Fra: Telerne i den norske her-soga

Ufreds-aari 1807-14

av Hans Reynolds

Vort liv vi hengive saa gjerne
det land, om hvis hæder vi værne.
Paa frihedens alter vi ofre vort, alt,
paa gravmindet tegnes: For landet han faldt!
(Krigssong 1807).

Den 29de februar 1808 fekk me ufred med Sverike. Daa laut storparten av dei hermenner, som vart sett paa krigsfot i 1807, men som hadde fenge heimlov til legderne, møta paa samlingsplassane. Av gamle skriv ser me, at t. d. Hjartdalske kompani gjekk heimanifraa 20de mars um middagen og kom fram til Stavern 6te april.

Telemarkingane maatte vera i Stavern og verja festningi der og halda strandvakt i det sudvestlege Norig. Men tvo grenaderkompani, som saman med eit par kompani av «2det Akershus» vart ihopsett til ein grenaderbataljon, var det likevel, som fekk marsera austpaa. Major von Ditten førde deim. Bataljonen høyrde fyrst til sentrumsbrigaden ved Kongsvinger, seinare til Lowzows brigade i Høland og var med i dei strider, som ende med, at den eine av dei svenske brigaderne under greiv Schwerin maatte røma Norig. «2det Akershus-Tellemark», som denne bataljonen jamt vert kalla, hadde etter planen ein styrke paa 14 off., 36 underoff., 16 spel og 760 meinige. Av desse var 4 skarpskyttar-underoffiserar og 40 skarpskyttarar. Grenaderarne maatte utan sko vera 63 tumer (kgl. paabod av 1804). Grenaderar var fraa fyrst av dei hermenner tilfots, som kasta «grenades» (granatar). Dei bar granatarne med seg i lértaskor. Dei vart seinare væpna med byrsor.

F. A. Schleppegrell var med dei telemarkske grenaderarne ved grensa og gjorde her sit fyrste manndomsverk, so prinsen lét honom stiga til premierløytnant. Da var Schleppegrell berre 16 aar gamall. Olav Rye tente samstundes ved eit av dei kompanii, som verja havstrandi mot engelsmannen.

Etter folketalet i 1801 kravde heile den væpna norske landmagti (90 000) kvart niande menneskje, eller kvart menneskje, som paa nokon maate orka aa bera vaapn. «Eit slik ovtak hev ikke nokon nyare stat halde ut og kann heller ikkje gjera det,» segjer Greorg Ræder. Aalmugen væpna seg fleire stader; ein raud kant paa trøya og elles eigne klæde fekk greida seg. Det skaffa heren ein ikkje liten reserve.

Daa ufreden tok til i 1808, var me lite stridsbudde paa alle maatar. Siden 1788 var det kome lite herbunad i tjeldburi. Soldatarne hadde tunnslitne, fillutte klæde og laut tilslutt binda skorne til føterne med vidjor. Dei aatte ikkje kappor, men laag i barhyttor og snøhus, som forresten høvde godt paa forpostlina i skogtrakterne ved grensa. Ofte gjekk dei i sørpe til midt paa leggen, so sko og sokkar fraus ihop, Dei fekk skifta klæde i lødor og sovore. Med kosten var det smaatt stel mangein gong. Av havremjøl fekk dei ikkje so mykje, at det kunde verta graut av det, men so laga dei seg supa. Naar fienden kom, og dei maatte draga seg undan, hende det, at dei fekk stunder til aa slaa supa paa feltflaska, «og det vermde so godt paa laaret, naar eg marsera,» sa ein av gamlekararne. Dei gjekk og paa skogen og aat ber, men like svoltne var dei.

Kring i landet var det mange stader so smaat um mat, at folk laga seg braud av mose1) (cetraria islandica), som dei blanda med vanlegt mjøl, Mosen koka dei ut i tynd oskelut, so dei vart kvitt den beiske smaken. Naar dei gjorde dette, liktest mose-braudet mykje paa flatbraud av rug og smaka godt. Dei mol og borken av alm, bjørk eller lind saman med bein, blanda det med mjøl og baka braud av det. Ein av diktarane vaare syng um denne tidi:

I heile landet
var svolt og naud.
Dei bergad livet
med borkebraud.
Men lite høyrdest
av sut og graat,
for alle toke
sin «Gud attaat».

Fraa alle nordmenn
det høyrdest daa,
at fedralandet
ein verja maa.
Daa det var armast
paa gull og slikt,
paa mod og truskap
det mest var rikt.

Dei, som var mest fatige, sanka ihop og bruka røter av jordi, til dømes roli av kvika (tritieum repens). Dei nytta og syra og nesla og smellegras. Furebork, tilmed blad av trei so som osp og selja, vart turka og mala til mjøl. Av dette baka dei braud, som dei steikte paa takkor eller baksterhellor. Hadde ein einskild ein «settung»2) rug- eller byggmjøl aa blanda i dette arme braudet, var det storgildt. Det var sett ut premier for deim, som kunde sanka ihop den meste mosen, og i byane laga dei mosemjøl, som og vart nytta til graut. Mosegrauten liktest paa rugmjølsgraut og smaka heller godt, serleg naar det var mjølk attaat.

I ei lysing i «Budstikken» fraa «direktionen for selskapet til udbredelse af den islandske moses og andre tjenlige kornsurrogaters brug» heiter det til døme paa, at mosen var matnyttug: «En fattig kone fra Bradsberg amt var gaaet ud paa marken, efterat sneen var optøet, i den hensigt at sanke planter, for ved disses salg at forskaffe sig mel til brød. En hest, som græssede paa det sted, hvor hun haabede at finde planter, havde opædt disse. Paa hjemveien sætter hun sig ned paa et fjeld og tænker paa sin ulykkelige forfatning. Dreven af hunger, plukker hun rensdyrmose af fjeldet, gnider mosen i sine hænder og seer, at deraf fremkommer mel; hun bragte dette meel hjem til sin hytte, forsøgte deraf at tilberede et fødemiddel, og forsøget lykkedes. Mosen gav, malet og blandet med lidt almindeligt mel, brød, og tjente saaledes hele sommeren til føde for konen og hendes børn.»

Gunnulf Ingulfsland fraa Vestfjorddalen rodde Tinnsjaa, Hitterdalsvatnet og Nordsjaa til Fjærestrandi og fekk kjøpt seg ½ tunna korn i Skien. Ein annan mann fekk tak i ¾ tunna, men dei var glade likevel baae tvo. No kunde dei blanda mose og mjøl. Paa garden Lergravstrand i Solum fekk dei kjøpt ei heil tunna bygg i Skien (venteleg til aa kløyva med næste grannen), av di gardmannskona var fødd i denne byen og soleis hadde liksom ein ser-ret. Dei bytte ogso ut korn i skjeppe-vis, sistpaa endaa i pottevis. Dei fortel fraa denne harde tidi, at mori ikkje kunde gjeva barnet brjost, avdi kosten var for skral.

I Bamle sokn rakk kornavlingi fyrr ufreden knapt til for eit halvt aars føda for bygdefolket, segjer Kraft i «Beskr. over kongeriget Norge.»

Det er forvitneleg aa sjaa bladi fraa desse krigsaari og listorne yver «Patriotiske bidrag til fædrelandets tjeneste 1808». Dei vitnar um sterke menn og kvende og stor offerhug i ei tid, daa, som det stend i songen:

«Krigens fane
fra klippe og strand
hos blege hunger vajed,
o, elskede land!»

Til «det kgl. norske munderingsdepot til brug for armeen» finn me i 1808 ei sending fraa Bratsberg amt paa m. a. 1343 par sko, 1025 skjortor, 1449 par sokkar, 1250 alen strie og lereft, 1662 alen vadmaal av ymse slag, 40 buksor, 34 trøyor, 30 vestar, seng-teppen, innpaa 350 riksd. i pengar og eit større lag lêr. Til aa kaupa ein kanonbaat gav aalmugen i Seljord prestegjeld 70 riksdalar. Under eit ting paa lensmannsgarden Limi i Gjerpen 1. septbr. 1807 las dei upp eit skriv fraa prins Kristian August til Norigs menn um aa taka til verja for fedraland, konge og aare. Almugen sa daa ifraa einrøystes: at var det noko, som riket Norig trengde, vilde dei etter evne gjera det, dei kunde, som var til hjelp for landet. Dei, som var tilstades, melde seg med ein gong for 35 kyr, 8 kvigor og 95 sauder.

Til sjukehusi sende dei mykje fraa Skien, Porsgrunn og Stavern. Av eit skriv, dagsett 22. janr. 1809, ser me, at det vart send ikring ei serskild lista millom «de høystærede herrer medborgere og indvaanere udi Skien og Porsgrund». Her finn me namn som: Nicolay Plesner, Christen Blom, R. P. A. Ording, Ulr. Fr. Cappelen, Jørgen Wright, Christian Monrad, Niels Aall og Jørgen Aall. D. von Cappelen i Skien gav ein større sum pengar til konor og born aat dei soldatar, som trengde det mest. Langesund er nemnd som ein overlag offerhuga by, og Breivik, som hadde fleire skansor, tok kannhenda ikkje minste taket. Til grenaderbataljonen «2. Akershus-Tellemark», som laag ved grensa, sende dei mykje fraa bygdarne, endaa det var smaatt stel heime. Serleg austlandet var i desse krigsaari ofte i stor naud. Amtmannen i Bratsberg, Løvenskiold, skipa daa, utan uppmoding, ei mat-nemnd for amtet. I den sat rettsraad Bentzon, raadmann, seinare riksraad, Aall, kjøpmennerne D. Cappelen og Jørgen Wright og som kassestyrar: tilsynsmann Heuch. Ikkje med noko anna amt hadde styrings-nemndi so mykje brevskifte som med Bratsberg. Staten merka dette landsgagnlege arbeidet, so matnemndi fekk offentleg autoritet og studnad, I utlandet hadde folk tiltru til desse mennerne. Og sjølve vaaga dei sine eigedomar og fekk store lag korn yver havet, ikkje berre til lette for amtet, men og for andre landsluter. «Bratsberg amts daværende amtmand - segjer Løvenskiold - kan ikke tilbagekalde i sin erindring hin rædselsperiode uden med dyb høiagtelse og erkjendtlighed at erindre de nævnte hædersmænd, som ulønnede med ham delte bekymringer og anstrængelser til lindring af lidende medmenneskers nød.» Um ein av desse velvyrde mennerne segjer Jacob Aall i sine «Erindringer»: «Jørgen Wright, en af egnens retsindigste, oplyste og mest fædrelandssindede borgere, paadrog sig under disse anstrængelser en sygdom, der kostede ham livet.» I eit blad klagar ein innsendar yver, at det finnst folk, som held stashest og hund. Dei krev for mykje mat, meiner han. Og eit bladstykke luar so: - - «o at denne stemning maa vedvare! at den, som en straale fra himlen, maa oplive, opflamme hver kriger, hver bonde, hver borger, til idræt, til anstrængelse, til sparsomhed, tarvelighed, klog husholdning og fordomsfri benyttelse af Norges utallige hjælpemidler! da er fædrenelandet frelset: den gode sag skal seire: Norge skal staae hædret i aarbøgerne, og historiens muse skal antegne paa de uforg ængelige kobbertavler:

Aar efter Guds byrd 1808 æskedes Norge til strid af Storbritannien i forening med Sverrig, og det betvang sine fiender ved egen kraft - det gik i kampen for ære og frihed, og hævdede dem.»

«Til kyst! til baad! til leir!
og overalt til seir!
For konge, ret og fødeland
staae alle som én mand!»

(Song 1808).

Kvar husmor hadde fenge uppmoding um aa sanka saman gamalt linkkede og sovore til bruk for heren (sjukehusi), og me ser av gaavelistorne, at dei var hugheilt med paa dette, Me vanta og gode lækjarar og boteraader. Daa det var smaatt um foder, kunde me berre reida ut tvo eskadronar av hestfolket. Ein ser tidt, at hestkararne er med tilfots. Hølandske dragonar tente soleis ei tid i «Telemarkske» som fotfolk. Kanonor og kulor fekk me laga paa Larviks verk. Den byen og Moss var dei einaste stader, som hadde boregogner. Prinsen sa, at kneip det, tok han bly av kyrkjetaki til kulor. Baade i 1808 og 1814 fekk dei fleste herflokkar ved grensa paabod um so vidt det lot seg gjera aa taka med seg skier. At ski so seint vart nytta i heren vaar, kjem truleg av det, at dei danske styresmennerne kjende so lite til norsk skikk og landslaget i det heile. Skiløyping visste desse framande knapt meire um, segjer ein forf., enn det, som stod i Norrigia illustrata, at «naar finnerne reyser eller vandre til fods, da hatfue de tuende træ, som de kalde skeeder, huilcke de binde under deris fødder» o, s. b. Oberstl. O. Wergeland skriv, at hadde me sosannt møtt kong Karl og hestfolket hans med skiløypar-skyttarar, daa han braut inn yver grenseskogane i Høland, var han knapt kome ned i den fyrste bygdi ilive. Same forf. fortel og, at daa 200 svenske dragonar eingong herja i Skogn i Trøndelagen, gav kommandanten i Nidaros ein løytnant, som søkte um det, løyve til aa taka ut 16 mann vande skiløyparar av garnisonen og ganga med deim mot dragonarne. Dei so gjorde. Og innpaa halvparten av fienden vart anten skote eller fanga, dei andre berga seg ved aa røma undan.

Til skiløyparane hev folket vaart havt stor tiltru gjenom tiderne. I ei fraasegn tim 1716 stend det: «1000 skiløbere burde man havt, og havde fienden da rimuligen kunnet komme ind i landet; thi naar han vilde marschere igjennem defileerne [trongstigane], da kunde disse med deres riflede bøsser gaaet paa sneen ind paa dem med deres ski og uden deres fare skudt dem ned; og naar de laa om natten paa sneen under aaben himmel og varmede sig med deres stokkeild, da kunde de gjort det samme, saa mange regimenter ryttere skulde da ikke kunnet gjort saa stor tjeneste som disse, dersom de ellers betimelig maatte have bleven brugt.»

Telerne hev alltid vore rekna for gode skiløyparar, og kring 1770 hadde dei «Tindske skiløberkompani», som høyrde under «2det Smaalenske regiment». I stevet stend det, at Gaute Tinneske bruka ein dag yver viddi fraa Hardanger til Tinn.

«Døguren aat eg i Hardang
og undolen3) gjekk paa glette,4)
nottverden aat eg i Tinnsdalen -
utenkt so hadde eg dette.»

heiter det hjaa Landstad.

Soldaten Nils Hougo gjekk fraa Vraadal til Kr.sand, 24 mil, paa tri dagar, naar det var godt føre.

Olav Rye segjer, at meir enn ¾ av heren hadde skier med i 1814. Og Kristian Fredrik skreiv i dagboki si 12te mars same aaret: «Ved afreisen fra Hafslund til Christiania besøgte jeg de to thelemarkske batailloner, gode og kjønne folk, for største parten skiløbere, endog uden stav; første bataillon fik kappe, og det samme lovede jeg anden bataillon - de viste sig meget taknemmelilge.»

Paa papiret hadde me ein landher paa 37 760 mann, men det rette talet var 16 500. Av deim gjekk 8-9000 til festningar og skansar m. m., so me hadde berre 8000 mann att til aa verja grensa med fraa Røros til Svinesund. Paa svensk sida hadde dei 14 000 mand i marki mot Norig.

Det, som var til størst gagn for strandvernet vaart i den tidi, var kanonbaatane. Til ikring 1800-talet hadde det vore galeiar5) fast i Stavern. Av slike vart det reidd ut fem i 1788, millom deim «Skeen» (Skien) med 130 mann og 32 aarar. Etter galeiane fekk me kanonbaatar. Kanonsluppane (dei større baatane i smaaskipsflòten), som me bygde under ufreden 1808, var paa 30 aarar, 2 mann for kvar aar. Dei hadde tvo mastor, som ein kunde leggja ned. Sluppane var 61 til 66 fot lange og hadde umlag 70 mann. Dei hadde 2 24 punds kanonor (ein i bogen og ein attrut), dertil kunde dei ha 4-6 haubitsar (stutte kanonor). Dei mindre baatane - kanonjollorne - som og var aapne farty, var paa 18 aarar. Lengdi var 36 fot. Dei hadde og tvo mastor til aa leggja ned og 24 mann. Jollorne hadde gjerne ein 24 punds kanon. Den eine kanonjolla etter den andre stakk i sjøen 1808. I Porsgrunn og Skien bygde dei same aaret jollorne: «Niels Aall» (privat), «Peder Krabbe», «Gregorius Dagson», «Einar Tarnberskjælver», «Didrik Cappelen», «Jacob Cudrio», (alle 4 siste privat). Premierløytnant Conrad Grove var tilsynsmann, daa jollorne vart bygde. Av dei 255 kanonfartyi, som dei bygde i Norig og Danmark i ufredsaari, var dei 43 kosta av privatfolk. Dei fartyi, som privat-folk bygde, skulde bera namnet aat gjevaren. Kom dei daa til aa faa same namnet, skulde dei attaat hava numer.

Um kanonjolla «Niels Aall», førd av maanads-løytnant Paust, fretter me, at ho gav ein engelsk fregatt «Leveret», kaptein Jon Worth ei salva, daa denne 19de juni 1808 jaga ein norsk brigg, som hadde sigla ut fraa Langesund. Briggen søkte no inn til Kraakrøy, og engelsmannen sende 3 baatar inn der. Men batterii i byen var vakne med borgarløytnant Schweigaard til førar. Dei helsa baatane med eit par kulor, og fienden drog seg daa attende. Under attrferdi var engelsmennerne innum nokre fatige heimar. Her tok dei jamvel te-kjêlen og det uvande morgonmaal av bordet og braut upp kistor og skrin. Ein annan stad, Schjørsvig (Skurevik) rova dei sengklæde, speglar, tin- og koparty, slo glasi isund og tok gardinorne med seg, dertil 20 riksdalar av eit skaap, som dei braut upp. I byane paa vestsida av Oslofjorden, og lenger vestpaa var folket i aari 1801 og 1801-08 so rædde for ransverk av engelske kaperar, at dei førde dei dyraste eignaluterne sine inn i landet og hadde gjort alt reide til aa føra anna gods same vegen, um dei vart nøydde til det.

Stationar, som skulde vera trygge live for kanonbaatane, var Svenøer, Stavern, Nevlunghamn, Fugløyi, Langesund og Jomfruland. I 1808 laag det i hovudstationane Stavern og Langesund (i same fylgd): 4 kanonsluppar, 6 kanonjollor; i kanonslupp, 4 kanonjollor.

Stavern vart styrkt med nye batteri, og eit paaleverk med smaa sperrefort eller timbrhus («blokhus») paa høgderne mot landsida. Garnisonen var i fleire aar 2 kverva grenader-kompani av Teleregimentet, ialt 270 mann, men vart munleg auka i aari 1807-14. Soleis laag det i 1811 914 mann fotfolk der og i 1814 600 mann landvern av Teleregimentet. I 1808 Iaag lineskipet «Lovise Augusta» i Stavern. Noko seinare kom det andre lineskipet «Christian Frederik» dit. Det vart og berga undan engelsmennerne ved stormen paa Kjøpenhamn 1807.

Trosvik, ei hamn vestanfor Breivik, var ei tid upplagsstad for orlogsmenner. Etter eit vedtak fraa 1747 skulde det stødt liggja i Norig 4 lineskip, 6 fregattar og nokre mindre farty. Daa upplags-hamni i Stavern var for liti til desse skipi, og den ytre hamni ikkje var trygg nok, lagde dei skutorne ved Trosvik i Langesundsfjorden. Men her vart dei skadde av makk og vart difor flutt attende til Stavern. Me hadde aldri so mange farty i Norig, som me skulde hava etter planen, men det laag likevel 2 lineskip og 2 fregattar i Stavern.

For aa tryggja Skiensfjorden, bygde staten i 1801 fire batteri ved Breivik, avdi fjorden her er svært smal. Batterichef var i 1807 kapteinløytnant C. C. van Deurs. Dertil kom 3 maanadsløytnantar og 80 mann. Utlegget til mannskapet kosta byane i Langesundsfjorden. Det var eit batteri paa Sylterøyi («Blokhustangen») for 2 - 18 punds og 2-12 punds jarnkanonor,6) eit paa Straumtangen for 5-12 pds. kanonor, eit paa Stathelle for 4-12 pds. kanonor og eit paa Gjermundsholmen for 3-18 pds. og 2-12 pds, kanonor. I 1811 laag det 22 mann fotfolk paa desse vollverki. Kanokrut og kulor, byrsor og skjotvaror kom fraa Akershus. I 1819 tok dei kanonorne burt, men vollane skulde faa vera ifred.7) I Langesund ser det og ut til at ha vore eit batteri i krigsaari. Ein stad er det nemnt, at det hadde 12 kanonor. Dei sende krut og kulor dit fraa Akershus i 1801. I Kraakrøy var det tvo batteri, som laag sers godt til, eit av stein og jord paa Galgerodden (Galeiodden) med 2 kanonor og eit av timbr paa Gunnarsholmen med 6 kanonor. Baae skansar hadde byen kosta, og slik var det mange stader langs med havstrandi. Jamvel kanonorne hadde borgarane sum-tid skaffa. I fleire byar heldt dei sjølv vakt paa vollane og handsama skytset eller kosta soldatar til skansen. Riksstyret vilde eggja mannskapet paa sjøskansarne til aa jaga burt kaperskip. I 1801 sende difor kongen eit skriv og sagde, at eit batteri skulde hava: for kvart skip, som vart sett i brand, 100 riksdalar, for kvar nedskoti mast 50 rdl. og for kvart grunnskot 50 rdl.

I Nevlunghamn, Helgeroi og paa Fugløyi var det og batteri. Det var dessutan paatenkt eit batteri paa Arøyi. I Nevlunghamn laag det ein jægerflokk i 1808, og i 1814 bygde dei tri skansar der med tilsaman 8 kanonor. I Helgeroi laag det eit kompani dragonar i 1808, og batteriet der hadde 4 kanonor. Paa Fugløyi, sud for Helgeroi, tenkte dei ut ein skans i 1809. Planen til denne lagde Christoffer Gedde, ingeniørløytnant ved Stavern, seinare toll-inspektør i Halden. Løytnant Breda av Teleregimentet hadde tilsyn med arbeidet, og dette gjorde 130 til 150 mann av same regimentet. I 1810 tok dei ut med ein stor undermur paa skaafjellet; paa den lagde dei ein stengd, trikanta skans med vakthus og ein krutkjellar, som laag under. Vollverket var ferdigt 1812 og hadde 15 «ildsvælg»:8) 10 stk. 24 punds kanonor og 5 stk. 100 pds. mørsarar.9) Paa hi sida av øyi var det eit vollverk av jord for fotfolket, og med 4 skothol for artilleriet. Utanum var det skansepaalar. (Kort i generalstaben sin kort-samling). Daa batteriet i Helgeroi vart rive i 1815 sende dei 2-18 punds kanonor derifraa til Fugløyi. Der sette dei kanonorne i eit batteri av flettverk. I 1814 hadde artilleri-stabskaptein Jacob Rørdam kommandoen yver batteriet. Kanonorne tok dei burt kring 1830. Øyi vart seld i 1880 for 100 krunor til kommandanten i Stavern, kommandør Finn Wedel Jarlsberg. Han gav ho til brorsonen sin, Georg Wedel Jarlsberg, og denne hev seinare avhenda øyi til minister Fritz Wedel Jarlsberg.

Fugløens batteri.

Ute der, hvor himmelhøit,
sjøen gaar med skum og sprøit,
blot og bart for alle vinde
hæver sig et fædreminde,
stod, for værget ned blev lagt,
kjækt om fædrelandet vakt!

Heist i hine haarde dage,
da man hørte britten brake,
tordne løs i alle sund,
hærje vildt paa Norges grunn,
reist av mænd med jern i armen,
staalsat vilje, mod i barmen.

Reist til værn mot ham fra vest,
ham, den røve-vante gjæst,
ham, som saadde ufredssæden,
heiste kampflag under freden,
ranet sig ved vold og brand
seier over fredet land.

Han, som laa paa lur derute,
kapret skute efter skute,
splintret sønder skrog og mast,
sænket deres dyre last,
tok den sidste krumme brød,
medens tusen skrek i nød.

Intet flag fra skansen vaier
som i hine ufredsaar,
ingen af de brave fædre
mere vakt paa volden gaar.
Men i sprøiten langt derute
paa den tause, nøkne ø,
staar de der, de gamle mure,
stirrer vide over sjø ...

(H. R.)

Naar talen er um strandvernet, so vart folkevæpningi skipa i fjordkrinsane 1804. Aalmenne forskrifter for borgarvæpningi i byane fekk me alt i 1801. Strandvernet i 6te division 1814 var paa umkring 700 mann, Divisionsdistriktet gjekk fraa Skien heilt til Sannikedal prestegjeld, ytste enden av Bratsberg amt, vestanfor Kraakrøy, og stod under kommando av yvertollar Magnus Biergdahl i Breivik. Samlingsplassane var: Bratsberg gard, Enggrav gard, Niels Aalls jorde ved Øystre Porsgrunn, Eidanger kyrkja, garden Langangen, garden Bjørndalen i Solum, batterii i Breivik, Herrebakken, «Doktorjordet», Eik gard, Utgarden, Rørholt, Kjørestad, Torstvedt, Mo i Bamle. Langøyi, Kastum, Skaatøy, Ørevik, Kiil, batterii i Kraakrøy, (Sannikedal prestegjeld). Etter ein order fraa februar 1808 skulde strandvernet ha øvingar kvar sundags ettermiddag i 1 til 2 timar. Ein stad i landet klagar dei yver byrsorne aat strandvernet. Dei bev «usle laase, der gjør, at skuddet ikke uden efter flere ganges klikken afgaaer.» Ein annan stad hadde dei berre halvparten so mange skotvaapn som spjot.

Baade i Kraakrøy, Skien og Porsgrunn var det borgarkorps i ufredsaari. I Kraakrøy var korpset 180 mann i 1801 og 135 mann kring 1814. Kaptein og førar H. G. Tønder. I Skien var det 231 mann i 1801 og i 1805, etter melding fraa chefen, Peder Flood, eit kompani paa 98 mann: 1 kaptein, 2 løytnantar, 1 kornet eller fændrik (fanjunker), 4 underoffiserar. 5 spelmenner og 85 tenestføre borgarar (54 godt eksera, 31 uøvde). Av deim hadde 60 byrsor med bajonet. Kaptein: Peder Flood, premierløytnant: Real Petersen Ording, Sekondløytnant: Paul Schythe og fændrik: Marcus Barnholt. 3 off., 4 underoff. og 30 borgarar hadde mundering, som saag slik ut: grøn kjole, svart krage, gule kantar og knappar, gult underfôr, straagulebuksor. I 1814 hadde Skien 1 kaptein, 2 løytnantar, 4 underoffiserar, 1 trummeslagar, 6 i musiken og 105 mann fullt væpna («borgerskabet personligen i deres fulde gevær»), som det heiter.

I Porsgrunn finn me som borgarkaptein eller stadskaptein, storhandlar, seinare Eidsvollsmann, Jørgen Aall, ein varm fedralandsven.10) 5te septbr. 1807 gjekk det eit skriv fraa Bratsberg amt til prins Kristian August med søknad um aa faa fraa Akershus vaapn-upplag «50 stkr. til afbetjening ved organisationen af et korps let infanteri i Porsgrund, som og at fra de nær angrænsende telthuse udi Solum, Gjerpen og Eidanger maatte udlaanes 150 stkr. landeværns-geværer til afbenyttelse ved den indvortes bevæbning udi stederne udi dette tolddisrikt tilligemed det befalede antal skarpe patroner.»11)

I byane langs med havstrandi var dei daa budde paa aa taka imot engelsmannen, og av gamle skriv ser me, at vardane var i bruk baade i 1807 og 1814. Eit skriv fraa Oslo av 19de april 1813 luar so: «Da det kunde være muligt, at en træsk fiende mod formodning ville øverfalde og angribe Norge, saa er det af yderste vigtighed, at samtlige varder sættes i fuldkommen stand og bevogtes.» I ein order fraa regiments-kvarteret i Stavern av 24de april til eit av dei telemarkske kompanii stend det: «Saa snart signalet af de tændte varder sees, eller express ordre heffra indtræffer» o. s. b. Og 4de mai 1813 kom det order til «Tindske jæger-kompani» um aa gjera seg ferdugt «ifald baalene blive tændte som signalet til opbrud.»

Den 23de oktbr. 1808 um kvelden saag dei fraa Stavern ein brigg, som høyrde fienden til, styra inn Langesundsfjorden. Det var ein engelsk kutter-brigg paa 18 til 20 kanonor, som i fleire dagar hadde kryssa utanfor Stavern og freista narra losar umbord. Briggen ankra paa vestsida av Arøyi, tett attmed Helgeroi, og dreiv paa med aa lodda. M. Bille, kaptein-løytnant paa lineskipet «Prins Christian Frederik», vart i kveldingi send til Helgeroi, og den 24. oktbr. i dagspretten rauk dei norske paa engelsmannen med 5 baatar. Sjølv rodde Bille imot briggen med 2 baatar, sluppen «Kjøge» og jolle «Nr. 2», nordanfor Arøyi. Løytnant Dorn med 3 baatar rodde sunnanfor same øyi, medan briggen samstundes fekk ei salva fraa 36 jægerar iland. Desse jægerarne høyrde til eit kompani, som laag fraa Nevlunghamn til utum Hummarfjorden som side-styd for artilleriet. Dette var sett upp her for aa skjota utyver heile fjorden. Daa briggen no hadde fiendar paa tri sidor, kappa han anker-toget og hadde seg undan so svint han berre kunde. Men baatane sette etter ei mil tiljøs, til burt imot Jomfruland. Briggen hadde god vind, og dette var til hjelp for honom. Dei skaut paa einannan utetter. Ingi skot raaka kanonbaatane, men av briggen saag dei mange tre-stykke, flisor og kanonportar reka ikring paa vatnet. Det synte, at kanonbaatane hadde skote godt. Jægerarne iland skaut mange engelske matrosar, daa dei heisa segli og vilde gjera briggen seglbudd. Dei saag ein engelsk brigg lenger ute og. Bille gjekk attende til Stavern og fekk order um aa vera der og vakta sundet ved Jomfruland.

Eit brev til utgjevaren av bladet «Efterretninger og Opmuntringer angaaende de nuværende Krigsbegivenheder», prenta i Oslo, luar so:

«Min herre!

Brevig d. 31te oktober 1807.

Ved at opfiske det anker og tov, som den engelske brig, der blev angreben af kanonbaadene under capitain Billes commando, kappede fra sig, er man bleven overtydet om, at det var en kongelig brig. Da nu en officier med fire mand fra denne brig, som var udsendt for at lodde, har røvet fra lotsen Christen Gutterøen, i hans baad (imedens denne mand flygtede op i fjeldet, af frygt for at blive tagen) en søekavai,12) et par langbuxer og en tegnebog med 4 rdl. udi, kan man heraf vide, hvor megen tillid man kan sætte til en deel af de engelske officierers ære. Lotsen har forsikret mig, at der var en officier med i baaden, og jeg kan saaledes indestaa for sandheden.

H. B. Holm.
Maanedslieutenant ved batterierne i Brevig.»

10de august 1809 vart ein engelsk kaperbrigg «Allart» teken av nordmennerne utanfor Stavern. Denne briggen hadde engelsmennerne røva i Kjøpenhamn 1807. Chefen for smaaskipsflòten i Stavern stemnde mot briggen med tvo kanonsluppar, «Harald Haarfagere» og «Fredriksværn», og fienden strauk flagget ein time etter. Millom dei saara var matros paa «Fredriksværn» nr. 62, Søren Clausen fraa Barnle. Han misste haae laar og døydde etter slaget.

Me tok 2 orlogs-briggar, 1 orlogskutter og 107 handelsskip fraa fienden i desse ufredsaari.

Tillands var telemarkingane med i bardagen ved Killingmo og Toverud 19de april 1808.

Paaskedag 17de april hadde den svenske greive Axel Mørner med 100 liv-grenaderar, 50 Upplandske jægerar og ein tropp husarar sett seg til i Blaker skans, som korkje hadde kanonor eller garnison. Bataljonen «2. Akershus-Telemark» laag midt imot Fetsund, Eidsvoll jægerkompani midt fyre Blaker, og prins Kristian August gjekk sjølv mot Høland med 2200 mann. Mørner kunde no lett koma i knipa og kjende seg ikkje trygg. Um morgonen den 19de april kom det 80 mann svenske livgrenaderar fraa Høland og skulde hjelpa Mørner, men ved Killingmo møtte dei ein norsk styrke. Eidsvollsmannen Paul Thorsen Harildstad, som var med, fortel i eit brev til skyIdfolket sitt, dagsett 23de april 1808, at daa dei norske 19de april var so nær Urskog, at dei kunde sjaa noko av bygdi, høyrde dei 7 skarpe skot ein fjordung veg undan. «Det var,» skriv han, «af de telemarkiske skarpskyttere, som traf en svensk patrulje og skjød i det samme hesten fra en kjærre, tilhørende den svenske løitnant, som førte patruljen. Og da vi fik høre, at fienden ikke var Iænger borte, maatte vi, skjønt vi var meget udmattede, marschere strækben, til vi kom der, hvor den nævnte hest blev skudt: det var ved en gaard, som hed Killingmoen.» Skarpskyttarane vaare fekk hjelp av grenaderarne, som lagde seg i skotmaal paa baae sidor av vegen. Svenskarne maatte no draga seg attende til Høland. Dei hadde eit tap paa 2 drepne, 1 fanga og 12 saara. Under striden synte ein grenader i 2det kompani av «Telemarkske», nr. 23, John Larsen, at han ikkje var blaut av seg. Han gjorde regimentet æra og bar seg mannsleg aat. Han er nemnd millom dei modigaste og djervaste mennerne. Larsen fekk eit skot i hovudet, so han stupa og vart liggjande hardt saara. Kammeratarne vilde hjelpa, men han bad deim lata honom liggja og vilde ikkje hava hjelp, fyrr fienden var drive burt. Han mana deim til aa gjera sin skyldnad og strida for konge og fedraland. Dette vitnar divisions-kommandøren, kaptein v. Budde, og dei 4 grenaderarne: Ener Berruldsen, John Gundersen, Ole Gundersen og Isak Jensen. Den djerve grenaderen vart danebrogsmann 13. august same aaret etter søknad fraa Lowzow til prinsen. Under krigen vart 48 undergjevne utnemnde til danebrogsmenner, og 10 offiserar til riddarar av same ordenen. Prinsen var elles sers var med aa etla ut heidrsteikn. Danebrogskrossen var av sylv og skipa 28de juni 1808. Han hadde til innskrift ordtaket «Gud og kongen» og aarstali 1219, 1671, 1808. Desse tali kunngjorde, at ordenen vart grunna af Valdemar den Sigrrike, og at han hadde vore nya uppatt og auka av Kristian den 5te og Fredrik den 6te. Ein danebrogsmann hadde krav paa aa verta helsa av einsleg skildvakt med aksla byrsa. Som menner, sermerkja av kongen, skulde dei allstad utanfor tenest verta rekna for og stelt med som dei fyrste millom deira jamningar.

Grenader nr. 23.

Hans namn i soga finnest
blant menn av fyrste slag,
ved Killingino - eg minnest -
det var hans heidersdag;
der ser dei guten strida,
til han i marki fell,
med karar attmed sida
som løytnant Schleppegrell.

Fraa Fetsund Ditten stemner
imot ein greive-fark
- dei Mørner namnet nemner
med tropp av «Telemark»;
han breidd byrg med magen
den greiven høg og gjil';
«I Oslo «tridjedagen» 13)
jag frukost äta vil!»

I Urskog, frampaa moen,
der small det skot i skot,
for norsken brann som gloen,
no hadde «teft» han faatt:
men best som byrsa dunde,
dei saag ein unggut staup
og høyrde tungt han stunde,
med blod fraa hjassen draup ...

Dei vil den særde taka,
men høgt so gjeng hans barm,
han vinkar deim tilbaka
og ropar yr og varm:
«Gakk paa no, norske gutar,
so skyldar kvar ein mann
- i blod han panna lutar
mot konge og mot land!»

No siste storm dei rende,
og «fram» i hornet bles
med kula dauden sende,
so svensken laup i snes;
lik foss um vaaren fløymer.
eit «hurra» høgt i kor
mot teleguten strøymer,
som ligg paa vaarkald jord.

Ein sylvkross paa si bringa
han tidt i kyrkja bar,
i silkeband det svinga,
fraa «Gustenborg» det var!
Ja, vil oss nokon truge,
og kjem det atter stri'.
daa ininnest «triogtjuge»
av Dittens kompani.

(H. R.)

Etter striden ved Killingmo gjekk nordmennerne til Urskog og tok stilling ved Toverud, ein gard midt i bygdi. Mørner kunde no lett koma ut for eit aatak i ryggen fraa Blakersund. Her laag det ein norsk styrke, og han rømde difor um ettermiddagen skansen for aa gaa attende til Haneborg. Han var innum paa Urskog prestegard og vilde hava deim til aa syna honom ein beinveg. Tett attmed prestegarden gjekk det sagte ein vinterveg, som svenskarne kunde ha nytta og soleis kome undan nordmennerne. Men presten lest, som han ikkje kjende til dette. Mørner hadde daa ikkje onnor val enn aa fylgja storvegen og freista slaa seg igjenom.

Ved Toverud, hadde dei norske budd seg godt. Her stod musketerar av «Oplandske» og grenaderar av «2. Akershus-Telemark» tvert yver vegen. Av vogner, sledar og annan gardsreidskap hadde dei laga eit stengje for det svenske hestfolket. Bak stengjet laag musketerarne med byrsorne reiduge, og ut til sidorne sat dei Akershusske dragonarne og venta paa aa hogga inn, naar det baudst. Det var kolande myrkt. Difor fyra nokre faae mann um gongen, soleis, at andre kunde sigta, naar sidemannen skaut. Nordmennerne bia i seks timar i snjo og vatn, og klokka 11½ um natti sette dei Mørnerske husararne inn paa deim med sablarne sine. Men det var berre aa storma imot ein mur av bajonettar. Dei norske dragonarne gjekk paa husararne som ei føykja og jog deim attende. Daa telerne og dei andre fyrte, vart det liggjande drepne og saara soldatar og daude hestar kring i snjoen, so nordmennerne snaava i deim baade her og der. Skriki fortalde, at det laag menner og blødde i snjofennerne. Stridsropet aat dei norske ved Toverud var: «Hald ihop, karar!» Ved midnats leite tok krutet paa og traut for nordmennerne, fortel ein tambur, som var med.14) Daa kom det springjande ein underoffiser. «Dei ropar paa munisjon» skreik han. «Det er raad til aa faa det», sagde tamburen, for han saag, det stod att ei krutkjerra, som aasen var avkøyrd paa, etter akershusingom. Han tok eit grev laag der, og braut utor laaskingen, og daa han hadde teke nokre pakkor, slo han honom att-i, so det synte ikkje ein gong, at kjærra hadde vore upp-havd, Men svenskarne skaut, so det kveste ikring honom, for kjerra stod beint imot kjøkenglaset, og det lyste inne, so dei saag honom so for vel imot ljosken. Ein offiser ropa til tamburen, at han laut vara seg. «Men det var rart, segjer han, me kom ikkje ihug slikt daa; ved Killinginoen derimot var me illhyfsne15) alle saman.

Um Mørner fortalde tamburen, at han reid paa ein raudblakk hest. Ein trompetblaasar fylgde honom paa ein uvanleg diger gamp og bles paa trompeten. Tamburen sette fraa seg trumma ved bror sin og tok imot hesten og stod og heldt honom i beislet. Hovudlaget var tett sett med «ormehovud», fortel han. Mørner spurde etter den høgste herføraren og bad tamburen henta honom. Ein ung offiser tok imot sabelen aat Mørner, men han hadde aldri tenkt sagde han, at han skulde fli honom fraa seg aat ein «poike».

Ein tinndøl, Torger Jonsen Lislerud (Lofthus), var med ved Toverud som meinig soldat. Daa ein svensk offiser stupa for ei kula, tok Torger pistolen fraa honom. Torger hadde dette vaapnet med seg heim, og det skal enno vera i ei samling i Telemarki. Det laag fleire tinndøler attum laaven. Ein av deim, ein halvmaaneblaasar, som høyrde heime paa Maaremsrud, vart skoten. Han gjekk burt paa hyrna av løda og vilde kika. Kammeratarne bad honom agta seg for kulorne, men han svara: «Aa, hu tek ikkje meg!» Snart etter laag han der. Striden stod paa 1½ time. Nordmennerne fanga 112 grenaderar og husarar, 6 offiserar og noko trossmannskap. Dei tok dertil sju las med føring og mat, mange byrsor og 28 gilde hestar. Av dei svenske kom berre 1 løytnant og 6 grenaderar seg undan. I denne bardagen og i striden ved Killingmo skilde Schleppegrell seg ut fyrste gongen, so folk laut leggja merke til honom.

Det heiter, at daa dei svenske offiserarne drog inn i Blaker skans, sagde dei, at um tri dagar skulde dei staa paa Akershus. Det vart og slik, men paa ein annan maate, enn dei tenkte. Daa dei førde fangarne fraa Toverud gjenom gatorne i Oslo, var det stor gleda millom folket. Greiv Mørner budde over eit aar som krigsfange ei tid i Skien og ei tid paa Ulefos hjaa den gjestmilde Nils Aall, han som sidan vart riksraad. Mørner og dei andre som var fanga, vart send til Skien og der ikring 28. april. Dei skulde vera der paa sitt æresord. Greiven tala 30 aar seinare med takksemd og gleda um den gode medferdi, han fekk her. Han spurde etter venerne sine og sagde, at det var dei lukkelegaste dagar, han hadde livd, daa han var krigsfange i Norig. Dei fanga svenske offiserarne kom inn i dei beste borgarheimane i landet.16) Mørner var noko av ein kunstmaalar, og dei nytta honom til aa pryda ein sal hjaa Aall med veggbilæte. Han foor, so vidt ein kann sjaa, heim til Sverike paa æresord i august 1809.

I eit brev til Staffeldt skriv prins Kristian August 22, april 1808 millom anna: «Ein bataillon Opland und grenadier-bataillon vom ten Agershus und Tellemarken haben diese affaire sehr muthvoll und rasch beendigt». Ein bataljon av Opland og grenader-bataljon av 2det Akershus og Telemarki hev end denne striden paa ein snar og djerv maate). Prinsen og i ei melding, at dei norske ved Toverud synte, at dei var modige og herduge, som det sømer seg rettelege nordmenner. Han sette dei jamhøgt med dei stridsmenner, som hadde tent lengst, ja maahenda høgare. Fyrste gong dei var i elden og um natti heldt dei god orden, og ein og annan saara, som hadde fenge skot i armen og leggjen, gjorde tenest likevel og vilde ikkje, at nokon skulde røyra deim, fyrr striden var slutt.

Den stova paa Toverud, som vart bruka til lasarett, er no skrivestova aat bankkasserar G. Toverud. Toverud ligg utifraa vænt med utsyn yver bygdi til alle sidor. Bygnaden er truleg uppførd i 1806 og var daa paa ei høgd. Han er av svært timbr og i øvre stokkverk fann dei for nokre aar sidan tri runde riflekulor, som eg fekk sjaa, daa eg vitja garden. Den eine hadde gjenge tri tumar inn i veden, so dei maatte hogga ho ut, fortalde Toverud. Ei onnor hadde fare imot ein kvist og slege seg flat. Dei var alle tri heller store. I eit bjørkeholt attmed garden hev dei og funne fleire byrsekulor fraa ufreds-tidi.

Prinsen segjer um Toverud: «Soleis hev daa fienden for det fyrste fenge eit prov paa, at det ikkje vert so lett aa tvinga nordmannen, naar han vil verja fedralandet med same aand og kraft som forfederne.»

Mørner paa Blaker.

Gjenom Romerik «retræten» tonar,
- aust paa grensa gjeng det døn i døn -
ute er dei norske bataljonar,
hardt dei strida maa for sigers løn;
Eidsvoll jægerkor tek post ved strandi,
nett der Glaama renn ved Blaker-sund,
rifla ligg dei ladd og stødt i handi:
sonevakt for heim og odelsgrunn.

Paaskebod i morgonluft det ringjer,
Blakerbygdi sov i heilag fred ....
inn i skansen ein husartropp svinger,
svenskegreiven Mørner han er med!
«Slik med baggen vi paa svenska talar
- sit i sadlen byrg med smil um kinn -
her som kommandant jag nu befalar,
og paa Akershus jag snart rid inn!»

Men mot Høland «Gustenborg» seg vender,
greiven i ei klemma vil han ha,
Darre han med bod til Lowzow sender:
«Slær du til, so veit eg det gjeng bra.»
fram ein tropp mot Urskog! - no det røyner
- krut paa «panna», flinti er istand -
attmed Toverud dei snøgt seg løyner,
gutar ifraa Telemark og Land.17)

Fram dei bruser, Mørnerske husarar,
hundrad riflor peikar deim imot,
tett paa lina ligg det trauste karar,
vill'kje gi av Norigs jord ein fot
og med verja høgt, so blankt det glimtar,
full av harm og manndoms glod i sinn,
som ein stormvind du i notti skimtar:
Akershus dragonar kvasst høgg inn!

Lite det for svenskegreiven munar,
snøen raudnar, medan skoti smell,
hest og herfolk dett, so marki dunar,
det er utrygt millom norske fjell;
fram aanyo - att med blodutt panna,
musketéren som ein jarnmur stend,
stolt han heidrar regiment og fana,
vaktar trufast fedragard og grend.

Gjenom Romerik «retræten» tonar.
Mørner gjev si verje, myrk og vreid,
ute er dei norske bataljonar,
bra dei held til «Gustenborg» sin eid:
Svenskegreiven raade Norigs rike? -
rifla ned av vegg kvar frilyndt mann!
- Kjem han att, eg veit, du vill'kje svike,
gut fraa Aker, Telemark og Land.

(H. R.)

Fændrik Møller av Teleregimentet fekk riddarkrossen av Danebrog for «mod og manndomsam aatferd» 12. septbr. 1808 ved Berby. Han vart skoten gjenom høgre handi og er umtala sers godt i ei melding fraa major Krebs. Mange offiserar, majoren sjølv, fændrik Møller og fleire var under striden so langt inne i lina aat fienden, at svenskarne ropa: «Ikkje skjot deim, men tak deim!» Men likavel vart ingen fanga. Møller vart sett til sekondløytnant ved Hitterdalske kompani 1809, daa grenaderbataljonen kom attende til Stavern. Samstundes vart Schleppegrell sett til premierløytnant ved Bamleske kompani.

I eit skriv fraa general-major Holst til prins Kristian August, dagsett Skjeberg 9. mai 1809, heiter det, at «ved Svinesund er idag overkommet 7 norske i svensk fangenskab værende soldater, hvoriblandt 2 af Tellemarkske reg. skulle hjemsendes til deres brigade.»

    Noter:
  1. Matmose.
  2. Kornmaal, 1/6 av ein fjordung (1/24 tunne), men og rekna for av den tunna, me brukar no, da det gamle tunnemaalet var større.
  3. Middagsmaten.
  4. Under ferdi.
  5. Store skutor med segl og aarar.
  6. Staden kallar dei «batteriet» den dag idag.
  7. Grüner: «Norges Befæstninger».
  8. Grüner: «Norges Befæstninger».
  9. Stuttvorent, svært kasteskyts.
  10. «Porsgrunns ungdomslag» reiste denne heidrsmannen ein væn bauta 17de mai 1901 paa kyrkjegarden i Øystre Porsgrunn. Der er han gravlagd.
  11. Paa Osebakken i Porsgruun var det ei jordvidd, som eldre folk kallar «mønstreplassen» (Jebe-løkka). Det er ende attanfor der, oberst Jebe eingong budde, og staden kann gjerne ha vore øvings-plass for borgar-korpset. Det er og ein stad i Porsgrunn, som fraa gamalt heiter «tambur-plassen». Al borgervææpning vart uppløyst i 1881.
  12. Kappaa med stor krage. (Merknad av forf.).
  13. Tridje dag paaske.
  14. «Um slaget ved Toverud.» Johannes Skar i «Syn og Segn».
  15. Illhugnad,
  16. Faye: «Krigen i Norge 1808».
  17. Musketerar av «Oplandske regiment».
Utdrag (s. 70-110) fra:
Hans Reynolds: Telerne i den norske her-soga
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen