldt»


«Til batalj. Schrøder af Tellemark.8)

Bataljonen har i opbruds tilfælde at være samlet paa de anviste punkter, hvilke blive:

For 2de divisjoner ved Sannesund
For 2 dito ved Rolfssund paa Rolfsøøen
For 1 dito ved Glemminge kirke.

Hafslund, 28. juli 1814.
Staffeldt»

Brigaden Staffeldt hadde 28. juli av fotfolk 2 bergenhusiske og 2 telemarkske feltbataljonar, dessutan «Norske jægerkorps». Telemarks-bataljonarne høyrde fraa 2dre august til generalmajor Arenfeldt sin brigade, med undantak av jæger-divisionarne, som mest arbeidde samen med jægerkorpset.

I ein order fraa Staffeldt av 28. juli til Norske jægerkor heiter det i stykke 3: «Et compani besætter og observerer Skieberg-kiilen, og understøttes af jæger-divisionen Schlepegrell af Tellemarkske infanteri regiment.»

Denne divisjonen hadde kvarter nær Skjeberg kyrkja.

Løytnantarne Rye og Schleppegrell var baae tvo eit par og tjuge aar gamle i 1814. Rye var med i smaa-slagi ved Hafslund, paa Rolfsøyi, ved Rolfsøy-sund, Ise bru, Sande bru og Sande gard. Schleppegrell ved Ingedal kyrkja og Torpum, Bisseberg, Hafslund og Ise. Rye fortel, at han kommandera eit jæger-kompani paa 200 mann. Han var premier-løytnant ved 2den jæger-division av Teleregimentet, ihopsett av dei vestfjellske og tinnske kompani.9) Troppen hans marsera austpaa i slutten av februar, og Rye roser telerne, daa dei gjekk til krigsstaden. Han skriv, at ymse kompani, soleis av Teleregimentet, «tilbagelagde fra deres standqvarteer til samlingsstedet ved Moss, i en tid av 8 dage nogle og førgetive norske mile.» Rye var so modig, at han var mesta for vaagsam; han var den fyrste, som gjekk fram og den siste, som drog seg attende. Han nytta med lyst kvart høve til strid og vyrde ikkje, um han hadde yvermagti imot seg.

Um morgonen den 27de juli hersette den svenske flåten Kvaløyarne, og no tok ufreden til. Den 31te juli klokka 6 um ettermiddagen gjekk alarm-trumma i Halden, og dei løyste skot fraa festningen.

Natti til 1. august hadde ein liten styrke av Norske jægerkor drege seg undan fraa Svinesund, men kongen gav order til, at dei skulde taka same romet att. Daa Staffeldt tykte, at styrken hans var for liten til dette, drog han fyrst til seg noko av strandvernet og ein part av jæger-divisionen Schleppegrell. Divisionen kunde fyrst utpaa ettermiddagen naa fram fraa Torsøykilen, av di han maatte hjelpa Kaptein Jebe (Tele-regimentet). Jebe var skræmt upp av fienden, som letst som han vilde landsetja folk paa dette stellet. Staffeldt drog seg daa paany attende. Han fann, at det var uraad aa gjera aatak og stogga difor millom Ingedal og Guslund.10) Her fekk dei høyra sterke kanonskot fraa Fredriksten. Kaptein Rustad baud seg daa til aa rida inn til Halden og paa ein time faa greida paa, kva som var grunnen til skjotingi. Han melde, at Tistedalsbrui var teki av fienden, som hadde vada Tista.

Daa svenskarne fekk vita, at jægerkoret hadde drege seg undan fraa Svinesund, kom dei yver sundet med ein større tropp fotfolk og nokre husarar. Dei hersette no lendet framanfor sundstaden og sende ein patrull burt imot garden Torpum. Daa rundvakti aat fienden kom dit, vart ho motteki med eld fraa divisionen Schleppegrell, som var fortropp for Norske jægerkor, medan det gjekk fram.

2dre august laag tri kompani av jægerkoret, ein division telemarkske jægerar under Schleppegrell, noko strandvern, ialt paa lag 500 mann fotfolk, dessutan 24 hestfolk og 3 kanonor ved Ingedal kyrkja, straks vest fyre Halden.11) Den 3dje kl. 10½ paa morgonen gjorde fienden aatak og spreidde seg utyver heile lendet bak kyrkja. Under striden trengde han seg fram til garden Øiestad. Her laag løytnant Schleppegrell paa fjellet like ved. Svenskarne vende seg av all magt mot den venstre fløyi. Ytst ute paa den stod Schleppegrell med jægerarne sine. Han hadde sent bod etter meir mannskap, men det kom ikkje. Det hadde fare ein galen veg, sume segjer, det gav seg for god tid. Daa vart den unge løytnanten baate ute av seg og harm. Det hev vore sagt um honom, at alt, som heiter seinleik, anten det var paa eksismoen eller slagstødet, hata han som pesti. Han vart braahuga og mesta sjuk av det. Han trong ikkje mange sekunderne til aa gruna paa, kva han skulde gjera, og so fylgde gjerningi brennsnart etter. Ein bonde i Telemarki, som stod under Schleppegrell og sjølv saag paa dette, fortalde ei liti rispa til ein son av generalen. Rispa syner, at faren var ein snartenkt kar. Ein dag i 1814 lurde Schleppegrell seg ut med tvo mann for aa røkja etter svenske forpostar. Nokre fiendtlege hestfolk fekk sjaa honom. Dei tok honom att og bad honom og fylgjesveinarne hans gjeva seg. Schleppegrell gav den næraste svenske hestkaren eit kvasst sabelhogg, so han datt av sadlen, hoppa sjølv upp paa hesten hans og kom seg av garde, fyrr dei andre hestkararne hadde suma seg so mykje, at dei kunde hjelpa kammeraten sin.

Da no jægerarne hans ved Ingedal tok til aa gjeva seg undan for yvermagti, hoppa han upp paa ein tre-stubbe og ropa yver til svenskarne: «Her staar løitnant Schleppegrell, som er ladet i stikken af sine egne; giv mig en kugle.» Han stod høgt yver dei andre, og kulorne susa kring øyro hans, men ingen raaka honom.

I tvo timar varde nordmennerne seg djervt, men tilslutt maatte Schleppegrell drage seg attende. Nordmennerne var i hoggskifte med fienden, men ingen vart tekne til fange. Tapet var 2 à 3 drepne og 9 saara. Fienden miste fleire folk og iminsto 5 offiserar. Dei norske særde vart førde til sjukehuset i Moss.

Ved Skjeberg kyrkja tok nordmennerne ei liti kvild, av di fienden ikkje var etter deim so sterkt som fyrr. Det var ein løytnant, som kommandera ein part av baktroppen, han gav seg under attrferdi tid til aa springa innum paa Skjeberg prestegard og eta ein tallerk med supa, som stod uppaust paa middags-bordet. Fraa Skjeberg gjekk nordmennerne attende til Sækkeland, so nær som ein division av Telemark: den drog seg undan paa Fr.stad-vegen til Hund og skulde agta paa Torsøykilen. Sidan gjekk han yver Sandesund. lsebru og tilgangen til den var hersett av divisionen Rye etter attrferdi fraa Ingedal.

Den norske soldaten var ikkje so blaut av seg den tidi, ser det ut til. Daa nordmennerne hadde seg attende yver Grønsund, stridde alle mann for aa koma yver. Ein jæger-offiser stræva paa harde taket med aa faa ein baat i vatnet. Medan han heldt paa med dette, fekk han sjaa ein soldat, som stod heilt ottelaus og saag paa. Arg spurde han soldaten, kvifor han ikkje tok i med. «Eg trur nok løytnanten vilde gjera like eins, um De hadde fenge slikt eit morgonmaal, som eg hev,» svara jægeren. Under striden vart han raaka av ei kula i foten, men han hadde ikkje sagt noko um det fyrr no, han heldt paa og skulde siga ihop av verk og bløding.

General-major Arenfeldt førde krigen paa ein underleg maate, og det var ikkje ventande anna, enn at det vart murring millom soldatarne vaare. Den vigtuge yvergangen yver Glaama - Kjølberg bru - let han verja av ridande batteri og ein telemarkisk musketer-division. Dei maatte sjølvsagt til slutt draga seg attende, etter at dei lenge hadde stridt mot yvermagti. Telerne hadde eit tap av ikkje mindre hell 40 mann, og dette hende, medan fleire herflokkar stod heilt yrkeslause ved Sande og Ise bru, so nære slagstødet, at dei kunde høyra kvart byrseskottet. Olav Rye klandrar denne aatferdi og eit og anna elles under krigen i 1814.

Sandesund var den vigtugaste yvergangen. Her laag det 1 bataljon «Telemark» under major Schrøder, dessutan eit fotbatteri og nokre jarnkanonor, som var fragta upp fraa Fr.stad. Ved Rolfsøysund stod 3 divisionar «Telemark» under major Diedriks.

Opsund, ovanfor Hafslund, var hersett av jægerdivision av «Telemarkske». Den 5te august gjorde fienden aatak paa denne vaktposten. Han hadde alt gjenge i land paa ei liti øy, som Glaama her hev laga, men vart nøydd til aa hava seg undan. Baae parter hadde nokre mann drepne og 8 à 10 saara.

Den 8de aug. tok baae Telemarks-bataljonarne og 1ste Vesterlenske bataljon post bak Sande bru og skulde verja den. Den eine telemarkske jæger-divisionen, som skilde lag med Norske jægerkor etter striden ved Ingedal, hadde gjenge yver Sandesund. Han stogga i ein liten skog framanfor Sande bru og sette ei feltvakt paa Sande herregard. Den 10de august gjekk fienden paa denne feltvakti, som vart nøydd til aa draga seg attende, og han tok etterpaa Sande gard. So sette han tram yver sletta og gjorde aatak paa skogen, der som dei telemarkske jægerarne laag. Men han maatte hava seg undan med eit ikkje so litet tap. Telerne hadde 7 drepne og 1 offiser og 12 à 14 mann saara. Ein av gamlekararne fortalde, at det stod ein hard strid her ved Sande herregard.12) Olav Rye var villvond: «Den, som kan skaffe mig Staffeldt levende eller død, skal faa ti daler af min egen pung,» sa han - han sprang upp paa ein stein og lyste det ordet. Futen Ekeberg laag ute i 1814, og han var innmed, daa han sa det.

Arenfeldt laag i altarringen i Tune kyrkja um næterne, og der sov og soldatarne, fortalde gamlingen.

12te august gjekk fienden paa Kjølberg bru, men vart driven attende. Han gjorde aatak paany den 14de um morgonen med den endelykti, som fyrr er nemnd. Ein, som var med ved Kjølberg, sa, at svenskarne styrmde fram mange vendor og laut hopa. Nordmennerne stod nedunder ein bakke og skaut. Det var faa som fall; men upp paa bakken var ein gard; der rauk mest alle glasrutorne. Ein kaptein og ein hornblaasar og ein til heldt seg attan-aat veggen dei vart skotne alle tri med dei kaga med novi.13)

Med denne striden ende ufreden. Same dagen gjorde dei semja i Moss.

Svenskarne tenkte paa aa landsetja tropper paa vestsida ved Larvik; men det vart ikkje av, daa smaaskips-flòten vaar drog seg attende fraa Kvaløyarne til Valle og Tunsberg. Der stod Meylænder sin brigade.

«Den norske heren var enno ikkje veikna,» skriv Rye. Han hadde att dei beste og sterkaste støde, langs etter vestsida av Glaama, so nær som Kjølberg bru og Fr.stad. Mannskapet var sinna og ergelegt, og kvar ein var fullviss paa, at me lett vilde taka vaar mun att under ein djerv fyregangsmann. Yveralt, der styrken var noko so nær like stor, hadde me allstødt vunne.

Rye sine fjøllgutar.

Det søv ein trufast telegut
der sud i Danmarks land,
for framand sak han fall tilslut,
men Norig det fekk au sin lut,
daa striden braut i fjortan ut
- og Rye heitte han!

Den tropp, han førde, var'kje stor,
paa lag tvau hundrad mann,
det var det Tinnske jægerkor,
som skulde agta um si mor;
her galdt det heim og fedrajord,
av fridomshug dei brann.

Men Olav var ein modig kar,
so gløgg og djerv som faa,
paa uvens salvor gav han «svar»
- han fylgde gjæve fotefar -
og kva dei høyrde einast' var:
«Fram, telegut - gakk paa!»

Paa tyngste vakt ved Glaamas strand,
daa ein mot ti dei stod,
og kor dei var med sverd i hand,
i kvasse tak - ja, mann mot mann
dei stridde hardt for Norigs land
og stupa i sitt blod.

Du ætt, som aat ditt borkebraud
i elsk til sjølvraad bu,
du tolug bar di sorg og naud,
daa yvermagt deg odden baud.
Gjev oss! - bak Barfots fana raud -
di von og sterke tru!

(H. R.).

Bjørnstjerna, den svenske generalen, sa sist i september til krunprinsen, at Teleregimentet hadde vore paa toppen av tugt-brot m. v. So gale var det no ikkje, meiner ein krigssoge-skrivar. Men daa regimentet drog heimatt den 15de august, var soldatarne so sture, tilliti til dei høgare offiserarne so øydelagd og trui paa Norigs sjølvstende so heilt tapt, at dei unge offiserarne berre tenkte paa aa koma seg undan heile stasen. Rye foor heim til Bø i Telemarki, og daa stortinget hadde valgt Karl den 13de til konge i Norig, sende Rye inn søknad um avskil. Dei sa nei til dette, men han vilde ikkje gjera truskapseiden til kongen av Sverike og søkte paany. Han fekk daa avskil, men dei negta honom «formedelst hans seneste opførsel» aa bera norske herklæde.

Med Schleppegrell og Helgesen gjekk det sameleis. Dei sa, at daa Helgesen høyrde um semja paa Moss, braut han kaaren sin framanfor fronten av kompaniet. Visst er det, at han maatte faa seg ny verja under vaapn-kvildi, daa det ikkje var utenkjande, at det kunde verta strid paa nytt lag.14) Under ufreden hadde han vore med ved Ingedal kyrkja, Sækkeland, Bodal og andre stader. Helgesen var ein forvaaga kar, som fekk mannskapet med paa alt.

Daa dei kom heim i august 1814, fekk Helgesen order til aa gjera tenest ved Gjerpenske kompani av 1ste bataljon.

Han skaut godt, Helgesen, og det er fleire sogor um dette. Paa skjotarbana aat divisionen ved Hafslund kom dei ein dag til aa røda um Vilhelm Tell og storverki hans. Schleppegrell sagde daa fraa, at han var viljug til aa gjera likeins som sonen til Tell, naar berre Helgesen var skyttaren. Dei tok imot tilbodet. Schleppegrell stelte seg upp 100 stig undan, og knappen (pompongen) paa huva hans skulde vera eplet. Helgesen, den beste skyttaren i Nordrlandi, skaut jamt og samt knappen av hovudet paa Schleppegrell.

Prost E. Høyer-Møller fortel same soga noko onnorleis. Det hende, sa han, ikkje fyrr, men under ufreden. Han høyrde sjølv Helgesen røda um det paa sine gamle dagar:

Kompaniet hadde stana eit stykke ifraa Ingedal kyrkja, av di det kjende til, at svenskarne ikkje var langt undan. Ein høg, ung svensk offiser synte seg framanfor kyrkja, og Helgesen fata daa byrsa fraa ein av underoffiserarne, tok sigte i hast og skaut honom. Nordmennerne fekk tak i liket, og daa dei norske offiserarne stod kringum det, rødde dei um, korr visshøv Helgesen hadde vore. Schleppegrell meinte noko anna, og Helgesen sjølv gav honom rett; han hadde sigta paa bringa, sa han, men raaka hovudet. Han orsaka seg berre med, at det var ei framand byrsa, som han aldri fyrr hadde havt i handi. Daa dei andre likevel stod paa sitt, meinte Schleppegrell, at daa kjende dei slett ikkje til, kor godt Helgesen jamnast skaut. Han gjorde no tilbodet um aa skjota knappen av huva. Helgesen fortalde ogsaa til prosten, at daa Schlepegrell hadde stellt seg upp mot veggen med andlitet imot honom, bad han honom snu seg ikring. Han var rædd for aa verta uroa, naar han sigta, ifall Schleppegrell saag paa honom.

«Det var eit gildt kløver-blad, Norig let oss faa,» segjer ein dansk soge-skrivar um Rye, Schleppegrell og Helgesen.

Helgesen kviler ved sida av Schleppegrell i kjempegravi paa Flensborg kyrkjegard, Rye paa garnisons-kyrkjegarden i Kjøpenhamn. Kongen gjekk sjølv fyrst i likferdi etter Rye. «Han gik til Ryes brigade,» heiter det i Danmark, naar det er snakk um ein soldat, som døydde paa slagmarki.

Um Schleppegrell heiter det:

«Som kjæk soldat, forgudet af soldater,
med smil om munden, foran og tilbest,
paa seirens dag blandt kugler og granater
fik du den død, som huede dig hedst.»

Um Helgesen:

«Saa længe bølger rulle
mot Fredriksstad, min ven,
vi aldrig glemme skulle
den tapre Helgesen!
    Han skal ha'
    et hurra,
som kan runge helt til Rendsborg,
    at vi maa
    huske paa,
hvor vi sidste gang ham saa.»

Utsendingar for Telemarkske regiment til riksmøtet paa Eidsvoll var: kaptein Enevold Steenbloch Høyum (d. 1830) og kommandersjersant Gullik Madssøn Røed, Bø i Sande, Jarlsberg (d. 1857). Den siste vart 72 aar gamall og var berre 29 aar, daa han møtte paa Eidsvoll

Arenfeldt sende ei melding til riksraadet hausten 1814 um tilstandet i heren m. m., daa dei dryfte spursmaalet um aa halda ved med ufreden eller ei. I denne meldingi heiter det: «De Tellemarkske batailloner kunne være, den ene inden 14 dage og den anden inden 3 uger, paa det for dem bestemte sted.»

Eidsvollsmannen Jørgen Aall, som var ein med dei fremste av tingmennerne, tala lenge i stortinget den 20de oktober 1814. Det galdt framlegget um samband med Sverike. Han ende med aa halda fram, at braut krigen ut paany, torde han tryggt segja, at folket i dei byar, han møtte for (Skien og Porsgrunn) vilde bera fram ein ikkje so liten skjerv til fedralandet til aa kosta krigen med. Sjølv lova han, um det braut i med ufred, 200 tunnor bygg, som skulde liggja reiduge paa forraadshusi hans. Han baud og seg sjølv fram til tenest for fedralandet: «Jeg har ei nydt nogen militær opdragelse, og de kundskaber, jeg udenfor mit fag har indlagt mig, er kun faa og blandede. Kun ved i nogle aar at have havt den ære at anføre unge medborgere til øvelse i vaaben er jeg bleven bekjendt med nogle enkeltheder af taktikken, og naar nødvendigheden bød det, kunde jeg vel ved flid og studering trænge ind i dens vigtigste grundprinciper. Det forekommer mig, at jeg har hørt, at der hersker mangel paa officerer i armeen. Vilde statens øverste raad, i tilfælde af krig, betro mig en tiden kommando helst af det Tellemarkiske regiment, blandt en stor del af hvis individer jeg, formedelst mine handelsforbindelser i de egne, er temmelig bekjendt, staar jeg, paa felttogets første aabning, i spidsen for et saadant, og skal, saasandt jeg lever, ei forlade det, for fienden udrækker haanden til en antagelig fred, eller den tunge sørgedag omhyllet af rædsomme skygger glider frem, da Norges forsvarere mismodigen skal erklære, at det, ravende i sin døende mathed, segnede for erobrerens sværd. O, Norge! Elskede fedreland!

Maatte du gaa frem til seier over mit i strideri for dig faldne lig, da gjorde jeg mig fortjent af dig, for at have ofret mit liv for den bedste sag; livet selv har ei værd nok for mig, til at jeg tør betragte dette som det største offer.»15)

Ved avdukingi av minnesmerket for denne fagnamannen 17de mai 1901 møtte den frilynde ungdomen i Porsgrunn fram paa kyrkjegarden med merke og musik. Yver kyrkjegards-porten stod ein prydnad med innskrifti:

«Fædreneminder
herlig oprinder».

Daa dei hadde duka bautaen av, vart han helsa med æreskot og denne songen til Aall sitt minne:


Tone: «Norges høitidsstund».

Blot dit hoved for hans billed
- navnet hist i gylden skrift -
Norges ære høist han stilled,
sign hans træk med flagets vift.
«Enig, tro, til Dovre falder!»
saa de talte hver en mand,
glans om deres minde falder,
tænder norske sind i brand.

Fylket om vor frie fane,
stolt vi mindes fædres verk,
fagre bauta, du skal mane
os til troskab, dø og sterk.
Vaarlig vind fra Eidsvolds lunde
fylder nu de tusen hjem ....
Held dig, ungdom, om du kunde
gaa i fædres fodspor frem!

(H. R.).

Ved flagg-ferdi seinare paa dagen lagde byraadet ned ein væn krans med hand i nationale fargar

Staffeldt fekk ei hard medferd, daa ufreden var slutt. Misnøgjet vende seg imot honom, og berre ved aa klæda seg ut, slapp han for aa verta ille medfaren av dei harme soldatarne. Likeins var det, daa han var heimkomen til bustaden sin attmed Larvik. Ein hop, som hadde fenge tak i allslags vaapn, marsera ut fraa Stavern og vilde taka paa honom paa garden «Roligheden», der han budde.16) Dette vart likevel hindra, avdi nokre velvyrde menner lagde seg imillom. Daa Staffeldt var rædd slikt uppstyr paany, tydde han til ein gamall ven i Skien, kancelli-raad Brunnech, som hadde vore krigs-advokat ved Jægerkoret. Brunnech tok imot honom i heimen sin utan aa bry seg um at det var ein vaagnad med det.

Den fyrste domstolen, yverkrigs-nemndi, dømde Staffeldt fri; den høgste domstolen dømde honom fraa liv og æra. At kongen gav honom naade, berga ikkje livet hans. Han seig i gravi av harm og trege. Sogeskrivaren Jacob Aall tek hardt paa deim, som vil gjera Staffeldt til ein svikar.

Generalmajor Arenfeldt vart i 1814 utnemnd av Karl Johan til general løytnant og dertil distrikts-chef for Telemarkske regiment og Norske jægerkorps med tilhøyrande skarpskyttar-bataljonar, Valdres og Bergenhus.

    Noter:
  1. Tone: «Af Høiheden oprunden er.»
  2. Bodstikka bruka dei i Gjerpen tilymse slag meldingar heilt til kring 1880. Ho var lik eit pennhus med pigg i.
  3. Schnitler segjer 2000.
  4. Kommandanten, løytnant Hans Lemvig, sende den 28. juli bod etter hjelp fraa Fr.stad, avdi han saag ein fientleg flòte, millom anna 3 line-skip, ei halv mil fraa Torgauten. Men han fekk ingi hjelp og gav upp batteriet.
  5. Ein av Eidsvolls-mennerne for Teleregimentet.
  6. «Nyt Tidsskrift» 1885.
  7. Andr. Austlid i «Fedraheimen» 1878.
  8. 1ste felt-bataljon.
  9. Rist: «Olav Ryes Saga».
  10. Ødegaard: «Norske Jegerkorps's Historie».
  11. Det er ei gamall steinkyrkja, som ein kann sjaa fraa jarnvegen. (Forf.).
  12. Skar: Sætesdal.
  13. Glytta framum hyrna paa huset.
  14. Øverland: Hans Helgesen.
  15. Steffens: «Slægten Aall».
  16. S. fekk denne greivegarden til gjevendes hjaa den danske kongen i 1810.
Utdrag (s. 112-139) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen