Fra: Tilsjøs og iland

Dei gamle Kanonor

Eit 17. Mai-Minne fraa Gutedagarne

av Hans Reynolds

Det var ein av Skulekammeratarne mine, Petter Sköi, dei kalla, som var Upphavet til, at me Gutar fekk Tak i dei største Kanonorne i Byen og dundra iveg med deim den syttande Mai.

Det laag tri av desse lange Beisti paa ein av Vervarne. Dei var vel sine gode tvo Meter paa Lengdi og hadde venteleg høyrd til ein Langvegsfarar. Vanlege Skip var jo reid ut med Vaapn fyrr i Tidi av Umsyn til Sjørøvarar. Eg kan godt minnest, at det var Skutor heime, som hadde baade Sablar og Byrsor umbord. Det var ogso sagt, at Kanonorne var ifraa ein hollandsk Orlogsmann, som var innkjøpt til Handelsfart. Dei bygde forresten Kanonjollar heime i Krigsaari 1807-14.

Me Gutar leika mykje dernede paa Verven. Der lauga me oss, og der var det Moro. Me sat tidt nakne paa dei gamle Kanonorne og sola oss, og daa vart dei mynstra fraa alle Kantar. Fengjeholet og Røyret var stappa til med Mold.

Som me lura paa, kor langt no desse Kano norne hadde vore ute i Verdi - dei hadde nok set baade Gule og Grønne, meinte ein - so sa Petter: «Dei skulde me ha og skjota med den syttande Mai, Gutar. Dei kann de tru' vilde smella godt!» Gutarne lo og la til, at det nok skulde vera Greidor, men del var ikkje so gode aa faa Tak i. Dei var nok dyre slike. Og so tala me ikkje meir tun det. Men Tanken var komen fram.

So ein Dag høyrde me, at tvo Gutar, Brøder, paa same Kanten av Byen hadde fenge Kanonorne for nokre fine Duvor, «Tummultar», me' kalla. Seljaren budde paa eit gamalt Herresæte ikkje so langt undan og var uvanleg glad i Duvor. Han hadde ogso i Mengdevis av deim. - Dette «Kjøpet» var noko, som sette Liv i Guteflokken, og endaa um det ikkje var same Batteriplassen, som me bruka aa skjota ifraa, desse Kanonorne skulde til, maatte me vera med her. Og slik vart det og, for det kosta Pengar aa faa Kanonorne upp i Aasen, og so skulde det ikkje lite Krut til hell.

Alt gjekk framifraa. Det vart ei Krona paa kvar, og det var nok ikkje lite. Men dei fleste av os dreiv «Forretning» i den Tidi med aa sanka Bein og Tomflaskor og anna, so me greidde Biffen. Og de kann tru, det yra med Gutungar nede paa Bryggja, daa Kanonorne skulde avstad. Eigarane var eldre enn oss, og me maatte vera glade, berre me fekk sjaa paa.- Endeleg fekk dei daa pinsa den eine «Jarnsluggen» upp paa Steinvogni, Hesten spende i av all si Magt, og so bar det upp igjenom Gatorne med ei «Oskereid» av Gutungar etter. Kjerringane stod paa Trammane med Henderne yver Magen og sa «Jøssenam», andre krossa seg og meinte, at det spøkte imot noko, det skulde dei baade faa høyra og sjaa! Ungarne no for Tidi var 'kje til aa styra, dei fekk gjera plent, som dei vilde.

Men Gutarne skreik Hurra og skauv paa, og sume saag upp imot Aasen, der Kanonorne skulde liggja med Mularne ut imot Byen. Dette var den største Dag, dei hadde livd, tenk, at det verkeleg var sant, at dei skulde dundra deruppe! ... Det var seigt upp igjenom den bratte Bakken til «Skottet», men so gjekk det tolleg lett innyver Skogen. So ljosna det millom Granorne, og del var framme. Den andre Kanona kom same Kvelden ogso paa Plass, men den tridje hadde sigi so langt ned i Bryggja, at ho nok fekk vera, der ho var.

Fem av Gutarne hadde vore hjaa Lensmannen i Gjerpen for aa faa Lov til aa skjota (for Skjoteplassen var i Gjerpen), men han sa, at del maatte venda seg til Futen. Dei so gjorde, men han var 'kje heime, han var til Frukost hjaa Cappelen paå Klosteret. Gutarne dit og spurde etter Futen, og han kom ut med Salvéten under Haka og tala med deim. «Berre skyt, Gutar», sa han, «men ikkje skamskyt dere». Han la ogso til, at dei smaae Kanonorne kunde dei skjota med so tidleg, dei vilde, men dei store maatte dei ikkje taka til med fyrr enn Kl. 6 um Morgonen. Daa Gutarne bad um aa faa det skriftleg, sa han, at han skulde sende dei det i Posten. Skrivet fraa Futen gøymde dei i mange Aar.

Den sekstande Mai um Kvelden var alt iorden. Ein Handverkar, som eingong hadde stae ved Artilleriet i Kristianssand, hadde lova aa hjelpa til med næste Dag, og fleire Dunkar med Minekrut og Luntor og Ladteinar laa ferdig. Me var uppe og saag paa det mange av oss og var fulle av Venting, som rimeleg er. Det var onnorleis dette Aaret, enn det fyrr hadde vore millom Gutarne deruppe og oss. Ellers var det eit Kappestræv utan like for aa faa Tak i Kanonor, som kunde «svara» deim uppe i Aasen, for «Storeskott» hadde vore Skjoteplass fraa gamalt. Men iaar var me «Parthavarar» og berre hugvarme for, at dei nede i Byen, paa Kyrkjehaugen, «Haugs-Koparne», me kalla, kunde korna til aa liggja tvillaust under. Det hadde tidt vore Strid i Flagtoget um, kva det var for Kanonor, som hadde smala best fraa Morgonen av, og denne Ordstriden hadde ikkje so sjeldan ført til ein blodut Nase elder tvo. - «Men høyrde de det Skotet fraa oss Klokka fem, det svara ikkje dere!» o. s. b.

Dei paa «Storeskott» hadde elles vore, betre enn oss i de tri siste Aari, det maatte me nok diverre gaa ved, og iaar var dei sjølvsagt heilt ovarpaa, men det hadde me hjelpt til med. Berre må i øvre Bydel ikkje laag under for «Haugs-Kopen», var det ikkje so faarlegt endaa, for dei dernede var so bøse! Tingen er den, at dei paa «Storeskott» for tri Aar sidan fekk Tak i ei Staalkanonå, som ingen greidde «svara». Det var ein Aksel, som var bora ut, og den small, so det var eit Syn. Me kunde strakst høyra, at det var den. Og dei kunde lada honom so hardt, dei vilde, sa dei, han sprang ikkje.

Eit Aar hadde me vore ovanpaa. Det var, daa me fekk laant Kanona paa Bark «Gladiator», men det var berre det eine Aaret. Sjølve meinte me det, at me hadde fenge ei tolleg god Kanona til denne «Syttande» og Ho var forresten sprengt fyrr, og me fann ho nede paa Hansens Verv, men me fekk berre Smeden til aa setja ny Baktapp i. So var den Ting all right.

Syttandemai-Dagen rann fin og blank. Det var ein herleg Morgon med Gull i Aasarne og Knatting og Skyting heilt ifraa Klokka tri. Det hadde nok gjenge eit Skot ender og daa heile Natti, for aa «reinska» Kanonorne, men daa me Gutar var samla burte i Garden til Andersen ved Tri-tidi, gav det Atterljom i Aasarne baade her og der. Me hadde fenge laant ei stor Trillebaar, og upp-i den langa dei no ifraa Vedskjolet fyrst Kanona fraa Hansens Verv og so ein Brote med andre Skjotegreidor, den store Lykelen til ei av Sjobuderne (spikra paa ein Trebite), gamle, avkutta Byrsepipor og anna. Dessutan ti Flaskor Brus til Kanon-Mannskapet. Mange av oss hadde rettelege Pistolar til Kr 1.25, som me hadde kjøpt i Grannebyen, og del ladde me med Driv sume Tider, og daa smala det vakent.

Naar eg nemner desse Pistolarne, kjem eg ogso til aa minnest Petter Sköi, Daa me skulde upp og kjøpa deim, gjekk Petter og ein annan inn paa «Veslehuset» paa Baaten og stod der baade paa Upp- og Nedturen. Eg saag Talskiva paa Petter fleire Gonger i Gluggen, han trengte frisk Luft, var det likt til, men han spara tretti Øyre paa ag staå der. Eg var Son til ein Sjømann og betala til den gamle Kapteinen baade att og fram, eg tykte ikkje, eg kunde fylgja min Ven Petter her. Men eg veit, at eg var livande rædd for aa sjaa burtimot W. C., so lenge eg var umbord ...

Petter hadde Pistolen sin ladd, men aa løysa Skot tett attmed Husveggjerne so tidleg utn Morgonen, var det vel ingi Meining i. «Blaas! sa Petter, «Det er den syttande Mai idag, og dei treng jamen aa koma seg or Halmen», og so braka det laus tett utfor Glase til Lars Postmann, so me høyrde, dei tok til aa smaasnakka derinne. Eg, hadde havt eit Band um Armen og burt i Sengestolpen um Natti, av di eg var rædd for aa forsova meg, og hadde mest ikkje havt ein Blund paa Augo, men det var det same. Pistol og Skytety laa ferdig paa Stolen ved Sengi, og eg var halvvegs paaklædd, so det gjekk fort aa koma seg paa Føtom og burt i Andersens Gard. Fyrste Skotet vaart gjekk Klokka fire, og den fillute Kanona fraa Verven small godt. Pipa til ei gamall Soldaterbyrsa, tjukk og tung, var det ogso ein faarleg Smell i, so me var'kje so verst iaar me hell! Burtimot Sekstidi saag Gutarne fulle av Venting upp imot «Storeskott». No var det ikkje lenge att.

Paa Slaget seks høyrde me Musikken. «Sønner av Norge!» sa Petter. Elt Glimt i Skogen, eit Skrell ... og dundrande Hurraer deruppeifraa, so det svara i Aasarne, eit til ... for Federne paa Eidsvoll! Det var Skot det, Gut! Jøye meg for Smell!!

«Fyr her!» skreik ein imot oss, «denne Vegen!» Horni blinka i Morgonsoli, og Trummorne gjekk, og atter høyrde me del kjære, kjende Tonar

Fædreneminder
herlig oprinder ...

Bum! Bum! -

Me flaug innyver Jordet, so Søyla skvatt, flaug for Livet ... jarnbitarne fauk kring utn Øyrd paa oss som Kvepsar og klassa ned i Marki. Me tok Teigarne i elt Sprang og kom oss bakum Laaven i ein Fart. «Baktappkanona» hadde sprungi i hundrade Bitar, men ingen var skadd! - Hurra! «Tvi Flesk, kor eg flaug», sa Petter, han turka Kaldsveitten av Panna. «Det var Morro au, men Lunta var for stutt».

«Drekk Brus daa, Gutar: Eg er tyrst som eit Svin», sa Mikko og greip i Trillebaara. Og Proppane small. «Jammen er det Morro», sa Anton. «Skaal for Tordenskjold!»

Klokka tolv gjekk andre Salutten fraa «Storeskott». - Eg høyrde et veldigt Brak og saag Krutringen sviva i Lufti lenge etter. Høyrde ein halv Time seinare, at den eine av dei store Kanonorne hadde sprungi, og at den andre var fornagla og ikkje kunde brukast so snart. (Den sprengde dei forresten den Syttande Aaret etter).

Det var ein, som heitte jens, som hadde tendt paa Lunta, daa Kanona sprang no, vidt han greidde seg, Jarnbitarne og det var so, fauk høgt upp i Grantopparne, og dei slog ned tvo mindre Furuer og det øvste av eit Vedalag, som stod cit Stykke ifraa. Eit Par Gutar, som laag attum det, fekk fleire Vedatre yver seg. Men so var det ogso eit Skot, som hadde vaska seg, for dei deruppe ladde godt. Eit Stykke av ei Skinnbuksa, som dei hadde lagt Krut inn-i, flaug ut i Lufti, daa Skotet gjekk, so ei Kjerring trudde, det var ein Bite av Mannen hennar, som kom susande. «Herregud, der kjem'n», sa ho, Fleire Jarnbitar hadde foke heilt ned til Husi i Bakken nedunder «Skottet», ein var paa 10-15 Kilo - ein gjekk igjenom Taket, og Blomsterkrukkorne skrangla. Kjerringane, som Dagen i Fyrevegen hadde teke Englarne og Gipsbikkjorne ned av Skaap og Kommodar og lagt deim i Dragkistå, sveipt i Tørklæde og Sjal, hadde nok visst, kva dei gjorde. Desse svine Guttingarne. Dei vilde jo drepa Folk! Aa jau, Snakketyet gjekk!

Eg maa med same nemna eit lite Hende paa ein Syttandemai-morgon for nokre Aar sidan. Det vakte tillive att Minnet um Gutedagarne. Eg vakna ved Femtidi ved ein dølen Smell utfor Veggen. Eg laag ei Stund og lydde; so tok det til aa kakka og kakka dernede, og daa opna eg Glaset og kika ut. Paa Grasvollen tett attmed Huset laag det ein Gut paa Kne og ladde ei «Lyklebyrsa». Eg maatte smila, daa eg saag den einfelde Skjotegreida, han hadde. Kor godt eg kjende ho att. Lykelen var fastspikra paa ein Plankesnabb, og so var det Papirbiten med eit lite Hol midtpaa; det skulde liggja yver Fengjeholet. Upp med Krutflaska og so strøya litt «Svart» kringum paa Papiret, Fyrstikka til og so springa undav. Dette var ei Lunta liksom, me bruka istaden for «Trollkjerring», for ho var meir utrygg, tykte me.

Eg bad Guten gjera vel og gaa litt lenger undaf Huset, avdi det nok var sjuke Folk her, og han nikka til meg og gjekk. Snart etter høyrde eg, det small eit svakt Skot lenger burte.

Eg gjekk til Køis att, eg var jo vaksen no og skulde ikkje so tidleg upp lenger den syttande Mai. Men Morgonsoli skein inn i Kammerset til meg, Fuglarne kvitra i Lauvet derute, og det var vanskeleg aa faa sova ...

Naar du les dette, Petter, so minnest du nok med meg, ikkje sant, dei gode, glade Gutedagar?

Utdrag (s. 201-209) fra:
Hans Reynolds: Tilsjøs og iland.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen