Fra: Grønland. Vestre bygdi

Ut fjorden - røysar og soge-minne

av Hans Reynolds

«Imidlertid erkyndte jeg mig om al Leyligheden baade til Land og Vand, treffede ogsaa paa de Platzer, hvor vore gl. Norske have boet, som er Vester Bygd.»

(Hans Egede «Perlustration», s. 19).

«Her i Fjordens Skjul min Vandring ender» - - -

Ja, herinne i Fjorddalen kunde eg nok ikkje drygja lenger. Eg hadde havt Hug til aa ta ein Tur inn i Pisigsarfik og gaa yver Eidet der til Ameralik. Det er i Mengdevis med norske Atterstødor paa den Kanten òg. Men eg vaaga det ikkje av Umsyn til Skipet, som var ventande nordantil um ei Vikes Tid. Det galdt soleis berre aa koma seg ut att. Isen stod som ein Mur tvertyver Fjorden, men eg vona det, at det ogso no vart ei Raad med aa sleppa igjenom.

Den 12te juli Kl. 6 um Morgonen bar det paa Heimvegen. Morgonsoli gyllte alle Toppar. Eg tok eit lite Snøgg-riss av Atterstøda upp-aa Sletta, daa me fór utetter. Det syner, korleis ho ligg til.

Islendingen Sigurbur Breiðfjörð syng um Vestre Bygdi i eit Dikt «Hvarf á Grænlandi».1) Daa han skal fara heimatt, bed han Velfar med Fjelli Hjartarhorn og Søðull («Hjortetakken» og «Sadlen» ved Godthaab). Og han segjer deretter um Atterstødorne ved Ujaragssuit (Ánavík):

Það er vinskaps orsök ein yðar, verð að lofa, islendinga öldruð bein í ykkar skjóli sofa.
Geymið þið feðra gämlu bein, sem grafar feldur ornar; geymið á sínum stað hvern stein, sem styðja tóptir fornar.

Umsett:

Dei er ein av Grunnarne til Venskapen dykkar (til meg), og vel verd Ros, at dei gamle Islendinga-bein søv trygt i dykkar Skjol.
Gøym dei gamle Fedrabeini, som Gravfelden (Jordi) varnar um; gøym paa sin Stad kvar ein Stein, som bind ihop dei gamle Grunn-murarne (Tufterne).

Isen laag tett framfyre oss. Og me maatte ro utanum mange smaae Isfjell, som stod paa Grunn her og der langs Landet. Utropi fraa Rormannen: siko! (Is!), ipuiit! (pass Aari!), naar me skulde framum Flaki, læt stødt i Øyro. Best som det er, ropar ein: Ajuna naja! (der er ei Maake!) elder serfak! (Teiste!), og strakst triv dei etter Byrsorne. Ein Sel skyt høgt upp or Vatnet og sig attende. Kajakk-mannen glid lett som ein Skugge etter honom inn imillom Ismugorne.

Me høyrer, det smell langt undan. ... Men ei Stund etter kjem han attende utan Fengd. Selen sokk for honom.

Elles brukar dei ogso den gamle Maaten aa veida Selen paa, med Harpun.

- Tabitha tykkjer, det er varmt i Anorakken. Ho hiv'n av og sit og dreg paa Aara med nakne, tjukke, brune Armar. Ho er ein Eskimotype av reinaste Vatn.

Daa me rodde ut Fjorden fraa Ujaragssuit, hadde me nokre Atterstødor paa vinstre Handi, i Viki ved Majuala («Det, som stig uppetter»). (Nr. 10 og 10 a). Det saag fint og grønt ut derinne, og ei Elv glitra i Solskinet. Lenger ute ved Sarkanguak («Den vesle Solbrekka») finst det og Røysar etter Hus. (11)

Inne i den lange Fjordarmen Kangersunek kann ein sjaa av Kortet, at det er merkt av nokre Hustufter paa Austsida: ved Narssak («Sletta»); Manitssuak; Igdlorssuit («Dei store Hus»); Katsigsut; Umivik («Stødi for Konebaaten») og Sarkarssuak («Det gilde Solhallet») (Ruinar Nr. 12-16). Det skal og vera ei elder tvo Husrøysar etter Nordmennerne paa Vestsida av Kangersunek. I juni og juli er det ikkje godt aa koma inn i denne Fjorden med Baat. August er beste Maanaden for deim, som vil ferdast der, segjer Eskimoarne. Men ein bør bruka Trebaat. Elles er det mykje Is derinne det meste av Aaret, og Fjordvegen er faarleg for Skuld Isfjelli, som kalvar. Det er flust med Sel der, og stundom skyt dei ogso Bjørn ved Strenderne. Nunatarssuak (Høglandet austanfor Kangersunek) er, som fyrr nemnt her i Boki, i det heile ein framifraa Veidestad, og ein raakar her i mengdevis med Hare, Rypa og Rein. Etter det, dei fortel, skal det finnast mange Veidehyttor og Teltstader her fraa gamalt, likeins som upp-i Landet nordanfor Ujaragssuit. At Nordmennerne slo seg ned i Kangersunek, meiner dei, kjem seg av det, at det var so mykje Villt ikring der og godt Høve til Fangst i Fjorden.

Ved Kangiussak, der me var Natti yver paa Turen inn-etter Fjorden, og som soleis fyrr er nemnt i Boki, finst det eit Par Hustufter etter dei gamle Norske (17-18b), ved Igdlunguit, Avdlarussat, Itive og, Pdtussok. I Fjordarmen Amitsuarssuk («Den underlege Kreppa») er det og Atterstødor ifraa den norske Tidi (Nr. 19 og 19a). Paa Sørsida ved Mynnet av denne Fjorden skal det finnast Klebbr, og inn-i Botnen er det ei gild Laks-elv. Der plar Eskimoarne liggja i Telt i Slutten av juni og fiska. Derifraa er det ein Yvergang til Kangersunek gjenom ein Dal. Her er det tvo Vatn. Ved det fyrste av deim plar dei Innfødde stundom hava Teltplass. Ved det siste Vatnet er Dalen sers breid med voksterlegt Gras, og det er noko, ein raakar berre faae Stader i Godthaabs-fjorden utanum dei Heimemarker, som er dyrka.

Ved Nâlagfik («Kyrkja») (Nr. 20) flnst det Atterstødor etter ein Gard. Han ligg nord um Vatnet paa ei Sletta.2) Eskimoarne skyna ikkje, heiter det, kvifor Staden just vert kalla for «Nâlagfik», (d. v. s. «Kyrkjestaden» etter vanlegt Maalbruk millom dei Eskimoar, som hadde vore feste til Missionsstationarne aat Herrnhutarne). For det er ikkje rimelegt, at det hev vore nokor Kyrkja der i Nordmennerne si Tid. Staden ligg ikkje høveleg til. Truleg er «nâlagfik» berre ei Forvending av «nâlavfik», dvs: «Liggjstaden.»

Ved Igdlunguak (21) er ei Rad med Steinar med eit Stigs Millomrom, og Eskimoarne fortel, at dei er lagde der av Nordmennerne, som dreiv den Sport aa hoppa fraa den eine Steinen til hin paa eitt Bein, heile Radi igjenom. Det finst ogso slike Rader paa andre Stader i Pisigsarfik. Men det er sume Granskarar, som trur, at dei kjem seg fraa Eskimoarne, som kallar det nangissat. Korkje Egede elder Sønerne hans elder D. Cranz nemner denne Hoppeleiken, og han er heilt ukjend paa Island og i den gamle Litteraturen.3)

Ved Nunakarflgssuak (22) paa ein liten Holme, under det bratte Fjellet Pisigsarfik, skal det og vera Tufter etter eit Hus. Hans Egede var her inne i 1723, daa han gjorde Turen til Ujaragssuit. Til denne Staden - i Samanheng med Fjellet Pisigsarfik, som heile Fjorden heiter etter - er fest Segni um Kappskjotingi millom Nordmannen og Eskimoen. Denne Segni høyrer ein tidt, naar ein er paa Grønland. Staden ligg straks innanfor Kornok. Det væne Hornet av Pisigsarfik minner noko um Romsdalshorn. I «Eskimoiske Eventyr og Sagn» av H. Rink stend Segni um Kappskjotingi. Yverskrifti er: Daa Kaladlit (Eskimoarne) fyrste Gongen raaka dei gamle Kavdlunakkar (Nordmennerne) paa Grønland.

Segni luar so:

I gamle Dagar, dengong det var faae, som budde ved Havsida, kom ein Baat med Ferdafolk til Nouk (Godthaab). Dei raaka ikkje eit Menneskje der og drog difor lenger inn i Fjorden til Kangersinek. Paa Vegen saag dei austan um Kornok, inne i Kangiusak, eit stort Hus. Men daa dei kom dit burt, kjende dei ikkje Folket, for dei var ikkje Kaladlit; med eitt hadde dei raaka paa dei gamle Kavdlunakkar. Dei siste saag ogso Kaladlit for fyrste Gong og var sers venlege imot deim. Men dei farande Folk var rædde deim, sette atter Baaten paa Sjøen og drog burt att. Daa dei kom upp-i Kangersinek, fann dei mange Kavdlunakkar, som budde ved Iluliak, Ujaragsuak, Ivisartut og Nunatarsuak, men dei skunda seg burt ifraa deim.

Daa denne Baaten kom attende fraa Fjordfarten sin, fortalde Ferdafolket Landsmennerne sine rundt ikring um dette Møtet. Og dei, som fekk høyra um alle Kavdlunakkarne, fór no likeins upp-i Fjorden, ilag med dei fyrste. Daa alle desse Baatarne kom til Kangersinek, tok dei til aa hava Lag med Kavdlunakkarne, daa dei merka, at dei baud godt. Seinare kom det endaa fleire Baatar, med Kaladlit til, og Kavdlunakkarne tok til aa læra Maalet deira.

Ved Kappiselik, segjer Segni, kom ein Kavdlunak og ein Kaladlek i Venskap med kvarandre, og dei var stødt i lag. Dei bruka aa bjoda einannan til paa Kapptak i Bogeskjoting, for aa sjaa, kven det var, som kunde skjota lengst. Og Landsmennerne aat baae tvo hadde Moro av aa staa og sjaa paa. Men daa dei baae var framifraa Skyttarar, fall Pilerne deira mesta stødt jamsides. Eingong sa Kavdlunakken: «lat oss gaa upp paa det høge Fjellet der burte, men fyrst strekkja ei Reinshud paa den vesle Øyi, og so sjaa, kven som kan raaka ho der upp-ifraa. Den, som skyt i miss, skal verta skuva utfyre, men den, som, raakar, hev vunne Leiken.» Kaladlekken svara: «det vil eg ikkje, for me er Vener, og ingen av oss bør lata Livet.» Men Kavdlunakken gav seg ikkje, og Landsmennerne hans sa tilslutt: «lat so vera, um han ogso vert sturta ned, ettersom, det er hans eigen Vilje.» Endeleg gjekk ogso Kaladlekken med paa det, og dei gjekk upp-aa Fjellet ilag med ein stor Flokk, som skulde sjaa paa. Fraa Toppen skaut Kavdlunakken fyrst, men det glapp fot han; deretter skaut Kavdlekken tvert igjenom Hudi. Kavdlunakken heldt no Ord, gjekk burt og vart støytt ned i Braad-djupet. Men Landsmennerne hans vart ikkje vreide yver det, ettersom det var hans eigi Skuld. Etter den Tidi kallar dei det høge Fjellet for Pisigsarfik (Skjotebana).

Etter ei Utgreiding (i Stenstrups Tidsskrift 1859, 2dre B., s. 174) tyder Namnet «Pisigsarfik» paa det, at dei beste Bogeskyttarane, norske og eskimoiske, kom saman her i Godmæle og skaut til Maals.

Med Umsyn til Segni um den norrøne Hovdingen Ungortok, som Eskimoarne drap, ser ein, at ho vert fortald paa tvo Maatar. I den eine heiter det, at det hende i Øystre Bygdi, i den andre, at det var i Vestre Bygdi.

I dei eskimoiske Segner er det ogso bit og anna um Strid med dei, gamle Nordmenner. Dei hev elles i mengdevis med gamle Songar og Stev (Spottevisor), som dei kjem med, naar dei «syng paa kvarandre» dvs: er samla til «Syngjestrid». Daa stend dei fram, grip Trumma og dansar og syng um Motmannen sin. Denne Trummedansen finn ein no berre i Austgrønland (Angmagssalik) og i Nordvestgønland (Kap York). Det er nemnt, at av 16 gamle Segner, som vart sanka ihop av Missionærar millom Eskimoarne i Labrador, fann dei, at Halvparten var meir elder minder like og nokre radt i Samhøve med Segner, dei fortel yver heile Grønland.

Ymse Segner paa Grønland minner ogso i mangt um deim, som finst i Alaska. Her er nokre Stubbar av gamle Songar, som Folk ved Kangamiut enno kunde minnast i Rink si Tid:

Song til Maanen:
Du store Maane i Uppheimen
Du store Anningat i ei onnor Verd
Du, som berre er til aa lysa, ajara ajara hai!
Du, som berre bragar der
men ikkje vermer noko ajara ajara hai!

Ei Spottevisa:

Eg er ikkje Ein, som les Skrift, ho ho haja hai
Ikkje Ein, som drikk søtt Tevatn ho ho haja hai
Ikkje Ein, som held utav sukkra Drykk ho ho hala hai
Ikkje Ein, som et Skjesse-mat ho ho haja hai
Ikkje Ein, som kjem i dei store Hus ho ho haia hai
Ikkje Ein, som legg seg i Sengklæde ho ho haia hai
Ikkje Ein, som skvitrar som Fuglarne ho ho haja hai.

Den, som fekk gjort Motparten til Glis og Laatt for alle, med Spottediktet sitt, hadde vunne i Stevleiken. Det var soleis siste Domstolen fyrr i Tidi; alt Krangl vart avgjort i slike Samkomor.

Dei Eskimoar, som fortalde gamle Segner, hadde til næraste Uppgaava aa stytta dei lange Vetterkveldarne. Og dei sette si Æra i aa fortelja Folk i Svevn.

Paa Vegen ut-att til Godthaab heldt me oss paa Nordsida av Fjorden. Her rodde me framum eit digert Fugleberg Ivnajuagtok («Brattfjell»), som er sjaalegt langan Leid. Det var fullsett med «Tatterattar» (Krykkjor). Dei byggjer her i mengdevis. Maake-svarmen yver oss var mest som ei Sky. Og daa me kom heilt inn under Fjellveggen, slo eg likso godt upp Paraplyen av Umsyn til Skarnet, men gjekk ikkje klar ein og annan «Prydnad» paa Hatt og Frakk ... Byrsorne small, rett som det var, og Fuglen datt fort vekk. Larse, Kajakkmannen, fiska deim upp for oss. Framenden av Baaten var tilslutt fullsett med Fugl. Hadde me berre havt meir Tid og Ammunition, kunde me lett ha lasta'n, so dei brune Kammeratarne mine hadde havt til «Fuglegraut» for lange Tider.

Paa det bratte Berget voks det mykje Kvann, og det var likt til det, at det var ein Vokstr, som smaka Eskimoarne. Dei kallar han for kuanek. «Den Urt Qvaun dvs: Angelica voxer der ogsaa i Abundance», segjer Hans Egede. Dei hev Stadnamn paa Grønland som Kuanersok (den kvannrike Staden), Kuanit (Kvannerne) og Kuanilik (Kvann-staden). Det er rimelegt, at det eskimoiske Ordet kuanek hev seg fraa Nordmennerne si Tid derburte.

Det er i Hopetal med Fugleberg paa Grønland, baade ute ved Havet og inne i Fjordarne, og sume deim er retteleg store, med Reir i hundrad-tusundvis. Er so, at dei vore i Fred for Folk ei Stund, og ein daa løyser eit Skot, er det, som til dømes paa Færøyarne, at det skyggjer for Soli. Dei bruser ut fraa Berget som ei kvit Sky. Men naar ein hev skote mykje, ansar dei ikkje større paa Smellen. Egede segjer, at paa Grønland saag han alle dei Sjøfuglar, som fanst heime i Nordland.

I Upernivik Distrikt, Nordgrønland, er det nokre smaa Øyar, som skal vera den rikaste Klekkje-stad for Ærfugl i heile Vestgrønland. Storparten av Duni, som kjem so rikleg fraa dette Handelsdistriktet, er derifraa. Og Folket nære ved sankar her 10-15 000 Egg for Aaret, som dei gøymer burt i Steingraver. Dei held seg daa heile Aaret. Eggi kjem væl med for Folket der um Vetteren, so framt Veidingi um Hausten av Kvitfisk og Eintenning («Narhval») gjeng til glepps for deim. Er so, det ikkje vert slik, raakar det, at dei nyttar Eggi til Hundefór. Holbøll skildrar Fugleberget Kaersorssuak ved Upernivik soleis:

Dette Berget er Visst ¾ Mil langt og med dei høgste paa Grønland. Det er fullsett med Reir, so langt ein kann øygna, so dei øvste Fuglarne ser ut som Flugor, naar dei flyg ut og inn. Eg kann berre gjeva ei veik Skildring av, kor mykje Fugl, det finst der. Ein skynar det best, um ein tenkjer seg Fjellet - so lenge ein ikkje uroar Fuglarne - som eit Biehus, naar Biorne svermar. Løyser ein no eit Skot, som endaa berre eit Faatal av Fuglarne vert skræmde av, vert det som ei Sky for Soli; og ein vert heilt tilrakka med Fugleskarn. Paa minder enn ein Time hev eg sjølv fjorde skote so mange Fuglar, at me ladde ein Skips-slupp, og i eitt Skot tok me ned 22. Og eg saag 12 verta drepne med ei Rifle-kula. Fuglarne kjem til dette Fjellet, fyrr enn Isen innunder det gjeng upp, og held seg der den korte Natti. Dette gjev Eskimoarne Høve til aa veida Fuglen paa ein sers Maate. Dei smyg stillt innunder Fjellet, gjerne fleire ilag. Naar dei er komne dit, set dei i aa hauka og skjota, so Fuglarne vert uppskræmde. Dei stakkars Fuglarne (Lomviar) minnest ikkje med same, at Sjøen under deim er islagd, men sturtar seg hovudstupsi ned og knekkjer jamnast Halsen, eller vert kor som er ei lett Fengd for Eskimoarne. Dei fær fulle Sledelass av Fugl, som dei hev teke paa denne Visi.

I Holstenborg Distrikt er fleire Fugleberg enn i noko anna Distrikt i Landet, men dei er jamt smaae. Men i Godthaab Distrikt er det sume, som er retteleg store. Dei fleste og største Fuglebergi er i Godthaabsfjorden. Og av deim er Ivnajuagtok (som er nemnt her fyrr) det største og mest agelege Krykkje-fjell i søre Grønland. Fuglen er her jamnt spreidd yver den kaldleg store Fjellveggen, som er yver 1200 Meter høg.

Fugleveidingi hev mykje aa segja for Folket der baade til Mat og Klæde. I Godtbaab Distrikt skyt dei vel umlag 15 000 Ærfugl um Aaret. Det er um Vetteren, dei tek'n, langs med Havstrenderne. Eskimoen brukar enno mykje ein stutt Pels av Ærfuglskinn (tingmiak) paa Yverkroppen. Han snur Fjøri og Duni inn, og er yverdregen med Ty. I Sudgrønland lagar dei fine Teppen av Ærfuglskinn. Det vert laga tri Slag av deim: Nr. 1 Brjostteppen av 48 Skinn og med Kant av grøne Halsar. Nr. 2 av same Storleik med Kant av annan Lit, og Nr. 3 Brjost- eller Ryggteppen av 20 Skinn. I Noreg kostar sovore Teppen ifraa 100-200 Kr. Fraa Utstaden Kangek nære Godthaab kjem fleire Teppen av Ærfuglskinn enn fraa heile Distriktet elles. Duni gjeng ogso til Handelen, og Eggi av Ærfuglen er mykje etterspurde til Mat. Paa heile Grønland skyt dei i alt umlag 150 000 Ærfugl um Aaret, av Lomviar umlag 100 000. Dei tek mykje Lomviar i dei isfrie Fjordarmar der um Vetteren. Dei veider'n med Fuglepil (Kastepil), og alle er med, som kann ro i Kajakk, heilt ifraa Kallen til Gutungen. Sumtid kann fleire Kajakkar ilag driva ein stor Flokk heilt uppaa Land, so ein kann taka deim med Henderne; for Fuglen kann ikkje fljuga upp. Naar Fjordarne frys, vert Fuglarne skotne i Vekerne, og naar dei òg frys, kann ein taka Lomvien med Henderne, for dei kann ikkje fljuga upp fraa Isen. Sumtid tek dei 60-70 Alkor paa ein Tur, med Fuglepil, skriv Nansen. Alkekongen veider dei i Sudgrønland berre med Fuglepil, for det svarar seg ikkje aa ofra Skot paa han. Endaa han er ikkje stort større enn ein Star, so raakar ein dugande Eskimo han lett med Kastepili. Ved Kap York fangar dei Alkekongen med Hov. Av annan Sjøfugl paa Grønland hev dei t. d. Lunde, Tjuvjo, Terna, Ender og Gjæser av ymse Slag, Skarv og Lom.

Kastepili hiv dei etter Fuglen, naar han flyg upp. De tri Sidegreinerne innpaa Skaftet paa Kastepili gjer det, at ho raakar lettare. Det vert, som ein liknar ihop Haglskot og Rifleskot.

Svanor harpunerar dei i Aust-Grønland. Dei slær Tran paa Sjøen, so dei ikkje kann letta.

Naar Kajakk-mannen hev veida ein Sjøfugl med Kastepili, legg han Aari framanfor seg, tek Fuglenebben i Munnen og dreg i Fuglen med baae Henderne yver Vengjerne. Han dreg soleis Halsen or Led, og legg Fengdi attum seg paa Kajakken, so er han trygg, at Fuglen ikkje kjem seg undan.

Kastepili er 3 Alner lang, med eit Pilejarn (paa ½ Aln) i Enden. Dei kastar ho med eit Kastetre like eins som Harpunen. Det gjer, at Kastet vert sterkare. Midt paa Pilestaken er tri store Mothakar, som grip um Fuglen, endaa um Pili raakar litt til Sida. Eskimoarne er sers visshøve; men dei skal vera overlag gode, um dei skal greida aa renna dette Vaapnet gjenom ein Fugl som er 15-20 Alner undan.

Um Kvelden teltar me i ei liti Vik innanfor den vesle Øyi Kekertak.

Som me kjem roande inn mot Strandi, ser me, at det stend 7 Telt der fyrr. Og der er mykje med Folk. Det er Fangarar og Reinsskyttarar fraa Buplassen Umanak inne i Fjorden, som hev gjeve seg til her med Huslydarne sine. Paa Steinarne ligg det nyflensa Sel, og det ryk ifraa Telti. Det var mange Revefellor aa sjaa nære ved.

Dei hev tvo Slag av deim. Den gamaldagse Typen med Falldør, som stengde Reven inne. No brukar dei visst mest av deim, som fell ned og drep Dyret, naar det røyver ved Lokkematen. Hans Egede segjer um den Maaten, Eskimoen fanga Reven paa: «Grønlænderne Fange dem levende udi Steen Fielder, giorte ligesom smaa Huus, hvor maden bliver giort fast ved en stille Pind, hvilken naar Ræven rører ved, da falder Dørren, som er en Storsteen-helle, for ham, saa hand maa blive inde». Godthaab held dei for aa vera eit med dei beste Revedistrikt i Sudgrønland. Det er mest Rev kring Godthaabs- og Ameralikfjorden. Dei fleste Skinn kjem fraa Kornok, umlag 300 for Aaret (71 Procent blaa og 29 Procent kvite).

Ein Fangar kom just inn med ein nyskoten Sel jamsides Kajakken. Slæpe-blaasa flaut ved Dyret og heldt det lettleg uppe. Me fekk Selkjøt av Folket der, eg tok fleire Bilæte, og dei veifta lenge til oss, daa me drog av Morgonen etter. So bar det avstad atter gjenom Drivisen, og bil-imillom lét det fraa Baatstyraren yver til Kjenntmannen i Kajakken og til Roarane: sukut? (Kvar er Vegen?) - ajungilak! (Det er godt!) - siumut (Fram!) Snart høyrer me fraa ein av Roarane: boisse! (Sel!). Kajakkmannen legg avgarde og vert utor Syni. No peikar ein av Roarane frametter. Ein Sel skyt Hovudet høgt yver Vatnet, det smell eit Skot ifraa Rifla til fyrste Roaren, og Dyret er burte.

Ved Middagstid, Sundag den 13de juli, er me atter i Kornok. Helgeklædde Folk strøymer ned til Baaten og helsar oss velkomne fraa Ferdi inn i Fjordarne. Reinshornet fram-i Baaten syner, at me hev vore inne ved dei gode Veidestaderne. Me hyser oss atter inn paa Kyrkjeloftet og er deretter umkring og helsar paa Folk. Dei svartøygde Smaagjentorne ser ut som Dokkor i Helgedags-bunaden sin med den fine Perlekragen, og raudt Silkeband i Haartoppen. Smaagutarne er fine dei òg, med myrkeblaa elder kvit Anorak (Trøya med Hetta) og kvite elder blaa Selskinns-styvlar. Klokka 5 ringjer det til Messe, og eg ser Folk koma upp ifraa Hyttorne. Orga set i, og som eg stend ved Glaset upp-aa Kapell-loftet og lyder paa Songen nedunder, ser eg ut yver den steinutte Kyrkjegarden med dei simple Trekrossarne her og der. Kveldsoli legg ein raud Glans yver dei snøklædde Fjell, og eg kjem til aa minnest «Grønlands Apostel». Han, som reiste Krossen der-uppe, og som aldri trøytna, men sette alt inn For ein stor Tanke.

Hans Egede

Et helligt Kors staar høit i Nord,
hvor ingen Sangfugl bygger;
i Sne det staar paa frosne jord,
og langt fra Løvsalsskygger.
Har Lyset døde jord forladt,
og isner Himlen selv ved Nat,
hvor Sjæl og Hjerte gyser:
Fra Bølgjebjerg ar evig Is
henpeger mod Guds Paradis
det Kors ved Nat, og lyser.

Hvo planted hist. saa høit i Nord
den Gren fra Edens Have ?
Hvo bar den tro i Hvalens Spor
henover Dybets Grave?
Ispolens Søn, hvo gav dig Fred?
Ei steg en Engel til dig ned;
Gud en Apostel sendte!
I Mulm han saa et Folk forladt;
Ham Aanden viste Dag og Nat
Den Vei, kun Døde kjendte.

Og el han hadde Rist og Ro;
Den Vel han maatte følge,
Gik end den over Dødens Bro
Og Fjæld ar frosne Bølge.
Ham fulgte Børn og trofast Viv,
I Herrens Haand han gav sit Liv;
Men Aanden ham ledsaged;
Den bar ham over store Grav,
Og bag det dunkle Midnatshav
Han fjerne Kyst opdaged.

(Ingemann.)

Av dei 90 Gardarne i den gamle Vestre Bygdi laag dei fleste i Fjordarmarne Pisigsarfik og Ameragdia (sjaa Kortet), dessutan i eit vokstr-lendt Daledrag millom Botnen av desse Fjordarne. Og der finst det mange større og mindre Vatn. Av dei 90 Gardarne hev dei no, som ogso nemnd ein annan Stad, kome etter umlag 70, som høyrde Vestre Bygdi til.

«Dei norrøne Nybygdene paa Grønland er eit av dei merkelegaste Vitnemaal um Mod og Dugleik og Vokster-trong hjaa Forfederne vaare», segjer Professor Torleiv Hannaas.4)

Ilag med dette kann det og vera forvitnelegt aa nemna det, Ada Isachsen skriv i ei Utgreiding um den uheppne grønlandske Busetnaden.5) Forf. fortel um, korleis det gjekk med den Freistnaden paa Nybyggjing, som vart gjort fraa dansk Sida i 1728, daa dei sende Soldatar, Straffangar og lause Kvende dit burt, og ein dansk Major vilde rida yver Innlands-isen. Ho sluttar Stykket sitt soleis:

«Mot denne Bakgrunn, som er baade til aa graata og læ aat, fell den gamle norsk-islandske Nybyggjingi serleg godt i Augo».

Ved Tavtat (22 a) litt austanfyre Pisigsarfik er det og 2 Atterstødor. Den fyrste av deim er sers forvitneleg og likjest paa ei Atterstøda, som ligg ved Kanisut i Igaliko-fjorden i Julianehaab Distrikt (Øystre Bygdi). Denne ved Pisigsarfik er bygt upp-aa eit Fjellstykke, som er 8-10 Fot høgt. Den lengste Muren er 16 Fot lang og 8 Fot og 4 Tumar breid. Han er 2 Fot og 5 Tumar tjukk. Den øystre Muren hev halde seg best ved lag. Han er 2 Fot og 4 Tumar høg. Den andre Atterstøda her kann ha vore ei Saudekvi. Ved Tavtat er ogso ei Steinrekkja, lik den, som er nemnd under Atterstøda Nr. 21.

Ved Kasinguak (23) meiner dei, det og hev vore ein Gard likeins ved Niviarsiat (23 a). Ved Kuagssugarssuk (23 b) er det ei Rad med Steinar - av same Slaget som ved 21 og 22 a. Ved Igdlorssuit (24) skal det og ha vore ein større Gard, likeins er det Atterstødor etter ein slik ved Kugssuak («Stor-elvi») (24. a).

I Korkut el. (Korok)-viki skal det vera nokre gamle Tufter (25). Hans Egede talar um denne Staden i «Relationen» sin. Det heiter der, at eit Aar, den 15de Mai, fór han «ind til nærmeste Fiord ved Colonien, kalded Kokome, hvor og vore gamle Norske fordum have boed». (Kokome er berre ei avleidd Form av Kokok, og det er atter berre ein annan Stavemaate for Korok dvs: «Dalen».)

I Angmagssivik-bugti (Angmagssivik: «Lodde-ausestaden») skal det vera eit Par Atterstødor ifraa norsk Tid (26 og 26 a) ved Foten av «Finnefjældet» (Sulugssugut dvs: «Det, som er likt ein Fiske-ugge el. «finne»). Og paa Sørsida av Pisigsarfik skal det finnast slike, noko ved Havstrandi, noko eit Stykke inn i Landet (27 a-29). Millom Botnen av Pisigsarfik-fjorden og Vatnet Tungmeralik («Trodsteinarne»), uppetter Dalen, som det gjeng ei Elv igjenom, og der det elles er fleire Vatn, ligg det mange norske Atterstødor (29-37 a). Dei er skildra av Thorhallesen, Giesecke o. fl.

Ovanum Vatnet Avatsissarfik, det andre og største i Kapisilikdalen, og som ein treng 1 Time for aa ro uppetter i Kajakk, skal det vera eit Fjell, som Eskimoarne kallar for «Niko». Dette minner um Ordet «Nikur», som dei brukar paa Island enno um ein «Nykk» (Aa-kall).

«Niko» skal elles vera ei eskimoisk Nemning for turka Kjøt.

Axel Klinckowstrøm nemner i ei Grønlandsskildring ogso Kapisilik, og den gilde Laks-elvi der. Til denne Staden kjem det kvar Sumar Eskimoar fraa Kornok og Umanak for aa fiska og veida Rein; Hare og Rypor tek dei ogso paa denne Kanten. 25 Øyre var den vanlege Prisen for ein Laks, 30, um Fisken var stor, og for ein ov-stor ein vart det sumtid betala upp-til 50 Øyre. Han smaka som «äkta Halmstadlax», segjer Klinckowstrøm.

Same: Forf. talar ogso um «Nordmannanäset» og «de gamla nordmanna tomterna», her ved Godthaabs- og Ameralikfjorden. Han granska fleire av dei deim og tykte millom anna, det var forvitnelegt aa sjaa tydelege Restar av ein djup Veg, som i alt liktest paa dei islandske Ride-vegarne. Dessutan eit rettelegt islandskt Heste-trø, «rjett», dei kallar, som dei brukar paa Island den Dag idag, t. d. ved Kyrkjor til Bruk for Ridehestarne.

Paa Nordsida av Ameralik-fjorden (38 og 39 b) ved Kârusulik og Kuanit («Kvannerne») ser ein av det trivelege Vokstr-livet, likeins som paa andre Bustader etter Nordmennerne, at det hev vore bygt her eingong i Tidi. Inn-i Fjordarmen Itivdlek («Yverberingsstaden» - for Baatar) er det ogso Tufter etter dei fyrste Nybyggjarane (39 og 39 a). Ved 44 hev det stade ein norsk Gard. I Botnen av ltivdlek-fjorden ved Ekalugialik (45) hev vore ein stor norrøn Gard med vid Heimemark, og dei maa ha havt mykje Sauder der.

Inst i Bugti mot nordaust landar Konebaatar - men berre ved flod Sjø kann dei koma igjenom Innlaupet - og fraa Lendingi kann ein ganga yver Fjellet. nord til Pisigsarfik. Her ber dei Konebaatar yver. Det eskimoiske «itivdlek» tyder, som fyrr er nemnt, ein Yverberings-stad. Ein gamall Varde etter Nordmennerne stend paa Toppen av Fjellet, nordanum Garden, og ein annan, no mest øydelagd, finst paa søre Sida av InnIaupet til Bugti.

Det ser ut for det, at heile den bratte Austsida av Itivdlek hev vore ubygd i norrøn Tid. Presten Thorhallesen segjer um Ameralikfjorden, at det er det «smukkeste Sted, som jeg har seet i Grønland». Etter at han hev skildra, kor faarleg Ferdi dit inn er, skriv han: «Saa behageligt og indtagende er det, naar man længer op Mar se Bjergsiderne, som vende imot Solen, og Dalene bevoxet med adskillig Slags Krat, vellugtende og nyttige Urter, Rosmarin, Timian o. s. v. - Det er altsaa ingen Under, at de gamle Nordmænd, ved at trække nordefter paa Vesterbygden, har stanset ber og i Betragtning af de mange Bekvemmeligheder, som findes i Ameralik, udvalgte den til saa mange Familiers Nedsættelse. Mange Steder i Baals Revier, især Ameralikfjorden, kunne lignes med gode Steder paa Island». - Han segjer, at det enno er en ypperlig Leilighed for Islændere og Nordmænd at nedsætte sig. De kunde ernære sig af deres Kreature, naar de kun i Begyndelsen fik saa god Understøttelse, som var fornøden, indtil deres «Kreature havde formeret sig.» 46 og 47 (ved Nûa dvs: Odden) er visst berre gamle eskimoiske Bustader.

I Ameragdla,

den andre av dei tvo Fjordarmarne i Ameralik, er det ein Stad, som heiter «Niakussat» (48). Dit kjem Eskimoarne tidt for aa sanka Kvann, som det er mykje av der. Ved Strandi her hadde Eskimoen JoeI (Fylgjesmannen til Nansen ei Tid) funne 2 Hovudskaaler av Nordmenner med eskimoiske Piloddar av Stein sitjande i. Den tyske Herrnhutmissionær Spindler, som seinare fór or Landet, fekk tak i baae tvo. (Bladstyrar Lars Møller i Godthaab fortalde meg, at han hadde set deim). I andre Manna-hausar, som dei fann samstundes, voks det Kvann i Holorne. Det er ei Tuft paa denne Staden (5 Stig × 14 St.) paa nokolunde flatt Lende. Kann henda, det hev vore Kyrkja elder Kapell her, og Kyrkjegard. Men dei kann ikkje segja noko visst um det, fyrr enn dei hev grave ut der. Det hev i alle fall vore ein norrøn Gard derinne. Det er ogso andre norrøne Hustufter (49, 50 og 50 a) innetter mot Kilarsarfik (51). Her meiner dei, det hev stade ein stor norsk Gard, venteleg med Kyrkja og Kyrkjegard. Det heiter, at det skal finnast mange Beingrinder der, og Segni segjer at det ikkje hev vore nokon Gravstad her, men at Beingrinderne er av Folk som hev vore drepne der. Og det var siste i Nordmennerne i Vestre Bygdi, som miste Livet der. Dei fann eit Mannahovud der, utskore i Rossmaaltonn. Det er 4 Cm. høgt, og dei trur for visst, at det er av ein Nordmann. Andlitet er skjegglaust, og paa Hovudet er det ei Huva. Knokar av Storfe, Geiter og Sauder m. m. hev dei funne i ein Dunge. Kann henda, det var herinne i Botnen av Ameralik, at Eskimoarne drap dei siste Nordmennerne.

I dei islandske Annalar heiter det:

1379. Skrælingjar herjuðu á Grænlendinga ok drápu af þeim XVIII menn, ok tóku tvo sveina ok þræikuðu.
1379. Skrælingarne gjorde fiendslegt Aatak paa Grønlendingarne, drap 18 Mann av deim, men fanga 2 Smaagutar og gjorde deim til Trælar.

I siste Helvti av 14de Hundradaaret skal det ha bore ihop med Nordmennerne og Skrælingarne i Vestre Bygdi. Og det heiter, det enda med, at alle Nordmennerne vart tynte.

Ivar Baardsson (Bere), som kom til Grønland i 1341, kom hit att til Noreg um lag 1364. Biskop Haakon i Bjørgvin sende han til Grønland. Han var Kannik i Apostelkyrkja i Bjørgvin, meiner Gustav Storm. Det finst ei dansk Umskrift fraa 16de Hundradaaret av Grønlandsskildringi hans. Ho er ei av dei vigtugaste Kjeldeskrifter til det gamle Grønlands Topografi. Han segjer m. a.:

«Nu haffuer Skrellinge all Vesterbygden ud; daa er der noch Heste, Geder, Nød, Faar, alt villdt och ingen Follch, christenn eller hedenn.

ltem dette alt, som forsagt er, sagde oss Iffver Bardsen Grønlænder, som var Forstander paa Bischobsgarden i Gardum paa Grønnland udi mange Aar, at hand haffde alt dette seett, och hand var en aff dennem, som var udneffender aff Lagmanden, at fare till Vesterbygden emod de Skrelinge, att uddriffve de Schrellinge ud aff Vesterbygd; och da de komme didt, da funde de ingen Mand, endten christenn eller heden, uden noget villdt Fæ og Faaer, och bespissede sig aff det vilitt Fæ, och toge saa meget som Schivere kunde berre, och zeylede saa der med hjemb, och forschreffne Iffver var der med.»

Hans Egede segjer:

«Saa her af sees, at de Norske Christne udi Vester Bygd af de Vilde Hedninger skal være ødelagde. - De nuværende Grønlændere, som vel er disse SchreIlingers Effterkommere, veed og ingen vis Beretning at give os herom, skiønt de vel veed, at de overblevne gl. og forfaldne Boeliger og jordeplatzer, som endnu ere her tilsiune, har fordum været beboede af et andet slags Folk end som de self ere. Dog stadfeste de, hvad man haver i de gamle Historier herom, nemlig: at deres Fædre har ført Krig med dem og slaget dem i ihiel«.

Sume hev gissa paa, at dei tvo Folki fyrst er vortne usamde um Veidestaderne inne i Fjordarne, naar Skrælingarne søkte inn der um Sumrarne.

Dr. H. Rink segjer i Fyreordet til Boki si «Eskimoiske Eventyr og Sagn», at i det heile kann ein ikkje negta for, at Segnerne med Umsyn paa det historiske er sers magre. Serleg er det merkelegt, at denne Nationen hev so ringt Minne, naar det t. d. gjeld aa segja ifraa um, daa dei møtte dei gamle Nordmenner og unt det fyrste Basketaket med deim.

Daa Eirik Raude kom til Grønland, raaka han, som fyrr er nemnd, visst ikkje Eskimoar, men berre Merke etter, at dei hadde vore der.

Fraa Aar 1000 til umlag Midten av det 14de Hundradaaret fanst det ikkje Eskimoar paa den Kanten, der Nordmennerne hadde Bygderne sine, men dei var vel nordanfyre. Nordmennerne kalla deim amen for «Troll» elder for Skrælingar. Torvald, Son til Eirik Raude, var den fyrste, som raaka paa dette Folket. Det var i ein Fjord i Vinland. Og paa Grønland vart dei funne umkr. Aar 1000 av Torgils Orrabeinsfostre, daa han stranda paa Austgrønland og gjorde ei merkeleg Ferd sud etter Austsida av Landet, til Sudodden av Grønland. Paa denne Ferdi kom Nordmennerne yver eit stort Sjødyr, som hadde drive upp i ei Vok i Isen, og ved det stod tvo Trollkonor, som balla ihop store Stykke med Kjøt. Dei sprang strakst til og hogg Handi av den eine Trollkona, og baae tvo let daa Kjøtet liggja att, og rømde sidan. Gustav Storm trur ikkje paa denne Fraasegni.

Elles høyrer ein ikkje noko visst um Eskimoarne fyrr enn paa Slutten av det 12te Hundradaaret. I «Historia Norvegiæ» (venteleg fraa umkring 1170) stend det, at grønlandske Veidemenner langt nord (d. v. s. paa Nordvestsida av Grønland) hev funne nokre smaae Folk, som dei kallar Skrælingar.

Naar ein raakar deim med Vaapen, og dei ikkje vert drepne, vert Saari deira kvite, men bløder ikkje. Men vert dei drepne, vil Blodet mest ikkje slutta aa renna. Dei hev ikkje jarn; dei brukar Rossmaaltenner til Kastespjot og kvasse Steinar til Knivar.

Enno kring Midten av det 13de Hundradtalet heldt Eskimoarne seg langt i Nord paa Vestsida, av Grønland. For i 1266 gjorde Nordmennerne ei Uppdagingsferd dit upp for aa røkja etter, kvar Skrælingarne heldt seg. Dette trur dei peikar paa det, at dei venta seg Yverfall av deim. Det heiter, at Skrælingarne tok paa Folket i Vestre Bygdi og øydelagde den etter 1341, og at dei seinare, i Aaret 1379 herja Øystre Bygdi, drap 18 Mann og gjorde 2 til Trælar. I ei Melding fraa 1342 heiter det, at dei Norske paa Grønland gjekk i lag med Eskimoarne. Det stend i ei islandsk Skrift fraa den Tidi: «lbuarane paa Grønland fall friviljugt ifraa den sanne Tru og dei Kristne sin Religion og vende seg til Amerikas Folkeslag.» Nansen segjer, um dette Spursmaalet: «Folket i Vestre Bygdi, som hadde mykje hardare Kaar med Umsyn til Fehald enn sud i Øystre Bygdi, hev visseleg tidlegare enn Aust-bygdingarne blanda seg med Eskimoarne og gjenge yver til deira Livevis.» Han viser her til Meldingi fraa 1342.

Hans Egede segjer:

«Angaaende de Norske Coloniers Undergang paa den vestre Side af Grønland, da veed Grønlænderne at sige derom, nemlig, at de skal være overrumplede og ihielslagne af deres Forfædre, hvor endnu til Amindelse viises et Sted, hvorpaa de skal have slaaes tilsammen, og have givet Navn deraf, og kaldet Pisikstarbik, i e. et Stæd, hvor man skyder med Buer; Hvilket stemmer over et med hvad vi finde i de Islandske og Grønlandske Antiqviteter derom formælded, nemlig: «At de Norske Indbyggere i Vester-Bygd allerede i det 14de SecuIo var af Skrællingerne (saa kaldtes de vilde Folk, som de Norske fandt for sig i Landet og komme Norden fra), overvældiged og ihielslagne.»
Denne Beretning slap uforseendes udaf en ung Grønlænder, hvormed de Gamle ikke var vel tilfreds, og talte ham til derfore, befrygtende, vi igien vilde hævne det paa dem; Men der vi loed dem forstaae, at vi nok vidste det tilforne, hvorledes var passered, og fordi det var saa længe siden, tænkte vi ikke meere derpaa; icke heller skulde de, frygte, at vi ville giøre dem noget ondt derfor, naar de ickun selv vilde være skikkelige, saa gave de sig tilfreds, og fortalte os,det altsammen.Æ (Relation, Kbhavn 1738, s. 80).

Sogegranskarane no finn det ikkje rimelegt, at Eskimoarne hev gjort Ende paa Nordmennerne.

Det kann vera verdt her aa taka med det, Eilert Sundt skriv i «Hans Egedes Dagbok», som han gav ut. Han nemner der, at del Norske i Finnmarki blandar seg med Finnarne soleis, at finskt Maal,og Livevis vert det, som raar millom Borni elder Barneborni hjaa desse Blendingarne. Difor kann ein vel tenkja seg, at det hev gjenge likeins med Landsmennerne vaare paa Grønland, daa del kjende seg reint hjelpelause.

Nansen segjer um Blanding: «Borni kom til aa tala eskimoisk, og tok strakst heilt upp eskimoiskt Livevis, likeins som no i vaar Tid Born etter Danske og Eskimoar paa Grønland, gjer det same.»

Det hev vore nemnt, at det finst fleire høge Folk sud i Landet. Dei hev større Naser enn hine. Men um ein av dette kann slutta, at dei, som bur lengst sud, er Blendingar av Eskimoar og dei gamle Norske, fær andre avgjera. Dei kallar seg «Kalâlit», og det skal vera det same som det gamalnorske «Skræling», som Eskimoarne ikkje greidde aa segja meir likt enn sakalâlek, sikalâlek. Sume meiner, at «Skræling» kjem seg av Ordet «skral» (liten og veik), men andre, at det kjem seg av det, at Eskimoarne kom med stort «Skraall, til dei norske Skipi.»

Hans Egede tykte, han paa sume Stader saag Folk av ein framand Type. Andre hev skrive det same sidan. Han trudde, det var Ættingar av Nordmennerne. Han segjer i 1741, at Eskimoarne paa Grønland «have breede Ansigter og tykke Læber, ere Brak-næsede og af en brunagtig Coleur; dog ere endeel ret smukke og huide.»

Sambandet med Grønland stod det klent til med alt i det 14de Hundradaaret. Det kann ein sjaa av det, at Biskop Arne i eit Brev til Biskop Tord paa Grønland (dagsett 22de juni 1308) gjeng ut ifraa, at dei ikkje kjenner til der, at Kong Eirik er avliden 9 Aar i Fyrevegen, elder i 1299.

I 1355 gjekk den kgl. norske Knarren til Grønland. Han hadde ikkje vore der paa 9 Aar for Skuld Svartedauden, og vart no send dit aa hindra, at Folket Skulde falla ifraa Kristendomen. Førar for denne Ekspeditionen var Hirdmannen Paal Knutsson fraa Onarheim i Tysnes.6)

Det heiter, at i 1407 vart ein Mann paa Grønland dømd til Dauden og brend. Namnet hans var Kolgrim. Han hadde lokka eit Kvende med Svartekunst. Og ein ser, at i 1408 vart det brudvigt eit islandskt Par i Hvalseyjar Kyrkja i Øystre Bygdi.

Siste Skipet kom fraa Øystre Bygdi til Noreg i 1410. Som eit Døme paa, korleis Tilstandet var, nemner Nansen, at det heiter i dei islandske Annalar for 1412, at «det kom ikkje nokor Tidend fraa Noreg til Island».

Naar Samferdsla endaatil med Island var so liti, kann ein skyna, at det heilt slutta med Grønland.7) I eit Pavebrev fraa 1448 høyrer ein og um Tilstandet paa Grønland. Det er ei Skildring av, korleis Utbygderne der vart øydde i 1418, etter Aatak av ein «Heidningeflòte», og at dei sidan vanta Prestar. Brevet er fraa Paven Nicolaus V. Han skriv 18de September 1448 til Bisparne paa Skálholt og Holar paa Island. Det luar so (hjaa Thorhallesen):

«Paa de elskelige Sønners, de Indføddes, og alle Beboernes (Universitatis habitatorum) Vegne paa Eylandet Grønland, der siges at ligge ved de yderste Havets Grændser, paa den nordlige Kant af det Norske Rige, i Provincen Nidaros, har en overmaade begrædelig Klage foruroeliget vore Øren, og forbittret vores Sind. At paa Eylandet selv, hvis Beboere og Indbyggere, under den Romerske Kirkes Sæte, og den Apostoliske Stoels Anordninger, have, næsten i 600 Aar, fast og uforfalsket - bevaret den christelige Troe, hvilken de ved deres berømmelige Prædikers, den salige Kong Olafs Forkyndelse annammede; og at der paa benævnte Øe, i Tidens Længde, ved Folkets inderlige Attraae efter en idelig Gudsdyrkelse, heel mange Helgens Kirker, og en anseelig Cathedral Kirke ere blevne oprettede, i hvilke Gudstienesten flittig forrettedes, indtil for 30 Aar siden, da barbariske Folk fra Hedningernes nærmeste Søekyster indfandt sig med en Skibsflode, angrebe med et grumt Overfald alle Indbyggerne sammesteds, og ødelagde med Ild og Sverd Fæderne landet selv og Kirkerne, efterladende paa Eylandet Grønland alene de Sogne-Kirker, som laae længst borte (qva latissimus dicitur extendi terminus), til hvilke de formedelst Biergenes Steilhed ikke uden Besværlighed kunde komme; bortførte Fangerne til deres Hiem de ynkværdige Indbyggere af begge Kiøn, som de saae at være sterke og beqvemme til en evig Trældoms-Aag, og ligesom dannede for deres-Tyrannie. Men da de fleste, hvilket samme Klage videre tilføyede, komme efter nogen Tid tilbage af Fængslet til deres Hiem, og efterat have hist og her igien opbygget de ødelagte Steder, ønske at kunde, om mueligt, efter den forrige Indretning, paa nye oprette og udbrede Gudsdyrkelsen; og derhos formedelst de forrige Elendigheders Trykkelse, den Hunger og Sult de (endnu) lide, hidindtil have ikke haft Evne til at underholde Præster og Biskopper, i al den Tid af 30 Aar som de have savnet Bispens Trøst og Presternes Tieneste, uden at nogen med megen Tidsspilde, af Lyst til Gudsdyrkelsen har reyst en lang Vei til de Kirker, som den barbariske Magt ubeskadigede efterloed. Da vi nu, i Følge det før berørte, have en sikker Kundskab herom, overlade og anbefale vi Eders Broderlighed, som vi have erfaret at være iblant bemeldte Eylands nærmeste Bisper, at I saavidt det lader sig giøre, efter at I have spurgt Erkebispen tilraads, om Stedets Fraliggenhed tillader det, ordinere og beskikke dem til Biskop, en duglig og beqvem Person.»

- Men denne Meldingi er ikkje noko aa lita paa. I 1410 skal det siste Skipet ha kome heim fraa Grønland. Men det er likevel nemnt, at det enno vart drive Handel millom Grønland og Noreg til 1484. Daa skal dei 40 Nordmenner, som kjende til Siglingi paa Grønland, vera drepne i Bjørgvin av tyske Kjøpmenner, av di dei ikkje vilde selja deim Varorne sine. - «efter den Tid hafue Norigs Mænd lidet vist aff Grønlands Handel at sige, men er jo mere oc mere kommen aff Kynde oc Minde», segjer Peder Claussøn.

Sistpaa kann me nemna, at i 1892 fann ein katolsk Prest, Dr. Jelic i Dalmatien, eit Pavebrev ifraa 1492. Dette Brevet peikar paa det, at det umlag ved den Tidi hev kome Meldingar um Grønland til Europa. For det heiter m. a. i Pavebrevet, at «Grønland er ei Øy, som ligg ved Verdsens Ende. Isen ligg slik kringum Øyi, at det er sjeldan, ein kann sigla dit, og berre i August, naar Isen er braana.» Denne Fraasegni um Isen høver den Dag idag er. Det heiter ogso i same Pavebrevet, at dei trur, at ikkje noko Skip er kome dit i dei siste 80 Aar, og at helder ikkje nokon Bisp elder Prest hev butt der. Dette hev drege etter seg, at Storparten av Folket er falle fraa den kristne Trui, og ikkje hev noko anna kriste Minne, enn at ein Gong um Aaret vert framsynt den Altarduken, som den siste Bispen bruka, naar han vigde Nattverden. Sist i Brevet er nemnt, at Benediktin-munken Mathias hev bode seg til aa fara til Grønland som Missionær, og umvenda deim, som var fallne ifraa.

I 1481 skal det ha vore ei Ferd til Grønland, so ein fekk vita korleis der var paa den Tidi. Pavebrevet fra 1492 kann soleis ha Hopehav med Meldingar fraa den Ferdi.

Det er underlegt, segjer Gustav Storm, at P. A. Munch ikkje hev funne dette Brevet i 1859-63. Me hev soleis her eit Døme paa, at ein framleis kunde finna Upplysningar til Soga vaar i det pavelege Arkiv.

Nansen hev fyre seg Pavebrevet fraa 1492. Han skriv i «Nord i Taakeheimen», s. 380: «Den Merknaden, at Grønland ikkje fyrr enn i August vart so isfritt, at ein kunde sigla dit, syner ogso nokon Stadkunnskap. For det var vanleg ikkje fyrr seinsumars, helst i August, at Knarren fór fraa Bjørgvin til Grønland.»

Den gamle Skildringi av Siglingi dit, og av Drivisen - soleis i «Kongsspegelen» - fortel um nett same Tilstandet som no.

Ein Gong um Aaret gjekk «Grønlands-knarren» til Bjørgvin med den Sending Rossmaaltenner, som Paven skulde ha i Skatt. Dei gamle Nordmennerne veida sers mykje Rossmaal paa Grønland. Seksaars tiendi av Presteskapet si Innkoma lagde dei i 1327 fraa Grønland med 127 Lispund Rossmaaltenner. Desse Tennerne vart selde i Flandria for 12 Pund 14 Sous Tournois (254 norske Mark), soleis for kvart Aar 421/3 norske Mark. Peters-peningen for eit Aar svara Grønland med 3 Lispund Rossmaaltonn, som vart selde for 6 Sous elder norske Mark. Ei Mark var 80 Peningar.

Grenellandensis

Decima episcopatus Grenellandensis. Recepta fuit per me Bernardum de Ortolis in dentibus de roardo quam decimam recepi Betgis. a duo archiepiscopo Nidrossiensi. anno diij. millesimo. ccce. xxvij°. et. xj°. die mensis Augustj. - cxxvij.* lisponsos ad pondus Norwegie.

Post que anno quo supra et. vj . die mensis Septembris . vendidi dietos dentes de concilio dominorum archiepiscopi Nidrosiensis et epi seopi Bergensis Iohanni Dipre mereatori de Flandria . precio . xij. librarum. et. xiiij . sol . Turon . argentj . de quibus . xij . libris et . xiiij. solidis argenti habuit dris rex Norwegie medi etatem.

Reliquarn vero medietatern . retinui ego dictus B. de Ortolis pro camera dnj pape . que medietas fuit videlicet . vj . libr . et vij solid . Turonens argenti . quas sex libr . et vij . sol . Turon. argenti promisit mihi reddere dictus mereator Brugensis in florenis aurj . computando vnum florenum pro . xiij. Turo nensibus argentj et vno steriengo assendunt dicte sex libre . et. vij. solidi - cxiiij. flor aurj . et . iij . Turon argentj . quarn peeuniam habui ego . B . a . dieto mereatore videlicet pro parte camere dominj pape - exiiij. flor. aurj. fij . Turon. argentj.

I Paul Egede si Dagbok finn ein prenta dette Ordraget av Dokumentet fraa det Vatikanske Arkivet:

«Det grønlandske Bispedømmes Tiende er modtaget af mig, Bertrando de Ortolis, i Hvalrostænder, hvilke Tænder jeg har modtaget i Bergen af Erkebiskoppen i Trondhjem Anno 1327 den 11te Aug., nemlig 127 Lpd. efter norsk Vægt; næstfølgende 6te Sept. solgte jeg igjen ovenmeldte Tænder til en Kjøbmand i Flandern, nemlig Johannes de Pre, efter Erkebiskoppen og Biskoppen i Bergen deres Raad, for 12 Pund og 14 Sol. af Tours Sølv, hvoraf det halve tilkom Kongen. Ligeledes har jeg modtaget for «denario St. Petri» af Bispedømmet Grønland 3 Lpd. Hvalrostænder; disse Tænder solgte jeg og fik for hvert Lpd. 2 Sol. af Tours Sølv».

Rossmaaltennerne (som er 1 Fot til 1 Aln lange) kosta den gongen likso mykje som Elfenbein.

Professor Oluf KoIsrud segjer i eit Brev fraa Rom 1922 til Forf. av denne Boki um det Dokumentet, som er teke av i Vatikanarkivet:

«Det er ei Innførsla i Rekneskapsboki aat dei pavelege Inntekts-innsamlarane i dei nordiske Land Johannes de Serone og Bernardus de Ortolis, som reiste i Noreg i 1327. Boki er ei Reinskrift paa Pergament og finst i Vatikanarkivet i Serien «Collectorie» som Nr. 227; dette Stykket staar paa Baksida av Blad 5. Heile Rekneskapen er utgjeven i Prenten av P. A. Munch i hans «Pavelige Nuntiers Regnskabs- og Dagbøger førte under Tiende Opkrævningen i Norden 1282-1334», Chra. 1864, Sida 15 = 66; Stykket um Grønland er avtrykt Sida 25».

Etter det siste forvitnelege Gravfundet ved Ikigait (Herjolvsnes) i Øystre Bygdi (Aaret 1922) meiner dei det, at Nordmennerne hev livt mykje lenger paa Grønland, enn me fyrr trudde. Graverne der gjeng radt ned til Aar 1500. Det er 150 Aar lenger, enn dei kjende til, at Nordmennerne budde der.

I ei Hustuft i Bjørgvin (Schaftens Tomt paa Tyskebryggja, ved Hanseatisk Museum) fann dei ein liten utskoren Rossmaal, av Rossmaaltonn - ei grønlandsk Barneleika.8) Det er likt til, at det er eskimoiskt Arbeid. Ho finst no paa det etnografiske Museum i Oslo. Professor Yngvar Nielsen segjer um dette Fundet, at det er rimelegt, at dette er eit Minne «om Bergens gamle Handel med Vestgrønlands sydlige Del».

I 1514 var Erkebispen Erik Valkendorf i Nidaros meint paa aa hjelpa Bispedømet paa Grønland, men han kom i Unaade, og det vart ikkje noko av Planen hans. Seinare vart Ekspeditionar sende ut paa Leiting etter dei norrøne Bygderne der burte, soleis av Fredrik 2, Kristian 4, Fredrik 3, Kristian 5. Men det lukkast ikkje for deim. Enno finst det eit Slag Kunngjering av Fredrik 2, fraa Aaret 1568. Ho er umsett paa islandsk, og var etla til aa verta upplesi for dei norske Folk, som dei venta aa finna, - og som dei skulde mana til atter aa verta Undersaattarne hans. Og i 1579 sende han tvo Mann med Jacob Allday-Ekspeditionen «for Maalet si Skuld». Norske og islandske Tolkar vart sende med paa Ekspeditionen i 1607, og Islendingar skulde fylgja med paa Grønlandsfiskeferderne i 1652.9)

«Och effter detalle vaar vitterligt nock,
Paa Grønland for tiden vaar Norske sprock,
Som IhzIænder ochsaa haffue;
Da sænddis der Bagger oc Ihzlænder med,
At de skuldde tyd och tolcke ded,
Grønlændderne foregaffue -»

(Grønlandske Chronica).

I 1581 vart Magnus Heineson send av stad og skulde finna «Øystre Bygdi paa Austgrønland». Han siglde ut fraa Bjørgvin. Han saag Landet, men laut snu for Drivisen. Lyscander, som skreiv Grønlandske Chronica, segjer, at Kongen

Hand fick en Bagge, og Norsker Mand
Vell dreffuen til Søes, oc fremmede Land,
Magnus Heigningszøn loed sig kallde.
Hand vaar sig fredig oc frisk i Moed,
Een dapffer Hane oc Styris Mand goed,
Hand loed sig det vell befalde.

Peder Claussøn skreiv, at ein maatte «frøchte storligen», at Nordmennerne er «døde aff Hunger och Frost».

Nye Bispar for Grønland vart utnemnde heilt til Reformationen. Biskop Andreas av Grønland vart vigd, men saag aldri Landet. Vincens Kampe vart vigd til grønlandsk Bisp i 1520, daa Erik Valkendorf vilde bu eit Skip til aa finna Grønland.

Det er ei eskimoisk Segn um, at dei siste norrøne Grønlendingar vart tynte av Eskimoarne inne i Botnen av Ameralikfjorden (Ameragdla). Segni luar so (hjaa Rink):

I Fyrstningi, etter at Eskimoarne var komne til Vestre Bygdi, livde dei og Nordmennerne fredleg ihop; men seinare vart det Tvistemaal - det var eit Kvende, som var Orsaki til det - og Nordmennerne tok paa ein Teltplass, i Godthaabs-fjorden, nær Ujaragssuit, der det no finst Atterstødor etter ei norsk Kyrkja. Mennerne var paa Reins-veiding, og Segni segjer, at Nordmennerne daa fall yver Kvendi og drap deim; berre eit av deim kom seg undan. No vedtok Skrælingarne, at dei skulde hemna seg, og dei laga ein Konebaat, som dei drog yver med væne, kvite Skinn, so han skulde likjast paa eit Isstykke. Sume Skinn, som var meir myrkvorne, var og milIom deim, og Baaten var soleis innreidd, at han kunde kanta um paa Sida, medan Mannskapet laag i Botnen paa'n.

Daa Baaten var komen litt ut fraa Land, saag han ut berre som eit Isstykke, endaa han var full med Folk, som kunde sjaa alt, som gjekk fyre seg, gjenom Hol i Sidorne paa Baaten. Naar dei let honom kanta, liktest han paa eit lite, ureint Isstykke, som var kalva, etter di Yverflata paa'n var skiftande drivkvitt og meir myrkvore.

Den fyrste Freistnaden, dei gjorde paa aa taka-paa Nordmennerne, glapp, av di dei imillomtid var rømde sudpaa inst i Arneralik-fjorden. Der hadde dei slege seg ihop med Landsmennerne sine ifraa andre Gardar i Vestre Bygdi. For dei meinte at dei betre kunde staa seg imot Skrælingarne, naar dei heldt ihop. Her leita Eskimoarne deim upp i Konebaaten sin. Ein Angakok (eskimoisk Trollmann) var med paa Ferdi, og han hadde galdra yver Baaten. Som Baaten dreiv for ein lett Vestanvind, tok dei til aa skimta Nordmennerne, som ender og daa kom ut or Huset. Naar ein gjekk inn, kom det strakst ein annan ut istaden for aa skygna ut yver Fjorden. Ein ropa so høgt, at dei kunde høyra det utpaa Fjorden: «Det er ingen Baat, det er eit Isstykke».

Nordmennerne heldt no ikkje Vakt lenger, og Eskimoarne kom uhindra iland og gjekk strakst til Aataket. Dei fyllte Husgangarne med Brennefang og tende paa med Varme, som dei hadde teke med seg. Nordmennerne freista sjølvsagt aa koma seg ut, men sume let Livet i Logarne, og andre vart drepne med Pileskot. Ein av Nordmennerne, Stòre Olav, som kom heim fraa Sel-veiding med ein stor Fjordkobbe, vart ogso drepen. Det heiter, at han var den einaste, som kvar Dag fór ut paa Veiding, medan hine braadt hadde teke til med aa halda seg heime, av di dei var rædde Skrælingarne. Enno var Nordmennerne sin Høvding Ungortok ikkje drepen. Det lukkast honom med ein Son sin i Armarne med eit veldugt Byks aa koma seg ut gjenom eit Óp i Husmuren («Vindauga»). Dei sette etter honom, og daa han merka, at han ikkje kunde meir, kysste han Sonen sin og heiv'n i eit Vatn. Sjølv var han so heppen aa koma seg undan, burt ifraa Ameralik til Øystre Bygdi, og der slo han Lag med dei av Landsmennerne sine, som budde der.

Ein annan Nordmann, ein av Tenestefolket, kom seg ogso undan. Han hadde gjenge umbord i eit Farty, hadde ljose Segl og heldt paa aa letta, daa Eskimoarne høyrde Uppsongen hans. Daa dei kom burt imot honom, ropa han høgt: «Naar det gustar um Morgonen paa Store Ameralik, so kjem det gjerne Austan-vind»; litt etter ropa han sangrutt i Mælet: «Aa, væne skogklædde Lider!» No blés Austanvinden upp, og han den siste Nordmannen i Ameralik - strauk ut Fjorden.

Ved Utniviarssuk (dvs: Staden, der ein let etter seg Konebaaten) er det og Tufter etter ein norsk Gard (52), likeins ovanum denne Staden. Der er det og Murar aa sjaa (52 a). Ved Kangiata nund (52 b) og ved Nansenip tupekarfik («Teltplassen til Nansen») (52 c) er det òg norske Atterstødor.10) Me hev her Mynnet av «Austmannadalen», der Nansen og Sverdrup kom ned og bygde Seglduksbaaten, som dei rodde i til Godtbaab. (Den norske Grønlandsekspedition i 1888).

Strakst ovanum eit Vatshol, ved Foten av ein Skredgard, der Teltet deira stod, og der dei bygde Baaten, ligg ei Tuft etter Nordmennerne (5-6 Stig × 9-10 Stig). Nansen og Sverdrup hadde soleis bygt Baaten berre nokre Stig ifraa den gamle norrøne Atterstøda. Uppaa Skred-garden her er den Vidje-kjørri, som Nansen hogde Greinar av til Bruk for Baaten. Inn-i «Austmannadalen» hadde Nansen og Fylgjet hans gjenge framum eit Par Stader, der det finst slike Tufter av Hyttor elder Sætrar ifraa Nordmennerne si Tid, etter det Eskimoarne fortel.

Eskimoarne hadde elles sidan Nansen si Grønlandsferd vore sers forvitne, naar det galdt aa røkja etter den Vegen, han og Reise-kammeratarne hans kom. Dei hadde fleire Gonger vore heilt inne ved den Staden, der Nordmennerne kom ned av Isen. Herifraa hadde dei henta iminsto ein av dei Sledarne, som dei Norske leivde etter seg. Og dei hadde teke heim ymse andre Ting, som vart lagde att der. Dei meinte, at «Vatnet elder Isen» hadde teke burt Resten, soleis nokre Slede-gogner.

I «Austmannadalen», som Nanssen døypte honom, skal det elles vera fleire norske Tufter fraa gamall Tid (53 og 53 a), og dertil slike nokre andre Stader inn-i Landet (53 b, 54, 55, 55 a og 56). Paa Sørsida av Ameragdia og Ameralik kann Lesaren sjaa av Kortet yver Atterstødorne, at det finst ymse gamle Hustufter utetter (5761). Atterstødorne i «Buksefjorden» (62) vert-rekna til Tufterne umkring Godthaab. Nokre Ruinar ved Fiskernæs og Bjørnesund, sud for Ameralikfjorden, kann ein venteleg rekna med til Vestre Bygdi.

Nørdste Fjorden i Vestre Bygdi var som fyrr nemnt her Eyjafjørðr (den trur dei var den same som Ikertok), litt sunnanfor Kolonien Holstensborg. Dei meiner aa kunna syna nokre norrøne Atterstødor der, men dei er ikkje visse paa, at det er rett. Thorhallesen segjer, at uppe i «Fjorden», som er «smuk og behagelig», fann dei «omfaldende Huse, der med stor Formodning menes at have tilhørt de gamle Europæere; thi der er fundet jern- og Bedspader». I Nordre «Strømfjord» skulde det, etter det Hans Egede høyrde av Eskimoar i 1724, finnast «Huse fra vore gamle Norske».

Dei meiner ogso aa ha sét ei norsk Atterstøda i Botnen av Kangerdluarssukfjorden i Holstensborg Distrikt i 1844. Der vart funne ein Stein med Innskrift, som liktest paa Runor. Presten der nemner, at ein Eskimoe, som var paa Reins-veiding, hadde skrive av Runorne med ei Sverta av Krut og Vatn.11) Men elles hev dei enno ikkje røkt nærare etter norrøne Atterstødor paa den Kanten.

Som fyrr er sagt her i Boki, trur dei no, at Ameralikfjorden med Ameragdla er det same som den gamle «Lýsufjørðr». Denne er elles fyrr nemnd som synste Fjorden i Vestre Bygdi. Thorstein, Son til Eirik Raude, budde her, og dei trur, at det var paa Garden ved Kilarsarfik (Atterstøda Nr .51):

«Þorsteinn átti bú i Vestr-bygð ý bæ þeim, er hèt i Lýsufiðri,» stend det i Soga um Thorfinn Karlsefni. Han døydde her i Aaret 1001. Herifraa var det og, at Ferdi til Vinland under Thorfinn Karlsevne gjekk ut i 1003. Den gongen var det enno ikkje Kyrkja i Fjorden der, knapt helder i Vestre Bygdi. For Liki av Thorstein og Folket hans vart førde til Øystre Bygdi og gravlagde paa Kyrkjegarden ved Brattalid i Eiriksfjord. Sidan vart bygt ei Kyrkje paa Sandnes i Lysufjord. Det er kann henda same Kyrkja, som dei trur, dei kann syna ved Kilarsarfik paa det flate Neset, der Garden ligg.

Hans Egede var inn-i Ameralikfjorden i 1723 daa han «søgte Spor efter de gamle norske Christne».

Av Fornting hev dei funne lite i Vestre Bygdi. Umfram det Mannshovudet, som dei fann ved Kilarsarfik, og ein liten Bronsehest ved Kolonien Sukkertoppen, hev dei berre grave ut nokre Bitar av arbeidt Klebbr, serleg nokre Bitar av Søkkjesteinar (til Fisketaumar og Garn). Slike Søkkjesteinar (av Klebbr) hev dei funne i Noreg òg. (Sjaa «Urda» 2dre Bd. Bergen 1838, s. 184).

Det kann nemnest, at ein liten Bronsehest (lik den fraa Sukkertoppen) fann dei i 1926 i Hagen ved Rygge Station i Austfold. Fundet er no paa Universitetet i Oslo. Hesten var 6-7 Cm. lang og er eit gamalt Vektlodd paa umlag 200 Gramm fraa Haakon den 5te si Tid. Som Hertug gjenomførde han i 1290-Aari ei Vektumbot, og dei nye Loddi fekk Dyreskapnader - Hest elder Ku. Slike Fund hev til dessa vore sjeldsynte i Noreg.

I «Meddel. om Grl.» Bd. LVI stend det i Slutten av ei Yversyn yver Atterstødor i Godthaab- og Fredrikshaab Distrikt: «Ein skulde tru, det er ikkje anna aa gjera enn aa venta paa nyare Etterrøknad um Atterstødor og Kyrkjør. Men dette trengst og storveges.»

Og det kann vera forvitnelegt aa nemna det, som Professor Dr. Finnur Jónsson segjer um Granskingi av Bygderne paa Grønland.12)

«Det er enno mykje aa gjera, og det var ynskjande, at det vart ein grundig Etterrøknad av Vestre Bygdi» (dvs: serleg Godthaabsfjorden og alle Greinerne av den) - so snart Raad er. Sume gode Feste finst, slikt som Stadnamn, Kyrkjerøysar m. m.»

*

Den 14de juli ved Middags Tid drog me fraa Kornok, den vesle hugsame Staden inn-i Fjorden. Seint i Kveldingi lagde me til for Natti ved Karusuk («Hòla«) nær Kvilestaden vaar paa Turen inn Fjorden. No telta me paa hi Sida av Buplassen. Det var skumt i Vêret, og Roarane var trøytte. Det var tòlleg brattlendt der, me lagde til, so det var brysamt aa bera Telti og all Pargasen upp-aa Sletta. Men Eskimoarne er herdige Folk, og vane med alt Tjaaket, som stundom fylgjer med slike Baatferder. Alt gjekk snøgt og stillt, og ikkje so lenge etter stod baae Telti paa Plass, og Lyngbaali brisa upp, so det lyste paa det brune Fjæset til Anton.

Den norske Kaptein Adrian Jacobsen talar um den Godvisa og Beinsemdi, dei stødt syner mot kvite Folk. Og det er visst mykje i dét. Eg undrast ikkje paa, at baade han og Nansen og Astrup tykte so godt um deim. For dei er baade smaanøgde, elskverduge og hjelpsame.

Eskimoen er overlag glad i Heimlandet sitt. Det stend for honom som det gildaste av alle Land i Verdi. Og difor heiter det òg i ei Strofa: - ei Grønlands arme Søn vil bytte sit golde Fjeld for kornrigt Land!

    Noter:
  1. «Ljóða Smámunir», Önnur Úgáfa. Reykjavik 1912. s. 40.
  2. M. o. GrI. B. LVI, s. 80.
  3. M. Porsild «On Eskimo Stone Rows In Greenland Formerly Supposed To Be Of Norse Origin», «The Geographical Review» (New York) Novbr. 1920.
  4. «Norsk Aarbok» 1921.
  5. «Stavangeren», 9de Desember 1921.
  6. Anton Espeland i «Berg. Aftenbl.» 18. Novbr. 1922.
  7. «Nord i Taakeheimen», s. 377.
  8. Koren Wiberg «Bidrag til Bergens Kulturhist.».
  9. Norvegia Sacra 1921. s. 77.
  10. Telt = eskimoisk: tupek.
  11. «En Grønlandsprests Optegnelser 1844-49». Khavn 1913. s. 64.
  12. Det Grønlandske Selskabs Aarsskrift 1915, s. 72.
Utdrag (s. 131-162) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen