Fra: Grønland. Vestre bygdi

Hans Egede og Livs-verket hans

av Hans Reynolds

Svagt tegned' jeg kun Skyggen af en Dyd,
Der lyser end hist i polarisk Nat!.

J. J. Lund.

kujanak suligavit, angut Nôrgimio.
(dvs: Takk for di Daad, du norske Mann)
H. R.

I 1915 kom «Hans Egedes Levnet» paa eskimoisk ved Fr. Lynge. For Minnet um «Grønlands Apostel» eig Hugen hjaa dei Innfødde, ja, er dyrt og heilagt for deim. Og i denne Samanhengen kann det høva aa nemna litt um den gjæve Presten fraa Nordland, han, som hev Æra for, at Grønland paany vart bygd av Nordmenner.

Hans Egede vart fødd i 1686 paa Garden Harstad i Trondenessokni, Prostiet Senja i Nordland. Faren, Paul Egede, var Sorenskrivar i Futedømet Senja, og aatte Harstad. Han var gift med Kirstine Hind, ei Skrivardotter. I 1707 vart Sonen Hans Egede Prest i Vaagan i Lofoten, berre 22 Aar gamall. Same Aaret gifte han seg med Gjertrud Rasch, ei Bondedotter fraa Kvefjord, Dotter til Nils Rasch paa Garden Vebestad. Det heiter, at den unge Presten var ein nevenyttig Kar, og at han sjølv laga Altertavla til Kyrkja. Bispen saag ho, og sa, at ho vart nok altfor fin etter nordlandsk Tilhøve, og kom visst til aa sluka for mykje av dei Pengar, det kosta aa byggja um Kyrkja. Egede svara: Altertavla kostar ikkje noko, for den hev eg sjølv laga. Han var elles sers godt umtykt, og Folk kom lange Vegar, or andre Sokner, og vilde høyra han.

Den Kyrkja av Timbr, som vart sett upp i Vaagan i 1714, daa Hans Egede var Prest der, flutte dei til Værøy i 1798, for daa fekk Vaagan ny Kyrkja. Og det gamle Gudshuset, som Egede hev preika i so mang ein Gong, stend paa Værøy og vert bruka den Dag idag.

Daa Egede hadde vore Prest umlag eit Aar, kom han paa den Tanken aa fara til Grønland. Han fortel um dette:

«Anno 1708 in Oct. omtrent, da jeg endda nylig var ankommen til Vogens Prestekald udi Nordlandene, der jeg en Aftenstid i Tusmørket gik for mig selv paa Gulvet, faldt mig ind, at jeg en Gang for lang Tid siden havde læst udi Norgis Beskrivelse, ogsaa om Grønland, at der sammesteds var Christne samt Kirker og Klostre».

Han skreiv no til Verbror sin, Nils Rasch i Bjørgvin, som sjølv hadde fare paa Grønland. For det var mykje Fart der ifraa i den Tidi. Umlag 50 Aar fyre, Egede fór til Grønland, dreiv Forretningsfolk i Bjørgvin Kvalveiding der burte.1) Grønlandshandel og Kvalveiding vart fraa 1690 ogso drive fraa Kristiansand, Arendal, (Øster-) Risør, Mandal og Flikkefjord. Egede fekk vita av Rasch, at paa Vestsida av Grønland livde det berre ville Folk, men paa Austsida, der Nordmennerne eingong budde, kunde ein ikkje koma tillands no for Drivis.

Han grunda meir og meir yver dette Spursmaalet, og han skreiv m. a., at «denne Relation virkede udi mig en hjertelig Commiseration over disse arme Menneskers elendige Tilstand -». Han vilde gjerne hjelpa deim og «syntes, man var hertil i Særdelished forpligtet, i henseende, at de, som jeg tænkte, baade havde været Christne, som ogsaa vare af Norsk Folk og Extraction, og deres Land under Norges Krone beliggende». (Relation, Kbhvn. 1738).

Korleis Egede sistpaa kom til aa fara til Grønland, er ei storfeld Soga um Brennhug og Offer og Liding og usvikeleg Trott, naar det gjeld ein stor Tanke. Han sette alt inn og fekk tilslutt skipa eit norskt Kompani i Bjørgvin, som skulde driva Veiding og Handel paa Grønland og dertil taka seg av Missionsarbeidet. Etter ein Strid, som hadde vara i 11 Aar, stod han endeleg ved Maalet. Han fekk Kompaniet istand ved det, at han fyrst sjølv teikna seg for 300 Riksdalar og skaffa so elles tilveges 8-10 000 Rdl.

Den 3dje Mai 1721 lagde han ut ifraa Bjørgvin med Skipet «Haabet» (70 Lester stort) ilag med Fylgjeskipet «Anna Chirstina». Ein uendeleg Mannemuge var møtt fram. Egede hadde Kona og 4 Born med, og dei var 46 Menneskje ialt. Skipi vart liggjande paa Hjelmevaagen for Motvind, men den 12te Mai stakk dei tilhavs.

Den 4de juni fekk dei Kjenning av Grønland, men dei møtte so mykje Drivis, at det var mange Vandskar og Faaror aa gaa igjenom, fyrr enn dei endeleg kom tillands. Isen stengde alle Stader, og dei kunde ikkje koma inn. Skipperen vilde snu heimatt, men Egede bad honom gjeva Tòl. Jonsokdagen vart dei kringsette av Is paa alle Kantar, og det saag ut for det, at dei smaae Fartyi deira skulde verta skruva isund. Fylgjeskipet gav Signal, at det hadde fenge Skade, og alt kom i Upprør. Kapteinen sa til Egede og Kona, at dei maatte bu seg paa det verste. Det stod um Livet. Men Egede slepte ikkje Voni, og han kvika dei andre. Dei hadde Storm og Skodda heile Dagen og Natti igjenom, men so gav Véret seg. Den sterke Stormen hadde spreidt dei faarlege lsflaki.

Og den 3dje juli kl. 12 um Natti kasta dei Anker i ei god Hamn ved ei liti Øy ut for Baals Revier (Godthaabs-fjorden) paa 64 Gr. Dei kalla denne Øyi for «Haabets Ø». Staden ligg nære Kangek. Egede kalla Hamni for «Haabets Havn». Endeleg var dei daa komne til «det Land, som vi saa inderligen suckede efter», som Egede skriv.2)

Fyrst saag dei tvo Kajakk-roarar, som dei med same trudde var Selar; seinare kom det tvo Konebaatar. Atter i den fyrste av deim sat det ein «Trollmann» og mulla for seg sjølv. Han skulde ved Maning milda dei Framande, soframt dei tenkte paa det, som vondt var. Endeleg kom dei umbord. Kararne fekk Fiskekrokar til gjevendes og Kvendi Perlor og Synaaler. Etterkvart kom det fleire til, og Kjennskapen var gjord.

Den 9de juli tok Egede til aa setja upp eit Hus av Torv og Stein, og som vart bordklædd innvendes. Og den 31 de August heldt han i dette Huset fyrste Preika si paa Grønland.

Han budde derute i Havgarden til 1728. Daa flutte han Kolonien lenger inn ved Fjord-mynnet, til Neset Nûk paa Fastlandet, og han kalla den nye Bustaden for «Godt Haab».

Daa Gallioten «Anna Chirstina», som hadde fylgt Egede sitt Skip yver til Grønland, var komen attende til Bjørgvin med Melding um alt, vart det fastsett (Reskr. av 14de Novbr. 1721), at dei i den vanlege Bøni fraa Preikestolen for Finnarne og for Heidningarne i Austsindia ogso skulde beda for «dei ville Folk paa Grønland, at dei maatte umvenda seg».

Den 29de August 1728 heldt Egede den fyrste Gudstenesta i Godtbaab. Og ein Maanads Tid etter flutte han og Huslyden hans inn dit fraa «Haabets Ø». Det finst enno ei Skildring av, korleis det Huset saag ut, som dei sette upp i Godthaab for Missionen og Handelen:

Framhuset var grunnmura av Kampestein. Det var paa 7 Rom og hadde ialt 23 Glas. Det fyrste Romet var «Kirkestuen». Ho hadde 4 store Glas, eit stort Bord med Stol, ei Seng, 4 Trestolar og 10 Benkjer til Kyrkjefolket. Dette Romet hadde 3 Dører og vart varma upp av ein stor «Bilæggerovn» ilag med «Kjøbmandens Kammer», som laag ved Sida. l det tridje Rornet var «Missionærens Kammer». Der budde Hans Egede og Etterfylgjarane hans mesta stendigt til 1783. Det hadde 3 Dører og 2 Glas, ein «Bilæggerovn», eit lite Bord og ein Trestol. Til Romet høyrde eit Kjøken med stor Skorstein og eit Matkòt. Deretter kom «Kateketens Kammer», dinæst eit Kontor med eitt Fag Vindaugo. Det femte Romet var «Matrosernes Stue» paa 2 Fag med Loft. Yver Matros-stova var det eit lite eitt-fags Kammers og attaat eit Par Upplags-rom.

Av Bygningarne attum Framhuset var det eit norskt Timberhus, tekt med Næver og Torv. Det var paa 2 Rom og var til Bruk for Handelen. I det eine Romet var det, etter ei Melding fraa 1734, «en stor jernvægt med Kobberskaale til Metallodder av 8-½ Punds Vægt; det andet benyttedes til Opbevaring af Tørv og Brænde. Uden for dette Hus hang en stor jernvægt med jernkjæder fraa 10-1 Lispd.»

Til Kolonien høyrde det 5 Farty, og millom deim er nemnt «en lille norsk jolle og en Konebaad til Brug for Missionsbørnene, med Telt af Skind, Teltstænger og Brædder til Briks og 2 smaa Reisetelter til Brug paa Togter».

Den upphavlege Skipnaden av Framhuset med Umsyn til Rom aat Kjøpmannen og Missionæren heldt seg langt fram i Hundradaaret. P. O. Walløe nemner i 1748 Kyrkjestova, «saaledes kaldet, fordi man deri holdt Prædiken og anden Gudstjeneste».3) Framanfor Huset var det eit lite Batteri med Flaggstong og 7 Kanonor.

Egede hadde umsider god Framgang med Strævet sitt. Det heiter, at Koma hans vart Inngangen til ein ny Tidsalder, so endaa til Eskimoarne kom i Vane med aa mæla Tidi etter det Aaret, daa «Presten» kom til Landet. Dei Innfødde nordpaa høyrde soleis andre fortelja um det, han hadde sagt um den store Skaparen, og dei sende no Bod paa honom med denne Bøni: «Seg til Talaren, at han maa koma nord til oss og bu her, for det, dei andre Framande, som kjem hit, segjer oss, vyrder me ikkje. Dei talar ikkje um anna enn Spekk! Spekk! Stampen full! Ogso me vil gjerne læra noko um den store Skaparen».

Egede lova Eskimoarne ein Fiskekrok for kvar Bokstav, dei lærde. Men dei vart snart leide av det og sa, at dei «vidste ikke, hvortil sligt nyttede, at sidde om Dagen, og af et Stykke Papir at raabe A, B, C, etc. Men at fare ud paa Søen, og jage efter Sælhunde, og at skyde Fugle, derudi var baade Nytte og Plaisir. Jeg saavel som Kiøbmanden, sagde de, vare Folk som intet duede til noget; thi vi giorde intet, tiden den hele Dag sidde at male med en Pen, og kige i en Bog, med videre, som de forekastede mig», skriv han.

Naar Egede preika, spurde Eskimoarne, um han ikkje snart skulde slutta, og han maatte mæla ut paa Armarne, kor stort Stykke han enno hadde att.

Han fortel ogso fraa Arbeids-marki si: Ein Eskimoe sa til honom, at «det slemme og uroelige Væjr, som en Tidlang hadde været, var at tilskrive min Læsning, hvormed jeg idelig plagede dem, og Luften fortørnedes over». Egede maatte tvinga ein Angakok elder«Hexe-mester» med, at «hvis han blev ved at fixere Folk, da skulde jeg lade ham binde og føre hiem til vores Land, hvor han skarpeligen skulle blive straffed for sine Skielmstykker».

Eskimoarne fortalde Egede um ein stor «Trollmann», nordpaa. Naar han kom inn, tok ein Amulet av eit Falkehovud til aa skrika og ei Tredokka til aa tala hollandsk til honom.

Ei Tid venta dei norske Nybyggjarane sterkt paa Skip heimanifraa, og Egede tenkte, han vart nøydd til aa fara heimatt. Seint ein Kveld kakka det hardt paa Døri, og ein ropar: «Det kjem eit Skip, og dei høyrer, at Folki umbord talar norsk.» Daa kom det tvo Skip fraa Noreg for aa skaffa deim Hjelp.

Det vara lenge, fyrr enn Egede kunde læra seg MaaIet paa Grønland. Han kom dit i 1721, og i 1724 preika han for fyrste Gong paa eskimoisk. Naar det galdt Maalet og Tankegangen hjaa dei Innfødde, gjekk Sonen, Paul, langt framum'n. Sumtid skyna dei ikkje stort av det, Faren tala til dem. Paul Egede fortel um ei sers morosam Mistyding, Far hans eingong var ute for. I ei Preika bruka han fleire Gonger Ordet «Kapitel». Og etter di «Kapitek» er eit eskimoiskt Ord for Skinnpels, hadde dei skyna det slik, som um Preika hadde svive um ein Skinnpels, som skulde seljast til ein Timbermann, men at Presten ikkje vilde vera med paa det. Dei kom og spurde Paul Egede um, kva det var for ei underleg Preika. Og han maatte daa greida ut for deim, kva Faren hadde melnt.

Det er fyrr nemnt her i Boki, at Egede tok til med aa gaa umkring og peika paa alt og sa: kina? Ved aa lyda seg fram, hadde han fenge greida paa, at dette Ordet tydde: Kva er det? Han peika paa eit Hus og spurde: kina? Og Eskimoarne svara: igdio. So visste han, at Hus paa eskimoisk heitte igdlo. Paa same Maaten fekk han vita, at Fjell heiter krarkrark, Stein ujarak o. s. b. Men han hadde enno langt att. Det vil ein skyna, naar eg nemner eit eskimoisk Ord som dette: kraleralingniutigssasiniarurnogtiluarpungork og greider ut um, korleis det er sett ihop. Det tyder paa norsk: «Dei segjer, at det er ein, som gjerne vil kjøpa noko Garn til aa laga ein Hellefisk-taum av,» og det er ihopsett soleis:

kraleralik = ein Hellefisk,
kraleralinik = med Umsyn til ein Hellefisk,
kraleraliniut = ei Raad med Umsyn til ein Hellefisk ein Hellefisktaum.

Til dette legg ein so med Binde-ljoden "i" Endingi gssark, som tyder noko, som ein kann laga noko av. So hev me Ordet kraleraliniutigssark = noko (Garn) til aa laga ein Hellefisk-taum av.

So set ein Endingi: siva til, som tyder han kjøper, og det gjer, at det heile vert eit Hendings-ord. Kraleraliniutigssasiva tyder: han kjøper noko Garn til aa laga ein Hellefisk-taum av.

Til dette legg ein so etter kvarandre dei tri Endingarne: niorpoik, umavork og aluarpork, som alle tyder Ynskje, Etterspurnad. Og tilslutt Endingi ngork, som tyder, at ein segjer noko um ein annan.

Eit Maal, som vert ihopsett paå denne Visi, det er det langt fraa, at ein greider aa tala, endaa um ein hev fenge vita, kva dei einskilde Ting vert kalla. Egede hadde soleis eit veldugt Stræv, fyrr enn han lærde Maalet. Og dei meiner, at han venteleg aldri hadde greidt det, soframt han ikkje hadde havt Borni sine med. Dei gav seg til aa leika med Eskimoborni, og medan dei leika, gjekk Maalet inn i deim, so dei aldri tenkte paa det. Dei kunde daa hjelpa Faren til rettes i mange Høve, naar han stod skorfast.

Egede fekk i Fyrstningi eldste Sonen sin, Paul, til aa teikna bibelske Sogor, og so synte han Eskimoarne deim og greidde ut um Bilæte, so godt han kunde. Det laag ikkje for han aa bia, til han hadde lærd seg det underlege Maalet.

Det hev vore nemnt av mange, at Egede, som meinte det so godt, var tòIleg hardhendt sumtid med Umsyn til Forkynningi. Ein Prest, som kjem med det nyst nemnde Døme paa det vandskelege Maalet, segjer soleis, at det var mesta verre, at Egede nærpaa gav Eskimoarne meir Hug paa aa koma i Helvite enn i Himmelen. Han maala det fyrste so heitt for deim, at dei beintfram hyfsa seg av Velværa ved aa tenkja paa ein Stad, som det var so godt og varmt. For dei var vane med aa gleda seg til den glodheite Stova, naar dei kom heim fraa dei kalde Ferderne sine.

Ei fælsleg Bole-sott herja millom dei Innfødde paa Grønland i 1733-34. Ho kom til Landet med ein Eskimoe, som hadde vore i Danmark. Det heiter, at det døydde ialt 2-3000 Menneskje, 50 berre i Kolonien Godthaab. I denne tunge Tidi synte Egede og Huslyden hans so varmt eit Hjartelag, at det hjelpte storleg til, at dei vann Folket for seg. Fru Egede sat ein lang Vetter, stundom Næterne igjenom, med sjuke, graatande Born paa Armen og kunde ikkje lindra deira Naud. Det var ved det, ho fekk Helsotti si. Mange Sjuke elles, som vende seg til Egede, tok han inn til seg i si eigi Stova. Og Huslyden hans maatte sjølv passa deim. For alle andre kvidde seg for det av Umsyn til den Lukti, som fylgde med Sjukdomen. Mang ein Gong maatte Egede staa upp or Sengi um Natti for aa Faa ein ut, som var slokna, til han kunde verta gravlagd um Morgonen.

Ein norsk Kjøpmann Mathis Jochimssøn fraa Fredrikshald, som kom til Grønland paa Egede si Tid, segjer, at han fann Egede hardt teken av Kuld og Bringesjukdom. Det hadde han fenge paa Vinterferderne. Ogso Gjertrud Rasch var veikhelsa, av di ho hadde for mykje aa staa i, naar Mannen var burte. Jochimssøn kallar Egede for ein gudeleg Mann, som «søger at forfremme Guds Ære og Kongens Bedste, om han end skulde døe derover - saadan en Mand er Guld wærd.»

«- han havde stærkt Følelsen af, at han var kgl. dansk Missionær,» stend det i et danskt Verk.4) Dette maa vel vera ei Misskriving for norsk, ettersom han var utsend fraa Norg og fraa eit norskt Kompani i Bjørgvin.

Gjertrud Rasch døydde den 21de Desember 1735, og det gjorde, at Egede etla seg til aa fara heimatt. Olavsdagen 1736 heldt han Avskils-preika si i Godthaab. Etterpaa døypte han ein liten Eskimogut, som fekk Namnet Hans etter honom. Daa hadde Egede vore paa Grønland i 15 Aar. Daa Tidi for Avferdi nærma seg, kom Eskimoarne i Hopetal til Kolonien for aa sjaa honom enno ein Gong og tala med honom og høyra siste Ordet hans. Den 9de August siglde han fraa Landet. Han hadde med seg eine Sonen sin, Nils Egede, tvo Døtter og Liket av Kona si. «Dette Liket og Borni var all Rikdomen hans,» heiter det i ei Livsskildring. Paa Heimferdi var det hardt Vêr, og Skipet hadde nære sett til under Jæren i Noreg. Den 24de Septbr. kom dei til Kjøpenhamn, og der vart Fru Egede gravlagd den 5te Oktober.

Dei baud Egede baade Trondhjems Bispestol og Christiania Stifts prosti, men han tok ikkje imot det. Han skipa eit grønlandskt Seminar i Kjøpenhamn, og her var han Lærar i eskimoisk. I 1740 fekk han Tittelen av Biskop yver den grønlandske Mission. Han tenkte framleis paa den gamle norske Øystre Bygdi, og han trudde stødt, at ein der vilde finna den beste Luten av Grønland og Leivningar etter dei gamle Nordmenner, iminsto av Husi deira. Same Aaret sende han ein Søknad um denne Saki. Der baud han seg til sjølv aa vera med paa ei Uppdagings-ferd, soframt han - av Umsyn til den Aldren, han no var i - fekk Son sin, Nils Egede i Godthaab, til Hjelpesmann. Men det vart ikkje noko av dette Tiltaket. Riksstyret vilde ikkje gaa med paa det. Me hugsar, at Hans Egede eingong (i 1723) hadde freista med 2 Sluppar aa koma fram til Øystre Bygdi. Dengong trudde dei, at ho laag paa Austgrønland. Men han kom berre til Nanortalik i Julianehaab Distrikt, for Mannskapet negta aa vera med lenger. Etter Framlegg av Egede vart det daa i 1724 sendt ut eit Skip ifraa Bjørgvin for aa leita etter Øystre Bygdi paa Austsida av Grønland. Men dei kom ikkje inn nokon Stad der for Is.

Egede-ætti kunde ikkje gløyma Øystre Bygdi. Paul Egede stridde i 50 Aar for, at dei skulde prøva paa aa koma dit, og fekk endeleg sendt ein Ekspedition avstad. I Aari 1785-87 freista dei fleire Gonger paa aa koma inn til Austgrønland fraa Sjøsida, men dei greidde det ikkje. Kaptein Christian Egede, Son til Paul Egede, var med paa ei Ferd dit den Gongen. Dei saag daa Landet utanfor Angmagssalik, 2 Mil undan, men dei greidde ikkje aa koma inn. Paul Egede nemner enno i 1788, at han vilde taka med seg i Gravi Voni um, at Øystre Bygdi og dei Norske der nok skal finnast.

Hans Egede gifte seg andre Gongen og for fraa Kjøpenhamn i 1747. Daa saag han att Fødelandet sitt, Noreg. Her budde han ei Tid i Vardal ved Mjøsa, hjaa eldste Dotter si, Kristine, som var gift med Soknepresten der, Laurids Alsbach. Daa denne seinare vart Prest i Stubbekjøbing paa Falster, fylgde Egede med dit. Her døydde han den 5te Novbr. 1758, 73 Aar gamall - «med Grønlands Navn paa Læberne i sin sidste Bøn.»

Han vart gravlagd paa St. Nicolai Kyrkjegard i Kjøpenhamn ved Sida av Gjertrud Rasch, fyrste Kona si. Men dei veit ikkje lenger, kvar Gravi er. Gravsteinen hans vart burtseld i 1779 og Gravi nedlagd i 1848.

Gravskrifti yver Egede vart sett ihop av «Hr. Hans Steenbuch Provst over Dalernes Provsti i Trundhiems Stift.» Det heiter i denne, at Hans Egede «var en Ære blandt Christne, et Lys for Hedninger; berømmelig i Norge, roesværdig i Danmark, udødelig i Grønland.» Den Tanken, som stødt sveiv fyre honom, aa draga villfarne norske Brøder attende til Frelsaren, skulde det ikkje verta noko av, stend det i ei av Skildringarne av Livet hans.

Hans Egede
Som: Vaar Gud, han er so fast ei Borg.

Du reiste Krossen høgt i Nord,
eit heilagt Kall du kjende,
som kvite Krist, med milde Ord,
du Ljos i Myrkret tende!
Du var i Trui sterk,
og difor stend ditt Verk,
med Kjærleik, djup og sann,
du Folkehjarto vann,
velsigna er ditt Minne!

Takk for di Daad, du norske Mann,
du tusund Vandskar møtte,
ditt gode Saad paa Ishavs-strand
daa stillt og fast seg røtte!
Syng um hans trugne Kav,
du store Grønlandshav -. . . .
- Straal fagre Midnatt-sol!
Hans Namn upp-under Pol
som «Leidar-stjerna» blinkar!

Mot fagre Bygd paa Grønlands Strand
Kong Haakons Knarrar stemnde
- slik Magt det var i Noregs Land,
so vidt hans Rike femnde . . . .
Men Folket vest um Hav
det gjekk i Daud og Grav,
alt seig i Røys og Grus,
ja, Gard og Kyrkjehus
- her vart det Tider tunge!

Ring alle Klokkur høgt i Sky!
Sjaa, Grønland att vart funne!
Ring yver gamle Bjørgvin By
- tvo hundrad Aar hev runne
Det stig eit jubelkor
fraa Folket langt mot Nord:
Ein hugvarm Hjelpes-mann
i Myrkheims Gru dei fann
- si Takk dei fram vil bera!

H. R.

I «NordmandsdaIen» ved Fredensborg Slott paa Sjælland finn ein millom Minnesteinarne for Snorre, Magnus Heineson, Tordenskjold, Holberg o. m. fl. ogso eit Æreminne for Hans Egede og Gjertrud Rasch. Paa Fotstykket stend det eit Kort yver Godthaabsfjorden. Paa Nicolai Kyrkja i Kjøpenhamn, paa Muren utvendes, hev dei ei Minnetavla for dei tvo, som gjorde so mykje for Grønland, og framfor Marmorkyrkja der er det eit stort Monument av Egede. Han stend der ilag med Ansgar og Grundtvig, Kingo og Brorson. Egede hev Stav i høgre Handi og Bibelen i vinstre, lagt upp til Barmen. Ei Avstøyping av denne Statuen hev dei no sett upp paa «Kyrkjefjellet» i Kolonien Godthaab. Statuen snur ut imot Fjorden, der Egede for 200 Aar sidan sigide inn til Grønland.

Islendingen Árni Magnússon skriv, at ikkje minst i Bjørgvin skal Hans Egede sitt Namn lenge minnast:

Mun því uppi hans minning góð
meðal Noregs lýða,
meðan í Bjørgvin byggir þjóð,
ok bárur á vági skriða.
Umsett: Hans gode Ettermæle mun liva millom det norske Folk,
alt medan det bur Folk i Bjørgvins By,
og Bylgjorne sig innetter Vaagen.

Um Gjertrud Rasch «den gjæve og jevne Nordlandskvinde» syng Chr. Richardt:

Hvem var hun? Hans Egedes,
Grønlænder-Prestens Viv,
som byttet Nordlands Præstegaard
med eskimoisk Liv;
som fløi over viIde Vande
paa Haabets vaade Vinge,
for Is-Ørknens Sjæle
et Fredens Ord at bringe.

Du høibaarne Kvinde
med det borgerlige Navn,
Dig elsker jeg og Alle,
som med et Kors i Favn
stod Kjærlighedens Forpost
i fjerne Ensomheder -
Ham, der gav Jer Styrken,
ham elsker jeg i Eder.

*

I Noreg høgtida dei i 1921 yver heile Landet, i Kyrkjor og Missions-lag, Minnet um Nordlandspresten Hans Egede. Det var daa 200 Aar sidan, han fór til Grønland.5)

I Bjørgvin var det Minne-gudstenest i Domkyrkja ved Biskop Hognestad og Stiftsprost Hansteen. Biskopen sa millom anna i Talen sin um Egede og Livsverket hans:

«Naar ein stor Tanke soleis grip, segjer me, at me fær eit Kall. Diktaren Bjørnson hev sagt:

Et Folk, som føler Kallet,
er jordens største Kraft,
for den maa alting falle,
det staa høit eller lavt.

Me kann bruka dette ogso i kristeleg Meining og segja «en Mand, som føler Kaldet, er jordens største Kraft.»

Presten Hans Egede, som me minnest idag, er eit livande Døme paa dette. For 200 Aar sidan gjekk han i Vaagan i Lofoten i sitt Prestekall og kjende eit høgare Kall i Guds Rike. Det var Kristi Kjærleik, som fekk han til aa tenkja paa dei Landsmenn, som for lenge sidan hadde butt paa Grønland og vore Kristne der. Tru dei kjende Kristendomen no?

I mange Aar gjekk han og bar paa dette Kallet. Um han prøvde aa slaa det fraa seg, gav det honom ikkje Fred. So stræva han med aa faa andre med seg. Dei kyrkjelege og verdslege Autoritetar, sitt eige Hus. Kona var fyrst tvert imot, men sidan kom ho med og vart daa mest endaa varmare enn Mannen sjølv. Eit velsigna Døme paa Samarbeid millom Egtefolk for ei stor Sak.

Naar Gud vil ha Fram ei stor Sak, kann han ogso bruka dei ytre Hendingar for sine Fyremaal. Det laga seg so, at Egede fekk so mange Vandskar der uppe i Vaagan, at ogso det skunda paa.

Men dette synte og, at det er ikkje Englar Gud brukar, men syndige Menneskje. Hans Egede hadde mange Lyte, han var hastig og sjølvraadig. Men Gud fekk bøygja honom i Motgang, so han meir og meir vart etter Guds Hug. Og det store var, at han let seg bruka, og Kristi Kjærleik vart Centrum i det, han gjorde. Difor kann me nok segja, det vart gjort mange Misgrip i det einskilde, baade av Egede sjølv og av Bergens-kjøpmennerne og av Kongen og hans Raadgjevarar. Men Kristi Kjærleik til aa frelsa Sjæler vart daa stødt den store Hovudsak for Egede. Den var det, som gav han Mod til aa segja upp Kallet og setja seg paa berre Bakken utan Pension. Den dreiv han til Forhandlingarne her i Bergen. Den heldt honom uppe i det tunge Arbeidet millom Eskimoarne. - Det saag Eskimoarne sjølv. Ein gamall Eskimoe, som hadde gjort Narr av han fyrr, sa paa sitt siste: Du har gjort det imot oss, som ikkje vaare eigne vilde hava gjort. Du hev hjelpt oss Lidande, og du hev lært oss um Gud. - Ja, endaa kristne Missionærar av herrnhutisk Art, som lasta han, for han ikkje var kristen nok, fekk Hjelp av honom, daa dei vart sjuke.

Resultatet er no idag, at heile det grønlandske Folket er kristna, og den 3dje juli minnest dei Hans Egede i Godthaab i inderleg Takk og Kjærleik.

Kjærleik føder Kjærleik. Ingen stend i so kjærlegt Minne hjaa Grønlands Folk som Hans Egede og Kona hans, Gjertrud Rask. Dei Fylgde Kallet, og Gud bruka deim til aa gjera store Ting.»

Egede drog, men Herren selv drog med.
Nu løftes Grønlands Kirke under Strande.

(Song paa 200-Aars-dagen for den grønlandske Mission.)

Umfram Messa i Domkyrkja var det Foredrag av Direktør P. R. Sollied um «Hans Egede og de bergenske Grønlandskompanier». Dette vart halde i Museet, ved Minnefesten i «Bergens historiske Forening» den 12te Mai. Etter Foredraget synte Professor Schetelig fram ei Samling gamle Reidskap o. l. fraa Grønlandsferderne til Kjøpmennerne i Bjørgvin. I Missionshuset heldt dei ein høgtidleg Minnekveld. Der tala m. a. Prost Barstad yver Emnet: «Ei norsk Missionsdaad for 200 Aar sidan».

I Oslo var det Foredrag i Vitskapslaget um Egede av Professor Oluf KoIsrud. Hin kann elles nemna, at det til Minne um Egede vart skrive ei lenger Utgreiding av Professor Torleiv Hannaas i «Norsk Aarbok», 1921. Den same varme Ans for Egede sitt Verk syner Prof. O. SoIberg i Utgreidingi si: «Det bergenske Handelskompani av 1721 og Grønlands Kolonisation». Forf. nemner her den ruvsame Bokheimen, som gjenom Tidi hev vakse fram um Egede, og segjer deretter m. a., at ein likevel ikkje finn stort av Upplysningar um den Parten, - og den var slett ikkje ring, - som Landsmennerne hans, serleg Bjørgvins-mennerne, hadde i det Nybyggjings-arbeidet, Namnet hans ber Vitne um.

Ved Minnefesten paa Grønland for Hans Egede møtte tidlegare Riksraad, Prost Hans Nilsen Hauge, Skien, som Sendemann for den norske Kyrkja.

Enn um me ogso her i Noreg, til dømes i Bjørgvin, sette upp eit Minne um «Grønlands Apostel». Og um me dessutan prydde ei av Kyrkjorne i denne Byen med Maalarstykke av Hans Egede og Gjertrud Rasch ? Alle vilde visst mannjamt tykkja um, at det her nemnde vart gjort av Kyrkjefolket vaart. Ei av dei likaste Gatorne i Bjørgvin burde vel og heita etter honom. Den Altartavla, som han gjorde, finst vel diverre ikkje lenger. Det hadde vore gildt, um dei hadde gøymt ho.

Kolonien Egedesminde paa Grønland hev Namnet sitt etter Hans Egede. Denne Kolonien ligg paa umlag same Breiddegrad som Øyi Hinna, Egede sin Fødestad i Noreg. «Prestefjorden» i Ameralik (sud for Godthaab), som Egede tykte sers godt um, sette han sjølv dette Namnet paa. Han var der med Huslyden sin mang ein fin Sumardag.

Tvo av Brøderne til Egede, Jens og Christian, var Prestar i Noreg. Og Peder Egede, ein Brorson til Biskopen (Son til Sokneprest Jens Egede) vart Missionær paa Grønland og seinare Sokneprest i Fet, paa Romerike.

Mange av Ætti Egede hev vore knytte til Tenesta paa Grønland, og av Hans Egede sine Skyld folk liver det enno sume her i Landet og i Danmark. Ætti Egede Nissen i Noreg er soleis utstokki fraa «Grønlands Apostel». Av denne Ætti kann ein her nemna Stortingsmann, Postmeister Adam Hjalmar Egede-Nissen (Son til Korpslækjar Paul Egede Nissen paa Levanger), gift med Georga Wilhelma f. Ellertsen. Born: Aud, gift med Skòdespelar Paul Richter, Høvik; ein Son. Gerd, g. m. dr. med. Yverlækjar Ragnvald Ingebrigtsen, Stavanger; ei Dotter. Paul, Ingeniør, Oslo. Ada, g. m. Konsertmeister Hugo Kramer, Oslo; ei Dotter. Oscar, f. t. Filippinerne. Dag, stud. med., Oslo. Stig, stud. art., Oslo. Unn Goggi (Lill), Stvgr. Adam, Stvgr. Gørrill, Stvgr.

Presten Kristian Henrik Egede Nissen Sevérus (Bror til Postm. Egede-Nissen), Direktør for Barneheimarne Aug. Herm. Francke og Dr. Bernardo. Gift med Kristine f. Barmann. Borni hans er: Prost Hans Egede Nissen i Sunnylven, med fleire Born. Ester, g. m. Yverlærar Bauge, Levanger. Fleire Born. Helge Egede Nissen, Agronom. Paul Egede Nissen, Konservator, Oslo. Sofie, ugift, Oslo. Gudrun, ugift, Oslo.6)

Borni etter avlidne Dr. Oscar Nissen er: Direktør Paul Egede Nissen, g. m. Trine, f. Schultz, Haugesund. Ei Dotter. Erika Lie, f. Nissen (gift med Professor Mikael Lie), Oslo. Charlotte Faye Hansen (g. m. Statsadvokat Faye Hansen), Oslo. Oscar Nissen, Ingeniør, Høvik, g. m. Grete f. Jensen (Dotter til avlidne Biskop Jensen, Hamar). Fleire Born.

Ætti Ørbech her i Noreg er ogso av Hans Egede sine Skyldfolk. Ein kann soleis nemna, at Farmor til Egede Nissen Sevérus og Postm. Egede-Nissen var fødd Ørbech. Ein finn denne Ætti spreidd kringum i vaart Land og i Utlandet. Her i Landet ser ein Namnet Ørbech knytt til Christiansund N., Trysil, Hamar, Lillehammer, N. Fron og Oslo, utanlands til Amerika og Hawaii. Ørbech-ætti er skyld til Ætti GIahn. Pauline Glahn (Dotter til Professor, Prost Henrik Christopher Glahn7) og Gjertrud Kirstine f. Egede - Sonedotter til Hans Egede) var gift med Lars Bagger Ørbech, F. 1770. Dei hadde 6 Born, bl. deim Fayette Ørbech, g. m. Christian Heinrich Nissen - deira Born: Egede Nissen.

Av Ørbech-ætti kann ein elles her nemna: Paul Egede-Ørbech, f. 1811 - Christiansund N. - vandra ut til Amerika. Stork Christian Lars Marius ReinhoIdt Ørbech, f. 1839 i Trysil. Landhandlar, d. 1887 i Amerika; g. m. Maren Elisabeth Jarmann, f. 1841, bur paa Lillehammer. 4 Born med kongelegt Løyve ber Namnet Jarmann, bl. deim Viggo Julius Glahn Ørbech Jarmann, f. 1863 i Trysil, Grosserar i Oslo (Robt. Prizelius & Co.); g. m. Marie Abigael Sæthren. Dessutan Julius Vilhelm Ørbech Jarmann, f. 1870 i N. Fron, Postassistent i Oslo d. 1890. Av Ætti Ørbech finn ein m. a. ogso Namnet Anna Ragnhild Egede MæhIum, f. 1862 paa Hamar; g. m. Gregers Lundh Borchgrevink, F. 1860, buande nær San Diego, California. 3. Born (bl. deim Rolf Egede MæIum Borchgrevink, F. 1890). Ein kann og nemna Marie Rudolfa GIahn MæIum, f. 1869 paa Hamar, g. paa Wauma, Kauai, Hawaii, m. Christopher BIom Hofgaard, f. 1859. Domar same Staden. 5 Born: (bl. deim Didrik CappeIen Hofgaard f. 1900). Bland Medlemer av Ørbech-ætti med Namnet Egede maa ein og nemna Erling Viggo Egede MæhIum, f. 1879 paa Lillehammer d. i Wauma, Kauai, Hawaii.

Ætti Bloch (ei svært gamall Nordlands-ætt) er likeins skyld til Egede-ætti. Skipper Jens Bloch, f. 1668 i Øksnes, Vesteraalen, var gift med ei Syster til Hans Egede, Kristine Egede. Son til Jens Bloch var Sokneprest, fyrr Missionær paa Grønland, Nils BrønIund Bloch, f. 1720. Son hans var res. Kapellan til Odalen Jens Bloch, gift med ei Frk. GIad. Deira Son var General-løytnant Hans GIad Bloch (g. med Dotter til Eidsvollsmannen Prytz). Son deira var Kaptein og Gardbrukar Jens Peter Bloch. Borni deira var avlidne Postmeister Bloch, Fredrikstad, KunstmaaIar A. Bloch, Avdeilingsing. i Oslo Staib, Bloch og Frk. Edel Bloch. Postmeister Bloch var gift med Frk. Alma Norrgren fraa Stockholm, ei Syster til Songarinna Ellen Gulbrandson.

Ætti HoeII i Skien er ogso skyld til Hans Egede. Ein kann her nemna Bankadministrator Hans Egede HoeII (d. 1889) og Georg Schildknecht Hoell (d. 1871), som, liksom Grosserar Paulus. Hoell (d. 1907) var Søner til Elias Herman Arbo Hoell (Skipperborgar i Skien, buande paa Stridsklev i Eidanger, t 1863). Bestefaren, Oberstløytnant Hans HoeII (d. 1820 paa Garden Stenstad i Helgen), var fødd i Gausdal og gift med Pauline Cathrine Bloch, ei Dotter til Grønlandsmissionæren Nils Bloch, som i 18 Aar var Prest i Tinn, seinare i Lier. Bloch var, som fyrr er nemnt, Systerson til Biskop Hans Egede. Hans Egede Hoell i Skien aatte i si Tid «Søndre Brekke», den væne Eigedomen, som Fylkesmuseet for Telemark og Grenland no hev. Ein Brorson hans er Hovud-bokhaldar Edvard HoeII (Unions Kontorer i Oslo).

Ætti HoelI held framleis paa Namnet Hans Egede.

Til Egede sine Skyldfolk her i Noreg høyrer dessutan Ætti Heitmann i Senja. Av denne Ætti kann nemnest Hans Egede Heitmann Hansen, U. S. A., Hans Egede Larsen, Ingeniør ved Glommen Tresliperi, og Lensmann i Øystre Gausdal, S. I. Arntsen.

I Kjøpenhamn fekk eg Vaaren 1920 Høve til aa helsa paa den siste Skyldingen av Egede paa Manns-sida i Danmark. Det var Frk. Jensigne Pauline Julie Egede. Ho var daa 82 Aar. Det var likt til det, at ho hadde Godhug for Noreg, og ho var i det helle sers velviljug og venleg. Ho var Sonesonsdotter til Kaptein Nils Egede (Son til Biskopen), og ho synte meg m. a. det originale Handskrivet og eit Gullur med Brillantar, som han attaat Medalja «pro meritis» fekk av Erveprins Fredrik for sitt Arbeid paa Grønland (Kvalveiding). Ho var fødd paa Grønland.

Ein kann nemna, at mange Eskimoar hev teke Namnet Egede.

I Kjøpenhamn saag eg eit stort Sylvkrus, som Egede fekk av Kyrkjelyden i Vaagan i 1715 til Minne um den Striden, han hadde med Grannepresten, Jakob Parelius i Lødingen. Striden galdt Retten til aa halda Messa i Vaagan, solenge Fiskjetidi vara. I Kjøpenhamn saag eg ogso Kopi av dei Maalarstykki av Hans Egede og Gjertrud Rasch, som vart gjort i 1720 i Bjørgvin, just fyre Avferdi til Grønland. Originalarne finst i St. Knuds Kyrkja i Odense, som fekk deim i 1845 av Ætti Egede Saabye.

I Samanheng med Hans Egede sitt Livsverk, Missionen paa Grønland, kann ein nemna eit Drag, som syner, at det retteleg hev teke Folk her heime i Noreg. Ein Bonde i Bergens Stift, Christopher Siversen HjeItenæs, gav i 1750 300 RdIr. til den grønlandske Mission, og i 1786 attaat 200 Rdlr. med den Fyreskrifti, at Renta skulde vera til Løn for ein innfødd Kateket, fortel Paul Egede i «Efterretninger om Grønland».

Holberg segjer um Egede og den andre norske Nybyggjingi av Grønland (i Boki si «Naturens og Folkerettens Kundskab», Kbhvn. 1763): «De Norske have udi disse Tider bemægtiget sig det Land ved Strat Davis».

Sume av deim, som fylgde med Egede fraa Bjørgvin, hadde Huslyden sin med. Og Egede fortel, at han brudvigde eit Par av Folki i «den Bergenske Colonie» paa Grønland, som dei kalla'n i den Tidi. Dei hadde lova honom, at dei vilde vera i Landet og busetja seg «paa een af de gamle Pladser, hvor de Norske fordum havde boed, for at dyrke jorden, og røgte Qvæg, om Compagni et sligt skulde finde for godt».

Egede fekk Systkinbarnet sitt, Nikolai Axelsen Rasch, til aa fara til Noreg (Nordland) i 1740. Derifraa hadde han i 1742 med seg m. a. fraa Senja «6 Norlands-Karle». Dei meinte, dei kunde høva som Nybyggjarar paa Grønland ved dei nye Koloniarne, som var paa-emna. Det heiter, at «Fogederne i Finmarken og Senjen samt Handelsbetjenten ved Vadsø faar Befaling til at overtale nogle Folk af fattige Familier til godvilligen at gaa til Grønland. Hertil bevilges aarlig 200 RdIr. (Rentekammerets islandske, færøske og grønlandske Res. 1742 12/1)». Det heiter, at ogso etter Egede si Tid var det mange dugande Kolonistar av Nordmenner og deira Etterkomarar.

Fraa «Andreas Norlænder» (fraa Senja) finst det eit Brev, dagsett ei Øy ved Godthaab 30/6-1746. Det er skrive til «Hr. Graf og hele Menigheden».

N. A. Rasch var Kjøpmann i Godthaab og seinare i Christianshaab. I 1745 vart han sett til Fut i Vester aalen, Andenes og Lofoten.

l eit Skriv fraa Biskop Hans Krog til Egede, daa denne freista paa aa koma avstad til Grønland, heiter det:

«Grønland er utvivlbarlig intet andet end som et Stykke af America, og det kand umuelig være meget langt fra Cuba og Hispaniola. - Men ingen er beqvemmere i Verden til, det Lands Liggende fæ at opsøge, end som de Bergenske.»

Egede skriv um «gamle norske Grønland» - «saasom bemeldte Land af Begyndelsen er bygget og besat af Norge, og siden altid været en Dependentz af Norges Krone». «Saa veed man af Erfaringen», segjer han, «at Grønland er ikke saa armt og fattigt, at der jo var een utroelig Fordeel at hente for vores Nation, dersom andre maatte holde sig derfra». Dette skriv han, av di Hollendingarne herja stygt paa Grønland i den Tidi.

Tvo aar etter, den norske Nybyggjingi paa Vestgrønland var sett i gang, fekk det Grønlandske Kompani i Bjørgvin Oktroi (Løyvebrev) paa den Handel og Veiding, det hadde teke til med. I Oktroien heiter det, at Bjørgvins-kjøpmenner

«have foretaget sig at indrette et Compagnie for at lade det under Vort Rige Norge henhørende Land Grønland, hvorhen beseglingen i en rum tiid haver hvilet, og næsten ganske været efterlat, med een Colonie besette, til den ende, at Commercien, som tilforne har været imellem Undersaatterne i Vort Rige Norge og forbemeldte Vort Land Grønlands Indbyggere, igjen kunde kornme til sin forrige floor og velstand.»

Nansen segjer:

«Grønland er paa en eiendommelig Vis knyttet til vort Land og vort Folk. Af Europæerne var vore Forfædre de første, som fandt det. Paa sine aapne Skuter gik de gamle Vikinger sin vovsomme Vei gjennem Uveir og drivende Is til dette fjerne Sneland, slog sig ned der gjennem mange Aarhundreder, og det blev en Del af den norske Krone. - Efterat Kjendskapen til det var glemt, var det atter en Landsmand, som for et norsk Selskab grundede den nye europæiske Bebyggelse af det».

Den danske Forf. Presten Ostermann skriv i Boki si um Grønlandsmissionæren Nordmannen Prost Jørgen Sverdrup: «Kolonisationen af Grønland skyldes til Adskillelsen i 1814, ja, udover den, lige saa meget Nordmænd som Dansker, om ikke mere. Og det er en meget betydelig Indsats, Norge herved har ydet i Kolonisationsarbejdet».

I Bjørgvin finst det Skriv fraa Hans Egede, sende fraa Grønland. I Stadsarkivet og Stads-porten der er det elles mange Dokument fraa «Det grønlandske Bergenskompani» med Umsyn til den andre norske Busetnaden paa Grønland i 1721.8)

Det ser ut for, at Georg Tor Møhlen i Bjørgvin var meint paa aa byggja Grønland aanyo i 1670-aari. Han reidde ut eit Skip, som skulde fara dit, og det hadde m. a. med fleire Trehus, som dei skulde setja upp der, og som sume av Mannskapet skulde yvervintra i. Men Skipet vart teke av ein Kapar. Og det vart soleis fyrst 50 Aar etter, at det lukkast Egede aa skipa ei ny norsk Busetning paa Grønland.

I Midgangen paa Herregarden Damsgaard i Bjørgvin (Barndomsheimen til Kristofer Janson) finst det eit Bilæte, som er maala yver Døri. Det er av Grønlands-faren «Pretorius». Attmed Skipet ligg det ein stor Kval, som Mannskapet er ved og legg Taljor paa, so dei kann faa heist'n umbord. Umkring Skipet er det Is paa alle Kantar. Mykje av det Inventaret, som dei nytta ved Grønlandsfarten, Harpunar og Spjot o. s. b. laag enno i 1880 paa Pakbudi til Damsgaard, men vart seinare seld ved Auktion. «Det oktrojerede bergenske Grønlandskompagni» vart skipa i 1764. Attaat det veida ogso andre Kval og Sel ved Grønland. Ein ser, at Eigaren av Damsgaard, Kjøpmann Helmich Jansen, ein av «Byens 16 Mænd», i 1766 vart vald inn i Direktionen for Grønlandskompaniet i Bjørgvin.

Trass i all Kostnad maatte Bergenskompaniet (av 1721) slutta Drifti, men dei hadde daa naatt det vigtugaste Endemaal, det aa syna, at ein kunde byggja Grønland, segjer P. R. Sollied.9) Og han legg til: Etterat Siglingi paa Grønland i 1729 var førd yver til Kjøpenhamn, tok ogso Riksstyret og Handelsstandet der etterkvart til aa faa Ans for denne Sak.

O. A. Øverland segjer i «Norges Historie» um Grønland og Hans Egede:

«lhvorvel den norske Krone endnu holdt fast paa sin Ret til at besidde Landet, betragtedes det dog af de øvrige Nationer som herreløst, og hvorom alting er, saa skyldes dette Polarlands Gjenerhvervelse i første Række en norsk Prestemand, der gik derhen, dreven dertil først og fremst af en brændende Missionsiver, men paa den anden Side ogsaa af den Uafhængighedsfølelse og Tørst efter Eventyr, som havde ført de gamle Nordmænd til det fjerne Polarland. Denne Prestemand var Hans Egede».

Paul Egede fortel, at det var 5 Eskimoar med paa Skipet, daa han fór til Kjøpenhamn i 1728 og skulde studera.

«Den 31. Aug. kom vi paa Bergens Red for der at afsætte en Skipper med sine Folk, eftersom hans Skib maatte forblive i Grønland af Mangel paa Provianthus. Her var mine Grønlændere ret glade og fornøiede baade med Landet og Folket. Her fra reiste jeg til Bergen. Ved Indseilingen forundrede de sig over den langskjæggede Lods, som turde tage Myndigheden fra Kapteinen og kommandere saa dristig paa hans Skib».
I 1740 hadde Paul Egede med seg til Danmark tvo Eskimo-born, ein Gut og ei Gjenta. Han hadde fortalt deim, at tvo smaa Fuglar, som heldt seg litt umbord, kunde finna Land utan Kompas. Dei skjemta daa med Skipperen, som var ein gladværug Mann, og sa: at dei tvo Fuglarne var klokare enn han; dei kunde finna Land utan Kompas. Dei maatte gaa inn til Noreg (Farsund), og dei tvo framande Borni vart hjarteleg glade for det. Daa dei steig iland, fekk dei sjaa ei Klungrebusk. Den vesle Gjenta sa daa: «Dette er uden Tvil de slemme Træer, som piinede min Herre». Andre Dagen etter dei kom dit, var dei med Egede i Vanse-Kyrkja og høyrde paa Sognepresten, Magister Tyrholm. Han hadde Yverhøyring av Ungdomen sin. Presten heldt ein væn Tale og nemnde de tvo Smaa, som no gjesta Noreg. Han bad deretter Egede um aa tala ifraa Altaren for deim i deira Maal og gjera deim nokre Spursmaal, som eg strakst gjorde, segjer Egede. Endeleg lagde han ut dei Ordi, som Eskimoborni hadde sagt: «Takk vere deg, gode Gud! som hev ført oss yver det store, faarlege Hav til det Land, som me hev fenge Kunnskapen ifraa um deg» o. s. b. Fraa det kjære Folket der, som synte oss all den Godhug, ein kann tenkja seg, gjekk me tilsjøs 2. Oktbr., skriv Egede. Han nemner, at daa Arnarsak (Smaagjenta) hadde vore paa Slottet i Kjøpenhamn, sa hol, daa ho gjekk: «Parvel!» (Dei kann ikkje segja F.).

I Kjøpenham saag eg eit Maalarstykke av Eskimo-kvendet Marie Epeyubs-dotter. Bilætet var gjort i Noreg i 1747. Marie kom i 1746 med «Missionarius Hr. Sylo», fraa Grønland til Kjøpenhamn og var seinare i Fredrikshald i Noreg. Same Aaret reiste ho med Hr. Sylo til Bjørgvin, med di ho Aaret etter - stend det paa Maalarstykket skulde fara attende til Grønland. Men Vaaren 1748 døydde ho hjaa Hr. Sylo i Haus. Marie var til stor Nytte for Paul Egede, daa han heldt paa med Umsetjings-arbeidet sitt. Arnold v. Westen Sylow var Missionær i Godthaab 1742-46 og deretter Sokneprest i Haus (Nordhordland).

Huset til Kolonistyraren i Christiansbaab er ifraa umkr. 1750. Det skal vera sett upp av Paul Egede. I Gavlen paa Svali er det ei Tavla med eit maala Tre-relief av ein Soldat fraa umkr Midten av 18de Hundradaaret. Dei fortel, at det skal vera Kaptein Nils Egede («Sverdfisken», som Eskimoarne gjerne kalla honom, av di han bar Sabel).

I Arne Løchen «J. S. Welhaven Liv og Skrifter, Kr.ania 1898 heiter det, at det var vanlegt i Bjørgvin paa Welhaven si Tid (umkr. 1820), at dei prydde Stovorne sine med sjeldsynte Ting. Welhaven gav seinare ei livande Skildring av dette10) og segjer, at mang ein vidkjend Nattur-kunnig og Forngranskar hev teke imot dei fyrste Inntrykk i denne Skulen, daa han var Barn, og det slike, som ein ikkje kann sletta ut. «Loftet her», segjer han m. a. «er stasa med utstoppa Fuglar og Sjødyr, og millom deim ser ein Struts-egg og grønlandske Kajakkar»

I denne Samanhengen kann ein nemna, at Eksemplar av den Fyrste grønlandske Ordboki av Paul Egede (Khvn 1750) kom til Bjørgvin i 1813 med Fru Tollkasserar Mørch. Boki finst no paa Bergens Museum. Fru Mørch var Eskimo og gift med Tollkasserar I. C. Møreh. Han var fødd i Fredrikshald og hadde i 15 Aar vore Handelsstyrar i Kolonien Julianehaab. I 1813 kom han til Bjørgvin med Huslyden, Kona og fem Born, og han vart Tollkasserar der.11)

Professor Solberg skriv um Bjørgvinsmennerne, som studde Hans Egede sitt Tiltak:

«De maatte lide under en Misstemning i sin Hjemby og under Myndigheternes Uvilje, fordi Foretagendet hadde slaat feil i økonomisk Henseende. De hadde ydet Egede og hans Sak sin Tjeneste med stor personlig Opofrelse, - hvad de høstet til Tak, var at bli møtt med en Fuldstændig ugrundet Mistænksomhet, som strakte sig utover deres Død, fostret av kjøbenhavnske Regjeringskontorer.

Og de hadde dog sammen med Egede - uten dem hadde han intet kunnet utrette - lagt en Provins til Landet.»

Eg kom til Landi der høgt mot Nord
og saag i eit framandt Flag!
Paa vesle Færøy, paa Grønlands jord
det blakra med sutlaust Slag!

Det veifta i Mak yver Egedes Verk
- Bygdi ved Godthaabs-fjord,
der Bjørgvins-menn synte norrøn Nerk
og grunna ei Framtid stor!

H. R.

Egede hadde sjølv teke med Kyr, Sauder og Gjæser til Grønland, og dei sende honom ofte Krøter dit burt med Skipi ifraa Noreg. Folki til Egede rodde inn i Fjordarne og sanka Fór til deim. Dei var soleis inn-i Ameralikfjorden og slo, for det var lite Gras aa faa ut-med Havsida. Egede prøvde og aa saa Bygg fraa Bjørgvin inne i denne Fjorden, og det kom so langt, at det nett skulde til aa mogna, so kom Nattekulden i August og tynte det. Det vart Aks, men ikkje Kjerna. Etter det meinte han, at herdigare Korn, til dømes fraa Nordland, skulde duga.

Paul Egede var med Faren inn-i Ameralikfjorden i 1727, og han segjer: «Her var Overflødighed af Kratskov og Græs, som vi satte Ild paa, da det var saa strit og høit, at det gik over Knæerne, og qvalte det underste.»

Hans Barlien (fødd i Namdalen 1770 d. i Nordamerika 1842), Stortingsmann for Nordre Trondhjems Amt i 1815-16, agitera sterkt i 1820-Aari for aa skapa ein Koloni paa Grønland. Det melde seg sume Emigrantar, men det vart ikkje noko av Planen hans.12)

Hans Egede gav ut 5 Bøker um Grønland, Sonen Paul Egede 7, og av den andre Sonen Nils finst det 1. Paul Egede sette um fleire Stykke av Bibelen paa eskimoisk, og den fyrste Boki, som er prenta paa grønlandsk (i 1742), var av Hans Egede.

Dei skildrar «Grønlands Apostel» som ein Mann med livallt Lynde og seig til aa halda ut, brennande i si Tru, praktisk og djerv i sitt daglege Yrke - just ein Mann, som kunde tòla aa lida og arbeida med Eldhug for si Sak.

    Noter:
  1. «Som Erindring om Bergens gamle Handelsforbindelse med Grønland ligger «Grønlandsnøstet» ute mot Storemøllen nedenfor Veien. Her var Trankokeriet for de norske Hvalfangerekspeditioner paa Grønland. Et lignende Minde om vore Grønlandsekspeditioner i svunden Tid er «Griegsnøstet» ved Brulandsbryggen, hvor der ogsaa var grønlandsk Trankokeri.
    Adolph Berg: Gamle Bergensbilleder», s. 100.
  2. Det er underlegt aa lesa dette i «Grønl. hist. Mindesm.», Kjøbenhavn 1845 B. III, s. 728: «Paa Haabets Ø, saa kaldet efter Skibets Navn, fandt de Danske [strika under her] baade en sikker Vinterhavn og en bekvem Byggeplads».
  3. «Grønland i 200-Aaret for Hans Egedes Landing».
  4. Salmonsens Konv.leksikon, Kbhavn. 1896.
  5. Av Soge-ting i Oldnordisk Museum i Kjøpenhamn hev dei ogso Hans Egede si Lumme-bok.
  6. E. N. Sevérus hev ein Duk med Namn-rnerket aat Kona til Biskop Hans Egede.
  7. 1771 Sokneprest i Kinsarvik, Hudanger; skrive ymse Utgreidingar i Norsk Videnskabsselsk. Skr.
  8. Paa eit Brev fraa 1725 ser ein Kompaniet sitt Segl: Ein Prest millom Folk paa Kne, og under ein Kajakk-mann med Boge og Pil, dertil ein Fisk.
  9. Det Norske Geogr. Selsk. Aarbok 1919-21, s. 265
  10. Vidar. Nr. 60, 1833. Norske Musæer.
  11. «Skizzer af Bergenske Forholde fra Ældre og Yngre Tid. Af en Bergenser.» (Jens Gran). 2. Hefte. Bergen 1875, s. 110.
  12. Chr. Thaulow: Personalhistorie for Trondhjems By og Omegn». Trondhjem 1919, s. 390.
Utdrag (s. 176-200) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen