Fra: Grønland. Vestre bygdi

Dei gamle fjordnamni

av Hans Reynolds

Granskarar i nyare Tid, soleis Professor Finnur Jónsson,1) trur, som fyrr nemnt her i Boki, at Fjorden ifraa Godthaab og innetter er den, Nordmennerne kalla for Rangafjörðr «den range dvs: overlag krokute elder greina Fjorden». Det hev elles vore ymse Meiningar um dei gamle Fjordnamni. Dei veit ikkje so mykje um Vestre som um Øystre Bygdi. Men det finst ogso ei Lista yver Fjordarne og Kyrkjorne i Vestri Byggð, ilag med den yver Fjordar og Kyrkjor i Øystre Bygdi. Og etter denne Lista hev me daa i Vestre Bygdi 10 Fjordar:

1) Lýsufjørðr, 2) Hornafjørðr, 3) Rangafjørðr2) 4) Leirufjørðr, 5) Andafjørðr, 6) Svartifjørðr, 7) Agnafjørðr, 8) Loðinsfjørðr, 9) Straumsfjørðr, 10) Eyjarfjørðr.3)

Etter den Lista, som her er nemnd, skal det ha vore ei Kyrkja i Lýsufjørðr og ei i Rangafjørðr. Dertil var det etter Kyrkjelistorne ei Kyrkja i Hóp i Agnafjørðr, og me ser, at Kyrkja i Lýsufjørðr var paa Sandnes (rettare enn Sauð(a)nes), og at den i Rangafjørðr var i Ánavík. Endeleg nemner Biskop Th. Thoriacius ei Kyrkja paa Straumsnes i Straumsfjørðr (hjaa Arngrímr derimot i Andafjørðr). Av dei 4 Kyrkjorne, som var i Vestre Bygdi, hev dei funne 1 i Botnen av Ameragdia og 1 i Godthaabsfjorden ved Ujaragssuit.

Lýsufjørðr, synste Fjorden i Vestre Bygdi, trur dei.no var Ameralik. (Fyrr trudde dei, at det var «Fiskenæsfjorden»). Dei meiner, at Namnet kjem av Iýsa, eit Slag Torsk (paa norsk Lysing); paa eskimosk akulliakitsok, etter Fabricius «Fauna Grønlandica» s. 148, som segjer, at han finst i dei sydre djupe Fjordarne.

I Lýsufjorden stod den Kyrkja (som Flatøyboki fyrst nemner i Vestre Bygdi) paa Sandnes, á Sandnesi. Dette er venteleg i Botnen av Ameragdla ved Kilarsarfik.

Ein Merknad hjaa Ivar Baardsson Grønlending luar slik:

«Och da fram vdj Vesterbøgt stander en stoer kierche, som hedder Stensnes-Kierche, den kierche var en stund domkierche och biscopssedet».

Daniel Bruun segjer Boki si «Erik den Røde -»

«Ivar Baardson sin Merknad um, at Bispestolen ei Tid hadde vore flutt til Vestre Bygdi, er ikkje nemnd andre Stader, men det er knapt Grunn til aa tvila paa, at det er rett - kor som er kann han, som seinare hev umsett Skrifti hans, knapt ha mistydt dette Stykket. Kvar Steinsnes-kyrkja hev stade, veit me ikkje.

Kyrkja ved Kilarsarfik ligg paa eit Nes - og difor er Sandnes Kyrkja kann henda just den same som denne. I Lysefjorden er ein Stad nemnd ei onnor Kyrkja «paa Stensnes»; den bør ein søkja ved Niakussat paa Nordsida av Ameragdla».

Andre Granskarar, som t. d. Prof. Edv. Bull, trur helder ikkje, ein kann tvila paa, at det er rett, det som Ivar Baardsson fortel her um eit Bispesæte i Vestre Bygdi.

Naar det gjeld dei gamle Fjordarne i Vestre Bygdi, er det, som fyrr nemnt, paa det uvisse, naar ein vil Freista paa aa taka ut, kor dei var. Dei Lærde stridest um det. Og det siste Ordet er enno ikkje sagt i den Sak.

Umfram Rangafjørðr og Lýsufjørðr hev me Hornafjørðr, av Horn: «kambutte Fjell», er etter Jónsson si Tyding venteleg den same som Sermilikfjorden.

Andafjørðr, visst av ønd, ei And, er kann henda Fjorden Alangordlia, rett nordanfor Sermilik.

Svartifjørðr, «den svarte, myrke Fjord», er kanskje «Buksefjorden».

Agnafjørðr, (kor denne Fjorden laag, er uvisst). I Agnafjørðr var det, som fyrr nemnt, ei Kyrkja i Hóp. Det er den andre Kyrkja i Vestre Bygdi, som Flatøyboki nemner.

Leirufjørðr (dvs: den leirutte) er venteleg Søre Isortok.

Loðinsfjørðr, (av Mannsnamnet Loðinn) er kann henda den fagre «Evighedsfjord».

Straumsfjørðr er sikkert same Fjorden som den, dei no kallar for, «Strømfjorden»,4) fyrste Hovudfjorden nordanfor «Evighedsfjorden». Her burde ein røkja etter Atterstødor fraa den norske Tidi, segjer Prof. Jónsson. Her skulde det, etter som det heiter i nokre Handskrifter, ha vore ei Kyrkja paa Straumsnes. Kvar helst dette Neset er aa finna, kann eg ikkje nærare gjeva upp. Soframt det i det heile hev vore ei Bygd i denne Fjorden, maa det og ha vore ei Kyrkja, av di det herifraa ikkje var Raad aa søkja Kyrkja ved Ujaragssuit.

Sistpaa er det den Fjorden, som venteleg hev vore nemnd Eyjarfjörðr (dvs: Øyfjord), nørdste Fjorden i Vestre Bygdi. Dei trur, det er same Fjorden som den, dei no kallar Ikertok, næraste Fjorden nordanfor Itivdlek. I denne Fjorden ligg det ei stor Øy, som Fjorden kann ha fenge Namnet sitt etter.

Dei fire siste Fjordarne ligg nordanfor Godthaab. Her vil ein knapt raaka mange Atterstødor etter Gardar. For inn-i Godthaabsfjorden hev dei funne 60-70 Gardar av dei 90, som høyrde Vestre Bygdi til.

Det ser ut for det, at Vestre Bygdi gjekk paa Lengdi nordetter, upp-imot Greipar. Den siste Staden laag visst ikkje so langt fraa Bygdegrensa og venteleg ved Diskobugti (umkring Egedesminde). I Skáld-Helgi-diktet heiter det elles (soframt ein hev tydt det rett), at Greipar var «Enden av Bygdi»:

Gunnar fóru i Greipar norðr,
Grænlands varþar bygðar sporðr -
dvs: Dei fór mot nord til Greipar,
der endast Grønlands Bygd -

Vestre Bygdi hev tvillaust femnt yver ei stor Vidd langs med Havsida. Bjørn Jónsson segjer, at det tok 6 Dagar aa ro med ein Seksæring fraa eine Enden av Bygdi til hin, soleis same Tidi, som dei bruka for aa ro ifraa Øystre Bygdi til Vestre Bygdi. (Ivar Baardsson segjer um det siste Stykket «en Tølt Siøs», [XII vikur sjóar] dvs.: vikor sjøs: tolv gamle norske Sjømil, «alt ubygt».5) Gjeng me etter denne Reknemaaten med Umsyn til Lengdi paa Vestre Bygdi, kjem ein - med Utgangspunkt fraa Ameralikfjorden - so langt nord som til litt sunnanfor Holstensborg.

Vestre Bygdi er nemnd ender og daa i dei gamle Skrifterne, men ein hev ikkje so mykje aa halda seg til av Skildringar derifraa, som naar det gjeld Øystre Bygdi. Den siste var mest folkerik. Det var der, dei heldt Landstinget, og der var dessutan Bispesætet. Hans Egede trudde, at dei Atterstødorne, han fann i Julianehaab Distrikt, høyrde Vestre Bygdi til. Fyrst lange Tider etter vart Folk av ei onnor Meining.

Dei trur, at baade Vestre og Øystre Bygdi hev vakse fort strakst etter Uppdagingi og den Fyrste Busetnaden der.

Det er likt til det, at Samferdsla millom dei gamle Bygderne paa Grønland ikkje var vandskeleg endaa til um Vetteren.

I ei islandsk Soga av Thorsteinn Geirnefjufóstri høyrer me litt um Vestre Bygdi. Dei lit elles ikkje paa denne Soga, og segjer, at ho berre er Uppdikt.6) Dei heiter, at Thorsteinn var i Lysufjorden i Vestre Bygdi, og det er elles nemnt nokre Stadnamn, som det kann vera forvitnelegt aa ta med, kor som er:

Sauðanes, ein Gard i Lysufjorden; Hafnarlón, ei Hamn ikkje langt derifraa; Straumfjørðr med ein Gard, som hev same Namnet; dessutan Leirafjørðr. Det læt dertil so, at Hóp i Agnafjørðr hev vore Tingstaden for Vestre Bygdi. Og dei meiner no tildags, at det er rimelegt, at Vestre Bygdi hadde sitt eige Ting.7)

I Soga um Audun den Vestfjordske finn ein Namnet «Vestrbygbðir» (Vestbygderne). Ein Merknad um dette i «Grønl. hist. Mindesm.» luar millo anna so:8) «Dette Namnet er merkelegt, med di sjølve Vestre Bygdi, etter denne Vendingi her aa døma, alt tidleg hev vore deilt i ymse Hovudgreiner. Til deim trur me, at Midfjordarne, dei kallar, ogso i si Tid hev vore rekna.»

Finnur Jónsson meiner, at «Midfjordarne» er eit Samnamn for dei tri Fjordarne Kangerdluak, Tasiusarsuk og Tasiusak i Øystre Bygdi. Det heiter, at det laag ei Kyrkja paa Gardanes i Midfjordarne.

I «Grønl. hist. Mindesm.»9) stend denne Merknaden under Bolken: «Stubbar or Landnaama»:

«Bjørn Jónsson, i Grønlands-Annalarne sine (Avskr. Nr. 769 i 4 millom dei Arnamagnæanske Handskrifterne) reknar upp ymse Landnaams-menner i Vestre Bygdi. Men dei, han nemner der, budde og døydde paa Island.»

Ivar Baardsson segjer mot Slutten av Grønlands-skildringi si:

«Item da norden lenger fraa Vester bygde liger ett stortt feld som heder Hemelrachs felld, och lenger aff end till dette fielld maa ingen mand zeylle, som liff vill behollde for de mange haffsuællge, som der lige om alt haffued».

I Soga um Biskop Arnald paa Grønland høyrer me, at ein Sunnfjording, Kolbein Torljótsson fraa Batalden, laag i Vestre Bygdi med Handelsskipet sitt, og at Ossur fór upp til han for aa faa Raad og Hjelp der, den Tid han laag i Strid med Bispen um eit Havskip, som vart funne paa Austsida av Landet.

Det heiter um Torgils Orrabeinsfostre, at han var i Vestre Bygdi og kravde Bjørnepengar (For den Bjørnen, han hadde drepe). Likeins, at han i same Bygdi vann yver og tynte ein Flokk Ransmenner, som hadde Tilhelde paa Øyarne der.

I Soga um Torfinn Karlsevne stend det, at dei siglde Fraa Brattalid til Vestre Bygdi og derifraa til Bjørnøy og til Vinland.

Ein med dei vænaste og mest forvitnelege av alle Fjordarne i Vestre Bygdi, og i Sudgrønland, maa den gamle Loðinsfjørðr («Evighedsfjorden») vera etter Skildringarne. Han er 9 norske Mil lang. Ein Forf. nemner dei velduge, kvasse Fjelltindar paa Rad, med glitrande Isbrear i Kveldsoli, eit storfelt Syn. Umlag 40 større og mindre Brear skyt seg ned imot Fjorden, og dei er det stodt Liv og Baldr i som Kanonskjoting nære ved og langt burte. Svære Ishympar dett jamt ned i Vatnet - fraa ei Høgd av 1000 til 2000 Fot. Paa Nordsida av Fjorden, umlag 5000 Fot tilvers, ligg det ein Bre utyver ein Fjellvegg. Og fraa den losnar det jamt store Isstykke, som rullar beint ned, til dei vert tekne i Fallet av ei flaa Fjellsida. So høgt er dette Fallet, at Isstykki vert knasa til fin Dust, naar dei møter Bergsida, So held dei ved nedetter mot Fjorden gjenom ei smal Renna, som er 2 til 3000 Fot lang. Dette hender stødt. Ei Issky høgt tilfjells melder, at nye Isstykke hev dotte ned og er sprengde til Dust.

Dei beste Kjeldeskrifter, naar det gjeld Stadskildring av dei gamle norrøne Bygderne paa Grønland, er 2 Listor yver Fjordarne av Bjørn Jónsson og Arngrimur Jónsson. Avskrifterne deira hev seg fraa ei gamall Skinn-handskrift. Som Kjelda hev ein dertil Landnaams-boki, som er ifraa Tidi umkring 1210-30, og attaat maa ein nemna Grønlands-skildringi av Ivar Bere (Baardsson) fraa det 14de Hundradaaret, og ei serleg Kyrkjelista i Flatøyboki.

Det, dei hev Funne av Fornting fraa dei norrøne (norsk-islandske) Bygderne paa Grønland, kann ein sjaa paa Nationalmuseet i Kjøpenhamn. Korkje i Noreg elder paa Island hev dei noko av slike Leivningar etter Nordmennerne ....

Medan me er inn-i Vestre Bygdi, kunde det kanskje høva aa nemna litt um Eirik Raude og dei gamle Noregsmenn og Islendingar, som bygde Grønland.10)

    Noter:
  1. Medd. om Grønl. 20. B., 1899.
  2. Dette er sikkert rette Namnet, ikkje Ragna - (F. Jónsson).
  3. Dette er visst rette Namnet, ikkje Einars -
  4. «Søndre Strømfjord».
  5. Den nærepaa ubygde Havsida, det her gjeld, meiner dei var Stykket fraa Tigsaluk til Ameralikfjorden.
  6. Grønl. hist. Mindesm. III s. 528.
  7. Edv. Bull, «Norsk Geogr. Selsk. Aarbok» 1919-21, s. 25.
  8. II. Bd. s. 650.
  9. I. Bd. s. 191.
  10. Med Tilføre av Grønlands-sjaaet i Kjøpenhamn i 1921 fortel Bladet «Politiken», at «Danske Vikinger fandt frem til Grønland et halvt Aartusinde før Hans Egede»!) Soga melder ikkje um noko slikt. Ho segjer, at Eirik Raude var Nordmann.
Utdrag (s. 94-100) fra:
Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi.
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen